Rutiner overtaking av private VA-anlegg til offentleg drift og vedlikehald Fagsjef VA Stig Hagenes
Litt om Fjellvar AS Utbygging og drift av vass- og avløpsanlegga til Fjell kommune, samt drift av renovasjonstenestene 100 % eigd av Fjell kommune På drift VA er vi ca. 10 stk. Totalt i Fjellvar 29 stk. Abonnentar vatn ca. 7400 Abonnentar avløp ca. 5300 Største utfordring utbygging av nytt hovudreinseanlegg for avløp ferdig ca. 2020
Glade gutter og jenter
Viktige krav ved overtaking Eit best mogleg anlegg Vi må sikre oss at vi overtar eit anlegg som tilfredsstiller alle lover og forskrifter; plan- og bygningslova, arbeidsmiljølova, forureiningslova, byggherreforskrifta, ++++ Anlegget må vere av ein kvalitet som ikkje påfører oss/abonnentene store kostnader; eit bærekraftig anlegg
Hjelpemiddel til handheving av krava
Kommunalteknisk VA-norm Samarbeidsprosjekt mellom 10 kommunar Sikre felles norm for regionen Basert på malen frå Norsk Vann Gjere det enklare for utførande entreprenørar Gode tilbakemeldingar frå entreprenørane Kan evt. lastast ned frå internett på www.rorsenter.no
Innhald VA-norm Norma skal sikre ein god kvalitet på anlegga våre, gjere det lettare å godkjenne planmateriell, og kontrollera utføringa i anleggsfasen Krav til plan- og prosjektmateriell Krav til teknisk utforming Krav til overtaking for kommunal drift og vedlikehald
Overtaking nye VA-anlegg Viktig å kome i tidleg dialog med utbygger, helst før prosjekteringsfasen Vi er etter kvart blitt meir tydeleg på kva krav vi stiller Generelt overtar vi leidningsanlegg som blir lagt i regulert off. veg dersom dei tifredsstiller våre tekniske krav Pumpestasjonar må vere av ein viss størrelse, >30 husstander, men Strengare off. krav til drift av VA-anlegg krev i dag større kompetanse. Utbyggere begynner å innsjå dette
Overtaking nye VA-anlegg Krav til prosjektdokumentasjon; teikningar, beskrivingar, sluttdok., etc. Krav til grøfteutføring og kompetanse Krav til utforming pumpestasjonar Krav til minstedimensjonar, armatur, rørdeler, kummer, trykkprøving Krav til innmåling
Overtaking nye VA-anlegg Skriftleg avtale med kart Enkelt å stille seg til når det er gått nokre år Følge tett med under bygging, gjerne med eigen byggeleiar ved større prosjekt
Overtaking nye VA-anlegg UTBYGGINGSAVTALE mellom Fjellvar AS og knyta til Mellom FjellVAR AS og. er det inngått følgjande avtale: Parter Fjellvar AS, org. nr. 985 345 899, org. nr. 829 350 122 Føremål Avtalen gjeld opparbeiding, overtaking og kostnadsfordeling i samband med utbygging av VA-leidningar i... Utbyggars ansvar 1. For anlegg som skal takast over av Fjellvar AS gjeld følgjande avtale: a. All prosjektering og utføring av VA-anlegg skal skje i tråd med Fjellvar AS sin VA-norm. b. Utbyggar er ansvarleg for å sikre grunnerverv eller rettigheitar for vedlikehald/utskifting av VA-anlegga. Slik rett skal tinglysast før ein kan ta over anlegga. Avtale om slik rett skal godkjennast av Fjellvar AS. c. Hovudvassleidning skal ha innvendig dimensjon på.. mm. Avløpsleidning skal ha naudsynt dimensjon. d. Alle leidningar, kummer, vinkelendringar på leidningstrase skal koordinatfestast. Dette gjeld også for den delen som ikkje Fjellvar AS skal overta. Dette skal overleverast til Fjellvar AS på SOSI format med VA-kart, korrekt ved ferdigstilling. e. Utbygger vil koordinere utbygginga og ha byggjeleiaransvaret. Fjellvar AS sitt ansvar 1. Fjellvar AS krev avgift for tilknyting etter til kvar tid gjeldane vedtekter og forskrifter. 2. Utlevering av naudsynt grunnlagsinformasjon
