HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013 16.04.2013 STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 SAMANDRAG Tiltakspakka med midlar til lærebedrifter for å auke gjennomføring, er vidareført i statsbudsjettet for 2013 på same nivå som då posten vart etablert i 2009. Hordaland vil ut frå dette få ein sum på ca. 19 mill. kr. Det er i statsbudsjettet opna for at fylkeskommunane kan disponera midlane slik som er mest tenleg for det enkelte fylke, med tanke på auka tilgang til læreplassar. Vidare vert det vist til sak 211206348-7 der stimuleringsmidlane og tiltak for 2013 2015 i Hordaland fylkeskommune er omtalt. Dette dokumentet vert å rekne som eiga sak for midlane for 2013. Hordaland fylkeskommune ønskjer å fordele midlane på både opplæringskontor, prosjekt i samarbeid med NAV, ressursar til oppfølging, tilskot til avviksfag, og å ha ein sum det er mogleg å søke på. Vi vil også sette av midlar som kan brukast til eksempelvis ekstra teori for enkeltelevar og lærekandidatar. Tiltak Sum 2013 1. Tilskot til nye medlemsbedrifter i opplæringskontor.. Tilskot til opplæringskontor som tar inn ny medlemsbedrift. Medlemsbedrifta må vera godkjent som lærebedrift og i tidsrommet 1.1.2013 30.11.2013 få godkjent lærekontrakt med arbeidskontrakt/arbeidsstad i medlemsbedrifta. Tilskotet er på kr 30 000 kr, for kvar ny medlemsbedrift som også tar inn lærling med godkjent lærekontrakt. Utbetalinga skjer etter innsende lister frå opplæringskontoret som må komma inn til fagopplæringskontoret seinast 30.11.2013. Tiltaket kan forlengast vidare til 2014 dersom midlane ikkje er brukt opp.
2. Basistilskot 2 for lærekontraktar i avviksfag Tilskot basis 2 for bedrifter som tar inn lærlingar i avviksfaga. Desse får pr. i dag ikkje tilskot. Eksempelvis; dataelektronikarfaget og automatiseringsfaget. 3. Oppfølging av pågåande tiltak, nye tiltak og vidare utvikling av fagopplæringa i Hordaland. Fagopplæringskontoret har mange pågåande tiltak som styrkar og er med på å utvikla fagopplæringsordninga. Dette gjeld blant anna arbeid knytt mot Samfunnskontrakten, og tiltak knytt opp mot bruk av stimuleringsmidlar. Det er behov for ekstra ressursar for å følgje opp og kvalitetssikre dette arbeidet. 4. Samarbeid med NAV/opplæringskontor om avklaringstilskot for å prøve ut elevar som ønskjer Samarbeid med NAV der det vert betalt ut eit avklaringstilskot for eit utval søkarar til læreplass som opplæringskontora vil prøve ut før ein eventuell kontrakt vert signert. 5. Økonomi til ekstra teori, bytte retning av lærekandidatar og liknande. Ekstra midlar til eksempelvis ekstra teori for søkjarar som byttar retning, søkjarar som har behov for ekstra fag før dei får gå opp til fagprøven, lærekandidatar som treng ekstra tid for å ta fagbrev og liknande. 6. Tilskot til lærebedrifter som tar inn lærlingar og lærekandidatar med særskilte behov forskottering og supplering Ekstra økonomi som kan settast av til tilskot til lærebedrifter som tar inn lærlingar og lærekandidatar med særskilte behov forskottering og supplering i høve til søknedane som årleg går til UDIR. Sum 2,0 mill 19 mill FORSLAG TIL INNSTILLING Opplærings- og helseutvalet rår til at midlane til auka gjennomføring i lærebedriftene vert disponerte i tråd med tabell over. Rune Haugsdal fylkesrådmann Svein Heggheim opplæringsdirektør 2
