Nissedal kommune. Møteinnkalling. Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 18:00

Like dokumenter
Eigarstyring. tiltak og gjennomføring Eigarskapkontroll - Nissedal kommune 2019 ::

Eigarskap i Tokke kommune. Eigarskapkontroll - Tokke kommune 2019 ::

Nissedal kommune. Møteprotokoll. Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 18:00 18:45

Nissedal kontrollutval

Val av styre evaluering, valprosess og samansetjing. Eigarskapkontroll Vinje kommune 2019 ::

Nissedal kommune. Møteprotokoll. Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 18:00 21:00

Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Tore Solli MEDL AP Hølje Haugsjå MEDL AP Magne Haugsjå MEDL KRF Knut Oddvar Nes MEDL SP

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Geir Christian Enger VORDF AP/KRF

Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Anne-Nora Oma Dahle MEDL SP Marianne Bråten Odden MEDL. SP

Ordfører Halvor Homme Kommunalsjef samfunn og utvikling Jan Arvid Setane Einingsleiar skule Even Holsaker Rektor Reidun Retterholt

Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Bjarne Reime MEDL KRF Paul Willy Setane MEDL AP

Møteprotokoll. Nissedal kontrollutval. 2/18 18/ Godkjenning av innkalling

Meld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil eller epost:

Nissedal kommune. Møteprotokoll. Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 18:00 20:00

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

Tokke kontrollutval. Meeting Book: Tokke kontrollutval ( ) Date: T09:00:00. Location: Møterom Teknisk. Note: Tokke kontrollutval

36/12 SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK - RAPPORT ETTER SELSKAPSKONTROLL

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

ÅRSMELDING 2012 FRÅ KONTROLLUTVALET NISSEDAL KOMMUNE

Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Kai Halvor Juva MEDL AP Runa Vee Tveit MEDL AP Paul Willy Setane MEDL AP

Nissedal kommune. Møteprotokoll. Formannskapet. ordførar. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00 17:00

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Nissedal kommune. Møteprotokoll. Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 18:00 19:00

Sakliste: Saknr. Sak 32/12 Godkjenning av innkalling og sakliste MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Møteinnkalling. Møteprotokoll. Saker til behandling. Prosjektplan - Forvaltningsrevisjonsprosjekt - Økonomistyring - Tokke kommune

Rådmann Sverre Sæter Miljøterapeut Runa Tveit Einingsleiar skule Roger Steinbakk Kommunalsjef Jan Arvid Setane Teknisk sjef Kristin Kyrkjerud Vaa

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Stryn kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteken i kommunestyresak 56/16 den

SELJE KOMMUNE Kontrollutvalet. Møteprotokoll. Møtedato: 28. FEBRUAR.2017 Møtetid: Kl. 13: Møtestad: Kommunehuset, 2 etg. Saksnr.

Kontrollutvalet i Suldal kommune

MELAND KOMMUNE. Plan for selskapskontroll

Nissedal kommune. Møteprotokoll. Utval: Formannskapet Møtestad: Ordførarkontoret, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 08:30 09:50

Plan for selskapskontroll

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Styre val, evaluering og styresamansetjing Eigarskapkontroll - Bø kommune

Kviteseid kommune Kontrollutvalet

Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Paul Willy Setane MEDL AP Kristine Sandall MEDL. H

VEDTEKT av februar 2007

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Innleiing. Obligatoriske planar

Bjerkreim Kommune. Plan for selskapskontroll Noen de kommunale selskapene i regionen

Kontrollutvalet i Bømlo kommune Møteprotokoll

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

Dato kl. 14:00-16:00 Stad: Fjell Rådhus. Eli Bergsvik, Kristian Johannessen, Gro Heidi Skoge,

Budsjett 2019 og økonomiplan

Plan for selskapskontroll

Varaordførar Medlem. H H Henry Mæland Medlem SP Beate Marie Dahl Eide Medlem SP. Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Årsplan for kontrollutvalet i Bjerkreim

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

Telemark kontrollutval

Reglement for Kvam kontrollutval

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Å rs pl a n f o r kontrollutvalet Bjerkreim

Å rs pl a n f o r kontrollutvalet Bjerkreim

Partsbrev - Invitasjon til å delta i selskapskontroll av Hardangerbrua AS frå Hordaland fylkeskommune

Oppfølging av kommunalt eigarskap

Selskapsavtale for Sogn og Fjordane Revisjon IKS Gjeldande frå

Årsmelding 2014 for kontrollutvalet

Vinje kommune. Kontrollutvalet. Møteprotokoll frå Vinje kommune - kontrollutvalet. Møtedato: Tidspunkt: SAKLISTE.

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet Kommunestyret Etablering av kommunal vassforsyning på Kyrkjebygdheia

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tlf snarast råd.

Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Anne-Nora Oma Dahle MEDL SP Runa Vee Tveit MEDL. AP Stein Skåli MEDL SP

ÅRSMELDING 2016 KONTROLLUTVALET I HJELMELAND

Nissedal kommune. Møteprotokoll. Utval: Formannskapet Møtestad: Ordførarkontoret, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 08:30 11:15

Forfall meldas til sekretær for kontrollutvalet på eller e-post eller tlf Møteinnkalling.

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 9: Møtestad: Rådhuset, Kommunestyresalen Saksnr.: 12/ /2016

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Rådet for eldre og funksjonshemma

MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 10/11 21/11. MØTELEIAR Georg Lønning (FrP)

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Årsplan - Kontrollutvalet i Klepp

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Seljord kommune. Møteprotokoll. Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Møtedato: Møtetid: 18:00 21:45

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA. Eigarskapspolitisk. plattform

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer. Følgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Svein Forberg Liane MEDL V

VINDAFJORD KOMMUNE FOR 2012 KONTROLLUTVALET VINDAFJORD KOMMUNE

Fitjar kommune Møteprotokoll

Plan for gjennomføring av selskapskontroll i Balestrand kommune

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Meeting Book: Tokke kontrollutval ( ) Tokke kontrollutval Date: T11:30:00 Location: Tokke kommunehus, møterom teknisk Note: Tokke k

Samnanger kommune Møteprotokoll

FINNØY KONTROLLUTVAL ÅRSPLAN 2018

Naustdal kommune Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Nissedal kommune. Møteprotokoll. Utval: Formannskapet Møtestad: Ordførarkontoret, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 08:30 09:50 og 10:45 11:50

Hå, Time og Klepp sin eigarstrategi. for Jæren Industripartner AS

Kontrollutvalet i Bjerkreim kommune Møteinnkalling

Inge Magnus Evja (leiar), Kirsten Jensby og Magne Olav Fjellhøy. Oppdragsrevisor Birgitte Lindner Bøen

11/12 Kontrollrapport 2011 vedr. skatteoppkrevjarfunksjonen i Kvinnherad kommune.

Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Halvor Homme ORDF AP/KRF Kristine Sandall MEDL SP/H

Plan for selskapskontroll

Agder Sekretariat Sekretariat for kontrollutvalg i Agder Postboks Kvinesdal Bankkonto: Organisasjonsnr.

Transkript:

Nissedal kommune Møteinnkalling Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: 11.03.2019 Tidspunkt: 18:00 Forfall skal meldast på tlf. 35 04 84 00. Varamedlemmer møter berre ved særskilt innkalling. Halvor Homme ordførar 1

Saksliste Utvalssaksnr PS 10/19 PS 11/19 PS 12/19 Innhald Saker til behandling Utbygging av Kyrkjebygda oppvekstsenter - behov for auka ramme Handlingsplan for kommunalt næringsfond - KMD - Nissedal kommune 2019 Eigarskapskontrollrapport - "Eigarskap - tiltak og gjennomføring" PS 13/19 Nissedal kontrollutval si årsmelding 2018 PS 14/19 PS 15/19 Kontrollrapport 2018 - Skatteoppkrevjarfunksjonen Referat- og drøftingssaker Lukka 2

Saker til behandling PS 10/19 Utbygging av Kyrkjebygda oppvekstsenter - behov for auka ramme 3

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 614 2018/173-20 Sverre Sæter 06.03.2019 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 10/19 11.03.2019 Utbygging av Kyrkjebygda oppvekstsenter - behov for auka ramme Vedlegg: 1 Budsjett Kyrkjebygda oppvekstsenter Saksutgreiing: Kommunestyret vedtok i k-sak 3/18: Kyrkjebygda oppvekstsenter byggjast ut/om innafor ei ramme på kr 14,8 mill. Vedlagte skisse nyttast som utgangspunkt for Prosjektering- og byggjenemnda sitt vidare arbeid i prosessen. Av totalramma vert det lagt til grunn at 7 mill. vert nytta i 2018. Investeringsbudsjett for 2018 vert endra jf. vedlagte skjema 2A og 2B. Kommunen tek i 2018 opp eit lån på kr 5.600.000 til utbygging/ombygging av Kyrkjebygda oppvekstsenter. Ein føresetnad for oppussing av gymsalen er at kommunen får tilsagn på omlag kr 560 000 i tippemidlar Barnehagedelen vart ferdigstilt i fjor haust, og denne utbygginga med konsulentbistand (for skule og barnehage) kom på kr. 2 685 000 inkl. moms Kommunestyret løyva først ei ramme på totalt kr. 14,8 mill. inkl. mva. på vilkår av at spelemiddelsøknaden til gymsalen blei innvilga. Det blei avslag på søknaden, gymsalen er ikkje spelemiddelberettiga. Den nye ramma blei da satt til kr. 13,1 mill. inkl. mva. Trekker me frå barnehagedelen og nytta konsulenttenester står me att med ei ramme på kr. 10,4 mill. inkl. mva. til skuledelen. Anbodskonkuransen blei kunngjord på Doffin 15/10-2018. Det blei avhalden anbodssynfaring etter avtale med fleire entreprenørar. Den 16. november var det anbodsopning, og dei fem tilboda som kom inn låg langt over gjeve ramme. Eik entreprenør AS hadde desidert lågast tilbodspris på kr. 13,1 mill. inkl. mva., men pga. ein reknefeil fikk entreprenøren moglegheit til å 4

trekke tilbodet sitt. Eik entreprenør AS trakk tilbodet. Me satt då att med fire pristilbod frå kr. 15,6- til kr. 17,4 mill. inkl. mva. Kostnadsoverslaget til arkitekten hadde ein kalkylenøyaktighet på +- 20% Rådmannen vurderte hovudårsaken til avstanden mellom kostnadsoverslaget me fikk inn, til at det i anbodsgrunnlaget kom inn fleire lovkrav som ikkje fullt ut var teke omsyn til i arkitekten sitt kostnadsoverslag. Dette var innan elektro og branntiltak. Den separate ombygginga av barnehagen bidrog ikkje til gapet. I møte i prosjekterings- og byggenemnda den 22. november i fjor vart anbodsgrunnlaget og tilboda lagt fram, og det vart gjort slikt vedtak: Rådmannen tek kontakt med arkitekt for å jobbe med det nemnda har drøfta i dag. Det skal leggast særleg vekt på å spare på rehabilitering av eksisterande areal. Framlegg til ombygging og utbygging i samsvar med vedteke kostnadsramme vert lagt fram i neste møte i nemnda i januar 2019. Rådmannen hadde møtet me arkitekt einingsleiar skule, for å lage eit forslag til reduksjon/innsparing av skuledelen. Arbeider som blei redusert eller utgikk var: tilbygg mot sør, trapp og rampe mot sør, behalde eksisterande wc og hwc ved Valhall, redusere trapp/amfi til rettløpstrapp, reinhaldsrom i Valhall utgikk, øvingsrom i kjeller utgikk, inngang ved tilbygg mot sør- vest utgikk, asfalt utomhus og åtkomst til tilbygg frå sør utgikk. Rådmannen og arkitekten rekna med dette å spare inn kr. 2,7 mill. inkl. mva. Arkitekten teikna to alternative skisser som blei drøfta i prosjekterings- og byggenemnda i januar. Nemnda gjev rådmannen fullmakt til å gå i forhandlingar med tilbydarar med basis i eitt av dei to skissene til denne saka. I forhandlingsmøtet med tilbyderar var det to entreprenørar som møtte. Carl Erik Winther Larsen AS og Byggpartnere AS. Saman med arkitekten blei det gjennomgått oppsett på reduksjon av ytelsene i prosjektet. Tilbydarane blei gitt ei veke frå møtedag til å rekne på reduksjonen. Tysdag 26. februar var det anbodsopning. Nissedal kommune fikk etter forhandling inn to tilbod for reduksjon av skuledelen. Byggpartnere AS med reduksjon på kr. 1 049 866 inkl. mva. Tilbodet blir etter reduksjon justert til kr. 14 592 173 inkl. mva. Carl Erik Winther Larsen AS med reduksjon på kr. 3 187 500 inkl. mva. Tilbodet blir etter reduksjon justert til kr. 13 021 421 inkl. mva. Carl Erik Winther Larsen AS leverte også forslag til innsparing med alternativ løysningar frå elektrikar på kr. 300 000 inkl. mva. og forslag til innsparing med alternativ løysningar frå entreprenør (bruke sanitæranlegg på skulen) kr. 100 000 inkl. mva. Dette skal rådmannen sjå nærmare på. Dei alternative løysingane ligg ikkje i summen på kr. 13 021 421 inkl. mva. Det rimelegaste tilbode for skuledelen er på kr. 13 021 421 inkl. mva. Arbeid som kommer i tillegg er minder oppussing av gymsal ca. kr. 400 000 inkl. mva. og inventar ca. kr. 300 000 inkl. mva. Det må for sikkerhets skyld takast høgde for peling av tilbygget sidan grunnforholda er usikre (leire). Det skal takast prøver av grunnen før byggestart. Pris for peling er kr. 250 000 inkl. mva. Det totale behovet for tilbygg og ombygging skuledelen da på kr. 13 971 421 inkl. moms. Forslag til innsparing med alternativ løysningar kan trekkas frå vis rådmannen ser det fordelaktig å nytte seg av dei. Prosjekterings- og byggenemnda vedtok følgjande innstilling til kommunestyret i sitt møte den 28.2.2019: Kommunestyret løyver ei total ramme til ombygging av skuledelen i Kyrkjebygda oppvekstsenter på kr. 13 600 000 inkl. moms. I denne ramma ligg branntekniske tiltak på omlag kr. 1 000 000 inkl. moms, inventar og utstyr til omlag kr. 300 000 inkl. moms og rehabilitering av gymnastikksalen til omlag kr. 400 000 inkl. moms. 5

