FYLKESDELPLAN FOR BIBLIOTEKA I HORDALAND RULLERING 2002-2005



Like dokumenter
Høyringsuttale Bibliotekreform 2014

konsekvensar Ruth Ørnholt Rica Dyreparken Hotel, Kristiansand 21.oktober 2009

FYLKESDELPLAN FOR BIBLIOTEKA I HORDALAND

Plan for utvikling av bibliotektilbodet for barn og unge i Hordaland Hordaland fylkeskommune 1997 ISBN

HØYRING - ENDRINGAR I LOV OM FOLKEBIBLIOTEK

02. MAI ,Oo S 2. Seljord kommune. Kuhur Seljord. Kultur- og kyrkjedepartementet Pb Dep, 0030 OSLO

INTERNASJONAL STRATEGI

utvikling av bibliotek i vidaregåande Bibliotekmøte Ellen Kristin Molvær

Bibliofil til vgs i Møre og Romsdal

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/621 12/6208 C60 RIF

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Regional plan for bibliotek til offentleg høyring og ettersyn

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Kommunedelplan for oppvekst

ULVIK HERAD SAKSPAPIR

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Forslag frå fylkesrådmannen

- print preview

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM KVALIFIKASJONSKRAV FOR PERSONALE I FOLKEBIBLIOTEK

Nytte og hygge (Ref #1075)

Breiband til. alle i Hordaland

Fordeling av støtte til biblioteksprosjekt. Modellbibliotek i Hordaland i 2016

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c)

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Kviteseid kommune 02. MAI 2007 Ø(,, (5 3- JAS. Sektor for service og utvikling MELDING OM VEDTAK. Kunu

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

REGIONALPLAN FOR BIBLIOTEK I ROGALAND : HØYRINGSUTTALE

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

STRATEGISK PLAN FOR BIBLIOTEK I VIDAREGÅANDE SKOLAR I HORDALAND

Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland Høyringsutkast

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Saksframlegg. Kompetanseutvikling i biblioteka i Sogn og Fjordane

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Nytt HFK Intranett

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

STRATEGI FOR KOMPETANSEUTVIKLING I FOLKEBIBLIOTEK O G SKULEBIBLIOTEK I HORDALAND

Tiltaksplan

Saman for framtida (Ref # )

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Saman for framtida (Ref # )

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Servicetorgsjefen. Hoyringsuttale - " Bibliotekreform 2014" Kultur- og kyrkjedepartementet. Pb Dep 0030 Oslo

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Strategi for kompetanseutvikling i folkebibliotek og skulebibliotek i Hordaland

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Dykkar referanse: Vår referanse: Dato: / 151/ VH 22. mai 2007

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Fordeling av midlar til modellbibliotek i Hordaland 2019

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Les for livet - del 2 (Ref # )

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

EID KOMMUNE RÅDMANNEN

1.4 Funksjons- og oppgåvedeling mellom stat, fylkeskommune og kommune. Kommunenivå. Fylkeskommunalt nivå. Regionalt statleg nivå.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Elev- og lærlingombod i HFK

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Internasjonal vidaregåande skule

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

på vegne av barn og unge

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Transkript:

FYLKESDELPLAN FOR BIBLIOTEKA I HORDALAND RULLERING 2002-2005 INNHALD side FØREORD 1. INNLEIING 2 1.1 Vidareføring av bibliotekplanen 1994-1997 og 1998-2001 2 1.2 Planprosessen. 3 2. UTFORDRINGAR OG OVERORDNA FØRINGAR 5 2.1 Samfunnstrendar. 5 2.2 Fylkesplan for Hordaland 2001-2004. 5 2.3 Nasjonal politikk for arkiv, bibliotek og museumssektoren... 6 2.4 Ny rolle for fylkesbiblioteka... 7 2.5 Biblioteka i Hordaland 8 3. MÅL OG STRATEGIAR 11 3.1 Mål.. 11 3.2 Strategiar. 11 4. HANDLINGSPROGRAM 12 Strategi 1: Utvikle bibliotekstrukturen og samordne bibliotek-, kultur- og kunnskapsressursane i Hordaland 13 Strategi 2: Styrkje bibliotekkompetansen.. 17 Strategi 3: Synleggjere biblioteket som viktig tenesteytar og attraktiv møteplass... 20 Strategi 4: Samarbeid med ABM-sektoren 25 Strategi 5: Aktivisere og vidareutvikle biblioteka i Hordaland som medspelar for kunnskapsressursane i Hordaland. 29 Strategi 6: Styrkje og synleggjere biblioteka i Hordaland i nasjonal og internasjonal samanheng.. 34 5. VEDLEGG Vedlegg 1: Deltakarar i arbeidet med planen. Vedlegg 2: Oversyn over framdrift, fylkeskommunal finansiering og kostnad.. Forkortingar, ord og uttrykk. Referanseliste... Fylkestingsvedtaket med fylkesrådmannen si vurdering 37 39 40 41 1

1. INNLEIING Biblioteka i Hordaland skal fungere som eit effektivt og samordna nettverk der brukarane sine behov for formidling og tilrettelegging av informasjon skal stå i sentrum. Verksemda skal ha høg kvalitet og gi eit tilbod til alle ved å femne om allmenn folkeopplysning, utdanningsretta tenester og kultur. Hovudmålet for bibliotekplanen er ambisiøst og framtidsretta. Dette kapitlet gjer greie for utviklinga av bibliotekplanarbeidet i Hordaland, føremålet og prosessen rundt denne rulleringa av planen. 1.1 Vidareføring av bibliotekplanen 1994-1997 og 1998-2001 Fylkesdelplanen for biblioteka i Hordaland 1994-97 var den første fylkesdelplanen i Noreg på dette fagfeltet. Han vart endeleg vedtatt av Miljøverndepartementet i februar 1995. På grunn av den pionerrolla fylkeskommunen i Hordaland tok på seg i samband med planarbeidet, gav Statens bibliotektilsyn økonomisk støtte til planprosessen. Etter at arbeidet var fullført, var det også stor interesse for å samle kunnskapar om korleis ein slik plan kunne realiserast med den funksjonsfordelinga som er på bibliotekfeltet i høve til statleg, regionalt og lokalt nivå og i høve til det lov- og regelverket som styrer verksemda. Derfor løyvde Statens bibliotektilsyn i tre år frå 1995 midlar til eit «Iverksetjings- og evalueringsprosjekt med ein prosjektleiar og styringsgruppe som organisatorisk ramme. Rapport frå prosjektet ligg føre. I alt blei 22 av dei 29 tiltaka i planen (heilt eller delvis) iverksette innanfor planperioden. Våren 1997 blei det vedtatt at planen skulle rullerast for åra 1998-2001. Planarbeidet fekk ein saksordførar frå Komité for kultur og helse som saman med fire andre politikarar frå komiteen vart med i eit arbeidsutval som følgde planarbeidet. Heile styringsgruppa for bibliotekplanprosjektet 1994-97 var med i prosessgruppa på om lag 30 personar som arbeidde med den nye planen. Statsmidlar til fylkesbiblioteket 1995-2001: Bibliotekplanen 1994-97 kr 375 000 Biblioteknett Hordaland kr 204 000 Prosjekt Les/ TXT kr 1 410 000 PIVS kr 1 416 862 Interaktiv barnelitteratur- kr 160 000 formidling på Internett. Kulturnett Hordaland kr 400 000 Skjønnlitteraturprosjektet kr 35 000 E-bokprosjektet kr 50 000 Bokbåtprosjektet kr 200 000 Fugl Føniks kr 100 000 Breiband til folkebibliotek kr 2 208 000 Totalt kr 6 458 862 I tillegg kjem midlar frå KRD til NELLprosjektet og samarbeidsprosjekt med næringsseksjonen/europakontoret om bibliotekteneste til små og mellomstore bedrifter Etter ein omfattande arbeidsprosess vart framlegg til ny plan sendt på høyring og vedtatt i fylkestinget 13. oktober 1998. Planen blei vedtatt med 24 tiltak. Desse blei undervegs til i alt 37 ulike tiltak og prosjekt. Av desse er 32 heilt eller delvis gjennomførte. Nokre av dei mest omfattande tiltaka i denne planen er utvikling av Biblioteknett Hordaland / Kulturnett Horda-land, oppstart av ei bibliotek- og informasjonsutdanning ved Høgskolen i Bergen, NELL-prosjektet (Nettverk for livslang læring) og prosjektet Skjønnlitteraturen kunnskaps- og inspirasjonskjelde. Kulturnett Hordaland fekk kr 200 000 over samhandlingsprogrammet i 1999, og kr 250.000 i 2000. Frå Bergen kommune fekk kulturnettet kr 20 000 i 1999 2

