SMITTEVERNPLAN FOR SAMNANGER KOMMUNE



Like dokumenter
Kvam herad. Sakspapir

FORSKRIFT OM KOMMUNENS VAKSINASJONSTILBUD I HENHOLD TIL DET NASJONALE VAKSINASJONSPROGRAMMET

Dette er ein revisjon av smittevernplan for Fedje kommune vedteke i kommunestyret september 2012.

SMITTEVERNPLAN

Mal for kommunal smittevernplan

Naustdal Kommune. Seksjon Helse SMITTEVERNPLAN

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Smittevernplan med tuberkulosekontrollprogram

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Strategiplan for Apoteka Vest HF

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

BEREDSKAPSPLAN DEL 8: SMITTEVERNPLAN Fusa kommune 1241

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

10/60-14/N-211//AMS

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

OSTERØY KOMMUNE SMITTEVERNPLAN

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

1. Mål med samhandlingsreforma

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

Helsetilbodet til asylsøkjarar - aktuell informasjon 15. mars 2015

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Juridiske rammer for Vaksinasjonsprogram i Norge

Disponering av avfall fra bygging, rehabilitering og riving

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

SMITTEVERNPLAN

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Har vi et barnevaksinasjonsprogram som virker? Marianne A. Riise Bergsaker Avdeling for vaksine Divisjon for smittevern Folkehelseinstituttet

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

Saksnr Utval Møtedato

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

MØTEBOK Tysnes kommune

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Søknad om løyve til sal av alkohol gruppe 1 (Alkoholhaldig drikk 2.5% < 4,5% alk) jf. Alkoholloven av 2.juni 1989 nr.27

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Forsand kommune Personalkontoret

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Tenesteavtale 5. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

Plan for overgangar. for barn og unge

Reglar for kommunale tilskot til. næringslivet. i Åseral.

Aurland kommune Rådmannen

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Tenesteavtale5. Mellom Tysvær kommune og Helse Fonna HF. Ansvars- og oppgåvefordeling ved opphald i, og utskriving av

Permisjonsreglement: Vedteke av kommunestyret i k-sak 30/11 den Saknr. Arkivkode Dato AHE 11/

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Kvalitetsplan mot mobbing

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Nissedal kommune Kommunal plan for tilsyn med barnehagane i Nissedal kommune etter Barnehagelova

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Innføring av hepatitt B-vaksine i barnevaksinasjonsprogrammet. Forslag til endringer i forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Transkript:

SMITTEVERNPLAN FOR SAMNANGER KOMMUNE Revidert november 2014

FORORD Smittevernlova frå 1995 set krav om at alle kommunar skal ha ein smittevernplan. Lova seier at smittevernlegen i kommunen skal leia arbeidet med smittevernplanen. Kommunestyret ved Utval for oppvekst og omsorg vedtok den første smittevernplanen i Samnanger kommune 1. juni 2004. Denne nye smittevernplanen er den første revisjonen sidan 2004. Plan for pandemi er og ein del av smittevernplanen. I samband med svineinfluensapandemien i 2009 vart det laga eit utkast til pandemiplan. Dette utkastet er omarbeida på bakgrunn av erfaringane frå pandemien og massevaksinasjonen i 2009. Pandemiplanen er no inkludert i smittevernplanen. Denne reviderte smittevernplanen byggjer på smittevernplanen frå 2004, men det er gjort store endringar i teksten, betydelege tilføyingar, og namn på einingar og tilsette er oppdaterte. Av lov- og forskriftsendringar som har medført endringar skal særskilt nemnast fagområda tuberkulose og legionella. I revisjonen ligg no eit eige kapittel om legionella. I smittevernplanen er det teke med dei punkt som er tilrådde frå sentrale helsestyresmakter. Underteikna har freista å tilpassa planen situasjonen i Samnanger kommune. Ei rekkje smittevernmessige lovkrav som ikkje er relevante for Samnanger (t.d. vedr. flyplassar, hamneanlegg) er uteletne frå planen. Planen er i første rekkje eit fagleg arbeidsdokument, og styringsdokument for administrasjon og helsepersonell. Planen er ikkje meint å vera politisk eller fagleg kontroversiell. Då det epidemiologiske bildet kan endra seg raskt, er planen difor ikkje for detaljert på fagnivå. Planen skal omtala dei større linjene i smittevernarbeidet. Smittevernlova 7-2 pålegg smittevernlegen (i Samnanger: kommuneoverlegen) å utarbeide framlegg til smittevernplan. Lovtekst og sentrale rettleiarar ligg berre føre på bokmål. Å tilpasse dette til nynorsk vil vera ei svært stor administrativ oppgåve. Desse tekstane er difor i hovudsak skrivne på bokmål. Mange stadar i teksten er det laga hyperkoplingar. Klikk på lenka for å koma direkte til aktuell side. Meland kommune sin smittevernplan er brukt som hjelp og inspirasjon, etter avtale med kommuneoverlegen der. Fleire av dei generelle tekstavsnitta er nytta direkte. Leiande helsesyster Kari Anne Tolås Boge har kome med verdifulle data, innspel og rettingar. Samnanger, 17. november 2014 Harald Ramm Salbu kommuneoverlege/smittevernlege 1

Innhald Kapittel 1 INNLEIING - PLANFORANKRING 1.1 Mål for smittevernarbeidet i Samnanger kommune 5 1.2 Føremålet med planen 5 1.3 Formelt grunnlag og faglege referansar 5 1.4 Kommunen sine oppåver (plikter og ansvar) i smittevernet 7 1.5 Smittevernlegen og ansvar 7 1.6 Samanheng med anna kommunalt planverk 8 1.7 Kommunen og helsetenesta si organisering 8 1.8 Økonomiske rammer 9 1.9 Smittevernlegen si oppgåve vedr. revisjon av smittevernplan 9 1.10 Rådmannen sine fullmakter vedr. revisjon av plan 9 1.11 Kommunestyret si godkjenning av endringar 10 1.12 Tilgong til planen og distribusjonsrutinar 10 1.13 Gyldigheit av smittevernplanen 10 Kapittel 2 LOKALE FORHOLD 2.1 Generelt 11 2.2 Spesielle verksemder 11 2.3 Befolkninga 11 2.4 Epidemiologiske utfordringar 12 2.5 Næringsmidlar, handtering av avfall og avlaup 12 2.6 Andre risikotilhøve i kommunen som har noko å seia for smittevernet 12 2.7 Kommunehelsetenesta sine ressursar 12 2.8 Andre ikkje-kommunale etatar som har innverknad på smittev.arbeidet 13 Kapittel 3 SMITTEVERN I NORMALSITUASJONER 3.1 Føremål 14 3.2 Helseopplysning 14 3.3 Fast vaksinasjonsprogram for barn 14 3.4 Meldeplikt for legar 14 3.5 Meldeplikt for anna helsepersonell 15 3.6 Varsling i andre situasjonar 15 3.7 Vaksinering mot sesonginfluensa 15 3.8 Vaksinering for hepatitt B til særleg smitteutsette grupper 17 3.9 Reisevaksinering 17 3.10 Vaksinasjon ved sårskadar 17 3.11 HIV/AIDS-førebyggjande tiltak 17 3.12 Seksuelt overførte sjukdomar SOS 18 3.13 Mottak av flyktningar 18 3.14 Smittevern versus miljøretta helsevern 18 2