Rådmannen gjer undersøkingar om det må pæle under tilbygget. Kostnadane vil vere omlag kr. 600 000 inkl. moms. Dersom slik pæling er påkrevd, vil rådmannen komme attende med ei tilleggssak om dette. Etter ei nøyaktig gjennomgang av saka i samband med dette framlegget, finn rådmannen det riktig, i samsvar med denne saksutgreiinga å justere nemnda si innstilling på auka rammebehov med omlag kr 120 000. I tillegg meiner rådmannen det er klokt allereie no å ta høgde for at det må pælast i grunnen, og legg til kr. 250 000 inkl. moms for dette i behov for ny ramme. Økonomi: Vedteke ramme for prosjektet var i starten kr 14.800.000 inkl. mva. (k-sak 3/18). Budsjettramma var finansiert med kr 11.377.000 i lån, kr 2.863.000 i mva-refusjon og kr 560.000 i STUI-tilskot. Den delen av prosjektet som var knyt til STUi-tilskot vert tilrådd trekt ut, på bakgrunn av avslag om STUI-tilskot. Dette utgjer kr 1.700.000. Utbygging av barnehagedelen og konsulentverksemd (på skule og barnehage), har kosta kr 2.685.000 inkl. mva. Kostnader ved tilbygg/ombygging av skuledelen (jf. motteke tilbod) utgjer kr 13.971.000 inkl. mva. Då er det teke omsyn til inventar (kr 300.000), ei moderat oppussing av gymsalen (kr 400.000) og peling av grunn til nybygg (kr 250.000). I høve til opphavleg prosjektramme (14,8) er det behov for å auke ramma med kr 1.870.000 til kr 16.655.000 (inkl. mva). Finansiering av prosjektet vert nå tilrådd endra til kr 13.325.000 i lån og 3.329.000 i mva.-refusjon. Låneopptaket vert tilrådd auka med kr 1.948.000. På bakgrunn av bortfall av STUI-tilskot aukar låneopptaket meir enn auken i prosjektramma. Når ein skal berekne konsekvensar for driftsbudsjettet ved ei slik auke i prosjektkostnader, er anslag på rentenivå det store usikkerheitsmomentet. Avdrag vert bestemt utifrå valt nedbetalingstid. Dei siste åra har kommunen teke opp lån med 30 års nedbetalingstid. I kommunestyresak 3/18 blei det lagt fram talmateriale på effekt i driftsbudsjettet jf. tabell under. Det var då lagt til ei rentenivå på 1,5% som utgangspunkt. Faktisk rentenivå for kommunen er nå endra til 1,95%. Kostnad ved rente på 1,5%: År 1 År 15 År 30 Renter: Kr 171.000 Kr 86.000 Kr 0 Avdrag: Kr 379.000 Kr 379.000 Kr 379.000 Sum driftsutg. Kr 550.000 Kr 465.000 Kr 379.000 Om ein tek omsyn til auke i rentenivå og auke i låneopptak er ein oppdatert tabell slik: Kostnad ved rente på 1,95% så blir auke i driftsutgifter slik: År 1 År 15 År 30 Renter: Kr 260.000 Kr 130.000 Kr 0 Avdrag: Kr 445.000 Kr 445.000 Kr 445.000 Sum driftsutg. Kr 705.000 Kr 575.000 Kr 445.000 Ikkje inndekning øk.planen Kr 104.000 Kr 85.000 Kr 65.000 I økonomiplanen for 2019-2022 er det lagt til grunn 1,95% i rentenivå i 2019. Det er dermed renter/avdrag på auken i låneopptak som ikkje er innarbeidd i gjeldande økonomiplan. Sum av dette er synleggjort på siste line i tabellen over. 6

Dei fleste prognoser for renteutvikling seier at renta skal opp. Men når og kor mykje, her er det store sprik i anslaga. Men om ein vel å sjå tilbake, så var renta for 10-12 år sidan på ca. 5% på kommunale lån. (5% er nok godt over dagens prognoser for renteutvikling dei neste 5 år, men her skal ein ta høgde for 30 år). Om ei legg til grunn rente på 5% så blir auke i driftsutgifter slik: År 1 År 15 År 30 Renter: Kr 667.000 Kr 334.000 Kr 0 Avdrag: Kr 445.000 Kr 445.000 Kr 445.000 Sum driftsutg. Kr 1.112.000 Kr 779.000 Kr 445.000 Motteke tilbod angir ein tidsplan/progresjon som seier at prosjektet skal vere ferdig til årsskifte. Heile prosjektet vert derfor tilrådd innarbeid i investeringsbudsjettet for 2019. Det var i budsjettvedtaket for 2019 lagt inn ei budsjettramme på prosjektet i 2019 på kr 12.450.000 (imkl. mva. og dels finansiert ved STUI-tilskot). Jf. tilrådd endring tek ein høgde for dei endra føresetnadene omtala over. For driftsbudsjettet for 2019 vil dette innebere ei mindre justering i høve til renteutgifter, då låneopptaket vil bli gjort i andre halvår og det ikkje blir avdrag før 2020. Denne endringa i driftsbudsjettet vil bli innarbeidd ved tertialkontroll. Innstilling frå Prosjekterings- og byggenemnda: Prosjektramme for utbygging/ombygging av Kyrkjebygda oppvekstsenter vert endra frå 14,8 mill. til kr 16.655.000 Investeringsbudsjett for 2019 vert endra jf. vedlagte skjema 2A og 2B. Kommunen aukar låneopptaket i 2019 med kr 1.948.000 til utbygging/ombygging av Kyrkjebygda omsorgssenter. 7

Budsjett-justering Budsjettskjema 2A - Investeringsbudsjettet Tall i 1000 kroner Gjeldande budsjett 2019 Endring budsjett 2019 Nytt gjeldande budsjett 2019 INVESTERINGSBEHOV Investeringar i anleggsmiddel 90 676 1 521 92 197 Utlån og forskottering 6 902 0 6 902 Avdrag på lån 479 0 479 Dekking av tidlegare års udekka 0 0 0 Avsetningar 563 0 563 Årets finansieringsbehov 98 620 1 521 100 141 FINANSIERING Bruk av lånemidlar -76 287-1 777-78 064 Inntekter frå sal av anleggsmiddel -570 0-570 Tilskot til investeringar -2 505 560-1 945 Mottekne avdrag på utlån og refusjonar -9 285 0-9 285 Kompensasjon for meirverdiavgift -5 221-304 -5 525 Andre inntekter -4 752 0-4 752 Sum ekstern finansiering -98 620-1 521-100 141 Overført frå driftsbudsjettet 0 0 0 Bruk av tidlegare års udisponert 0 0 0 Bruk av avsetningar 0 0 0 Sum finansiering -98 620-1 521-100 141 Udekka / Udisponert 0 0 0 Budsjett-justering Budsjettskjema 2B - Investeringsbudsjettet Alle tall i 1000 kroner Gjeldande budsjett 2019 Endring budsjett 2019 Nytt gjeldande budsjett 2019 Frå budsjettskjema 2A: Investeringar i anleggsmiddel 90 676 1 521 92 197 Fordeling på investeringsprosjekt Nissedal sin del av fellesinvesteringar - Gautefallheia 4 048 0 0 VA-Gautefallheia - Trinn4 - Drangedal avløp 4 752 0 93 Overvakingsanlegg - VA drift 500 0 0 Tur-/sykkelløype Åmli - Treungen 2 969 0 6 4 Utleigebustader - Flyktningar 128 0 0 Anleggsbidragsavtale-Naurak, ø.del felt 1-kloakk 240 0 0 Svivkollen hyttefelt - vass- og avlaupsløysing 372 0 0 Ånundsbuoddane-hovudgrøft og internnett 390 0 0 Prosjektering-hovudleidning-Treungen-Kyrkjebygda 610 0 60 Rehabilitering - Oddane aldersbustader 735 0 0 Kleivvegen - Asfaltering 1 107 0 0 Aktivitetspark - Kyrkjebygda oppvekstsenter 787 0 0 Hovudleidningar - vatn og kloakk Kyrkjebygdheia 9 558 0 2 124 Høgdebasseng - Kyrkjebygdheia 11 123 0 8 Ombygging/tilbygg - Kyrkjebygda oppvekstsenter 12 450 1 521 3 Anleggsbidragsavtale-Utsjå hyttegrend trinn 2 1 254 0 0 Vass- og avløpsleidning Treungen-Kyrkjebygda 25 000 0 56 Infrastruktur - digitalisering i barnehage og skule 1 636 0 450 Oppgradering - Agresso Milestone 7 375 0 0 Damkollen bustadfelt 2 250 0 0 FKB-kartlegging 423 0 0 Tenestebilar omsorg/teknisk 725 0 0 Kyrkjebygdheia - Opprusting av eks. anlegg - 4 500 0 0 Anleggsbidragsavtale Kyrkjebygdheia - Utviding av eks. anlegg - Anleggsbidragsavtale 1 000 0 22 Oppgradering uteområde - barnehagane 625 0 0 Ombygging/rehabilitering Fjone barnehage 1 900 0 13 Kunstgrasbane - Sentralidrettsanlegget i Treungen 1 219 0 0 Sum fordelt 90 676 1 521 2 835 8

9

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 223 2019/155-3 Hildegunn Rønningen 12.02.2019 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 20/19 28.02.2019 Kommunestyret 11/19 11.03.2019 Handlingsplan for kommunalt næringsfond - KMD - Nissedal kommune 2019 Vedlegg: 1 Fondsrekneskap KMD Næringsfond 2018 Fakta i saka: Nissedal kommune har kvart år sidan 2011 fått overført midlar frå Telemark fylkeskommune til kommunalt næringsfond. Midlane kjem frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), regionale midlar, og blir vidareført frå fylkeskommunen til kommunen. Det er usikkert om ordninga blir vidareført for 2019 og kor stor ramma ev. vil bli. Det vert vidare i saka tatt utgangspunkt i at storleik på fondet for Nissedal kommune vil bli om lag som i 2018; kr 191.000. Kravet for å få tildelt midlane er som følgjer: Rapportering av oppnådde resultat for 2018 og planar for 2019 må vere godkjende politisk i kommunane. Årsrapport for 2018 skal følgje plandokument for 2019 og leggast inn i RF13.50 www.regionalforvalting.no. Frist for innsending av resultatrapport 2018 og planar for 2019 er 1.februar. Nissedal kommune får ikkje søknadar om via www.regionforvaltning då desse kjem direkte til kommunen. Rapporteringa vert dermed gjort ved at saksframlegget frå rådmannen vert sendt fylkeskommunen før fristen 1. februar, medan partsbrev vert sendt når saka er politisk handsama. Dette er avklara med fylkeskommunen ved Cato Rasmussen. Telemark fylkeskommune behandlar rapportar og planar i eiga sak i hovudutval våren 2019. Vurdering: Nissedal kommune v/ Kommunestyret har kvart år utarbeidd handlingsplan med utgangspunkt i i dei retningslinjer Telemark fylkeskommune har lagt for kommunale næringsfond. Hovudføremålet er å legge til rette for kompetanseheving, omstilling, nyetablering, innovasjon og nyskaping i kommunane. I tillegg har regjeringa lagt føringar som legg til grunn at fylkeskommunen prioriterer bedriftsretta tiltak med føremål å utvikle arbeidsplassar og verdiskaping i fylket. 10