Fylkesdelplanane for biblioteka i Hordaland har vist seg å vere effektive verkemiddel i arbeidet med å få til ei samla satsing på bibliotekutvikling i fylket. Fagleg nettverksbygging og realisering av store tverrfaglege prosjekt på tvers av forvaltingsnivå og sektorgrenser er to viktige stikkord i denne samanhengen. Det har også vist seg at Statens bibliotektilsyn har følgt lojalt opp med FOU-midlar til tiltak i planen. Desse løyvingane har på si side utløyst ekstraordinære kommunale og fylkeskommunale midlar til bibliotekutvikling. Universitets- og høgskulebiblioteka har dessutan vore villige til å opne samlingane sine for meir direkte lån til dei kommunale biblioteka for studentar som tek del i desentraliserte utdanningstilbod. På dette viset har Hordaland kome eit langt stykke vidare på vegen mot hovudmålet som seier at dei ulike bibliotektypane i eit konstruktivt samarbeid skal medverke aktivt til at det vert utvikla eit effektivt biblioteknettverk i fylket. Bibliotekplanarbeidet har blitt drøfta fleire gonger i det politiske systemet, og biblioteka har etter kvart blitt synlege i andre planar i Hordaland fylkeskommune, t.d. strategisk næringsplan, opplæringplan og helse- og sosialplan. Dette gjorde at det vart løyvt midlar til bibliotekprosjekt frå fleire delar av fylkesbudsjettet, og det har ført til eit tverrfagleg samarbeid mellom fylkesbiblioteket og ulike etatar i fylket. Fylkeskommunal løyving: 1995: kr 125 000 1996: kr 125 000 1997: kr 300 000 1998: kr 306 000 1999: kr 313.700 2000: kr 287.500 2001: kr 286.000 Til bibliotekteneste i helseinstitusjonar har fylkesbiblioteket betalt ein kvart del av pasientbibliotekarstillinga på Haukeland. Kostnad: 1999: kr 82.055 2000: kr 75.250 2001: kr 90.800 Hordaland fylkeskommune har fått mykje igjen for å lage den første fylkesdelplanen for bibliotek i Noreg, for åra 1994-97, og den reviderte planen for 1998-2001. Gjennom planprosessane har fylkeskommunen fått synleggjort og realisert si regionalpolitiske rolle som pådrivar og koordinator innanfor eit nytt utviklingsområde i fylkesplansamanheng. Dei mange involverte i planprosessen har opna for kontakt på tvers av forvaltingsnivå og sektorgrenser. 1.2 Planprosess Bibliotekplanen for Hordaland er saman med Biblioteklova, det viktigaste styringsverktøyet for arbeidet i fylkesbiblioteket og har vore ei drivkraft i nettverksbygginga mellom folke-, skule-, fag- og forskingsbibliotek i fylket sidan 1994. For å sikre samanheng og kontinuitet vedtok fylkestinget i mars 2001 at fylkesdelplanen for biblioteka i Hordaland skulle reviderast for tidsrommet 2002-2005. Revisjonen i 1998 var stor og omfattande og det vart utforma nye mål og strategiar. Trass i endringar i generelle utviklingstrendar og rammefaktorar for bibliotek, meinte ein at mål og strategiar frå den gjeldande planen var så framsynte at dei truleg framleis ville vere dekkjande, men at det måtte lagast eit nytt handlingsprogram. Organisering Til saksordførar for planarbeidet blei vald: Aud Karin Oen (SV) Styringsgruppe: Prosjektgruppe: Komité for kultur og helse Saksordførar Aud Karin Oen Direktør Kari Garnes, Universitetsbiblioteket i Bergen Fylkesarkivar Egil Nysæter Hovudbibliotekar Tove Pemmer Sætre, Høgskolen i Bergen Biblioteksjef Trine Kolderup Flaten, Bergen Off. Bibliotek Oppvekst- og biblioteksjef Terje Raunsgaard, Fusa kommune 3

Seniorrådgjevar Liv Rogstad, Statens utdanningskontor Spesialkonsulent Marianne Haaland, Opplæringsavdelinga Fung. fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt Sekretariat: Hordaland fylkesbibliotek. Arbeidet med planen Arbeidet med å utforme planen kom i gang i juni 2001 med møte i prosjektgruppa og diskusjon om planarbeidet på møte med alle biblioteksjefane i fylket. I september og oktober vart det arrangert fire regionale møte: i Bergen, Leirvik, Os og Voss. Alle kommunane var inviterte med representantar for arkiv, bibliotek, museum, skule og politikk. I tillegg har det vore skipa til møte med ABMinstitusjonar, representantar for fagbiblioteka i Bergen og møte med Statens utdanningskontor i Hordaland. I alt har denne prosessen involvert 74 personar, utanom saksordførar og deltakarar frå fylkesbiblioteket (deltakarliste finst i vedlegg 1). Internt i fylkesadministrasjonen har det vore møte mellom fylkesbiblioteket og næringsseksjonen, opplæringsavdelinga og Kulturnett Hordaland. I tillegg har saksordførar og sekretariat hatt diverse møte og samtaler. Saksordføraren presenterte planarbeidet i Komité for kultur og helse og i Komité for Næring og utdanning i november 2001. Sekretariatet i fylkesbiblioteket har fanga opp innspel frå møta og tatt dei med i planen, anten som konkrete tiltak eller i drøftinga av dei ulike strategiane. 4

2. UTFORDRINGAR OG OVERORDNA FØRINGAR Dette kapitlet drøftar utfordringar for biblioteka i lys av aktuelle samfunnstrendar, tek opp fylkeskommunale føringar, nasjonal politikk på arkiv-, bibliotek-, og museumsfeltet, fylkesbiblioteket si rolle og utfordringane for fag-, folke- og skulebiblioteka i fylket. 2.1 Samfunnstrendar Biblioteket som samfunnsinstitusjon, som idé og som oppgåveløysar har alltid vore ein spegel på kva syn samfunnet har på ålmenn folkeopplysning. I den dagsaktuelle situasjonen vil det seie at samfunnet sitt kunnskapssyn, kultursyn og vektlegging på informasjonsspreiing verkar inn på biblioteket sin plass i samfunnsbiletet. Derfor vil bibliotekverksemda endre seg i samsvar med stadig nye samfunnsmål. Dette representerer ei stor utfordring. Aktørane som arbeider innanfor dette feltet må ha handlingskompetanse i høve til innovasjon, nytenking og leiing. Viktige spørsmål nett no er: Korleis kan biblioteka vere instrument i høve til livslang læring eller reiskap for å forhindre nye sosiale skilnader som følgje av ulik tilgang til IKT? Kva skal vere biblioteket si rolle i høve til framveksten av det fleirkulturelle og postmoderne samfunnet? Skal biblioteket formidle nokre kulturelle fellesverdiar som kan verke integrerande og samfunnsbyggande, eller skal ulike kulturelle strøymingar ha moglegheiter til å spele seg ut i folkebiblioteket utan at biblioteket representerer eigne verdiar? Er biblioteket si oppgåve å formidle informasjon som er instrumentelt nyttig i høve til den einskilde sine prosjekt og problem, eller skal biblioteket utdanne for demokratisk deltaking? Korleis kan ein få sterkare og meir slagkraftige einingar som har kompetanse og ressursar til å produsere moderne bibliotektenester på ein kostnadseffektiv måte samstundes som små bygdesamfunn får behalde bibliotektilbodet sitt? Skal biblioteket vere ein moderniseringsagent i informasjonssamfunnet eller ein reiskap for å bevare tradisjonelle kulturverdiar og for å oppretthalde busetting og små lokalsamfunn? Vil folkebiblioteka og fag- og forskingsbiblioteka greie å samordne ressursane sine for å realisere visjonen om Det saumlause biblioteket? Korleis kan biblioteka betre møte behov i lokalsamfunna og dermed vere med på å skape meirverdi? Mange av desse spørsmåla blir drøfta av Ragnar Audunson i rapporten Fugl Føniks eit nyskapt fylkesbibliotek for ei ny tid. 2.2 Fylkesplan for Hordaland 2001-2004 Livskvalitet, demokrati, vestlandssamarbeidet, regionalt leiarskap og ungdom er gjennomgåande tema i Fylkesplan for Hordaland 2001-2004. Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland har samanheng med fylkesplanen. Fleire tiltak og prosjekt i bibliotekplanen sitt handlingsprogram for 2002-2005 viser fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør og tenesteytar til kommunane på bibliotekfeltet. Kunnskapsfylket Hordaland Hordaland fylkeskommune har sterke institusjonar for høgre utdanning og forsking, og det skal utviklast ein regional kunnskapspolitikk. Målet for denne kunnskapspolitikken er dels modernisering knytt til overgangen til informasjons- og kunnskapssamfunnet, dels å ta vare på kvalitetar og ver- 5

