Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. 57673500 E-post: karin.uglum@sisof.no
Da er det klart for siste avis dette barnehageåret. Dei neste månadane verte mykje aktivitet i barnehagen. Ber dykk følja med på oppslag på dørene og at de er flinke å seie ifrå om de tek fri eller kjem seinare enn 9.30 ein dag, slik at de ikkje går glipp av noko. Det kjem studentar både frå barnehagelærar utdanninga, barnevern utdanninga og frå vidaregåande. Vi skal ha ein dugnad før 17. mai, vi skal arrangere sommarfest, overnatting for dei som skal over i skulen, skulebesøk, 2 åringane på Sol og Stjerne skal verta kjend med ny avdeling og mykje, mykje meir!!!!. Vi har planlagt at vi skal på mange turar i tida som kjem, mange turar vert teke på sparket og er korte, men vi har og noko som er planlagde og dei vert litt lenger. Røvehaugane Også i år har vi sett oss som mål å ha turar til Røvehaugane, dette er eit fint turområde oppe på Leite sida. Vi går alle på Måne, og dei eldste på avdeling Sol/ Stjerne. Dei minste som er igjen i barnehagen får og ein fin dag, då dei får heile barnehage for seg sjølv og kan boltre seg fritt både inne og ute. Dugnad 12. mai Noko av det første som står på plakaten no er dugnaden i barnehagen. Alle set av ein liten ½ time i forbindelse med henting (enten de kjem kl. 14 eller seinare), barnehagen har ein del raker, spadar, trillebår, men om det er nokon som har slikt utstyr er det fint om de tek det med. Det vert som tidlegare år berre enkle dugnadsoppgåver slik som, kosting, plukking av stein, raking, klypping av busker. 17- mai øving Fredag 16.05. vil vi øve på å gå i 17. mai tog, vi syng nasjonalsongen og lagar flagg. Vi går i tog rundt barnehagen, feiringa vert avslutta med felles måltid, der serverar vi rømmegraut og spekemat. I fruktstunda vert det servert is i staden for frukt. Dette har vi gjort kvart år og er vi opplever det som ein fin tradisjon. Oppslag over kva som skjer i Sogndal 17 mai, og kor vi skal gå i tog, heng på foreldretavlene på avdelingane. Det er foreldreråds utvale som har ansvar for dette. Dersom nokon ønskjer å samlas og bruka barnehage denne dagen, så står de fritt til å gjer det. Overnatting i barnehagen 2. juni Førskulegruppa har ein avslutting på sine år i barnehagen, vi i Sogndal Studentbarnehage har valt at ungane får overnatte i barnehagen, - dette vert måndag 2. juni- 3. juni. Denne kvelden brukar dei å spele spe, grille, gå på turar, sjå film, lage noko fruktgodt. Sommarfest 11. juni. Sommarfest i barnehagen starta i 15 tida og varer til ca. kl.16.30. Denne dagen invitera vi alle foreldre og søsken til å komme i barnehagen å ha ein avslutnings- fest saman med oss. Barnehagen ordnar med ein stor grill, vi har laga salat og hakkar opp frukt, så det einaste de tek med er det som skal på grillen.
Dei yngste barna er med å pyntar borda, medan kafé- gruppa står for opp kutting av salat og opp skjering av frukt. Det vil komme oppslag på døra når tida nærma seg. Kafé- gjengen Dette er siste oppdraget til kafé- gjengen, barnehagen takkar dei for kjempegod innsats i året som har gått. På slutten av sommerfesten vil dei overlevere sine forklær til neste års kafe- gjeng. Samarbeidsutvalsmøte I løp av juni vil vi ha møte i samarbeidsutvalet, vi skal evaluere arbeidet vi har gjort, alt frå dokument, informasjon straum, pedagogisk arbeid, barnehagemiljøet mm., om de har noko som de vil skal kome fram i dette møte, enten det er ros som de vil dele med oss, eller det er noko de tenker at dette må vi jobbe med, ver snill å kom med det. Desse tilbakemeldingane vil vi bruke i planlegginga for neste barnehage år. Planleggingsdagar fredag 21. juni, barnehagen stengt Fredag 20. juni barnehagen stengt, grunna planlegging. Ferie Tidlegare erfaringar visar at ein del tek tidleg sommarferie. Det er fint om de kan gje melding om dette, fordi vi ønskjer å ta eit skikkeleg farvel til barn og foreldre og at alt av utstyr, produkt mm. er klart til å takast med når de hentar siste dagen. Vi vil og freiste få til litt avspasering for personalet om det vert mindre barn i periodar, derfor er det fint om de gjer beskjed om de veit at det er dagar barna tek fri. Siste dag i barnehagen er mandag 30.juni. Første dag etter sommaren er tysdag 5. august. (barnehagen har planleggingsdagar 1 og 4. august, så har de spørsmål kan de ringe 57 67 35 00 desse dagane) Takke alle for eit godt samarbeid! Ynskjer der alle ein god sommar! Lykke til vidare for dei som skal slutta og velkommen tilbake til dykka andre! Karin