Kapittel 4 FASTE VAKSINASJONSPROGRAM - BARN 4.1 Føremål 19 4.2 Bruksområde 19 4.3 Ansvar 19 4.4 Dokumentasjon 19 4.5 Biverknader og meldeplikt 19 4.6 Vaksinasjonsdekning i Samnanger 20 4.7 Vaksinasjonsprogrammet 20 Kapittel 5 SMITTEVERN I BEREDSKAPSSITUASJONER 5.1 Kartlegging og vurdering smittevernlegen sine oppgåver 23 5.2 Tiltak og varsling smittevernlegen sine oppgåver 23 5.3 Tilgjenge til smittevernlegen 23 5.4 Departementet sine rettar (Smittevernlova 3-8) 24 5.5 Møteforbod, stenging m. v. (Smittevernlova 4-1) hastevedtak 24 5.6 Forbod mot utføring av arbeid m.m. (Smittevernlova 4-2) 24 5.7 Obduksjon og gravferd (Smittevernlova 4-5, 4-6) 25 5.8 Plikt for helsepersonell til å gjennomgå opplæring m.m. 25 5.9 Tvangstiltak ovanfor smitta personar (Smittevernlova 5) 25 5.10 Beredskapsgruppe for smittevern i Samnanger kommune 26 Kapittel 6 FOREBYGGING AV SMITTE MED LEGIONELLA 6.1 Innleiing og utbreiing 28 6.2 Sentrale referansar 28 6.3 Viktige utdrag frå Forskrift om miljøretta helsevern, kap 3a 29 6.4 Utbreiing og veksttilhøve 29 6.5 Ansvarstilhøve 29 6.6 Vurdering av lokale tilhøve i Samnanger kommune 30 6.7 Generelle førebyggjande tiltak ved verksemder og privatpersonar 30 6.8 Kommunehelsetenesta sine oppgåver ved påviste tilfeller 30 Kapittel 7 PLAN FOR PANDEMISK INFLUENSA 7.1 Innleiing oversikt og formål 32 7.2 Viktige referansar 32 7.3 Kva er pandemi? 33 7.4 Pandemiplan for Samnanger kommune 33 7.5 Nasjonale helsestyresmakter si rolle 34 7.6 Viktige samarbeidspartnarar for kommunen 34 7.7 Kommunen sine hovudoppgåver ved pandemi 34 7.8 Kommunale helsepersonell-ressursar i normalsituasjon 35 7.9 Sjukdom og død under pandemisk influensa i Noreg 35 7.10 Vaksinasjon innleiing 37 7.11 Plan for vaksinasjon i Samnanger kommune 37 3

7.12 Massevaksinasjon av innbyggjarane i Samnanger 38 7.13 Vaksinasjon av prioriterte grupper 39 7.14 Erfaringar frå vaksinasjonsopplegget under pandemien i 2009 39 7.15 Praktisk gjennomføring av massevaksinasjon 40 7.16 Handtering av døde 41 7.17 Informasjon 41 7.18 Innkvartering/lasarett 41 7.20 Viktige moment i dei ulike fasane av ein epidemi 41 7.21 Psykososiale støttefunksjonar 43 7.22 Rutinar for legekontoret 44 Kapittel 8 PROGRAM FOR TUBERKULOSEKONTROLL 8.1 Innleiing bakgrunn 46 8.2 Nokre hovudtrekk i Forskrift om tuberkulosekontroll 46 8.3 Definisjonar 47 8.4 Ansvarstilhøve kommunen sine oppgåver 47 8.5 Ansvarstilhøve smittevernlegen sitt ansvar 47 8.6 Ansvarstilhøve helsesøster sitt ansvar 48 8.7 Ansvarstilhøve Pleie- og omsorgstenesta sitt ansvar 49 8.8 Ansvarstilhøve Helsepersonell elles meldeplikt m.v. 49 8.9 Rutinar for direkte observert behandling 49 8.10 Ansvarsforhold for personar tilmeldt fastlege utanfor heimkommunen 50 8.11 Plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking 50 8.12 Identifikasjon av risikoindivid og risikogrupper 51 8.13 Diagnostikk av tuberkulose 51 8.14 Tiltak ved tilfelle av tuberkulose 52 8.15 Smitteoppsporing 52 8.16 Informasjon 52 8.17 Vaksinasjon 53 8.18 Spesifikke rutinar 53 VEDLEGG Vedlegg 1 Liste over smittsame sjukdomar 54 4

Kapittel 1 INNLEIING PLANFORANKRING 1.1 Mål for smittevernarbeidet i Samnanger kommune Målet med smittevernarbeidet er å sikre innbyggjarane vern mot smittsame sjukdomar. Dette skjer ved å freista å hindre at smittsame sjukdomar vert ført inn eller ut av kommunen, eller at eit aktuelt smitteutbrot vert overførde mellom innbyggjarane i kommunen. 1.2 Føremålet med planen Operativt smittevern er eit kommunalt ansvar. Smittevernplanen har som føremål å vera eit hjelpemiddel og eit reiskap i arbeidet for vern mot smittsame sjukdommar i Samnanger kommune i fredstid. Planen legg også grunnlag for lokalt smittevern i krigstid og ved terroranslag med biologiske verkemidlar. Smittevernplanen skal skildra generelle prinsipp for kommunalt smittevernarbeid, både i ein normalsituasjon og i beredskapssituasjonar. Planen skal oppfylle dei formelle lovkrav som er gitt kommunen i vernet mot smittsame sjukdomar. Vidare skal planen også leggja føringar for kommunen si verksemd og prioriteringar i den grad smittevernfaglege omsyn vert råka. 1.3 Formelt grunnlag og faglege referansar Planen er ein revisjon av tidlegare smittevernplan, godkjend av Utval for oppvekst og omsorg 1. juni 2004. Strukturen i planen er noko endra. Det same gjeld og innhald, ikkje minst i høve til nye lovverk og endringar i faglege tilrådingar. Alle kommunar er pålagde å ha ein smittevernplan (lovkrav frå 1995). Planen byggjer på krava i Smittevernlova med forarbeid og forskrifter. Planen byggjer også på faglege tilrådingar som ikkje nødvendigvis er nedteikna i lov eller forskrift. Smittevernloven 7-2 pålegg smittevernlegen (i praksis ofte kommuneoverlegen) å utarbeide framlegg til smittevernplan. Fylkesmannen i Hordaland tilrår at kommunen reviderer smittevernplanen i samband med rullering av kommuneplanen, og elles når det er trong for det eller dersom det skjer endringar i lovverk og retningsliner. Plan- og bygningslova pålegg kommunane å utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi minst ein gong kvar valperiode. Planstrategien bør, mellom anna, omtale aktiviteten i dei ulike sektorane og vurdera kommunen sine planbehov i valperioden. Kommunestyret skal vurdere om det er naudsynt å revidera heile eller delar av gjeldande kommuneplan, eller om planen skal førast vidare utan endringar. Smittevernplanen er ein tematisk delplan til kommuneplanen si samfunnsdel. Smittevernplanen skal henga saman med kommunen sin helse- og sosialberedskapsplan og skal innehalde tiltak for smittevern i beredskapssituasjonar. I tillegg skal planen innehalda tuberkulosekontrollprogram og plan for pandemisk influensa. 5

Aktuelle referansar FORSKRIFT FOR BADEANLEGG, BASSENGBAD OG BADSTU M.V. http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-19960613-0592.html FORSKRIFT OM MILJØRETTA HELSEVERN I-3/2008 FORSKRIFT OM NASJONALT VAKSINASJONSPROGRAM http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20091002-1229.html FORSKRIFT OM ALLMENNFARLIGE SMITTSOMME SYKDOMMER FOR-1995-01-01-100 FORSKRIFT OM TUBERKULOSEKONTROLL FOR-2009-02-13-205 HELSE- OG OMSORGSTENESTELOVA LOV-2011-06-24-30 LEGEMIDDELHÅNDTERING FOR VIRKSOMHETER OG HELSEPERSONELL SOM YTER HELSEHJELP http://www.helsedirektoratet.no/publikasjoner/legemiddelhandtering-for-virksomheter-oghelsepersonell-som-yter-helsehjelp/sider/default.aspx LOV OM HELSEPERSONELL (HELSEPERSONELLOVA) http://lovdata.no/cgi-wift/wiftldles?doc=/app/gratis/www/docroot/all/nl-19990702-064.html&emne=helsepersonell*&& NASJONAL BEREDSKAPSPLAN FOR PANDEMISK INFLUENSA http://www.regjeringen.no/nb/dep/hod/tema/helseberedskap/pandemiplan.html?id=408552 SMITTEVERNBOKA http://www.fhi.no/publikasjoner-og-haandboker/smittevernboka SMITTEVERNLOVA LOV-1994-08-05-55 SMITTEVERN 14 http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=233&trg=mainleft_5583&mainarea_5661=5583: 0:15,1361:1:0:0:::0:0&MainLeft_5583=5603:63152::1:5585:1:::0:0 SMITTEVERN 17 http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=233&trg=mainleft_5565&mainarea_5661=5565: 0:15,4640:1:0:0:::0:0&MainLeft_5565=5544:79867::1:5569:1:::0:0 TUBERKULOSEVEILEDEREN http://www.fhi.no/publikasjoner-og-haandboker/tuberkuloseveilederen 6

