Økonomi 1P, Prøve 2 løysing Del 1 Tid: 40 min Hjelpemiddel: Skrivesaker Oppgåve 1 Kjelde: Statistisk sentralbyrå Den grafiske framstillinga ovanfor viser prisutviklinga for nye fleirbustadhus. (Fleirbustadhus kan til dømes vere tomannsbustader eller blokkleilegheiter.) I denne oppgåva kan du bruke overslagsrekning der du har behov for det. a) Kva år brukar ein som basisår i den grafiske framstillinga? Grunngje svaret. Av grafen ser vi at indeksen er 100 i år 2000. Det betyr at år 2000 er basisår. b) Kor mange prosentpoeng har prisindeksen endra seg i løpet av andre halvår 2007? Avlesing viser at han har gått ned med ca. 8 prosentpoeng. c) Kor mange prosent har prisindeksen endra seg frå første halvår 2000 til første halvår 2004? 1
Første halvdel 2000 er indeksen 100 og første halvdel 2004 er han ca. 135. Sidan utgangsverdien er 100, svarar dette til ein auke på 35 %. d) Kor mange prosent har prisindeksen endra seg frå første januar 2003 til første januar 2005? Første januar 2003 er indeksen ca. 120 og første januar 2005 er han ca. 140. Det blir ei endring på 20 prosentpoeng, og den prosentvise endringa blir 20 100% 17%. 120 Oppgåve 2 Per og Ali har sommarjobb som jordbærplukkarar. Dei har fått valet mellom akkordløn og ei form for provisjonsløn. Om dei vel akkordløn, får dei 6 kroner for kvar korg dei plukkar. Om dei vel provisjonsløn, får dei 50 kroner i fast timeløn og 3 kroner for kvar korg dei plukkar. Per vel akkordløn, og Ali vel provisjonsløn. a) Kva blir timeløna til Per om han plukkar 20 korger i timen? Timeløna blir 6kr 20 120kr. Ein dag har Ali tent 800 kroner. Han har arbeidd i 7 timar. b) Kor mange korger har han plukka? Fast timeløn utgjer Talet på korger blir då 50kr 7 350kr. 800 350 450 150. 3 3 c) Kor mykje hadde Per tent om han hadde plukka like mange korger som Ali denne dagen? Per hadde tent 6kr 150 900kr. d) Kor mange korger må Per plukke i timen om han skal tene meir på akkordløn enn på provisjonsløn? 2
Ali har 50 kroner i fast timeløn og Per tener 3 kroner meir for kvar korg. 50 17 3 Per må plukke meir enn 17 korger i timen for å tene meir på akkordløn. 3
Del 2 Tid: 80 min Hjelpemiddel: Alle hjelpemiddel er tillatne, med unntak av Internett og andre verktøy som tillét kommunikasjon. Oppgåve 3 År 2000 2007 2009 2011 Konsumprisindeks 105,5 118,6 125,7 130,4 Tabellen over viser konsumprisindeksen nokre utvalde år. Ein familie brukte i år 2000 til saman ca. 38 000 kroner per månad. a) Kor mange kroner brukte denne familien per månad i 2007 om vi går ut frå at forbruket var det same som i år 2000? Vi systematiserer opplysningane i ein tabell: Vi set opp ei likning År 2007 2000 Kroner per månad x 38 000 kr Konsumprisindeks 118,6 105,5 Dei brukte ca. 43 000 kroner. I år 2000 fekk foreldra til saman utbetalt 720 000 kroner i løn. I 2007 fekk dei til saman utbetalt 800 000 kroner. b) Kor mange prosent meir fekk dei utbetalt i 2007 samanlikna med år 2000? 4
Prosentvis endring blir 11 %. c) Kor mange prosent endra foreldrene si realløn seg frå år 2000 til 2007? År 2007 2000 Løn x 720 000 kr Konsumprisindeks 118,6 105,5 Vi reknar 2000-løna om i 2007-kroner ved å løyse likninga Dette viser at realløna er gått litt ned. Vi reknar ut prosentvis endring Prosentvis endring blir -1,2%. 5
Oppgåve 4 Carina er sekretær i eit bilfirma. Ho arbeider 162,5 timar i månaden og har ei fast månadsløn på 29 250 kroner. I januar arbeidde ho 8 timar overtid med 50 % overtidstillegg og 2 timar overtid med 100 % overtidstillegg. Ho har prosentkort og blir trekt 38 % i skatt. Brukar rekneark, ferdig modell: a) Kva blir timeløna til Carina? 180 kroner. b) Rekn ut bruttoløna til Carina i januar. 32 130 kroner. c) Rekn ut nettoløna til Carina i januar. 19 921 kroner. I februar arbeidde ho like mange timar overtid som i januar. Bruttoløna vart likevel 360 kroner høgare enn i januar. d) Kor mange timar arbeidde ho med 50 % tillegg i februar? 6
Ho må ha arbeidd fleire timar med 100 % tillegg sidan ho har tent meir på like mange timar. For kvar 50 % time som bytast ut med en 100 % time tener ho eit tillegg på Ho har arbeidd fire timar mindre med 50 % tillegg, altså 4 timar med 50 % tillegg i februar. Oppgåve 5 I 2011 hadde Carlos ei brutto årsløn på 455 600 kroner. Av dette var 43 100 kroner utbetalte feriepengar i 2011. Carlos er over 60 år, og har ein feriepengesats på 14,3 %. a) Kva er feriepengegrunnlaget til Carlos for 2012? Feriepengegrunnlaget er 412 500 kr. b) Kor mykje får han utbetalt i feriepengar i 2012? Utbetalte feriepengar blir 58 987,50 kr. 7
Oppgåve 6 Med eit forbrukslån frå oss kan du realisere draumane dine. Kanskje ønskjer du deg eit nytt bad, eller du har lyst på den velfortente ferien. Forbrukslån finansierer enkelt, raskt og trygt det du treng. Du får svar på dagen. Vi tilbyd deg: Forbrukslån utan tryggleik på inntil 250 000 kroner Rente frå 11 % Tilbakebetalingstid på inntil 10 år Over ser du ein annonse frå ein finansinstitusjon. Rachel får innvilga eit lån på 35 000 kroner. Ho vil bruke pengane på ei reise jorda rundt. Vilkåra er 11 % rente og ei nedbetalingstid på 5 år. Lånet skal nedbetalast som serielån med eitt fast avdrag kvart år. a) Kor mykje må Rachel betale i renter og avdrag det første året? Avdraget blir 7 000 kr. Rente det første året blir 3 850 kr. Til saman blir dette 10 850 kr. 8
a) Kor mykje må ho betale i renter og avdrag det femte året? Avdraget blir 7 000kr. Rente det femte året blir 770kr. Til saman blir dette 7 770kr. 9
Biletliste Jordbær Foto: Hallgeir Vågenes/VG/Scanpix Saint-Tropez Foto: Anne Seland /NDLA 10