Jentespranget si overordna omsorgs- og behandlingsfaglege målsetting er:



Like dokumenter
ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Øystese barneskule April - 08

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kvalitetsplan mot mobbing

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Sandeid skule SFO Årsplan

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsplan for Hare November

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Pedagogisk plattform

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Til deg som bur i fosterheim år

10/60-14/N-211//AMS

Informasjonshefte Tuv barnehage

Aurland kommune Rådmannen

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Plan for overgangar. for barn og unge

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

«Ny Giv» med gjetarhund

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Frå novelle til teikneserie

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Frå tre små til ein stor.

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Tilvising til PPT. Etternamn Fornamn og mellomnamn Fødsels- og personnummer. Teneste som er ønska frå PPT (set kryss):

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Ottar Bjørkedal Eid vgs

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

HANDBOK GRUPPELEIING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Kandidaten viser god evne til å tilrettelegge og utnytte brukerens ressurser. Kandidaten har gode holdninger, samarbeidsevner og. ne.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Overgang Oppfølging Telling. Anne Gerd Strand

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Velkomen til Mork barnehage

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Transkript:

Fagleg plattform Jentespranget si overordna omsorgs- og behandlingsfaglege målsetting er: Å redusere omfanget av jenter sine problem og antisosiale åtferd, og å bidra til å utvikle deira ressursar og sosiale ferdigheiter. For å nå dette målet er det viktig å skape eit differensiert tilbod som tek utgangspunkt i kvar enkelt jente; hennar individuelle eigenskapar, livssituasjon og behov. Jenta si personlege integritet skal ivaretakast, jfr. Rettighetsforskrifta (FOR 2002-12-12 nr.1594). Val av tiltak og strategiar for måloppnåing skal vere fagleg grunna, og ikkje vere eit resultat av tilfeldigheitar. Dei konkrete val som vert gjort i høve kvar enkelt jente sitt tilbod, skal ha ein fagleg forankring. For å sikre dette, har vi forsøkt å integrere og sikre vår faglege plattform i utarbeiding av våre rutinar og prosedyrar. Målsettinga med vår faglege tilrettelegging er Konkret faglegheit. Med dette meinast at vår faglegheit ikkje skal vere skilt frå det daglege praktiske arbeidet. Hovedelement i vår faglege behandlingstilbod er: Langsiktig, sosial læring Aktiv miljøterapi Relasjonsbygging Nettverksarbeid Aktivisering For å nå desse måla, har vi etablert ein bu- og omsorgssituasjon der vi meiner alt er lagt til rette for ein positiv utvikling for den enkelte. Vi gir jentene våre tett oppfølging av miljøterapeutar med kompetanse på jenteproblematikk, i eit trygt miljø med stabile rammer. Gjennom etablering av gode, stabile relasjonar til vaksne og jamnaldrande, forsøker vi å motivere på gruppe- og individnivå for meistring av problem, samt læring og utvikling av sosiale ferdigheiter.

Langsiktig, sosial læring For å nå måla våre, meiner vi det er nødvendig å jobbe i eit langsiktig perspektiv. Jenteproblematikk er, som all åtferdsproblematikk, komplisert, både når det gjeld problema sine opphav og karakter. Problema har ofte utvikla seg over lang tid, og den problematiske åtferda må derfor avlærast og erstattast av tilegning og læring av sosiale ferdigheiter og kunnskap. Dette er ein lang prosess som krev tett oppfølging både sosialt, pedagogisk og miljømessig over lang tid. Likeeins er det viktig å jobbe langsiktig i forhold til oppfatningar og haldningar jentene har. Dei har ofte arva eit sett med oppfatningar og haldningar som ikkje alltid er tenleg. Vi jobbar langsiktig med å styrke gode, adaptive haldningar hos jentene våre. Dette er ein viktig del av den sosiale læringa. For å oppnå positiv, sosial utvikling, står læring sentralt. Med læring meinast kunnskapar og ferdigheiter som gjør jentene best mulig rusta til å klare seg sjølv i samfunnet. Målet er å oppnå eit kunnskaps- og ferdigheitsnivå som gjør høgast mulig grad av sosial integrasjon mulig. Desse kunnskapane og ferdigheitene kan delast inn i tre hovedkategoriar: 1. Praktisk læring 2. Sosial læring 3. Læring av kompetansehevande kunnskap og ferdigheiter 1.Praktisk læring For å oppnå sjølvstende er det viktig at jenta meistrar livets praktiske sider. Det å vere hjelpelaus i forhold til praktiske ferdigheiter fører til avmakt i høve andre dimensjonar av livet (sosialt og psykologisk), og er hemmande i høve eigen vekst. Utvikling av praktiske ferdigheiter er derfor ein nødvendig føresetnad for sosial integrasjon og vidare eigenutvikling. Dette er og forhold som må lærast i samspel med miljø og sosialt nettverk. 2. Sosial læring Vi ser at det sosiale ferdigheitsnivå ofte er lavt hos våre jenter. Å auke deira sosiale ferdigheitsnivå kan vere noko av det viktigaste for å hjelpe dei i deira livssituasjon. Vi ser og at miljøterapi er ein metode som i særleg grad eignar seg til nettopp dette, då den baserar seg på tett samhandling med ungdomane. Som døgninstitusjon samhandlar vi med jentene i eit mangfald av situasjonar. På denne måten får vi bredde i våre observasjonar, og har samstundes muligheit for å gripe inn og korrigere i ulike situasjonar der det er nødvendig.