VAKSINASJONSBOKA http://www.fhi.no/publikasjoner-og-haandboker/vaksinasjonsboka VANNRAPPORT 115: FOREBYGGING AV LEGIONELLASMITTE EN VEILEDNING http://www.fhi.no/dokumenter/615495e61f.pdf DIVERSE FAGLEGE PUBLIKASJONAR www.fhi.no 1.4 Kommunen sine plikter og ansvar i smittevernet Jmf. smittevernloven (SML) 6 og 7 I utgangspunktet har alle rett til smittevernhjelp når det gjeld ein kvar smittsam sjukdom. Den einskilde vil frå kommunen si side ha rett til relevante tenester og tiltak frå for eksempel allmennlegetenesta, helsesøstertenesta, pleie- og omsorgstenesta, og også frå andre etatar, der det er relevant, f. eks. sosialtenesta. Rett til hjelp betyr ikkje at hjelpa nødvendigvis er gratis, men Helfo dekkjer utgifter til undersøking og behandling ved allmennfarlege smittsame sjukdomar. Når ein i denne smittevernplanen nyttar omgrepet allmennfarlige smittsame sjukdomar, refererer ein til dei sjukdomar som er nemnd i Forskrift om allmennfarlige smittsamme sjukdomar (FOR-1995-01-01-100). Liste over kva for sjukdomar dette gjeld, ligg som vedlegg til planen. Smitteoppsporing og kommunal oppfølging av smitta og sjuke med allmennfarlig smittsam sjukdom er en kommunal oppgåve, gjennom både legeteneste, helsesøsterteneste, sosialteneste og pleie- og omsorgsteneste. Kommunen skal utføre dei oppgåver innan smittevernet som vert pålagde i SML eller i avgjerder i medhald av lova, herunder o Skaffa seg oversikt over arten og omfanget av dei smittsame sjukdomane som førekjem i kommunen o Driva opplysning om smittsame sjukdomar og gje råd og rettleiing om korleis dei kan førebyggjast o Syta for at individuelt førebyggjande tiltak ver sett i verk o Syta for at andre tiltak i SML eller Helse- og omsorgstenestelova ver sett i verk. 1.5 Smittevernlegen og ansvar I medhald av SML skal kommunestyret peika ut ein av kommunelegane til å utføra oppgåvene innan smittevernet. Det bør også peikast ut ein stedfortredar. I Samnanger kommune er kommuneoverlegen smittevernlege. Det er ikkje peika ut stedfortredar. Etter SML har smittevernlegen ei noko særskilt stilling i høve til kommuneadministrasjonen: o Smittevernlegen handlar på direkte delegasjon frå kommunestyret. o Smittevernlegen skal utarbeide framlegg til plan for helsetenesta sitt arbeid med vern mot smittsame sjukdomar, herunder beredskapsplanar og tiltak 7

(dvs. smittevernplan). Vidare heiter det i lova at smittevernlegen skal leia og organisera dette arbeidet. o Smittevernlegen skal utføre dei oppgåvene som er gjevne i SML o Smittevernlegen har det administrative ansvaret for iverksetting av kommunale vedtak innan smittevern. o I dei saker der smittevernlegen er gjeven direkte mynde i lova, vil han eller ho vere sjølvstendig i høve til kommunen. 1.6 Samanheng med anna kommunalt planverk Smittevernplanen er ein del av kommunen sitt generelle planverk, spesielt beredskapsplanverket. For å unngå at faglege tilrådingar med tida vert ståande i planen sjølv om dei er gått ut på dato er det viktig at smittevernplanen er av generell karakter. Det er viktig at ein skil smittevernplanen frå faglege rutinar/prosedyrar som må endrast fortløpande ettersom det epidemiologiske biletet endrar seg og samfunnet får ny kunnskap om smittsame sjukdomar. Med unnatak av tuberkulose, vil spesifikke anbefalingar vedkomande oppfølging og behandling av konkrete sjukdomar difor i liten grad ha rettmessig plass i smittevernplanen. Det ligg til det aktuelle fagpersonell å utarbeide spesifikke faglege retningsliner, t.d. prosedyrehandbok for helsestasjon, legekontor og pleie- og omorgstenesta. 1.7 Kommunen og helsetenesta si organisering Forutan oversikta under, viser ein til kommunen sitt organisasjonskart, stillingsomtalar og planverk elles. 8

1.8 Økonomiske rammer Dei økonomiske rammene for arbeidet med smittevernet er integrert i kommunen sitt ordinære driftsbudsjett, hovudsakleg over legekapitlet. Smittevernarbeidet vil ofte gå føre seg på tvers av fagetatar, t.d. i saker som dreier seg om drikkevatn, kloakk, skular og barnehagar. Godkjenning av smittevernplanen får i seg sjølv ingen direkte økonomisk konsekvens for Samnanger kommune. Det ordinære smittevernarbeidet og smittevernberedskapen som er skissert, føreset at det vert dekka innanfor eksisterande rammer og stillingsomtalar. Likevel må ekstrautgiftar påreknast ved ulike situasjonar som kan oppstå, t.d. ved utbrot av allmennfarleg smittsam sjukdom. Ein må også pårekna at ekstrautgifter kan koma til ved trong for naudsynte faglege oppdateringar, eller iverksetjing av tiltak på bakgrunn av nasjonale eller internasjonale situasjonar, t.d. influensapandemi. 1.9 Smittevernlegen sin oppgåve vedr. revisjon av smittevernplan Smittevernlegen har ansvar for å utarbeida framlegg til endring av smittevernplanen, normalt kvart fjerde år. Ny revidert plan skal godkjennast av utval for oppvekst og omsorg. Jmf. reglement for delegering. 1.10 Rådmannen sine fullmakter vedr. revisjon av plan Ved godkjenning av denne planen gjev kommunestyret rådmannen fullmakt til å føreta følgjande endringar i planen utan ny handsaming i kommunestyret: 9

Endringar i adresseliste, namneliste, varslingsplanar m.v. som følgje av vedtekne organisatoriske endringar, nytilsetjingar, nye adresselistar og telefonnummer etc. Korreksjon av mindre feil (skrivefeil, gal ordbruk etc) som ikkje har vesentleg innverknad på innhaldet i planen. Faglege endringar etter tilråding frå kommuneoverlegen når dette har sin bakgrunn i endra epidemiologiske tilhøve, endra trusselbilete eller nye faglege tilrådingar. Endringane skal ikkje få vesentlege organisatoriske eller økonomiske konsekvensar for kommunen. Naudsynte endringar som følgje av revisjon av kommunalt planverk elles, internkontrollsystem eller beredskapsplanar. 1.11 Kommunestyret si godkjenning av endringar Endringar som ikkje er omtalt under punkt 1.10 krev politisk godkjenning. 1.12 Tilgang til planen og distribusjonsrutinar Smittevernplanen er eit offentleg dokument, og bør vere tilgjengeleg på kommunen sine nettsider. Smittevernplanen skal vere kjend for, og vere lett tilgjengeleg for alt helsepersonell i kommunen, samt alle leiarar og politikarar. 1.13 Gyldigheit av smittevernplanen Smittevernplanen er gyldig frå og med godkjenningsdato og fire år fram i tid. Smittevernplanen er ikkje gyldig utan godkjenning i politisk organ. Dersom smittevernplanen ikkje er revidert innan fire år etter godkjenning, gjeld likevel planen inntil ny politisk handsaming. Då alle kommunar er pålagde å ha ein smittevernplan, kan smittevernplanen ikkje opphevast utan at den samstundes vert erstatte med ein ny. 10