diar, til dømes å sikre busettingsmønsteret gjennom å sikre bygdene god tilgang på kompetanse og kunnskapstenester. Fylkesplanen slår fast at avstanden mellom utdannings- og forskingsmiljøa på den eine sida og brukarmiljøa, først og fremst næringslivet og offentleg sektor, er eit problem. Bibliotekplanen kan verte eit verkemiddel for å realisere ein del av fylkesplanen sitt mål om ein regional kunnskapspolitikk ved å utvikle kunnskaps- og kompetansesentra i biblioteka. Gjennom dette vil ein sette fylket og innbyggarane i stand til å møte informasjons- og kunnskapssamfunnet sine utfordringar, mellom anna ved å utvikle informasjons- og rettleiingskompetanse hos bibliotekpersonalet i fylket. Det skal også utviklast arbeidsformer og kompetanse for å effektivisere formidlinga av kunnskap mellom produsent og brukar. IKT i eit regionalt perspektiv Det er eit mål i fylkesplanen at Hordaland skal kjenneteiknast av aktiv utvikling og bruk av informasjonsteknologi. Elektronisk vegnett og framtidsretta IKT skal vere tilgjengeleg for alle innbyggarar i fylket og i alle deler av fylket. Offentleg sektor skal aktivt utnytte IKT, til å utvikle betre tenester til innbyggarar og næringsliv, og medverke til at viktig informasjon er tilgjengeleg elektronisk. Bibliotekplanen kan bli eit verkemiddel for å realisere ein del av dette målet i fylkesplanen ved å vere pådrivar for å gjere folkebiblioteka til lokale knutepunkt for IKT-tilgang. Det er viktig å auke dei bibliotektilsette sin kompetanse på rettleiing og fremje innbyggarane sin informasjonskompetanse, også med omsyn til å kunne kvalitetsvurdere innhald. Ved å ha god tilgang til IKT i biblioteka kan ein utvikle arenaer som kan fremje kommunikasjon mellom innbyggarane, politikarane og forvaltinga på fylkeskommunalt og kommunalt nivå. 2.3 Nasjonal politikk for arkiv-, bibliotek og museumssektoren Sitat frå meldinga: Med 21 mill besøk og 23 mill utlån pr. år utgjer folkebiblioteka ein kulturinstitusjon med brei kontaktflate Målet med St.meld. nr. 22 (1999-2000) - ABM-meldinga - er å forme rammevilkår for samordning og samarbeid mellom arkiv, bibliotek og museum, samstundes som det vert lagt til rette for å utvikle dei sidene som er ulike i sektorane. Det overordna målet er å sikre at dei samla dokumentasjons-, informasjons- og opplevingsressursane som dei tre sektorane rår over, kan kome heile samfunnet til gode på ein rasjonell måte. Arkiv, bibliotek og museum spelar ei viktig kulturpolitisk rolle gjennom å velje ut, ta vare på og legge til rette ulike former for kunnskapskjelder og informasjon. ABM-meldinga omtalar samfunnsverdien av dei tre sektorane «...som like rettar til informasjon og kunnskapskjelder som set einskildindividet i stand til å vera deltakar i eit levande demokrati og som kan vera grunnlag for at samfunnet kan tilby einskildindivida like høve til å utvikla seg som aktive samfunnsdeltakarar». I samband med planarbeidet for museumsplanen for 2001-2010 og arbeidet med denne planen har det vore møte mellom fylkesarkivet, fylkesbiblioteket og kulturseksjonen. Hordaland fylkesbibliotek vil gjerne medverke til at det blir danna ei «ABMgruppa» på fylkesnivå, som med tida kan bli eit ABM-forum. Gruppa kan utgreie samarbeidstiltak og etablere felles møteplassar for ABM-sektoren, og kan møte initiativ frå det nye ABM-utvikling -organet på statleg nivå. Tiltak og prosjekt på ABM-området vil også føre til meir samarbeid mellom folke-, skule- og fagbibliotek. Stortinget har vedtatt å skipe eit statleg tverrsektorielt og departementsovergripande organ for arkiv, bibliotek og museum. ABM-utvikling kjem i staden for dei noverande institusjonane Norsk museumsutvikling, Statens bibliotektilsyn og Riksbibliotektjene-sten. I tillegg skal det byggjast opp fagkompetanse på arkivområdet. Arbeidet med å skipe det nye organet skal vere avslutta innan 01.01.2003 I ABM-meldinga står det at «den noverande strukturen med folkebiblioteka som allmennbibliotek og fag- og forskingsbiblioteka som hovudressurs innanfor utdanning og forsking vil vera naturleg i fram- 6

tida med, men kombinasjonen IKT og eit samfunn som vil verta prega av livslang læring og etter- og vidareutdanningstiltak, vil krevja tettare samhandling mellom alle delar i eit samla biblioteknettverk. Det ideelle målet er å få til eit tilnærma saumlaust bibliotektilbod til brukarane. Det inneber at som brukar skal ein ikkje måtta tenkja på kva type bibliotek ein vender seg til når ein treng bibliotektenester. Gjeldande praksis for samhandling mellom ulike bibliotektypar ber i viss mon preg av å vera utforma i ei tid då telefon og post var dei einaste kommunikasjonsmidla». (kap.5.10.1) 2.4 Ny rolle for fylkesbiblioteka Verksemda til fylkesbiblioteket er heimla i Lov om folkebibliotek (Biblioteklova). Fylkesbiblioteket sine oppgåver er etter lova: Fjernlånsveksemd, lånesamarbeid og samlingsutvikling, rådgjeving til lokale styresmakter, bibliotekfagleg rettleiing og assistanse, arrangere møte og kurs om bibliotekspørsmål, samarbeid med skuleleiinga i fylkeskommunen og dei statlege skulestyresmaktene. Dessutan skal fylkeskommunen gi uttale om fordeling av statlege midlar, og støtte statlege styresmakter med utgreiing og planlegging. Fylkesbiblioteket sine primære målgrupper er ikkje sluttbrukaren, men lova gir opning for direkte utlån frå bokbuss/bokbåt, og for at fylkesbiblioteket kan ta på seg drift av folkebibliotek på lokalt nivå. Sidan den første bibliotekplanen blei vedteken i 1994 har Hordaland fylkesbibliotek prioritert å arbeide med realisering av tiltak i bibliotekplanen i tillegg til dei lovpålagde oppgåvene. I ei undersøking utført av Telemarksforskning hausten 2001 (Brekke, 2001) viser det seg at Hordaland fylkesbibliotek er blant dei fem fylkesbiblioteka i landet som brukar mest personalressursar til såkalla frie oppgåver. Eit utval oppnemnt av Statens bibliotektilsyn kom i januar 2001med utgreiinga Eit nytt løft - Fylkesbiblioteket revitalisert, ikkje utrangert! om fylkesbiblioteket si rolle i framtida. Utvalet meiner at det framleis vil vere bibliotekoppgåver som best kan løysast på regionalt forvaltingsnivå, og konkluderer med at ei ny regional bibliotekteneste best kan organiserast etter utviklingsmodellen. I denne modellen blir bibliotektenesta profilert som eit regionalt utviklingsinstrument, organisert som eit fylkeskommunalt organ eller verksemdsområde knytta til den delen av fylkeskommunen som skal arbeide med planlegging og utvikling. Organet skal arbeide for alle typar bibliotek i regionen (folke, skule- og fagbibliotek). Fylkesplanen vert brukt som styringsinstrument. I Hordaland arbeider fylkesbiblioteket på ein måte som i stor grad samsvarar med dette. Modellen har gitt gode resultat og bør leggjast til grunn for vidare utvikling av fylkesbiblioteket. Hordaland fylkesbibliotek sette hausten 2001 i gang prosjektet Fugl Føniks eit nyskapt fylkesbibliotek i ei ny tid som i april 2002 munna ut i ein rapport der drøftingane i Eit nytt løft blei konkretisert for arbeidet i fylkesbiblioteket i Hordaland og ein plan for ei regional bibliotekteneste tilpassa nye rammevilkår. I arbeidet med dette prosjektet har det blitt klargjort at fylkesbiblioteket skal vere kommunane sin partnar for å skape utvikling på ulike politikkområde som næring, utdanning, IKT og kultur. Fylkesbiblioteket vil kunne vere eit regionalpolitisk verkemiddel og ein brubyggjar mellom statleg og regional politikk. 7

