SELJE KOMMUNE Formannskapet Møtebok Møtedato: 19.03.2014 Møtetid: Kl. 13:30 15:30 Møtested: Kommunehuset - 3. etg. Saksnr.: 020/14-024/14 Følgjande medlemmer møtte TP: Ottar Nygård. SP: Gunn Sande. UAVH: Toril Sande. FRP: Svein Hansen. KRF: Raymond Myren. H: Kenneth Brandal Følgjande medlemmer møtte ikkje FRP: Anne-Lise Drage. Melding motteke om forfall til møtet. Følgjande varamedlemmer møtte FRP: Marit Swensen Følgjande frå administrasjonen møtte Fungerande rådmann Åse Elin Hole, som også førte møteboka Merknad til innkallinga Ingen Merknad til saklista Ingen 7 voterande Orientering: Formannskapet vedtok å holde nytt ekstra møte 23.04.14 kl. 13.30.
Følgjande saker vart handsama Sak nr. Sakstittel 020/14 Godkjenning av møtebok 021/14 Referatsaker 022/14 Ny pensjonsordning for folkevalgte 2014 023/14 Meirfinansiering - Prosjekt 1308 - sprinklaranlegg Selje eldretun 024/14 Sal av tilleggsareal til gbnr. 89/106 - Mindre vesentleg reguleringsendring Tilleggsaker: Ingen Utskrift protokoll: Medlemmar, møtande varamedlemmar, biblioteka, abonnentar Utskrift møtebok: Abonnentar, kontrollutvalet, kommunekassa, revisor Signatur:
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet 19.03.2014 020/14 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Godkjenning av møtebok Arkiv: FE- Arkivsaknr 14/192 TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN: Møteboka frå møte 20.02.14 vert godkjent slik den ligg føre. Dok.dato Tittel Dok.ID 13.03.2014 Møtebok FS 20.02.14.pdf 53400 Handsaming i Formannskapet - 19.03.2014 7 voterande FS-020/14 VEDTAK Møteboka frå møte 20.02.14 vert godkjent slik den ligg føre. Samrøystes.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet 19.03.2014 021/14 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Referatsaker Arkiv: FE- Arkivsaknr 14/191 Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 14/768 U 27.02.2014 Hoddevik Veglys Hoddevik Velforening 2 14/774 I 28.02.2014 Terje Re: Veglys Hoddevik 3 14/775 U 28.02.2014 Terje Veglys Hoddevik 4 14/633 I 14.02.2014 NVE NVE opprettholder konsesjon 5 14/857 U 11.03.2014 Hoddevik Velforening Vedk. tilskot til veglys i Hoddevik i Selje kommune 6 13/5262 X 10.03.2014 Prosjekt 1203 utviding Leikvang barnehage - Rapport 2 vedr. bruk av forventa 7 14/928 I 10.03.2014 Statens vegvesen - Region ves 8 13/4188 I 03.09.2013 Smiso - Senter mot incest og seksuelle overgrep S. og Fj. reserver/sikkerhetsmarginer. Tildeling TIK-midlar 2014 - Trafikktryggingstiltak i kommunane Søknad om tilskot 9 14/956 U 11.03.2014 Smiso SF Svar - Søknad om tilskot 10 14/988 X 13.03.2014 Orientering: Økonomisk omstilling - Gjennomgang av stillingar og ansvar 11 14/989 X 13.03.2014 Orientering: Økonomisk omstilling - Status reduksjon i stillingar 2013-2014
Tilleggsreferat: TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Referatsaker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Handsaming i Formannskapet - 19.03.2014 7 voterande Utdelt i møtet: Referat nr. 10 Notat Økonomisk omstilling, dat. 18.03.14. Notatet sendt Formannskapet pr. e-post 19.03.14. Tilleggsreferat: 12. Melding frå økonomisjef: Rapport forbruk periode 1-2. Dat. 18.03.14. Utdelt i møtet. FS-021/14 VEDTAK 1. Teke til vitande. 2. Teke til vitande. 3. Teke til vitande. 4. Teke til vitande. 5. Teke til vitande. 6. Referatet fekk fylgjande handsaming: Ta med tilbakemeldingar til tenesteleiar: - bruk av reservepost - skal godkjennast av Formannskapet føre iverksetjing av tiltak. Bruk av: - dimmar - fargerike dører karmar - vvs-utstyr (dyrt) Avsett nok midlar til leikeapparat? Skal rapporterast løpande. 7.Teke til vitande. 8.Teke til vitande 9. Svarbrev (e-post, dat. 11.03.14) vart godkjend Selje kommune ønsker å bidra med driftstilskot for 2014 - kr. 11.176,- til Smiso SF. 10. Notat «Økonomisk omstilling» frå rådmann, dat. 18.03.14 (sendt FS pr. e-post 19.03.14) vart delt ut i møtet. Teke til vitande. Formannskapet ber om at dette blir grundig informert om i Formannskapsmøte 09.04.14.