Avd. Sol og Stjerne Evaluering av mars og april avd Sol og Stjerne Me ser tilbake på to månader med mykje spennande innhald. I mars hadde me fokus på fagområdene tal, rom og form, og kunst, kultur og kreativitet. Me gjekk på fleire turar der me leita etter former. Dette fann me i form av skilt, speglar, stein mm. Me tok bilde av desse. Elles så pynta me avdelingane med store og små former og merka at barna vart opptatt av former og prata om det. Me brukte songen, «Se min kjole», der me har ei dokke med ein trekanta kjole som me kunne byte ut i fleire fargar. Barna hadde formingsaktivitetar med blant anna former klipt ut av papp som dei limte på store former av papp. Dette vart til fine «uro» eller bilde. Tall og teljing jobbar me med i formelle og uformelle situasjonar heile året. Det tek ikkje lang tid før dei aller minste er med på å telje til tre før me skal synge Måndag 3.mars hadde me ein flott akedag i Hodlekve. Alle som var med på turen storkosa seg. Ei lita med dei aller yngste var att i barnehagen. Tysdag 18.mars markerte me barnehagedagen. Dei eldste barna på Sol og Stjerne gjekk saman med Måne opp på Høgskulen og opptredde med flott song. Me hadde laga ei flott utstilling der oppe og NRK laga ein reportasje om oss på Vestlandsrevyen Ei veldig fin oppleving. Då det nærma seg påske, starta me med påskeaktivitetar. Det viktigaste for oss er å finne formingsaktivitetar som passar for små barn. Det skal vere barna sitt produkt. Dette fekk me fint til i år. Dei yngste barna laga handavtrykk som me laga om til kylling med auge og fjør. Dei eldste barna laga kylling i ull. Begge deler vart veldig fine. I tillegg til dette planta me Karse. Påskefrukosten med foreldra var vellukka. Godt oppmøte og god stemning! I år har me vore så heldige at det ikkje har vore is på uteområdet vårt!! Det har vore flott å vere ute, og sanden i sandkassen har nesten ikkje vore frosen i år. Dette har medført at me har hatt mykje fokus på uteleiken. 2-årsgruppa har hatt mange fine turar ute i naturen. Dei har vore mykje på haugen ved gammen til Trudvang og dei har brukt det fine området i stien bort til skulen. 2-åringane er veldig flinke til å gå opp bakkane. Dei veit tydleg kor dei skal og at dei gleda seg over turen. Me har leita etter dyrespor og brukt litt tid på insekt. Barna synes det er veldig spennande å sjå kven som bur under steinane, under barken mm. 2-åringane brukar også litt tid på avdeling Måne. Dei skal bli kjende med avdelinga, vere med på samling og få ete maten sin på Måne. Av og til har alle, eller deler av barnegruppa, ete maten sin ute. Dette er kjekt! Tema vår : Sjå endringane i naturen. Barna har hatt fleire formingsprosjekt. Dei har m.a. måla vår- bilete i vår- fargar, og laga fuglar. Me har feira Vilde sin 1 årsdag som var i mars. Gratulera Oley Sofie har slutta i barnehagen. Brage har begynt på avd Sol. Velkommen
Planar for mai og juni Me skal desse månadane ha fokus på fagområda: nærmiljø og samfunn, samt kropp, rørsle og helse. I mai jobbar me vidare med tema våren. Gå på turar for å observere endringane i naturen. På denne måten blir me også meir kjende med nærmiljøet og samfunnet rundt oss. Me skal plante frø og sjå det spirer. Det er fast tradisjon i barnehagen å øve til 17. mai. Me synger Ja, vi elskar og lagar flagg. I år skjer dette på 16. mai. Då går me i tog rundt om på uteområdet vårt og synger 17. mai songar. Etterpå går me inn og kosar oss med graut og spekemat. Kvar vår går me på tur for å sjå på lam. I år går turen til Nestangen. Me gleder oss! Tema: Livet i sjøen og i fjøresteinane. Dette vil me gjere i slutten av mai byrjinga av juni. Me skal gå på tur ned til sjøen og sjå kva me finn i fjøresteinane, under steinane og i sjøen. Kva liv finnes det? Fisk? Krypdyr? Kva veks det i sjøen? Og på land? Og så må me leite etter Formingsmateriell. Me vil sløye fisk og tilberede fisk til mat. I juni vil me legge opp til å ta dagane som dei kjem. Me vil ha fokus på barns medverking. Det vil sei at barna skal ha muligheit til å påverke sin