MELDERSKIN - sikring Skarsklyp Sluttrapport



Like dokumenter
Sluttrapport Sherpasti MALMANGERNUTEN

FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Månadsbrev for Rosa september 2014

Minnebok. Minnebok NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Kom skal vi klippe sauen

Turstiar i Kvinnherad

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)


Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Sandeid skule SFO Årsplan

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Informasjon til elevane

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

ELVASTIEN I ØRSKOG. Jon Per Rødseth

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

Vintervèr i Eksingedalen

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Ei av dei mange hengebruene

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Informasjonshefte Tuv barnehage

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Månadsplan for Hare November

Plassebakken Barnehage

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Egil Christophersen til minne.

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

/

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»


INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Setring ved Håbakkselet Hareid

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

«Ny Giv» med gjetarhund

SKATTEINNTEKTER 12/ K-

6. trinn. Veke 24 Navn:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Brukarrettleiing E-post lesar

Samansette tekster og Sjanger og stil

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Transkript:

MELDERSKIN - sikring Skarsklyp Sluttrapport Fakta: Start mandag 15.06.2015 - slutt fredag 10.07.2015 90 høgdemeter - frå 790 m.o.h. til 880 m.o.h. 244 meter ny stitrasé 256 trappetrinn Berre stein frå staden Takk for hjelpa! Ei fin markering i "Friluftslivets år", og eit viktig bidrag til den jordkskjelvramma bygda Khunde i Nepal. Side 1

Saka gjeld - litt frå søknaden vår om midlar: Melderskin er eit populært turmål. I 2014 var det 1752 personar som skreiv seg inn i vardeboka. Alle desse må passera Skarsklyp omlag halvvegs. I tillegg kjem dei som ikkje skreiv seg inn i boka, og dei som returnerte før toppen. Diverre har det øvst i Skarsklyp kome fram mykje laus stein dei siste åra. Snøfonna som ofte ligg i klypet fram til fyrst i juni, arbeider i steinrøysane og løyser ut nye steinar kvart år. RT-turgruppa har fleire gonger rulla ned store steinar i kontrollerte "ras". Mindre steinar er samla saman så godt det let seg gjera. Likevel får vi stadig melding om lause steinar og redde turfolk. Vi har no planar om å leggja stien på sørsida av Skarsklyp. Døme på laus stein. Under snøen er mykje meir. Side 2

Velkomst og orientering Geirr Vetti og fire sherpaer kom til Rosendal laurdag 13. juni. Etter at dei var innlosjerte i ei moderne fjordhytte hjå Folgefonn Feriegard, vart laurdagskvelden nytta til "bli-kjent" samvær. Nigma (30 år) hadde vore to gonger i Norge før og Fuhra (23) ein gong. For Bam (29) og Nima (24) var det fyrste gongen. Daglege rutinar vart gjennomgått. RT skal kvar morgon mandag-laurdag henta sherpaene ved hytta kl. 06:30 og køyra dei til Kletta. Retur frå Kletta kl. 18:30. Avhengig av kor mykje dei hadde å bera av verkty og anna, var gangtida opp ca. 1:15 time frå Kletta, og 0:45 time ned att. Dei syter sjølve for matlaging i hytta. Der er moderne kjøkken og elles nødvendige hjelpemidlar som t.d. oppvask- og klevaskemaskin. For å kvila ut etter tungt steinarbeid går dei til ro før kl. 21:00 kvar kveld. Side 3

Kviledagar Sherpaene er Buhddistar og har laurdag som kviledag, men når dei er i Norge innordnar dei seg etter våre skikkar og tek fri på sundag. Dei tre sundagane her hjå oss vart brukt til nettopp det; kvile, men også til diverse turist- og sosiale aktivitetar. Som eit eksempel på oppleving kan nemnast at båttur var ei fyrstegongsoppleving for Bam og Nima. Arbeidet Arbeidet starta opp mandag 15. juni. Dei bar då opp mestedelen av verktyet, m.a. lange og tunge spett. Spettet, eller "Nepali-gold" som dei seier, er det viktigaste verktyet deira. Traséen for den nye stien var på førehand grovplanlagt, men vart no nøyare gjennomgått saman med dei utførande spesialistane. Dei fekk frie tøylar til å gjera arbeidet på sin måte, og å leggja traséen der det høvde med tilgang på stein og terreng. Sjølv om dei ikkje hadde nokon utnemnt leiar, var det eldstemann Nigma som stod fram som naturleg midtpunkt. Side 4

Side 5 Venene våre frå Nepal er ikkje berre steinarbeiderar av ypperste klasse, men framstår også som arkitektar og ingeniørar...! Sjå bileta før/etter frå same staden.

Som vi hadde rekna med var det rikeleg med god stein i området, men etter kvart vart det lang bering. Etter avtale med Geirr Vetti, vart vi einige om å bruka helikopter. SNO, Nasjonalparkstyret og Kvinnherad kommune gav nødvendige løyve. Høveleg stein vart lesst opp i 26 BigBag'ar, og i tillegg vart 21 store enkeltsteinar stroppa kvar for seg. Onsdag 24. juni brukte Fonnafly under to minutt pr. hiv på å løfta sekker og steinar bort til arbeidsplassen. Å vera vitne til samarbeidet mellom sherpaene var ei stor oppleving. Dette er tungt arbeid. Side 6 Ungdomar frå Nepal og Norge kommuniserte heilt "outstanding" i ein komplisert arbeidssituasjon.