2.5 Biblioteka i Hordaland Hordaland fylke har eit svært skiftande og ueinsarta bibliotektilbod; frå høgt teknologiserte, spesialiserte og kvalifiserte bibliotektenester formidla gjennom universitets- og høgskulebiblioteka og dei største folkebiblioteka, - til eit ukvalifisert og tilfeldig tilbod gjennom dei minste folke- og skulebibliotekeiningane. Det er framleis eit stort utviklingspotensiale i Hordaland fylke på dette området. Utfordringane varierer i høve til type bibliotek, rammevilkår og kva utviklingsnivå det einskilde bibliotek fungerer på. Samarbeid på tvers av sektorgrensene er ein føresetnad for å gjennomføre visjonen om eit saumlaust bibliotektilbod til brukarane. I det statistiske oversynet, som Hordaland fylkesbibliotek kvart år utarbeider, vert bibliotekdrifta i folke- og skulebiblioteka i fylket synleggjort og dokumentert gjennom tal som syner økonomiske rammevilkår, ressursar og aktivitet. Universitets- og høgskulebiblioteka For Universitets- og høgskulebiblioteka vil utfordringane i stor grad vere retta mot iverksetting av kvalitetsreforma i høgre utdanning. Stortinget har vedtatt at det skal vere høg kvalitet på utdanninga ved norske universitet og høgskular. Utdanninga skal vere forskingsbasert, og det vil bli lagt vekt på å bruke varierte og oppdaterte undervisningsmetodar. For at studentane skal lukkast med studiane, skal lærestadene gi kvar enkelt student tettare oppfølging. Lærestadene skal gjere avtalar med studentane der det går klart fram kva ansvar og plikter studenten og lærestaden har i forhold til kvarandre. Biblioteka vil kunne spele ei viktig rolle i dette. Utfordringar for universitets- og høgskulebiblioteka: Medverking til iverksetting av kvalitetsreformen i høgre utdanning Synleggjering og legitimering av bibliotekfunksjonane Meir og betre planlagt integrering av biblioteka i kunnskapsproduksjonen Utvikling av brukaropplæring kombinert med oppbygging av rettleiingskompetanse Sikre tilgang til elektroniske kunnskapar sett i relasjon til spørsmål om opphavsrett og konsortieavtalar Gi eit betre og meir tilpassa bibliotektilbod til studentar som tek del i desentraliserte utdanningsopplegg Det er i dag 32 fag- og forskingsbibliotek i Hordaland, omlag halvdelen av desse er statlege Spørsmål som gjeld opphavsrett, elektronisk publisering og vidareutvikling av kunnskapssystem som integrerer og gjer tilgjengeleg fagleg materiale som er publisert berre i papirform, og/eller i ulike elektroniske former, er framleis ei viktig utfordring i denne delen av biblioteksektoren. Når forskarar og studentar i dag kan hente ut store delar av den informasjonen dei treng direkte frå PCen på arbeidsplassen sin, vil fag- og forskingsbiblioteka i større grad enn før bli utfordra på å legitimere funksjonen sin som ein nødvendig fysisk samlingsstad for trykt publisert materiale, samstundes som dei i eit tett samarbeid med brukarane utviklar seg som eit integrert kompetanseverktøy i kunnskapsproduksjonen ved studiestaden. Då vert det ei utfordring å få fram at bibliotekfunksjonen ikkje berre er samlingsoppbygging og organisering, men og kompetanse i det å finne fram til det materialet det vert spurt etter raskt og effektivt. Biblioteka må leggje vekt på utvikling av brukaropplæring kombinert med oppbygging av rettleiingskompetanse. Universitets- og høgskulebiblioteka vil også oppleve eit stadig større press frå vaksne deltids- og fjernundervisningsstudentar som ønskjer ny og betre kompetanse. Det vert i dag lagt meir og meir vekt på verdien av livslang læring. Derfor er det viktig å finne fram til samarbeidsordningar som gjer alle dei offentlege biblioteka, på tvers av institusjons- og kommunegrenser, til operative tenestepunkt for denne brukargruppa. Skulebiblioteka 8

Dei store reformene R94 og Gr97 inneber ein pedagogikk som føreset at Grunnskulen 2000: elevane vert meir aktive og reflekterte i høve til eigen læringsprosess og 71 med bibliotekfag legg opp til tema- og prosjektarbeid med aukande kompleksitet og omfang gjennom heile skuleløpet. Bibliotektenesta vil vere eit sentralt ver- 1,7 timar pr. skule pr. veke 323 utan bibliotekfag kemiddel til å realisere denne pedagogikken, men skulebiblioteka ved 31 kombinasjonsbibliotek skulane er ei teneste som er lite prioritert, trass i at biblioteket mange gonger er framheva som hjartet i skulen og som ein viktig pedagogisk reiskap. Situasjonen på skulebibliotekområdet i Hordaland er framleis dominert av små løyvingar, mangel på personalressursar, låg formell bibliotekkompetanse og dårlege lokale. I samband med gjennomføringa av den første bibliotekplanen tok 77 lærarar fordelt på 16 kommunar eit 10-vekttals kurs i skulebibliotekkunnskap. I vidaregåande skule er det 63 lærarar som har gjennomført 5-vekttals kurs i skulebibliotekkunnskap. Vidaregåande skule 2000: 1 fagutdanna bibliotekar 60 frå undervisningspersonalet har stillingsressurs i biblioteket Når det gjeld biblioteka i dei vidaregåande skulane har fylkesbiblioteket hatt eit nært samarbeid med opplæringsavdelinga i fylkeskommunen i åra 1991-97, og skulane vart tildelt ca. 20 % stillingsressurs Utfordringar for skulebiblioteka: Meir kompetanse Større tidsressurs for bibliotekansvarleg Meir midlar til mediekjøp og IT-utstyr Meir medvite og planlagt bruk av biblioteket frå elevane og lærarane si side for biblioteket. I bibliotekplanen for 1998-2001 var eitt tiltak å etablere ei sentral rådgjevarteneste knytt til eitt av biblioteka, og dette er gjort. I tillegg er det ein bibliotekdataansvarleg. Dei fleste biblioteka er opne store delar av dagen utan at nokon ser etter samlingane eller tek seg av lånarane. Det skal eit stort løft til før biblioteka i dei vidaregåande skulane får dei ressursane og den plassen dei treng for å kunne vere eit godt hjelpemiddel og eit stimulerande læringsmiljø for elevane. Folkebiblioteka Dei kommunale folkebiblioteka er heimla i Lov om folkebibliotek av 20. des. 1985. Lova har vore revidert fleire gonger etter den nye kommunelova, men har i store trekk det same innhaldet som ho fekk i 1985. Etter denne lova skal folkebiblioteka ha til oppgåve å fremje opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og anna eigna materiale gratis til disposisjon for alle som bur i landet. Biblioteka har fokus på brukaren. Eit brukarorientert bibliotek betyr at tenestene skal spegle dei lokale brukarane sine behov ut frå alderssamansetning i nærmiljøet, skule, yrke, næringsliv og innslag av innbyggarar med særlege behov ut frå etnisk bakgrunn eller ulike fysiske og psykiske funksjonshemmingar. Folkebiblioteka i Hordaland har svært ulike utgangspunkt i høve til utfordringar som ligg framfor dei. Fylkesbiblioteket utarbeider kvart år eit samla statistisk oversyn over folkebiblioteka i fylket (http://www.hordalandf.kommune.no/fylkesbibl/). Statistikken syner at kommunane varierer stort i synet på kor høgt bibliotekverksemda skal prioriterast. Variasjonsbreidda på medieløyvingar, personalressursar og biblioteklokale er synlege prov på dette. F a k t a 2001: Bibliotekavdelingar: 34 hovudbibliotek 54 bibliotekfilialar 8 bokbussar har 348 stoppestader Bokbåten har 52 stopp i 21 kommunar Stillingar: 17 biblioteksjefar i mindre enn full stilling 13 biblioteksjefar utan fagutdanning 22 under 3 årsverk i biblioteket Opningstider: 23 har laurdagsope IKT: Alle har Internettilgang for publikum 17 har søkbare katalogar på Internett Mikromarc: 18 kommunar Bibliofil: 7 kommunar Aleph: 7 kommunar Tidemann: 1 kommune (våren 2002) Samarbeid med skule: 29 kombinasjonsbibliotek 23 samarbeider med grunnskule 2 samarbeider med vidaregåande skule 9

