Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2014. FU sak 19-2014 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.



Like dokumenter
Forskingsutvalet. PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 3/2015, 12. mars

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

Vurdering av allianse og alternativ

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

MØTEPROTOKOLL (revidert ) Strategisk studienemnd

Frå administrasjonen møtte: Ingunn Welle Nina Cathrin Garshol Gonnie Smit

Møtet vart flytta frå først oppsett 19. mai til 26. mai. Skrivar beklager at det har vore noko ugreie med møteinnkallinga i Outlook.

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 6/2014, 16. september

39/14 14/ Studietilbod på masternivå - samfunnsfag i lærarutdanninga 2. 41/14 14/ Møteplan for Strategisk studienemnd våren

Møtet vart flytta frå først oppsett 19. mai til 26. mai. Skrivar beklager at det har vore noko ugreie med møteinnkallinga i Outlook.

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

Tid for forskning. Kort saksfremstilling. Forslag til vedtak: Erik Waaler, prorektor for FoU

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Forskingsutvalet. Sakspapir: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2015. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

FU sak Godkjenning av referat frå FU-møte 9/2013, 26. november 2013.

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Vedtakssaker. 25/14 14/ AMU-samansetning , opplæring 3 26/14 14/ AKAN 4. Sjukefråvær 5. Status vernerundar 6.

MØTEBOK - Høgskulestyret

OFFENTLEGMØTEPROTOKOLL

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

Forskingsutvalet. Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 7/2015. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 6/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Offentleg protokoll HOGSKULEN I VOLDA. Styremøte 7/2013. Utval: Høgskulestyret Møtestad: BK 220 VIP Dato: Tid: 11:00-15:30.

Forslag frå fylkesrådmannen

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 15. februar 2016

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Protokoll Studenttingmøter 2013/2014

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

MØTEPROTOKOLL. Styremøte 7/2016. Høgskulestyret. Møtedato: kl. 11:00-15:30 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Referat Studenttingsmøte 2011/2012

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 34/11 42/11

Samnanger kommune Møteprotokoll

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 4/2014, 20. mai 2014

Referat frå møte nr. 51, 20. februar 2013

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEINNKALLING Forskingsutvalet

Finansiering av søknaden

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Ei HOGSKULEN I VOLDA Møteprotokoll

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU)

Handlingsprogram og økonomiplan

Transkript:

Forskingsutvalet Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2014. Tid: Tysdag 20. mai kl 12.15. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Per Halse (leiar) Rektor Ketil Jarl Halse (nestleiar) ASH (dekan) Inger Marie Okkenhaug ASH Arne Myklebust AHL (dekan) Peder Haug AHL Aud Folkestad AKF (dekan) Karen Brænne AKF Sverre Liestøl AMF (dekan) Pål Aam AMF (avbod) Rolf Werenskjold (vara for Aam) AMF Synnøve H. Amdam Stipendiatane Karoline Strand Studenttinget Kathrine Garshol Studenttinget Sakshandsamar og skrivar: Johann Roppen FoU-rådgivar Observatørar: Jacob Kjøde jr Direktør, HVO Bente Gunn Lien Biblioteket, HVO Geir Tangen FoU-konsulent, HVO Susanne Moen Ouff Møreforsking Volda Elisabeth Maråk Støle Direktør, Møreforsking AS FU sak 19-2014 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste. FU sak 20-2014 Godkjenning av protokoll frå FU-møte 3/2014, 8. april 2014 Framlegg til protokoll ligg som vedlegg 1.

2 FU sak 22-2014 Forskingsgrupper ved HVO Ein komite sett ned av NOKUT har evaluert HVOs søknad om å etablere PhD-studium i Helse- og sosial i samarbeid med Høgskulen i Molde. I søknaden vart det blant anna gjort greie for organiseringa av forskinga ved dei to høgskulane, og det var ein tydeleg skilnad på dei to høgskulane ved at forskinga ved Høgskulen i Molde var organisert i tydelege forskingsgrupper, medan Høgskulen i Volda ikkje har så mange tydelege forskingsgrupper, men på mange fagområde har ein prosjektbasert og fleksibel arbeidsmåte. NOKUT-komiteen oppfattar dette som ein meir sårbar måte å organisere forskinga på enn å ha meir fast etablerte forskingsgrupper: «Høgskolen i Molde har etablert forskningsgrupper som ivaretar relativt stor forskningsinnsats innenfor relevant tematikk for programmet. Høgskulen i Volda har ikke på samme måte etablerte forskningsgrupper, men organiserer forskningen i relasjon til pågående prosjekter. Det er imidlertid uttrykt ønske om å utvikle forskningsgrupper på tvers av og i samarbeid med begge høgskolene.» ( ) «Ved HVO er forskningen knyttet til ulike pågående prosjekt, en konstruksjon som synes mindre langsiktig og derved mer sårbar.» NOKUT-komiteens evaluering av søknaden kan lesast som ei oppmoding til HVO om å endre måten å organisere FoU-arbeidet på HVO. Både NOKUT-kritikken og at HVO organiserer seg på ein annan måte enn andre høgskular er verd ein nærare analyse. I HVOs overordna strategiplan som vart revidert i januar 2014 står det at forskinga ved HVO skal organiserast i «forskingsgrupper og program med tydeleg leiing». Dette er ei ny formulering i

