RAPPORT FRÅ EIN STUDIETUR TIL LITAUEN 28.-31.MARS 2006



Like dokumenter
Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Til deg som bur i fosterheim år

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Informasjonshefte Tuv barnehage

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Team Hareid Trygg Heime

«Ny Giv» med gjetarhund

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

5. Soknerådsmøte mai Referat

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Med tre spesialitetar i kofferten

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Lokal Agenda fylke HANDLINGSPROGRAM 2000 HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

HØYRING FORSKRIFT OM UTØVING AV JAKT, FELLING OG FANGST - MELDING OM VEDTAK

Referat fra folkehelseforum i Stord kommune

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Månadsbrev for Rosa september 2014

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Brukarrettleiing E-post lesar

Psykologisk førstehjelp i skulen

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Kvam herad KVAM UNGDOMSRÅD. Møteinnkalling

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Med god informasjon i bagasjen

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Transkript:

RAPPORT FRÅ EIN STUDIETUR TIL LITAUEN 28.-31.MARS 2006 Ved: Mali Grete Aksnes ( Helse og velferd ) og Geir Ellingsen ( Kultur / Utekontakt ) Bakgrunn I samband med det bilaterale samarbeidet mellom Norge og Litauen, var Kvam herad ein av fire kommunar som vart invitert til ein studietur til Litauen 28.-31.mars. Dei andre kommunane som deltok var Oslo, Mandal og Oppegård kommune. Representantar frå Barne og likestillings-departementet og Nordland fylkeskommune deltok og på turen. Målsetjinga for turen var å styrka eller etablera nytt samarbeid mellom utvalde kommunar i dei respektive landa, på område som barnevernsarbeid, foreldreveiledning, generelt barne og ungdomsarbeid og ungt entreprenørskap. Den litauiske kommunen Marijampole har gjennom 10 år vore vennskapskommunen til Kvam, så det var naturleg for Marijampole å velja Kvam som samarbeidspartnar denne gongen òg. Frå Kvam herad skulle Helse og velferdssjef Mali Grete Aksnes og Kultur / Utekontakt Geir Ellingsen delta på studieturen. Frå norsk statleg hald tok departementet sikte på å utvikle eventuelle prosjekter som kunne finansieres gjennom EØS-ordninger, samt å utveksla informasjon og erfaringar som kunne bidra til utvikling av det litauiske demokratiet. Førebuande møte med det norske Barne og likestillingsdepartementet (BLD) Første del av studieturen starta med eit førebuande møte i Barne og likestillingsdepartementet (BLD) i Oslo, for alle dei norske kommunane som skulle delta på studieturen. På møtet gjorde representantar for BLD og Utanriksdepartementet greie for bakgrunnen for turen, kva forventningar ein hadde, ulike aspekt ved samfunnsapparat og demokratiutvikling i Litauen og finansielle ordningar som kjem inn under EØSavtalen. Ein rekna desutan med at dei litauiske styresmakter ville ha ei meir fyldestgjerande utgreiing om kva forventningar dei hadde, på første dagen av besøket vårt. DAG 1. Dagen starta katastrofalt, sett ut ifrå ein fagleg ståstad. Med ein flyavgong som vart utsett seks timar, gjekk heile orienteringa som dei liauiske myndigheitene skulle ha for oss, i vasken. Det vart berre tid til innkvartering på hotellet i Vilnius, kor me budde under heile opphaldet. Gjennom det innleiande programmet som diverre måtte gå ut, hadde ein forventa å få ein del presisjonar av uklåre moment i invitasjonen. Ei konkretisering av kva dei ynskte og forventa å få ut av samarbeidet. Det var eit åpenbart sakn hos alle deltakarane at me gjekk glipp av denne innleiande og avklårande delen. DAG 2. I programmet var det innlagt eit dagsbesøk til partnerkommunane, og for Kvam sin del vart dette sjølvsagt Marijampole. Marijampole ligg eit par timars biltur frå hovudstaden. Litt uheldig start her òg, med ein bil som måtte ha stadig påfyll av vatn på bensinstasjonane for å halda det gåande. Tilslutt vart ny bil tilkalla, og me kom omsider fram til ein hjarteleg, om enn svært formell, mottaking i Marijampole. Under TV-dekning vart me på ein svært formell måte presentert for dei mest sentrale personane i det offisielle Marijampole.

Barneheimen Saltinelis Neste post på programmet var eit besøk på ein barneheim, ein heim som m.a Lions Club Norheimsund har bidrege til å få etablert. Kvam herad sin rolle ved prosjekta i Marijampole har vore å kanalisera statlege prosjektmidlar og vera koordinator i samarbeidet. Det var kjekt å sjå at desse tiltakaverkjeleg fungerar, ikkje minst når ein tenkjer på kor viktig denne heimen er for bebuerane. Mali Grete Aknes og vårt litauiske fylgje. Små bebuarar på barneheimen.

Generasjonsheim Etterpå besøkte me ein generasjonsheim, som mellom anna Lions Club i Norheimsund, Røde kors og Kvam herad har bidratt til å få etablert. Utanfor Generasjonsheimen Tydeleg tegn på engasjement frå Kvam, eit teppe ifrå glade gjevarar i Kvam. Kjekt å sjå!

Frå kjøkkenet på generasjonsheimen. Me var imponerte over kva dei hadde utretta med relativt beskjedne økonomiske midlar. Mali Grete Aksnes i godt selskap med to nøgde bebuerar, og som tydelegvis representerte den russiske minoriteten i Litauen.