3. Læring av kompetansehevande ferdigheitar For å oppnå sosial integrasjon i samfunnet i dag, må ein ha kompetansehevande ferdigheiter som skule og arbeid gir. Det å ha kompetanse (t.d. vitnemål frå skule, attester frå arbeid) gir den enkelte kjensle av å meistre, noko som er viktig for sjølvkjensle og eigenutvikling, samt sosial anerkjenning i eit samfunn som i aukande grad krev kompetente aktørar. På Jentespranget legg vi stor vekt på skulegong og arbeidstrening. Den enkelte jente skal så tidleg som mulig starte opp med skulegong eller arbeidstrening når ho kjem til oss. Vi har tilsett ein lærer som følgjer opp den enkelte sin pedagogiske situasjon frå starten av. Vi har god kontakt med skulesystemet på Stord og dei vidaregåande skulane i nabokommunane, og samarbeidar med dei om å legge tilrette eit skuletilbod som tilfredsstillar den enkelte sitt behov og ferdigheiter. Vi nyttar og privatundervisning dersom det er behov for det. Vi samarbeider med det lokale NAV kontoret for å skaffe jobb til dei av våre bebuarar som av ulike grunnar ikkje kan/vil gå på skule. Vi har og god kontakt med ein del bedrifter på Stord, og nyttar vårt nettverk til å skreddersy ein arbeidssituasjon tilpassa den enkelte. Forutan å gi våre jenter formell kompetanse, er det og viktig å legga til rette for meir uformell kompetanseheving. Med uformell kompetanse meinast læring og meistring av handlingssekvensar og ferdigheiter som aukar aktivitets- og handlingspotensialet hos jenta. Aktiv miljøterapi På Jentespranget forsøker vi å legge til rette for ein bu- og omsorgsstuasjon som skal fungere som ein plattform for læring og positiv, sosial utvikling. Vi jobbar målretta med miljøterapi for å skape positiv utvikling hos bebuarane våre. Miljøterapeutiske tiltak må alltid tilpassast den enkelte jente sin situasjon og behov, og tiltaka må evaluerast, omdefinerast og endrast i tråd med utviklinga til den enkelte. Miljøterapi er ein prosess der jenta sitt miljø vert forsøkt tilrettelagt som ein arena for positiv utvikling, og der denne tilrettelegginga fortløpande vert bestemt av forhold i jenta si eigen utvikling på dette området. Miljøet ( både dei psykologiske, sosiale og materielle/fysiologiske aspektar) vert observert og evaluert systematisk av miljøterapeutteama, og er eit fortløpande emne for faglege diskusjonar. Slik er miljøet heile tida gjenstand for tiltak og endring, i tråd med gruppa si dynamikk, og den enkelte sin situasjon.

Vi strukturerer vår målretta miljøterapi slik: Problemforståing, kartlegge og definere, observere og samtale. Plan for tiltak, utarbeide handlingsplan i forhold til definerte mål og tiltaksplan frå barnevernet. Sette i verk tiltak, jobbe målretta i henhold til handlingsplanen. Evaluering. Tiltak må jevnleg evaluerast, både i vekesamtalar med den enkelte jente, mellom kontaktpersonane og i personalgruppa ut frå dei mål som var satt i handlingsplanen. Ny problemforståing Ny plan for tiltak og så vidare. Relasjonsbygging På Jentespranget gir vi jentene våre muligheit for ny, sosial læring og utvikling i samspel med erfarne miljøterapeutar. Etablering av gode, forutsigbare og stabile relasjonar mellom våre tilsette og jentene er, i tillegg til miljøterapeutiske tiltak, vårt viktigaste verkemiddel for å oppnå ei positiv utvikling hos jentene som kjem til oss. Både vår turnus og våre rutinar er lagt til rette for å nå vår overordna strategi om å etablere gode relasjonar mellom vaksne og ungdommar på Jentespranget. Samtalar På Jentespranget legg vi stor vekt på samtalar; både på vekesamtalane og dei spontane samtalane. I samtalen ynskjer vi å hjelpe jenta til å reflektere over eigen situasjon, forstå eigen oppførsel og reflektere over løysingar. Vi har tru på vekst via samtaler, og den gode samtalen kan knytte band, sette ord på vanskelige tankar/opplevingar, løyse konfliktar verbalt og ikkje med vold. God trening i å kunne snakke saman og uttrykke seg verbalt, er viktig for vekst og utvikling. Kognitiv samtaleterapi er derfor ein viktig del av vår faglege plattform. Struktur og stabilitet For å gi bebuarane våre ein positiv, sosial utvikling, er det viktig med ein stabil struktur i kvardagen som kvar enkelt klarer å forholde seg til. Forutsigbarheit og stabile rammer er forutsetningar for å kunne sette seg mål, og jobbe aktivt for å nå dei. Dette fordi kvardagen sin struktur dannar ein trygg plattform som jentene kan utvikle seg frå, og falle tilbake til i periodar med motgang og vanskar. Ein strukturert kvardag dannar såleis utgangspunkt for å kunne forholde seg til sin livssituasjon som sådan. Mykje av vårt arbeid i høve jentegruppa består av motivasjon, tilrettelegging og oppfølging av ein strukturert, planmessig kvardag. Dette gjeld forhold som døgnrytme, planlegging og oppfølging av aktivitetar, ordensreglar, inngåing og innfriing av avtalar, disponering av pengar, rammer for aktivitetar utanfor institusjonen osv.

Vi forsøker å gjøre jentene bevisst deira eige ansvar i forhold til institusjonen sin struktur. Dei skal i størst mulig grad delta i det daglege arbeidet på institusjonen, og gjere den til ein heim og ein busituasjon å verne om. Ved innflytting mottar jenta ei handbok for opphaldet på Jentespranget der det går fram kva regler som gjeld og kva forventningar vi har til dei som bur her. Forutan å følgje opp desse reglane og måla, vert det fortløpande bestemt tiltak avpassa situasjonen på huset, i forhold til strukturering av Jentespranget sin kvardag. Her er det viktig å avpasse tiltaka i forhold til både gruppa si dynamikk og den enkelte sin situasjon. Viktige målstyringsverktøy her vil være dei problemstillingane, målsettingane og tiltaka som er å finne i den enkelte sin tiltaksplan frå barneverntenesta, og i deira handlingsplan. Tilrettelegging av det sosiale miljø God miljøterapi handlar mykje om å skape eit sosialt miljø kor kvar enkelt kan føle seg trygg både som individ og som sosial aktør. Den enkelte må føle seg verdsett og respektert som individ i gruppa, samstundes med at ho må forholde seg til gruppa som ein del av denne. Ho vil då ha lettare for å lære seg, og å forstå sosiale normer, sosiale forventningar, sosiale kommunikasjons- og handlingssekvensar. Vidare vil ho kunne tileigne seg ferdigheiter i konfliktløysing og lære seg inngåing av sosiale kontraktar, kompromiss og avtalar. Samstundes vil ho sjå at ho, som sosial aktør, står sterkare enn ho gjer dersom ho motsett seg sosial samhandling og sosial læring. På Jentespranget vil jentene samhandle og kommunisere tett med dei vaksne, i ei variert personalgruppe. Gode relasjonar til vaksne er viktig i ungdomstida. Jentene som kjem til oss opplever mykje turbulens og uro i livet sitt, både på eit personleg og eit relasjonelt plan (i høve familie, venner og liknande). Derfor ser vi ofte behov for stødige og stabile vaksne rundt jenta, som i tillegg til å vere klare, bevisste rollemodellar, kan være gode samtale- og diskusjonspartar, rådgjevarar og omsorgspersonar. Grensesetting Gjennom dei vaksne i personalet skal jentene motiverast i forhold til sosial åtferd og læring. For at det sosiale miljøet på ein institusjon skal fungere som ein reell treningsarena, er det viktig at dei sosiale forventningane, normene og reglane som vert formidla gjennom kommunikasjon og sosiale handlingsfrekvensar, ikkje avvik i vesentleg grad frå samfunnet utanfor. Grensesetting av åtferd er svært viktig i vårt arbeid med bebuarane. Det er viktig å markere klare, tydelege grenser mellom akseptabel og ikkje-akseptabel åtferd. Dette er eit middel for å oppnå trivsel på institusjonen i dag, men det er og eit middel for å kunne forholde seg i ein sosial røyndom i morgon, utanfor institusjonen

