ÅRSMELDING GOD HELSE VOLDA KOMMUNE 2010



Like dokumenter
NASJONAL FOLKEHELSEKONFERANSE. Molde, september Kafedialog 1 Kosthald i Helse i plan, Volda kommune

Erfaringskonferanse God Helse Molde 9.november 2011 Utvikling av folkehelsekommunen Volda

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Dan Helge Bjørneset Medlem H

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Giske kommune. Nettverksamling for Frisklivsentraler Ulsteinvik 4. og 5.sept.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Helsestasjonen i Volda vil gjerne foreslå Bra mat kurs for innvandrar til innovasjonsprisen 2015.

Resept for eit sunnare FørdeF

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Bodil Torunn Svepstad Medlem AP

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Varmtvassbassenget Frisklivssentralen Aktiv i Volda Topp Trening, Ørsta Strandgata 4

MØTEPROTOKOLL. Barn og unge sin representant i plansaker Geoffrey Armstrong Sakshandsamar i PS 183/12 SAKLISTE. Godkjenning av innkalling og sakliste

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Erfaringskonferanse God Helse Molde 9.november 2011 Utvikling av folkehelsekommunen Volda

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Dei fleste aktivitetane gjeld gjennomgåande heile året, men planen blir jamleg oppdatert av omsyn til årstider, ferie og evt. endringar/nye tilbod.

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ingrid Opedal Medlem SV Arild Iversen Nestleiar KRF

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

1. Mål med samhandlingsreforma

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Peter Bjørneset MEDL Ungdomsklubben Maiken Gjøsdal NESTL Volda vgs.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jorunn Nyttingnes Arkiv: G10 Arkivsaksnr.: 14/907-1

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Folkehelse: Nye lover og reformer som er påp

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Sogn frisklivssentral Innovasjonskonferanse Helse&omsorg Tysdag 20.mai 2014

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN.

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

HANDLINGSPLAN for FOLKEHELSE. Vindafjord Vindafjord kommune prioriterer folkehelsearbeid retta mot: Aktive og trygge lokalsamfunn.

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Wenche Volle Medlem FRP Petter B Bjørdal Medlem AP Hanne Stokke Medlem AP

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Koordinatorsamling Loen 7.-8.september 2011

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

PROTOKOLL. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langeland Mork leiar AP Eli Kjøde Annfrid Lødemel.

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Tove Halse Digernes Hans Olav Myklebust SP Idar Henning Vatne Karen Høydal FRP

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

MØTEINNKALLING. Hå seniorråd. Eventuelt forfall må meldast til telefon / Vararepresentantar får eiga innkalling dersom dei skal møte.

Samnanger kommune Møteprotokoll

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

«Ny Giv» med gjetarhund

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Kontorsjef, fylkestannlegen Fylkesrevisjonssjef Rådgivar, fylkesrevisjonen Rådgivar, fylkesrevisjonen

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

MØTEPROTOKOLL. Utval: Stad: Formannskapet Herøy rådhus, Formannskapssalen Dato: Tid: 13:30 19:10

Velkomen til Mork barnehage

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Handlingsprogram og økonomiplan

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Torleiv Rogne Medlem SL/TVP Arve Hans Otterlei Medlem FRP Målfrid Mogstad Johannes J.

Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Inger Sandvik Sundnes Medlem H Elsa Bergmann Medlem FRP Tove Halse Digernes Medlem SP

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

PROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Øyvind Sandvik medlem organisasjon

Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:45. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14

Transkript:

ÅRSMELDING GOD HELSE VOLDA KOMMUNE 2010 - Hovudutfordringa for ein helse- og miljøkommune er å setje helse og miljø i fokus i all verksemd, og skape ein kontinuerleg prosess med sikte på auka trivsel og tryggheit for befolkninga og støttande og berekraftige lokalsamfunn (Kommuneplan for Volda 1996-2008) - 1 -