11. Muntleg orientering v/fung. Rådmann Åse Elin Hole om omstilling Status reduksjon i stillingar 2013-2014. Teke til vitande. 12. Økonomisjefen sin rapport, dat. 18.03.14 Rapport forbruk periode 1-2. Teke til vitande. Samrøystes.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet 19.03.2014 022/14 Kommunestyret 28.04.2014 Sakshandsamar Margunn Åhjem Myklebost Arkiv FE-570 Arkivsak 14/137 Ny pensjonsordning for folkevalgte 2014 Dokumentliste Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 I 31.10.2013 KLP Ny pensjonsordning for folkevalgte 2014 Vedlegg i saka Dok.dato Tittel Dok.ID 19.02.2014 Pensjonsordning folkevalde.pdf 52676 05.03.2014 Regelverket / Premie- og tilskuddssatser 52703 Saka gjeld Frå 01.01.2014 opphøyrer dagens pensjonsordning og det må velgast ny pensjonsordning for folkevalgte. Opplysningar til saka Folkevalgte i kommuner og fylkeskommuner er i dag tilslutta «Pensjonsordning for folkevalgte». Denne tilsvarer kommunens pensjonsordning for tilsette, men med særskilde ordningar som berre gjeld for folkevalgte. Kravet til full oppteningstid er 16 år og pensjonsalder er 65 år. I januar 2014 opphøyrer dagens pensjonsordning og det må velgast ei ny pensjonsordning for folkevalgte. Denne omlegginga skuldast endringar i forskrift om pensjonsordningar for folkevalgte som trer i kraft 1. januar 2014. I januar 2012 vart det innført ny pensjonsordning for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmar. Frå 01.01.2014 gir Arbeidsdepartementet kommuner og fylkeskommuner moglegheit til å opprette same type ordning for sine folkevalgte.
