MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL



Like dokumenter
NOTAT, FYLKESDELPLAN HARDANGERVIDDA RV7

UTTALE NASJONAL TRANSPORTPLAN

UTGREIING OM VEGSAMBAND MELLOM AUSTLANDET OG VESTLANDET

Høyring av forslag til klassifisering av øvrige riksvegar ved gjennomføring av forvaltningsreforma - uttale

SAK 01/08 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL Vedtak Møteprotokoll 14.desember 2007 vart vedteke.

Sak ÅRSBUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

SAK 49/15 ÅRSBUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

Møteprotokoll. Sakliste

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Rv.7 Hardangervidda. Vegtrasé Storlia-Haugastøl. Trafikkanalyse

2015/ Høyring - "Utredning om forbindelser mellom Østlandet og Vestlandet"

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

NASJONAL TRANSPORTPLAN , Meld. St.26 Kva kan dette bety for Hallingdal?

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

Produksjon og ringverknader i reiselivsnæringane

Protokoll frå AU-møte 17. juni 2015

Bustadområde i sentrum. Vurdering

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret

MØTEBOK HALLINGTINGET

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Fjordsenteret

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Viktige samferdselsprosjekt i Hordaland

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Høyring - Transportetatane sitt grunnlagsdokument for NTP

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkivsaksnr.: 15/335. Høyring - Utgreiing om samband mellom Austlandet og Vestlandet

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: Q12 Arkivsaksnr.: 15/277. Høyring av "Utredning om forbindelser mellom Østlandet og Vestlandet"

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

Utviklingsforumet for Ålesund Lufthavn, Vigra - søknad om tilskot i samband med etablering av direkte flyrute mellom Amsterdam og Ålesund.

UTTALE TIL UTGREIING OM VEGSAMBANDA MELLOM AUSTLANDET OG VESTLANDET

Finansiering av dei offentlege fagskolane

INTEGRERINGS-/INKLUDERINGS-PROSJEKT I HALLINGDAL

STRATEGISK FORVALTNINGSPLAN RV7 OG RV52

Forfall meldast snarest til eller tlf

Stifta i 1993 Medlemmer: Fylkeskommunane i Hordaland, Buskerud og Akershus Kommunane langs traséen: Bergen, Vaksdal, Voss, Ulvik, Aurland, Hol, Ål,

SAK UTALE NASJONAL TRANSPORTPLAN

SØKNAD OM ØKONOMISK STØTTE TIL ELEKTRONISK BOM PÅ VASSFARVEGEN, UTTALE

Stifta i 1993 Medlemmer: Fylkeskommunane i Hordaland, Buskerud og Akershus Kommunane langs traséen: Bergen, Vaksdal, Voss, Ulvik, Aurland, Hol, Ål,

Bompengepakken Stord vestside - søknad om forlenga innkrevingsperiode

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

SOTRASAMBANDET. Vedtatt kommunedelplan for Rv 555 Fastlandssambandet Sotra - Bergen. Parsell: Kolltveit Storavatnet. Utarbeidd av Sotrasambandet AS

Etne kommune SAKSUTGREIING

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Stifta i 1993 Medlemmer: Fylkeskommunane i Hordaland, Buskerud og Akershus Kommunane langs traséen: Bergen, Vaksdal, Voss, Ulvik, Aurland, Hol, Ål,

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Møtebok frå AU-møte 28. mai 2014

Sotrasambandet. Eit viktig grunnlag for framtidig vekst og utvikling i Bergensregionen FØRESETNAD FOR TRYGGLEIK OG BEREDSKAP

Granvin herad Sakspapir

Forslag frå fylkesrådmannen

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

SAK ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT 2013

EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-, K2-L00. Godkjenning av sti- og løypeplan for Sysendalen. Arkivsak ID: 11/ Journalpost ID: 13/2948 Saksh.