Den generelle trenden om samarbeid mellom kommunane er sett på den politiske dagsordenen og bør også avspegle seg i biblioteksamarbeid. Det er fokus på service og kvalitet på kommunale tenester og på å skaffe fagfolk til mindre kommunar, dette gjeld også biblioteka. Interkommunalt samarbeid mellom folkebiblioteka kan vere med på å løyse mange oppgåver ein ikkje har ressursar til å løyse lokalt. Utfordringar for folkebiblioteka: Heile stillingar Utdanna bibliotekarar Utvida opningstider Innhald og tilbod i biblioteka Filialar versus mobil bibliotekteneste Utnytting av IKT Samarbeid Ved å sjå på bibliotekstrukturen i fylket under eitt, vil ein kunne kome nærmare målet om eit godt bibliotektilbod til alle innbyggarane i fylket. Utfordringa i denne planen ligg i å etablere interkommunale samarbeidsavtalar og kartlegge kva område ein kan samarbeide på mellom kommunar som til no ikkje har formalisert dette. Nordhordlandskommunane har prøvd ut ein samarbeidsmodell som har fungert svært godt i denne regionen. Ein kan også sjå på andre samarbeidsformer ut frå gjeldande biblioteklov og dei signala som ligg i ABM-meldinga. I Nordhordlandsregionen er det relevant å gå eit steg vidare ved å vere med i ein planleggingsprosess om eit regionalt bibliotek. Mobil bibliotekteneste er svært ofte eit betre tilbod for folk enn ein dårleg utbygd filial. Fylkeskommunen vil ta ansvar for å sjå på bibliotekstrukturen i heile fylket i samanheng, og eventuelt vurdere behovet for mobil bibliotekteneste i samarbeid med kommunane og staten, dersom det blir ei statleg satsing på dette. 10

3. MÅL OG STRATEGIAR Som nemnt i kapittel 1.2 var revisjonen av Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland 1998-2001 stor og omfattande, og det vart utforma nye mål og strategiar. Trass i endringar i generelle utviklingstrendar og rammefaktorar for bibliotek meinte ein at mål og strategiar frå den gjeldande planen var så framsynte at dei truleg framleis ville vere dekkjande. Hovudmål og strategiar er om lag dei same som i planen 1998-2001. 3.1 Mål Arbeidet med å definere målet har hatt fleire utgangspunkt: 1. Spørsmålet om i kva grad målet for bibliotekplanen 1998-2001 er oppnådd. 2. Samfunnstrendar, visjonar og utfordringar med eit tidsperspektiv på fire år frå 2001. 3. Den dagsaktuelle situasjonen i Hordaland sett samla, og spesielle utfordringar knytta til dei forskjellige bibliotektypane. Målet som skal styre biblioteka i Hordaland dei neste fire åra har brukaren i sentrum : Biblioteka i Hordaland skal fungere som eit effektivt og samordna nettverk der brukarane sine behov for formidling og tilrettelegging av informasjon skal stå i sentrum. Verksemda skal ha høg kvalitet og gi eit tilbod til alle ved å femne om ålmenn folkeopplysning, utdanningsretta tenester og kultur. 3.2 Strategiar Det er valt seks ulike strategiar for å nå målet. Størst skilnad frå forrige plan er at Strategi 3 og 4 er slått saman til ny strategi 3, og det er laga ny strategi 4 som går på samarbeid med arkiv-, bibliotek- og museumssektoren (ABM). Strategiane byggjer både på gode røynsler frå den første planen og på vurderingar av kva vegar biblioteka må gå for å passe inn i det biletet målet skisserer: STRATEGI 1: Utvikle bibliotekstrukturen og samordne bibliotek-, kultur- og kunnskapsressursane i Hordaland STRATEGI 2: Styrkje bibliotekkompetansen STRATEGI 3: Synleggjere biblioteket som viktig tenesteytar og attraktiv møteplass STRATEGI 4: Samarbeid med arkiv- og museumssektoren (ABM) STRATEGI 5: Aktivisere og vidareutvikle biblioteka i Hordaland som medspelarar for utdanningssøkjarar på alle alderssteg og i alle livssituasjonar STRATEGI 6 : Styrkje og synleggjere biblioteka i Hordaland i nasjonal og internasjonal samanheng Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland har mange utfordringar. I ei rullering, med tiltak som skal gjennomførast i ein 4-årsperiode, er det vanskeleg å fange opp alt. Men i ein prosess der svært mange aktørar frå heile Hordaland har blitt involvert, har ein hatt som ambisjon å få fram tiltak som kan vere med på å bringe biblioteka i Hordaland inn i framtida. 11