Alternativet til denne nye ordninga er den ordinære tenestepensjonsordninga for kommunen/fylkeskommunen sine tilsette. I forhold til dagens ordning er både «stortingsordninga» og omlegging til ordinær tenestepensjonsordning ei innskjerping i forhold til dagens folkevalgtordning. Det vil sei at ingen av dei nye ordningane vil gje same pensjon etter 16 år som dagens ordning gjer. Alderspensjon for oppteningstid før 01.01.2014: Denne føl det gamle regelverket og ein beheld opptente rettar. Ny alderspensjon for oppteningstid frå 01.01.2014: All ny oppteningstid skal følgje det nye prinsippet. Alle aktive blir meldt inn i ny ordning frå 01.01.2014. Kommuna sitt val av alternativ vil gjelde alle folkevalgte i kommunen som oppfyller krav til medlemskap. Kommunen sitt val er meint å vere eit langsiktig val. I Selje kommune er det ordførar som er omfatta av ordninga. Lover/regelverk Kommunelova og forskrift frå Arbeidsdepartementet. Sakshandsamar si vurdering Endringane medfører at kommuner/fylkeskommuner som ønskjer ei pensjonsløysing for folkevalgte no kan velje mellom to alternativ: 1. Innmelding i den ordinære tenestepensjonsordninga for tilsette Alderspensjonen vil bli ein brutto, livsvarig årleg yting tilsvarande som for dei tilsette i kommunen, men med enkelte tilpasningar. Uføre- og etterlatteytingar vil også være som i den ordinære fellesordninga for tilsette. Her må det også takast med i vurderinga om folkevalte (ordførar) skal ha rett til AFP frå 62 år. (må vedtakast særskilt) 2. Pensjonsordning etter mønster av ordninga for stortingsrepresentanter Alderspensjonen vil være ein netto livsvarig årleg yting. Uføre- og etterlatteytingar vil være som i den ordinære fellesordninga for tilsette i kommunen. Kva lønner seg for kommunen? Mal etter kommunetilsette si ordning: Det er gjennomsnittet i det totale fellesskapet som bestemmer premien i kollektive pensjonsordningar. Folkevalgte utgjer ei dyrare gruppe (høgare løn og høgare alder) enn gjennomsnittet i fellesordninga for kommunetilsette. Fordi permien blir utjamna saman med dei øvrige tilsette i kommunen, vil det være billigst å melde folkevalgte inn i fellesordninga. Mal etter stortingsordning: Folkevalgte utgjer ein dyrare gruppe (høgare lønn og høgare alder) enn gjennomsnittet i fellesordninga for kommunetilsette. Til tross for ei dårligare yting normalt ville vore billigare, blir dette utligna av denne ordninga vil ha eit fellesskap kun av folkevalgte.
Kva lønner seg for folkvevalgte? Mal etter kommunetilsette si ordning: Fellesordninga vil være mest lønnsom for dei aller fleste Mal etter stortingsordning:: I dei tilfella folkevalgte allereie har full opptening i offentleg tenestepensjon og avslutter karriera som tilsett i offentleg sektor, vil stortingsordninga lønne seg. Det er fordi dette er ei netto ordning som kjem i tillegg til opptening i offentleg tenestepensjon. Saksgang Saka går til kommunestyret for endeleg avgjerd. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Etter ei samla vurdering vil rådmannen tilrå at dei folkevalgte (ordførar) frå 01.01.2014 vert melde inn i den ordinære tenestepensjonsordninga for tilsette. Ordninga vil være eit varig val. Det blir ikkje inngått avtale om AFP frå 62-64 år for folkevalgte (ordførar). Handsaming i Formannskapet - 19.03.2014 7 voterande Ordførar var inhabil etter Fvl. 6 andre ledd og gjekk frå møtet. 6 voterande Varaordførar Gunn Sande leia møtet. Tilråding frå administrasjonen fekk 6 røyster for. Samrøystes Ordførar tok del i møtet att etter avrøystinga. Orientering: Selje kommune har fått utvida frist frå slutten av mars til 01.05.14, for innsending av resultat til Klp. FS-022/14 FRAMLEGG Som tilrådinga frå administrasjonen.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet 19.03.2014 023/14 Sakshandsamar Merete Nerland Arkiv FE-614 Arkivsak 13/556 Meirfinansiering - Prosjekt 1308 - sprinklaranlegg Selje eldretun Dokumentliste Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 2 U 07.10.2013 Husevåg Rør AS Vedr. sprinkleranlegg Selje eldretun - Val av entreprenør 1 U 07.10.2013 Stadlandet VVS AS Vedr. Sprinklaranlegg Selje eldretun - Val av entreprenør Vedlegg i saka Saka gjeld Meirfinansiering av prosjekt 1308 Sprinklaranlegg Selje eldretun. Opplysningar til saka Selje kommunestyre gjorde i sak 082/12 vedtak om å sette av 950 000,- til brannsprinkling av Selje eldretun. Eigedomsavdelinga utarbeidde konkurransegrunnlag for arbeidet, sendte det ut på anbod og kontraherte totalentreprenør i oktober 2013. Arbeida er kome godt i gong. Sprinklarrøra er monterte og grøft og røyr for tilkopling mot kommunal vassleidning er gjort. No skal ein i gong med arbeidet med å kople sprinklaranlegget til eksisterande brannsentral slik at vi får alarmoverføring til alarmsentralen i Florø når sprinklaranlegget verte utløyst. I samband med dette viser det seg at eksisterande brannsentral er full. Det er såleis ikkje mogleg å kople sprinklaralarmen inn på denne. For å få til alarmoverføringa, må vi inn og omarbeide/bytte eksisterande brannsentral. Når ein er inne og endrar noko på eksisterande brannalarmanlegg, vil dei nye krava i teknisk forskrift gjere seg gjeldande. TEK10 krev at eit bygg i risikoklasse 6 (som på Selje eldretun) skal ha eit adresserbart brannalarmanlegget (ein skal kunne sjå på branntavla kor brannen er/har starta). Dagens brannalarmanlegg er sløyfebasert (ein ser berre kva fløy brannen er i, men ikkje kva for leilegheit/rom).