Økonomi Kostnadsoverslaget frå Geirr Vetti var utrekna etter 500 timar. Det var tidleg klart at dette var alt for lite, kvaliteten på arbeidet vart av ein langt betre standard enn det vi hadde forventa. Sidan vi hadde fått nokre uventa store og gledelege pengegåver, vart vi einige om å engasjera dei fire Sherpaene for tilsaman tre veker. Dette var mogeleg avdi nokre av Geirr Vetti sine planlagte prosjekt måtte utsetjast p.g.a. mykje snø i fjellet. Etter tre veker var det utført eit fantastisk arbeid, og Skarsklyp var i realiteten sikra. Men med tanke på forventa sterkt aukande fjellturisme i framtida, ville vi for ytterlegare rassikring gjerne knyta den gamle stien til den nye litt lengre nede i lia. Saman med Sherpaene fann vi fram til ein trygg og god trasé. Vi fekk lov på to av sherpaene i fem dagar ekstra. Til dette greidde vi å skaffa ekstra sponsormidlar. SKARSKLYP - oppsummering for fire veker arbeid, 15.06.15-10.07.15 4 mann arbeidde 10 timar pr dag 6 dagar i veka, timepris kr 537,50 inkl. mva. Geirr fakturer oss ikkje for gåtid til/frå arbeidsplassen. Mat er inklusive i timeprisen. 365.500 Fakturert for 4 mann i 3 veker. 10 timar x 4 x17 = 680 timar. Fridag 25.6. 53.750 Fakturert for 2 mann i 5 dagar. 10 timar x 2 x 5 = 100 timar. 18.750 Geirr, reisekostnader. 438.000 31.000 Folgefonn Feriegard: Hytte, sengesett og utvask. (Dei sponsar med kr 7.700,-). 38.343 Fonnafly. 5.000 Nye sekker (156,25 x 26). Buførevegen fakturerer til oss. 800 Gåver til sherpaene. Fire bøker "Høgt og lågt i Kvinnherad". 580 Konsert Sondre Lerche for Fuhra og Nigma som arbeidde siste veka. 513.723 Ut 488.200 Gåver 31.023 Turgruppa sin kontante eigenandel 513.723 Inn Gåver av varierande storleik, i alfabetisk rekkefylgje: Berler ll As Yngve Bryn Knut Galtung Døsvig Folgefonn Feriegard Fredheim Gartneri As Harding Safety As Hellesøy Verft As Magne Hus Hans Olav Lindal Kvinnherad Elektro As Kvinnherad Turlag Rosendal Bygg & Varme As Rosendal og Omland Vassverk SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad Sunnhordland Kraftlag Varehuset Rosendal AS Takk også for velvilje frå grunneigarane Linda og Stian Krossøy, Rosendal Elv og utmarkslag, Folgefonna Nasjonalparkstyre, Statens Naturoppsyn og Kvinnherad kommune. Side 7

Nokre punktvise meiropplysningar: Den 25. april var det eit katastrofalt jordskjelv i Nepal, med etterfylgjande etterskjelv. 90 % av bygningane i "våre" sherpaer si bygd Khunde vart sterkt skada. Ei støtte til sherpaene sitt arbeid i Norge vart såleis denne sumaren meir aktualisert enn nokon gong som "hjelp til eit fattig land." Det seiest at sherpaene har genetiske føremuner relatert til t.d. lunge-, hjarte, og muskelkapasitet, men slik vi har opplevd dei er også innsida av hovudet av beste slag. Dei er veldig smarte og praktiske, og har ei serdeles fin framferd. Dei er IT-kunnige, interesserte i alle ting, og kunnskapsrike om det som rører seg i det internasjonale samfunnet. Ansvarlege frå Turgruppa har vitja dei i Skarsklyp minst annankvar dag, og elles halde dagleg kontakt. Køyring til/frå Kletta morgon og kveld har fungert framifrå. Styrelemer frå "paraplyorganisasjonen" vår Kvinnherad TL har også vitja dei i Skarsklyp og overrekt KTL-skjorter og KTL-turleiarjakker. Helikoptersekker og -stropper vart henta på NÅ (Buførevegen). Vi sytte også får skyssing av sherpaene og verktøy i to omgangar til nytt arbeid på Buførevegen. Samarbeidet med Buførevegenens vener har vore ei stor glede. Fire representantar frå Buførevegen vitja elevane på Malmanger skule fredag 19.6. Dei takka for gåve til jordskjelvramma Nepal og fortalde om Buførevegen. Elevane sat musestille i ein heil time, noko som i flg. lærarane var heilt uvanleg! Sherpaene har fått servert ni middagar og andre måltid privat og dei har fått "kilovis" med heimebakte brød og bollar. Slik omsut gjorde nok spesielt godt for å halda motet oppe i dagar med dårleg ver, og gjorde til at vi blei ein godt samansveisa gjeng med stor tiltru til kvarandre. Sumaren sett under eitt var vi heldige med veret. Dei hadde ikkje noko pausebrakke der oppe i fjellet, så det var imponerande å oppleva deira gode humør også før og etter uversdagar, og i vanskelege og tunge arbeidssituasjonar. Side 8 Klokka 18:00 fredag 10. juli 2015 var det avtalte engasjementet vårt med sherpaene slutt. Eit "smykke" av eit arbeid som vil sikra fjellvandrar i generasjonar framover var fullført. Takk for hjelpa! ROSENDAL TURNLAG - TURGRUPPA Morten Nygård, leiar Kåre Eik, prosjekt Skarsklyp