Volda som helse- og miljøkommune: Som ei vidareføring av Helse- og miljøprosjektet vedtok kommunestyret i 1994 å definere Volda som helse- og miljøkommune og innlemme kommunen i Norsk nettverk av helse- og miljøkommuner. Nokre sitat frå Kommuneplan for Volda 1996-2008, som gir klare føringar for folkehelsearbeidet: - Ein føresetnad for å lukkast i dette arbeidet er at kommunen utviklar ei heilskapleg og sektorovergripande samordning i all si verksemd, sentralt forankra i kommunen si politiske og administrative leiing. Helsefremjande tenking må bevisstgjerast i alle fagprofesjonar og nedfellast i kommunale planar og offentleg aktivitet. - Mobilisering og involvering av lokalsamfunna i målretta prosessar for å ta vare på miljø og helse er avgjerande for å lukkast (side 1) Hovudmål og retningsliner for Volda som helse- og miljøkommune: - Helse- og miljøomsyn skal byggjast inn i all kommunal verksemd med sikte på å fremje helse, førebyggje sjukdom og skade på menneske og miljø, verne om kultur, økosystem og biologisk mangfald (s.2). Partnarskap for folkehelse: I 2004 inngjekk Volda kommune partnarskap om folkehelse med Møre og Romsdal fylke i det vi kallar God Helse-programmet. Volda var ein av dei første kommunane som vart med, og i 2010 var 28 av kommunane med i dette partnarskapet. Møre og Romsdal fylke bidreg med kr.125 000.- til årleg lønstilskot for folkehelsekoordinator i 60% stilling. Det lokale folkehelsearbeidet i kommunane er motivert ut frå Folkehelsemeldinga, St.melding nr.16 (2002-2003). Dei viktigaste innsatsområda i God Helse-programmet er fysisk aktivitet, ernæring, rus, tobakk, psykisk helse, utjamning av sosiale helseforskjellar (gradientutfordringa) og universell utforming. Andre viktige tverrfaglege prosjekt på fylkesnivå som Volda kommune har vore med i, er: Helse i Plan (implementering av folkehelseomgrepet i kommuneplanlegginga i 6 av kommunane i M&R fylke), Helse i Plan/kosthald og ernæring (utvikling av planleggingskompetanse knytt til eit særskild tema i fire kommunar i landet) og KRUS (eit rusførebyggjande utviklingsarbeid i 21 av kommunane i M&R fylke). Styringsgruppe for God Helse 2008-2012: - Volda kommunestyre stadfestar at Driftsstyret skal vere styringsgruppe for God Helse prosjektet og for Helse og Miljøkommunen Volda med Kommunestyret som eigar og øverste politiske mynde for arbeidet (Kommunestyret, sak 91/08). Driftsstyret: Ann Britt Våge Fannemel, leiar Håvard Strand, nestleiar Bodil Torunn Svepstad Camilla Auflem Vik Gunnar Strøm Anders Knut Bueide Torunn Sandnes Lidarende Egil Berg Roald Arnold Espset H KRF Ap Ap SV Sp Sp Frp Frp - 2 -

Rådsgruppe God Helse 2008-2012: Uformelt samarbeidsorgan: Ragnhild Aarflot Kalland Ann Britt Våge Fannemel Arne Gotteberg Runa Bakke Per Heltne Asbjørn Aasebø Gunnar Andenes Astrid Gjersdal Berit Koen ordførar leiar Driftsstyret leiar helseavdelinga sjefsfysioterapeut seksjonsleiar planseksjonen leiar kommunalteknisk avdeling kultur og næringssjef dagleg leiar Frivilligsentralen folkehelsekoordinator//barnerepresentant Helse, folkehelse og folkehelsearbeid - Helse er overskudd til å mestre hverdagens krav, seier professor Peter F.Hjort. Helse handlar altså om fysisk, mental og sosial trivsel, og ikkje berre sjukdom. Folkehelse er befolkninga sin helsetilstand og korleis helsa fordeler seg i ei befolkning. Folkehelsearbeid er samfunnet sin innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremje helse og trivsel, førebygge sjukdom, skade og liding og som beskytte mot helsetruslar. Ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverke helsa er ein viktig del av folkehelsearbeidet. Folkehelsearbeidet og resultat av innbyggjarane si deltaking i dei ulike aktivitetstilboda i Volda er vanskeleg å måle, men på lang sikt fører truleg arbeidet og tiltaka til trivsel, betre helse og dermed økonomisk gevinst ved at fleire held seg friske og i arbeid. 90/10-regelen seier at helsetenesta kan avhjelpe 10 prosent av folks helseproblem. Dei resterande 90 % må samfunnet og fellesskapet ta seg av. Volda kommune har meir enn 300 frivillige lag og organisasjonar som driv eit fantastisk folkehelsearbeid for alle aldersgrupper med stort mangfald innan kultur/idrett. Folkehelsearbeidet genererer mykje aktivitet og økonomiske midlar frå ulike tilskotsordningar. Denne årsmeldinga synleggjer konkrete tiltak i 2010, der folkehelsekoordinator har medverka i større eller mindre grad. Men den største innsatsen til dette folkehelsearbeidet kjem frå frivillige lag og organisasjonar og einskildpersonar. Fem innsatsområde: fysisk aktivitet, ernæring, rus, tobakk og psykisk helse. I tillegg er utjamning av helseforskjellar og universell utforming viktige satsingsområde. Framhald og vidareføring av Aktiv i Volda og Aktiv Resept Finansiering: Ingen kostnad Timeressurs til aktivitetar i regi av kommunalt tilsette på dagtid (folkehelsekoordinator, fysioterapitenesta og helsestasjonen), og mykje dugnadsarbeid frå lag og organisasjonar knytt til aktivitetar på ettermiddag, kveld og helg. - 3 -