Finansiering Å skifte ut eksisterand brannalarmanlegg til eit adresserbart anlegg, vil komme på om lag 165 000,-. Sprinklaranlegget inkl. nytt brannvarslingsanlegg vil komme på om lag 1 095 000,- Dvs. at prosjekt 1308 vil ha bruk for ei meirfinansiering på 145 000,- Finansieringsplan blir ettersendt. Sakshandsamar si vurdering Eksisterande brannalarmanlegg inkl. detektorane byrjar å dra på åra. Det er berre eit tidsspørsmål før ein må skifte ut eksisterande brannalarmanlegg. Det vil difor være fornuftig å skifte anlegget no når vi er inne og skal gjere ein jobb i brannsentralen. Ifølgje TEK10 har vi ikkje noko val, dersom vi ønskjer å kople sprinklaranlegget opp mot alarmsentralen i Florø. For å få avslutta arbeidet med sprinklaranlegget bør vi difor skifte brannalarmanlegget. Konklusjon Selje kommune bør skifte brannalarmanlegget på Selje eldretun. Investeringsramma for prosjekt 1308 vert auka frå kroner 950 000,- kroner til 1 095 000,-. Meirkostnaden på kroner 145 000,- blir finansiert med. Saksgang Ein får ikkje sett sprinklaranlegget i drift før ein får fiksa brannsentralen. Då kommunestyret ikkje har møte før 28. april bør saken avgjerast i formannskapet etter 13 i kommunelova. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Selje kommune vedtek å skifte brannalarmanlegget på Selje eldretun. Investeringsramma for prosjekt 1308 vert auka frå kroner 950 000,- kroner til 1 095 000,-. Meirkostnaden på kroner 145 000,- blir finansiert med. Vedtak etter Kommunelova 13 Handsaming i Formannskapet - 19.03.2014 7 voterande Framlegg frå Formannskapet: Saka vert utsett til Formannskapsmøte 09.04.14. Røysting: Tilråding frå administrasjonen fekk 0 røyster for. Framlegg frå Formannskapet fekk 7 røyster for. FS-023/14 VEDTAK Saka vert utsett til Formannskapsmøte 09.04.14. Samrøystes.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet 19.03.2014 024/14 Sakshandsamar Merete Nerland Arkiv GBNR-89/106, FA-L42 Arkivsak 13/611 Sal av tilleggsareal til gbnr. 89/106 - Mindre vesentleg reguleringsendring Dokumentliste Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 2 I 28.10.2013 Grim Leivdal Søknad om kjøp av tilleggsareal til gbnr. 89/106 Vedlegg i saka Dok.dato Tittel Dok.ID 13.11.2013 Søknad om kjøp av tilleggsareal til gbnr. 89/106 50452 13.03.2014 Kart, dat.01.08.13 50450 13.03.2014 Reg.plan Flatraket II - HPSC0055.jpg 53353 13.03.2014 Kart tilleggsareal gbnr 89 106.pdf 53354 Saka gjeld Sal at areal og mindre vesentleg reguleringsendring. Opplysningar til saka Eigar av gbnr. 89/106 ønskjer å kjøpe eit 110 m² stort tilleggsareal til tomta si, sjå vedlegg 1 og 2. Gbnr. 89/106 ligg i regulert bustadfelt på Flatraket (reguleringsplan Flatraket II, vedteke 25.09.84), sjå vedlegg 3 (tomt 2). Omsøkte tilleggsareal (delar av gbnr. 89/97) er regulert til leikeområde. For at heimelshavar skal kunne nytte tilleggsarealet til bustadføremål, krev dette at Selje kommune vedtek ei mindre vesentleg reguleringsendring av området. Lover/regelverk Plan- og bygningsloven Finansiering