Innsatsen skal særleg spissast mot entreprenørskap og innovasjon og tiltak retta mot næringsretta kompetanse, næringsretta infrastruktur og nærings- og innovasjonsmiljø. Nissedal kommune vil også legge vekt på at løyvingane frå dette fondet er forankra i eksisterande kommunale planar; Kommuneplan, Strategisk næringsplan og Handlingsprogram med økonomiplan og budsjett. Rapport for løyvingar i 2018: Budsjettet tok utgangspunkt i ei løyving på kr. 271.000, medan reell løyving vart på kr. 191.000,-. Samtidig var dei ei disponibel fondsbehaldnig pr. 01.01.218 på kr. 65.000,-. Løyvingane er gjort i samsvar med vedtatt handlingsplan 2018: Vidareføre satsinga på merkevarebygging og styrking av dialog mot hytteeigarar kr 50.000 Bidrag til reiselivssatsing, disponert til Jettegrytene/Espestøylvegen - kr. 50.000,-. 5% av årleg ramme til administrasjon kr 14.000,-. Etableringstilskot til Ronja Revilla kr. 25.000,-. Etableringstilskot til Anita Perry kr. 25.000,-. Etableringslån til Treungen Bakeri v/tore Karlsen kr. 80.000,-. Ved inngangen av 2019 stod det igjen kr. 12.500,- på fond. Handlingsplan for 2019 Nissedal kommune Handlingsplanen skal ta omsyn til dei sentrale føringane for bruk av Kommunale næringsfond. Samtidig er det viktig å legge til grunn måla i "Strategisk næringsplan for Nissedal kommune". Hovudmålet for næring er: " Styrke og vidareutvikle lokalt næringsliv for å vere attraktiv for busetjing og reiseliv. Nissedal kommune skal framleis vere ein Ja-kommune, der ulike regelverk skal nyttast for å sjå moglegheiter ikkje hindringar." Hovudmål og delmål frå strategisk næringsplan er vidareført i kommuneplanens samfunnsdel, handlingsprogram og økonomiplan og budsjett. Erfaringar frå 2018: I 2018 har Nissedal kommune og Nissedal næringslag i samarbeid sendt ut informasjon gjennom " Nissedal Best heile året" til alle hytteeigarar og fastbuande. Dette er noko ein ser stor nytte i å satse vidare på. Nissedal kommune har fokus på jettegrytene, vegen till til jettegrytene og den gamle tømmerrenna frå Dynjanfoss til jettegrytene. Det var i 2018 inngått ein avtale mellom grunneigarane av vegen og kommunen om oppgradering av vegen.reiseliv er eit viktig satsingsområde og ei vekstnæring for fylket og landet. Nissedal kommune har i tillegg til KMD-fondet eit eige fond "Nissedal kommunale næringsfond". Ramma for dette fondet har stadig minka, og varierer med kraftprisar og rentenivå. Ein ser stor nytte av å kunne kombinere midlar frå dei to fonda for å kunne bidra til viktige satsingar innan næringsutvikling. Handlingsplan/Satsingsområde 2019 budsjett: Vidareføre satsinga på merkevarebygging og styrking av dialog mot hytteeigarar kr 50.000 Støtte til enkeltsøknader til tiltak og næringsverksemder 132.000 5% av årleg ramme til administrasjon kr 9.000 11

Budsjettet er sett opp med atterhald om at overføringa blir som tidlegare kr 191.000. Det blir oppretta eit eige budsjettområde, ansvar 1414 som tidlegare. Rådmannen si tilråding: Kommunestyret godkjenner rapport for løyvingar av kommunalt næringsfond, KMD-midlar for 2018 og Handlingsplan/budsjett for bruk av midla i 2019. Dette under føresetnad av at Nissedal kommune får overført kr 191.000 frå Telemark fylkeskommune slik det er skissert i saksframstillinga. Formannskapet får fullmakt til å løyve midlar frå fondet. Saksprotokoll i Formannskapet - 28.02.2019 Votering: Samrøystes for rådmannen si tilråding. Vedtak Kommunestyret godkjenner rapport for løyvingar av kommunalt næringsfond, KMD-midlar for 2018 og Handlingsplan/budsjett for bruk av midla i 2019. Dette under føresetnad av at Nissedal kommune får overført kr 191.000 frå Telemark fylkeskommune slik det er skissert i saksframstillinga. Formannskapet får fullmakt til å løyve midlar frå fondet. 12

Fra: Jan Arvid Setane (jan.setane@nissedal.kommune.no) Sendt: 21.01.2019 13:46:59 Til: Hildegunn Rønningen Kopi: Emne: KMD-midlar Vedlegg: Med venleg helsing Nissedal kommune 13

Jan Arvid Setane Kommunalsjef samfunn og utvikling Tlf. 35 04 84 04 Mob. 997 96 387 14

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 033 2015/1503-53 Sverre Sæter 26.02.2019 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 12/19 11.03.2019 Eigarskapskontrollrapport - "Eigarskap - tiltak og gjennomføring" Vedlegg: 1 Saksutskrift - Eigarskapskontrollrapport - -Eigarskap - tiltak og gjennomføring- 2 430004-2 Eigarstyring - tiltak og gjennomføring - Nissedal kommune - korrigert Fakta i saka: Eigarskapkontrollen er bestilt av kontrollutvalet i Nissedal kommune i sak 10/18. Bakgrunn for bestillinga er plan for selskapskontroll 2016-2019, vedtatt av kommunestyret i Nissedal kommune. Revisjonen har undersøkt følgande problemstillingar: I kva grad legg Nissedal kommune til rette for god eigarstyring? Er kommunen si eigarskapsmelding i samsvar med gjeldande reglar og retningsliner? Sørger kommunen for at føringar for selskapa i eigarskapsmeldinga blir avstemt med andre eigarar og gjennomført i selskapa? Sørger kommunen for o at folkevalte får opplæring om eigarstyring, o at eigarrepresentant har fullmakt i samsvar med gjeldande reglar og retningsliner i eigarskapsmeldinga, o at selskapsspørsmål blir avklart med og rapportert til rett politisk nivå, i samsvar med gjeldande tilrådingar og retningsliner i eigarskapsmeldinga, o tiltak for å ivareta habilitetsreglane? Eigarskapkontrollen er gjort i samsvar med reglane om gjennomføring av selskapskontroll i kommunelova 77 og 80, samt forskrift om kontrollutval 13 og 14. Kontrollen er retta mot kommunen som eigar, og gjeld delar av eigarskapsutøvinga i fire utvalde selskap, Indre Agder og Telemark Avfallsselskap IKS, Interkommunalt Brannvernsamarbeid i Vest-Telemark IKS, Vest-Telemark Pedagogisk Psykologisk Teneste IKS og Vest-Telemark Kraftlag AS. Kontrollen bygger på dokumentasjon som revisjonen har henta inn frå kommunen. Dei har ikkje undersøker selskapa og styra si verksemd. 15

Utkast til rapport blei sendt på høyring til kommunen og dei selskapa som er omtalt i rapporten. Rådmannen har gitt høyringssvar og dette følgjer som vedlegg til rapporten. Kontrollutvalssekretariatet finn at det er godt samsvar mellom kontrollutvalets bestilling og eigarskapskontrollen, og mellom revisors vurdering og konklusjoner/tilrådingar. Sekretariatet tilrådde kontrollutvalet å ta rapporten til vitande og sende den vidare til kommunestyret for endelig handsaming, med kontrollutvalets tilråding. Vurdering: Revisjonen tilrår at Nissedal kommune vurderer å legge til rette for å handsame eigarsaker i kommunestyret, i samsvar med retningsliner i eigarskapsmeldinga og tilrådingar frå KS vurderer å styrke folkevaltopplæringa i eigarskap vurderer om det er tenleg at rådmannen har styreverv vurderer å ta initiativ til at selskapsavtalen til Brannvernsamarbeidet IKS blir endra i samsvar med IKS-lova og IKS-forskrifta Nissedal kommune bør forsikre seg om at dei tre interkommunale selskapa sender innkallingar til representantskapsmøte i samsvar med gjeldande frist, og at Brannvernsamarbeidet IKS fastset årsrekneskap og årsmelding i samsvar med kravet i IKS-forskrifta. Kontrollutvalet si tilråding: Kommunestyret tek rapport frå eigarskapskontroll «Eigarstyring tiltak og gjennomføring» til vitande og ber om at revisors tilrådingar slik dei gjeng fram av rapporten blir følgd opp. Rådmann bes gje kontrollutvalet ei skriftleg attendemelding innan utgangen av august 2019 om korleis rapporten blir følgt opp. 16

Saksutskrift Arkivsak-dok. 18/04726-5 Arkivkode 217 Sakshandsamar Ingebjørg Liland Saksgang Møtedato Saknr 1 Nissedal kontrollutval 11.02.2019 4/19 Eigarskapskontrollrapport - "Eigarskap - tiltak og gjennomføring" Forslag frå sekretariatet: Kontrollutvalet tek eigarskapskontrollrapporten «Eigarsak tiltak og gjennomføring» til vitande. Kontrollutvalet tilrår kommunestyret å gjere følgjande vedtak: Kommunestyret tek rapport frå eigarskapskontroll «Eigarstyring tiltak og gjennomføring» til vitande og ber om at revisors tilrådingar slik dei gjeng fram av rapporten blir følgd opp. Rådmann bes gje kontrollutvalet ei skriftleg attendemelding innan utgangen av august 2019 om korleis rapporten blir følgt opp. Bakgrunn for saka: Eigarskapkontrollen er bestilt av kontrollutvalet i Nissedal kommune i sak 10/18. Bakgrunn for bestillinga er plan for selskapskontroll 2016-2019, vedtatt av kommunestyret i Nissedal kommune. Saksopplysningar: Revisjonen har undersøkt følgande problemstillingar: I kva grad legg Nissedal kommune til rette for god eigarstyring? Er kommunen si eigarskapsmelding i samsvar med gjeldande reglar og retningsliner? Sørger kommunen for at føringar for selskapa i eigarskapsmeldinga blir avstemt med andre eigarar og gjennomført i selskapa? Sørger kommunen for o o o o at folkevalte får opplæring om eigarstyring, at eigarrepresentant har fullmakt i samsvar med gjeldande reglar og retningsliner i eigarskapsmeldinga, at selskapsspørsmål blir avklart med og rapportert til rett politisk nivå, i samsvar med gjeldande tilrådingar og retningsliner i eigarskapsmeldinga, tiltak for å ivareta habilitetsreglane? 1 17

Metode og avgrensing Eigarskapkontrollen er gjort i samsvar med reglane om gjennomføring av selskapskontroll i kommunelova 77 og 80, samt forskrift om kontrollutval 13 og 14. Kontrollen er retta mot kommunen som eigar, og gjeld delar av eigarskapsutøvinga i fire utvalde selskap, Indre Agder og Telemark Avfallsselskap IKS, Interkommunalt Brannvernsamarbeid i Vest-Telemark IKS, Vest-Telemark Pedagogisk Psykologisk Teneste IKS og Vest-Telemark Kraftlag AS. Kontrollen bygger på dokumentasjon som revisjonen har henta inn frå kommunen. Dei har ikkje undersøker selskapa og styra si verksemd. Tilrådingar Revisjonen tilrår at Nissedal kommune vurderer å legge til rette for å handsame eigarsaker i kommunestyret, i samsvar med retningsliner i eigarskapsmeldinga og tilrådingar frå KS vurderer å styrke folkevaltopplæringa i eigarskap vurderer om det er tenleg at rådmannen har styreverv vurderer å ta initiativ til at selskapsavtalen til Brannvernsamarbeidet IKS blir endra i samsvar med IKS-lova og IKS-forskrifta Nissedal kommune bør forsikre seg om at dei tre interkommunale selskapa sender innkallingar til representantskapsmøte i samsvar med gjeldande frist, og at Brannvernsamarbeidet IKS fastset årsrekneskap og årsmelding i samsvar med kravet i IKS-forskrifta. Høyring Utkast til rapport blei sendt på høyring til kommunen og dei selskapa som er omtalt i rapporten. Rådmannen har gitt høyringssvar og dette følgjer som vedlegg til rapporten. Telemark kommunerevisjon IKS v/gerd Smedsrud legg rapporten fram for kontrollutvalet. Vurdering frå sekretariatet: Sekretariatet finn at det er godt samsvar mellom kontrollutvalets bestilling og eigarskapskontrollen, og mellom revisors vurdering og konklusjoner/tilrådingar. Sekretariatet råder kontrollutvalet å ta rapporten til vitande og sende den vidare til kommunestyret for endelig handsaming, med kontrollutvalets tilråding. Vedlegg: - Eigarskapskontroll «Eigarstyring tiltak og gjennomføring Nissedal kontrollutval har handsama saken i møte 11.02.2019 sak 4/19 Møtehandsaming Forvaltningsrevisor Gerd Smedsrud la frem eierskapskontrollrapport «Eierskap tiltak og gjennomføring» for kontrollutvalget, og svara på spørsmål frå utvalsmedlemmene. Ordfører Halvor Homme kommenterte i saka. Han pekte på at det er feil i rapporten. Det har vore eigaropplæring for dei folkevalde i kommunen. Det er og feil at det ikkje har vore eigarmøter i selskapa. Omforent forslag til tillegg til vedtak: Kontrollutvalet ber om at rapporten blir retta opp ut frå den informasjon som kom fram i møtet. 2 18

Votering Samrøystes. Vedtak Kontrollutvalet tek eigarskapskontrollrapporten «Eigarsak tiltak og gjennomføring» til vitande. Kontrollutvalet ber om at rapporten blir retta opp ut frå den informasjon som kom fram i møtet. Kontrollutvalet tilrår kommunestyret å gjere følgjande vedtak: Kommunestyret tek rapport frå eigarskapskontroll «Eigarstyring tiltak og gjennomføring» til vitande og ber om at revisors tilrådingar slik dei gjeng fram av rapporten blir følgd opp. Rådmann bes gje kontrollutvalet ei skriftleg attendemelding innan utgangen av august 2019 om korleis rapporten blir følgt opp. RETT UTSKRIFT DATO 15.februar.2019 3 19