Aktiv i Volda på dagtid: o Kvar onsdag: OnsdagsTUREN. Denne gruppa er fullteikna. o Kvar onsdag: Kosthald- og treningsgrupper for unge jenter og innvandrarkvinner (sjå eige omtale) o Annakvar onsdag: Sittedans o Kvar torsdag: TrilleTUR o Kvar fredag: Seniordans o Ti TURmål (sjå eige omtale) o Andre tiltak på Aktivitetsplanen dag og kveld Aktivitetsplan for lågterskel fysisk aktivitet retta mot innbyggjarar over 18 år på dag- og kveldstid. Folkehelsekoordinator reviderer denne planen tre - fire gongar pr. år. Planen ligg på kommunen si heimeside, og vert elles distribuert til legesenteret, Helseføretaket og andre aktørar som møter innbyggjarar som kan gjere seg nytte av desse tilboda. o I 2010 var ca.15 frivillige lag og organisasjonar, private og kommunale instansar representerte med nærare 40 ulike tilbod knytt til fysisk aktivitet for personar over 18 år, fordelt over alle vekedagar gjennom heile året (dagtid og kveld). Sparebank1 Søre Sunnmøre, Sparebanken Møre og Tussa Kraft gjekk for eit nytt år som partnar for God Helse 2010, medan Nordea gjekk ut. o Finansiering: kvar partnarbedrift støttar det kommunale God Helse-arbeidet årleg med 10 000 kroner, dvs. kr.30 000.- i 2010. Midlane bidreg til finansiering av annonsar, materiell og premiar for Ti TURmål, kursverksemd og anna samfunnsnyttig arbeid for innbyggjarane i kommunen. Framhald samarbeidsprosjekt mellom Volda Sanitetslag og Volda kommune (helseavdeling og innvandrarkontor). To aktivitetstilbod med instruktør: Ungdomstrim for jenter 15-19 år, og Kosthald og trening for innvandrarkvinner. Prosjekteigar: Volda Sanitetslag. Fysioterapeut Kine Andersen hadde ansvar for treningane våren 2010. Folkehelsekoordinator organiserer tiltaket. - 4 -