Overtaking nye VA-anlegg Økonomiske tilhøve, sjå vedlagt kart med fargekoder Vatn: Det skal etablerast ny hovudvassleidning gjennom det regulerte byggefeltet, frå. i sør til i nord, via eksisterande bustadfelt i Skaret. Dette som eit tillegg til dagens leidning langs fylkesvegen. 1. Prosjektert vassleidning frå kum V9 til V3 gjennom feltet skal aukast i dimensjonen frå 200 mm til 300 mm. Meirkostnaden er rekna til kr 100 000,- eks mva. Meirkostnaden skal dekkast av Fjellvar. 2. Eksisterande privat vassleidning gjennom Skaret skal skiftast ut til ein 300 mm. Kostnader med leidningsmateriell frå kum V3 til V1 skal dekkast av Fjellvar. Utbygger dekker kostnadane med grøfter, medan kostnader til evt. borehull til vassleidning skal dekkast av Fjellvar. 3. Fjellvar AS vil nytta høve til å leggja ny vassleidning i fortau frå eksisterande vassleidning i.. til kum V9 ved innkjørsel til feltet. Utbygger dekker kostanden med å etablere grøft frå kum V9 til ny avløpspumpestasjon i.. Fjellvar AS skal ha fri tilgang til grøft, men dekker kostnadane med legging av ny 300 mm vassleidning. 4. Alle kostnader med samankopling, frå ny avløpspumpestasjon til eksisterande vassleidning i Blommen, blir dekka av Fjellvar. Avløp: Avløpet frå det regulerte bustadfeltet skal gå til eksisterande slamavskiller på Kolltveit kai. Nordre del av feltet får avrenning gjennom Skaret til eksisterande leidningsnett i Kolltveitvegen. Resten av feltet skal gå via ein ny avløpspumpestasjon i. til ein ny trykkum ved Kolltveit skule. Frå trykkummen vil leidningen gå ut i sjøen og til slamavskilleren på Kolltveit kai. 5. Kostnaden med framføring av avløpsleidningar frå ny avløpspumpestasjon i Blommen til ny trykkum ved Kolltveit skule skal dekkast av Utbygger. 6. Utbygger skal føre avløpet nordover for deler av feltet, gjennom Skaret. Eksisterande privat spillvassleidning gjennom Skaret skal skiftast ut. Kostnaden med utskifting frå kum S15 til eksisterande spillvasskum SID 9877, med tilhøyrande installasjonar og grøft, skal dekkast av Utbygger. 7. Kostnaden med ny trykkum ved Kolltveit skule og leidning frå denne til Kolltveit kai skal fordelast mellom begge partar ved at Utbygger yter eit tilskot til Fjellvar på kr 100 000,- eks. mva. Overtaking og drift 1. Fjellvar AS skal overta dei VA-anlegga som er beskrive i punkta under vatn og avløp i denne avtalen. 2. Anlegget skal synfarast av Utbygger og Fjellvar AS før overtaking 3. Før overtaking må Utbygger levere FDV-dokumentasjon i samsvar med VA-norma til Fjellvar.
Overtaking nye VA-anlegg Transport av avtalen Overdreg utbyggar utbygginga av området til andre, står Utbygger framleis ansvarleg for gjennomføring av det som her er avtalefesta inntil det blir gjort kjent gjennom ny avtale at ny utbyggar har overteke plikter etter denne avtale. Stad og dato. Stad og dato..... Fjellvar AS Utbygger
Overtaking eksisterande VA-anlegg Ikkje like enkelt som nye anlegg Framlagt mykje rare historier og «avtaler» Hjelper ikkje korleis anlegget ein gong var. Det er tilstanden på overtakingstidspunktet som gjeld Viser til VA-norma Tilkomst kan ofte vere ei utfordring Naudsynt tilkomst må sikrast med erklæringar Ofte store kostnader for eigarane
Kan Fjellvar overta her?
Utfordrande tilkomst
Alt. tilkomst frå nabo??
Avtale om overtaking på plass
Standard avløpspumpestasjon
Pågåande prosjekt, lagring ok?
Strategisk overtaking
Overtaking eksisterande anlegg Tydeleg skriftleg avtale kva som må utbetrast før overtaking og kva erklæringar etc. som må leggjast ved Bør standardiserast mest mogleg VA-norm og standard avtaler hjelper oss med ei mest mogleg rettferdig sakshandsaming
Støpejern 1954, overteke 2014