Eigarstyring tiltak og gjennomføring Eigarskapkontroll - Nissedal kommune 2019 :: 430 004-2 20

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune Innhald Samandrag... ii 1 Innleiing... 1 1.1 Bakgrunn, formål og problemstillingar... 1 1.2 Metode... 1 1.3 Kontrollkriterium... 2 1.4 Høyring... 2 2 Eigarskapsmelding... 3 2.1 Fakta om eigarskapsmeldinga... 4 2.2 Vurdering av eigarskapsmeldinga... 5 3 Samordning med andre eigarar... 6 3.1 Fakta om samordning med andre eigarar... 6 3.2 Vurdering av samordning med andre eigarar... 7 4 Opplæring av folkevalte... 8 4.1 Fakta om opplæring... 8 4.2 Vurdering av opplæring... 9 5 Representasjon og val... 10 5.1 Fakta om representasjon og val...10 5.2 Vurdering av representasjon og val...12 6 Innkallingar, avklaring og rapportering... 13 6.1 Fakta om innkallingar, avklaring og rapportering...14 6.2 Vurdering av innkallingar, avklaring og rapportering...16 7 Habilitet... 17 7.1 Fakta om habilitet...17 7.2 Vurdering av habilitet...17 8 Konklusjon og tilrådingar... 18 8.1 Konklusjon...18 8.2 Tilrådingar...19 Vedlegg 1: Høyringsuttale... 1 Foto framside: Svilen Milev, www.efffective.com Telemark kommunerevisjon IKS 2 21

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune Samandrag Bestilling Eigarskapkontrollen er bestilt av kontrollutvalet i Nissedal kommune i sak 10/18. Bakgrunn for bestillinga er plan for selskapskontroll 2016-2019, vedtatt av kommunestyret i Nissedal kommune. I kontrollen vil vi undersøke følgjande problemstillingar: I kva grad legg Nissedal kommune til rette for god eigarstyring? Er kommunen si eigarskapsmelding i samsvar med gjeldande reglar og retningsliner? Sørger kommunen for at føringar for selskapa i eigarskapsmeldinga blir avstemt med andre eigarar og gjennomført i selskapa? Sørger kommunen for o at folkevalte får opplæring om eigarstyring, o at eigarrepresentant har fullmakt i samsvar med gjeldande reglar og retningsliner i eigarskapsmeldinga, o at selskapsspørsmål blir avklart med og rapportert til rett politisk nivå, i samsvar med gjeldande tilrådingar og retningsliner i eigarskapsmeldinga, o tiltak for å ivareta habilitetsreglane? Metode Eigarskapkontrollen er gjort i samsvar med reglane om gjennomføring av selskapskontroll i kommunelova 77 og 80, samt forskrift om kontrollutval 13 og 14. Kontrollen er gjennomført av Gerd Smedsrud, og er kvalitetssikra av Kirsti Torbjørnson. Kontrollen er retta mot kommunen som eigar, og gjeld delar av eigarskapsutøvinga i fire utvalde selskap: Indre Agder og Telemark Avfallsselskap IKS (IATA) Interkommunalt Brannvernsamarbeid i Vest-Telemark IKS (Brannvernsamarbeidet) Vest-Telemark Pedagogisk Psykologisk Teneste IKS (Vest-Telemark PPT) Vest-Telemark Kraftlag AS (VTK) Kontrollen bygger på dokumentasjon som vi har henta inn frå kommunen. Vi undersøker ikkje selskapa og styra si verksemd. Telemark kommunerevisjon IKS 22 ii

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune I møte i kontrollutvalet 11.02.19 kom det fram ny informasjon om folkevaltopplæring og eigarmøte. Denne informasjonen er tatt inn i rapporten. Konklusjon Eigarskapsmeldinga er i stor grad i samsvar med reglar og tilrådingar, men har ikkje retningsliner som sikrar at kommunestyret eller anna politisk organ handsamar eigarsaker før møte i eigarorganet. Nissedal kommune har felles eigarstrategi med dei andre eigarane for VTK AS, elles har ikkje kommunen felles eigarskapsmelding eller eigarstrategi for selskap kommunen eig saman med andre. VTK AS har eit punkt i eigarstrategien om at det skal gjennomføras uformelle eigarmøter. Slike møter har vore gjennomført i VTK AS og IATA IKS. Eigarskap var eit tema i folkevaltopplæringa. I tillegg til at kommunestyret har handsama eigarskapsmeldinga to gonger i denne valperioden, det kan også ha gitt politikarane noko informasjon om kommunalt eigarskap. Eigarrepresentantane er valde i samsvar med reglar og selskapsavtalar/vedtekter. Representantane er også sentrale folkevalde, i samsvar med tilrådingane til KS. Dokument til representantskap og generalforsamling har ikkje vore lagt fram for kommunestyret. VTK AS har sendt innkallingane i samsvar med fristen i vedtektene, mens dei andre selskapa i stor grad ikkje har sendt innkallingane i samsvar med fristen i IKS-lova. Formålet med den lengre fristen i IKS-lova er at kommunen skal få høve til politisk handsaming. Selskapsavtalen til Brannvernsamarbeidet IKS er ikkje i samsvar med IKS-lova når det gjeld frist for innkalling til representantskapsmøte og tidspunkt for fastsetjing av årsrekneskap og årsmelding. Rådmannen har styreverv i eit av selskapa. KS tilrår at kommunestyret vurderer om ulempene ved å velje leiande tilsette til styremedlemmer overstiger behovet for å ha den aktuelle personen i styret. Telemark kommunerevisjon IKS 23 iii

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune Tilrådingar Vi tilrår at Nissedal kommune vurderer å legge til rette for å handsame eigarsaker i kommunestyret, i samsvar med retningsliner i eigarskapsmeldinga og tilrådingar frå KS sikre at eigarskap er del av folkevaltopplæringa også i framtida vurderer om det er tenleg at rådmannen har styreverv vurderer å ta initiativ til at selskapsavtalen til Brannvernsamarbeidet IKS blir endra i samsvar med IKS-lova og IKS-forskriften Nissedal kommune bør forsikre seg om at dei tre interkommunale selskapa sender innkallingar til representantskapsmøte i samsvar med gjeldande frist, og at Brannvernsamarbeidet IKS fastset årsrekneskap og årsmelding i samsvar med kravet i IKS-forskriften. Skien 19.02.19 Telemark kommunerevisjon IKS Telemark kommunerevisjon IKS 24 iv

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 1 Innleiing 1.1 Bakgrunn, formål og problemstillingar Eigarskapkontrollen er bestilt av kontrollutvalet i Nissedal kommune i sak 10/18. Bakgrunn for bestillinga er plan for selskapskontroll 2016-2019, vedtatt av kommunestyret i Nissedal kommune. I kontrollen vil vi undersøke følgjande problemstillingar: I kva grad legg Nissedal kommune til rette for god eigarstyring? Er kommunen si eigarskapsmelding i samsvar med gjeldande reglar og retningsliner? Sørger kommunen for at føringar for selskapa i eigarskapsmeldinga blir avstemt med andre eigarar og gjennomført i selskapa? Sørger kommunen for o at folkevalte får opplæring om eigarstyring, o at eigarrepresentant har fullmakt i samsvar med gjeldande reglar og retningsliner i eigarskapsmeldinga, o at selskapsspørsmål blir avklart med og rapportert til rett politisk nivå, i samsvar med gjeldande tilrådingar og retningsliner i eigarskapsmeldinga, o tiltak for å ivareta habilitetsreglane? I prosjektplanen står det at det kan vere aktuelt å ta med fleire føringar frå eigarskapsmeldinga i kontrollen, til dømes val av styre. Vi vil tilrå at dette blir gjort i ein eigen kontroll. Kontrollen gjeld hovudsakeleg åra 2017 og 2018. 1.2 Metode Denne kontrollen er ein eigarskapkontroll. Kontrollen er gjennomført i samsvar med reglane om selskapskontroll i kommunelova 77 og 80, forskrift om kontrollutval 13 og 14. Kontrollen er gjennomført av Gerd Smedsrud, og er kvalitetssikra av Kirsti Torbjørnson. Kontrollen er retta mot kommunen som eigar, og gjeld delar av eigarskapsutøvinga i fire utvalde selskap: Indre Agder og Telemark Avfallsselskap IKS (IATA) Interkommunalt Brannvernsamarbeid i Vest-Telemark IKS (Brannvernsamarbeidet) Vest-Telemark Pedagogisk Psykologisk Teneste IKS (Vest-Telemark PPT) Telemark kommunerevisjon IKS 1 25

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune Vest-Telemark Kraftlag AS (VTK) Vi undersøker ikkje selskapa og styra si verksemd. Kontrollen bygger på dokumentasjon som vi har henta inn frå kommunen. I møte i kontrollutvalet 11.02.19 kom det fram ny informasjon om folkevaltopplæring og eigarmøte. Denne informasjonen er tatt inn i rapporten. 1.3 Kontrollkriterium Kontrollkriteria for vurderingane i rapporten bygger i hovudsak på følgjande kjelder: lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (koml) lov 29. januar 1999 om interkommunale selskap (IKS-lova) forskrift 17. desember 1999 nr. 1568 om årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for interkommunale selskaper (IKS-forskriften) lov 13. juni 1997 om aksjeselskap (asl) Nissedal kommune si eigarskapsmelding KS anbefalinger for eierstyring Vedtekter/selskapsavtalar Relevante kommunestyrevedtak 1.4 Høyring Utkast til rapport er sendt på høyring til kommunen og dei selskapa som er omtalt i rapporten. Rådmannen har gitt høyringssvar og dette følgjer som vedlegg til rapporten. Telemark kommunerevisjon IKS 2 26

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 2 Eigarskapsmelding Er kommunen si eigarskapsmelding i samsvar med gjeldande reglar og retningsliner? Kontrollkriterium KS tilrår at kommunestyret fastsett overordna prinsipp for eigarskapet til kommunen i ei eigarskapsmelding (KS tilråding nr. 4). Eigarskapsmeldinga bør minimum ha desse hovudpunkta: oversikt over verksemda til kommunen som er lagt i selskap og samarbeid politisk styringsgrunnlag gjennom prinsipp for eigarstyring i kommunen juridisk styringsgrunnlag knytt til dei ulike selskaps- og samarbeidsformene formålsdiskusjon og selskapsstrategi knytt til dei ulike selskapa, inkludert styringsdokumenta samfunnsansvaret til selskapa knytt til miljø, likestilling, innsyn, etikk osv Kommunestyret skal utarbeide og bør jamleg revidere styringsdokument og avtalar som regulerer styringa av selskapa (KS anbefaling nr. 5). Det skal ikkje vere motstrid mellom eigarskapsmeldinga og reglane for dei ulike selskapsformene. I ny kommunelov som gjeld frå neste valperiode 1, er det krav om eigarskapsmelding for kommunane i 26-1. Kommunestyret sjølv skal vedta eigarskapsmeldinga minst ein gong i valperiode. Ny kommunelov vil stille krav til innhaldet eigarskapsmeldinga. Desse krava er omfatta av tilrådingane frå KS. Vi har utleidd følgjande kriterium: Eigarskapsmeldinga bør innehalde hovudpunkta i tilrådingane frå KS 1 Lova trer i kraft frå det tidspunkt Kongen bestemmer, jf. 31-1. Ulike deler av lova kan tre i kraft til forskjellig tid. Reglane vil i hovudsak gjelde frå neste valperiode. Telemark kommunerevisjon IKS 3 27

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 2.1 Fakta om eigarskapsmeldinga Kommunen har eigarskapsmelding. Heile eigarskapsmeldinga blei vedteken i sak 55/18 i kommunestyret 07.09.18. Eigarskapsmeldinga har 4 delar, og del 1-3 blei vedteken i sak 15/16 10.03.16. Del 1 gir informasjon om kvifor kommunar eig selskap, dei politiske og dei finansielle motiva kommunar ofte har. Vidare inneheld del 1 generell informasjon om dei ulike selskapsformane, kva lovar som regulerer dei ulike selskapsformane. Del 2 inneheld prinsipp for eigarstyring i Nissedal kommune. Nissedal kommune har mellom anna disse prinsippa for si eigarstyring: Nissedal kommune fremjar sine interesser gjennom generalforsamling, representantskap og eigarmøte, styret kontrollerer leiinga av selskapet. Kommunestyret er eigarorganet. I selskap med fleire eigarkommunar bør kommunane utarbeide felles eigarstrategi. Årsmeldingar blir lagt fram for kommunestyret. Kommunestyret skal også få jamleg informasjon om selskapa. Det bør nyttast valnemnd for å setje saman styra. Godtgjersle til styret skal haldast på eit moderat nivå. Selskapa skal vere medvetne om sitt samfunnsansvar, og særleg vektlegge arbeid mot misleghald og korrupsjon. Selskapa skal ha høg standard på arbeidet med helse, miljø og tryggleik, mangfald og samfunnstryggleik. Selskapa skal ha eigne etiske retningsliner. Nissedal kommune skal vere open om sine eigarstrategi og selskapa si verksemd. Styrerepresentantar i selskapa som Nissedal kommune eig, skal vere registrert i styrevervregisteret. Del 3 gir eit oversyn over dei selskapa kommunen eig og storleiken på eigardelen til kommunen. Del 4 er eigarstrategi for kvart av selskapa kommunen eig. Som ein del av eigarstrategien er generell informasjon om selskapa informasjon om eigarar og eigedelar selskapa sine styringsdokument selskapa sine formål og strategiar rolle og styreinformasjon nøkkeltall Telemark kommunerevisjon IKS 4 28