Vinterdrift av høgfjellsvegar. Vinterkonferansen på Voss 1. og 2. sept Pelle Engesæter, Norconsult. høgfjellsvegar. Forundersøking av lokale og

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Handlingsplan EKSTERN TENESTE Gol kyrkjelege fellesråd

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

MØTEBOK Tysnes kommune

SKILDRING/ BILDER AV DAGENS SITUASJON. Oversiktskart. Oppheimsvatnet. Kvasshaug hyttefelt Aktuelle tomt. Dato

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

Saksframlegg FELLES AVLAUP SANGEFJELL? VAL AV AVLAUPSLØYSING FOR EKSISTERANDE OG NYE HYTTER

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Møteprotokoll Styret for Stord vatn og avlaup KF

SAK ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato:

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Fræna kommune Teknisk forvaltning Plan

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Ny strategisk utredning om øst-vest forbindelsene

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Transkript:

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL Møtedato: Fredag 25.3.2011 Stad: Ål, Tingstugu Desse møtte frå Regionrådet: Oddvar Grøthe, Torleif Dalseide, Erik Kaupang, Gerd Eli Berge, Tor Egil Buøen, Kåre Olav Solhjell, Hemsedal kommune Ål kommune Hol kommune Nes kommune Flå kommune Gol kommune REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL Knut Arne Gurigard møtte som dagleg leiar. Frå Buskerud fylkeskommune møtte fylkeskontaktane Dag Stenersen og Nils Petter Undebakke og regionkontakt Terje Moen. Rådmannsutvalet deltok i sak 13-16 og 24. SAK 13/11 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL 25.2.2011 Møteprotokoll 25.2.2011vart vedteke. SAK 14/11 EVALUERING AV ORDNINGA MED FORDELING AV SKJØNNSMIDLAR TIL PROSJEKT. Regionrådet/Rådmannsutvalet drøfta ordninga med regional fordeling av skjønnsmidlar til prosjekt. Det var semje om at ordninga: Er med på å styrke samarbeidet i Hallingdal. Har fått fram gode prosjekt som eller kunne vore vanskeleg å gjennomføre. Er forutsigbar Har overføringsverdi, me kan lære av kvarandre. Dagleg leiar utarbeidar forslag til evalueringsrapport som rådordførar og leiar i rådmannsutvalet får til gjennomsyn før rapport blir sendt fylkesmannen. SAK 15/11 SØKNAD BULYST 2011 Med bakgrunn i dagleg leiar si skisse til søknad Bulyst 2011, får leiar i rådmannsutvalet, dagleg leir i Regionrådet, representant frå Ål kommune og representant frå Nes kommune ansvar for å utarbeide søknad. Søknad skal sendast regionråd og rådmannsutval til gjennomsyn før endeleg søknad blir sendt Buskerud fylkeskommune. SAK 16/11 REKNESKAP 2010 Hallingtinget godkjenner rekneskapet til Regionrådet for Hallingdal for 2010 med revisoruttale, og at underskot på kr. 80.207,26blir teke frå disposisjonsfond. 1