Finansiering: Tilskotsmidlar til Volda Sanitetslag frå Møre og Romsdal fylke, kr. 20.000. Tilskot frå UDI for å dekkje utgifter til treningsgruppe for innvandrarkvinner, kr.30.000.- Våren 2010 var fleire av jentene med på Jentebølgen i Ørsta, der dei også vekk møte Liv Grete Skjelbreid Poirèe Hausten 2010 fekk vi ikkje instruktør, og tilboda vart lagt på is. Eit mål å få dette i gang att i 2011. Den gylne spaserstokk o Samarbeid mellom Volda Pensjonistlag, Sparbank1 Søre Sunnmøre og folkehelsekoordinator o Pensjonistlaget og folkehelsekoordinator samarbeider for å få tilbodet til å halde fram. Folkehelsekoordinator kallar inn til møte vår og haust, hjelper med terminliste og er laget sin kontakt med Sparebank1. Ingen kostnad. Folkestad og Indre Dalsfjord helselag organiserer eigne tilbod. Framhald Grorabladet - Opplysningsspalte for livsstil, helse og trivsel i Volda kommune i lokalavisa Møre. Folkehelsekoordinator er ansvarleg redaktør, lagar terminliste og syt for bidrag til laurdagsavisa med jamne mellomrom. Det er ei stor utfordring å få bidrag til denne spalta. Finansiering: Ingen kostnad Positive tilbakemeldingar frå publikum, særleg gjeld dette turomtalene knytt til TI TURmål i perioden 1.mai-30.september. Mellom anna viktig å formidle ulike tilskotsordningar retta mot lag og organisasjonar. Dette genererer auka ressursar og innsats på bygdene og i sentrum. Grorabladet har stor spreiing i tema gjennom heile året, noko som gjer at spalta når ei stor målgruppe. Mange pensjonistar melder om at spalta vert lese ofte. I 2010 hadde kommunen 20 bidrag til Grorabladet. 1.mai-30.september: Ti TURmål knytt til Aktiv i Volda. TURsøndag med kjentmann til kvart turmål i løpet av denne perioden. 12 434 namn er registrert i bøkene denne perioden. Det har vore nærare 100 personar med på mange av tursøndagane. - 5 -

Premiar for vinnarane var sitteunderlag i ull med God Helse-logo. 10 frivillige lag/organisasjonar og mange einskildpersonar var engasjert i merking, registrering og leiing av tursøndagane. o Finansiering: lokale God Helse partnarbedrifter. Meir om turmåla finn du på www.volda.kommune.no. Framhald utlånsordning friluftsutstyr til barnehagar, skular, lag og organisasjonar. 2 stk ryggsekkar med lavvo, stormkjøkken, øks, sag og tennjern. I tillegg to steikeheller til matlaging på bål. Det er særleg barnehagane som gjer bruk av tilbodet. o Finansiering: Innkjøp finansiert med tilskotsmidlar frå Møre og Romsdal fylke i 2006. Ingen kostnad å låne utstyret. Utlån koordinert av folkehelsekoordinator. Framhald utlånsordning syklar. Fire syklar og hjelmar er stasjonert på Øyra skule, men står til disposisjon for alle skulane og frivillige lag og organisasjonar som vil drive lågterskel fysisk aktivitet/friluftsliv for barn og unge. o Finansiert av tilskotsmidlar frå Møre og Romsdal fylke, og støtte frå G-sport, Volda. Ingen kostnad å låne utstyret. Utlån koordinert av Øyra skule. HelseKorpset Volda er ein svært viktige samarbeidspartnar med folkehelsekoordinator. Dei er ansvarlege for aktivitetar for vaksne på dagtid (sjå Aktiv i Volda: o Onsdagsturen (12 personar) er fullteikna, og ny gruppe er under etablering. o Sittedans annakvar tysdag på Volda omsorgssenter (ca.15 pers.). 4 utdanna instruktørar o Seniordans (ca. 40 pers.) kvar fredag på Volda samfunnshus. 7 utdanna instruktørar. Sjå neste side. - 6 -

