MILJØPOLITISK PLATTFORM For Natur og Ungdom



Like dokumenter
Skyss, Bergen Adm. direktør Bernt Reitan Jenssen, Ruter As. Ruter sine strategiar på miljøområdet - kva fungerer?

Noreg som bærekraftig energinasjon

ROGALAND. best i jordvern? ROGALAND

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

ORGANISERING AV NORSK PETROLEUMSVERKSEMD

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA

SØR-TRØNDELAG FYLKESKOMMUNE SAKSPROTOKOLL

Vindkraft og energieffektivisering Trondheim Mads Løkeland

Energisparing og meir fornybar kraft: løysing på klimaproblemet? Annegrete Bruvoll Forskingsleiar, Energi- og miljøøkonomi,forskingsavdelinga SSB

billeg mat har ein høg pris

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Konsekvenser av vasskraftutbygging sett fra natur- og friluftsinteressene Elisabeth Dahle Koordinator FORUM FOR NATUR OG FRILUFTSLIV

2/12 Søknad om motorferdsel på og vedlikehald av vegar i Traudalen Rygg og Grov sameige

Kva er økologisk matproduksjon?

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Sotrasambandet. Eit viktig grunnlag for framtidig vekst og utvikling i Bergensregionen FØRESETNAD FOR TRYGGLEIK OG BEREDSKAP

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde avgjerd i sak om klage på avslag på søknad om dispensasjon for bygging av småkraftverk

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

MILJØPOLITISK PLATTFORM For Natur og Ungdom Vedtatt på Natur og Ungdoms landsmøte i Fredrikstad, januar 2015

Avfallshandtering - korleis bidra til eit betre miljø?

MILJØPOLITISK PLATTFORM For Natur og Ungdom Vedtatt på Natur og Ungdoms landsmøte i Fredrikstad, januar 2014

4. MÅL FOR AVLØP OG MILJØ Overordna mål Førebels mål for vasskvalitet... 3

Unngå inngrep i viktige naturområde og ivareta viktige, økologiske funksjonar.

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Attraktivt Midt-Telemark. Landskapskonvensjonen. Deltaking. telemarksforsking.no 3. Solveig Svardal

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsmelding NÆRINGSAVDELINGA (Utval for Natur og næring)

Politisk program for Jølster KrF

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

MILJØPOLITISK PLATTFORM For Natur og Ungdom Vedtatt på Natur og Ungdoms landsmøte i Fredrikstad, januar 2014

SOTRASAMBANDET. Vedtatt kommunedelplan for Rv 555 Fastlandssambandet Sotra - Bergen. Parsell: Kolltveit Storavatnet. Utarbeidd av Sotrasambandet AS

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Gull, gråstein og grums + gruve.info Presentasjon for Naturvernforbundet Rana

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Disponering av avfall fra bygging, rehabilitering og riving

Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden

REGULERINGSPLAN FOR LUTELANDET ENERGIPARK


Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

NORSK PETROLEUMSVERKSEMD

Aurland kommune Rådmannen

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

Alternativ til Orkanger hamn?

PARTSBREV. Dykkar ref. Vår ref. Stad/Dato: 08/2487-4/K1-K00 - Natur- og miljøforvaltning - Felles Felles, K3-&30//RSK

Hvordan ser Naturvernforbundet på vindkraft i Norge og i Finnmark? Silje Ask Lundberg, leder i Naturvernforbundet

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

SOGN driftig raus ekte

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

Klimagassutslepp frå produksjon og forbruk

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

ENERGIPLAN for Midt-Telemark

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

ÅLFOTBREEN VERNEOMRÅDESTYRE

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

NTP fleip eller fakta? Samferdselspolitikk ein del av næringspolitikken

Aksel Hagen, leder av kommunal- og forvaltningskomiteen (SV) Noen PP-bilder

Forslag frå fylkesrådmannen

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Høyring - Transportetatane sitt grunnlagsdokument for NTP

MILJØPOLITISK PLATTFORM For Natur og Ungdom Vedtatt på Natur og Ungdoms landsmøte i Fredrikstad, januar 2013

MØTEBOK Tysnes kommune

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Innspel til stortingsmelding om Nasjonal transportplan (NTP)

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Miljørapport Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr Mai 2009

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Klimasatsing i byer og tettsteder. Seniorrådgiver Peder Vold Miljøverndepartementet

Hordaland på veg mot lågutsleppssamfunnet

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

«Nordhordland kommune»

Vår grøne. kyrkjelyd

NATURVERNFORBUNDET I SØR-TRØNDELAG

Program OSTERØY HØGRE

Nytt lovverk for utsetting av utanlandske treslag. Utfordringar og alternativ for skognæringa. Fylkesskogsjef Harald Nymoen,

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Transkript:

MILJØPOLITISK PLATTFORM For Natur og Ungdom Vedtatt på Natur og Ungdoms landsmøte i Fredrikstad, 9. 12. januar 2014 Nynorsk versjon Omsett frå bokmålsversjonen og godkjent av landsstyret 24. mai 2014. Handsaming av det politiske innhaldet i Natur og Ungdoms miljøpolitiske plattform føregår med bokmålsversjonen på det årlege landsmøtet.

GRUNNSYN... 3 1. NATURARVEN... 4 VERN AV BIOLOGISK MANGFALD...4 ROVDYR...5 ALLEMANNSRETTEN OG FERDSLE I UTMARK...5 TROPISK REGNSKOG...6 BIO- OG GENTEKNOLOGI...6 2. PRIMÆRNÆRINGANE... 7 JORDBRUK...7 FISKERI...8 OPPDRETT...9 SKOGBRUK... 10 REINDRIFT... 11 3. ENERGI... 12 REDUKSJON AV KLIMAGASSUTSLEPP... 12 PRODUKSJON OG BRUK AV ENERGI I NOREG... 12 OLJE- OG GASSUTVINNING... 14 ATOMKRAFT... 15 4. TRANSPORT... 16 TRANSPORTREDUSERANDE AREALPLANLEGGING... 16 HEILSKAPLEGE TRANSPORTLØYSINGAR... 17 KOLLEKTIVTRAFIKK... 17 BÅTTRAFIKK OG SKIPSFART... 18 JERNBANETRANSPORT... 18 LUFTTRAFIKK... 19 SYKKEL- OG FOTGJENGARAR... 20 5. INDUSTRI... 21 FRAMSYNT NÆRINGSPOLITIKK... 21 FORUREINING FRÅ NORSK INDUSTRI... 21 BERGVERKSINDUSTRIEN... 22 6. FORBRUK OG AVFALL... 23 AVFALLSMINIMERING OG BEREKRAFTIG FORBRUK... 23 AVFALLSHANDTERING OG GJENVINNING... 23 7. INTERNASJONALT... 25 GJELDSSLETTE... 25 BISTAND OG NORSKE BEDRIFTER I UTLANDET... 25 INTERNASJONALT SAMARBEID... 26 KLIMAFORDRIVNE... 27 INTERNASJONALE ØKONOMISKE AVTALER... 27 EU OG EØS... 28 MILITÆRVESENET... 28 2

GRUNNSYN Natur og Ungdom går inn for: 1.Eit samfunn som forvaltar ressursane til det felles beste, i dag og på lang sikt. Naturressursane bør forvaltast av dei som haustar av og er avhengig av ressursgrunnlaget for å leve vidare. 2.Eit samfunn basert på solidaritet med og respekt for alle menneske. Ressursutnyttinga skal vere framsynt og bygge på eit berekraftig uttak av avgrensa ressursar. 3.Eit desentralisert samfunn der alle menneske har likt høve for reell innverknad over sin eigen situasjon. Arbeidsplassar og servicefunksjonar må leggast der folk bur. Produksjon må i størst mogleg grad vere basert på lokale ressursar og brukast til å dekke lokale behov. 4.Ei produksjonsform som fremjar liv i samfunn og natur, ikkje bryt ned, øydelegg og forureinar. Produksjonen må leggast opp til å dekke folk sine nødvendige behov, ikkje overforbruk. 5.Eit samfunn som tar vare på og bygger på det økologiske, kulturelle og menneskelege mangfaldet. Mangfald gjer samfunnet og naturen mindre sårbare. Naturen må få leve vidare både fordi menneska er avhengige av den, og fordi den har eigenverdi. 6.Eit samfunn der bruk av tradisjonell, lokalt tilpassa teknologi blir kombinert med ny teknologi. Teknologi må utviklast med mål om redusert totalt ressursbruk, og mindre forureining. 3