FYLKESRÅDMANNEN, 12.03.2013 Hordaland fylkeskommune ønskjer å fordele midlane på både opplæringskontor, prosjekt i samarbeid med NAV, ressursar til oppfølging, tilskot til avviksfag, samt å ha ein sum det er mogleg å søke på. Vi vil også sette av midlar som kan brukast til eksempelvis ekstra teori for enkeltelevar og lærekandidatar. Tiltak Sum 2013 1. Tilskot til nye medlemsbedrifter i opplæringskontor. Tilskot til opplæringskontor som tar inn ny medlemsbedrift. Medlemsbedrifta må vera godkjent som lærebedrift og i tidsrommet 1.1.2013 30.11.2013 få godkjent lærekontrakt med arbeidskontrakt/arbeidsstad i medlemsbedrifta. Tilskotet er på kr 30 000 kr, for kvar ny medlemsbedrift som også tar inn lærling med godkjent lærekontrakt. Utbetalinga skjer etter innsende lister frå opplæringskontoret som må komma inn til fagopplæringskontoret seinast 30.11.2013. Tiltaket kan forlengast vidare til 2014 dersom midlane ikkje er brukt opp. 2. Basistilskot 2 for lærekontraktar i avviksfag. Tilskot basis 2 for bedrifter som tar inn lærlingar i avviksfaga. Desse får pr. i dag ikkje tilskot. Eksempelvis; dataelektronikarfaget og automatiseringsfaget. 3. Oppfølging av pågåande tiltak, nye tiltak og vidare utvikling av fagopplæringa i Hordaland. Fagopplæringskontoret har mange pågåande tiltak som styrkar og er med på å utvikla fagopplæringsordninga. Dette gjeld blant anna arbeid knytt mot Samfunnskontrakten, og tiltak knytt opp mot bruk av stimuleringsmidlar. Det er behov for ekstra ressursar for å følgje opp og kvalitetssikre dette arbeidet. 4. Samarbeid med NAV/opplæringskontor om avklaringstilskot for å prøve ut elevar som ønskjer Samarbeid med NAV der det vert betalt ut eit avklaringstilskot for eit utval søkarar til læreplass som opplæringskontora vil prøve ut før ein eventuell kontrakt vert signert. 5. Økonomi til ekstra teori, bytte av retning, lærekandidatar og liknande. Ekstra midlar til eksempelvis ekstra teori for søkjarar som byttar retning, søkjarar som har behov for ekstra fag før dei får gå opp til fagprøven, lærekandidatar som treng ekstra tid for å ta fagbrev og liknande. 6. Tilskot til lærebedrifter som tar inn lærlingar og lærekandidatar med særskilte behov forskottering og supplering Ekstra økonomi som kan settast av til tilskot til lærebedrifter som tar inn lærlingar og lærekandidatar med særskilte behov forskottering og supplering i høve til søknadene som årleg går til UDIR. Sum 2,0 mill 19 mill 3
1. Fagopplæringskontoret vil utbetale tilskot til opplæringskontor som tar inn nye lærebedrifter på kr 30 000. Kriteriet er at medlemsbedrifta er godkjent lærebedrift og at medlemsbedrifta må ta inn lærling med godkjent lærekontrakt med arbeidsstad i ny medlemsbedrift. Kontrakten må vera godkjent i 2013. Opplæringskontoret sender rapport til fagopplæringskontoret innan 30.11.2013. Det er ønskeleg med fleire lærebedrifter i opplæringskontor. For å minske avstanden mellom bedriftene og Opplæringsavdelinga, og for å sikre best mogleg oppfølging av lærlingane og å betre samarbeidet rundt dimensjonering når det kjem til mengd skuleplassar og kva næringslovet har behov for. Fleire bedrifter inn i opplæringskontora vil gi eit betre grunnlag for samarbeid om spørsmål rundt klassestruktur og behov for fagarbeidarar i dei ulike bransjane. 2. Tilskot Basis 2 (2685 kr pr. månad) for bedrifter som tar inn lærlingar i avviksfaga. Lærebedrifter som signerer kontrakt med lærlingar som berre skal ha verdiskaping i bedrift, får pr. i dag ikkje tilskot. Dette er aktuelt for mellom anna faga dataelektronikar og automatisering. Det er behov for desse fagutdanningane, og basistilskot 2 kan føre til ein auke i mengd læreplassar i fagområda. 3. Fagopplæringskontoret har mange pågåande tiltak som styrkar og er med på å utvikla fagopplæringsordninga. Dette gjeld mellom anna arbeid knytt opp mot bruk av stimuleringsmidlar i interne og eksterne tiltak. Det er behov for vidareføring av ressursar til å følgje opp og kvalitetssikre dette arbeidet, samt å følgje opp og arbeide med felles mål i Samfunnskontrakten. Fagopplæringskontoret er prega av stor mengde produksjonsoppgåver i den daglege drifta, noko som gjer det vanskelig å prioritere slike viktige utviklingsoppgåver. Informasjonsarbeid er også viktig i denne samanheng, og det er behov for å setja av tid til alt frå oppdatering og vedlikehald av nettsider og sosiale medier, til konkrete informasjonsmøte og foredrag om fagopplæringsordninga. 