I tillegg til desse gruppene, driv HelseKorpset med rydding og merking av stiar i området Engeset-Klepp, og registrerer turar ved hjelp av GPS som vert lagt inn i kommunen sitt kartsystem Sunnmørskart. Sjå elles eiga årsmelding for HelseKorpset. Seniordans Volda Dette tiltaket er svært populært, og lokalet i 1.etasje på Volda Samfunnshus er snart for lite for dansarane. Dei seks instruktørane driv dette tilbodet på ein særdeles god måte, og det betyr svært mykje for deltakarane. o 14.-28.oktober: 17 dansarar frå Volda reiste til Kypros og dansa i lag med Ørsta seniordans. Totalt ca. 35 dansarar var med. Dansarane finansierer alt sjølve, og nyttiggjer seg elles tilskotsordningar som vert annonsert. Treningskontaktkurs Søre Sunnmøre laurdag 11.september og torsdag 16.september, Høddvoll Ulsteinvik. Interkommunalt samarbeid mellom partnarkommunane God Helse på Søre Sunnmøre og Møre og Romsdal Idrettskrets. o Sett i gang som følgje av kontakt med fotballaget Hødd United. Eigen rapport frå Møre og Romsdal idrettskrets 3 else Hyggje umør Bedriftsidrettslaget i Volda kommune Bedriftsidrettslaget 3H og folkehelsekoordinator samarbeider om mosjonstiltak for tilsette i perioden 1.mai-30.september i samband med Verdas aktivitetsdag 10.mai. Medlemstal i 2010: 85 tilsette. o Finansiering: 3H finansierer hovudpremie. Folkehelsekoordinator finansierer småpremiar ved hjelp av lokale partnarmidlar o Arbeidsgjevar betalar innmeldingsavgift for tilsette som ynskjer å trene på Tren Volda. 95 tilsette er registrert som aktive medlemer hjå Tren Volda. o Andre aktivitetar: symjing kvar tysdag, fotturar onsdagar vår, sommar og haust og spinning/styrketrening i lag med Tussa AS kvar onsdag kveld og i lage med Brannvernet kvar fredag kveld. - 7 -

Andre tverrfaglege tiltak og prosjekt: Helse i plan: Folkehelsekoordinator/barnerepresentant DFP og kommuneoverlegen er med i planmøte kvar onsdag. Planmøtet er eit uformelt samarbeidsorgan med representantar frå avdelingane helse, plan, kommunalteknisk, kart- og oppmåling, landbruk, kultur og næring. På denne måten har helseavdelinga høve til å kome med innspel og påverke samfunnsplanlegginga på eit tidleg tidspunkt. Ei eiga arbeidsgruppe Helse i Plan (HiP) har hatt ansvar for framdrift i arbeidet med dette arbeidsområdet. Folkehelsekoordinator/barnerepresentant, kommuneoverlege og helsesøster representerer helseavdelinga, i tillegg til planavdeling og kultur/næring. Vidareføring av Helse i plan og intern opplæring i kommunen: Oppfølging av interne kurs gjennomført i 2009: o Temadag i Volda: Energi, miljø og bygg måndag 12.januar o Dialogkonferanse Universell utforming i Ørsta tysdag 14.september Intern opplæring i universell utforming ved Berit Koen, Per Heltne, Heidi Istad og Inger-Johanne Johnsen til: o Råd for funksjonshemma o Ungdomsråd o Eldreråd o Kommunal byggenemnd Studietur til Trondheim 9.mars med tema universell utforming: o Per Heltne frå planavdelinga, Tor Vegard Søvik og Knut Innselset frå eigedomsavdelinga, Runa Bakke og Berit Koen frå helseavdelinga og politikarane Ingrid Opedal og Marit Isene, Råd for funksjonshemma. Rapportering til Husbanken, første statusrapport innan juli 2010 o Sluttrapport innan des.2010 o Arbeid med sjekkliste universell utforming o Intensivering av sluttrapport Helse i Plan, fredag 25.juni (Randi Bergem, Møreforsking til stades) og tysdag 29.juni. Erfaringsrapporten frå Møre og Romsdal fylkeskommune var ferdig til landskonferansen MOT 2015, i Sarpsborg 22.- 23.september. - 8 -