1. NATURARVEN Mangfaldet i naturen må bevarast. Truga arter, og leveområda deira, skal vernast om. Me må bruke naturen og naturressursane utan å redusere mangfaldet eller øydelegge opplevingsverdien for etterkommarane våre. Det biologiske mangfaldet må oppretthaldast. Det biologiske mangfaldet er økosystema i verda, artar og den genetiske variasjonen innan artane. I dag skjer ein storstilt utarming av dette mangfaldet. Utrydding av dyre- og planteartar gir uopprettelege skadar. Artane i naturen er avhengige av kvarandre, og kvar art har eigenverdi. Matproduksjon og framtidig teknologiutvikling er avhengig av det biologiske mangfaldet. Tilgang til natur er viktig for mennesket sitt høve for rekreasjon. For å hindre utrydding av dyre- og planteliv lokalt, nasjonalt og internasjonalt, må det sikrast at alle truga arter og leveområda deira blir tilstrekkeleg verna om. Urørt natur og store samanhengande naturområde må bevarast. VERN AV BIOLOGISK MANGFALD Vern av naturområde er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit viktig verkemiddel for å bevare det biologiske mangfaldet og mennesket sin tilgang til naturen. Meir miljøvennleg bruk av naturen er avgjerande for å bevare det biologiske mangfaldet. 1.Vidare vern av norsk skog må sikre at alle typar skog blir representert, og at eit tilstrekkeleg areal av kvar type blir verna. Minst 10 % av den produktive skogen må vernast. 2.Dei norske våtmarksområda som er oppførte i den internasjonalen Ramsarkonvensjonen må sikrast. 3.All verdifull norsk vassdragsnatur må få varig vern. 4.Det marine biologiske mangfaldet må bevarast. Naturverdiar på havbotnen må tryggast mot inngrep, og økosystemet i havet må ikkje øydeleggast av invaderande organismar. 5.Naturmangfaldslova må utvidast så alle vedtak gjeld heile Noregs økonomiske sone. Avgjerdene i naturmangfaldslova må handhevast strengt, og lova må bli overordna anna regelverk. 6.Utsleppa av karbondioksid må reduserast kraftig for å stanse ytterlegare forsuring av havet. Det må settast i gang forsking på kva slags konsekvensar forsuring har for økosystema i havet. 7.Verneverdige kulturlandskap må bevarast. Tradisjonelt kulturlandskap er viktig som leveområde for mange truga arter. 8.Det er eit mål at verna område blir nytta til friluftsføremål og tradisjonell hausting av ressursar så lenge aktiviteten ikkje øydelegg verneverdiane. 9.Dei rike landa må bere hovudkostnadane ved å sikre det biologiske mangfaldet. Noreg må aktivt jobbe for å gjere konvensjonen om biologisk mangfald sterkare internasjonalt. 4

10.Naturinngrep i form av industri, hogst, veg-, hytte- og bustadbygging må vere forbode i registrerte verneverdige område. 11.Det må ikkje byggast nye militære øvingsområde i naturområde i Noreg. Eksisterande felt må ikkje utvidast. 12.Skogeigarar må ha meldeplikt for all type skogavverking, for å hindre øydelegging av biologisk viktige naturområde. Skogeigarar kan få fritak dersom det er utarbeidd ein skogbruksplan der det er gjort biologiske registreringar i området. Planen må bli vedtatt av offentlege styresmakter. 13.Det må leggast størst vekt på naturfaglege tilrådingar når verneprosessar blir sette i gang og avgjorde, uavhengig om det er myndigheitsstyrt eller friviljug vern. 14.Styresmaktane må lage langsiktige finansieringsplanar for vern av naturområde. Det må settast av tilstrekkeleg med middel til skjøtsel, utvidingar av verna område, samt erstatning til grunneigarar. 15.Det biologiske mangfaldet i Noreg må registrerast og kartfestast. Kartverket må brukast aktivt i arealplanlegging, både av styresmakter og i samband med næringsverksemd. 16.Framande arter som er kunstig innførte i norsk natur, og som forstyrrar den naturlege balansen i økosystemet, må fjernast frå norsk natur. ROVDYR Matproduksjon basert på bruk av utmarksressursar er miljøvennleg. Rovdyr kan vere ein trugsel mot dyr på utmarksbeite. Det er eit mål å bevare levedyktige rovdyrstammar i Noreg samstundes som det blir lagt til rette for miljøvennleg jordbruk. 17.Det må byggast opp levedyktige bestandar av store rovdyr og rovfugl i Noreg. 18.Miljøfaglege råd må ligge til grunn ved utskriving av jaktkvotar på dyr det blir drive bestandsregulerande jakt på. 19.Ein skal ikkje få løyve til å felle rovdyr med mindre dyret valdar store tap. Så langt det er mogleg må det ikkje bli gitt løyve til å felle dyr som kan tilføre nytt genmateriale til den norske ulvebestanden. 20.Rovdyrskader må utløyse full erstatning. 21.Det må satsast mykje på førebyggande tiltak slik at tapa av dyr på utmarksbeite blir reduserte. Dette inneber økonomisk støtte til tilsynsordningar, forsking og utprøving av ulike tiltak. ALLEMANNSRETTEN OG FERDSLE I UTMARK Naturen skal vere tilgjengeleg for alle. Folk skal ha tilgang til å gå i strandsone, fjell, skog og mark utan å måtte ha spesielt løyve eller måtte betale for det. 5

22.Naturområde som er spesielt viktige for friluftsliv og rekreasjon må bevarast. 23.Strandsona må tryggast mot nedbygging og haldast tilgjengeleg for allmenn ferdsle. 24.Restriksjonane på bruk av snøskuter må skjerpast inn. Berre i heilt spesielle tilfelle kan ein få dispensasjon for barmarkskøyring. 25.Det må stillast strengare krav om støydemping for motorisert ferdsle i utmark. TROPISK REGNSKOG Regnskogen inneheld ei ukjent mengd verdifulle dyre- og planteartar. For at mangfaldet i regnskogen skal bevarast, må den omfattande nedhogginga og øydelegginga stansast. 26.All øydelegging av tropisk og subtropisk regnskog må stansast. 27.Urbefolkninga sitt livsgrunnlag må sikrast. Hovudansvaret for forvaltninga må ligge hos urfolka sjølv. 28.Noreg må ikkje importere produkt som er laga av regnskogstømmer eller produsert på ein måte som skadar regnskogen. 29.Miljøøydeleggande industrietablering i regnskogsområde må ikkje tillatast. BIO- OG GENTEKNOLOGI Føre var-prinsippet må leggast til grunn for utviklinga av gen- og bioteknologien. Teknologien må utviklast til det beste for fellesskapet, og ikkje øydelegge det naturlege genetiske mangfaldet. Genmanipulert mat kan ikkje løyse svolt- og matvareproblema i verda. 30.For å sikre at genteknologien blir til brukt samfunnsnyttige formål, må den kommersielle gen- og bioteknologiske industrien styrast av folkevalde i vidare forsking og utvikling, ikkje av økonomisk profitt. 31.Genressursane må ikkje kommersialiserast ytterlegare. 32.Utsetting av genmanipulerte organismar i naturen og genmanipulert mat til menneske og dyr, må vere forbode. 33.Kvart land må få råderett og økonomiske rettar over sine eigne genetiske ressursar. Det må ikkje bli tatt patent på levande organismar, naturlege eller genmodifiserte, ei heller naturlege eller syntetiske gen. 6

