Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,



Like dokumenter
Kva er økologisk matproduksjon?

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Soppsykdommer og skadeinsekter på kongler og frø

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune

mmm...med SMAK på timeplanen

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Kom skal vi klippe sauen

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Klepp kommune Tu skule

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland 1. BAKGRUNN OG SYNFARING TILHØVE OG STABILITET TILTAK... 2

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Namning av vegar i Fræna Kommune

Håndbok V127 Gangfeltkriterier

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Brukarrettleiing E-post lesar

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune.

«Ny Giv» med gjetarhund

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

Til deg som bur i fosterheim år

Lærarrettleiing 1. Kornartane

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

LYS OG SYN - auget som ser. Gjennomføre forsøk med lys, syn og fargar, og beskrive og forklare resultata

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Minnebok. Minnebok NYNORSK

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Klipp hekkar og busker

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Kvalitetsplan mot mobbing

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Bruk av beite. Vegard Urset, Avlssjef. Teksten i plansjene er utarbeidet av Øystein Havrevold, Nortura

Status for skogen i Sogn og Fjordane etter Dagmar. Skogens rolle i klimatilpasning og beredskap. Torkel Hofseth Fylkesskogmeister

Vegvisar til vilbli.no

Faktor terminprøve i matematikk for 8. trinn

FOR nr 593: Forskrift om berekraftig skogbruk.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

Jordarbeidingsmetodar for korndominerte

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Samansette tekster og Sjanger og stil

Valdres vidaregåande skule

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Eksamen MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

REGULERINGSPLAN FOR ÅMOT PlanID FØRESEGNER

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Sporing og merking. Merking

Vurdering av allianse og alternativ

Transkript:

Konglesanking Trea i skogen formeirer seg ved å spreie frøa sine med vinden utover skogbotnen. Dei fleste landar «på steingrunn» og berre ein svært liten del av frøa veks opp til eit nytt tre. For å sikre at vi får rask gjenvekst av kvalitetsskog der vi ønskjer det, er det nødvendig å hjelpe naturen litt. Vi samlar derfor inn frø og dyrkar desse fram til småplanter som vi plantar ut i skogen. Arbeidet med konglesanking er eit viktig bidrag for å sikre gjenvekst av dei treslaga vi ønskjer å satse på i framtida.

Gran- og furukongler I somrar med ekstra godt ver utviklar trea mange anlegg til blomsterknoppar. Neste vår blir det rik blomstring. Dersom forholda ligg til rette for god bestøving og frømodning, kan det utviklast mange kongler med godt frø. Vi har fått eit kongleår eller frøår. Grana sine hoblomstrar er vakkert raude og peikar oppover. Etter kvart utviklar dei seg til ei moden kongle som heng under greina. Hos grana blir desse konglene fullt utvikla same haust og utpå hausten/vinteren opnar dei seg og spreier frøa sine. Furua treng to år på å utvikle moden kongle. Den første sommaren veks hunnblomsten berre til ei lita rund kongle så stor som ei ert. Neste vår held den fram med å vekse og blir først grøn, seinare grågrøn. Ofte heng kongla på lenge etter at ho har slept frøa på ettervinteren. Slik kan det henge tre generasjonar furukongler på same grein.

Klimaraser (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar, også kalla proveniensar. Noreg er delt inn i sankeområde og høgdelagssoner for frøsanking (provenienskart). Feil bruk av proveniensar kan føre til klimaskadar på trea. Furua toler særleg dårleg flytting utover sankeområdet. Det er utarbeidd reglar for flytting av proveniensar. Ein verdifull framtidsskog er avhengig av at vi avlar på tre med gode arveanlegg. Konglesanking må så langt som råd leggast til den beste skogen i det området vi vil ha frø frå.

Sank Skogoppsynet har ansvar for organisering av konglesanking lokalt etter retningslinjer gjeve av Skogfrøverket og fylkesmannen. Før konglesanking kan setjast i gang, må vi vere sikre på at konglene inneheld nok frø av god kvalitet. I samråd med skogoppsynet blir det samla inn ei kongleprøve som skal sendast til Skogfrøverket på Hamar. Der blir mellom anna vassinnhald, frøutbyte og spireevna til frøa undersøkte. Skogfrøverket avgjer om sanking kan setjast i gang. Sanking skjer som oftast saman med hogst. Sankinga må gjerast før baret blir for mykje felt ned av andre tre eller køyrt over av skogsmaskiner. Kongler som har lege på bakken i lengre tid må ikkje takast med. Kongleprøvene må: takast frå bestand der det er aktuelt å sanke, eller tilsvarande skog i nærleiken vere frå representative tre - ikkje kanttre eller undertrykte tre innehalde ca 2 kg med kongler frå fem tre eller meir