SAK 17/11 ÅRSMELDING 2010 Årsmelding var ikkje endeleg ferdig og skal sendast direkte til Hallingtinget. SAK 18/11 HALLINGDAL REISELIV, SØKNAD OM TILSKOT TIL UTVIKLING AV FJELL&FJORD 2011 Forslag til vedtak 1. Regionrådet for Hallingdal rår til at det blir løyvd kr. 700.000 til Hallingdal Reiseliv, for vidareutvikling av konseptet Fjell & Fjord. 2. Tilskotet blir finansiert av partnarskapsavtala med Buskerud fylkeskommune for 2011. SAK 19/11 SØKNAD OM TILSKOT TIL VIDAREFØRING AV FAMILIEFØRESTILLINGA OM HULDRA 1. Regionrådet for Hallingdal rår til at det blir løyvd kr. 190.000 til vidareføring og utvikling av familieførestillinga om Huldra. 2. Tilskotet blir finansiert av partnarskapsavtala med Buskerud fylkeskommune for 2011. SAK 20/11 GOL REISEMÅL, SØKNAD OM STØTTE TIL FÅREFESTIVALEN 2011 OG 2012 1. Regionrådet for Hallingdal rår til at det ikkje blir løyvd midlar til Fårefestivalen på Gol for 2011 og 2012. 2. Regionrådet for Hallingdal ser positivt på å støtte eit eventuelt regionalt samarbeid mellom dei ulike arrangørar av festivalar i Hallingdal, i forhold til m.a. marknadsføring og profilering. Regionrådet ber dagleg leiar gjera ei kartlegging i forhold til ulike aktørar, om dette kan vera aktuelt. SAK 21/11 SØKNAD OM STØTTE TIL INNSAMLINGS- OG BOKPROSJEKT OM ANLEGGSTIDA I HALLINGDAL 1. Regionrådet for Hallingdal rår til at det blir løyvd kr. 80.000 til innsamlings- og bokprosjekt om anleggstida i Hallingdal. 2. Tilskotet blir finansiert av partnarskapsavtala med Buskerud fylkeskommune for 2011. SAK 22/11 UTALE, REGIONAL PLAN FOR HARDANGERVIDDA Uttale Regionrådet for Hallingdal vil i si uttale til planforslag for Regional plan for Hardangervidda konsentrere seg om samferdsel og vinteropen Rv7, som er ei felles utfordring for heile Hallingdal. Regionrådet er glad for at det i planforslaget er gjort tydelege vurderingar i forhold til den samfunnsmessige nytten av vinteropen Rv7, og at planforslaget er krystallklart på at Rv7 over Hardangervidda i framtida skal vera ein fullverdig vinteropne veg. Det er og svært positivt at det blir sagt at: En viktig oppfølgingsoppgave av det regionale planarbeidet er å være pådriver for videreføring av arbeidet med utbedring av Rv 7 med sikte på trafikkmessig sikrere vintervei og bedre kryssingsmuligheter for villreinen. Tunneler (inklusiv nytt alternativ med lang tunnel) og høyfjellsprofil på traseen er viktige tiltak. Regionrådet for Hallingdal vil på det sterkaste presisera at Rv7 som ei viktig ferdselsåre aust vest må vera prioriterte som fullverdige vinterbrøyta veg. Rv7 over Hardangervidda er livsnerva for indre Hardanger og store delar av øvre Hallingdal. 2

Rv. 7 over Hardangervidda er eit av dei viktigaste aust vest sambanda. Forbindelsen er den kortaste mellom Bergen og Oslo, og har også størst trafikkmengde mellom Noregs to største byar. Rv7 som næringsveg spesielt i forhold til reiselivet er for delar av Hallingdal og Hardanger heilt avgjerande. Utbygginga av Hardangerbrua og innkortinga Sokna Ørgenvika vil auke vegen sin betydning ytterlegare. Rv7 sin betydning for næringslivet Rv7 over Hardangervidda bind saman to av dei største turistområda i Noreg. Utviklinga av reiselivsnæringa er grunnleggjande for framtidig utvikling i Hallingdal og Hardanger. Hallingdal og Hardanger som nokon av landets største reiselivsregionar er heilt avhengig av kortare reisetid til dei store marknadane. God kommunikasjon der reisetid og reisekomfort står sentralt er heilt avgjerande for å oppretthalde dagens aktivitetsnivå og for vidareutvikling. Dette kjem og klart til utrykk i Buskerud fylkeskommune sin reiselivsstrategi: Reisetid og reisestandard er sentralt for reiselivsnæringenes konkurransedyktighet. Det gjelder både til og fra reisemålet, og for at reisemålene blir valgt som stopp på en rundreise. Det tyngste og dermed mest sårbare reiselivet ligger på aksen øst-vest og dermed langt fra flyplasstilbud. Det samme gjelder også de deler av fylket hvor det finnes få andre alternativer til næringsutvikling enn reiseliv. Dette må påvirke prioriteringene innenfor kommunikasjonssektoren. Viktigst er: Innkorting og opprusting av Rv 7 i Buskerud og sikre helårsforbindelser øst-vest. Frå næringshald er det klart uttrykt at ei vinterstenging av Rv7 vil medføre nedlegging av arbeidsplassar innan turistnæringa og innan annan næring i regionen. For Hallingdal som den største reiselivsregionen i landet er reiselivet ein avgjerande verdiskapingsfaktor, der heilårsdrift vil være ein avgjerande suksessfaktor. Dei tre øvste kommunane i Buskerud har vesentlege delar av sin reiselivsmarknad frå vestsida. Og ikkje minst er det fleire hundre hytter som er i flittig bruk av hytteeigarar frå Bergensområdet. Dette syner og eigne rapportar utført for Statens vegvesen. For ei lønsam og konkurransedyktig reiselivsnæring er det avgjerande med god infrastruktur. noko som klart blir presisert i Reiselivsmeldinga. Eksempel, Hol kommune, som konkret døme på Rv7 som næringsveg/turistveg I rapport frå Transportøkonomisk institutt (893/2007 Økonomiske virkninger av reiseliv i Hol og Hemsedal 2007 ), er det gjort ei grundig analyse av kva reiselivet har å seie. http://www.toi.no/getfile.php/publikasjoner/t%d8i%20rapporter/2007/893-2007/893- hele%20rapporten%20internett.pdf) Samla tal på gjestedøgn i Hol er rekna til ca. 2 mill. pr. år. Samla turistrelatert omsetning er rekna til 866 mill. kroner, eks. mva. Tala inkluderar ikkje sal av hytter/leiligheiter eller utgifter til oppgradering av eksisterande hytter. TØI har og vurdert samla inntektsdanning i Hol kommune ved utbygging av fritidsbustadar til 780 mill pr. år. Dette er sjølvsagt avhengig av marknaden for utbygging, men gjer ein indikasjon på omfanget. Den turistrelaterte sysselsettingen i Hol kommune er ca. 1/3 av total sysselsetting. For å vurdere verknadar for reiselivet i Hol kommune ved ei eventuell vinterstengning av Rv7 har TØ i arbeidsdokument av 11. mai 2006 gjort nokre vurderingar. Dette arbeidet vart utført før rapport 893/2007 og det er nytta eldre vurderingar for berekning av gjestedøgn og omsetning (lågare). 3