Kommunal samhandlingsgruppe vart etablert etter at kommunen fekk kr. 437 000.- i samhandlingsmidlar 2010. Samhandlingsgruppa: Jorunn Anne Tomasgard, Runa Bakke, Svein Berg-Rusten, Torill Heltne Skrede, Arne Gotteberg og Berit Koen, Gruppa jobbar med tre sentrale område: 1. Førebygging: oppstart av Frisklivssentral i 2011, som kan gi eit variert tilbod til ulike målgrupper. 2. Rehabilitering/habilitering 3. Behandling : Utredning av forsterka sjukeheimavdeling o Torsdag 8.april: Fagdag Omsorgsplan, Molde o Onsdag 20.oktober: arrangerte Temadag Førebyggjande og helsefremjande arbeid for eldre, i samarbeid med helseavdelinga, pleieog omsorg, Eldreråde. Infosenter for seniorer i Trondheim kommune ved Spesial Ergoterapeut Bodil Klungerbo og spesialsjukepleiar Ingvild Ødegård presenterte arbeidet ved infosenteret i Trondheim. Finansiert av Samhandlingsmidlane. o Deltaking på Erfaringskonferansen Helsefremmende og forebyggende arbeid for eldre i Drammen 6. og 7.september. Jorunn Anne Tomasgard og Torill Heltne frå pleieog omsorg, helsesjef Runa Bakke og Liv Dahl, leiar for Eldrerådet. o ÅRU arrangerte samhandlingskonferanse i Ålesund, Arild Iversen, Jorunn Anne Tomasgard, Torill Skrede Heltne, Arne Gotteberg, Runa Bakke og Berit Koen tok del. o Deltaking på Samhandlingskonferansen i Oslo, 29. og 30.november. Landskonferanse Frisklivssentralar i Trondheim 10. og 11.mars. Helsesjef Runa Bakke og folkehelsekoordinator Berit Koen tok del, som ledd i kompetanseheving Samhandlingsreforma og tankar om vidareutvikling av Aktiv i Volda/ Frisklivssentral i Volda frå 2011. Helse i plan/ernæring: 2009 var siste prosjektåret for Helse i plan generelt og med kosthald spesielt. Volda har vore ein av fire kommunar på landsplan med spesielt fokus på Kosthald/Ernæring og Helse i plan. Dei andre kommunane er Vestvågøy, Eidsberg og Fauske. Hilde Ørstavik Lundberg og Berit Koen har vore kommunen sine kontaktar med Helsedirektoratet. - 9 -

Erfaringane frå barnehagesatsinga er eit viktig bidrag i dette samarbeidet. Fleire samarbeidspartnarar har merka seg Volda si satsing, med til saman 12 utdanna kursleiarar for Bra mat i 2008. Helseavdelinga har fokus på kosthald og ernæring, heilt i tråd med intensjonen i Samhandlingsreforma, og som eit viktig grunnlag for å nå måla i Lov om folkehelse som kjem i løpet av 2011. Bra mat-kurs o 2. Bra mat-kurs i regi av Volda kommune, fullført januar 2010. Målgruppe: innvandrarkvinner og menn. Kursleiarar var helsesøster Lisbeth Hoggen Totland og folkehelsekoordinator Berit Koen. Finansiering: tidlegare støtte frå Helsedirektoratet til innkjøp av materiell, totalt kr. 150 000.- i løpet av prosjektperioden 2006-2009. Innvandrarkontoret dekt utgifter til tolk. Kurset var del av introduksjonsprogrammet. o 3. Bra mat-kurs open annonsert gruppe februar - april. Kursleiarar var helsesøstrene Toril Høydal og Hilde Ørstavik Lundberg. Kursavgift kr.350.- o 4. Bra mat-kurs open annonsert gruppe marsmai. Kursleiarar var helsesjef Runa Bakke og aktivitør Gerd Vartdal Barstad. Kursstad: Gnisten. Kursavgift kr.300.- o 5. Bra mat-kurs open gruppe september desember: Kursleiarar var helsesøstrene Ellen Engeset og Lisbeth Hoggen Totland. Kursstad: Austefjord skule. Kursavgift kr.300.- Praktisk matlagingskurs starta tysdag 12.oktober. Heretter kalla Bra mat-kurs2/praktisk matlaging. Samhandling med Livsstilsprosjektet diabetespoliklinikken, Volda sjukehus. Målgruppe: Innvandrarar og flyktningar. Dette samarbeidet vil halde fram i 2011. Kursleiar: mat- og helselærar Åse Leikanger o Finansiering: Livsstilsprosjektet med støtte frå ExtraStiftelsen Helse og Rehabilitering. - 10 -