2. PRIMÆRNÆRINGANE Naturressursane skal haustast utan å øydelegge fruktbarheita i jorda, livet i havet og det fantastiske naturmangfaldet for framtidige generasjonar. Primærnæringane jordbruk, skogbruk og fiske, er produksjon basert på betinga fornybare ressursar. Høvet for forsvarleg ressursutnytting i framtida vil øydeleggast dersom økologiske grenser ikkje blir respekterte. Ei av dei største utfordringane verda står overfor, er å produsere og fordele mat til ei stadig aukande verdsbefolkning. Alle land har rett og plikt til å brødfø si eiga befolkning i størst mogleg grad. Matjorda må ikkje leggast brakk og ikkje utarmast, ho må brukast for å sikre lokal matproduksjon. Fiskeriressursane må heller ikkje overutnyttast, dei må haustast på ein framsynt måte. Lokalprodusert mat er miljøvennleg, trygg og solidarisk. Den er miljøvennleg fordi den held meir av matjorda og utmarka i hevd, og er tilpassa det lokale ressursgrunnlaget. Vidare blir den lokalproduserte maten transportert over kortare strekningar og gir derfor lågare utslepp av klimagassar. Trygg fordi bruk av lokale ressursar spreier mindre smitte og biologisk forureining. Solidarisk fordi ein brukar sine eigne og ikkje andre land sine ressursar. Alle land bør derfor basere sitt matforbruk på lokale matvarer så langt som mogleg. Produkt basert på råvarer frå jordbruk, skogbruk og fiske, er meir miljøvennlege enn varer som er laga av lagerressursar som kol og olje, eller varer som er svært energikrevjande å framstille. Samstundes er dei industrialiserte primærnæringane i dag storforbrukarar av fossil energi og andre miljøskadelege innsatsfaktorar. JORDBRUK Jordbruket må drivast på ein økologisk forsvarleg måte, utan utstrekt bruk av energikrevjande maskinar, kunstgjødsel og sprøytemiddel. Bruk av utmarks- og beiteressursar er ein føresetnad for å oppnå dette. Energiforbruket bør vere mindre enn energiproduksjonen i jordbruket, og korn bør nyttast som menneskeføde. Jordbruksjord er ein verdifull og avgrensa ressurs som må haldast i hevd, ikkje byggast ned eller utarmast. 1.Ein vesentleg del av det norske jordbruket må vere økologisk, og det må leggast ein plan for korleis denne omlegginga skal gjennomførast. 2.Det må vere eit mål for heile jordbruket at produksjonen blir meir miljøvennleg. Forbruket av kunstgjødsel og sprøytemiddel må påleggast strenge restriksjonar. 3.Noreg må i stor grad auke sjølvforsyningsgraden. Det må vere eit klart mål å bli mindre avhengig av import av mat og fôr. 4.Norsk kjøtproduksjon må i størst grad vere basert på beite- og utmarksressursar, ikkje unødvendig bruk av kraftfôr, eller fôr produsert på ein måte som skadar regnskogen. Det må vere eit langsiktig mål for Noreg å bli sjølvforsynt med fôr. 5.Mat må i størst mogleg grad produserast for lokalt forbruk, ikkje for eksport. Mateksport 7

skal ikkje subsidierast. 6.Det må ikkje bli produsert meir kjøt enn kva som er i semje med auka nasjonal sjølvforsyning utan import av fôr. 7.Ved import av mat må varer frå miljøvennleg matproduksjon prioriterast. Importen må ikkje svekke mattryggleiken i produsentlandet, og han må følge standardar for etisk handel. Norske styresmakter må bruke tollpreferansar som verkemiddel for å sikre at importen skjer i tråd med desse prinsippa. 8.Det veterinære grensevernet og kontrollen ved innføring av plantar må vere sterkt og solid for å hindre biologisk forureining. 9.Arealgrensene for bu- og driveplikt må bli lågare enn i dag. Dette er viktig for å hindre ei utvikling mot større bruk med meir industrialisert jordbruksproduksjon. 10.Ordninga med omsettelege mjølkekvotar må avskaffast, slik at større gardar ikkje kan kjøpe mindre bruk ut av næringa. 11.Rammevilkåra for norsk jordbruk basert på norske ressursar må betrast. Statlege tilskot må omfordelast frå kraftfôr til å styrke beitebaserte næringar. 12.Ein må legge til rette for at det blir attraktivt for ungdom å gå inn i jordbruket. For å sikre vidare rekruttering innanfor jordbruk, bør det satsast på gode og attraktive utdanningstilbod og ei økonomisk oppstartsstøtte for nye brukarar. 13.Samla fulldyrka areal må oppretthaldast og aukast. 14.Dyrka mark må ikkje bli lagt brakk, ofrast til storstilte utbyggingar, brukast til golfbaner eller gjenplantast med tre. Dyrkbar mark som ligg brakk må bli tatt i bruk. 15.Vitskapleg kunnskap om dyrevelferd må ligge til grunn i lovverket for dyrehald og jakt, og vere ein sentral del av landbruksutdanninga og dyreforvaltninga. 16.Produksjon av tekstilar som er særleg energikrevjande eller forureinande, må reduserast til fordel for meir miljøvennlege tekstilar. 17.Subsidierings- og momspolitikken må brukast aktivt til fordel for miljøvennlege produkt. 18.Eit aktivt vern av norsk dyrkbar mark. FISKERI Fiskeressursane må haustast på ein måte som gir liten fare for overutnytting, og størst mogleg utbyte på lang sikt. Samstundes må ressursane forvaltast og bli fordelte på ein måte som gjer at fiskeria bidrar til internasjonal matvaretryggleik, og tryggar kystbusettinga. For dei fleste fiskeslag er eit fiske basert på mindre fartøy med passive reiskapar den beste måten å nå desse måla på. 19.Fiskekvotane må bli tildelte på ein måte som prioriterer kystflåten. Fordeling av kvotar må 8

spegla ressurstilpassinga og energiforbruket til dei ulike fangsmetodane. 20.For å unngå at fiskerettane blir konsentrerte på stadig færre hender og større fartøy, må ikkje fiskekvotene vere omsettelege. Dagens system med kjøp og sal av fiskerettar fører til overinvesteringar i havfiskeflåten. 21.Fiskeriforvaltninga må demokratiserast. Stortinget må få myndigheit til å fatte viktige vedtak om utnyttinga av ressursane i framtida. Partar som vil bli påverka av eventuelle vedtak, må få kome med innspel til korleis ressursane skal forvaltast. Føre var-prinsippet må leggast til grunn for fastsetting av totalkvotar. 22.Bruk av aktive fiskereiskapar, som trål og snurrevad, som fører til stor utnytting av småfisk, må underleggast strengare restriksjonar. I nokre fjordar og kystnære område bør bruk av denne typen fiskereiskapar vere forbode. 23.Av omsyn til busettigna og kontrollen med uttaket av fisk må råfisklova ikkje bli uthola. Salslaga må ha rett til å forhandle om prisen på fisk, uavhengig av langsiktige leveringsavtaler mellom fartøy og industri. Dei skal òg ha rett til å dirigere fangst. 24.Noreg må arbeide for ei betre forvaltning av Nordsjøen og for at EU legg opp til ein meir berekraftig fiskeripolitikk. Det må innførast ei strengare regulering av industritrålfisket. 25.Det må etablerast soner for kystfiske. Føremålet med slike soner vil vere å gi eit friare fiske for mindre fartøy med passive reiskapar. Kystfiskesona bør dekke eit større område enn dagens ordningar gjer. Bruken av slike soner må vere berekraftig, og uavhengig av etnisitet og bustad. 26.Det må drivast kvoteregulert sel- og kvalfangst langs norskekysten. Kvotane må regulerast i forhold til bestanden, slik at det kan drivast berekraftig hausting av overskotet. Vitskapleg kunnskap om dyrevelferd må leggast til grunn for ei slik utnytting. 27.CO2-fritaket i fiskeflåten må opphevast. I samanheng med dette må fiskarfradraget aukast. OPPDRETT Norsk oppdrettsnæring byr i dag på ei rekke miljøproblem. Rømming, sjukdomar som blir spreidde til villfisk, og dessutan utslepp frå merdar er med på å skade det naturlege økosystemet som finst i norske fjordar og langs kysten. Det er i tillegg eit grunnleggande problem at mykje energi og ressursar går tapt når fisk som kunne vore menneskeføde blir brukt som fiskefôr. Med dagens vekst i oppdrettsnæringa vil Noreg om kort tid bli netto forbrukar av fisk. Dette bidrar til å svekke matvaretryggleiken i verda, og fører til eit hardt press på artar som blir brukte i fiskefôr. 28.Det må vere mogleg å spore rømt oppdrettsfisk tilbake til produsenten. Oppdrettsfisk må merkast slik at han kan skiljast frå annan fisk. 29.Oppdrettarar må bøteleggast per rømt oppdrettsfisk. Urapportert rømming må medføre strengare straff. 30.Oppdrett i Noreg må organiserast med rømmingssikre anlegg. Det må opprettast sterke, uavhengige organ for kontroll av oppdrettsnæringa, med klare reglar og strenge sanksjonar 9