Kapittel 2 LOKALE TILHØVE 2.1 Generelt Samnanger kommune er nabo til byen Bergen, og ligg mellom kommunane Bergen, Os, Fusa og Kvam. Det er om lag 40 minuttars køyretid til Bergen sentrum. Størsteparten av arbeidsstyrken pendlar ut av kommunen, hovudsakleg til Bergen, men ein del også til Fusa, Os og Kvam. Kommunen med sine forskjellige etatar er den verksemda i bygda som sysselset flest. I kommunen er det noko mindre næringsverksemd og noko gardsdrift. Det er ikkje næringsmiddelindustri i kommunen, men to serveringsstader - som også tilbyr overnatting. Kommunen har store friluftsområde, og det vert drive jakt og fiske. Det er og fleire hytteområde i kommunen. Eikedalen Skisenter ligg i Samnanger kommune på grensa til Kvam. Trass i lang kystline i kommunen, er det lite båttrafikk utanom fritidstrafikk. Det er ikkje større kaianlegg i kommunen. 2.2 Spesielle verksemder Sætervika Ungdomssenter er ein leirstad om lag 15 minutters køyring frå kommunesenteret i retning mot Fusa. Her er det ofte store samlingar born og unge, samt vaksne til leir, vesentleg i helgane. Eikedalen Skisenter med serveringsstad. Lokalisert ca 15 minutters køyring mot Kvam. Open i vintersesongen. Bjørkheim Kro og Motell A/S lokalisert sentralt i kommunen. Sigmundsstova. Lokalisert sentralt i kommunen. Serveringsstad med tilbod om overnatting. Samnangerheimen. Sjukeheim med 30 senger. 2.3 Befolkninga Kommunen hadde 2443 innbyggjarar ved utgangen av 2014. Samanliknar ein med landet elles ser ein i Samnanger ei lita større andel av dei eldste. Elles er befolkningssamansetninga lik. Befolkningsmengda har vore stabil dei siste åra, og forventast å vere stabil dei næraste åra. Dei fleste bur på tettstadane i området på Bjørkheim, Lønnebakken, Tysse/Haga og i Rolvsvåg, men her er og ein del spreidd busetjing. Det er ein del gjennomgangstrafikk i 11

kommunen. Rv 7 mot Hardanger og Fv 48 mot Eikelandsosen har alle mykje trafikk. Fv137 mot Os er mindre trafikkbelasta. Kommunestyret har over mange år tatt imot flyktingar. Og saman med arbeidsinnvardrarar og andre innvandrarar har vi innbyggjarar frå m.a. Afghanistan, Bosnia, Eritrea, Polen, Russland, Somalia og Thailand. Kommunen har eit mindre rusmisbrukarmiljø. Dette miljøet er ikkje statisk, og har kontaktar til rusmiljøet hovudsakleg i Bergen. Både innvandrarar frå ikkje-vestlege land, og rusmisbrukarar representerar smittevernfaglege utfordringar. 2.4 Epidemiologiske utfordringar Samnanger kommune skil seg ikkje vesentleg epidemiologisk frå andre kommunar kva angår førekomst av smittsame sjukdomar. Det er ikkje spesielt høg import av sjukdomar frå utlandet. Dette kan skuldast ein medviten befolkning, samt lokalt lett tilgjengelig reisemedisinsk rådgiving og tilbod om vaksinasjon. 2.5 Næringsmidlar, handtering av avfall og avlaup Hovudansvaret handtering av avfall, kloakk og drikkevassforsyning og skadedyrskontroll i kommunen ligg hos teknisk eining. Mattilsynet har ansvar for tilsyn med drikkevatn i samarbeid med eigarane av vassverka. Mattilsynet ufører også kontroll med butikkar og utsalsstader for matvarer/næringsmidlar der smittefare kan vere ein problemstilling. Legekontoret, helsestasjonstenesta og pleie- og omsorgstenesta skal ha eigne rutinar for handtering av smittefarleg avfall. 2.6 Andre risikotilhøve i kommunen som har noko å seia for smittevernet Samnanger kommune er ein liten og oversiktlig kommune. Kommunehelsetenesta har pr 2014 ingen opplysningar om bedrifter eller institusjonar som bør overvakast særskilt mtp. smittevern. 2.7 Kommunehelsetenesta sine ressursar Kommunen har fastlegeavtale med i alt 4 legar. Desse utgjer til saman 2 årsverk. Alle har verksemda si lokalisert til Samnanger helsetun. Kommunen har jordmor i 30 % stilling og to helsesystrer med tilsamen 110 % stillingsressurs. 12

Både jordmor og helsesøstrene er lokalisert ved Samnanger helsetun. Helsesøstertenesta driv også verksemd ved barne- og ungdomsskulen enkelte dagar. Kommunen har ikkje helsestasjon for ungdom. Pleie og omsorgstenesta er lokalisert ved Samnangerheimen. Samnangerheimen har 2 tilsynslegar, fordelt på 30 % stilling fordelt over 2 dagar pr veke. Kommunale aktørar og deira ansvar: Smittevernlegen: Kommuneoverlegen er smittevernlege. Ansvar for administrering av årleg influensavaksinering. Sjå elles kapittel 1, punkt 5 for fleire detaljar. Legetenesta: Diagnose og behandling, smittesporing, melding til MSIS, det daglege arbeidet med dei smitta pasientane. Reisevaksinering. Helsesøster: Helsestasjonsarbeid inkl. skulehelseteneste, tuberkulosekontroll og - arkiv, ansvarlig for barnevaksinasjonsprogram. Nyttar nasjonalt meldesystem for vaksinering (SYSVAK). Jordmor: Oppfølging og kontrollar av gravide med smittesjukdomar, i samarbeid med lege fastlege og/eller smittevernlege. Pleie og omsorgstenesta (Samnangerheimen og heimebasert pleie og omsorg): Har eigne rutinar for smittehandtering. Personellet kan verta brukte for å hjelpe legetenesta i krisesituasjonar. 2.8 Andre ikkje-kommunale etatar som har innverknad på smittevernarbeidet Interkommunale Mattilsynet: o vasskontrollar (miljøretta helsevern) o hjelp ved smittesporing (spesielt ved mat/vassboren smitte) o næringsmiddelkontroll o dyre- og plantesjukdommar Bergensområdets interkommunale Renovasjonsselskap (BIR) handsamar hovudtyngda av avfallet i kommunen Samnanger og Os legevakt, lokalisert på Os Statlege Politiet: Melding i samsvar med tuberkuloseforskrifta, anna. Helse Ves skal etter SML ha utpeka ein smittevernansvarleg lege som saman med smittevernlegen i Samnanger skal ha vedtaksmyndigheit ved tvangsbehandling. Helse Bergen: Haukeland Universitetssjukehus og aktuelle poliklinikkar Diakonissehjemmets Sjukehus Haraldsplass (vårt lokalsjukehus for indremedisinske tilstander). Fylkesmannens helseavdeling: rådgiving, tilsyn, klageinstans, sekretariat for smittevernnemnda Folkehelseinstituttet. Faglig og laboratoriemessig bistand ved utbrot/smitteoppsporing. Leveranse av vaksiner. Andre Apotek: Levering av vaksinar og medisinar. 13

