RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE
Kommune: Fjaler Gardsnamn: Solvika Gnr/Bnr: 29/2, 29/9, 29/8 Tiltakshavar: Adresse: Sunnfjord Storsmol AS, c/o Sinø Management AS. Pboks 513 Sentrum, 5806 Bergen. Namn på sak: Saksnummer: 17/8231 detaljreguleringsplan for Solvika Registrering utført: 2.-4. mai Ved:, Ingebjørg Storvik Rapport utført: Rapport kontrollert av: 5. mai-2. aug.. Ved: SAMANDRAG I samband med kulturminneregistreringa i Solvika vart det ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne eller indikasjonar på slike. Planområdet vart undersøkt ved maskinell sjakting, og graving av prøvestikk, der det primært vart leita etter aktivitetsspor frå jarnalder og steinalder. BAKGRUNN Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Næring- og kulturavdelinga gjennomførte ei arkeologisk registrering på Solvika. Bakgrunn for registreringa er Sunnfjord Storsmol AS sin plan for å regulere området til akvakultur, samt tilhøyrande infrastruktur. Det vert lagt opp til etablering av smoltanlegg på land med fylling i sjø. Registreringa vart utført for å oppfylle tiltakshavars undersøkingsplikt jamfør 9 i lov om kulturminne.
OMRÅDET Tiltaksområdet ligg i nordenden av Selvika, ved Gjølanger i Fjaler kommune. Planområdet omfattar bukta med kaianlegg, frukthage, strand, driftsbygg og bergskråning omkring 60 meter inn frå sjøen. Terrenget i sør består av oppbygd kaianlegg i vestenden, steinstrand i midtpartiet, og berg ned mot sjø i austenden. Nordvestre del av planområde grenser mot eit kunstig oppbygd bustadområde, i nord ligg ein bergvegg over skogkledde rasmassar. I aust er området avgrensa av ein bratt skogkledd skråning. Planområdet utgjer totalt 33 dekar. Figur 1: Prosjektplan over området. Kart: Nordplan AS.
STRATEGI OG METODE DELTAKARAR OG TIDSROM Området vart undersøkt av arkeologane Eivind Eliassen og Ingebjørg Storvik 2.4 4.4.. 46 timar vart nytta i felt, og 18 timar er nytta på etterarbeid. Det vart ikkje nytta 14C-datering. Maskinell sjakting vart utført av Brødrene Lutentun ANS ved maskinførar Hallvard Lutentun. STRATEGI OG METODE Det vart gjort maskinell sjakting i dei flatane som var eigna, i hovudsak flater ved strandkanten. Mykje av terrenget var kunstig oppbygd i form av hage, og dessutan utilgjengeleg for inngrep grunna straumtrasear i lufta. Der det ikkje var mogleg å kome til med maskin vart det tatt prøvestikk. Ved maskinell sjakting bruker ein gravemaskin for å fjerna torv og matjord ned til kulturminne eller steril undergrunnen. Området som vert opna blir deretter undersøkt av arkeologar. Sjaktene er vanlegvis om lag 3m breie med ei lengd tilpassa planområdet. Det vart opna totalt 4 sjakter. Arkeologar nyttar gravemaskin på innmarksområder der ein kan opne store områder på relativt kort tid. Ved å bruke gravemaskin finn ein stolpehol, kokegroper, eldstadar og flatmarksgraver som ikkje er synleg på overflata. Eit prøvestikk tek ein ved å grave eit kvadrat på 40 x 40cm ned til den sterile undergrunnen. Ein fjernar torva og såldar om nødvendig jordmassane under. Om massane er fine og tørre kan dei tørrsåldast, men stort sett blir dei sålda i vatn eller sjø med eit såld på 4 mm maskevidde. Slik kan ein sjå om det finns spor etter førhistorisk aktivitet i området i form av til dømes trekol eller steinreiskap. Overflateregistrering og prøvestikking vert nytta på utmarksregistrering der ein ikkje kjem til med gravemaskin. Denne metoden er også meir tilpassa perioden steinalder, der ein ser etter små steinreiskap og avslag. Alle etterreformatoriske kulturminne vart fotodokumentert, og steingardane vart målt inn med CPOS. Jordbor vart nytta for å påvise lausmassar i grunnen. I alt vart 6 prøvestikk gravne der dette vart funne. Massane i botn vart solda i sjøen. Alle prøvestikk vart målt inn med CPOS. HMS-omsyn med tanke på moglege straumkablar i bakken utsette arbeidet i ein kort periode, og tungt regnvêr og bratte fjellvegger gjorde digital innmåling tidkrevjande.
RESULTAT AUTOMATISK FREDA KULTURMINNE Det vart ikkje funne automatisk freda kulturminne. NYARE TIDS KULTURMINNE Foto 1: Naust i kaianlegget. Foto:. Eit 4x6 meter stort naust vart fotografert. Naustet er innlemma i kaianlegget og omgitt av asfaltveg. Bygget er ikkje registrert i SEFRAK. I planområdet er det også målt inn tre steingardar. Figur 2: Kart over registrering, sjakter og prøvestikk. Kart: ArcGIS Pro.
KONKLUSJON Det vart utførd kulturminneregistrering i perioden 4-6. juni. Det vart ikkje registrert automatisk freda kulturminne innanfor planområdet i Solvika, Fjaler kommune. Oslo 02.08...Eivind Rory Eliassen... Feltleiar
VEDLEGG 1: LISTE OVER SJAKTENE Sjakt Gbnr. Storleik Undergrunn Masse over Strukturar /Funn Sjakta av A 29/2 25x3 m Strand Grastorv, siltsand - E. R. Eliassen, I. N. Storvik B 29/2 11x3 m Strand Grastorv, siltsand - E. R. Eliassen, I. N. Storvik C 29/2 21x3 m Marin silt, berg Grastorv, omrota massar, fyllmasse, torv. - E. R. Eliassen, I. N. Storvik D 29/2 2x3 m Strand Grastorv - I. N. Storvik VEDLEGG 2: FOTOLISTE Nr. Motiv Retning Dato Fotograf 1 Solvika (rapportframside) Søraust 2. mai 2 Naust vest 2. mai 3 Strandflate Nordaust 2. mai 4 Sjakt A Aust 3. mai 5 Sjakt C Sør-aust 4. mai 6 Sjakt B Vest-sørvest 3. mai 7 Strandflate etter sjakting Nord-aust 4. mai
asdfasdfasdf W32rsdlkgjsdfljg 3 adsfs VEDLEGG 3: FOTO 4 5 6 7
Nærings- og kulturavdelinga Pb. 173, 6801 FØRDE Besøksadresse: Storehagen 1b, 6800 FØRDE Telefon: 57 63 80 00 E-post: post@sfj.no www.sfj.no