Berekningane til TØI (rapport 11.5.2006) syner at turistane sitt konsum i Hol kommune, utgjorde i 2004 i alt 442 millionar kroner i månedane januar-april og november-desember. Av dette var om lag 231 millionar kroner omsetning (eksklusive mva) utanom dei tradisjonelle reiselivsnæringane (varehandel, diverse tenesteyting). Produksjon av varer og tenester som følgje av indirekte verknader i same periode utgjorde ca 128 millionar kroner. Til saman innebar turistbesøk i Hol kommune ein samla omsetning på ca 570 millionar kroner i dei månedane det et antatt at vinterstenging kunne vore aktuelt. Det er berekna at det turistrelaterte forbruket i Hol kommune til personar som reiser over Hardangervidda til Hol utgjer 35% av samla turistkonsum. Etter dei siste brekningane er dette talet no nærare 40%. Som det går fram av rapport til TØI vil ei vinterstenging av Rv7 føre til ei konkurransevriding i forhold til konkurrerande destinasjonar som Hemsedal, Fillefjell, Voss og eventuelt Haukeliområdet. Dersom all trafikk frå Vestlandet i vinterstengingsperioden fell bort ( worst case ), representerar dette eit samla bortfall per år (ut frå 2004-tall) på omlag 146 millionar kroner i direkte verknader, og om lag 42 millionar i indirekte verknader. TØI har for få haldepunkt til å kunne si kva som kan vera reelt bortfall. Men TØI syner til eigne tidlegare vurderingar og seier at: bortfall av trafikk er åpenbart på kort sikt. På lang sikt vil en sannsynlig utvikling være at vestlandsdelen av Hols marked forvitrer betydelig. Dersom en tredel av vestlandstrafikken bortfaller, betyr dette at 10 prosent av turistforbruket i Hol i vintersesongen blir borte, dersom halvparten av vestlandstrafikken blir borte, reduseres turistforbruket i vintersesongen i Hol med om lag en sjettedel. Oppgåver frå Hol kommune syner at når det gjeld nye hytter i Geilo-Ustaoset-området er ein tredel av eigarane busett mellom Stavanger og Sognefjorden. Ut frå dette er det anslått at vestlandet utgjer ca. 30 prosent av marknaden for nye hytter. Dersom Rv7 hadde vorte vinterstengt ville for det fyrste interessa for nye hytter vorte mindre, og det vil sannsynligvis også vorte lagt ut for sal ein god del av eksisterande hytter. Etter TØI sitt syn ville sannsynligvis heile vestlandsmarknaden for nye hytter falle bort (netto). Aust-vest sambandet Rv7 er den kortaste og beste vegtraseen mellom Oslo og Bergen. Næringslivaktørane er klare på dette. Dessutan er transportar med start og mål på ruta mellom Bergen og Oslo vesentleg for næringslivet langs Rv 7. Bindeleddet mellom øvre Hallingdal og Hardanger/Bergen er fyrst og fremst Rv7. Sett frå næringslivet i Bergensregionen si side er Rv7 det viktigaste vegsambandet aust-vest. Distriktsmessige omsyn Hallingdal og Hardanger har på linje med dei fleste distrikt og regionar, behov for god kommunikasjon for å ha ei positiv utvikling. For begge regionane vil ei stenging av Rv7 kunne få dramatiske konsekvensar. Kanskje ikkje det fyrste året, men på sikt vil dette føre til konkurransevriding i marknader som allereie har ein sterk konkurranse. I forhold til konkurrerande regionar er det dei siste åra skjedd ei endring, ikkje minst på grunn sterk samferdselsmessig utbygging. Det seier seg sjølv at stenging av dei viktigaste hovudferdselsårene berre vil forsterke situasjonen. Konsekvensane i eit langsiktig perspektiv kan vera vanskeleg å talfeste, men det må ikkje vera nokon tvil om at vinterstenging vil få store negative konsekvensar for næringsliv og utvikling ikkje minst i indre Hardanger og øvre Hallingdal. Ut frå eit føre var prinsipp vil dette vera eit svært risikofylt eksperiment. 4