eigen kvardag. Her er det viktig at personalet har god tid til å observere kva barna seier verbalt og kva kroppsspråket seier. Små barn gir ofte tydeleg utrykk av kva dei meiner gjennom kroppsspråk. Personalet i barnehagen må ta seg tid til å forstå kva barnet meiner. Slik kan små barn vere med på å motivere og påverke kvardagen i barnehagen. Her er det viktig at barna møter tydelege og ansvarsfulle vaksne som tek omsyn til heile gruppa. Elles er juni ute tid. Me vil bruke uteområde og nærmiljøet flittig. Gå på tur, plukke blomster, oppsøke andre leikeplassar, ete maten vår ute mm. Frå 12.06 til 18.06 skal ein student ha overtakingsveke på avd. Sol. Velkommen Christer. Songar me syng i mai og juni: - Ja, vi elsker dette landet.. - Lille måltrost.. - Eg gjekk ein tur på stien.. - Historien om 3 små fisk.. - Alle fugler.. - Ro ro til fiskeskjær.. - Fløy ein liten blåfugl.. - Ro ro til Siraland.. - Bæ bæ lille lam.. - Blomster små, gule blå.. Helsing personalet
MAI Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 19 5 6 7 8 Me feira Maya 3 år!! Hurra!! Våren, naturen vaknar til liv. Blomster, tre, fuglane legg egg mm. 9 Mat: Pølse m/ potetstappe og grønsaker. 20 12 Dugnad i barnehagen)sjå eige oppslag) Me førebur oss 17. mai 13 14 15 16 Me øver på 17. mai! Mat: Rømme- Graut og spekemat. 21 19 20 21 22 23 Mat: Fiskekarbonade med pasta og grønsaker. 26 27 28 29 Kristihimmelferdsdag. 30 Mat: Graut 22 Tema: Sjøen og livet i fjæra Barnehagen er stengt.
JUNI Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 23 2 3 Tema: Sjøen og livet i fjæra 4 5 6 Sløye fisk!! Mat: Me tilberedar fiskemat av fisken me har sløya. 24 9 2. pinsedag. Barnehagen er stengt. 10 Me feirar Tuva som var 3 år 9. juni!! Hurra 11 Sommarfest i barnehagen! Velkommen! 12 13 Mat: Skinke, pasta og saus. 16 17 18 19 20 25 Planleggingsdag. Barnehagen er stengt. 23 24 25 26 27 26 27 30 Siste dag før sommarferien. 1 2 3 4 Ferie stengt
EVALUERING MARS OG APRIL Mars og april er over og i dei månadene har vi gått frå vinter til sommar. Vi starta mars med flott ake dag i Hodlekve. Buss, pølser, sjokolade og mykje moro i bakken, er ei kort oppsummering av den turen. Vi trudde vinteren var over, men fekk heldigvis litt snø å boltre oss i før våren kom. I perioden som har gått har vi jobba med fagområda «Tal, rom og form» og «Kunst, kultur og kreativitet» mest. Vi har snakka om, leita etter, fotograferte og laga bilete rundt fagområdet «Tall, rom og form». 18.mars ble Barnehagedagen markert over heile landet. Vi snakka om grunnlovsjubileet, og øvde bl.a. på fedrelandssongar fram mot Barnehagedagen. Sjølve dagen ble filma av NRK, og vi ble TV stjerner over natta. Veldig stas, og masse folk som fekk høyre flinke ungar framføre songar dei for det meste sjølv hadde bestemt skulle syngjast. April kom og vi starta påskeførebuingar. Påskepynt ble laga og påskefrukost ble planlagt og gjennomført. Alltid kjekt med masse besøk til frukost. Takk til alle som kom Så kom sommaren saman med påska, og vi har kost oss i varmen med mykje aktivitet ute. Turar i nærmiljøet blir naturleg i desse tider, med bl.a. tur til Stedje barnehage for å sjå på kyllingar, tur til Nes for å sjå på dei nye lamma, og aktivitetsdag i Storhallen med Høgskulen og studentar. Ein har hatt bursdag i perioden som har gått, og det er Siv Noor. Ho ble 5 år den 18.april og ble feira etter påske Planar framover Mai og juni er fine månader å komme seg på tur. Vi vil nokre gonger gå heile gruppa, men kanskje flest gonger går vi i mindre r. Sjøen, med fjordstien eller Hagelinstranda er ynda turområde på denne tida. Rutlin, med sitt fine leikeområde, og parken er og aktuelle områder vi vil besøke. Overgang barnehage- skule: Førskulegruppa vil nokre gonger flyttast til andre dagar enn måndag, fordi mange av desse dagane er fridagar eller andre ting skjer. I mai vert det meir organisert besøk i skulen og ein får komme inn i klasserommet til den kontaktklassen vi har fått tildelt (). I mai og juni vil vi jobbe litt med tema trafikk, generelt sosial kompetanse og sjølvstende. Førskulegruppa avsluttar barnehagetida med overnatting i barnehagen. Slik det ser ut no blir det frå 2. til 3.juni. Sylvi og ein vaksen i tillegg vil overnatte med dei. Dei det gjeld vil får eit eige skriv om dette.