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune rutinar for rapportering til kommunen bakgrunn for eigarskapet kommunens eigarstrategi. Vedtaket frå 07.09.18 om eigarskapsmeldinga seier at kommunestyret skal handsame eigarskapsmeldinga sin hovuddel (del 1,2 og 3) kvart fjerde år etter val av nytt kommunestyre, og at selskapsdelen blir rullert årleg i samband med selskapa si rapportering av rekneskapen. 2.2 Vurdering av eigarskapsmeldinga Nissedal kommune har eigarskapsmelding som er vedtatt i kommunestyret i samsvar med tilrådingane frå KS. Eigarskapsmeldinga er i stor grad i samsvar med KS si tilråding, men vi meiner det ikkje gir godt nok politisk styringsgrunnlag at berre årsmeldingar blir lagt fram for politisk nivå i kommunen. Eigarskapsmeldinga har eit innhald som er i samsvar med krava i ny kommunelov. Også planen for vidare handsaming av eigarskapsmeldinga er i samsvar med krava i ny kommunelov. Telemark kommunerevisjon IKS 5 29

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 3 Samordning med andre eigarar Sørger kommunen for at føringar for selskapa i eigarskapsmeldinga blir avstemt med andre eigarar og gjennomført i selskapa? Kontrollkriterium Kommunen eig selskapa saman med andre kommunar. Vi undersøker difor om kommunen har gjort tiltak for å sikre at føringar som ein vil at selskapet skal rette seg etter, er samordna med forventningar frå andre eigarar. Både KS og kommunen si eigarskapsmelding tilrår at ein utarbeider ei felles eigarskapsmelding for felles eigarskap. Ei slik felles eigarskapsmelding vil sikre felles føringar frå eigarane der det er mogleg, jf. tilråding nr. 4. KS tilrår vidare at ein gjennomfører uformelle eigarmøte regelmessig, for å sikre god samhandling mellom eigarar og selskap. jf. tilråding nr. 6. Vi har utleidd følgjande kontrollkriterium: Kommunen bør vurdere felles/samordna eigarskapsmelding der det er mogleg. Det bør vere regelmessige eigarmøte med uformell diskusjon for å bidra til god eigarstyring og kommunikasjon med selskapet. 3.1 Fakta om samordning med andre eigarar IATA IKS er eigd av Drangedal, Nome, Åmli og Nissedal kommunar. Det er ikkje laga felles eigarskapsmelding for selskapet. Ordfører opplyser at det har vore uformelle eigarmøter i IATA IKS 20.03.17 og 15.03.18. Brannvernsamarbeidet IKS er eigd av Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke, Vinje og Nissedal kommunar. Det er ikkje laga felles eigarskapsmelding for selskapet. Vest-Telemark PPT IKS Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke, Vinje og Nissedal kommunar og Telemark fylkeskommune. Det er ikkje laga felles eigarskapsmelding for selskapet. Telemark kommunerevisjon IKS 6 30

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune VTK AS er eigd av Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke, Vinje og Nissedal kommunar. Nissedal kommune har vedtatt felles eigarstrategi for VTK i sak 56/18 i møte 07.09.18. 2 Eigarstrategien til VTK AS krev at det skal haldas minst eitt årleg eigarmøte. Føremålet med møtet er: å samordne og avklare problemstillingar kring eigarskapen. å etablere ein kontinuerlig styringsdialog med selskapet der viktige og prinsipielle saker kan diskuteras. Ordfører opplyser at det har vore uformelle eigarmøte i VTK AS 05.12.17, 23.03.18 og 20.11.18. 3.2 Vurdering av samordning med andre eigarar Med unntak av VTK AS har ikkje Nissedal kommune tiltak for å sikre samordning av eigarinteressene med dei andre eigarkommunane, i samsvar med tilrådingane til KS og eigarskapsmeldinga. I VTK AS og IATA IKS har det vore uformelle eigarmøte slik KS tilrår. 2 Vi har ikkje undersøkt om dei andre eigarkommunane har vedtatt eigarstrategien. Forslaget til felles eigarstrategi for VTK var klar i juni 2018. Telemark kommunerevisjon IKS 7 31

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 4 Opplæring av folkevalte Sørger kommunen for at folkevalte får opplæring om eigarstyring? Kontrollkriterium KS tilråding nr. 1 om eigarskap handlar om obligatorisk opplæring av og informasjon til folkevalte. KS tilrår følgande: Kommunen bør som en del av sitt folkevalgtprogram gjennomføre obligatoriske kurs eller eierskapsseminarer. Den første opplæringen bør gjennomføres i løpet av de første 6 månedene av valgperioden. Det anbefales at kommunestyret får en oversikt over status for selskapene. Vi har utleidd følgjande kriterium: Det skal vere obligatoriske kurs og/eller eigarskapsseminar for folkevalte og kontaktpersonar/sakshandsamarar i administrasjonen. Kommunestyret skal få ei oversikt over status for selskapa 4.1 Fakta om opplæring Kommunen har hatt folkevaltopplæring gjennom to heile dagar, 29.10.15 og 26.11.15. der prosessrettleiar var tidlegare ordførar i Kragerø, Kåre Preben Hegland. Ordførar opplyser at folkevaltopplæringa hadde fokus på kommunalt eigarskap og den rolla dei folkevalte har som eigar av selskap. Gjennom eigarskapsmeldinga får kommunestyret ei oversikt over dei selskapa som kommunen eig, og kva selskapsforma inneber. Kommunestyret har handsama eigarskapsmeldinga to gonger, i møta 10.03.16 og 06.09.18. Kommunestyret vedtok i sak 55/18 i møte 06.09.18 at hovuddelen av eigarskapsmeldinga skal rullerast kvart fjerde år, etter val av nytt kommunestyre. Vidare vedtok kommunestyret at den delen av eigarskapsmeldinga som gjeld kvart selskap, skal rulleras årleg i samband med selskapa si rapportering av rekneskapen. Telemark kommunerevisjon IKS 8 32

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 4.2 Vurdering av opplæring Kommunen har hatt eigarskap som ein del av folkevaltopplæringa, slik KS tilrår. I tillegg kan handsaminga av eigarskapsmeldinga gi politikarane noko informasjon om eigarskap og den eigarrolla som kommunestyret har overfor selskapa. Ved å rullere selskapsdelen av eigarskapmeldinga årleg, har kommunen tiltak for å sikre at kommunestyret får informasjon om status i selskapa. Telemark kommunerevisjon IKS 9 33

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 5 Representasjon og val Sørger kommunen for at eigarrepresentanten har fullmakt i samsvar med gjeldande reglar og retningsliner i eigarskapsmeldinga? Kontrollkriterium Representasjon i eigarorganet er regulert i selskapslovene og i vedtekter/selskapsavtale. Det er skilnad på reglane om representasjon i eigarorganet for IKS og aksjeselskap. For IKS er kravet at eigarrepresentanten skal veljast av kommunestyret sjølv, og ein kan ikkje møte med annan fullmektig, jf. IKS-lova 6. For aksjeselskap kan det peikast ut fullmektig, og det skal som hovudregel leggast fram skriftleg fullmakt i generalforsamling, jf. aksjelova 5. Både for aksjeselskap og interkommunale selskap tilrår KS at kommunestyret som hovudregel bør oppnemne sentrale folkevalte som eigarrepresentantar i eigarorganet (KS tilråding nr. 7). Vi har utleidd følgjande kontrollkriterium: Representant/fullmektig til eigarorgan skal veljast/peikast ut i samsvar med gjeldande krav i lover og vedtekter/selskapsavtale. Eigarrepresentantane bør være sentrale folkevalte. 5.1 Fakta om representasjon og val IATA IKS I følgje selskapsavtalen skal kvar kommune har tre medlemmer i representantskapet. Kommunestyret har valt desse tre medlemmane med vara til representantskapet i IATA IKS: ordfører Halvor Homme, vara Runa Vee Tveit varaordfører Geir Christian Enger, vara Bjarne Reime. Anne Norma Oma Dahle, vara Ian Parry Jones 3 Alle er medlemmer eller varamedlemmer i kommunestyret i Nissedal. Protokollane frå representantskapsmøta viser at desse har møtt frå Nissedal kommune: 3 Møte i kommunestyre 29.10.15, sak 88/15 Telemark kommunerevisjon IKS 10 34

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 26.04.17: Halvor Homme, Anne Norma Oma Dahle, Bjarne Reime 30.11.17: Halvor Homme, Geir Christian Enger 25.04.18: Halvor Homme, Geir Christian Enger Brannvernsamarbeidet IKS I følgje selskapsavtalen skal representantskapet ha seks medlemmer og vere samansett av ordførerane i deltakarkommunane med varaordførarane som personlege vararepresentantar. Kommunestyret har valt ordførar Halvor Homme som representant til representantskapet i Brannvernsamarbeidet IKS, med varaordførar Geir Christian Enger som vara. 4 I følgje protokollane frå representantskapsmøta 18.05.17 og 22.05.18, møtte ordførar frå Nissedal kommune Vest-Telemark PPT IKS I følgje selskapsavtalen skal alle deltakarkommunane og fylkeskommunen velje kvar sin representant med personleg vara til representantskapet. Kommunestyret har valt ordførar Halvor Homme som representant til representantskapet i Vest-Telemark PPT IKS, med varaordfører Geir Christian Enger som vara. 5 I følgje protokollane frå representantskapsmøta 25.04.17, 14.11.17, 22.05.18 møtte ordførar frå Nissedal kommune. I representantskapsmøte 10.10.17 hadde Nissedal kommune forfall. VTK AS Vedtektene til VTK legg ingen føringar for kven som kan møte for kommunen i generalforsamlinga. Kommunestyret har valt ordfører Halvor Homme til å møte i generalforsamlinga i VTK AS, med varaordfører Geir Christian Enger som vara. 6 I følgje protokollane frå generalforsamlingane 30.06.17 og 27.06.18 møtte ordførar frå Nissedal kommune 4 Møte i kommunestyre 29.10.15, sak 88/15 5 Møte i kommunestyre 29.10.15, sak 88/15 6 Møte i kommunestyre 29.10.15, sak 88/15 Telemark kommunerevisjon IKS 11 35

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 5.2 Vurdering av representasjon og val Representantane er valde i samsvar med reglar og selskapsavtalar/vedtekter. Representantane er også sentrale folkevalde, i samsvar med tilrådingane til KS. Telemark kommunerevisjon IKS 12 36

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 6 Innkallingar, avklaring og rapportering Sørger kommunen for at selskapsspørsmål blir avklart med og rapportert til rett politisk nivå, i samsvar med gjeldande tilrådingar og retningsliner i eigarskapsmeldinga? Kontrollkriterium Kommunestyret er øvste organ i kommunen, og har all mynde som ikkje er delegert. Den som er peika ut til å møte i generalforsamling og valt representant i representantskapet har den mynde som kommunestyret har delegert. KS tilrår at kommunen etablerer føreseielege kommunikasjonsformer mellom kommunestyret og eigarorganet, for å sikre engasjement, debatt og reell politisk avklaring av eigarrepresentanten si mynde. Kommunestyret bør derfor handsame innkallingar til representantskap og generalforsamling i forkant av møta, for å avklare kva mynde representanten har. For å få til dette er kommunen avhengig av å få innkallingar og sakspapir i god nok tid før møtet i eigarorganet. Innkallingsfrist for IKS er i følgje IKS-lova 4 veker, for aksjeselskap er det 1 veke, med mindre lenger frist er sett i vedtektene. KS rår til at ein vedtektsfestar lenger innkallingsfrist for aksjeselskap, slik at eigar får høve til å handsame innkallingane før møte i eigarorganet. I følgje eigarskapsmeldinga skal årsmeldingar bli lagt fram for kommunestyret. Kommunen si eigarskapsmelding har ikkje omtale av politisk handsaming av innkallingar eller av innkallingsfristar for selskapa. Representantskapet til IKS skal fastsette årsregnskapet med årsmelding før 1. mai følgjande år, jf IKS-forskriften 4. Generalforsamlinga til aksjeselskap skal godkjenne årsregnskapet og årsmelding innan utgangen av juni påfølgjande år, jf aksjeloven 5-5. Vi har utleidd følgjande kontrollkriterium: Årsmøtedokument til kvart selskap bør som hovudregel vere handsama av kommunestyret, før møte i eigarorganet. Eigar bør forsikre seg om at selskapa kallar inn til møte i eigarorgan med føremålstenleg frist og i samsvar med gjeldande krav. Telemark kommunerevisjon IKS 13 37