4. HANDLINGSPROGRAM 2002-2005 Dette kapitlet gir eit oversyn over tiltak innanfor kvar strategi og ein detaljert gjennomgang av kvart tiltak med målgruppe, ansvarleg, samarbeidspartnarar, framdrift, finansiering og kostnad for fylkeskommunen. Som fylkeskommunal kostnad blir rekna både arbeidsinnsats gjennom ordinære stillingar og ekstraordinære tilskot. I vedlegg 2 er det eit oversyn over framdrift, fylkeskommunal finansiering og kostnad for kvart einskild tiltak. Strategi 1: STRUKTUR OG SAMORDNING. Utvikle bibliotekstrukturen og samordne bibliotek-, kultur- og kunnskapsressursane i Hordaland Tiltak 1.1 Tiltak 1.2 Tiltak 1.3 Tiltak 1.4 Etablering av biblioteksamarbeid mellom kommunar i fylket Utbygging av breiband til alle folkebibliotek i Hordaland Utvikling av biblioteknett Hordaland Planlegging av mobil bibliotekverksemd Strategi 2: STYRKJE BIBLIOTEKKOMPETANSEN Tiltak 2.1 Tiltak 2.2 Tiltak 2.3 Etablering av eit kompetanseutviklingsprogram for bibliotektilsette i fylket Informasjon til politikarar og bibliotekeigarar/administrasjon Brukaropplæring på ulike alderssteg Strategi 3: TENESTEYTAR OG MØTEPLASS. Synleggjere biblioteket som viktig tenesteytar og attraktiv møteplass Tiltak 3.1 Utprøving av nye former for kulturformidling Tiltak 3.2 Det fleirkulturelle biblioteket Tiltak 3.3 Bibliotek for eldre Tiltak 3.4 Bibliotek- og dokumentasjonstenester i offentleg forvalting Tiltak 3.5 Tilrettelegge folkebiblioteket som tenesteytar til lokalt næringsliv Strategi 4: ABM-SAMARBEID. Samarbeid med arkiv- bibliotek- og museumssektoren Tiltak 4.1 Tiltak 4.2 Tiltak 4.3 Tiltak 4.4 Utvikle og arrangere felles kurs- og kompetansetiltak Felles formidling til skulen Registrering av lokalhistorisk materiale Samarbeid og samordning av digitalisering og presentasjon av materiale Strategi 5: KUNNSKAPSFORMIDLING. Aktivisere og vidareutvikle biblioteka i Hordaland som medspelar for utdanningssøkjarar på alle alderssteg og i alle livssituasjonar Tiltak 5.1 Tiltak 5.2 Tiltak 5.3 Tiltak 5.4 Tiltak 5.5 Utvikling av grunnskulebiblioteka Utvikling av biblioteka i vidaregåande skule Utvikle folkebiblioteka som studiesenter for livslang læring Nettbasert kursoversikt for vaksenopplæring Kvalitetssikring av bibliotektenester til vaksne studentar Strategi 6: HORDALAND PÅ KARTET. Styrkje og synleggjere biblioteka i Hordaland i nasjonal og internasjonal samanheng Tiltak 6.1 Etablere eit nærare samarbeid mellom vestlandsfylka Tiltak 6.2 Utvikle internasjonalt biblioteksamarbeid Tiltak 6.3 Markere biblioteka i Hordaland i samband med IFLA-konferansen i Oslo i 2005 12

STRUKTUR OG SAMORDNING Tiltak 1.1 Etablering av biblioteksamarbeid mellom kommunar i fylket MÅLGRUPPE: Kommunar i Hordaland ANSVARLEG: Hordaland fylkesbibliotek SAMARBEID: Kommunane, Staten FRAMDRIFT: 2002-2005 Nordhordland (Masfjorden, Austrheim, Fedje, Radøy, Lindås, Meland, Osterøy) har hatt eit etablert samarbeid sidan 1994. Kommunane har felles biblioteksystem for registrering og utlån, samordna bokval, mykje lånesamarbeid og eit fagleg nettverk. Dette har gjort både store og små bibliotek i denne regionen betre i stand til å møte nye utfordringar og gi gode tenester, enn om dei skulle ha stått åleine. I Nordhordland har det gjennom bibliotekplanprosessen kome fram ønske om å utgreie eit endå tettare samarbeid gjennom eit sentralt regionalt (interkommunalt) bibliotek. Både administrative oppgåver og rutinemessig arbeid kan utførast sentralt, slik at dei andre avdelingane i samarbeidet kan bli avlasta og få meir tid til formidling og rettleiingsarbeid for publikum. Det er også tankar om eit regionalt kulturhus i Nordhordlandsregionen og etablering av eit ABM-senter. Det vil vere ein lang prosess før eit regionalt bibliotek kan bli ein realitet. Prosessen bør setjast i gang så snart som råd er, for å få meir konkrete synspunkt frå regionen, og for eventuelt å kome inn i køen for kulturhusmidlar frå staten. FØREMÅL Ulike typar samarbeid i faglege og tekniske nettverk mellom to eller fleire kommunar vil føre til betre tenester til publikum og betre utnytting av ressursane. Nordhordlandskommunane har prøvd ut ein samarbeidsmodell, men ein kan også sjå på andre samarbeidsformer ut frå gjeldande biblioteklov og dei signala som ligg i ABM-meldinga. Målet er at kommunane etablerer biblioteksamarbeid på bibliotekområdet på linje med andre samarbeidsområde i kommunane. Fylkesbiblioteket vil kunne spele ei aktiv rolle i å få slike samarbeid i stand, og utbygging og utnytting av breiband er eit viktig element i denne satsinga. Finansiering: Fylkeskommunal kostnad: Kommunane, Staten kr 350 000 årleg Velkomen til enkel søking i basen Nordhordlandsbibl. Søkefelt: Alle felt Skriv eitt eller fleire ord: Ord ved sida av kvarandre? nmlkji Nei nmlkj Ja Søk eller Blank http://ludvig.bibsent.no/aleph/-/start/nordhordland 13

STRUKTUR OG SAMORDNING Tiltak 1.2 Utbygging av breiband til alle folkebibliotek i Hordaland MÅLGRUPPE: Kommunar i Hordaland ANSVARLEG: Hordaland fylkesbibliotek SAMARBEID: Kommunane, Staten, IT-seksjonen i Hordaland fylkeskommune FRAMDRIFT: 2002-2004 Hordaland fylkesbibliotek har fått tilskot til utbygging av breiband til folkebiblioteka i Hordaland med 2.2 mill kr. Tilskotet er til prosjektet Breiband til alle i Hordaland som er delt i to delprosjekt: Aksess-prosjektet og BBB-prosjektet Biblioteksamarbeid basert på breibandskommunikasjon. Aksess-prosjektet si målsetjing er å gi folkebiblioteka i fylket tilbod om breibandstilkopling i same takt som dei fylkeskommunale institusjonane. BBB-prosjektet skal utgreie og prøve ut felleskatalog for folkebiblioteka i fylket og/eller høve for samsøk. Modellar for interkommunalt samarbeid og utnytting av breiband som intranett mellom biblioteka i fylket, er ein del av dette. Ei vidare oppfølging av interkommunalt samarbeid og breibandsutbygging er løysingar for å søke i fleire samlingar samtidig (samsøk), uavhengig av registreringssystem. Dette har fleire bibliotek i Hordaland etterlyst. Ei like stor utfordring er å ha ein samkatalog for folke- og skulebiblioteka i kvar kommune. For å få dette til må katalogane til folkebiblioteka verte tilgjengelege på internett. Dette vil utvide og betre biblioteka sine tilbod til fleire brukarar - uavhengig av tid og stad, og det er og avgjerande for å vidareutvikle samarbeidet mellom biblioteka. Når katalogane blir lagt ut på internett, kan ein utvikle tenlege nettverk for å samordne og nyttiggjere seg ressursane, og det er ein føresetnad for interkommunalt samarbeid mellom biblioteka. Breibandsprosjektet vil også koordinere og ha oversyn over all breibandsatsing i folkebiblioteka, satse på å skape nettverk og gi kompetanse. Det er tre andre prosjekt i fylket som har fått tilskot frå Statens bibliotektilsyn til innhaldsproduksjon basert på breibandsnettverk: Nordhordlandsbiblioteka Meland, Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Osterøy og Radøy fekk eit tilskot på 500 000,- til prosjektet NIRVANA Nordhordlandsbiblioteka i regional vidareutvikling av nettenester og administrasjon. Jondal folkeboksamling fekk eit tilskot på 200 000,- til prosjektet Datastove i biblioteket Sentral for breiband spreienett i Jondal kommune. Musikkavdelinga ved Bergen Offentlige Bibliotek har fått eit tilskot på 213 000,- til prosjektet Tilgjengeliggjøring av norsk musikk i digital form over Internett i folkebibliotek. FØREMÅL: Utbygging av breiband vil kunne gjere samarbeid mellom kommunane enklare og rimelegare, i tillegg til at folkebiblioteka kan få nye roller i lokalsamfunnet. Breiband i folkebiblioteka vil styrke deira funksjon som ressurssenter for lokaladministrasjonen og det lokale næringslivet m.a. ved å leggje til rette for fjernundervisning og videokonferansar. Å knyte folkebiblioteka til breiband skal også bidra til å sikre at ein størst mogleg del av befolkninga har tilgang til moderne datatenester. Breiband vil også verke stimulerande for å utvikle nye tenester i biblioteksektoren. Finansiering: Fylkeskommunal kostnad: Kommunane, Staten kr 350 000 årleg http://www.hordaland-f.kommune.no/fylkesbibl/breiband/ 14