Kapittel 3 SMITTEVERN I NORMALSITUASJONER 3.1 Føremål Hovudmålet med smittevern i normalsituasjoner (det daglege smittearbeidet) er å førebyggja smittsame sjukdomar, og å bryte smittevegen. 3.2 Helseopplysning Helseopplysningsarbeid har som mål å førebyggje og redusere omfanget av smittsame sjukdommar i befolkninga. Alt helsepersonell i kommunen bør innanfor sine arbeidsområde bidra til informasjon og rådgjeving når det er aktuelt. Alt helsepersonell som er spesielt involvert i individretta pasientbehandling (legar, helsesekretærar, sjukepleiarar, helsesøstrer og jordmødrer) har eit særskilt ansvar for å ha tilstrekkjelige kunnskapar om smittevern. Legekontoret har ei nøkkelrolle i smittevernarbeidet, og driv i hovudsak helseopplysing til pasientar som oppsøkjer legekontoret for hjelp. Informasjon om smitte og smittevern kan skje gjennom ulike kanalar: individretta rettleiing, presse, barnehage, skule, internundervisning og informasjon til spesielle grupper. Helsestasjonstenesta har eit særskilt ansvar overfor barn og ungdom, og kjem med råd til barnehagar og skular. Jordmor gjev smitterådgjeving tilpassa den enkelte gravide. 3.3 Fast vaksinasjonsprogram for barn Kommunehelsetenesta skal tilby befolkninga det nasjonale program for vaksinering og immunisering (SMITTEVERNLOVA 3-8). For fast vaksinasjonsprogram for barn, sjå kapittel 4. For vaksinasjon i beredskapssituasjonar, sjå kapittel 5. 3.4 Meldeplikt for legar Heimel for meldeplikt for legar til Meldingssystem for smittsame sjukdomar (MSIS) og Tuberkuloseregisteret er gitt i SMITTEVERNLOVA og HELSEPERSONELLOVA. Einkvar lege som oppdagar eller får mistanke om smittsam sjukdom i gruppe A skal utan omsyn til teieplikta skriftleg melde tilfellet. Melding skal sendast MSIS ved Folkehelseinstituttet og til kommuneoverlegen i den kommunen der den smitta bur. Dersom den smitta oppheld seg i ein annan kommune enn der vedkommande bur, skal det også gjevast melding til kommuneoverlegen i den kommunen der den smitta oppheld seg. For arbeidstakarar i petroleumsverksemd skal melding om tuberkulose i tillegg sendast til medisinsk-faglig ansvarlig lege i det aktuelle operatørselskap. Meldinga skal sendast same dag som sjukdomen er oppdaga eller mistenkt. Kopi av meldinga skal oppbevarast i pasienten sin journal. 14

Einkvar lege som oppdagar eller får mistanke om smittsam sjukdom i gruppe B skal utan omsyn til teieplikta skriftleg melde tilfellet. Legen skal nytte det nummererte skjemaet MSIS-melding - Avidentifisert melding om smittsam sjukdom som ein får tilsendt frå det diagnostiserande laboratoriet. Meldinga skal sendast til MSIS, Folkehelseinstituttet og til kommuneoverlegen i den kommunen der den smitta bur. Dersom den smitta oppheld seg i en annen kommune enn der vedkommande bur, skal det også gis melding til kommunelegen i den kommunen der den smitta oppheld seg. Meldinga skal sendes same dag som sjukdomen er oppdaga eller mistenkt. Ved påvist tilfelle av sjukdom i gruppe C skal det berre sendast skriftleg avidentifiserbar melding til Folkehelseinstituttet. Sjå SMITTEVERNBOKA og VEDLEGG 1 for detaljar. Ein lege skal alltid underrette smittevernlegen ved mistanke om allmennfarleg smittsam sjukdom som skuldast miljøsmitte (f.eks. ein sjukdom som skuldast overføring av smitte frå drikkevatn, matvarer eller dyr), (SMITTEVERNLOVA 3-6). 3.5 Meldeplikt for anna helsepersonell Sjukepleiarar, jordmødrer og helsesøstrer er pålagde å varsle lege dersom dei mistenker at ein person kan være smitta med nærare spesifiserte sjukdomar. Varslingsplikta er ikkje, som meldingsplikta, formalisert med eigne skjema. 3.6 Varsling i andre situasjonar Utbrot i helseinstitusjon ( i praksis Samnangerheimen) av smittsam sjukdom skal varslast smittevernlegen og Fylkesmannen. Legar har varslingsplikt til smittevernlegen, Fylkesmannen og Folkehelseinstituttet ved mistanke om overlagt spreiing av smittestoffer. Legar har varslingsplikt overfor Fylkesmannen og Folkehelseinstituttet ved mistenkt eller påvist smitte frå medisinsk utstyr, kosmetika, legemidlar, blod, blodprodukt, vev eller organ. Legar har varslingsplikt overfor blodbanken ved opplysningar om at ein blodgjevar har sjukdom som kan overførast med blod eller blodprodukt. 3.7 Vaksinering mot sesonginfluensa Smittevernlegen har ansvar for å bestille og distribuere sesonginfluensavaksine til risikogruppene, samt organisere vaksinasjonen. I følgje FORSKRIFT OM NASJONALT VAKSINASJONSPROGRAM skal alle personar i risikogruppene verte tilbydd sesonginfluensavaksine årleg. Kommunen skal i følgje forskrifta organisere influensavaksinasjonen slik ein finn det mest hensiktsmessig for å oppnå høgast mogleg vaksinasjonsdekning, og skal ha rutinar for samarbeid mellom dei kommunale tenester som sørgjer for influensavaksinasjon. Vaksinebestillinga skal inkludere doser til personar i risikogruppene som bur i sjukeheim/omsorgsbustad. 15

Noreg har slutta seg til WHO sin målsetting om ein vaksinasjonsdekning på minst 75 % hos den eldre delen av befolkninga. Sesonginfluensavaksine vert anbefalt til personar som har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom. Sesonginfluensavaksinar gjev kortvarig vern. Grunna grunnsjukdom og/eller høg alder kan personar i risikogrupper i tillegg ha noko svekka immunrespons ved vaksinasjon, og bør difor få sesonginfluensavaksine årleg. Definisjonen av risikogruppene bestemmast av Folkehelseinstituttet. Pr 1.10.2014 har me følgjande risikogrupper: a) Personar som er 65 år eller eldre b) Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim. c) Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annen tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon d) Vaksne og barn med alvorlige luftvegsjukdommar, spesielt personar med nedsett lungekapasitet e) Vaksne og barn med kroniske hjarte /karsjukdomar, spesielt personar med alvorlig hjartesvikt, lavt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon f) Vaksne og born med nedsett infeksjonsresistens g) Vaksne og born med diabetes mellitus (både type 1 og type 2) h) Vaksne og born med kronisk nyresvikt i) Vaksne og born med kronisk leversvikt j) Vaksne og barn med kronisk, nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet k) Vaksne og barn med svært alvorlig fedme, dvs kroppsmasseindeks (BMI) over 40 kg/m2 l) Vaksne og born med annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege Utover vaksinasjon av risikogrupper anbefalast det at vaksine vert tilbydd: Helsepersonell med pasientkontakt Husstandskontaktar Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levende griser Revaksinering må skje årleg før vinterens influensasesong, og i Samnanger startar me normalt vaksineringa i oktober. Samnanger kommune hadde i 2012 442 innbyggjarar > 64 år. Alle desse tilhøyrer risikogruppene, og i tillegg kjem dei andre pasientgruppene som lista over. Same året utførte me 200 vaksinasjonar mot sesonginfluensa. Dette talet er representativt for det talet me har vaksinert dei siste åra. Altså har me ikkje tilfredstillande vaksinasjonsdekning i Samnanger. Det gjeld også landet elles. Pneumokokkvaksine vert tilrådd dei same risikogruppene. Pneumokokkvaksina skal i motsetnad til influensavaksinen ikkje gjevast årleg. Revaksinasjon for eldre personar skal skje ca. kvart 10. år.. Nokre risikogrupper anbefalast hyppigare revaksinasjon, sjå VAKSINASJONSBOKA. 16