3 høve til tidlegare strategiplan der det stod at forskinga skal «organiserast i større, integrerte FoUmiljø og program med tydeleg leiing.». I HVOs strategiplan for FoU er ikkje forskingsgrupper omtalt, men burde vore omtalt under strategiske arbeidsmåtar om forskingsgrupper skulle ha ei rolle. Programorganisering i betydninga prosjektorganisering har vore under utprøving som arbeidsmåte ved Høgskulen i Volda i fleire år. Det vart lyst ut midlar til programorganisering både som ei samling av stipendatar innanfor fagdidaktikk, men også i form av satsing på nokre få faglege område utan nødvendigvis tilknytte stipendiatar. Det trengst altså ei konkretisering av den overordna strategiplanens begrep «forskingsgrupper og program»: Kva er ei forskingsgruppe? Kva rolle skal forskingsgruppene ha? Kva resultatkrav skal stillast? Ein måte å tenkje på kan vere å sette av ressursar til leiing av forskingsgrupper og å kanalisere større delar av FoU-midlar gjennom gruppene, og samtidig forvente at FoU-produksjon, søknadsarbeid, prosjektgjennomføring og internasjonal kontakt skal gå gjennom forskingsgruppene. Skisse til kriterier for forskingsgrupper ved HVO: Forskingsgrupper bør vere samla omkring masterutdanningar og/eller PhD-utdanning(ar). Organisering, arbeidsmåtar og oppgåver: Leiar: Professor eller førstekompetent forskar eventuelt professor II eller samarbeid med andre institusjonar om Høgskulen i Volda ikkje sjølv har kompetanse. Medlemmer: Fagleg tilsette på alle nivå, med felles faglege interesser. Arbeidsmåtar: Fagleg utviklingsarbeid, framlegging av arbeid for diskusjon, utvikling av søknader, skriving av bøker og læremiddel. Stipendiatar: Alle forskingsgrupper bør ha minst ein stipendiat. Professorstipend: Alle forskingsgrupper bør ta sikte på å ha medlemmer som er i kvalifiseringsløp mot professorkompetanse. Intern finansiering: Stillingsressurs til leiar og noko midlar til intern seminarverksemd. Intern prosjektfinansiering/satsingsmidlar: Såkornmidlar blir tildelt i høve til særleg lovande utlysingar. Ekstern finansering: Alle forskingsgrupper bør årleg sende inn minst ein søknad til Noregs Forskingsråd. Internasjonalt arbeid: Forskingsgruppene bør arbeide for å inngå i internasjonale nettverk for å kome i posisjon til søknader på internasjonale midlar, særleg Horisont 2020.

Framlegg til vedtak: FoU-administrasjonen inviterer fagleg tilsette til eit internt seminar for å diskutere status og utvikling i forskingsgrupper på Høgskulen i Volda. Forskingsutvalet får lagt fram ei utgreiing av saka med tanke på budsjettet for 2015. 4

7 FU sak 23-2014 Fou-stpend - retningsliner og framtidig dimensjonering A) Retningsliner for tildeling av FoU-stipend Retningslinene for FoU-stipenda vart sist reviderte i 2001. I samband med tildeling av FoU-stipend i 2013 tinga Forskingsutvalet ein gjennomgang av prosedyrane for tildeling av FoU-stipend. Også i årets søknadsprosess har det vorte peika på at det er manglar ved retningslinene og at dei difor bør justerast. I vedlegg 4 ligg framlegg til justerte retningsliner for tildeling av FoU-stipend. Endringane som blir foreslått handlar om følgjande: I tildelingskritera har det ikkje vorte vist til avdelinganes strategiplanar, det går ikkje fram av retningslinene at det er Forskingsutvalet som tildeler FoUstipenda og det går ikkje fram kva organ på avdelingane som skal tilrå og prioritere FoU-stipend for avdelinga. Det blir her foreslått at dette blir ei oppgåve for avdelingsråda. B) Framtidig dimensjonering av FoU-stipend Høgskulen i Volda har dei siste åra delt ut 10 årlege FoU-stipend. I budsjettet er det sett av midlar til 10 FoU-stipend for 2015. Kvart av stipenda er på kr 170.000. Det er for tida 5 tilsette i 5-årige PhD-prosjekt, og dei fleste starta på sine løp i 2014. Dette er ein sterk vekst i høve til tidlegare, og det er vanskeleg å vite om det vil kome fleire tilsette i 5-årige PhDprosjekt. Men prosessen i samband med utlysinga av 8 samtidige stipendiatstillingar medførte også auka fokus på den 5-årige ordninga. Det virkar som at ordninga tidlegare ikkje har vore så godt kjent. Men når det gjeld løn er ordninga attraktiv samanlikna med stipendiatvilkår. Med unntak av ein tilsett frå ASH er det tilsette ved AHL som har gått inn i alle dei 5-årige PhD-stipenda. I 2014 har også ordninga med professorstipend kome i gang, og 2 tilsette går inn i professorstipend i 2014-2015. Om det blir gjort vedtak om å forlenge ordninga kan ein kanskje rekne med 2 nye professorstipend i løpet av 2015, og frå 2016 og utetter vil også desse vere aktuelle for FoU-stipend. Summen av 5-årige PhD-prosjekt og professorstipend vil etter dette medføre eit behov for minst 12-14 FoU-stipend for åra 2015-2019 innanfor desse to ordningane. Spørsmål som Forskingsutvalet bør ta stilling til er om talet på FoU-stipend bør aukast. FoU-administrasjonen meiner det har vore ein viss tendens til at ikkje alle tilsette har klart å ta ut sine FoU-stipend slik det var føresett. Dette talar i mot å utvide ordninga til fleire FoU-stipend. Tilsette som går inn i 5-årige PhD-prosjekt eller i professorstipend burde ha gode rammevilkår for å faktisk gjennomføre FoU-stipend, og ikkje minst inngår FoU-stipenda i eit systematisk løp for kompetansebygging.