STRUKTUR OG SAMORDNING Tiltak 1.3 Utvikling av Biblioteknett Hordaland MÅLGRUPPE: Bibliotek ANSVARLEG: Hordaland fylkesbibliotek SAMARBEID: Skule-, fag- og folkebiblioteka i fylket, Kulturnett Hordaland, Biblioteknett Norge, Opplæringsavdelinga HFK FRAMDRIFT: 2002-2005 Biblioteknett Hordaland, som i 2001 hadde om lag 5000 besøkande, kan bli bindeleddet mellom biblioteka og må utviklast vidare både som møteplass for fagfolk og som inngangsportal til bibliotekressursane i fylket for folk flest. Fylkesbiblioteket har også ein servar som kan nyttast som web-hotell for fleire enn dei 5 folkebiblioteka som gjer det i dag. Stadig meir informasjon er no elektronisk tilgjengeleg, og det er ei utfordring å sikre folkebiblioteka tilgang til denne informasjonen. Fylkesbiblioteket vil ta ansvar for å arbeide med felles avtalar om abonnement, lisensar og hjelp til forhandlingar med dataleverandørar for folkebiblioteka. Informasjon om dette vil bli gjort kjent ved hjelp av Biblioteknett Hordaland. FØREMÅL: Biblioteknett Hordaland skal byggjast ut som møtestad og diskusjonsforum for alle bibliotektilsette i fylket. Skulebibliotek- og fagbibliotekressursar i Hordaland skal synleggjerast i større grad. Biblioteknettet vil også bli vidareutvikla som inngangssport til biblioteka sine ressursar for brukarane. Ved å utvikle kvalitetskriterium for folkebiblioteka sine nettstader, vil ein sikre at nettstadene syner biblioteka sine tilbod på ein oversiktleg og formålstenleg måte. Innhaldet på nettstadene må også utviklast vidare med aktuelle tenester. Finansiering: Fylkeskommunalt kostnad: Fylkesbiblioteket kr 100 000 årleg http://www.hordaland.folkebibl.no/ 15

STRUKTUR OG SAMORDNING Tiltak 1.4 Planlegging av mobil bibliotekverksemd MÅLGRUPPE: Aktuelle kommunar i Hordaland ANSVARLEG: Hordaland fylkesbibliotek SAMARBEID: Kommunane FRAMDRIFT: 2003-2005 Hordaland er det største bokbussfylket i landet med 7 bokbussar som går i 10 kommunar. Det er to interkommunale bokbussar i fylket: Fusa/Kvam, og Lindås/Modalen/Vaksdal. Hordaland fylkesbibliotek driv i samarbeid med Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal bokbåten Epos. Fleire fylkesbibliotek driv bokbussar, og i ABM-meldinga vert det sagt at det kan vera grunn til å sjå nærare på om fylkesnivået i større grad bør ta ansvar for drift av mobile bibliotektenester. Etter at det øyremerka tilskotet til mobil bibliotekverksemd vart innlemma i rammetilskotet til kommunane frå 2001, har ikkje mobil bibliotekdrift blitt prioritert. Dei siste åra er bokbusstilbodet i Etne, Voss, Øygarden og Masfjorden nedlagt, og det har vore framlegg om nedlegging i Vaksdal og Lindås. Eit mobilt bibliotektilbod er ofte det einaste tilbodet til dei minst mobile gruppene i samfunnet, - dei yngste og dei eldste. Mange kommunar er avhengige av bokbussen eller bokbåten sitt tilbod i skulebiblioteka. Dersom utviklinga med nedlegging av bokbussar og manglande midlar til innkjøp av nye bussar til erstatning for gamle held fram, vil store grupper miste bibliotektilbodet sitt. I samanheng med at ein vil sjå på bibliotekstrukturen i Hordaland, vil ein lage ei utgreiing om behovet for mobil bibliotekteneste i fylket. Dersom staten på nytt vil gi tilskot til denne tenesta, kan det vere aktuelt å tilby kommunane ei fylkeskommunal bokbussteneste mot betaling. FØREMÅL: Mobil bibliotekteneste er svært ofte eit betre tilbod for folk enn ein dårleg utbygd filial. Fylkeskommunen vil ta ansvar for å sjå på bibliotekstrukturen i heile fylket i samanheng, og eventuelt vurdere behovet for mobil bibliotekteneste i samarbeid med kommunane og staten dersom det blir ei statleg satsing på dette. Finansiering: Fylkeskommunal kostnad: Fylkeskommunen, kommunane, Staten kr 1 000 000 som del av finansiering av ny bokbuss http://www.norskbibliotekforening.no/bokbuss/index.htm Bokbussen i Fjell kommune 16

STYRKJE BIBLIOTEKKOMPETANSEN Tiltak 2.1 Etablering av eit kompetanseutviklingsprogram for bibliotektilsette i fylket MÅLGRUPPE: Alle bibliotektilsette i fylket ANSVARLEG: Hordaland fylkesbibliotek SAMARBEID: Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune, Høgskolen i Bergen, NBF avd. Hordaland, NFF Bergen FRAMDRIFT: 2002-2005 For bibliotekpersonale er oppdatert kunnskap om alle sider ved bibliotekfaget viktig for å kunne yte gode tenester. Pedagogisk personale må vite kva biblioteket kan brukast til i ein pedagogisk samanheng i tillegg til å ha kunnskapar om dei viktigaste hjelpemidla i biblioteket. Fylkesbiblioteket skal etter biblioteklova arrangere faglege møte og kurs, og ABM-meldinga peikar også på kompetanseutvikling som ei av dei største utfordringane for fylkesbiblioteka. Fylkesbiblioteket arrangerer kvart år fleire møte, kurs og konferansar for bibliotektilsette i fylket. Det blir jamleg arrangert referansekurs, kurs i katalogisering, kurs i heimesideutvikling m.m. Eit 10-vekttalskurs i pedagogikk med deltakarar frå heile landet (PIVS-prosjektet) har vore arrangert, og eit viktig element i prosjektet Bok over fjord er kompetanseheving hjå lærarar og bibliotekpersonale, og hjå elevar gjennom brukaropplæring. Det vil etterkvart bli tilbod om ulike kompetansegivande kurs på deltid på informasjons- og bibliotekstudiet ved Høgskolen i Bergen. Sjølv om dette vil vere med på å utdanne bibliotekarbeidarar i fylket, er det eit stort behov for kortare og lengre kurs i dei grunnleggjande disiplinane innanfor bibliotekfaget, vidareutdanning innan IKT og formidling av litteratur. Marknaden for undervisningstilbod innan bibliotekfag er veksande, og det kan vere vanskeleg å halde oversyn over alle tilboda som finst. Bruk av moderne teknologi gjer at ein kan ta utdanning uavhengig av kvar utdanningsinstitusjonen er plassert. Som eit vidare arbeid for å auke bibliotekkompetansen i fylket, ønskjer fylkesbiblioteket å gi stipend til ufaglærte biblioteksjefar som vil ta bibliotekfagleg utdanning ved Høgskolen i Bergen. Opplæringsavdelinga vil kunne dekkje utgifter for bibliotekansvarlege i vidaregåande skular til påbyggingskurs og grunnutdanning. FØREMÅL: Kompetanseheving av bibliotekpersonalet skal sjåast i eit lengre perspektiv, og det skal utviklast eit kompetanseutviklingsprogram som skal rullerast årleg. På den måten vil ein ha oversyn over behov, påverke utdanningsstilbydarar til å lage skreddarsydde kurs for bibliotektilsette og legge til rette for at bibliotektilsette i Hordaland får rimeleg og enkel tilgang til nasjonal kompetanse. Ved hjelp av systematisk arbeid med kompetanseutvikling skal Hordaland få fleire fagutdanna bibliotekarar. IKTkompetansen skal aukast blant dei bibliotektilsette og hjå dei bibliotekansvarlege i skulane. Finansiering: Fylkeskommunal kostnad: Fylkesbiblioteket, Opplæringsavdelinga kr 450 000 årleg 17