Positive opplevingar God miljøterapi handlar og om å tilføre jentene positive opplevingar og erfaringar. Dette har læring for auge, men er og eit mål i seg sjølv. Jentene som kjem til oss har det ofte vanskeleg, og deira livsperspektiv og forståing av verda er gjerne formørka og desillusjonert. Gode, positive opplevingar kan bidra til eit positivt syn på livet og verda. Dette er ein føresetnad for vidare, positiv utvikling. Vi ynskjer derfor å gi våre jenter positive opplevingar gjennom fellesskap og aktivitetar. Aktivitet Erfaring viser at ungdom med problem ofte er veldig passive og i liten grad tek initiativ til aktivitetar. Ved bevisst å legge vekt på aktivitetar, både fysiske, sosiale og kulturelle, er målet vårt å få meir aktive jenter med meir overskot. Aktivitetar i lag med dei vaksne er med på å skape gode, positive relasjonar og det gir og ein oppleving av meistring. Vi legg opp til varierte aktivitetar i lag med jentene, samstundes som vi, etter kvart som dei er klare for det, oppmuntrar til aktivitetar på eigen hand eller med dei andre jentene. Vaksenkontaktar På Jentespranget vil kvar jente få tildelt 3 vaksenkontaktar; 1 på kvar team. Ein av desse vert utpeika som hovedkontakt og har såleis eit overordna ansvar. Desse vert utpeika før jenta flytter til oss, og vil i størst mulig grad vere dei same gjennom heile opphaldet hos oss. Kontaktpersonane har eit særleg ansvar for jenta sin bu- og omsorgssituasjon, og dei skal fylgje med på hennar utvikling. Dei vil gå inn i eit samarbeid knytt til jenta; ha jevnlige samtaler med ho, møter seg i mellom, diskusjonar i personalgruppa og dialog med leiinga. Vaksenkontaktane vil ha ansvar for å fylgje opp dei praktiske og tiltaksmessige sidene av jenta sitt opphald hos oss. Vidare skal vaksenkontaktane halde god kontakt med jenta sin familie (med mindre anna framgår av tiltaksplanen frå barneverntenesta), sakshandsamar i barnevernet og Bufetat, og andre personar og institusjonar som er relevante for jenta sin situasjon. Vaksenkontaktane skal fylgje opp dei sidane av jenta sitt opphald som er knytt til hennar saksbehandling og rettslege situasjon. Hovedkontakten har her eit overordna ansvar. Erfaringsmessig ser vi at jentene set pris på å ha faste vaksenkontaktar og at jentene ofte utvikler nære, positive relasjonar til sine vaksenkontaktar.