8 Det største problemet med å ikkje utvide ordninga med FoU-stipend er at AHL som den største avdelinga i praksis kan ende opp med å få berre FoU-stipend til 5-årige stipendiatar og professorstipendiatar. Dette er lite inspirerande for tilsette som står utanfor desse ordningane. Avdelingane peikar på at finansieringa av FoU-stipenda har vore for dårleg. Beløpet har vorte auka mykje dei siste åra, men vert framleis vurdert som for lågt. Dette talar mot å utvide ordninga i form av fleire underfinansierte FoU-stipend kanskje bør heller stipendbeløpet aukast. Framlegg til vedtak: a) Retningslinene for tildeling av FoU-stipend vert oppdaterte slik det er foreslått av FoUadministrasjonen i vedlegg 4. b) Forskingsutvalet oppmodar styret ved Høgskulen i Volda til å auke talet på FoU-stipend frå 10 til 12 for 2015 på grunn av dei nye ordningane med professorstipend og den auka bruken av 5-årige PhD-stipend. c) Forskingsutvalet oppmodar styret ved Høgskulen i Volda til å auke FoU-stipendet frå kr 170.000 pr år til kr 190.000 pr år. FU sak 25-2014 Status gjeldande bruk av Små driftsmidlar Høgskulen i Volda har dei siste åra finansiert ein del av den faglege verksemda ved høgskulen ved å tildele Små driftsmidlar til einskildtilsette og grupper av tilsette. Dette er framhald av ei ordning som tidlegare vart finanisert av sentrale midlar, men som høgskulen valde å halde fram med etter at den sentrale ordninga fall bort. På Innsida er det informasjon om ordninga: https://www.hivolda.no/nyn/innsida/fellesadministrasjonen/forsking-og-utvikling/sma-driftsmidlar Små driftsmidlar for 2014-2015 vart tildelt i FU-møte 3/2014. Forskingsutvalet ønskja då å få ordninga utgreidd før neste utlysing av Små driftsmidlar. Det vil kome i løpet av hausten. Det har gått ei tid sidan Forskingsutvalet fekk presentert status når det gjeld bruk av Små driftsmidlar. FoU-administrasjonen ser ikkje føre seg at det er nødvendig med ein detaljert gjennomgang av den konkrete bruken og konkrete resultat av bruken av Små driftsmidlar. Når Små driftsmidlar blir tildelte av Forskingsutvalet er det fagleg grunngjevne prosjekt som får støtte, og midlane blir overført til avdelingane som godkjenner bruken av midlane. Spørsmålet er heller om dei Små driftsmidlane faktisk blir brukte. Forskingsadministrasjonen og avdelingane arbeider no med eit oversyn dette. Avdelingane har fått tilsendt eit oversyn over

9 tildelte Små driftsmidlar som ser ut til å ikkje ha vorte nytta av mottakarane. I første omgang er det unytta driftsmidlar i 2011-2012 som no blir rydda opp i, og seinare i år vil unytta driftsmidlar for 2012-2013 bli teke tak i samband med ein gjennomgang av ordninga før utlysing for 2015-2016. Omfanget av unytta driftsmidlar er pr dato følgjande: 2011-2012: Kr 48.100 2012-2013: Kr 95.956 2013-2014: Kr 188.704 I tillegg har de tidlegare vorte sendt tilbake kr 19.979 i unytta Små driftsmidlar. For 2013-2014 er det frist til å nytte midlane i løpet av første halvår 2014, så det vil ikkje vere naturleg å ta tak i dette før på nyåret 2015 før Små driftsmidlar for 2015-2016 skal lysast ut. Framlegg til vedtak: Forskingsutvalet tek orienteringa til vitande. Orienteringssaker: Finansiering og struktur i høgare utdanning: Samarbeid innanfor UH Nett Vest og signal frå Kunnskapsdepartementet. Orientering ved rektor. Nokut-komiteen har kome med førebels vurdering av PhD-søknaden, og høgskulane i Volda og Molde sende svar på merknadene 13. mai 2014. Nytt styre i Stipendiatforeninga. o Styre i Stipendiatforeninga, valt på årsmøte 30. april 2014: o Leiar: Stine Margrethe Ekornes. o Nestleiar: Lone Ellingvåg Knutsen. Status for Forskingsdagane 2014 (ved Geir Tangen). Vedlegg 5. Resultat interne publiseringar 2013 (ved geir Tangen). Vedlegg 6. Doktorgradsdisputasar: o (Ingen fleire førebels) FU-relevante møte og arrangement: o Komande fristar, møte, arrangement med meir: 18.-20. juni: Fjordkonferansen, Loen. Felleskonferanse for forskarar frå høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Vedlegg: 1) Framlegg til protokoll frå FU-møte 3/2014. 2) Individuelle søknader om FoU-stipend. (Vedlegget er unndrege offentleg innsyn fordi det inneheld idear til forskingsprosjekt, jf Offentleglova 26, 4. ledd)). 3) Avdelinganes prioriteringar av FoU-stipend. (Vedlegget er unndrege offentleg innsyn fordi det inneheld idear til forskingsprosjekt, jf Offentleglova 26, 4. ledd)). 4) Framlegg til justerte retningsliner for tildeling av FoU-stipend. 5) Status ang Forskingsdagane 2014 (v/geir Tangen). 6) Resultat interne publiseringar 2013 (v/geir Tangen). 10