4. Samarbeid med NAV/opplæringskontor om avklaringstilskot for å prøve ut elevar som ønskjer Dette er eit prøveprosjekt som Rogaland alt har prøvd ut. Prosjektet vart presentert på Strategisamlinga til fagopplæringskontoret 6. og 7. februar 2013. Representant frå NAV Hordaland var også til stades på strategisamlinga og var positiv til tiltaket. Prosjektet vert eit samarbeid mellom fagopplæringskontoret, NAV og opplæringskontora. Grunnen til at enkelte bedrifter reserverer seg mot å ta inn lærlingar, er manglande teori, som krev mykje innsats i læretida for å bli kvalifisert til fagprøven. Ein annan grunn er mykje fråvær, som gjer at bedrifter er usikre på innsats og vilje til å møte på jobb. Bedriftene ynskjer gjerne å bli betre kjent med personar før dei vel å signere lærekontrakt. Det er fagopplæringsseksjonen som administrerer og har kontroll på avklaringsprosjektet. På bakgrunn av rapport i Vigo får elevar tilbod om å komme med i prosjektet. Elevane vert utvalde på bakgrunn av terminkarakter og fråvær i Vg2 tidleg på våren. Informasjon om dette skjer i første omgang skriftlig, grunna behovet for dokumentasjon. Elevane vert kalla inn til samtale, der det blir laga eit samtaleskjema. Dette blir overlevert til NAV når så langt kjem. Godt samarbeid med opplæringskontor og vidaregåande skular. Matematikk og naturfag skal gjennomførast på sommarskulen. Frå august til desember er det avtale med NAV om praksisplass. Eleven får då individstøtte, og bedrifta får ekstra midlar på Kr. 4000,- pr. mnd. frå fagopplæringskontoret. Dersom det blir teikna lærekontrakt før praksisperioden er over, får likevel bedrifta Kr.4000 pr. mnd. 4
Om lærekontrakt blir teikna, får bedrifta kr.1500,- i ekstra tilskot pr. mnd i tillegg til basistilskot. Elevane som på hausten er på lista over elevar som skal formidlast til læreplass (dvs. ståkarakterar og lite fråvær) men som av ulike grunnar ikkje har fått plass, blir også vurdert om dei skal inn i avklaringsprosjektet. 5. Ekstra økonomi til ekstra teori, for eksempel ved bytte av retning, til lærekandidatar, utvida tid. Det vert sett av økonomi for betre å kunne leggje til rette for ulike ekstra tiltak for enkelte lærlingar/lærekandidatar. Bedrifter vil eksempelvis ikkje verte trekt for teoriundervisning dersom lærlingen dei tar inn manglar relevant Vg1 og Vg2. 6. Tilskot til lærebedrifter som tar inn lærlingar og lærekandidatar med særskilte behov forskottering og supplering. Sidan lærlingar ikkje har rett på spesialundervisning, er det etablert ein sentral pott hjå Utdanningsdirektoratet som bedrifter kan søke støtte frå, dersom lærebedrifter har ekstraordinære tilretteleggingsbehov for lærlingar og lærekandidatar. Ordninga er innskrenka dei siste åra, og har også ein fast søknadsfrist. Når lærebedrifter vurderer å ta inn lærlingar, kan ekstraordinære tilretteleggingsbehov vera kjende. Om det er sannsynleg å få ekstraordinær støtte til tilrettelegging, kan då vera avgjerande for at kontrakten vert inngått. Om ekstraordinære tilretteleggingsbehov vert kjende seinare i læretida, kan også ei rask avklaring på ekstraordinær støtte vera vesentlig for at kontrakten vert vidareført. Det er difor ønskeleg å kunne forskottere tilsegn om ekstraordinær støtte, med den risiko det er for at tilsvarande midlar ikkje vert refundert frå Utdanningsdirektoratet. Dette vil trygge tilgangen på læreplassar og auke moglegheita for gjennomføring for lærlingar med særskilte behov. 5