Marijampole handicraft centre Eit lite besøk på eit handverksutsal var og sett opp, eit utsal som har som mål å selja handverk og kunst frå unge kunstnerar. I opprettinga av dette utsalet har Kvam herad vore ein slags formidlar, og har m.a bidratt til å kanalisera statlege midlar. Frå utsalet hadde me med oss heim eit lite prøveparti med handlaga smørformer i tre etter norsk modell, og som m.a er tenkt brukt som gåver når Kvam herad har offisielle gjester. Møte med organisasjonar i Marijampole Siste post på programmet denne dagen var ein konferanse på eit kristent ungdomssenter, der dei hadde samla representantar for fleire friviljuge organisasjonar, m.a speidarane. Samtalen gjekk noko lettare her, då fleire av ungdommane hadde gode engelskkunnskapar. Mesteparten av tida på denne konferansen gjekk med til orienteringar om dei einskilde organisasjonanes og kommunanes aktivitetar, og korleis dette var organisert og finansiert. DAG 3. Rundebordskonferanse med alle kommunane / partnerkommunane Denne dagen var avsett til eit oppsummerande møte mellom dei norske kommunane og dei litauiske partnerkommunane deira. Først fekk me ei innføring i administrativ organisering på det ungdomspolitiske området i Litauen, og deretter var det ei tilsvarande orientering om norske tilhøve, frå det norske Barne og likestillingsdepartementet. Etter denne økta vart me delt opp i to grupper for å ha ein rundebordsdiskusjon, og det var då naturleg at me 2 som var ifrå Kvam deltok på kvar vår gruppe / fagområde. Gruppe 1. (Mali Grete Aksnes deltok på gruppa ) Problemstilling: barnevern og familieproblematikk. Departementet i Litauen hadde få idear til korleis samarbeidet mellom Norge og Litauen skulle gå vidare. Kommunane som var samla var på ulike nivå når det gjaldt tiltak. Marijampole hadde tydeleg sett mykje av interesse på studieturar til Kvam tidlegare. Dei innsåg at det var uråd å gje alle barn med omsorgsbehov barneheimsplass, og at det truleg heller ikkje var ynskjeleg, så ulike alternativ til institusjonstilbod for barn med omsorgsbehov var eit viktig tema. Forskning som viser at biologiske foreldre nesten uansett omsorgsevne er viktige for born, gjorde at dei vil finna meir ut om korleis dei kan jobba på dette feltet.. Fosterforeldre kan og vera eit betre tilbod og er spesielt viktig for små barn. Samarbeid for Kvam og Marijampole kunne såleis vera meir utveksling på det vi kallar avlastning, støttekontaktsordningar og foreldre- veiledning Fagleg støtte og veiledning til fosterfamiliar var eit tema dei kunne ynskje seg meir innsikt i. Alkoholiserte foreldre er eit stort problem i Marijampole. Dei har akkurat opna det vi vil kalla eit PPTkontor. Representantane frå Marijampole som deltok i denne rundebordskonferansen var elles sterkt opptekne av verdien av å senda utsendingar til Norge og omvendt, og dei håpa på at Kvam kunne senda folk over dit allerede no i mai-juni til det dei kalla City days. Det vart ikkje konkludert med vidare framdrift. Det er høve til å søkja på ulike økonomiske ordningar innafor EØS-avtalen, men det var snakk om store beløp for å bli vurderte, og departementet i Litauen eller alle aktuelle kommunar samarbeida om ein felles søknad, men dette vart ikkje nærare drøfta. Gruppe 2. ( v.geir Ellingsen ) Problemstilling: integrert ungdomspolitikk. Oppnådde mål og utfordringar. Ungt entreprenørskap. Behovet og muligheten for framtidig samarbeid. Det såg ut til at det berre var Kvam og Marijampole som kom fram til nokre konkrete samarbeidsområde. Marijampole ynskte seg eit nærare samarbeid på ungdomsutveksling på områda sport og speidarbevegelse. Faktisk ynskte dei at dette kunne skje allereie i mai, på deira sokalla City Days.

Dei er vidare imponerte over det store mangfaldet av norske lag og organisasjonar, og innser at dei har svært mykje å henta på å vidareutvikla dette området. Dei ynskte òg at Kvam kunne fungera som ein døråpnar for ein ung advokat som har ein ambisiøs plan om å etablera ein teknologipark i Marijampole. På dette siste området, dvs. ungt entreprenørskap, å stimulera ungdom og unge grunderar til å etablera nye arbeidsplassar, har me òg i Kvam sjølvsagt ein jobb å gjera, men me formidla dei erfaringar ein har i Noreg på eit generelt nivå. I Noreg har me fått ungt entreprenørskap inn i skulen, m.a. ved ordninga ved elevbedrifter, og lufta tanken med litauerane om å innføra noko slikt i Litauen. Dette meinte dei ville by på uoverkomelege byråkratiske problem, då det ville involvera fleire departement, og slo med dette tanken ifrå seg. Her fekk me som nordmenn eit lite innsyn i eit langt meir rigid byråkrati enn me har her heime. Oppsummering: Kommunane Marijampole og Kvam vart einige om fylgjande samarbeidsområde: Utveksling på det vi kallar avlastning, støttekontaktsordningar og foreldre- veiledning. Ein ynskjer og ungdomsutveksling på områda sport og speidarbevegelse, samt nettverksbygging/ungt entreprenørskap på teknologiområdet. Avslutningsvis er det freistande å sitera Nordland fylkeskommunes representant sin spontane karakteristikk av dei tidlegare prosjekta Kvam har vore med på: Det er så kjekt å sjå slike samarbeidsprosjekt som verkjeleg fungerar Mali Grete Aksnes og Geir Arne Ellingsen