Forskingsutvalet Utkast: Protokoll frå møte i Forskingsutvalet (FU) nr 3/2014. Tid: Tysdag 8. april kl 12.15-14.15. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Møtt Per Halse (leiar) Rektor x Ketil Jarl Halse (nestleiar) ASH (dekan) Inger Marie Okkenhaug ASH x Arne Myklebust AHL (dekan) Anne Øie (vara) AHL x Peder Haug AHL x Aud Folkestad AKF (dekan) x Karen Brænne AKF x Sverre Liestøl AMF (dekan) x Pål Aam AMF x Synnøve H. Amdam Stipendiatane Kjartan Leer-Salvesen Stipendiatane x Karoline Strand Studenttinget Kathrine Garshol Studenttinget x Sakshandsamar og skrivar: Johann Roppen FoU-rådgivar Observatørar: Jacob Kjøde jr Direktør, HVO x Bente Gunn Lien Biblioteket, HVO x Geir Tangen FoU-konsulent, HVO x Susanne Moen Ouff Møreforsking Volda Elisabeth Maråk Støle Direktør, Møreforsking AS FU sak 12-2014 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste Vedtak: Godkjent med ei endring: FU sak 17-2014 «Små driftsmidlar for 2014-2015» vart handsama til slutt i møtet. FU sak 13-2014 Godkjenning av protokoll frå FU-møte 2/2014, 25. februar 2014 Vedtak: Godkjent.

2 FU sak 14-2014 Revidering av «Reglar, rettar og plikter for stipendiatar ved Høgskulen i Volda» Vedlegg 2: Framlegg til ny versjon av «Reglar, rettar og plikter for stipendiatar ved Høgskulen i Volda» Høgskulen i Volda har over tid arbeidd systematisk med å klargjere reglar, rettar og plikter for stipendiatar ved Høgskulen i Volda. Det gjeldande regelverket vart vedtatt av Forskingsutvalet i møte 21. oktober 2011. Sidan då har det skjedd endringar som gjer at det er på tide med ei revidering av regelverket. Dels har Forskingsutvalet presisert regelverket, høgskulen har innført nye støtteordningar og høgskulen har innført eit nytt regelverk på HMS-området. FoU-administrasjonen har laga eit utkast til nye retningsliner som har vorte drøfta med stipendiatforeninga og med personaldirektør og dei nye retningslinene vert med dette lagt fram for Forskingsutvalet. Endringar i høve til førre versjon er markerte i det vedlagte dokumentet og er kommenterte nedanfor: 1.2. Opptak: Skal HVO framleis arbeide for institusjonelle avtalar om opptak? 2.1 Tilsetjing, løn og arbeidsstad: Det er foreslått å stryke lønsplassering fordi dette er eit spørsmål som høyrer inn under Høgskulen i Voldas lokale lønspolitiske plan. 2.2 Det blir stilt krav om at stipendiaten avgir rutinemessig rapportering samtidig til doktorgradsgjevande institusjon og til Høgskulen i Volda. Med rutinemessig rapportering er det meint til dømes årsrapport og midtvegsrapport. 3. Fråvær og lenging av stilling Heile kapitlet er omarbeidd på grunn av at det er innført HMS-handbok og at SAP-portalen har vorte teken i bruk i fråværsregistrering. Punkta som er beholdt handlar særleg om stipendiatar. 3.6 Ammepermisjon: Presisering av regelverk. 3.8 Fråvær ved barns sjukdom: Presisering av at fråværet må vere registrert. 4.1 Støtte til utanlandsopphald: Presisering i tråd med tidlegare vedtak i Forskingsutvalet. 4.2 Støtte til språkvask: Presisering av at dette gjeld engelsk. 4.4 Andre støtteordningar: Nytt punkt i tråd med ny praksis.

3 Vedtak: Utkastet til revidert regelverk for stipendiatar vert justert utifrå merknader som kom fram i møtet, og vert lagt fram for godkjenning på neste FU-møte. FU sak 15-2014 Vitskapleg publisering i 2013 Vedlegg 3: Vitskapleg publisering ved HVO for 2013, av FoU-konsulent Geir Tangen. Høgskulen i Volda hadde frå 2011 til 2012 ein sterk nedgang i omfang på vitskapleg publisering, men frå 2012 til 2013 har nedgangen vore like stor med ca 20 færre poeng eller nesten 25 prosent. Det samla talet på publiseringar har minka med vel 10 prosent, men det er fleire publiseringar i form av samforfattarskap, noko som medfører færre publiseringpoeng til Høgskulen i Volda. Høgskulen i Volda har dei siste åra vore blant dei 3-5 beste høgskular i landet målt etter publisering pr fagleg årsverk, men publiseringresultatet for 2013 medfører truleg at høgskulen rykker nedover på denne lista, men det kan noterast at til dømes Høgskulen i Sogndal også har noko lågare vitskapleg produksjon i 2013 samanlikna med 2012. Blant avdelingane er det berre Avdeling for samfunnsfag og historie som har auka publiseringsomfanget frå 2012 til 2013. AKF og AHL har ein liten tilbakegang medan AMF går tilbake frå 20 til ca 2 publiseringspoeng. I høve til stillingskategoriar står professorar for ca 2/3 av dei samla publiseringpoenga. Det kan tenkjast ei rekkje mulege forklaringar på tilbakegangen: Fleire høgproduktive forskarar har slutta ved HVO. Det har vorte fleire studentar pr tilsett, noko som kan ha kravd meir tid til undervisning og medført mindre tid til forsking. HVO har dei siste åra fått færre eksterne forskingsmidlar enn tidlegare og det har dermed vorte mindre tid til forsking. Samarbeidet med Møreforsking er på eit lågt omfang. Det interne poengsystemet som premierer formidling kan medføre svekka fokus på vitskapleg publisering. AMF står aleine for nesten 20 poengs tilbakegang. Er det spesielle årsaker til tilbakegangen på AMF? Det vart invitert til ei opa og brei drøfting av saka i Forskingsutvalet.

4 Vedtak: Forskingsutvalet tek orienteringa frå FoU-konsulenten til vitande og vil kome tilbake til saka i forskingsmeldinga for 2014. FU sak 16-2014 Møreforsking Volda Samarbeidet mellom Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda har dei siste åra vore minkande, og har ført til at det samla forskingsmiljøet i Volda ikkje har utvikla seg slik det burde. Høgskulen i Volda eig Møreforsking AS i lag med dei to andre høgskulane i fylket, men ut frå fagportefølje og tradisjonar har Høgskulen i Volda eit særleg ansvar for Møreforsking Volda. Møreforsking Volda har I eit møte mellom leiinga ved Møreforsking AS og Møreforsking Volda og Høgskulen i Volda vart det diskutert ei rekkje mulege tiltak for å styrke samarbeidet: Invitasjon til idedugnad for å finne på aktuelle tiltak. Lokalisere PhD-stipendiatar på Møreforsking Volda-paviljongen. Opne for at PhD-stipendiatar i 4-årige løp kan bli tilgjengeleg for Møreforsking volda. Inspirerer til fleire bi-stillingar på tvers av institusjonane. Saka vart lagt fram for Forskingsutvalet for drøfting og ideutvikling. Vedtak: FU hadde ei førebels drøfting i møtet utan å gjere vedtak i saka. FU sak 17-2014 Små driftsmidlar for 2014-2015 Saksutgreiing med vedlegg er ikkje offentleg fordi den innheld idear til forskingsprosjekt (Offentleglova 26, 4. ledd). Vedlegg 4: Innkomne søknader på Små driftsmidlar for 2014-2015 (Ikkje offentleg fordi den innheld idear til forskingsprosjekt (Offentleglova 26, 4. ledd). Vedlegg 5: Framlegg til tildeling av Små driftsmidlar for 2014-2015. (Ikkje offentleg fordi den innheld idear til forskingsprosjekt (Offentleglova 26, 4. ledd). Små driftsmidlar for 2014-2015 vart lyst ut ved e-post til alle tilsette og med lenkje til Google-skjema på FoU-sidene (Innsida). Avdelingane fekk tilsendt innkomne søknader like etter at søknadsfristen 1. mars gjekk ut.

5 Avdelingsvis fordeler søknadene seg slik (ut frå avdelingstilknytning til prosjektleiar): Avdeling Tal søknader Samla søknadsbeløp AHL 14 297.000 AKF 6 218.000 AMF 9 199.000 ASH 8 231.000 I alt 38 945.000 I budsjettet for 2014 er det sett av kr 410.000 til Små driftsmidlar. Det har kome inn 38 søknader med eit samla omfang på kr 945.000. Satsane for tildeling er inntil kr 30.000 for individuelle prosjekt og inntil kr 60.000 for forskingsgrupper. I framlegget frå saksbehandlar har forskingsgrupper fått tildelt knapt 50 prosent av dei omsøkte midlane. Dei som tidlegare har søkt om professorstipend har fått tildelt ca 50 prosent. Dei andre søknadene har fått tildelt ca 40 prosent av omsøkt beløp. Nokre få svært små søknader har fått tildelt ein større andel av dei omsøkte midlane enn større og mindre detaljert budsjetterte prosjekt. Vedtak: 1. Små driftsmidlar for 2014-2015 blir fordelt som foreslått i vedlegg 5 med unnatak av endringar vedtatt i møtet. Tildeling blir då slik som i tabellen nedanfor:

