Brekurs - Fjellsportkurs - Klatrekurs - Firmaturar



Like dokumenter
GRUNNKURS I BREVANDRING

FRI 30 STUDIESTART HAUSTSEMESTERET 2008

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Velkommen til Norgesguidene! Kursinformasjon brekurs

Stemnehandboka for NKSF

Sandeid skule SFO Årsplan

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

TURLEIARMAPPE 2015 NORDHORDLAND TURLAG FOR.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

JOSTEDALSBREEN PÅ LANGS

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE

Klipp hekkar og busker

Plan for Liabygda SFO

Kvalitetsplan mot mobbing

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Reguleringsføresegner Reguleringsendring - Evanger

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

BREOPPLEVING BREKURS, KLATREKURS OG FJELLFØRING SIDAN 1994

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Forskrift om vass- og avlaupsgebyr i Fræna kommune

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Finansiering av søknaden

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Informasjon og søknadsblankett for arbeids- eller utdanningsreiser for funksjonshemma

10/ /K2-L32//AEM

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

BREOPPLEVING BREKURS, KLATREKURS OG FJELLFØRING SIDAN Telefon: E-post: Heimeside: Adresse: 6823 Sandane

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

REFERAT FORELDREMØTE 24.02

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

SULDAL KOMMUNE; VINJAR SKULE : OPEN KONKURRANSE OM MØBEL-/ INVENTARLEVERANSE TILBODSGRUNNLAG

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll

SØKNAD OM SKJENKING AV ALKOHOLHALDIG DRIKK

HUSREGLER ØRSKOG KULTURHUS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Vedtekter for Fusa Kraftlag

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Kvam herad KVAM UNGDOMSRÅD. Møteinnkalling

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fast eiendom «som den er»

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Opplæringsplan Instrumentrøyrlegging

ROS-analyse i kommuneplan

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Brødsbrytelsen - Nattverden

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Høring - finansiering av private barnehager

Transkript:

NF-BREINSTRUKTØRKURS(I) - METODEKURS Dette kurset er eit samarbeid mellom Breoppleving Jostedalen Breførarlag. Kurset går over 5 dagar. Deltakarane skal bli medvitne om kor viktig sikre vegval på bre og i alpint terreng er, og gjerast godt kjende med metodesett og tankegang for sikring og redning på bre, i snøbakkar og utsett terreng(likevel ikkje klatreterreng). Deltakarane skal vise at dei kan orientering, er normalt uthaldande og meistrar rørsleteknikk i ulendt terreng, på snø og is. Etter gjennomført kurs skal ein vere i stand til å føre grupper på tilrettelagde ruter i blåis som assisterande breførar. I tillegg er ein etter ein praksisperiode på 6 dagar på brekurs kvalifisert for opptak på Vegleiarkurset(II), den avsluttande delen av NF-Breinstruktørkurset. NB! NF-Metodekurset er ikkje eit vidaregåande brekurs men derimot eit kvalifiserande NF-kurs. Det betyr at ein forventar at deltakarane meistrar dei momenta ein går gjennom på kurset. Dersom ein er usikker på t.d. redningsmetodar på bre bør ein friske opp kunnskapen på dette feltet før kurset tek til. Våre instruktørar kjem ikkje til å instruere men derimot vegleie deltakarane. Det betyr at alle i fellesskap med minst mogleg hjelp av instruktørane skal kome fram til føremålstenlege teknikkar og metodar for brevandring på grunnleggande brekurs. Tilsvarande gjeld og for dei teoretiske emna. Ein bør difor lese gjennom breboka og annan relevant litterartur før kurset tek til. GODKJENNING Stått NF-metodekurs(I) kan gje godkjenning som NF-assisterande breførar(breassistent). Meir info om breinstruktørutdanninga, godkjenningsordningar, krav etc. finn du i NF-standarden på: www.fjellsportforum.no FRAMMØTE og OVERNATTING Kurset blir halde i Jostedalen med overnatting på kurslokalet Bretun. Frammøte kl. 20:00. Kursdeltakarane har eigen mat og steller seg sjølve. Overnatting i sovepose i køyesenger i fleirsengsrom. Kursstaden Bretun(stor raud bygning tett ved bilveg) ligg i Krundalen 2,5 km vestover frå bygdesenteret Gjerde i Jostedalen. Etter passering av butikken Edvin s Kolonial, ta av vestover(til venstre) ved skilt Bergset. Sjå vedlagt kart. For detaljert info om bussruter til Jostedalen, sjå www.ruteinfo.net, www.nor-way.no og www.sognefjorden.no Info om reiseruta med bil finn du på: www.visveg.no PERSONLEG UTSTYR Klede: Fottøy: Diverse: Solid regntøy/vindtøy, lue, vottar, sokkar, langt undertøy, lange gamasjar, inneklede/toalettsaker. Brestøvlar eller stegjarnsfaste fjellstøvlar med kraftig sole. Innesko. Ryggsekk, sovepose, termos, fyrstehjelpssaker, kart(jostedalen 1418 III og Skridulaupen 1418 I), kompass, solbriller/solkrem. Telt treng du ikkje ta med.

