OVERSYN OVER RELIGIONANE Tal tilhengjarar (i millionar, og i % av folketalet i verda): NB tala i figuren er omtrentlege.
Dei tre semittiske religionane jødedomen, kristendomen og islam har eit felles opphav Dei reknar Abraham som ein felles "stamfar" Dei kristne brukar jødiske tekstar: Toraen (=Mosebøkene) og resten av Det gamle testamentet. Muslimane reknar Abraham, Moses og Jesus for å vere store profetar. Muslimane brukar både det kristne nytestamentet og den jødiske Toraen som religiøse skrifter i tillegg til Koranen. Kapittel 19 i Koranen handlar om Maria, mor til Jesus. Oversyn over dei semittiske religionane Islam har to hovudretningar: sunni og shia. Kristendomen har tre hovudretningar: ortodoks, katolsk og protestantisk. Nedanfor følgjer eit oversyn over historia til dei tre semittiske religionane. Noko av det er historiske fakta, og noko byggjer på det som står i Bibelen og Koranen (utan at det nødvendigvis er dokumentert av historikarane).
Jødedomen ca. 1800 f.kr. Abraham kom frå Ur i Kaldea (Irak). Han blir rekna som stamfaren til jødane - og muslimane. Abraham slo seg ned i Kanaan (Israel). Jødane trur på éin gud, Jahve. Moselova sette opp strenge reglar som regulerte samfunnet. ca. 1500 f.kr. Jødane var i fangenskap i Egypt, men Moses førte dei attende til Kanaan. Josva vann slaget om Jeriko, og jødane tok over landet. ca. 1000 f.kr. Israel hadde ei stordomstid under kongane Saul, David og Salomo. 930 f.kr. Israel vart delt i to rike. ca. 700 f.kr. Jødane var fangar i Babylon. 63 f.kr. Romarane erobra Israel. 70 e.kr. Diasporaen: Etter eit opprør øydela romarane Jerusalem, og jødane må tte flykte. 70-1948 Jødane levde i mange land, men heldt på religionen og tradisjonane. Sidan dei var annleis, vart dei ofte utsette for diskriminering. Det opphavelege heimlandet vart styrt av ulike muslimske rike. 1882 Zionistane la planar om å gjenetablere Israel som eit jødisk heimland. Jødar byrja å innvandre til Palestina (Israel). 1939-45 6 millionar jødar vart drepne i Holocaust. 1948 Staten Israel erklærte seg sjølvstendig. Jødane hadde fått sin eigen stat, men fire millionar muslimske palestinarar måtte flykte. Vår tid Israel er eit moderne og utvikla land, men palestinarane sitt problem er ikkje løyst.
Kristendomen år 0 Jesus vart fødd i Betlehem, Israel. 30-33 Jesus framsto som ein profet som ville forandre samfunnet. Han var på dei fattige og utstøytte si side. Han hevda at han var Guds son, og kom til å bli ofra for å sone syndene våre. Han ville gå vekk frå ein del av reglane i Moselova. Romarane, og spesielt dei jødiske religiøse leiarane, såg Jesus som ein trussel, og fekk han avretta. 33- Tilhengarane til Jesus spreidde kristendomen i Tyrkia, Hellas, Roma og andre stader i Romarriket. Mange av dei vart forfølgde og avretta. Likevel vart kristendomen svært populær blant vanlege folk. 380 Kristendomen vart statsreligion i Romarriket. -1100 Kristendomen vart innført i heile Europa, i Noreg: 1030. 1517 Martin Luther reformasjonen. 1500- Europeiske kolonimakter innførte kristendomen i andre verdsdelar.
Islam 570 e.kr. Muhammed vart fødd i Mekka, Arabia. 610 Muhammed byrja å ta imot openberringar frå erkeengelen Gabriel, i månaden ramadan. Openberringane vart samla i ei bok Koranen. Muhammed starta ikkje noko nytt, men tok opp tradisjonen etter Abraham, Moses og Jesus. 610-22 Muhammed prøvde å omvende folket i Mekka til islam, utan særleg hell. 622 Muhammed og tilhengjarane vart jaga frå Mekka og søkte tilflukt i Medina. Den muslimske tidsrekninga byrjar dette året. 624-32 Muhammed vann fleire slag, og herska over heile den arabiske halvøya då han døydde. 632- Muslimane vart ikkje samde om kven som skulle bli ny leiar etter Muhammed. Det vart splitting mellom shia- og sunni-muslimar. 700-1000 Muslimane erobra Midt-Austen, Pakistan, Nord-Afrika og Spania/Portugal. 700-1250 Islamsk gullalder for vitskap og kultur, mellom anna matematikk og astronomi. 1000-1250 Europearar invaderte Israel (korstoga). Djengis Khan jamna Baghdad med jorda. 1300- Islam vart spreidd til India og Indonesia, og sørover i Afrika. Vår tid Islam blir praktisert på mange ulike måtar, både liberalt (Tyrkia, Indonesia) og strengt (Iran, Saudi-Arabia.