6 Fornamn, søkjar Etternamn, søkjar Avdeling Tittel på prosjekt du søkjer om midlar til Vedtak Bente Afset AHL PhD-kurs ved HBV 7 000 Anders Aschim AHL Religion og integrering: Den katolske kyrkja på Sunnmøre Giuliano D'Amico AHL "Tilbake til fremtiden. En bok om den nordiske retrogardismen" 20 000 6 000 Erik Fooladi AHL Internasjonalt samarbeid/utenlandsopphold 15 000 Tor Arne Haugen AHL Norsk grammatikk: ei kognitiv og korpusbasert 7 000 tilnærming. Torhild Høydalsvik AHL Skriveopphald Gilleleje 10 000 Kari Ryslett AHL FoU-utgreiing 12 000 Timothy Saunders AHL Bokprosjekt om R. S. Thomas 3 000 Gerd Sylvi Steinnes AHL Lærebok om førskulelærarolla 8 000 Knut-Willy Sæther AHL Trinitarisk teologi 4 000 Alf Tomas Tønnessen AHL Vitenskapelige konferanser i forbindelse med styreverv 6 000 Bente Vatne AHL Skriveseminar 11 000 Stephen J. Walton AHL CEAD mm 12 000 Ivar John Erdal AKF Konferansedeltaking RIPE@2014 8 000 Ivar John Erdal AKF Lærebok i digital kompetanse 4 000 Carl Nesset AKF Mediating outdoor experiences 13 000 Øystein Salhus AKF Kultur og psykisk helse 27 000 Marit Ulvund AKF Lærebok i Teaching Artist/kunstnerlærer 25 000 Elizabeth Oltedal AKF og AHL Undersøking i ungdomsskulen i faga musikk, kunst & handverk, mat & helse og kroppsøving. Paul Bjerke AMF Nordisk antologi om tenketanker og politisk kommunikasjon 22 000 3 000 Kristian Fuglseth AMF Medieverksemder i Møre og Romsdal 29 000 Kristian Fuglseth AMF Haustseminaret 2014 7 000 Gaute Hareide AMF Utvikling av fotostudium 6 000 Jørgen Lyngvær AMF Utprøving av mobilt opptaksutstyr for radiojournalistikk 3 000 Gunnar Strøm AMF Pordenone 2014. Samarbeid mellom musikk og animasjon 14 000 Gunnar Strøm AMF Bok om Kjell Aukrust 12 000 Gunnar Strøm AMF Norman McLaren 100 år 12 000 Jan Ytrehorn AMF Nordisk seminar for journalistlærarar 3 000 Hallgerd Conradi ASH Grunnlagsforståinga i sosialt arbeid i Noreg 6 000 Anne-Sofie Egset ASH Skandinavisk konferanse om God demensomsorg 5 000 Nathalie Homlong ASH Sustainable socio-economic action and development perspectives for Vienna as a headquarters location. 9 000 Arnfinn Kjelland ASH Integrering av BSS-databasar i HBR 16 000 Rune Kvalsund ASH Seminarverksemd i Forum for livsløpsforsking 29 000 Arnljot Løseth ASH Den industrielle revolusjonen 1750 1850. Storbritannia i eit europeisk og globalt perspektiv 10 000 Inger Marie Okkenhaug ASH Studietur til Armenia 12 000 Egil Arne Standal ASH Samarbeid om juridisk forsking 14 000 410 000

7 2. Før neste utlysing vil FU ha ein gjennomgang av korleis små driftsmidlar kan tildelast meir strategisk. FU sak 18-2014 Rapport frå «Arbeidstidsutvalet» Vedlegg 6: Rapport frå «Arbeidstidsutvalet», høyringsbrev frå rektor og innkomne høyringssvar. Rektor sette ned Arbeidstidsutvalet etter møte i Forskingsutvalet nr 7/2013 i sak 40/2013 om «Kriterier for tildeling av FoU-tid». Utvalets rapport med framlegg til endringar vart oversendt rektor 12. mars 2014, og rektor sende rapporten på høyring til avdelingane, fellesadministrasjonen, STIV og organisasjonane 14. mars 2014. Svarfrist var sett til måndag 31. mars. Pr 1. april hadde det kome høyringssvar frå følgjande: AHL o AKF AMF ASH o o o o Dekan Ivar Aasen-instituttet for språk og kultur FIN-seksjonen Engelsk-seksjonen Seksjon for norsk i lærarutdanningane og NUS-seksjonen Institutt for realfag Institutt for pedagogikk Religion, livssyn og kyrkjefag Avdelingsråd Historisk institutt Institutt for sosialfag Institutt for planlegging og administrasjon Forskarforbundet Utdanningsforbundet Juristforbundet Saka vart lagt fram for Forskingsutvalet for drøfting. Vedtak:

1. FU takkar arbeidsgruppa for utgreiinga. 2. Vi takkar også høyringsinstansane for mange viktige innspel. 3. FU vil kome tilbake til saka i ein større samanheng der mellom anna innstillinga frå rekrutterings- og kompetansehevingsgruppa vert sentral. 8

9 Orienteringssaker: Referat frå møte i Publiseringsutvalet 2/2014. Status for Forskingsdagane 2014 (ved Geir Tangen). Doktorgradsdisputasar: o Siv M. Gamlem, AHL (11. mars) o Liv Grethe Kinn, AHL (3. april) Prosjektsøknader/fristar: o 1. mars 2014: Frist for søknad om små driftsmidlar for 2014-2015. o 1. mai 2014: Frist for søknad om FoU-stipend for 2015. FU-relevante møte og arrangement: o Komande fristar, møte, arrangement med meir: 20. mars: Seminar for arkivadministratorar i Bibsys Brage (Geir Tangen) 1. april: NARMAs vårkonferanse (deltakar: Geir Tangen) Rekrutteringsutvalets rapport BOA-utvalets rapport 18.-20. juni: Fjordkonferansen, Loen. Felleskonferanse for forskarar frå høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Vedlegg: 1) Framlegg til protokoll frå FU-møte 2/2014. 2) Framlegg til revisjon av «Reglar, rettar og plikter for stipendiatar ved Høgskulen i Volda». 3) Vitskapleg publisering ved HVO for 2013 (av Geir Tangen). 4) Søknader på Små driftsmidlar for 2014-2015. 5) Framlegg om tildeling av Små driftsmidlar for 2014-2015. 6) Rapport frå «Arbeidstidsutvalet», høyringsbrev frå rektor og innkomne høyringssvar. 7) Referat frå møte Publiseringsutvalet 2/2014. 8) Status ang Forskingsdagane 2014 v/geir Tangen.