som fører til nedgang i rømminga frå oppdrett av marine artar og spreiing av sjukdomar og parasittar som lakselus. 31.Fisk som blir til brukt menneskemat, eller som har ein viktig plass i økosystem, kan ikkje tillatast som fôr til oppdrettsfisk. Det må ikkje opnast for bruk av genmodifiserte organismar. Dagens matfiskindustri må vere lovpålagt å vere netto produsent av fisk, ikkje forbrukar. 32.Så langt det er mogleg, må lokale ressursar brukast til fôr i oppdrettsanlegg. 33.Bruken av medisinar og kjemikalium i oppdrettsnæringa, må reduserast til eit berekraftig nivå. 34.Det må bli strengare kontroll av lokaliseringa av oppdrettsanlegg, slik at viktige naturkvalitetar ikkje blir øydelagt. Det må opprettast oppdrettsfrie område i og ved nasjonale laksefjordar. 35.Det må ikkje opnast for genmodifisert fisk i norske oppdrettsanlegg. 36.Konsesjonar skal berre tildelast rømmingssikre, utsleppsfrie og smittefrie merdeanlegg. Anlegg som blir drivne etter dagens standard, skal ikkje tildelast konsesjonar. Utsleppa, rømminga og smittespreiinga frå eksisterande oppdrettsanlegg må reduserast for å kome på eit berekraftig nivå. 37.Ved utbygging av settefiskanlegg, må det bli tatt omsyn til naturmangfaldet. Utbygging av settefiskanlegg i verna vassdrag skal ikkje vere tillate. 38.Konsesjonar til oppdrettsnæringa må vere tidsbegrensa. Brakklegging av lokalitetar og inndraging eller overtaking av konsesjonar må brukast som eit aktivt sanksjonsmiddel ved alvorlege brot på miljølovgivinga. 39.Det skal ikkje vere torskeoppdrett i Noreg. 40.Offentlege middel til forsking på oppdrett av marine artar, må gå til å løyse dei miljøproblema som er knytte til fiskeoppdrett. SKOGBRUK Tre er eit miljøvennleg produkt dersom skogbruket blir drive på ein økologisk forsvarleg måte. Stordrift med få sysselsette og monokulturskog er ein trugsel mot det biologiske mangfaldet. Skogbruket bør leggast om, slik at det blir tatt omsyn til naturverdiar og truga arter under hogst og ved skjøtsel. 41.Det må lagast miljøforskrifter og lovverk som sikrar berekraftig bruk av skogressursane. 42.Tilskotsordningane i skogbruket må gå frå å støtte vegutbygging og uforsvarleg drift, til å fremje økologisk forsvarleg skogbruk. 43.Skogbruket må i større grad vere basert på økologisk fleirbruk. Det må settast i verk tiltak som gjer det lønsamt for skogeigarar å utnytte mangfaldet i skogressursane, framføre ei 10

fortsett storsatsing på å gjere levande skogområde om til monokulturar. 44.Lauvskogressursane i norske skogar må utnyttast betre. Ved ei eventuelt større satsing på lauvskogressursane må verdifulle lauvskogsområde og lauvskogselement sikrast i skogbehandlinga. 45.Eit skogbruk basert på flatehogst må leggast om i dei områda der dette ikkje er økologisk forsvarleg. Flatehogst kan føre til at viktige næringsstoff blir vaska ut av jordsmonnet, og at artsmangfaldet blir øydelagt. 46.Bruk av sprøytemiddel i skogbruket må stansast. 47.Statleg eigde skogar må bli tilbode vern utan krav om erstatning. REINDRIFT Reindrifta er ei tradisjonsnæring med minst tusen års historie i Noreg. Med riktige rammevilkår og påbod om økologisk berekraftig drift er reindrifta ei potensielt grøn næring. Reindrifta har ein vesentleg plass i samisk kultur, og utviklinga av reindriftspolitikken må derfor føregå med eit urfolksperspektiv til stades. Dessverre fører nye naturinngrep på vidda til at beiteareal går tapt, noko som saman med høge flokktal kan føre til overbeiting og utarming av naturressursane på vidda. Utstrekt bruk av motorisert ferdsle i reindrifta kan også vere med på å øydelegge naturgrunnlaget. 48.Det må settast strenge avgrensingar på motorisert ferdsle i utmark for å sikre naturgrunnlaget til reindrifta. 49.Det må ikkje leggast beslag på viktige beiteområde for tamrein. 50. For å unngå overbeiting og for mange rein må beiteområda delast inn etter kor mange rein området kan tole. 11

3. ENERGI Energiforbruket skal haldast på eit så lågt nivå som mogleg. Fossile energikjelder som olje, kol og fossilgass må erstattast av nye, fornybare energikjelder. Miljøskadeleg atomkraft må ikkje byggast ut i Noreg. All produksjon av energi har negative miljøkonsekvensar. Vasskraftutbygging gir store naturinngrep, noko som reduserer det biologiske mangfaldet og opplevingsverdien av naturen. Massiv vasskraftutbygging har gitt norsk vassdragsnatur store sår. Forbrenninga av fossilt brensle som olje, kol og fossilgass er den viktigaste årsaka til menneskeskapte klimaendringar. Ifølge FNs klimaforskarar må utsleppa av klimagassar kuttast med 50 85 prosent innan 2050. I-landa har skapt klimaproblemet, og har derfor hovudansvaret for å løyse det. Det samla energiforbruket i Noreg er svært høgt og aukar stadig. Forbruket av energi må reduserast og bli effektivisert. Produksjonen av ny fornybar energi må aukast for å erstatte vårt fossile energiforbruk og for å eksportere ren, fornybar energi. REDUKSJON AV KLIMAGASSUTSLEPP Dei norske klimagassutsleppa er blant dei høgaste i verda per innbyggar. I tillegg til desse utsleppa bidrar Noreg til storstilt forureining i andre land gjennom eksport av olje og fossilgass. 1.Det må vere eit langsiktig mål at Noreg skal redusere sine utslepp av klimagassar med 90 prosent frå 1990-nivå innan 2050. Det må settast klare, etappevise mål for reduksjonar av utsleppa. Måla må vere førande for planlegging av all transport, næringsverksemd og energibruk. 2.Kommunane må gjennomføre tiltak for å redusere sine utslepp av klimagassar innanfor alle sektorar. 3.Dei norske utsleppa av klimagassar må reduserast nasjonalt. Tiltak i utlandet må kome i tillegg til klimatiltak i Noreg. 4.Det må ikkje settast i verk klimamanipulering som inneber ytterlegare eksperimentering med klima- og økosystema på jorda. Noreg må jobbe for eit internasjonalt forbod mot dette. 5.Det internasjonale klimaregimet må vere juridisk bindande og følge FNs tilrådingar om utsleppskutt. Uavhengig av eit slikt regime må Noreg syte for tilstrekkelege utslippsreduksjonar på heimebane. 6.Noreg må vere ein pådrivar for at alle klimagassutslepp frå internasjonal skips- og luftfart inngår som ein del av det globale rammeverket for reduserte utslepp av klimagassar. PRODUKSJON OG BRUK AV ENERGI I NOREG Halvparten av energiforbruket i Noreg er fossilt og forureinande. Ei rekke enkle tiltak kan gi dramatiske kutt i forbruket av energi. Høgverdige energiformer som elektrisitet bør i minst 12