I denne samanheng kan det vera grunn til å minne om både regjeringa sin nasjonale reiselivsstrategi, St.meld. nr. 25 (2008-2009) Lokal vekstkraft og framtidstru Om distrikts- og regionalpolitikken og Politisk plattform for fleirtalsregjeringa 2009 2013. Villrein, vinterdrift, tunnelar Som dei fleste høgfjellsovergang har også Rv7 over Hardangervidda utfordringar med regularitet vinterstid. I tillegg har det vore fokusert på villreinen sine mogelegheiter for å krysse vegen. Ut frå alle dei vurderingar som er gjort er det absolutt ingenting som skulle tilseie at situasjonen for villrein på Hardangervidda er forverra dei seinare åra, at den er kritisk, eller at Rv7 har ein konsekvens som gjer det nødvendig å stenge vegen. Etter Regionrådet for Hallingdal sitt syn må det arbeidast vidare med tanke på ei konsekvensutgreiing, for å klargjera nærare løysingar med miljøtunnelar. I denne samanheng støttar Regionrådet seg til vedtak i årsmøte for IS Rv7, dat. 4.2.2011: Årsmøte for IS Rv7 ser det som heilt avgjerande at Rv7 over Hardangervidda får ein vesentleg betra regularitet. Årsmøte meiner følgjande absolutte krav må gjelde for Rv7 over Hardangervidda: Rv 7 skal vere open under normale vintertilhøve, berre stengd under ekstreme vêrtilhøve eller i samband med særskilde hendingar som ulukker, ras etc. Tiltak som blir gjort for betra regularitet skal redusere barriereverknaden for dei viktigaste definerte trekkrutene for villrein. Ut frå dette skal skal IS Rv7 i pågåande prosess med Nasjonal Transportplan 2014 2023 arbeide vidare med to alternative løysingar: 1. Konsept 8: Hardangerviddatunnelen, der eksisterande Rv7 på gjeldande strekning blir vinterstengt. 2. Konsept 4: Mellomlange tunnelar, opprusting av dagline til høgfjellsprofil, der eksisterande Rv7 langs ny trase blir vinterstengt. Ut frå dette rår Regionrådet for Hallingdal til at planen blir vedteke slik den ligg føre. SAK 23/11 UTTALE TIL INNSPEL FRÅ ØSTLANDSSAMARBEIDET TIL NASJONAL TRANPOSRTPLAN 2014-2023 Jernbane Regionrådet for Hallingdal er glad for at Østlandssamarbeidet følgjer opp, og sett trykk på det som faktisk er vedteke i Stortinget, med oppstart av Ringeriksbanen i inneverande planperiode til NTP. Og at Ringeriksbanen blir prioritert og ferdigbygd i løpet av planperioden. 2014 2023. Veg Østlandssamarbeidet mener at hovedvegene i de fem nasjonale transportkorridorene gjennom Østlandet og gode transportårer utenom Oslo-området (dvs. tverrforbindelser nord og sør for Oslo) fortsatt må prioriteres. I denne samanheng er det med ei viss undring det blir registrert at Rv7 ikkje er prioritert, som den mest trafikkerte vegen aust vest (Hønefoss Gol), og som det raskast og kortaste sambandet mellom Norges to største byar. Med ferdigstilling av Hardangerbrua i 2013 og Sokna Ørgenvika i 2014 vil Rv7 ytterlegare stå fram som eit av dei viktigaste aust vest sambanda. Det kan og vera på sin plass å minne om at Rv7 frå Gol Bu vart riksveg (etter ny benemning) frå 1.1.2010 og Hønefoss Gol frå 1.1.2004. 5