Forskingsutvalet UTKAST: Retningslinjer for tildeling av midlar til FoU-stipend ved HVO Mai 2014 Aktuelle søkjargrupper: Føremål: Fagleg og administrativt personale fast tilsett i minst halv stilling. Gjennomføre eit fagleg basert stipendprogram for vidarekvalifisering. Drive målretta kompetanse- og kunnskapsutvikling. Drive forsking, utviklingsarbeid eller anna verksemd som byggjer opp den faglege, pedagogiske og administrative kompetansen for den enkelte og for institusjonen. FoU-stipenda skal først og fremst gje kompetanseutvikling utover høgskulelektornivå eller tilsvarande. Innhald i søknaden: Formål og opplegg for studieprogrammet. Tidsrom for permisjon. Søknadssum. Budsjett for korleis midlane er tenkt brukt. Andre finansieringskjelder. Tidlegare tildelt(e) FoU- eller vikarstipend. Sakshandsaming: Avdelingsrådet handsamar og prioriterer søknadene ut frå kvalitet og verdi for avdelinga sine fagområde, arbeidssituasjonen i avdelinga og strategiske satsingsområde. Prioriteringa er rådgjevande. Forskingsutvalet tildeler FoU-stipenda. Kriterier for prioritering av søknadene: Grad av oppfylling av føremåla med ordninga. Søknadens kvalitet og føresetnader for gjennomføring. Verdi for høgskulens undervisning, studieopplegg og administrative organisering. Tverrfagleg og samarbeidsretta internt/eksternt. Verdi som fagleg kompetanseutvikling for personalet ved HVO. Spørsmål som er av særleg verdi for regionen. Tilpassingsavtalen til Hovudavtalen, pkt. 3.2. (likestilling). Tidlegare tildeling og tenestetid. Vilkår for tildeling: Det må skaffast kvalifisert vikar. Stipendmottakaren bind seg ved søknad om FoU-stipend til å arbeide ved høgskulen dobbelt så lang tid som permisjonen varer. Det må leverast skriftleg rapport om gjennomføringa til høgskulen så snart FoU-stipendet er gjennomført. Side 1 av 1

FoU-administrasjonen Til: Forskingsutvalet Frå: Geir Tangen, FoU-konsulent Dato: 12.05.14 Emne: Forskingsdagane 2014 ved Høgskulen i Volda Program for Forskingsdagane 2014 ved Høgskulen i Volda «Kommunikasjon» Prosjektgruppa har lagt det nasjonale temaet «Kommunikasjon» til grunn for arbeidet med programutforminga for Forskingsdagane 2014 ved Høgskulen i Volda. Knytt til det nasjonale temaet «Kommunikasjon» vil ein m.a. arrangere eit kommunikasjonsseminar som eit samarbeidsarrangement mellom Høgskulen i Volda, Høgskulen i Ålesund og Kommunikasjonsforeninga i Møre og Romsdal under Forskingsdagane 2014. Fleire andre av arrangementa kan på ulikt vis knytast til det nasjonale temaet «Kommunikasjon». Vidare har prosjektgruppa planlagt arrangement knytt til «Grunnlovsjubileet 1814-2014», forskingsprosjektet «Norges fiskeri- og kysthistorie» og at ein vidareutviklar samarbeidet med ulike lokale og regionale samarbeidsaktørar (jf. dei positive erfaringane frå Forskingsdagane 2013). Forskingsdagane 2013 hadde ein relativt god «balanse» mellom arrangement knytt til dagtid, ettermiddag- og kveldstid og helg for å kunne nå eit meir variert og breidt publikum. Vidare vart nokre av arrangementa lagt «off-campus». Dette har prosjektgruppa vidareført under Forskingsdagane 2014. Ein har arbeidd med å leggje arrangement til m.a. Herøy og Ulstein. Kort presentasjon av dei planlagde arrangementa under Forskingsdagane 2014 (Med atterhald om endringar) Fredag 19. september 2014 kl. 11 Utdeling av FoU-prisen. Biblioteket, HVO. Side 1 av 7

Laurdag 20. september 2014 «Samfunnshistorisk vandring». Eivind Indresøvde, Jørgen Amdam m.fl. ASH. Tema: Lokal og regional samferdselshistorie med vekt på flyplasshistorie/vegutbygging. Formidlingsområde: Bil & Gummiservice AS og evt. Avinor/Ørsta-Volda lufthamn, Hovden. Moglege samarbeidspartnarar: Avinor, Veteranvognklubben Ørsta & Volda, Rutebilhistorisk Forening, StudiebygdA. Søndag 21. september 2014 kl. 13-16 «Matkultur i Volda Bygdetun». Kari Ryslett og Erik Fooladi, AHL. Volda Bygdetun. Søndag 21. september 2014 kl. 15-17 Forskingsprosjektet «Norges fiskeri- og kysthistorie». Presentasjon av bind to: Ekspansjon i eksportfiskeriene v/ Atle Døssland og Arnljot Løseth, ASH. Runde Miljøsenter, Herøy. Måndag 23. september kl. 10-11 «Selfies i sosiale medier». Erling Sivertsen, AMF. BK 161, HVO Side 2 av 7

Måndag 22. september 2014 kl. 13.30-15 Eldreuniversitetet. «Grunnlovsjubileet 1814-2014». Harald Krøvel, ASH. BK 161, HVO. Måndag 22. september 2014 kl. 13-13.30 Om standardiseringa av det engelske språket. Vibeke Jensen, AHL. BK 159, HVO. Måndag 22. september 2014 kl. 15-15.30 Communicating with an absent God. Focus would be on the poetry of the Welsh poet and priest R. S. Thomas, who was influenced by S. Kierkegaard, amongst others. Timothy Saunders, AHL. BK 159, HVO. Måndag 22. september 2014 kl. 20-22 «Pecha Kucha». Stipendiatar frå ulike avdelingar ved HVO. Rokken, Volda. Om mogleg eventproduksjon v/ Carl Jørgen Nesset m.fl., AKF. Side 3 av 7