mogleg grad bli brukt direkte til å dekke energiføremål som oppvarming. Noreg må satse på utbygging av nye fornybare energikjelder for å erstatte den fossile energien. Viss dette blir kombinert med utbygging av vassborne varmesystem og energisparing er potensialet for å redusere utsleppa av klimagassar stort. 7.Det må ikkje opnast for nye, store vasskraftutbyggingar. Gamle og ineffektive vasskraftverk må rustast opp så lenge det ikkje gir negative konsekvensar for naturen. Utbygging av mikro, mini- og småkraftverk må skje på ein måte som ikkje reduserer artsrikdomen i vassdraget. 8.Utbygginga av mikro, mini- og småkraftverk må sjåast i samanheng, slik at summen av verknadene for naturmangfaldet blir tatt omsyn til. 9.Det må ikkje byggast ut noka form for vasskraft i verna vassdrag. 10.Energiforbruket i Noreg må reduserast kraftig, og det må settast eit ambisiøst og konkret mål for energieffektivisering. Husstandar, føretak og industri må få god informasjon om energisparetiltak. Desse må få tilbod om gunstige tilskot-, låne og skatteordningar for omlegging til fornybar varmeenergi og til investeringar som vil redusere energiforbruket. Det må gjennomførast tiltak for energisparing og -effektivisering i alle offentlege bygg. I tillegg må det innførast tiltak som reduserer energiforbruket til private husstandar. 11.Prisane på energi må reflektere miljø- og utbyggingskostnadene. 12.Utbygging av linjenettet må skje på ein berekraftig og miljøvennleg måte kor omsynet til naturmangfaldet, fornybare næringar og urfolk kjem først. Utbygginga må sikre realisering av fornybar energi og andre klimatiltak. 13.Energi må utnyttast effektivt i alle ledd i samfunnet. Ein føresetnad for dette er storsatsing på energieffektive produksjonsmåtar i industrien, vassborne varmesystem basert på fornybar energi, og god isolasjon i bygningar. 14.Energi må produserast og bli transportert slik at minst mogleg av energien går tapt i prosessen fram mot forbrukaren. 15.Energiforsyninga i Noreg må få ein meir desentralisert struktur. 16.Det må ikkje byggast forureinande gasskraftverk i Noreg. Bruk av teknologi for CO2- handtering er eit viktig verkemiddel for å redusere utsleppa av klimagassar. Eksisterande gasskraftverk må ta i bruk CO2-handtering. Inntil CO2-handtering er på plass må gasskraftverka stengast. 17.Støttetiltak for CO2-handtering må ikkje gå på kostnad av satsing på energisparing og ny fornybar energi. 18.Rammevilkåra for føretak som driv med ny, fornybar energi må vere stabile og gode. 19.Styresmaktene må syte for ei storsatsing på utbygging av vindkraft i Noreg. Utbygginga må vere skånsam mot naturmangfaldet, andre fornybare næringar og urfolk. 13

20.Det må satsast på forsking, utvikling, demonstrasjon og utbygging av vindkraft til havs. Utbygginga må vere skånsam mot andre fornybare næringar. 21.Noreg må legge til rette for meir fornybar kraftuveksling med Europa. 22.Bruk av fossil energi til oppvarming må fasast ut. Miljøavgifta på olje og fossilgass til oppvarming må vere høg. Offentleg verksemd og private som brukar oljefyring må få økonomisk gunstige vilkår for overgang til miljøvennleg energi. 23.Byggeforskriftane må stille krav om passivhusstandard, bruk av vassboren varme og energibruk basert på ny fornybar energi. 24.Styresmaktene må ikkje legge til rette for utbygging av infrastruktur for storstilt bruk av fossilgass i Noreg. 25.Styresmaktene skal legge til rette for sal av overskotselektrisitet frå private husstandar til straumnettet. OLJE- OG GASSUTVINNING Utvinning og bruk av olje og gass gir enorme utslepp av klimagassar. I tillegg blir havet forureina av olje og kjemikalium. Oljeindustrien er ein trugsel mot fisk, fugl og sjøpattedyr. Ei ukontrollert utblåsing av olje vil gi katastrofale følger. Utvinningstempoet i oljeverksemda må reduserast kraftig. 26.Det må opprettast petroleumsfrie område på norsk sokkel. Slike område må opprettast i havområde som ikkje er opna for oljeverksemd, og spesielt sårbare område. Vernet skal ikkje vere til hinder for hausting av fornybare ressursar. 27.Dersom det blir sett i gang ein opningsprosess for olje- og gassverksemd i eit havområde, må det utarbeidast ei konsekvensutreiing for heilårig drift i området. 28.Det må ikkje tildelast nye konsesjonar til oljeverksemd. Det må lagast ein nedtrappingsplan med avvikling som mål for den eksisterande petroleumsindustrien. 29.Det må satsast på førebyggande tryggleikstiltak på norsk sokkel. Omsynet til tryggleik må vege tyngre enn kortsiktige bedriftsøkonomiske omsyn. 30.Staten skal ikkje dekke kostnader knytte til leiteverksemd på norsk sokkel. 31.Oljevernebuinga i norske havområde og langs kysten må kontinuerleg bli forbetra og modernisert. 32.Forureinande energibruk i samband med olje- og gassverksemda må erstattast av utsleppsfri energi. 33.Petroleumsforvaltninga må vere open og demokratisk, slik at alle samfunnsinteresser som er råka får reelle høve for påverknad. Miljøomsyn må bli ivaretatt i alle ledd i forvaltninga, og miljøfaglege tilrådingar må respekterast. 14

ATOMKRAFT Atomkraft er ein uakseptabel måte å produsere energi på. Konsekvensane av ulykker er ekstremt store. Dagens teknologi tillèt ikkje sikker lagring eller handtering av høgradioaktivt avfall, derfor må dette bli forska på. Me kan stille oss positive til forsking på fusjon, men aldri fisjon. Me skal alltid sette satsing på fornybare energikjelder framføre atomkraft. 34.Det må aldri planleggast eller byggast atomkraftverk i Noreg. Me kan vurdere alternative former for atomkraftverk dersom teknologien blir tilgjengeleg og sikker. 35.Det norske forskingsprogrammet for atomenergi og atomreaktoren i Halden må leggast ned. Norsk verksemd må ikkje bidra til å forbetre konkurranseevna til atomkrafta, eller produsere råvarer til atomindustrien. 36.Noreg må ta ansvar for eige atomavfall, men ikkje importere avfall frå andre land. 37.Atomdrivne transportmiddel og transportmiddel med atomavfall eller atomvåpen skal ikkje ha tilgang til norske farvatn, landområde og luftrom. 38.Noreg må til ei kvar tid ha tilfredsstillande varslings- og vernebuingsplanar ved atomulykker. 39.Det må opprettast ein uavhengig organisasjon som skal jobbe med handtering, lagring og deponi av norsk atomavfall. 40.Prinsippet om at forureinar betalar må også gjelde atomindustrien. 41.Norsk atomavfall må lagrast og deponerast på ein forsvarleg måte i Noreg. 42. Noreg må vere ein pådrivar for global nedtrapping av atomkraft. Det må settast inn norske ressursar for å løyse problema med dei særleg farlege atomkraftverka i Aust-Europa og tidlegare Sovjetstatar. 15