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 6.1 Fakta om innkallingar, avklaring og rapportering Kommunestyret har handsama saker om selskapsavtalar og eigarstrategi i 2017 og 2018. Vi har ikkje sett at kommunestyret har handsama innkallingar til eigarorgan eller selskapssaker om budsjett eller rekneskap med årsmelding. IATA IKS Selskapsavtalen til IATA IKA seier at representantskapet vedtar anleggsutbygging, storleik på gebyr og opptak av lån. Tabellen under viser når innkalling med saksliste blei sendt, når representantskapet var, tid frå innkallinga til møte i representantskapet, og når det var møte i kommunestyret. Tabell 1 Innkalling sendt ut Tidspunkt for representantskap Tid frå innkalling til møte i rep.skap Tidspunkt for kommunestyret 10.04.17 26.04.17 2 veker 16.03.17 21.11.17 30.11.17 1 ½ veker 02.11.17 April 18 25.04.18 19.04.18 Brannvernsamarbeidet IKS Selskapsavtalen til Brannvernsamarbeidet IKS seier at innkalling til representantskapsmøte skal vere sendt minst to veker før møtet. Tabellen under viser når innkalling med saksliste blei sendt, når representantskapet var, tid frå innkallinga til møte i representantskapet, og når det var møte i kommunestyret. Tabell 2 Innkalling sendt ut Tidspunkt for representantskap Tid frå innkalling til møte i rep.skap Tidspunkt for kommunestyret Ikkje datert 18.05.17 16.03.17 og 18.05.17 02.11.17 24.11.17 3 veker 02.11.17 Ikkje datert 22.05.18 19.04.18 Selskapsavtalen til Brannvernsamarbeidet IKS krev at representantskapet skal ha møte innan utgangen av juni. Telemark kommunerevisjon IKS 14 38

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune Vest-Telemark PPT IKS Selskapsavtalen til Vest-Telemark PPT IKS krev at innkalling til representantskapet skal vere sendt minst fire veker før møtet. Tabellen under viser når innkalling med saksliste blei sendt, når representantskapet var, tid frå innkallinga til møte i representantskapet, og når det var møter i kommunestyret. Tabell 3 Innkalling sendt ut Tidspunkt for representantskap Tid frå innkalling til møte i rep.skap Tidspunkt for kommunestyret 24.03.17 25.04.17 4 veker 16.03.17 29.09.17 10.10.17 1 ½ veker 05.10.17 07.11.17 14.11.17 1 veke 02.11.17 11.05.18 22.05.18 1 ½ veke 19.04.18 Selskapsavtalen til Vest-Telemark PPT IKS krev at årsregnskapet med årsmelding skal handsamast av representantskapet innan 1. mai. VTK AS Vedtektene til VTK AS krev at innkalling til generalforsamling skal vere sendt seinast 3 veker før møtet. Tabellen under viser når innkalling med saksliste blei sendt, når generalforsamlinga var, tid frå innkalling til generalforsamling, og når det var møte i kommunestyret. Tabell 4 Innkalling sendt ut Tidspunkt for generalforsamling Tid frå innkalling til generalforsamling Tidspunkt for kommunestyret 29.05.17 30.06.17 4 ½ veke 15.06.17 04.06.18 27.06.18 3 ½ veke 14.06.18 Telemark kommunerevisjon IKS 15 39

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 6.2 Vurdering av innkallingar, avklaring og rapportering Årsmøtedokumenta er ikkje handsama i kommunestyret. Heller ikkje årsmeldingar er lagt fram for kommunestyret, slik eigarskapsmeldinga krev. VTK AS har sendt innkallingar i samsvar med kravet i vedtektene. Ifølgje vedtektene skal innkalling sendast med lenger frist enn aksjelova krev. Det gir kommunestyret betre høve til å handsame innkallinga frå selskapet. Som tabell 4 viser, hadde det vore mogleg for kommunestyret å handsame innkallingane frå VTK AS. Dei interkommunale selskapa har sendt dei fleste innkallingane for seint i forhold til fristen på fire veker i IKS-lova. Kommunestyret har sjeldan møter. Det kan derfor vere vanskelig å få til at kommunestyret handsamar innkallingar til representantskap. Som vi ser av tabellane 1, 2 og 3 ville kommunestyret nokre gonger hatt høve til å handsame innkallinga, dersom innkallingane hadde vore sendt ut i samsvar med kravet i IKS-lova, men ikkje alltid. Eigarkommunane er ansvarlege for sin del av skyldnaden til et interkommunalt selskap (IKS). Selskapet sitt budsjett er endelig når det er vedtatt av representantskapet. Det er derfor viktig at kommunestyret har handsama budsjettet før representantskapsmøtet, slik at representanten har avklart mandatet sitt. Innkallingane har innehaldt saksliste, som er i samsvar med krava til innkalling. Innkallingsfristen i selskapsavtalen til Brannvernsamarbeidet IKS er ikkje i samsvar med IKSlova. Heller ikkje kravet om at representantskapet skal ha møte innan utgangen av juni, er i samsvar med kravet i IKS-forskriften. Representantskapsmøtet har vore i mai, noko som er for seint i forhold til kravet om å fastsetje årsrekneskapen innan 1. mai. Telemark kommunerevisjon IKS 16 40

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 7 Habilitet Sørger kommunen for tiltak for å ivareta habilitetsreglane? Kontrollkriterium Den som sit i styret i eit selskap blir inhabil til å handsame saker for kommunen der selskapet er part, jf. kommunelova 40 nr. 3, jf. forvaltningslova 6 første ledd bokstav e). Avgjerd om habilitet/inhabilitet i fokevalde organ skal protokollførast, jf. kommunelova 30 nr. 4. For IKS er det tilsvarande reglar om habilitet i IKS-lova 15. Habilitetsreglane gjeld alle avgjerder som kommunen treff, også når representanten treff avgjerd på vegne av kommunen i generalforsamling. Dette inneberer at styremedlemmene i et selskap, ikkje kan forberede saker eller treffe avgjersler for kommunen i eigarorganet. Både eigar og selskap må ha tiltak som sikrar at ein handterer habilitetskonfliktar. KS tilrår at eigar (kommunestyre) vurderer habilitetsulempene dersom ein vel administrative leiarar og sentrale folkevalte til styremedlemmer, og meiner at ordførar og rådmann ikkje bør veljast til styre (tilråding nr. 9 og 15). Medlem av representantskapet i et IKS kan ikkje veljast til selskapet sitt styre, jf. IKS-lova 10. Vi har utleidd følgjande kontrollkriterium: eigarrepresentantane til eit interkommunalt selskap skal ikkje sitte i styret for selskapet. ordførar og rådmann bør ikkje vere styremedlemmer i selskapa til kommunen. 7.1 Fakta om habilitet Eigarrepresentantane til Nissedal kommune, inkludert ordførar, er ikkje styremedlemmar i dei selskapa vi har undersøkt. Rådmannen er styreleiar i Vest-Telemark PPT IKS. 7.2 Vurdering av habilitet Styrevervet til rådmannen fører til at han blir inhabil til å førebu og avgjere saker der selskapet er part. Når rådmannen er inhabil, blir alle tilsette i kommunen inhabile til å avgjere saker der selskapet er part. Det er opp til kommunestyret å vurdere om rådmannen vil bli inhabil ofte, og om det likevel er tenleg at rådmannen har styreverv. Telemark kommunerevisjon IKS 17 41

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 8 Konklusjon og tilrådingar 8.1 Konklusjon Eigarskapsmeldinga er i stor grad i samsvar med reglar og tilrådingar, men har ikkje retningsliner som sikrar at kommunestyret eller anna politisk organ handsamar eigarsaker før møte i eigarorganet. Nissedal kommune har felles eigarstrategi med dei andre eigarane for VTK AS, elles har ikkje kommunen felles eigarskapsmelding eller eigarstrategi for selskap kommunen eig saman med andre. VTK AS har eit punkt i eigarstrategien om at det skal gjennomføras uformelle eigarmøter. Slike møter har vore gjennomført i VTK AS og IATA IKS. Eigarskap var eit tema i folkevaltopplæringa. I tillegg til at kommunestyret har handsama eigarskapsmeldinga to gonger i denne valperioden, det kan også ha gitt politikarane noko informasjon om kommunalt eigarskap. Eigarrepresentantane er valde i samsvar med reglar og selskapsavtalar/vedtekter. Representantane er også sentrale folkevalde, i samsvar med tilrådingane til KS. Dokument til representantskap og generalforsamling har ikkje vore lagt fram for kommunestyret. VTK AS har sendt innkallingane i samsvar med fristen i vedtektene, mens dei andre selskapa i stor grad ikkje har sendt innkallingane i samsvar med fristen i IKS-lova. Formålet med den lengre fristen i IKS-lova er at kommunen skal få høve til politisk handsaming. Selskapsavtalen til Brannvernsamarbeidet IKS er ikkje i samsvar med IKS-lova når det gjeld frist for innkalling til representantskapsmøte og tidspunkt for fastsetjing av årsrekneskap og årsmelding. Rådmannen har styreverv i eit av selskapa. KS tilrår at kommunestyret vurderer om ulempene ved å velje leiande tilsette til styremedlemmer overstiger behovet for å ha den aktuelle personen i styret. Telemark kommunerevisjon IKS 18 42

Eigarskapskontroll - Nissedal kommune 8.2 Tilrådingar Vi tilrår at Nissedal kommune vurderer å legge til rette for å handsame eigarsaker i kommunestyret, i samsvar med retningsliner i eigarskapsmeldinga og tilrådingar frå KS sikre at eigarskap er del av folkevaltopplæringa også i framtida vurderer om det er tenleg at rådmannen har styreverv vurderer å ta initiativ til at selskapsavtalen til Brannvernsamarbeidet IKS blir endra i samsvar med IKS-lova og IKS-forskriften Nissedal kommune bør forsikre seg om at dei tre interkommunale selskapa sender innkallingar til representantskapsmøte i samsvar med gjeldande frist, og at Brannvernsamarbeidet IKS fastset årsrekneskap og årsmelding i samsvar med kravet i IKSforskriften. Telemark kommunerevisjon IKS 19 43

Selskapets navn Kommunens navn Vedlegg 1: Høyringsuttale Telemark kommunerevisjon IKS 44

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 026 2018/109-12 Sverre Sæter 26.02.2019 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 13/19 11.03.2019 Nissedal kontrollutval si årsmelding 2018 Vedlegg: 1 Årsmelding 2018 Fakta i saka: Kontrollutvalet skal i samsvar med kommuneloven 77, punkt 6, informere kommunestyret om sitt arbeid. Årsmeldinga summerer opp utvalets viktigaste aktiviteter gjennom 2018, og gir eit bilde av utvalets formelle rolle, instruks og forholdet til revisjonen og sekretariatet. Kontrollutvalet gir kvart år uttale til kommunerekneskapet, adressert til kommunestyret. Etter forskrift for kontrollutval, skal kontrollutvalet rapportere om resultatet av gjennomførte forvaltningsrevisjonsprosjekt og selskapskontroll. Føresegna må sjåast i samanheng med vedtekne planar og presenterast på denne måten for året 2018. Kontrollutvalet si tilråding: Kommunestyret tek Årsmelding 2018 for Nissedal kontrollutval til vitande, og meiner den gir ei tilfredsstillande oversikt over kontrollutvalets aktivitet i 2018. 45

Nissedal kommune Årsmelding for kontrollutvalet 2018 46 Temark Agder og Telemark Kontrollutvalssekretariat IKS

1. INNLEIING Årsmelding for Nissedal kontrollutval for 2018 skal gje eit bilete av utvalet si formelle rolle, forholdet til revisjonen og sekretariatet og dei viktigaste sakene som er handsama i året som har gått. I høve kommunelova er kontrollutvalet det einaste politiske utvalet ei kommune er pålagt å ha, utanom formannskapet. Kontrollutvalet si hovudoppgåve er å føre tilsyn og kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret, og sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Utvalet gjev kvart år ei uttale til kommunerekneskapen. I tråd med forskrift for kontrollutval, skal utvalet rapportere resultatet av dei forvaltningsrevisjonsprosjekta og selskapskontrollane som vert gjennomført årleg. Kontrollutvalet rapporterer direkte til kommunestyret. 2. SAMANSETNAD AV KONTROLLUTVALET Alle kommunar er pliktige til å velje eit kontrollutval på det konstituerande kommunestyremøtet etter kvart kommuneval. Kommunestyret kan velje nye medlemmer til kontrollutvalet i løpet av valperioden, men då må heile utvalet formelt veljast på nytt. Reglar for val av medlemmar til kontrollutvalet er nedfelt i ei eiga forskrift. Det er strenge avgrensingar for kven som er valbare til utvalet, mellom anna kan ein ikkje vere tilsett i kommunen. Nissedal kontrollutval har i 2018 hatt denne samansetnaden: Medlemmer Varamedlemmer Leiar Nestleiar Medlem Inge Magnus Evja (Sp) Kirsten Jensby (Ap) Magne Fjellhøy (Sp) Personlege varamedlemmer: For Evja: Tor Jakob Nordbø For Jensby: Victor B. Hansen For Fjellhøy: Tore Skåli Kommunelova krev at minst eitt av medlemmane skal veljast blant kommunestyret sine medlemmar. Departementet har tolka dette slik at dette gjeld val ved kommunestyret si konstituering. 3. RAMMER FOR KONTROLLUTVALET SITT ARBEID Etter Kommunelova 77 er kommunestyret pålagt å opprette eit eige kontrollutval som skal stå for løypande tilsyn og kontroll med den kommunale forvaltninga og dei folkevalde organa som kommunestyret har oppretta. Tilsynet og kontrollen skjer i kommunestyret sin stad. Kommunelova 77 slår fast: Kontrollutvalet skal påse at kommunens eller fylkeskommunens regnskaper blir revidert på en betryggende måte. Kontrollutvalet skal videre påse at det føres kontroll med at den økonomiske forvaltning foregår i samsvar med gjeldende bestemmelser og vedtak, og at det Side 1 av 8 47