Tysdag 23. september 2014 kl. 10-12 Mastermøte - Nynorsk skriftkultur v/øystein Hide, AHL. BK 158, HVO. Tysdag 23. september 2014 kl. 12-14 Mastermøte - Kulturmøte v/inger Marie Okkenhaug, ASH/AHL. BK 158, HVO. Tysdag 23. september 2014 kl. 10-12 Mastermøte - Spesialpedagogikk v/peder Haug, AHL. Mastermøte - Undervisning og læring v/ Arne Kåre Topphol, AHL. BK 159, HVO. Tysdag 23. september 2014 kl. 09-12 «Samfunnsplanleggingsdagen». IPAS, ASH. Strøm 244, HVO. Tysdag 23. september 2014 kl. 13-15 Mastermøte - Samfunnsplanlegging og leiing v/roar Amdam, ASH. Mastermøte - Helse- og sosialfag v/ Kåre Heggen, ASH. Strøm 244, HVO. Side 4 av 7

Tysdag 23. september 2014 kl. 14.30-17.30 «Fagseminar for praksislærarar». AHL. BK 161, HVO. Tysdag 23. september 2014 kl. 11.30-16 «Kommunikasjonsseminar». Kristian Fuglseth (AMF), Jens Groven Standal (AMF) m.fl. Høgskulen i Volda, Høgskolen i Ålesund og Norsk kommunikasjonsforening Møre og Romsdal vil arrangere eit seminar om risikokommunikasjon og krisehandtering i samarbeid med Rolls Royce ved NCE Maritime i Ålesund. Tema for seminaret er risikokommunikasjon, risiko- og beredskapsleiing og krisehandtering, og vert halde ved NCE Maritime, Ålesund. Tysdag 23. september 2014 kl. 18-20 Prosjektet Picadon - Music, Dance, Film. Norge/Japan. Magnar Åm, AKF og Gunnar Strøm, AMF. Konsertsalen, Kaarstad-huset. Tysdag 23. september 2014 kl. 20-22 Mastermøte - Dokumentar og journalistikk v/pål Aam, AMF. Foredrag og vising av klipp v/kristian Fuglseth, AMF: «Dokumentar som strategisk kommunikasjon utdrag frå ei analyse av Norge i krig». Dokumentarfilm: «Sunnmøres Fjellhistorie» av Carl Jørgen Nesset og Eirik Vaage. Rokken, Volda. Om mogleg i samarbeid med Den Norske Dokumentarfilmfestivalen («Doc Lounge»). Side 5 av 7

Måndag 22. september eller 23. september 2014 «Musikk i demensomsorga». Anne Sofie Egset, ASH og Øystein Salhus, AKF. Fagdag om musikk og demens i samarbeid med Ulstein kommune. Måndag 22. september eller tysdag 23. september 2014 «Ung på Sunnmøre». Presentasjon av rapporten «Ung på Sunnmøre» v/ Johann Roppen (AMF/ADM) og Lars Jørgen Vik. Fosnavåg, Herøy. Arrangement under vurdering/planlegging Søndag 21. september 2014 «Litteraturkveld i Ivar Aasen-tunet» Moglege tema: Jan Inge Sørbø om Arne Garborg. Geir Hjorthol om Kjartan Fløgstad. I samarbeid med Nynorsk kultursentrum. Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda. Måndag 22. september 2014 «Ord og tonar - kveld» AKF/AHL/ASH I samband med 150 års jubileet til Ørsta kyrkje. I samarbeid med Volda og Ørsta Kyrkjeakademi. Side 6 av 7

Interkulturell kommunikasjon Reidun Aambø, AHL. Jazzgitar frå innøving til utøving Workshop eller jazzkafe knytt til Stein Helge Solstad si avhandling. Moglege formidlingsarenaer: Kaarstad-huset, Mylna, Porse, Det Grøne Treet, Fugl Fønix. Om mogleg i samarbeid med Volda og Ørsta Jazzklubb. Side 7 av 7

FoU-administrasjonen Til: Forskingsutvalet Frå: FoU-administrasjonen v/geir Tangen Dato: 12.05.14 Emne: Fordeling av interne FoU-poeng 2013 FORDELING AV INTERNE FOU-POENG 2013 FoU-konsulenten har vurdert registreringane i Cristin i tråd med gjeldande retningsliner for interne FoU-poeng (Vedtatt av Forskingsutvalet 12. mai 2011). Forslaget til fordelinga av dei interne FoU-poenga vart sendt til avdelingane ved dekanane 25. april 2014, med frist for eventuelle merknader innan 1. mai 2014. Merknader frå avdelingane har ein innarbeidd i fordelinga av dei interne FoU-poenga. Poengproduksjon ved Høgskulen i Volda i 2013 fordelt på avdeling Samla poengsum ved Høgskulen i Volda i 2013 er 6938,72. Tilsvarande poengsum ved Høgskulen i Volda i 2012 var 6821,47. Poengproduksjonen i 2013 fordelt på dei einskilde avdelingane ved Høgskulen i Volda syner følgjande: AHL ASH AMF AKF Samla poengsum 2140,75 poeng 2013,80 poeng 1825,83 poeng 958,34 poeng 6938,72 poeng Side 1 av 1