Rv7, Fv50 og Rv52 har vel 50% av den samla trafikken aust vest, også i forhold til tungtrafikk og der E16 og E134 er teke med. Ut frå dette er strekninga Hønefoss Gol ein av dei desidert viktigaste vegstrekninga for aust-vest sambanda. I tillegg utgjer tungtrafikken 14-15 % av trafikken på riksveg 7 ved Flå, dvs. om lag 550 tunge kjøretøyer pr. døgn. Dette indikerar at Rv 7 er ei viktig rute for tungtrafikken mellom aust og vest. Det må vera eit krav at Rv7 frå Hønefoss - Bu i Hordaland og Rv52 Gol Borgund blir bygd ut til fullgod to felts standard. SAK 24/11 EVENTUELT IKT-Hallingdal Med bakgrunn i m.a. interpellasjon i Hemsedal kommunestyre 10.3.2011, om IKT-Hallingdal, drøfta Regionrådet/Rådmannsutvalet rutinar og korleis ein på ein endå bedre måte kan informere om samarbeidet. Hege Mørk, Torleif Dalseide og Knut Arne Gurigard fekk ansvaret for å utarbeide eit notat som peikar på problemstillingar og forslag til løysingar. Hallingtinget Regionrådet drøfta forslag til sakliste for Hallingtinget. Tema skal m.a. vera profilering Hallingdal, der fyrste del av dagen blir saman med HallingExpo. Tema; innovasjon, utvikling og profilering av Hallingdal Som innleiar er Sjur Dagestad professor i Innovasjon ved NTNU engasjert. Representant til styringsgruppe for prosjektet; Kommunar som vil auke folketalet Gerd Eli Berge vart valt til representant til Buskerud fylkeskommune sitt prosjektet; Kommunar som vil auke folketalet. Uttale; Forslag til busettingsordning for flyktningar med mål om raskare busetting Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sendte 31.1.2011 ut på høyring forslag til endringar i dagens busettingsordning for flyktningar. Departementet ynskjer særleg synspunkt på forslag til endringar i dagens busettingsordning, samt økonomiske/administrative konsekvensar. KS har handsama Regjeringa sitt forslag til ny busettingsmodell for flyktningar/asylsøkerar, og meiner at denne saka har stor interessepolitisk betydning for kommunesektoren. KS rår til at kommunane handsamar høyringa politisk og at det blir gjeve høyringssvar frå så mange kommunar som mogeleg. Høyringsfristen er 29. april 2011. Regionrådet for Hallingdal støttar KS si uttale om forslag til busettingsordning for flyktningar, dat. 2.3.2011 Ål 8.4.2011 Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Vedlegg: KS si uttale om forslag til busettingsordning for flyktningar (sak 24/11) 6