4. TRANSPORT Samfunnet må organiserast slik at behovet for transport blir halde på eit lågt nivå. Miljøvennlege transportmiddel som buss, sykkel og skinnegåande transportmiddel skal brukast i staden for bil og fly. Bilar, fly og båtar slepp ut enorme mengder CO2, som fører til menneskeskapte klimaendringar. I tillegg bidrar transporten til store lokale luftforureiningsproblem og utslepp som gir forsuring av natur og miljø. Vegar, parkeringsplassar og flyplassar øydelegg sårbare og verdifulle naturområde og reduserer det biologiske mangfaldet i naturen. Det store arealforbruket i samferdslesektoren er også ein trugsel mot jordbruksproduksjon og miljøvennleg byutvikling. For at transporten skal skje på den mest energieffektive og minst miljøøydeleggande måten, krevst det ein overgang frå bil- og flytrafikk til miljøvennlege transportformer. Dette krev ei medviten, transportreduserande arealplanlegging, og at dei miljøvennlege transportmidla blir gjort meir attraktive enn bil og fly. TRANSPORTREDUSERANDE AREALPLANLEGGING Norske byar og tettstader må planleggast med mål om å redusere det daglege transportbehovet. Den fysiske planlegginga må legge til rette for kollektive transportløysingar, og ikkje baserast på at alle har tilgang til bil. 1.Arbeidsplassar og nærmiljøfunksjonar må plasserast i nærleiken av der folk bur. Offentlege tenester og andre servicetilbod i små lokalsamfunn og lokalmiljø bør oppretthaldast og byggast ut. 2.I sentrale byområde bør bilbruken reduserast til eit minimum. Det må opprettast bilfrie byog bustadsområde. 3.Det må førast ein restriktiv parkeringspolitikk for å redusere fordelane til bilen. Talet på parkeringsplassar må haldast på eit lågt nivå i sentrumsnære område. 4.Det må leggast til rette for innfartsparkering ved kollektivårer og jernbanestasjonar rundt dei store byane. 5.Det må settast ei maksimumsgrense for kor mange parkeringsplassar det er lov å opprette i samband med bustadbygging og næringsverksemd. 6.Kommunane må arbeide mot etablering av private parkeringsplassar på tomter utan busetnad. 7.I byområde må tomme hus bli tatt i bruk. Eldre bygningar og bustadstrøk må rehabiliterast og haldast i hevd. 8.Når det skal byggast nytt i byar og tettstader bør dette skje med mål om fortetting. 16

Utbygginga bør skje på areal som allereie er påverka, såkalla grå areal. Det bør ikkje byggast på grøne areal som friområde, naturområde og jordbruksland. 9.Det må ikkje byggast bilbaserte kjøpesenter. I staden må nærbutikkane styrkast. 10.Transportkrevjande verksemd må plasserast i direkte tilknyting til jernbanenett og hamner. HEILSKAPLEGE TRANSPORTLØYSINGAR For å nå måla om mindre miljøproblem skapt av transport, er det viktig at alle delar av transportpolitikken blir utvikla med klar målstyring mot meir miljøvennleg transport. 11.I trafikkbelasta område er det viktig at vegkapasiteten ikkje blir utvida, i staden må det satsast på transportminimering, kollektivtrafikk og godstransport på jernbane og båt. 12.Det skal ikkje gjennomførast store kapasitetsaukande eller naturøydeleggande vegutbyggingar. I staden må vegmidla prioriterast på eksisterande vegar til målretta trafikktryggleiksstiltak, vedlikehald og tilrettelegging for kollektivtrafikk. 13.Miljøpolitikken må legge klare rammer for transportpolitikken. Transportpolitikken må organiserast slik at alle transportpolitiske verkemiddel blir sett i samanheng og at miljøvennleg kollektivtrafikk blir favorisert når vedtak skal fattast og pengar skal fordelast. 14.Det må stillast strenge krav til utslepps- og støybegrensing på all transport. Slike begrensingar bør primært skje i form av trafikkreduksjonar. 15.Det må innførast restriktive tiltak mot biltrafikken, som køprising, i byane. Inntekter frå køprising, bompengar og lokale bensinavgifter bør brukast til investering i og drift av kollektivtilbodet og tiltak for mjuke trafikantar, i staden for å investerast i nye vegprosjekt. 16.Det bør innførast restriksjonar på trailertrafikk saman med andre tiltak for å få transporten over på bane og båt. 17.Satsinga på nye og meir miljøvennlege drivstoff må intensiverast. Dette gjeld både for bil, buss og båt. Nullutsleppsbilar må få økonomiske fordelar og prioritet i trafikken. 18.Ei føre var-haldning må leggast til grunn når det gjeld produksjon og bruk av biodrivstoff. Forbruk og produksjon av biodrivstoff må føresette faktiske utsleppskutt og at matvareproduksjon og naturmangfald ikkje blir truga eller øydelagt. 19.For å gjere det lettare for folk å leve i byar utan å eige bil, bør drosjetakstane haldast på eit lågt nivå og ordningane for leige av bil og varebil forbetrast. KOLLEKTIVTRAFIKK Kollektivtrafikken må utviklast til å bli eit fullverdig alternativ til bruk av bil i byar og tettstader. Det er eit mål å auke kollektivandelen i persontransporten. 17

20.Kollektivtrafikken må ha fleire avgangar, god komfort og konkurransedyktige prisar. Grupper med låg betalingsevne må få rabattar. 21.Miljøvennleg kollektivtrafikk må samarbeide for å konkurrere med bil og fly, ikkje utkonkurrere eller motarbeide kvarandre. Der busstilbodet hindrar satsing på skinnegåande transportmiddel eller gjer det dårlegare, bør skinnegåande transport prioriterast. 22.I by- og tettstadsområde bør det vere eigne kollektivfelt på alle vegar med stor rushtidstrafikk. 23.Utbetring i kollektivtilbodet må finansierast gjennom auka offentlege løyvingar og ikkje høgare billettprisar for dei reisande. 24.Politikarane må syte for føreseielege og stabile økonomiske rammer for kollektivtrafikken. 25.Det bør satsast på utbygging av effektive og omfattande elektriske kollektivsystem i dei store byane. 26.Det må satsast på eit betre kollektivtilbod også utanfor dei store byane. 27.For å få eit betre kollektivtilbod må det satsast på resultatskontraktar mellom kollektivselskap og styresmakter. Eventuelle anbodskonkurransar må fokusere på kvaliteten på kollektivtilbodet, og ikkje gjennomførast med tanke på kutt i offentleg støtte til kollektivtrafikken. BÅTTRAFIKK OG SKIPSFART Dei fleste former for transport med båt er meir miljøvennleg enn bruk av bil og fly. Båttrafikk bør derfor favoriserast framføre andre typar transport. 28.Lokalbåtrutene må styrkast slik at tilbodet dekker heile kyst-noreg. Mellom store byar bør bruk av forureinande hurtigbåtar begrensast. 29.Ferjesamband må oppretthaldast og opprustast i staden for bygging av nye bruer og tunnelar. Ferjesamband må gradvis omleggast til hybrid- og el-ferjer. 30.Det må satsast på ny, miljøvenneleg teknologi for å redusere utsleppa frå båtar og skip. 31.Det må settast restriksjonar på bruk av lystbåtar i sårbare område. 32.Konkurransar som offshorerace må vere forbode. 33.Styresmaktene må kreve effektiv støydemping og effektiv energibruk på alle utanbordsmotorar. JERNBANETRANSPORT Natur og Ungdom går inn for ei storstilt satsing på jernbana. Jernbana er ein energieffektiv og lite forureinande transportmåte, både for gods- og persontransport. Den er lite miljøøydeleggande, og er viktig for ei rekke lokalsamfunn. 18