Lantidsfrisk i Volda kommune: Mål: Volda Langtidsfrisk kommune med to dagars seminar - Onsdag 24.mars: leiarar og mellomleiarar, samt andre Storebrand-kommunar på Sunnmøre. Torsdag 25.mars: leiar og mellomleiarar i Volda kommune LANGTIDSFRISK Langtidsfrisk Lysaker, tysdag 13.april. Solfrid Teigen, Wenche Solheim og Berit Koen tok del. Solfrid Teigen og Berit Koen har hatt ansvar for prosessleiing i følgjande institusjonar/avdelingar: o Austefjord skule mai o Mork barnehage mai o Kapteinstova, Volda Omsorgssenter vår og haust o Løn- og personalavdelinga august o Administrativt leiarforum august o Prosess før innflytting på Spinneriet for Rådhus II, onsdag 10.oktober og onsdag 24.november Frå 2010 er følgjande tilsette i Volda kommune prosessleiarar Langtidsfrisk: Solfrid Teigen, rådgjevar Berit Koen, folkehelsekoordinator Tom Erik Bogen, rektor Austefjord skule Liv Ingunn Sætre, pedagogisk leiar Engeset barnehage Kjellfrid Hovdenakk, barnevern Gravid - og framleis ein ressurs på jobb! Folkehelsekoordinator sit i styringsgruppa for prosjektet Gravid- og framleis ein ressurs på jobb i regi av Helsestasjonen. Dette prosjektet er å sjå på som del av satsinga på Langtidsfrisk. Prosjektet varer fram til sommaren 2011. KRUS (utvikling og kvalitetssikring av det rusførebyggande arbeidet i kommunen: Intensjonsavtalen med Møre og Romsdal fylke og MNK-rus vart avslutta i 2009, men den kommunale arbeidsgruppa held seg oppdatert og følgjer med i saker som vedkjem det rusførebyggjande arbeidet for barn og unge. Kontakta med MNK-rus vert oppretthalde, og MNK-rus tilbyr kommunane vidare støtte og hjelp til gjennomføring av kursdagar ved behov. - 11 -

Besøk frå Russland/Karelen planlagt onsdag 21.april, utsett grunna askeskya, men gjennomført att torsdag 30.september. Ordførar ynskte velkomen og orienterte om Volda kommune. Ingrid Sævik fortalte om Den vanskelege samtalen, eit resultat av KRUS-samarbeidet og den interne kompetansehevinga i kommunen. Bente Engeset orienterte om ruspolitisk plan og alkoholpolitiske retningsliner i Volda kommune. Samlingar knytt til partnarskap og nettverk Deltaking i partnarskap og nettverk er lærerikt og nyttig, men det krev både ansvar og forplikting når det gjeld å bidra med erfaringar og ta del i nettverksamlingar. Ein del av arbeidet til folkehelsekoordinator er å kome med bidrag til kommunen, partnarane og nettverka sine heimesider, www.volda.kommune.no, www.godhelse-mr.no, www.hmnett.no. Koordinator må også rapportere til God Helse om kommunen sitt arbeid, og elles til andre instansar som bidreg med støtte eller tilskot. God Helse-samlingar: - Tysdag 11.mai:Partnarskapsforum i Bud. Desse var med frå Volda kommune: Helsesjef Runa Bakke, leiar for driftsstyret Ann Britt Våge Fannemel og folkehelsekoordinator Berit Koen - Onsdag 2.og torsdag 3. juni: Koordinatorsamling hotell Union, Øye. Koordinatorane overrekte gåve og songar til rådgjevarane i Møre og Romsdal fylke og fylkeskommunen for god støtte og oppmuntring i folkehelsearbeidet. Gåve til Svein Neerland, Ann Helene Skare og Marie Eide var vikingskip frå Bjørkedalen med God Helse-logo på seilet, laga av Sigvor Øvregård. - Torsdag 9.desember: koordinatorsamling Vestnes. Helse i plan-samling: Måndag 14.juni: Erfaringsmøte i Molde. Per Heltne og Berit Koen tok del. Dette var siste møte, og strategi for innhald i erfaringsrapport frå Helse i plan-arbeidet vart lagt. Norsk nettverk av helse og miljøkommuner: - Besøk av Kathrine Krüger Østbøll, ny dagleg leiar i Norsk nettverk av helse- og miljøkommuner i Volda måndag 7.juni, som del av hennar besøksrunde til alle medlemene. Representantar frå HiP-gruppa Per Heltne, Heidi Istad og helsesjef Runa Bakke til stades. Ordførar ynskte velkomen. Folkehelsekoordinator leia møtet. Orientering av Runa Bakke om folkehelsearbeidet og Per Heltne om Helse i plan-arbeidet. - Nettverkskonferanse/nasjonal konferanse i Sarpsborg 22. og 23. september. MOT 2015-12 -