blir gjennomført systematiske vurderinger av økonomi, produktivitet, måloppnåelse og virkninger ut frå kommunestyrets eller fylkestingets vedtak og forutsetninger (forvaltningsrevisjon). Kontrollutvalet skal påse at det føres kontroll med forvaltningen av kommunens eller fylkeskommunens interesser i selskaper m.m. Kontrollutvalet sine oppgåver er i utgangspunktet gitt i kommunelova 77, og i forskrift om kontrollutval av 15.06.2004, men kommunestyret kan konkret be utvalet utføre særskilte tilsynsoppgåver på deira vegner. Kontrollutvalet si hovudoppgåve er å føre tilsyn og kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret og sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Kontrollutvalet skal ifølgje kommunelova sørge for mange oppgåver som vi vil komme nærmare inn på seinare. 4. OPPLÆRING OG KURS Det vert stadig stilt større krav og forventningar til kontrollutvalet sin kompetanse, både frå det politiske miljø og kommunen sine innbyggarar. Endra regelverk gjer det nødvendig å legge til rette for opplæring og kursverksemd for alle medlemmer av kontrollutvalet. Kunnskap om kontrollutvalet si rolle, oppgåver og lovverk er nødvendig for å utføre dei oppgåvene som går fram av lov og forskrift. Slik opplæring og kursverksemd kan skje lokalt (haust- og vårkonferanse i regi av Temark) eller gjennom sentrale tilbod. Kontrollutvalet vert blant anna årleg invitert til landskonferansen for kontrollutval i regi av Norges Kommunerevisorforbund (NKRF) og fagkonferansen til Forum for kontroll og tilsyn (FKT). Dette er ei viktig samling for å tilføre kontrollutvalet ny kunnskap, og det er ein arena der kontrollutvalsmedlemmer frå heile landet kan møtast og drøfte saker og arbeidsmetodar. Kontrollutvalet i Nissedal var representert på NKRF sin kontrollutvalskonferanse i 2018, samt på Temark sin hauskonferanse. 5. SEKRETARIAT Kontrollutvalet får sekretariatsbistand frå Agder og Telemark kontrollutvalgssekretariat IKS (Temark). Med oppdrag for 31 kommunar og 3 fylkeskommunar i Vest-Agder, Aust-Agder og Telemark er Temark eit av landets største kontrollutvalssekretariat. Sekretariatet har åtte tilsette og fast sekretær for kontrollutvalet i Nissedal i 2018 var Ingebjørg Liland. Sekretariatet førebur sakene til kontrollutvalet, skriv saksframstillingar, syter for praktisk tilrettelegging og oppfølging av møte, samt føl opp kontrollutvalet sine vedtak. Det er sekretariatet som har innstillingsrett ovanfor utvalet. Side 2 av 8 48

I det løypande arbeidet er sekretariatet bindeledd mellom utval og revisjonsselskap og mellom utval og administrasjon, og utfører oppgåver på vegne av kontrollutvalet. 6. REVISJON Kommunen er medeigar i, og har avtale om levering av revisjonstenester med Telemark kommunerevisjon IKS (TKR). Selskapet leverer revisjonstenester fleire kommunar og er eigd av 18 kommunar i Telemark og to kommunar i Vestfold, samt Telemark fylkeskommune. TKR utfører regnskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og selskapskontroll for Nissedal kommune. Avtalen mellom TKR og kommunen omfattar timar til fordeling på rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon. Selskapskontroll er ei teneste som vert kjøpt i tillegg. Oppdragsrevisor for Nissedal kommune er Birgitte Lindner Bøen og oppdragsansvarleg revisor er Ottar Kleppe. Kirsti Torbjørnson er oppdragsansvarleg forvaltningsrevisor. Kontrollutvalet skal påsjå at revisjonen av kommunen skjer på ein tryggande måte. Det er difor viktig at utvalet har god dialog med revisor og held seg orientert om revisjonens arbeid. Kontrollutvalet har som hovudregel eit eiget punkt for orienteringar frå revisjonen i kvart møte. 7. ØKONOMI For å utøve sin funksjon på ein god måte har kontrollutvalet lagt vekt på å be kommunestyret om økonomiske rammer som mogeleggjer den aktiviteten som det vert lagt opp til i møte- og arbeidsplanen. Kontrollutvalet er i tråd med kommunelova pålagt å utarbeide budsjettforslag for kontroll- og tilsynsverksemda i kommunen. Rekneskapstala for den samla kontroll- og tilsynsverksemda i kommunen kjem fram av kommunen sitt samla årsrekneskap. Det er sum for kontroll, tilsyn og revisjon som er vedteke av kommunestyret. I denne posten ligg det kostnader til drift av kontrollutvalet, kjøp av sekretariatstenester og kjøp av revisjonstenester. Kontrollutvalet vil få lagt fram ei eiga sak som går på økonomien knytt til kontroll- og tilsynsverksemda, slik at kontrollutvalet kan halde seg oppdatera på utvalet si økonomiske stilling, i tillegg til kostnadane til sekretariat og revisjon. Side 3 av 8 49

Budsjett og rekneskap for 2018*: Beskrivelse: Budsjett Regnskap Møtegodtgjørelse/Tapt arbeidsfortjeneste 68 000 33 794 Bevertning 3 000 855 Kontingent og tidsskrift mm. 3 000 4 775 Opplæring, kurs og konferanse inkl. reise og 28 000 20 485 oppholdsutgifter Sum kontrollutvalget: 102 000 59 909 Kjøp av sekretariatstjenester 99 000 99 000 Kjøp av revisjonstjenester 415 000 415 232 Selskapskontroll o.l. 50 000 0 SUM TOTALT 666000 574141 *Rekneskapstall pr. 4.2.2019. Endeleg rekneskap er ikkje klart før 15.2.19. 8. ARBEIDET I KONTROLLUTVALET MØTER OG SAKER Møter 2018 Kontrollutvalet har i 2018 gjennomført 4 møter og handsama 25 saker. Åpne møter I likskap med andre folkevalde organ er møta i kontrollutvalet som hovudregel opne. Sakskart, saksdokument og protokollar vert løypande lagt ut på kommunen og sekretariatet sine heimesider (www.temark.no). Deltakelse fra administrasjonen Rådmannen deltar (etter innkalling) på dei fleste av kontrollutvalet sine møter. God dialog med den administrative leiinga er ei styrke for kontrollutvalet i sitt arbeid. I tillegg til rådmann Sverre Sæter har følgande frå administrasjonen delteke på møter i 2018: - Kommunalsjef samfunn og utvikling, Jan Arvid Setane (23.04.18) - Økonomisjef Jarle Bruun Olsen (23.04.18 og 5.11.18) - Teknisk sjef Kristin Kyrkjerud Vaa (5.11.18) - Plansjef Sveinung Seljås (5.11.18) Orienteringar og einingsbesøk Utvalet ynskjer å ha oppdatert informasjon om kommunens verksemd, og samtidig gjere eigen funksjon kjend for både innbyggjarane og kommunens tilsette. Administrasjonen inviterast med jamne mellomrom til kontrollutvalet for å orientere om forskjellige verksemdsområder i kommunen. Kontrollutvalet ynskjer å vere synleg og ha god kontakt med kommunens leiing og tilsette/organisasjonen forøvrig. Kontrollutvalet besøker med jamne mellomrom ulike kommunale einingar og kommunalt eigde verksemder for å skaffe seg direkte kunnskap om kommunens verksemd og slik ha direkte kontakt ut mot tilsette i kommunen. I 2018 var kontrollutvalet på besøk på kommunens vassbehandlingsanlegg. Side 4 av 8 50

Kommunens verksemd = mangfald av saker Ein stor del av kontrollutvalet si saksbehandling omfattar forhold utvalet er pålagt å arbeide med, gjennom krav i kommunelova 77 og forskrift om kontrollutval. Kontrollutvalget kan etter anmodning fra kommunestyret, etter innspill fra innbyggere eller på eget initiativ ta opp forhold ved kommunens virksomhet, som kan knyttes til utvalgets tilsynsarbeid. Hvilket fokus som velges i de ulike arbeidsoppgavene er det i stor grad opp til utvalget å definere selv. Saker handsama i kontrollitvalet i 2018: Protokoll frå sist møte (eiga sak i kvart møte) Innkallingar (eiga sak i kvart møte) Referatsaker / Eventuelt (eiga sak i kvart møte) Orientering frå revisjonen (eiga sak i kvart møte) Nissedal kontrollutval si årsmelding 2017 Bestilling av selskapskontroll Forvaltningsrevisors vurdering av sjølvstende 2018 Årsrekneskap og årleg rapport 2017 for Nissedal kommune kontrollutvalet si uttale Årsrapport med årsrekneskap og kontrollrapport i samband med skatteoppkrevjarfunksjonen 2017 Forvaltningsrevisjonsrapport - Saksutgreiing Prosjektplan og tilbodsbrev for eigarskapskontroll Vurdering av gjenståande prosjekt på plan for forvaltningsrevisjon Revisors sjølvstende Nissedal kommune Overordna revisjonsstrategi for rekneskapsrevisjon 2017 Budsjett for kontroll og tilsyn 2019 Orientering om Nissedal kommune sitt budsjett for 2019 Oppfølging av forvaltningsrevisjonsrapport «Saksutgreiing» Orientering om kommunens handtering av massetak Møte- og arbeidsplan 2018 for Nissedal kontrollutval 9. REKNESKAPSREVISJON Revisjon av årsrekneskapen er ein heilt sentral del av kommunen sin eigenkontroll. Revisor skal gje tryggleik for at ein kan stole på informasjonen kommunen gir om økonomien sin. Dette er ei viktig oppgåve. Revisor er ein uavhengig og objektiv tredeperson som gjennom sine kontrollar kan avdekke og førebygge feil og manglar i den økonomiske rapporteringa. Revisor vil i tillegg rettleie kommunen for å bidra til å førebygge og avdekke feil og underslag. Kontrollutvalet skal sjå til at kommunen blir revidert på ein tryggjande måte. Utvalet er difor avhengig av at revisor gir tilstrekkeleg rapportering om revisjonsarbeidet. At kontrollutvalet og Side 5 av 8 51

revisor har ein god dialog og god forståing av kvar deira oppgåver er, er ein viktig føresetnad for å vere trygg på at revisjonsarbeidet blir forsvarleg utført. Kontrollutvalet registrerar at revisor sitt arbeid med å utføre rekneskapsrevisjon dei siste åra er blitt meir omfattande, spesielt knytt til dei mange attestasjonsoppgåvene som vert utført på vegner av staten og andre offentlege organ. I tillegg til å gje skildringar og uttaler får kontrollutvalet jamleg i møte informasjon om utført rekneskapsrevisjon. Kontrollutvalet har ved fleire høve gitt utrykk for at det vert gjort mykje godt arbeid innanfor området rekneskapsrevisjon og at dei er nøgde med måten revisjonen løyser oppdraget på. 10. FORVALTNINGSREVISJON Forvaltningsrevisjon er eit verktøy som kommunestyret og kontrollutvalet skal bruke for å sikre at kommunen blir driven på ein måte som tar vare på innbyggarane sine behov og rettar best mogeleg. Forvaltningsrevisjon er ei av de pålagte oppgåvene til kontrollutvalet. Gjennom forvaltningsrevisjon kan kontrollutvalet undersøke om kommunen følgjer regelverk, når fastsette mål, og om ressursane blir forvalta på ein effektiv måte. Kontrollutvalet har vore delaktig i val av tema og utforming av problemstillingar basert på ei risiko- og vesentlegheitsvurdering, innanfor dei rammene som er gjevne av kommunestyret. Kontrollutvalet er delegert mynde til å bestemme korleis avsette ressursar til forvaltningsrevisjon skal nyttast, og revisjonen har gjennomført forvaltningsrevisjonen i tråd med faglege krav i løpet av valperioden. Sjølv om det er spesifikke krav til gjennomføring av ein forvaltningsrevisjon, er det viktig at kontrollutvalet involverer seg i val av problemstillingar, avgrensingar og tilnærming. Forvaltningsrevisjon gir kontrollutvalet mogelegheita til å gå i djupna i ulike saksforhold, innan eitkvart verksemdsområde i kommunen. Forvaltningsrevisjon vil difor kunne ha høg nytteverdi, både i utvalet si kontrollverksemd, og i kommunen sin internkontroll og forbetringsarbeid. Kontrollutvalet skal minst ein gong i valperioden og seinast innan utgangen av året etter at kommunestyret er konstituert, utarbeide ein plan for forvaltningsrevisjon. Planen skal vedtakast av kommunestyret sjølv, men kommunestyret kan delegere til kontrollutvalet å gjere endringar i planperioden. Kontrollutvalget fikk lagt frem overordna analyse og plan for forvaltningsrevisjon for Nissedal kommune i starten av 2016. Planen for 2016-2019 ble vedtatt i kommunestyret 10.3.2016. Kontrollutvalet har starta opp et prosjekt i 2017 som vil ferdigstillast i 2018, og følgt opp tidligare rapport om Sosiale tenester i Nissedal kommune. Saksutgreiing Kontrollutvalet handsama den 23.4.18 sak 9/18, forvaltningsrevisjonsrapport Saksutgreiing. Rapporten hadde følgande problemstillingar: Side 6 av 8 52