BREUTSTYR Isøks(to stk.-inkl. ei klatreøks), solide stegjarn, ein kombinasjon av bryst- og setesele evt. kroppssele, hjelm, tre isskruar(min. 20 cm), sju karabinarar(inkl. ein HMS-skrukarabinar og ein vanleg med skru), tauslynger; 2 stk sikringslynger a 3m 9mm strømpetau og 2 stk. klemknuteslynger a 1,5m 6mm strømpetau og eitt snøanker. Kursprogram NF-Metodekurs(I) Søndagskveld: Presentasjon. Knutar og innbinding, kurs/føring. Standard utstyr som vegleiar/førar. Måndag(Vivakulen) Snøbakketeknikk Alternative sikringar Rigging av standplassar - rigging av faste tau Kile- og slyngeplassering på steingrunn Orientering Måndagskveld Sikringsteori brevandring Fyrstehjelp og fyrstehjelpsutstyr, varsling/organisert redning Brelære Tysdag(Nigardsbreen) Fransk stegjarnsteknikk Sikringsteknikk. Gange i taulag(instruktørrolla på kurs og føring) Besøk på Breheimsenteret Tysdagskveld Turplanlegging (mat/drikke, alpine farar, gange på snødekt bre) Neste dag Onsdag(Fåbergstølsbreen) Vegval på is og snø Onsdagskveld Standarder, lover og reglar Verdiar/fjellsporthistorie

Torsdag(Tuftebreen evt. Vivakulen) Snøredning(enkel talje og utviding av denne) Redning av skada 1:3 og 1:6 talje Torsdagskveld Sikringsteori klatring i is Vegleiarrolla Fredag(Nigardsbreen) Klatring og rapell. Div. topptau- og rapellfester Klemknutegang, med og utan tauklemmer Fredagskveld Info om vegleiarkurset. Tilråding av litteratur. Deltakarvurdering.. Sosialt samvær. VEL MØTT TIL NF-METODEKURS(I) I JOSTEDALEN!

GENERELLE VILKÅR PÅMELDING Påmeldingsfrist for kurs, skiturar, og gruppebestillingar er tre veker før tur/kursstart. Ved evt. påmelding etter at fristen har gått ut, ring og høyr om det framleis er ledige plassar. Påmeldinga er bindande for Jostedalen Breførarlag A/L(BFL) når heile tur-/kursavgifta er moteken. Deltakarane får tilsendt detaljert tur-/kursprogram med utstyrsliste når bindande påmelding er motteken. TINGING GRUPPER/EIGENFØRAR Etter påmeldinga sender me ei stadfesting som må signerast og returnerast til avtalt tid. Den oppførde prisen og det avtalte depositum i stadfestinga er bindande. PRISUTREKNING Prisane blir utrekna i høve til tilbodets form og er bindande. Dersom t.d. statlege avgifter eller tran-sportkostnader for båten på Nigardsbrevatnet aukar, vil prisen bli automatisk justert. AVBESTILLING Ved avbestilling før påmeldingsfristen, vil deltakaren få attendebetalt innbetalt avgift minus 250.- Etter påmeldingsfristen og fram til 8 dager før tur-/kursstart vil deltakaren få refundert 50% av den innbetalte tur-/kursavgifta. Ved førevising av lækjarattest vil likevel den innbetalte summen minus eit gebyr på 250.- bli refundert. AVBESTILLING GRUPPER MED EIGEN FØRAR Dersom avbestilling er seinare enn 8 dager før tur-/kursstart har BFL rett til å belaste kunden 50% og dersom avbestillinga skjer seinare enn 3 dagar før start vil me fakturere 100% av samla tur-/kurspris. Gruppebestillingar kan reduserast med 25% dersom kunden meddeler oss dette seinast 8 dagar før start. AVLYSING BFL kan avlyse turen/kurset grunna vanske-lege is-, snø- og vertilhøve, for få påmeldingar e.l. Deltakaren skal bli orientert om evt. avlysing seinast sju -7- dagar før turen/kurset startar. Heile den innbetalte summen vil då bli attendebetalt. ENDRINGAR BFL vil så langt råd er gjennomføre dei oppsette turane og kursa etter programmet. Om det blir naudsynt har BFL likevel rett til å endre programmet. Slike endringar har ingen konsekvensar for prisen.

DELTAKARENS ANSVAR Deltakaren må sjølv vurdere om han/ho fyller dei krava som tur-/kursprogrammet stiller. Deltakaren pliktar vidare å ha med seg det utstyret som er nemnt i det tilsende programmet og å rette seg etter tilvisingar gjeve av føraren. Om dette ikkje skjer kan deltakaren utelukkast frå arrangementet utan at det kan krevjast kompensasjon. Å delta på turane og kursa våre skjer på eige ansvar. Dette vil seie at BFL ikkje står ansvarleg for skader/uhell som måtte oppstå på deltakarane i tilknyting til arrangementa våre. Deltakarane må underskrive ei ansvarserklæring når turen eller kurset tek til. FORCE MAJEURE Ved hendingar utanfor BFL sitt herredømme som t.d. brann, naturkatastrofe ol. har BFL rett til å heve avtalen utan erstatningsplikt. Evt. forsikring er deltakaren sitt eige ansvar.