Nettverksarbeid For å lukkast med arbeidet med den enkelte, er det viktig å forstå jenta sin sosiale situasjon og nettverk, og eventuelt samarbeide med nettverket for å oppnå våre mål. Jenta sin situasjon må ikkje forståast isolert, men i samanheng med hennar nettverk og relasjonar. Om mulig forsøker vi å få eit nært samarbeid med jenta sin næraste familie. Dette er eit gjensidig forhold, der vi kan dele våre erfaringar med jenta til familien, og sjølv få belyst jenta sin situasjon gjennom familiens erfaringar og kunnskap. Ofte ser vi at jenta sitt nettverk fungerer dårleg. Ein eller fleire av relasjonane i nettverket kan vere prega av dårleg, problematiske og/eller problemskapande samspel, eller det kan vere overfladiske og eindimensjonale nettverk. Vi må då prøve å rettleie jenta og familien for korleis dei betre kan kommunisere og samhandle i forhold til jenta sine problem. Ein aktiv kvardag For å oppnå sosial læring og utvikling er det viktig å aktivisere jentene. Saman med manglande struktur, er passivitet og likegyldigheit eit vanleg hinder for deira positive vekst. Aktivitet er ein føresetnad for læring og utvikling, og gir dessutan muligheit for sosialisering gjennom samhandling. Det er derfor viktig å legge til rette for, og motivere, til ei aktiv veke. Den viktigaste oppgåva her er å få jenta motivert til å gå på skule og følgje opp skulegangen sin. Dersom det ikkje er aktuelt med skule, må jenta ha eit arbeidstilbod slik at ho får arbeidstrening og gjennom det vert motivert til å tenke på kva yrke ho ynskjer i framtida. Vidare må vi fylgje opp med positive aktivitetar på fritida. Dette stimulerer til personleg vekst og gir den enkelte opplevingar og positiv sjølvkjensle. På Jentespranget er skulen fyrste prioritet når vi legg til rette for aktivisering av den enkelte, med individuell oppfølging frå fyrste dag. Det er eit mål at jentene skal ha eit skuletilbod, så sant det er mulig. Vi har eit godt samarbeid med dei lokale skulane ( både barne- og ungdomsskule og vidaregåande skule), og forsøker saman med dei å legge til rette for eit skuletilbod som er tilpassa den enkelte sitt behov og kompetansenivå. Det overordna målet er normalskulegang for bebuarane våre, men vi vil og legge til rette for alternativt skuleopplegg dersom dette er naudsynt. Av ulike årsaker er ikkje alle jentene motivert for skulegang. I nokon tilfelle kan denne manglande motivasjonen vere godt grunna, og det kan vere vanskeleg, og heller ikkje ynskjeleg, å bearbeide jenta sin motvilje mot å gå på skule. Ofte kjem jentene til oss midt i eit skuleår og dei har ikkje skuleplass. I slike tilfelle legg vi til rette for ein arbeidssituasjon som er tilpassa den enkelte.

Hest og stall På Jentespranget har vi ein stor stall der vi har 4 6 hestar. Vi legg til rette for at jentene som bur hos oss skal bruke deler av tida si med hestane, og tilbyr opplæring for dei som ikkje har kjennskap til hestestell frå før. Vi ser at jenter med omsorgssvikt og relaterte problem, kan oppleve positiv utvikling i det daglege arbeidet og stellet med hestane. I forhold til hestane trer jentene inn i ein omsorgsrolle, og tar ansvar for deira trivsel. På den måten får jentene gi av seg sjølv, i ein ukomplisert relasjon utan tvetydigheitar og negativitet, kor dei utelukkande får oppleve positiv feedback og hengivenheit. Vi ser og at jentene som kjem til oss gjerne slit med tillitt i forhold til mennesker, og at det for nokre av desse er lettare å forholde seg positivt og autentisk til dyr. Vi har valt å ha hestar fordi hest og stall kan vere god arbeidstrening for dei jentene som ikkje er klare til å begynne på skule eller jobb, samstundes som hest og stall er ein flott fritidsaktivitet for dei som har andre aktivitetar på dagtid. I stallen kan jentene arbeide saman med miljøterapeutane og dei kan ri på turar saman. I tillegg til miljøterapeutane har vi tilsett ein aktivitør i stallen som har god kompetanse på hest og stell av hestar. Mange av jentene som kjem til oss, er veldig glade i dyr, og fleire har og god kompetanse i forhold til hest og hestestell. Dette er viktig å byggje vidare på i arbeidet med jenta.