34.Baner og togmateriell må utbetrast slik at reisetida mellom dei største byane blir kraftig redusert. Ved utreiing av jernbaneutbygging må ein rekne med det framtidige behovet. 35.Det må satsast på utbygging av jernbanenett med høghastigheitsstandard mellom dei største byane. Ved anna utbygging i og rundt dei største byane må framtidig utbygging av høgfartstog bli tatt omsyn til. 36.Det må leggast til rette for meir godstransport på jernbane. 37.Jernbanenettet må forbetrast og bli utvida til å omfatte større delar av landet. Strekningane med størst transportgrunnlag må prioriterast. 38.Ved all jernbaneutbygging må miljøgevinstar og miljøkonsekvensar vegast opp mot kvarandre. 39.Sidebanene må bevarast og dei nedlagde sidebanane må gjenopprettast. Småstasjonane må behaldast. 40.Lettbanemateriell bør bli tatt i bruk til trafikk på lokale jernbanestrekningar. Der det er mogleg må dette utvidast til eit bybanetilbod gjennom bygging av nye skinner til sentrum og bustadsområde. 41.For å betre jernbanetilbodet rundt dei store byane må det satsast på utbygging av dobbeltspor. 42.Alle jernbanestrekningar i Noreg skal elektrifiserast for å unngå forureining frå diesellokomotiv. 43.Staten må gi utbyggarar av jernbaneprosjekt stabile økonomiske rammevilkår for å sikre rask og effektiv utbygging. Stortinget må binde seg til langsiktig finansiering av store jernbaneprosjekt. 44.Bomavgifter frå veg og avgifter på innanlands flytrafikk må brukast til jernbaneføremål. 45.Løyvingar til drift og vedlikehald av jernbana må haldast på eit stabilt og høgt nivå med mål om å ta att etterslepet. LUFTTRAFIKK Flytrafikk er den mest forureinande av alle former for transport. Flytrafikken bør regulerast for å redusere flyreisene. Det må settast i verk nasjonale tiltak for å redusere innanlands flytrafikk, og norske styresmakter må jobbe aktivt for verkemiddel som reduserer flytrafikken internasjonalt. 19

46.Det må innførast miljøprogressive avgifter på innanlands flytrafikk der det finst miljøvennlege alternativ. 47.Reduksjonen av innanlands flyreiser må først og fremst føregå på dei sterkt trafikkerte rutene mellom dei store byane. 48.Det må ikkje opprettast nye flyplassar i Noreg, og eksisterande flyplassar må ikkje utvidast. 49.Offentleg subsidiering av flyplassar på stader der det finst eit godt miljøvennleg alternativ må avskaffast. 50.Det må utarbeidast miljø- og klimaanalysar ved alle større utvidingar av lufthamner i Noreg. 51.Ein del av AVINORs overskot må gå til finansiering av jernbaneprosjekt mellom dei store byane. 52.Noreg må jobbe for å redusere internasjonal flytrafikk, mellom anna gjennom globale miljøavgifter og inkludering av den internasjonale flytrafikken i internasjonale miljø- og klimaavtaler. 53.Ordningar som premierer flypassasjerar, som bonuspoeng og tax-free, må avviklast i Noreg og internasjonalt. SYKKEL- OG FOTGJENGARAR I byar og tettstader må det byggast omfattande sykkelvegnett. Ein må etter planar bygge ut samanhengande sykkelvegnett, gågater og parkar. Sykkelfelt og gangfelt må vere separate der det er føremålstenleg. 54. På sentrale stader må det opprettast tjuverisikre, overdekkande parkeringsplassar for syklar. 55. I dei store og mellomstore byane må det innførast bysykkelordningar. Tilbodet må vere billeg og brukarvennleg. 56. Trafikkreglane må endrast slik at syklistar og fotgjengarar blir prioritert. Trafikkreglane for syklistar må forenklast. 57. I byar og tettstader må det byggast sykkelvegnett. Det eksisterande nettet må utvidast, vedlikehaldast og opprustast. 20

5. INDUSTRI Det må vere eit mål for norsk industri å lage produkt som er nødvendige, energieffektive og haldbare i lang tid. Produkta må ikkje føre til store miljøproblem når dei blir produserte, brukte eller kasserte. Det aller meste av industriell verksemd har uheldige miljøeffektar. Gode produksjonsmetodar og prosedyrar kan likevel syte for å redusere forureininga betydeleg. Forureinande industri løner seg ikkje i lengda. Norsk industri bør legge om produksjonen til meir miljøvennlege produkt og produksjonsmetodar. Over heile verda er det i dag problem med forureining frå industri, anten via daglege utslepp, eller som restar frå tidlegare aktivitet. Opp gjennom åra har det vore brukt store mengder miljøskadelege stoff, og mange av desse stoffa har leke ut i naturen. Arbeidet med å rydde opp er viktig, men styresmaktene må også sikre seg mot at det kjem nye utslepp. Den industrielle forureininga kjem ikkje berre frå fabrikkane, ho kjem også i form av produkt som lett blir øydelagde, eller som fører til miljøskader når dei blir kasserte. Det er viktig at produkt har lang levetid, slik at me slepp miljørisikoen ved for høg produksjon, og ikkje minst problema ved handtering av dei store mengdene kasserte produkt. FRAMSYNT NÆRINGSPOLITIKK Noreg er i dag svært avhengig av forureinande industriproduksjon. Norske styresmakter må bruke ei rekke verkemiddel for å få i gang ein meir framsynt og miljøvennleg produksjon i Noreg. 1.Norske styresmakter bør sette i gang forskingsprogram og tiltakspakker for utvikling av framtidsretta og miljøvennleg produksjon i Noreg. 2.Det norske skattesystemet må endrast i grøn retning. Skatten må vere progressivt knytt til bedriftene sine utslepp og energibruk, og må fremje utvikling og innføring av ny miljøvennleg teknologi. 3.Det må leggast til rette for etablering av næringsverksemd direkte og indirekte knytt til produksjon av miljø- og klimaløysingar. Slike verksemder må få gode rammevilkår og skattefordelar. 4.Miljøvennleg norsk industri må sikrast langsiktige og føreseielege rammevilkår. FORUREINING FRÅ NORSK INDUSTRI Norsk industriproduksjon fører til store utslepp av miljøgifter, forsurande stoff, klimagassar og sot. Denne forureininga må reduserast kraftig. 5.Den norske utsleppspolitikken må skjerpast, utsleppskonsesjonar må tildelast på bakgrunn av kva naturen kan tole, og ikkje økonomien til verksemda eller kapasitet. 21