Smittevernlegen bestiller sesonginfluensavaksine og pneumokokkvaksine på skjema tilsendt frå Folkehelseinstituttet kvar vår. 3.8 Vaksinering for hepatitt B til særleg smitteutsette grupper Helsepersonellet i kommunen, spesielt legar og jordmødrer, samt ansatte i NAV kommune bør vere merksame på personar med særs risiko for å verta smitta av hepatitt B. Spesielt kan nemnast personar med langvarig omgang med kjente kroniske smitteberarar, andre særs utsette personar (Folkehelseinstituttet nemner spesielt stoffmisbrukarar, prostituerte, menn som har sex med menn), personar eller barn av personar frå høgendemiske områder i verden, eller personar med visse sjukdomar som gjer dei meir utsette for hepatitt B eller konsekvensar av denne. Desse personane vil få dekka vaksinasjon frå Folketrygda. Vaksinen vert rekvirert frå Folkehelseinstituttet på staten si rekning. For personar som i sitt arbeidsforhold har auka risiko for smitte med hepatitt B skal arbeidsgivar dekkja kostnadane ved vaksinasjon. Avgjerd om kven som skal ha slik vaksinasjon vert fatta av smittevernlegen i samråd med den aktuelle arbeidstakar og denne sin leiar. Elles skal kommunen sitt helsepersonell følgje dei til einkvar tid gjeldande anbefalingar og rutinar som gjeld for vaksinasjon med hepatitt B. 3.9 Reisevaksinar Ansvar for reisevaksinering ligg hos den einskilde sin fastlege. Ved behov for reisevaksinering bestiller pasienten time hos fastlege for gjennomgang av vaksinasjonsstatus og forslag til vaksinering, samt rådgjeving om smitteførebyggjande tiltak ved reisa. 3.10 Vaksinasjon ved sårskadar Legane i Samnanger skal følgje dei til einkvar tid gjeldande anbefalingar frå Folkehelseinstituttet om vaksinasjon for tetanus (stivkrampe). Sjå http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=239&trg=content_6493&main_6157=6287:0:25,5 499&MainContent_6287=6493:0:25,6833&Content_6493=6441:82877::0:6446:120:::0:0 Grunna aukande fare for spreiing av difteri i Noreg (spesielt gjennom opne grenser i nordområda) vert det tilrådd samtidig påfyllsdose med vaksine mot difteri ved behov for boosterdose ved sårskadar. Grunna auke i tilfeller av kikhoste gjev ein også frå 2010 tilbod om påfyllsdose av kikhostevaksine samtidig ved sårskadar. 3.11 HIV/AIDS-førebyggjande tiltak Fastlegane i Samnanger skal sørgje for naudsyn medisinsk oppfølging av HIV-positive og bidra med individretta rettleiing om smitteførebyggjande tiltak. 17

Fastlegane skal bistå med generell informasjon gjennom sitt ordinære arbeid med familieplanlegging, prevensjon og abortsøkjande kvinner. Helsestasjonen har ansvar for informasjon om HIV/AIDS gjennom det ordinære informasjonsopplegget i skulen. Gjennom svangerskapsomsorga gjev ein generell informasjon om HIV og førebyggjande tiltak. HIV-test vert tilbode alle gravide. 3.12 Seksuelt overførte sjukdomar SOS Helsestasjonen har ansvar for å samarbeide med skulane om naudsynt informasjon om seksuelt overførbare sjukdomar og smitteførebyggjande tiltak. Ved tilfelle av seksuelt overført sjukdom har behandlande lege plikt til, saman med pasienten og setja i verk naudsynte smitteførebyggjande tiltak samt smitteoppsporing. Dersom behandlande lege ikkje er i stand til å foreta smitteoppsporing sjølv, eller smitta person ikkje følgjer den personlege smitterettleiinga, skal legen utan omsyn til lovebestemt teieplikt, gje underretning til smittevernlegen viss omsynet til smittevernet krev det (SMITTEVERNLOVA 3-6). Staten dekkjer i sin heilskap utgifter til legebehandling og medisinar ved mistanke om eller bekrefta tilfelle av seksuelt overført sjukdom. 3.13 Mottak av flyktningar Kommuneoverlegen skal varslast frå NAV kommune eller administrasjonen i god tid ved mottak av flyktningar til Samnanger. Meldinga skal, dersom kjent, innehalde antal personar, alder, familieforhold, etnisk opphav, opphavsland og eventuelle transittland. Kommuneoverlegen skal, i samarbeid med kommunehelsetenesta elles, laga ein plan for å sikra at det hos nyankomne flyktningar vert gjort kartlegging av helsebehov, helsestatus, vaksinasjonsstauts, vaksinasjonsbehov og eventuelle behov for smitteførebyggjande tiltak. For undersøking på tuberkulose gjeld eigne forskrifter, slå kapittel 8. 3.14 Smittevern versus miljøretta helsevern Smittevern vil i nokre tilfelle grense opp mot miljøretta helsevern og anna lovverk. Det vil også være grenseoppgangar mot kommunen sin internkontroll og rutinar elles. Eksemplar som kan nemnast er: avlaup, skadedyrkontroll, kontroll med drikkevatn/vassmagasin, forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skole m.v. Når det oppstår situasjonar som vedkjem fleire fagfelt pliktar dei ulike kommunale fagavdelingane/etatane å etablere naudsynt samarbeid for å avklare ansvarsforhold og å koordinere innsatsen. Kommunen kan utarbeide retningsliner og prosedyrar for slikt samarbeid. 18

Kapittel 4 FAST VAKSINASJONSPROGRAM FOR BARN 4.1 Formål Å førebyggje smittsame sjukdomar i kommunen Hovudmålet med eit vaksinasjonsprogram er aktiv immunisering og gje individuelt vern mot sjukdom for den enkelte utan gjennomgått sjukdom. Å redusere sjansane for smittespreiing til uvaksinerte. Fortrengja smittsame sjukdom på landsbasis og eventuelt utrydde den. Å ha som mål ei vaksinasjonsdekning i kommunen nær 100%. 4.2 Bruksområde All vaksinasjon i Noreg er frivillig. Men alle barn har rett til vaksinasjon for å få det vern vaksinane i vaksinasjonsprogrammet kan gje (jmf. SMITTEVERNLOVA). Alle born i kommunen vert tilbydd vaksinasjon etter det statlege anbefalte vaksinasjonsprogrammet. Vaksinasjonane finn stad på helsestasjonen og skulane. 4.3 Ansvar Smittevernlegen har saman med helsestasjonslegen/skulelegen ansvar for at vaksinasjonsprosedyrane er fagleg forsvarlege. Helsesøstrene har det praktiske ansvaret for utføring av prosedyrane, og for tilfredstillande dokumentasjon. 4.4 Dokumentasjon Alle vaksinar vert registrert i SYSVAK (nasjonalt vaksinasjonsregister). Vaksinane som vert gitt vert også registrerte i barnet sin journal. Dersom barnet av ulike årsaker ikkje skal vaksinerast, skal dette journalførast. 4.5 Biverknader og meldeplikt Mistanke om biverknad (uønsket hending) etter vaksinasjon meldes til Folkehelseinstituttet. Meldeplikt for mistenkte vaksinebiverknader vert regulert gjennom SYSVAKregisterforskrifta og Legemiddelforskrifta. Alvorleg uønska hending etter vaksinasjon skal meldast skriftleg med detaljert skildring dersom vaksinasjon er eller er mistenkt å vera årsak til hendinga. Legar og tannlegar har også plikt til å melda alvorlege hendingar til Statens legemiddelverk. Dette vert ivareteke ved at alle meldingar som Folkehelseinstituttet mottek, vert lagt inn i Legemiddelverket si database. For reaksjonar etter BCG-vaksinasjon er det ønskjeleg at også enkelte mindre alvorlege hendingar meldast. Sjå kapittel 8.17 om BCG-vaksine. 19