erutinar Gamle, tomme kongler er sjølvsagt heilt ubrukelege og må ikkje sankast. Kongler med tydeleg skade av insekt eller sopp er utan verdi. Utflod av kvae på kongla er ikkje noko sikkert teikn på insektskade. Grankongler bør vere minst 8 cm i låglandsskog og 6 cm i høgareliggande skog. Minimumsmål for furukongler er 3 cm. Av omsyn til frøreinsinga bør konglene vere mest mogeleg fri for barnåler og anna rusk. Plukk konglene i bøtter, det går raskast. Konglene skal lagrast i spesialsekker fra Skogfrøverket. Sekkene må lagrast tørt og luftig for å unngå sopp og varmegang. Minste oppgjerseining for sankarar er ein full sekk kongler. Oppgjeret går gjennom skogoppsynet med utbetaling frå Skogfrøverket. På skogfrøverket blir konglene tørka i store perforerte tromlar under tilførsle av varmluft. Konglene opnar seg og frøa fell ut. Prosessen blir kalla klenging. Deretter blir frøvengen fjerna og frøa reinsa. Spireevna blir målt og opplysningar om sankestad m.m. følgjer frøpartiet fram til planten blir sett i jorda. Gran- og furufrø av ekstra god kvalitet kan lagrast i fleire tiår.

Sopp og skadedyr på kongler Konglegulrust dannar eit gult sporestøv på kongleskjela inne i konglene. I konglene blir ikkje frøet fullt utvikla og frøutbytet kan bli sterkt redusert. Soppen har vertsskifte mellom vintergrønartar og gran. Sjukdommen har mest å seie i fjellskogen og nordafjells. Lokkrustsopp kan vi sjå på angrepne grankongler ved at kongleskjela spriker og kvart kongleskjel er dekt med talrike små kulerunde sporehus. Slike kongler kan bli hengande på trea i mange år. Lokkrustsoppen har vertsskifte mellom gran og hegg og er utbreidd over heile landet. Grankongleviklaren er ein liten sommarfugl med vengespenn på 1,5 cm, som legg egga sine mellom blomsterskjela på gran. Larva et seg inn til frøanlegget der ho borer seg inn. Slik kan kvar larve ete opp 10 frø før ho er ferdig utvikla. Med 6 7 larver i kongla, blir det få brukbare frø igjen. Dette oppdagar ein først ved å kløyve kongla. Viklaren er utbreidd der det finst gran

og er det alvorlegaste skadeinsektet på grankongler her i landet. Enkelte år kan skadane vere så store at konglesanking ikkje er lønsamt. Furukonglesnutebilla liknar sin større slektning gransnutebilla. Ho oppsøker dei grøne, nesten utvaksne furukonglene der ho legg egg. Larven blir utvikla i kongla og gneg på kryss og tvers. Kongla blir gjerne litt tilspissa med kvaeutflod og fell av utpå hausten. Grankonglegallmygg ser ut som ein liten mygg med raudbrun kropp og klare venger. Egga blir lagt heilt inne ved blomsteraksen på granblomsten. Der borer larva seg inn og lever heile larvetida. Som utvaksen larve spinn ho ein kvit kokong i basis av kongleskjelet. Ved større herjingar er det funne opptil 200 kokongar i ei kongle. Kongla mister evna til å sleppe frøet fordi larven har øydelagt åpningsmekanismen. Det er umogeleg å sjå utanpå at kongla er skadd. Gallmyggen er utbreidd der det finst gran og kan nokre år øydelegge frøhausten. Den svært like Granfrøgallmyggen er ikkje så vanleg som grankonglegallmyggen, men kan gjere minst like stor skade ved at larven lever inne i frøet og et opp frøkviten. Frøskalet blir danna etterpå, slik at det er vanskeleg å sjå at frøet inneheld ei larve.

Ekorn Bit og riv av kongleskjela. Mus Bit skjela av utan «frynser». Furu Gran Furu Gran Dyr som likar kongler Frøa i konglene er svært næringsrike. Mange dyr har utvikla teknikkar for å få tak i desse frøa. Vi kan sjå på dei avetne konglene kva for dyr som har forsynt seg. Korsnebb Brukar nebbet til å bende og splitte skjela frå kvarandre. Flaggspett Hakkar mellom kongleskjela, kongla ser rufsete ut. Furu Gran Gran Furu 2. opplag utgjeve i 2002 av Det norske Skogfrøverk i samarbeid med Møre og Romsdal Skogselskap. 1. opplag utgjeve i 1998 av Møre og Romsdal Skogselskap i samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Tekst: Jørn Kjersheim, Hans Christian Brede og Øyvind Meland Edvardsen. Repro og trykk: EKH trykk as, Molde 71 20 29 70