SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Jarle Stunes Arkiv: 205 Arkivsaksnr.: 19/573 Sign: Dato: Utvalg: Formannskapet 18.02.2019 Kommunestyret 25.03.2019 TRANSPORTPAKKER PÅ HAUGALANDET UTBYGGING AV E134 Rådmannens forslag til vedtak: I samsvar med prinsippsak og vedtak i styringsgruppa i Haugalandspakken om framtidige transportpakkar på Haugalandet, ber Karmøy kommune Statens vegvesen om snarast mogleg, og samordna med NTP rulleringa, å arbeide fram eit konkret forslag for utbyggingspakke for E134 på strekninga Bakka i Etne til Karmsund Havn, Husøy og Haugesund Lufthavn, Karmøy.
TRANSPORTPAKKER PÅ HAUGALANDET UTBYGGING AV E134 Bakgrunn Det overordna vegnettet på Haugalandet, med gjennomgåande vegnummer som bind saman ulike tettstader, består av to Europaveger (E134 og E39) og FV47 inklusive arm til E39 (Tforbindelsen). Dette er dei viktigaste transport-korridorane i regionen, med tillegg av sjøtransport. E134 har to endepunkt i vest; Karmsund Havn, Husøy, og Haugesund Lufthavn på Karmøy. Endepunktet i øst blir, i denne saka om utbygging av E134 på Haugalandet, satt ved Bakka i Etne kommune. Figur 1: Kart som viser strekninga E134 fra Bakka i Etne til Haugesund Lufthavn og Karmsund Havn. Statens vegvesen (SVV) og Rogaland fylkeskommune (RFK) la i november 2018 fram eit felles strateginotat med drøfting av framtidige moglegheiter og utfordringar for utvikling av vegsystemet på Haugalandet. Tidsperspektivet er då realisering av prosjekt etter at Haugalandspakken går ut i 2023. Notatet «Framtidig(e) transportpakke(r) på Haugalandet Prinsippsak til behandling i kommunene og fylkeskommunene» er tatt opp i styringsgruppa i Haugalandspakken som i møte den 07.12.2018 vedtok å anbefale alle kommunane å vedta følgjande;
1. (Navn) kommune gir tilslutning til at kommunene, fylkeskommunene og Statens vegvesen starter arbeid med plangrunnlag og finansieringsopplegg for ny(e) samferdselspakke(r) på Haugalandet som skal løse samferdselsutfordringer i kommunen(e). 2. Videre brukerbetaling på Haugalandet etter at Haugalandspakken er avsluttet i 2023 fremmes i en by- og tettstedspakke, samt egne strekningsvise pakker for aktuelle strekninger på E134, E39 og Fv.47. Strateginotatet er sendt til kommunane for behandling og vedtak, og blir behandla i eiga sak. Saka som blir fremma nå, bygger på strateginotatet frå SVV og RFK samt dei to vedtakspunkta frå styringsgruppa. Rådmannen tilrår nå at prosessen blir tatt eit steg vidare gjennom eit konkret forslag for strekningsvis pakke for E134. Ei liknande sak blir også fremma i Vindafjord, Etne, Haugesund og Tysvær kommunar. Dokumentasjon og vurderingar Aust-vestutgreiinga frå 2015 og seinare prosess med KVU/KS1 for E134 i ny og innkorta korridor i Telemark, visar eit stort potensial for utvikling av E134 med reisetidsreduksjon på nesten 2 timar (4,5 timar mellom Haugesund-Oslo). Dei viktigaste grepa knytt til reisetidsreduksjon ligg frå Seljestad og austover, men også strekninga frå Bakka og utover mot byområdet og hamn treng betydelige investeringar for å nå eit slikt mål. Den største trafikant- og samfunnsnytta er likevel for reiser internt i regionen. Også kollektiv-trafikken vil ha nytte av og auke sin konkurransekraft gjennom etablering av raskare, gjennomgåande korridorar. På overordna nivå føreligg det nå i store trekk traséavklaringar for dei aktuelle delane av E134. For strekninga Våg til Karmsund Havn på Husøy og til Haugesund Lufthavn er det utarbeidd KVU-rapport (KVU Haugesund) som etterpå er kvalitetssikra (KS1 Haugesund). Gjennom KVU Haugesund er konsept 5 er anbefalt av Statens vegvesen. Dette er et konsept som inneheld eit sett med tiltak, både veginvesteringar, tilrettelegging for kollektiv og utbygging av sykkelveg-nett. KS1-rapporten anbefaler eit noko justert alternativ (konsept 6). Dette har likevel ingen prinsipiell konsekvens i forhold til igangsetting av planprosessar for å detaljere løysningane. Vibeke Vikse Johnsen sign.
Figur 2: Anbefalt konsept i KVU Haugesund For Bakka-Solheim føreligg det godkjent kommunedelplan. Etter planen vil E134 gå i ny trasé utanom tettstadene Etne, Ølen, Ølensvåg og Knapphus. Figur 3: Strekninga E134 Bakka-Solheim der det er godkjent kommunedelplan.
Strekninga Våg-Skjold manglar traséavklaring. Denne må sjåast i samanheng med E39 og ny kryssløysning. Den mest sannsynlige løysningen er kryss i området Sundfør og at E134 derfrå blir ført austover mot Skjold. I inneverande Nasjonal Transportplan (NTP) er utbetring av vegen til Karmsund Havn på Husøy inne i siste seksårsperiode. Dei andre strekningane er ikkje tilgodesett med finansiering. Rådmannen sine merknader og tilråding Det er fleire store aktørar som Karmsund Havn, Husøy, Aibel i Haugesund og Fatland, Ølen Betong og Westcon i Ølen som i dag opplever store utfordringar på vegnettet. Målet nå er å kome fram til eit grunnlag for å utvikle E134 som ein meir effektiv, trafikksikker og energivennleg transportkorridor både internt på Haugalandet og for dei lange transportane austvest. E134 skal vere ein del av løysninga på transportutfordringane på Haugalandet og ein strekningspakke for E134 på Haugalandet må derfor vere eitt element i kommande NTP (2022-33). Rådmannen meiner ein må ta til orde for å få utreda kostnader og finansiering av ein prosjektportefølje på E134 frå Karmøy til Etne, samt beslutningsgrunnlag for og forslag til prioritering. Ein tilrår derfor at ein ber Statens vegvesen om snarast mogleg, og samordna med rullering av NTP, å arbeide fram eit konkret forslag på utbyggingspakke for E134 på strekninga Bakka i Etne, til Karmsund Havn, Husøy og Haugesund Lufthavn, Karmøy.. Rådmannen i Karmøy, 24.01.2019 Vibeke Vikse Johnsen sign.