Meldingsskjema er tilgjengelig på www.fhi.no. Utfylt skjema skal sendast i lukka konvolutt til Folkehelseinstituttet. Kopi av meldinga skal leggast i pasienten sin journal. Kommuneoverlege eller smittevernansvarleg lege i kommunen bør også få kopi av meldinga. For detaljer, sjå SMITTEVERN 14 og VAKSINASJONSHÅNDBOKA (1.4.7 Melding om mistenkt bivirkning etter vaksinasjon). 4.6 Vaksinasjonsdekning i Samnanger Vaksinane som brukast i barnevaksinasjonsprogrammet gjev frå ca. 85 til 100 prosent beskyttelse mot de aktuelle sjukdommane. I tillegg til individuell beskyttelse gir vaksinasjonsprogrammet også såkalla flokkbeskyttelse. Dette inneberar at når dei aller fleste i befolkninga er vaksinert mot en sjukdom, blir det få personar igjen som smitten kan spreie seg til. Da beskyttast også det mindretalet som av ulike årsaker ikkje er vaksinert, for eksempel born som er for unge til å få vaksine, og personar med spesielle sjukdomar som inneberer at dei ikkje tåler vaksine. For å få ei sjukdom under kontroll i befolkninga, krevjast ei vaksinasjonsdekning i befolkninga på 80-95 %, avhengig av kor smittsam sjukdomen er. Om vaksinasjonsdekninga vert for lav, kan sjukdomar me i dag har kontroll over koma tilbake. Barnevaksinasjonsprogrammet har gjeve som resultat at me i Noreg i dag har kontroll over infeksjonssjukdomar som polio, meslingar og difteri. Tabell 4.6.1 Vaksinasjonsdekning pr 31.12.2013 for 2-åringar (i prosent) Landet Hordaland Samnanger Difteri 94 95 100 Stivkrampe 94 95 100 Kikhoste 94 95 100 Hib-infeksjon 95 95 100 Meslingar 93 95 100 Kusma 93 95 100 Raude hundar 93 95 100 Polio 94 95 100 Pneumokokksjukdom 93 93 100 Tabell 4.6.2 Vaksinasjonsdekning pr 31.12.2013 for 9-åringar (i prosent) Landet Hordaland Samnanger Difteri 92 93 96 Stivkrampe 92 93 96 Kikhoste 95 96 96 Hib-infeksjon - - - Meslingar 95 96 100 Kusma 95 96 100 Raude hundar 95 96 100 Polio 91 93 96 Pneumokokksjukdom - - - 20

Tabell 4.6.3 Vaksinasjonsdekning pr 31.12.2013 for 16-åringar (i prosent) Landet Hordaland Samnanger Difteri 91 92 96 Stivkrampe 92 92 96 Kikhoste - - - Hib-infeksjon - - - Meslingar 94 95 96 Kusma 94 95 96 Raude hundar 94 95 96 Polio 94 95 92 Pneumokokksjukdom - - - HPV-infeksjon 67 75 91 4.7 Vaksinasjonsprogrammet Tabell 4.7.1 Barnevaksinasjonsprogrammet i Norge, september 2014. Alder Vaksinasjon mot 6 veker Rotavirussjukdom (nytt frå 1.9.2014) 3 månader Rotavirussjukdom (nytt frå 1.9.2014) Difteri, tetanus, kikhoste, polio og Haemophilus influenzaetype B infeksjon Pneumokokksjukdom 5 månader Difteri, tetanus, kikhoste, polio og Haemophilus influenzaetype B infeksjon Pneumokokksjukdom 12 månader Difteri, tetanus, kikhoste, polio og Haemophilus influenzaetype B infeksjon Pneumokokksjukdom 15 månader Meslingar, kusma, raude hundar 2. klasse (7 år) Difteri, tetanus, kikhoste, polio 21

6. klasse (11 år) Meslingar, kusma, raude hundar 7.klasse (12 år), jenter Humant papillomavirus 10.klasse (15 år) Difteri, tetanus, kikhoste, polio Barn med foreldre frå ikkje-lavendemiske land Hepatitt B* Barn med foreldre frå høgendemiske land Tuberkulose* Mantoux og BCG er tatt ut av det rutinane i vaksinasjonsprogrammet frå 2010. Folkehelseinstituttet har i 2011gitt melding om at dei som er uvaksinerte og ønskjer BCG vaksine skal få det gratis. Elevane med føresette skal på førehand ha skriftleg informasjon om vaksinen og når vaksinasjon vert gjennomført. I samband med vaksinasjonen i 2., 6., 7. og 8. klasse får ein underskrift frå dei føresette om dei ønskjer at barnet deira skal fullføre vaksinasjon i henhald til statleg vaksinasjonsprogram. 22

Kapittel 5 SMITTEVERN I BEREDSKAPSSITUASJONER 5.1 Kartlegging og vurdering smittevernlegen sine oppgåver Smittevernlegen eller stadfortredar skal søkje å ha oversikt over den epidemiologiske tilstanden i kommunen når det gjeld allmennfarlige smittsame sjukdomar. Smittevernlegen skal ved motteke melding om allmennfarlig smittsam sjukdom vurdere meldinga, kor alvorlig den er, kor truverdig den er og hastegrad, samt vurdere behovet for akutte eller meir langsiktige smitteverntiltak. Smittevernlegen skal initiere og leie det naudsynte lokale kartleggingsarbeidet, og etter behov konsultere interne og/eller eksterne faglege ressursar. 5.2 Tiltak og varsling smittevernlegen sine oppgåver Smittevernlegen skal ut frå ein medisinsk fagleg vurdering setja i verk naudsynte tiltak innan sitt myndeområde, eller kome med anbefalingar om tiltak innan andre sine myndeområde. Smittevernlegen skal etter behov og situasjon rapportera til den administrative leiinga i kommunen. Smittevernlegen rapporterer, etter Sentrale retningsliner, lover og forskrifter, tilfeller av sjukdom vidare til sentrale helsestyresmakter. Smittevernlegen vurderer behovet for innkalling av personell, spesielle målgrupper for tiltak, eventuelt behov for hastevedtak etter SMITTEVERNLOVA, samt Vurdere behovet for varsling gjennom media. 5.3 Tilgjenge til smittevernlegen Det eksisterer inga formell vaktordning for smittevernlegane. Dette er ikkje vanleg i Noreg (men unnatak av Oslo kommune frå 2010). I dagens situasjon vil det svært sjeldan vere behov for å kontakte smittevernlegen utanom arbeidstid. Sjølv i slike situasjonar vil smittevernlegen stort sett vere å treffe per telefon. Lova krev at smittevernlege til ein kvar tid skal kunne nåast men kor vidt det er krav om formell beredskap er foreløpig juridisk uavklart. Dersom det i en normal situasjon skulle oppstå eit uventa behov for raske smittevernfaglege råd, og smittevernlegen ikkje kan verta nådd per telefon, kan andre av legetenesta sine legar eller legevakta kontaktast. Desse vil berre ha rådgjevande funksjon og ikkje ha myndigheit som smittevernlege etter SMITTEVERNLOVA, som til dømes å kunne treffe hastevedtak (etter 4). Skulle eit slikt behov uventa oppstå må kommunestyret tre saman for anten sjølv å fatte hastevedtak etter SMITTEVERNLOVA 4-1 (m.a. stenging av verksemd), eller peike ut ny smittevernlege som kan fatte vedtak om tvangsbehandling etter 4-2. Dersom situasjonen skulle tilseie det, til dømes ved nasjonale eller regionale beredskapssituasjonar, har rådmannen fullmakt til, gjennom politisk godkjenning av denne smittevernplanen, å på kort varsel etablere ein formalisert vaktordning innan smittevernet. Ein slik ordning skal så snart som mogleg i etterkant godkjennast av kommunestyret. 23