Sakshandsamar si vurdering Det er allereie bygd på delar av omsøkte område, jfr. vedlegg 1. For å ikkje ta vekk meir av det regulerte leikeområdet enn det som er naudsynt, bør ikkje Selje kommune selje meir av området enn det som allereie er bebygd + 1 meter utafor bygning. Dette vil utgjere om lag 25 m² (vedlegg 4). Disse om lag 25 m² må omregulerast frå leikeområde til bustadområde. Konklusjon Selje kommune kan selje eit om lag 25 m² stort areal frå gbnr. 89/97 på Flatraket ( jfr. kart i vedlegg 4), som tilleggsareal til gbnr. 89/106. Pris pr. m² blir som for tomteprisar i nytt bustadfelt på Flatraket, kr. 53,29. Selje kommune bør samtidig gjere ei mindre vesentleg endring av reguleringsplan Flatraket II, for dette området. Endringa går ut på å endre planføremål frå leik til bustad. Alle kostnadar i samband med sal/reguleringsendring/oppmåling/tinglysing m.m., må bærast av kjøpar. Saksgang Saka vert avgjort av formannskapet. Vedtaket kan påklagast av berørte partar i saka, regional planstyresmakt og andre med rettsleg klageinteresse innan 3 veker etter at melding om vedtaket er kome fram. Klagen skal sendast til Selje kommune, 6740 Selje og må vere underskriven. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Selje kommune vedtek å selje eit om lag 25 m² stort areal frå gbnr. 89/97 på Flatraket (jfr. kart i vedlegg 4), som tilleggsareal til gbnr. 89/106. Pris pr. m² blir som for tomteprisar i nytt bustadfelt på Flatraket, kr. 53,29. Selje kommune vedtek samtidig å gjere ei mindre vesentleg endring av reguleringsplan Flatraket II, for dette området. Endringa går ut på å endre planføremål frå leik til bustad. Alle kostnadar i samband med sal/reguleringsendring/oppmåling/tinglysing m.m., må bærast av kjøpar. Handsaming i Formannskapet - 19.03.2014 7 voterande. Fellesframlegg: Som tilrådinga, men med endring i storleik areal i fyrste linje: Selje kommune vedtek å selje eit om lag 110 m² stort areal frå gbnr. 89/97 på Flatraket Røysting: Tilråding frå administrasjonen fekk 0 røyster for. Fellesframlegg fekk 7 røyster for.
FS-024/14 VEDTAK Selje kommune vedtek å selje eit om lag 110 m² stort areal frå gbnr. 89/97 på Flatraket (jfr. kart i vedlegg 4), som tilleggsareal til gbnr. 89/106. Pris pr. m² blir som for tomteprisar i nytt bustadfelt på Flatraket, kr. 53,29. Selje kommune vedtek samtidig å gjere ei mindre vesentleg endring av reguleringsplan Flatraket II, for dette området. Endringa går ut på å endre planføremål frå leik til bustad. Alle kostnadar i samband med sal/reguleringsendring/oppmåling/tinglysing m.m., må bærast av kjøpar. Samrøystes. Utskrift til: Aktuelle partar i saka.