I kva grad har kommunen tiltak for å sikre at saker til kommunestyret er forsvarleg utgreidde, særleg med omsyn til økonomiske konsekvensar? o I kva grad har desse tiltaka blitt følgde? I kva grad har kommunen tiltak for å sikre at politiske vedtak blir sett i verk? o I kva grad har politiske vedtak i sak om ny småskule ved Tveit blitt sett i verk? Har kommunen tilfredstillande rutinar for styring av investeringsprosjekt? Korleis er bygging av ny småskule ved Tveit blitt følgd opp? Rapporten konkluderte med følgande anbefalingar til Nissedal kommune: vurdere fleire tiltak for å sikre forsvarleg utgreiing og rapportering av politiske saker, f.eks. retningslinjer, malar/sjekklister og opplæring, sikre at prosjekterings- og byggenemnda er i tråd med kommunelova kapittel 6 og at den blir forankra i kommunens reglement, i samsvar med ynskt rolle og formål, etablere rutinar/retningsliner knytt til planlegging, gjennomføring og rapportering av investeringsprosjekt, sikre rapportering på gjennomføring av alle vedtak og rapportering utanom tertialrapporteringa i investeringsprosjekt, der det er naudsynt. Kommunestyret handsama rapporten i møte 24.5.18, sak 30/18, og vedtok i kontrollutvalets innstilling. Rapporten ble følgt opp av kontrollutvalet i møte 5.11.18 sak 20/18. 11. SELSKAPSKONTROLL Selskapskontroll er ei av de pålagte oppgåvene til kontrollutvalet og er eit viktig virkemiddel for å sikre at selskapa vert underlagt demokratisk styring og kontroll. Telemark kommunerevisjon IKS la fram plan for selskapskontroll 2016-2019 i 2016 for kontrollutvalet. Kontrollutvalet vurderer årleg omfanget av selskapskontroll og legg evnt. endringar/tillegg som det er behov for fram for kommunestyret. Kontrollutvalet har i 2018 bestilt ein selskapskontroll/eigarskapskontroll: Eigarskap i Nissedal Kontrollutvalet bestilte i møte 12.2.18, sak 2/18 eigarskapskontroll med tema Eigarskap i Nissedal kommune. Prosjektplan blei godkjend 23.4.18. Eigarskapskontrollrapporten skal opp til handsaming i begynnelsen av 2019. 12. KONKLUSJON OG AVSLUTTANDE KOMMENTARAR Kontrollutvalet si årsmelding for 2018 vert med dette lagt fram for kommunestyret til vitande. Ved å sjå årsplan og årsmelding for 2018 i samanheng, kan kommunestyret sjå om dei vedtekne oppgåver og målsettingar for kontrollutvalet er eller blir følgt opp. Side 7 av 8 53

Treungen, 11.02.2019 Inge Magnus Evja Leiar Ingebjørg Liland Utvalssekretær Side 8 av 8 54

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 232 2018/503-7 Jarle Bruun Olsen 22.02.2019 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 14/19 11.03.2019 Kontrollrapport 2018 - Skatteoppkrevjarfunksjonen Vedlegg: 1 Kontrollrapport 2018 vedrørende skatteoppkreverfunksjonen for Nissedal kommune Fakta i saka: Kvart år utarbeider skatteetaten ein kontrollrapport, der resultat og kvalitet til arbeidet til kvar skatteoppkrevjar vert vurdert. Rapporten er adressert til kommunestyret og rapporten for 2018 blir med dette lagt fram for kommunestyret. I kommunestyresak 7/19 blei årsrekneskap og årsrapport for skatterekneskapen handsama. Vurdering: Rapporten peiker på at resultatkravet for restskatt for 2016 ikkje vart innfridd. Resultatkravet var 96% og innbetalt av sum krav var 93,06%. Jf. årsrapport frå skatteoppkrevjar (som blei handsama i kommunestyret i februarmøtet), skuldast dette nokre få skattytarar med store restansar. Øvrige krav på skatteinnkrevjing er oppfylt. På arbeidsgjevarkontrollen er det utført ein kontroll meir enn minstekravet. Skatteetaten har, jf. kap. 4 i rapporten, ikkje noko kommentar eller avvik å melde i høve til resultat eller utføring av arbeidet til skatteoppkrevjar. Rådmannen si tilråding: Skatteetaten sin kontrollrapport for 2018 vert teke til vitande. 55

Vår dato Din/Dykkar dato Saksbehandlar 15.02.2019 Dorota Rybka-Giers 800 80 000 Din/Dykkar referanse Telefon Skatteetaten.no 40809501 Org.nr Vår referanse Postadresse 974761076 2019/5264528 Postboks 9200 Grønland 0134 OSLO Kommunestyret i Nissedal kommune Treungvegen 398 3855 TREUNGEN Kontrollrapport 2018 vedkomande skatteoppkrevjaren for Nissedal kommune 1. Generelt om fagleg styring og kontroll av skatteoppkrevjaren Skatteoppkrevjaren sitt ansvar og mynde følgjer av skattebetalingslova og "Instruks for skatteoppkrevjarar" av 8. april 2014. Skattekontoret har fagleg ansvar og instruksjonsmakt overfor skatteoppkrevjarane. Det betyr at skattekontoret: pliktar å gje rettleiing og bistand i faglege spørsmål gjennom mål- og resultatstyring søker å leggje til rette for best mogeleg resultat utfører kontroll av skatteoppkrevjaren Grunnlaget for skattekontoret sin styring av skatteoppkrevjarane er "Instruks for skattekontorenes styring og oppfølging av skatteoppkreverne" av 1. januar 2014. Grunnlaget for skattekontoret sin kontroll av skatteoppkrevjarane er "Instruks for skattekontorenes kontroll av skatteoppkreverne" av 16. mai 2016. Føremålet med kontrollen er å avklare: om skatteoppkrevjaren har ein tilfredsstillande internkontroll for utføringa av sine gjeremål om føring av rekneskapen, rapportering og avlegging av årsrapporten og årsrekneskapen samsvarar med gjeldande regelverk om utføringa av innkrevjingsarbeidet og oppfylgjing av restansane samsvarar med gjeldande regelverk om utføringa av arbeidsgjevarkontrollen samsvarar med gjeldande regelverk 2. Om skatteoppkrevjaren Skatteoppkrevjarkontoret omfattar kommunane Kviteseid og Nissedal. Sum årsverk i samsvar med skatteoppkrevjaren sine årsrapportar: Tal årsverk 2018 Tal årsverk 2017 Tal årsverk 2016 0,50 0,50 0,50 Tal årsverk 2018 inkluderar 0,10 årsverk disponert av Interkommunal Arbeidsgiverkontroll i Agder. For åra 2017 og 2016 var det høvesvis 0,10 og 0,12 årsverk. Side 1 / 4 56

3. Måloppnåing Skatte- og avgiftsinngang Skatteoppkrevjaren sin frist for avlegging av årsrekneskapen og årsrapporten er 20. januar 2019. Skattekontoret har motteke rekneskapen innan fastsett frist. Årsrekneskapen for Nissedal kommune viser per 31. desember 2018 ein endeleg skatte- og avgiftsinngang 1 til fordeling mellom skattekreditorane (etter frådrag for avsetjing til margin) og vidaresending plassering mellom kommunar på kr 142 185 427 og uteståande restansar 2 på kr 4 454 856. Innkrevjingsresultat Tabellen viser innkrevjingsresultata per 31. desember 2018 for Nissedal kommune. Resultatkrav 2018 (i %) Innbetalt av sum krav 2018 (i %) Innbetalt av sum krav 2017 (i %) Innbetalt av sum krav for regionen 2018 (i %) Restskatt personlege skattytarar 2016 96,00 93,06 95,10 96,38 Forskotstrekk 2017 99,95 100,00 100,00 99,94 Forskotsskatt personlege skattytarar 2017 98,80 100,00 98,76 99,22 Forskotsskatt upersonlege skattytarar 2017 99,95 100,00 100,00 99,95 Restskatt upersonlege skattytarar 2016 99,30 100,00 100,00 98,84 Arbeidsgjevaravgift 2017 99,90 100,00 100,00 99,84 Resultatkravet for restskatt personlege skattytarar 2016 er ikkje oppnådd. Skatteoppkrevjar opplyser i årsrapporten at dette skuldast nokre få personar. Det er iverksett tiltak for innkrevjing av krava. Resultat for arbeidsgjevarkontrollen Skatteoppkrevjaren for Nissedal kommune kjøper arbeidsgjevarkontrollar av Interkommunal Arbeidsgiverkontroll i Agder. Resultat for kommunen per 31. desember 2018 viser i følgje skatteoppkrevjaren sin resultatrapportering: Tal Arbeidsgjevarar i kommunen/ kontrollordninga Minstekrav tal kontrollar (5 % av arbeidsgjevarane) Tal utførte kontrollar i 2018 Utførte kontrollar 2018 (i %) Utførte kontrollar 2017 (i %) Utført kontroll 2018 region (i %) 80 4 5 6,3 6,0 4,8 Arbeidsgjevarkontrollmiljø har delteke i ulike kontrollsamarbeid og aksjonar saman med Skatteetaten, mellom anna mot arbeidslivskriminalitet (Akrim). Arbeidsgjevarkontrollen er svært viktig for arbeidet mot Akrim og svart økonomi. Tverretatleg samarbeid gjev god effekt i arbeidet mot Akrim, og dette har vore ei arbeidsform som har vore prioritert også i 2018. Dette er eit område som i dag ikkje har direkte styringsparameter, men eit stort engasjement og prioritering frå skatteoppkrevjar har vore og er viktig for dei gode resultata som satsinga gjev. 1 Sum innbetalt og fordelt til skattekreditorane 2 Sum opne (ubetalte) forfalne debetkrav Side 2 / 4 57

4. Skattekontoret sin kontroll av skatteoppkrevjaren Skattekontoret sin kontroll av skatteoppkrevjarane i regionen vert utført i samsvar med ei årleg plan, der behovet for kontroll av områda skatterekneskap, innkrevjing og arbeidsgjevarkontroll vert vurdert overordna for kvar skattoppkrevjar. Samtlege områder vil derfor nødvendigvis ikkje verte kontrollert kvart år. Skattekontoret har for 2018 utført kontorkontrollar av skatteoppkrevjaren for området skatterekneskap. Skattekontoret har i 2018 òg gjennomført stadleg kontroll av skatteoppkrevjaren for områda skatterekneskap og innkrevjing 25. juni 2018. Rapport er send skatteoppkrevjaren 5. juli 2018. Skatteoppkrevjaren har gjeve tilbakemelding på rapporten 9. august 2018. Skatteoppkrevjaren sin overordna internkontroll Basert på dei kontrollane som skattekontoret har gjennomført, finn vi at skatteoppkrevjaren sin overordna interne kontroll i det alt vesentlege er i samsvar med gjeldande regelverk. Rekneskapsføring, rapportering og avlegging av årsrekneskapen Gjennom kontrollane som skattekontoret har gjennomført, har vi gjeve følgjande pålegg: Pålegg om å følgje krava Skattedirektoratet har stilt til dokumentasjon og internkontroll for manuell endring av bankkonto. Skatteoppkrevjar opplyser i årsrapporten at kontoret følgjer krava Skattedirektoratet har stilt for manuell endring av bankkonto. Ut over gjevne pålegg ser vi at rekneskapsføringa, rapporteringa og avlegginga av årsrekneskapen i det alt vesentlege samsvarar med gjeldande regelverk og gjev eit rettvist uttrykk for skatteinngangen i rekneskapsåret. Skatte- og avgiftsinnkrevjing Gjennom kontrollane som skattekontoret har gjennomført, har vi gjeve følgjande pålegg: Gjenteke pålegg om å sikre fleire krav av ein bestemt storleik ved utleggsforretning. Pålegg om å iverksetje innkrevjinga utan unødig opphald. Pålegg om å følgje krava Skattedirektoratet har stilt til dokumentasjon og sakshandsaming av betalingsavtalar. Skatteoppkrevjar opplyser både i tilbakemeldinga på rapporten og årsrapporten at det er iverksett tiltak for å etterkome pålegga. Ut over gjevne pålegg ser vi at utføringa av innkrevjingsarbeidet og oppfølginga av restansane i det alt vesentlege samsvarar med gjeldande regelverk. Side 3 / 4 58

5. Skattekontoret sin oppfølging av skatteoppkrevjaren Skattekontoret har vore i dialog med skatteoppkrevjar om resultatkrava og det er halde dialogmøte 2. februar 2018 i Skien. Med helsing Ingvill Helstad avdelingsdirektør Innkreving, oppfølging skatteoppkrevere Skatteetaten Elisabeth Gylder Vingereid For ettertida kan spørsmål til Skatteetaten om oppfølgjing av skatteoppkrevjarene rettast til: oppfolging-skatteoppkrever@skatteetaten.no for skattereknskaps- og innkrevjingsområdet SKOstyringAGK@skatteetaten.no for arbeidsgjevarkontrollområdet Kopi til: Skatteoppkrevjaren for Nissedal kommune Kontrollutvalet for Nissedal kommune Rådmann/administrasjonssjef i Nissedal kommune Riksrevisjonen Dokumentet er elektronisk godkjend og har derfor ikkje handskrivne signaturar. Side 4 / 4 59