6.Norsk industri må nytte beste miljøvennlege teknologi. 7.I alle svært forureina hamner, fjordar og innsjøar må det snarast settast i gang opprydding av miljøgifter og tungmetall. Dette må gjerast slik at gifta ikkje fører til biologiske effektar, og slik at fisk og skaldyr frå heile området er sikker mat for menneske. Både staten, lokale styresmakter og næringslivet må bidra til ei slik opprydding. 8.Noreg må vere ein pådrivar for å oppnå den internasjonale Oslo-Paris-kommisjonens Sintra-målsetting. Dette inneber stopp i alle utslepp av syntetiske miljøgifter. Det skal berre finnast naturlege bakgrunnsverdiar av miljøgifter. 9.Alle utslepp av miljøgifter frå industri til sjø må vere forbode. 10.Det må innførast høge miljøavgifter for å hindre miljøskadeleg produksjon. 11.Arbeidarane sine tillitsvalde må kunne gripe inn mot miljøkriminelle tilhøve utan fare for si eiga stilling. 12.Det må satsast på forsking på miljøgifter og radioaktivitet i sjødyra i norske farvatn. 13.Store punktutslepp må ta i bruk CO2-handtering. BERGVERKSINDUSTRIEN Auking i mineralprisar på verdsmarknaden har ført til nysatsing på bergverksindustri i Noreg. Dersom gruvedrifta er forvalta på riktig måte kan ho gi oss viktige mineral, og inntekter og ringverknader i lokalsamfunn. Gruvedrift er ei kontroversiell næring, som ofte fører til irreversible naturøydeleggingar og arealkonfliktar med andre næringar, natur- og friluftsinteresser. Bruk av sjødeponi og utslepp av giftige kjemikalium er ikkje akseptabelt i eit miljøperspektiv. 14.Sjødeponi av gruveavgang må bli forbode ved lov i Noreg. I avfallshandteringa må ein heller velje alternativ som tilbakefylling av avgangsmasse, minimalisering av avfall og alternativ bruk av massen. 15.Der nyetablering av gruveverksemd fører til arealkonfliktar med urfolksinteresser og tradisjonsnæringar, må desse interessene vege tyngst. 16.Nyetablering av gruvedrift må så langt det er mogleg minimere naturinngrepa sine. Ein må velje underjordisk drift, framføre dagbrot og sprenging av fjelltoppar. 17. Ved nye gruveprosjekt må det ligge føre ein langsiktig plan for nedstenging og rehabilitering av området etter verksemda er ferdig. 22

6. FORBRUK OG AVFALL Avfallsmengda skal minimerast. Mest mogleg materiale må gjenvinnast. Den unødvendige produksjonen og forbruket må reduserast fordi det får avfallsmengda til å auke og overbelastar knappe, verdifulle naturressursar. Produksjonen av dei varene me overforbruker i Noreg og andre vestlege land, er ofte særs ressurskrevjande og miljøskadeleg. Vårt forbruk går utover miljøet og må derfor reduserast. Samstundes må det eksisterande forbruket bli meir miljøvenleg. Fleire må velje å kjøpe varer som blir produserte på ein lite miljøskadeleg måte, og som er lett gjenvinnbare. Alle former for avfallshandtering fører til forureining, både materialgjenvinning, deponering og forbrenning. Kva for ei form for avfallshandtering som skadar miljøet minst, og representerer minst sløsing med ressursar, er avhengig av situasjonen. Avfallshierarkiet må følgast ved å favorisere ombruk, legge til rette for materialgjenvinning, gjenvinne energien i avfallet og til slutt deponere på ein sikker måte det som ikkje lèt seg handsame på andre måtar. Avfall er ikkje søppel det er ein ressurs. AVFALLSMINIMERING OG BEREKRAFTIG FORBRUK Overforbruk og utbreidd bruk av produkt med kort levetid fører til enorm ressurssløsing. Det må stillast krav til både produsentar og forbrukarar om å redusere avfallsproduksjonen. 1.Det skal ikkje brukast unødvendig emballasje. Det må utarbeidast restriktive retningslinjer for betre bruk av emballasje. 2.Produsentar må påleggast å redusere avfall, og å ta i bruk resirkulerte avfallsprodukt i produksjonen. 3.Det offentlege må skape ein marknad for gjenbruks- og resirkulerte produkt, særleg ved å inkludere miljøkrav i sine innkjøpsordningar. 4.Styresmaktene må legge til rette for at økologiske produkt og varer som er produserte på ein miljøvenleg måte skal bli lettare tilgjengelege for forbrukarane. 5.Matavfall må ikkje forbrennast, men gjenvinnast til kompost, matjord og bioenergi. 6.Styresmaktene må samarbeide med alle ledd i matkjeda, frå produsentane til forbrukarane, om tiltak for å minimere matsvinnet. AVFALLSHANDTERING OG GJENVINNING Avfall som ikkje kan gjenbrukast må behandlast slik at det blir minst mogleg forureining og størst mogleg grad av energigjenvinning. Ved avfallshandtering skal mest miljøvenlege teknologi nyttast. 23

7.Alt avfall skal fortrinnsvis resirkulerast, gjennvinnast eller inngå i panteordningar. 8.All produksjon må vere basert på eit grunnprinsipp om at avfall generert gjennom produksjon og forbruk av sluttproduktet skal kunne gjenbrukast. 9.Alle instansar for avfallshandtering må kontrollerast og ha strenge krav til kontroll og reinsing av alle typar utslepp. 10.Innsamlingsordningane for farleg avfall skal vere så gode at ikkje noko kjem på avvege. 11.Det skal innførast avgifter på produkt som skaper avfallsproblem slik at kostnadene dei påfører samfunnet blir betalte. 12.Avfall bør handsamast så nær kjelda som mogleg. Dette er viktig for å unngå farleg transport og forureining frå transport. 13.Emballasje må standardiserast slik at ombruksordninga kan omfatte flest mogleg produkt. 14.Oske frå forbrenningsanlegg må deponerast på ein forsvarleg måte. 15.Miljøkrava til riving av hus må skjerpast og følgast opp. 16.Farleg avfall må ikkje eksporterast. 17.Farleg avfall må ikkje importerast, med mindre det eksporterande landet av årsaker som har med ressursar eller geografi å gjere, ikkje er i stand til å handtere avfallet på ein forsvarleg måte. 24

7. INTERNASJONALT Internasjonalt samarbeid er ein føresetnad for å kunne løyse mange av dei store miljøutfordringane verda står overfor. Omsyn til ei meir rettferdig fordeling av ressursane i verda og miljø må overordnast mål om økonomisk vekst og meir frihandel i det internasjonale samfunnet. Urettferdig fordeling og einsidig fokus på liberalisert økonomisk utvikling, er to av dei grunnleggande årsakene til dei globale miljøproblema. Fokuset og målsettingane for internasjonalt samarbeid må endrast for å kunne finne langvarige løysingar på mange av dei globale miljøutfordringane. Lokal medverknad og demokratisk utvikling er nødvendig for å kunne finne gode, langsiktige løysingar på miljøutfordringar. Folk må få høve til å styre si eiga utvikling. Folkestyret både i nord og i sør må styrkast. GJELDSSLETTE Gjeldsbyrda skaper store miljø- og fattigdomsproblem i sør, og hindrar ei sjølvstendig økonomisk utvikling i u-landa. 1.Noreg må sporenstreks slette all illegitim gjeld til u-landa og all gjeld som ikkje kan betalast utan å legge byrder på verdas fattige. Noreg må presse medlemmar av Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), Verda si handelsorganisasjon (WTO) og Verdsbanken til å gjere det same. Illegitim gjeld er gjeld som trugar grunnleggande menneskerettar, er tatt opp av udemokratiske regime, er tatt opp til illegitime formål eller har vakse til uhandterbare proporsjonar som eit resultat av tilhøve lånarlandet ikkje har kontroll over. 2.Gjeldssletta må ikkje trekkast frå bistandsbudsjettet, og strukturtilpassingstiltak må ikkje vere eit vilkår for gjeldssletta. BISTAND OG NORSKE BEDRIFTER I UTLANDET Hovudmålet med bistanden må vere å bygge opp ein sterk nasjonal økonomi basert på berekraftig utvikling. Prosjekt må baserast på premissane til lokalbefolkninga. Bistanden må vere fattigdoms- og miljøorientert, og ikkje gå til store, miljøøydeleggande prosjekt. 3.Norsk bistand må aukast til minst 2 prosent av brutto nasjonalprodukt. 4.Ein større del av norsk bistand må gå til sosialt og økonomisk berekraftig jordbruk i u-land. 5.Norske bedrifter som etablerer seg i andre land må bruke like gode eller betre miljøstandardar som tilsvarande verksemd blir pålagt i Noreg. Verksemd som har blitt stoppa i Noreg på grunn av miljøomsyn må ikkje gjenopnast i utlandet. 6.Norske bedrifter skal ikkje utnytte naturressursar i land der folket ikkje rår over desse sjølv. 7.Dei same krava som blir stilte til informasjon til verksemder i Noreg, må stillast til norske 25