5.4 Departementet sin rettar (Smittevernlova 3-8) Når det er avgjerande for å motvirke eit alvorleg utbrot av allmennfarlig smittsam sjukdom, kan departementet i forskrift fastsetje at befolkninga eller deler av den skal ha plikt til å la seg vaksinere. Ved eit alvorleg utbrot av allmennfarleg smittsam sjukdom kan departementet i forskrift bestemme at personar som ikkje er vaksinert: a) må opphalde seg innanfor bestemte områder. b) skal nektast deltaking i organisert samvær med andre, til dømes i barnehage, skule, møter eller kommunikasjonsmidlar c) må ta naudsynte førehaldsreglar etter smittevernlegen sin nærare bestemming. 5.5 Møteforbod, stenging m.v. (Smittevernlova 4-1) - hastevedtak Når det er naudsynt for å førebyggje ein allmennfarleg smittsam sjukdom eller for å motverke at den vert overført, kan kommunestyret vedta: a) Forbod mot møter og samankomst eller påbod om andre avgrensingar i den sosiale omgangen overalt der menneskjer er samla b) Stenging av verksemder som samlar fleire menneskjer, som barnehagar, skular, symjehallar, butikkar, eller andre bedrifter og arbeidsplassar eller avgrensingar i aktivitetar der. c) Stans eller avgrensing i kommunikasjonar d) Isolering av personar i geografiske avgrensa områder eller andre avgrensingar i deira bevegelsesfridom i opp til sju dagar om gongen. e) Pålegg til private eller offentlege om reingjering, desinfeksjon eller destruksjon av gjenstandar eller lokale. Pålegget kan også gå ut på avliving av husdyr, utrydding av rotter og andre skadedyr, avlusing eller annan smittesanering. Statens helsetilsyn kan i visse situasjonar vedta tiltak som nemnd over for heile eller delar av landet. Ved tiltak som nemnd over, kan kommunestyret sørgje for iverksetjing dersom den ansvarlege ikkje retter seg etter vedtaket. Tiltaka gjennomførast for den ansvarlege sin rekning, kommunen hefter for kravet om vederlag. Ved tiltak etter bokstav e) kan kommunestyret om naudsynt skade den ansvarlige sin eigedom. Ved tiltak etter bokstav d) og e) kan kommunestyret mot vederlag også bruke eller skade andre sin eigedom. Det er eit vilkår at vinninga er vesentleg større enn skaden eller ulempa ved inngrepet. Tiltak skal straks opphevast eller avgrensast når det ikkje lenger er naudsynt. 5.6 Forbod mot utføring av arbeid m.m. (Smittevernlova 4-2) Ein smitta person med allmennfarleg smittsam sjukdom som gjennom sitt arbeid eller ved deltaking i undervisning er ein alvorleg fare for overføring av smitte til andre, kan vert gjeven forbod mot å utføre dette arbeidet i opptil 3 veker. Slikt vedtak gjørast av smittevernlegen saman med den sjukehuslegen som Helse vest har utpekt til slike tiltak. Helse Vest har utpekt to legar ved Haukeland Universitetssjukehus med slik mynde. Fylkeslegen avgjer klage på vedtak. Ein klage har ikkje utsetjande verknad på iversetjing av vedtak. 24

5.7 Obduksjon og gravferd (Smittevernlova 4-5, 4-6) Kommunelegen kan vedta at ein avdød med en allmennfarlig smittsam sjukdom skal obduserast dersom det er nødvendig for å fastslå sjukdommens art eller for å påvise andre forhold som det er viktig å kjenne til for å kunne førebygge ein slik sjukdom eller motvirke at den vert overført. Ved eit alvorleg utbrot av ein allmennfarlig smittsam sjukdom kan kommunestyret vedta forholdsregler i samband med gravferd, herunder bestemma at avdøde personar skal kremerast, eller at det skal setjast i verk andre spesielle tiltak i forbindelse med gravferder. 5.8 Plikt for helsepersonell til å gjennomgå opplæring m.m. (Smittevernlova 4-9) Etter pålegg frå kommunestyret har helsepersonell ansatt i kommunen eller som yt helse- og omsorgstenester på vegne av kommunen, plikt til å gjennomgå naudsynt opplæring for å kunna delta i de særlege oppgåver som smittevernarbeidet krev. Ved eit alvorleg utbrot av ein allmennfarlig smittsam sjukdom har helsepersonell som har gjennomgått nødvendig opplæring, plikt til å delta og utføre naudsynte oppgåver i smittevernarbeidet etter kommunestyrets nærare vedtak. Helsepersonell har plikt til å følgje Helsedirektoratet sitt pålegg etter 7-10 om at en allmennfarlig smittsam sjukdom skal førebyggjast undersøkjast, behandlast, eller pleiast etter bestemte faglege retningsliner, eller at undersøkingar eller analyser skal gjerast slik Helsedirektoratet bestemmer eller bare må gjerast av nokon som Helsedirektoratet har godkjent. Ein lege som er ansatt i kommunen eller som yter helse- og omsorgstenester på vegne av kommunen, har plikt til å delta i førebygging av en allmennfarlig smittsam sjukdom og i undersøking og behandling av en person som er smitta med en slik sjukdom, når det er naudsynt og etter vedtak av kommunestyret. 5.9 Tvangstiltak ovanfor smitta personar (Smittevernlova 5) Dersom ein smitta person motsett seg undersøking kan det i visse situasjonar gjerast vedtak om tvungen innlegging i sjukehus til legeundersøking og eventuelt kortvarig isolering. Dette vil svært sjeldan vere aktuelt. Dette skal vere siste utveg og alle forsvarlege frivillige tiltak skal være forsøkt fyrst. Slike saker innleiast ved at smittevernlegen utarbeider forslag til tiltak. Forslaget skal forleggjast Fylkeslegen, som omgåande skal sendast til smittevernnemda. Hastevedtak om tvangstiltak kan gjerast av kommunen sin smittevernlege saman med den sjukehuslegen Helse Vest har utpekt til slike oppgåver. Smittevernlova inneheld detaljerte retningsliner for framgangsmåten i slike saker. 25

5.10 Beredskapsgruppe for smittevern i Samnanger kommune Beredskapsgruppe for smittevern er ikkje lovpålagt, men noko vi har vald å ha i Samnanger kommune. Målet er å ha ei operativ faggruppe for spesielle smittevernsituasjonar. Gruppa kan raskt omdisponere ressursar og personell ved alvorleg smittefare. Samansetning av beredskapsgruppa for smittevern i Samnanger kommune: Kommuneoverlege (leiar) Einingsleiar sosial og helse Leiande helsesøster Einingsleiar for pleie og omsorg Leiar for teknisk eining Rådmann Aktuelle instansar ved behov for utviding av beredskapsgruppa: I saker som grenser mot miljøretta helsevern: representant frå det interkommunale mattilsynet I saker med stor medieoppmerksemd: ordførar I saker med stort informasjonsbehov til publikum gjennom annonsar/internett/heimeside: stabssjef i Samnanger kommune Representantar frå skule, barnehage etc. ved sjukdomsutbrot i skole, barnehage etc. Representant(er) frå omsorgsberedskapsgruppa Avhengig av sak/situasjon kan beredskapsgruppa bestemme at gruppa utvidast med relevant personell eller representantar for relevante organ. Personar tilsett i kommunen, inkludert toppleiing, har plikt til deltaking når beredskapsgruppe krev det. Beredskapsgruppa - leiing og fullmakter: Kommuneoverlegen leiar beredskapsgruppa og har ansvar for å kalle inn til møte. Beredskapsgruppa er ein rådgjevande instans overfor kommunen, samt å betrakte som ei arbeidsgruppe i aktuelle beredskapssituasjonar. Beredskapsgruppa har ikkje avgjerdsmynde, med mindre dette er særskilt delegert. Kommuneoverlegen som smittevernlege har likevel utøvande mynde innan rammene av SMITTEVERNLOVA eller annan delegasjon. Beredskapsgruppa skal møtast utan opphald: Ved mistenkt eller stadfest tilfelle av smittsam sjukdom gruppe A og B der sjukdomen er av ein slik karakter at fleire truleg er smitta eller lett kan verte smitta, for eksempel legioenellose, meningokokksjukdom, drikkevassbåren sjukdom eller næringsmiddelassosiert sjukdom som EHEC. Beredskapsgruppa sine oppgåver: Hjelpa smittevernlegen med arbeidet. 26