Det skal legges til rette for at barn kan ta avskjed med barnehagen på ein god måte, glede seg til å begynne på skolen og oppleve at det er en samanheng mellom barnehage og skole (Rammeplanen). Dei fagområda vi har mest fokus på i mai og juni er «Nærmiljø og samfunn», Kropp, rørsle og helse og "Natur, miljø og teknikk". "Natur, miljø og teknikk: Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vêr. Naturen er ei kjelde til skjønnheitsopplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk." (Jmf rammeplanen). Vi må legge til rette for og lage rom for at barna skal få komma med sine meiningar, slik at vi kan ta deira meiningar med når vi planlegg barnehagedagen. Og de som foreldre kan og bidra til å formidle barnet sine tankar og ønskjer. Dette jobbar vi kontinuerleg med gjennom heile barnehageåret. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet. (Barnehageloven 3 Barns rett til medvirkning) Vi håpar sola og varmen held fram med å besøke oss i mai og juni, og i det høve vil vi minne om at de sørgjer for å sjekke kva klede barnet dykkar har i korgene sine. Ta med heim det som ikkje trengs lenger og ha tilgjengeleg det som trengs. Viktig å hugse på i desse tider er solkrem og solhatt/caps. Vi ynskjer at de tek solkrem på barna, før de kjem i barnhagen, og at barnet har ein eigen solkrem i korga si, slik at vi kan smørje dei på nytt utover dagen. Det vil bli gjennomført ein del foreldresamtalar i mai. Direkte tlf. nr på Måne: 57673501 Er det noko de lurer på, så er det berre å ta kontakt. Helsing personalet på avd. Måne
MÅNADSOVERSIKT Mai 19 Tema: Vår 20 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 6 7 8 9. Vi feirer Frida 6år! 5 Førskule Feire Silje 5 år! Avdelingsmøte avd.måne 12 13 Førskule. 14 17.mai leikar. 15 16 Vi øver på å gå i tog Tema: 17.mai Dugnad i barnehagen)sjå eige oppslag) Rømmegraut og spekemat 21 Vår 19 Førskule 20 Ei jobbar i åkeren Ei på tur 21 Ei setter poteter i jorda Ei på tur 22 Formingsaktivitet inne/ute 23 22 Vår 26 Førskule 27 28 29 Kristi Himmelfartsdag Barnehagen STENGT 30 Vi feirer Frøya 3 år Som de ser prøver vi å gå ofte på tur, oftast i mindre r. Sjå og vekeplan for eventuelle endringar
23 2 MÅNADSOVERSIKT JUNI Måndag Tysdag. Onsdag. Torsdag. Fredag. 3 4 5 6 Førskule Tur med ei Formingsakt. Inne/ute Overnatting med førskulegruppa 24 Tema: sommar 9 2.pinsedag Barnehagen stengt 10 Tur med ei 11 Sommarfest i barnehagen 12 13 25 Tema: Sommar 16 Tur alle eller i mindre 17 18 19 20 Planleggingsdag Barnehagen er Stengt 26 Tema: Sommar 23 Vi feirar Marie 3 år! Aktivitetar ute og inne 24 25 Vi feirar Sofie 5 år! 26 27 30.juni SISTE DAG i barnehagen Ps: Går på tur i mindre r når vi ser det let seg gjennomføra. Sjå og vekeplan for eventuelle endringar.