Generalforsamling same tid og stad. Arild Iversen, Per Ernst Lundberg og Berit Koen tok del. Per Ernst hadde innlegg om erfaringar frå Helse i plan-arbeidet, Volda kommune Kommuneoverlege Arne Gotteberg vart valt inn i styret for nettverket. Nytt namn: Sunne kommuner WHOs norske nettverk Nettverksamling folkehelsekoordinatorane Søre Sunnmøre: Tysdag 5.januar: møte med Hødd United på Høddvoll Tysdag 2.februar i Volda: møte mellom folkehelsekoordinatorar og ansvarlege for støttekontakttenesta i kommunane på Søre Sunnmøre for planlegging av Treningskontaktkurs. Måndag 23.august i Volda: planlegging av Treningskontaktkurs. Ellen Cathrin Hammer frå Møre og Romsdal idrettskrets/god Helse til stades. Andre oppdrag: Barnerepresentant: Praksisplass for Tine Rotevatn, student Bachelorprogram i Folkehelsearbeid Helsepedagogikk, Høgskulen i Vestfold i perioden 8. 26.mars. Tine tok også del i kommunen sitt Langtidsfrisk seminar. Informasjon om folkehelsearbeidet i Volda for Innerweel onsdag 5.mai. Forelesing HVO om folkehelsearbeidet Matkultur og helse tysdag 2.mars og bachelorstudentar idrettsfag onsdag 1.september Informasjon på medlemsmøte i Volda pensjonistlag onsdag 17.mars. Tema: Fysisk aktivitet og eldre. Informasjon på møte i Råd for funksjonshemma i Ørsta om intern opplæring universell utforming i Volda kommune. Tek del i administrativt planforum kvar tysdag, og har der høve til å kome med innspel i saker som er under førebuing. Får inn saker til høyring og skriv innspel i dei sakene som gjeld barn og unge sine interesser. Møter i DFP når det er relevante saker som gjeld barn og unge sine interesser og rettar. Utfordring 2011: Vidareutvikling av Aktiv i Volda og Aktiv Resept gjennom etablering av Frisklivssentral. Styringsgruppe: kommuneoverlege Arne Gotteberg, helsesjef Runa Bakke, Torill Skrede Heltne, folkehelsekoordinator Berit Koen og nytilsett fysioterapeut Mona Kile. I dette arbeidet ligg både aktivitetar knytt til Aktivitetsplanen, samt andre tiltak: o Vidareføring av kurskonseptet Bra mat med minst to kurs pr. år, i regi av Helseavdelinga. Samarbeid med Helse Sunnmøre og Livsstilsprosjektet ved Diabetespoliklinikken, Volda sjukehus der dette er gjennomførbart. Dette er ei vidareføring av sjukehuset sine Start-kurs for personar med type 2 diabetes. - 13 -

o Følgje opp med temakveld for treningskontaktar i samarbeid med dei andre folkehelsekoordinatorane på Søre Sunnmøre og Møre og Romsdal fylke og idrettskretsen. Målgruppe: støttekontaktar, trenarar i idrettslag m.fl. Temakvelden skal vere i Volda våren 2011 Halde fram med Ti TURmål i perioden 1.mai-30.september o Nært samarbeid mellom frivillige lag og organisasjonar på bygdene og i sentrum Framhald Grorabladet, opplysningsspalte for livsstil, helse og trivsel i Volda kommune i lokalavisa Møre Invitere lokale God Helse-partnarar til vidare samarbeid i 2011 Vere aktiv i høve kommuneplanarbeidet og forankring av folkehelse i all kommunal verksemd. Det er elles ynskjeleg å halde fram med dei positive tiltaka som er i gang i kommunen vår, og det er viktig å oppretthalde det nære og gode samarbeid i nettverka som kommunen er ein del av. I perioden 2008-2012 er folkehelsekoordinator utpeika som kommunen sin barnerepresentant i Det Faste Planutvalet (DFP). Vararepresentanten er helsesøster Hilde Ørstavik Lundberg. Volda, 31.12.10/ 2011 Berit Koen, folkehelsekoordinator - 14 -