STYRKJE BIBLIOTEKKOMPETANSEN Tiltak 2.2 Informasjon til politikarar og bibliotekeigarar/administrasjon MÅLGRUPPE: Politikarar og administrativ leiing for biblioteka i kommunane ANSVARLEG: Hordaland fylkesbibliotek, biblioteksjefar SAMARBEID: NBF, Opplæringsavdelinga, KS, Statens utdanningskontor, kommunar FRAMDRIFT: 2003-2004 Sommaren 2000 gav NBF avd. Hordaland med støtte frå Hordaland fylkesbibliotek ut brosjyra Biblioteket på saklista. I samband med dette vart det utforma eit brev til lokale politikarar og framlegg til korleis biblioteka kunne nytte faldaren. I denne planperioden må ein byggje vidare på dette arbeidet og få med informasjon om bibliotektenestene når opplæringsprogram for nye politikarar vert sett i verk. Fylkesbiblioteket kan i samarbeid med NBF avd Hordaland t.d. utarbeide materiale som biblioteksjefane i fylket kan nytte som informasjon til nyvalde politikarar i 2003. Det er elles viktig å vere ei aktiv støtte for biblioteksjefane i møte med politikarar og administrasjon i kommunane. Med minimale stillingar er det ikkje råd å byggje opp tenlege bibliotek i grunnskulen. Ein får derfor ikkje synt korleis eit godt skulebibliotek skal vere. Den skulebibliotekansvarlege når sjeldan fram med saker og synspunkt overfor skuleleiinga eller skuleadministrasjonen, og langt mindre skulepolitikarane. Fylkesbiblioteket må samarbeide med Statens utdanningskontor om informasjon og opplæring til kommunane. Dette må sjåast i samanheng med tiltak 5.1. Kunnskap om bibliotek er også viktig innan vidaregåande opplæring. Fylkesbiblioteket kan samarbeide med opplæringsavdelinga i fylkeskommunen for å skaffe innleiarar til konferansar og møte, og kome med informasjon om bibliotek på rektormøte. FØREMÅL: For å sikre tilstrekkelege ressursar til biblioteka må politikarar og den administrative leiinga for biblioteka få informasjon og kunnskap om kva biblioteka står for, og kva potensiale biblioteka har for å vere med på verdiskapinga i lokalsamfunnet, og kva biblioteka kan nyttast til for å oppnå ulike politiske mål. Finansisering: Fylkesbiblioteket, NBF Fylkeskommunal kostnad: kr 50 000 http://nbf.bibliotekivest.no/ Avd. Hordaland 18

STYRKJE BIBLIOTEKKOMPETANSEN Tiltak 2.3 Brukaropplæring på ulike alderssteg MÅLGRUPPE: Bibliotekansvarlege i grunnskule og vidaregåande skule ANSVARLEG: Hordaland fylkesbibliotek SAMARBEID: Kommunane, Statens utdanningskontor, Opplæringsavdelinga, Meland bibliotek FRAMDRIFT: 2003-2005 Reformene i skulen legg vekt på at skulebiblioteket skal ha ein sentral plass i opplæringa. Elevane skal m.a. lære aktiv søking av informasjon, m.a. til prosjektoppgåver. Brukaropplæring trengst også i vidaregåande skule og i seinare utdanning. I bibliotekplanprosessen har det vore etterlyst eit opplegg for å hjelpe elevar og studentar til å meistre informasjonssøkeprosessar i samband med ulike læringsoppgåver. Det er også viktig å auke kompetansen til brukarar i ny teknologi. Biblioteket som kulturell institusjon og attraktiv møteplass m.a. for barn og unge med ulik bakgrunn, må også takast vare på. Opplæring av bibliotekbrukarane er eit ansvar som kvart enkelt bibliotek må ta, men fylkesbiblioteket kan initiere forsøk og lage planar for dette. I Plan for utvikling av bibliotektilbodet for barn og unge i Hordaland Temaplan 1998-2001 var eitt av tiltaka å utvikle ein gjennomgåande plan for opplæring i bibliotekkunnskap for barn/elevar i barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og lærarutdanning. Delane i eit slikt gjennomgåande opplæringsprogram skulle byggje på kvarandre. Ut frå dette tiltaket laga Meland bibliotek eit opplegg for 1.-10. klasse med utgangspunkt i L97. Opplegget vart prøvt ut på ein av skulane i kommunen over ca.1 skuleår. Gjennomføring av prosjektet ville kreve 25-50 % stilling og vart på grunn av den økonomiske situasjonen ikkje sett ut i livet. Opplegget la vekt på leseglede og presentasjon av bøker, og at elevane skulle lære å finne fram i biblioteket sitt. Sjølv om opplegget i Meland tek utgangspunkt i lokale tilpassingar, er det ei beingrind ein kan byggje vidare på. FØREMÅL Utarbeide eit opplegg for samordna brukaropplæring for alle utdanningssteg, og eventuelt prøve ut dette opplegget i nokre skular. Finansiering: Fylkeskommunal kostnad: Staten, fylkesbiblioteket, deltakarane kr 100 000 årleg 19

Tiltak 3.1 Utprøving av nye former for kulturformidling TENESTEYTAR OG MØTEPLASS MÅLGRUPPE: Folkebiblioteka i Hordaland ANSVARLEG: Hordaland fylkesbibliotek SAMARBEID: Aktuelle kommunar, Forfattarsentrum, arkiv og museum FRAMDRIFT: 2003-2005 Barn og unge blir i dag utsett for eit stort press i frå den kommersielle underhaldningsindustrien. Dette kan bli møtt med tiltak som gjer det mogleg å søkje opplevingar med kvalitet. Eit slikt tiltak på nasjonalt plan er Den kulturelle skulesekken. Det er ei utfordring å få litteraturformidling og bibliotekbruk inn i dette, og det er difor naturleg at folkebiblioteka blir involverte når prosjektet skal realiserast i kommunane. Barn og unge er gjerne blant dei første som tek i bruk ny teknologi, særleg spel og det som blir kalla edutainment produkt som er interessante både for leik og læring. Biblioteka har ikkje ressursar til å tilby produkt på alle dei områda som etterkvart dukkar opp, og mykje vil vere uaktuelt etter kort tid. Ungdom er ikkje alltid lett å inkludere i biblioteka sine tilbod, og for å utvikle eit godt tilbod til denne gruppa bør ein trekke grupper av unge med i eigne planleggingsgrupper slik at dei sjølve kan vere med på utforminga av tilbodet. Eit anna tiltak for å nå ungdom kan vere å arrangere skrive- og dramaleir etter mønster frå Nordland. Lesing aukar kompetansen, styrkjer identiteten og gir auka perspektiv. Å gi barn og unge høve til å møte jamaldringar til diskusjon og samtale om litteraturen ein les, er ein viktig motiverande og sosialiserande faktor. Folkebiblioteka kan nytte erfaringar frå prosjekt ERSK eldre som ressurs i skulen. Her har ein tatt utgangspunkt i eit gjensidig forhold mellom unge og eldre der dei menneskelege relasjonane har ein vesentleg plass i møte mellom generasjonar gjennom eigne tekstar. Eit spennande prosjekt ville vere å lage generasjonsgrupper på biblioteket der barn, ungdom og eldre kan møtast på jakt etter historie og lesaropplevingar. Samarbeid med museum- og arkivsektoren kan opne mange nye spanande formidlingsformer. Sjå strategi 4. FØREMÅL Bruke biblioteka til utprøving av nye former for kulturformidling til barn og unge som t.d: - å få litteraturformidling inn i «Den kulturelle skolesekken» - trekke grupper av unge med i planleggingsgrupper for å forme ut sitt eige bibliotektilbod - å arrangere skrive- og dramaleir - å gi barn og unge høve til å møte jamaldringar til diskusjon og samtale om litteraturen ein les - å lage generasjonsgrupper, der barn, ungdom og eldre kan møtast på jakt etter historie og lesaropplevingar på biblioteket Finansiering: Staten, deltakarar, fylkesbiblioteket Fylkeskommunal kostnad: kr 200 000 20