Hadith (muslimske levereglar): Gud vil si på Dommens Dag: Barn av Adam! Jeg var syk og du besøkte Meg ikke. Mennesket vil spørre: Herre! Var Du syk? Kunne jeg besøke Deg, Du Mester over alle verdener? Gud vil svare: Et menneske som Jeg hadde skapt var sykt, og du besøkte ham ikke. Men du visste at gikk du til ham, så fant du også Meg. Gud vil si: Barn av Adam! Jeg var sulten, og du ga meg ikke å spise. Mennesket vil spørre: Du, Herre over alle verdener! Kunne jeg gi Deg å spise? Gud vil svare: En av Mine tjenere var sulten, og du mettet ham ikke. Men du visste at ga du til ham, så ga du også til Meg. Gud vil si: Barn av Adam! Jeg var tørst, og du ga Meg ikke å drikke. Mennesket vil spørre: Du, skapelsens Herre! Hvordan kunne jeg gi Deg vann? Gud vil svare: Noen Jeg hadde skapt var tørst, og du lot ham ikke få drikke. Men kom du til ham i barmhjertighet, så kom du også til Meg. Profeten sa til en venn: Du har to trekk som Gud liker: Du er vennlig og ettertenksom. Moses spurte en gang Gud: Herre! Hvem setter Du størst pris på? Gud sa: Den som kan ta hevn, men tilgir. Muslimer kan man stole på. De holder det de lover. Den som spiser seg mett når naboen sulter, er ikke muslim.
HINDUISMEN religionen i India 5000 år gammal 800 000 000 tilhengjarar svært mange variantar og sekter svært mange gudar; men likevel berre éin gud. Alle gudane er aspekt av Brahman, den evige sjela. Det heilage ordet ॐ /om/ er symbolet på hinduismen.
RE-INKARNASJON (GJENFØDING) Det er eit fellesskap mellom alt levande. Atman (sjela) kan bli gjenfødd som menneske, dyr eller plante. Det jordiske tilveret, samsara, er prega av synd og liding. Viss du følgjer reglane for rett livsførsel (dharma) og lever eit godt liv, får du god karma, og blir gjenfødd på eit høgare trinn. Etter mange gjenfødingar og mykje strev kan du sleppe fri. Målet er at Atman (den enkelte si sjel) skal gå opp i Brahman (den evige sjela). Det er det same som nirvana, ein tilstand der det er slutt på alle plager. VIKTIGE SKRIFTER Rig Veda - verdas eldste religiøse skrift (1500 f.kr) Bhagavadgita handlar om helten Arjuna, og er ein del av...... Mahabharata - verdas største religiøse skrift. KASTESYSTEMET kaste = samfunnsgruppe system for rangordning i samfunnet fire kastar: prestar krigarar handelsmenn tenarar ---------------- kastelause det er fleire tusen mindre grupperingar innanfor kastane. Kvar gruppe har sitt yrke: bonde (jat) - keramikar (kumhar) - snekkar (barhai) - smed (lohar) osv. osv. plasseringa i ein kaste går i arv, men du kan bli gjenfødd i ein høgare kaste kastesystemet er no forbode, og styresmaktene prøvar å avskaffe det
NOKRE AV DEI 10 000 GUDANE I HINDUISMEN: VISHNU er gjenfødd ti gonger (har ti avatarar, to av dei er Krishna og Rama) gift med Lakshmi, gudinna for rikdom SHIVA OG SHAKTI eit ektepar som har både skapande og øydeleggjande eigenskapar gudinna Shakti kan opptre i form av... Parvati, den omsorgsfulle morsgudinna Kali, dødsgudinna GANESH son til Shiva og Shakti har elefanthovud guden for fest og feiring populær blant studentar fjernar hindringar Ganesh mantra: Om Gam Ganapataye Namaha Ved å lese ganesh mantra vil du få framgang i privatlivet, på jobb og på skulen.
RELIGIONAR SOM HAR OPPHAV I HINDUISMEN Desse religionane har mykje felles med hinduismen, t.d. systemet med gjenføding. BUDDHISME 300 000 000 tilhengjarar ingen gudar Siddharta Gautama (ca. 563-483 f.kr.) var ein prins i Nepal, og levde eit behageleg liv. Ein dag gjekk han utanfor slottet og fekk sjå kor mykje liding som fanst. Han bestemte seg for å bli ein asket for å sleppe unna lidinga i verda. Seinare fann han ut at den gyldne middelvegen var betre. innsikt og oppvakning fører til eit betre liv. den åttedelte vegen" hjelper deg til å leve eit godt liv og nå nirvana raskare. Nokre av vegane er meditasjon, rettferdig livsførsel, tilbeding, og å hjelpe andre. JAINISME 4 000 000 tilhengjarar ingen gudar vil ikkje drepe noko levande vesen vegetarianarar asketar ikkje-vald (ahimsa) > Gandhi
SIKHISME 25 000 000 tilhengjarar frå Punjab i India/Pakistan grunnlagt på 1400-talet av Guru Nanak berre éin gud / ånd krigersk kultur mange sikhar er leigesoldatar menn går med turban felles etternamn: Singh for menn og Kaur for kvinner Dei 5 k'ane i sikhismen: HARE KRISHNA "hindu light"-sekt i Vesten 1 000 000 (?) tilhengjarar starta i New York i 1965 Krishna er den høgste guden asketar vegetarianarar går i gule kapper og barberer hovudet meditasjon og mantra: "Hare Krishna, Hare Rama "
I våre dagar oppstår det stadig nye religiøse rørsler: