Velkommen til Bildøy!

Like dokumenter
Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategiplan for Nordhordland Indremisjon

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Strategidokument

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Velkomen til soknerådskurs

Styret for Indremisjonsforbundet

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

5. Soknerådsmøte mai Referat

Brødsbrytelsen - Nattverden

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Månadsplan for Hare November

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

NLM Ung Verden for Kristus: Vi vil lære Jesus å kjenne og gjøre han kjent

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Kvalitetsplan mot mobbing

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Forslag frå fylkesrådmannen

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Sandeid skule SFO Årsplan

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Vurdering av allianse og alternativ

«Ny Giv» med gjetarhund

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Vår grøne. kyrkjelyd

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Oppdragsansvarleg revisor finansiell revisjon

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

10/60-14/N-211//AMS

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

Selje kommune MØTEBOK

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Kandidater til Fana sokneråd 2015

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

LOV FOR ImF. b. Generalforsamlinga vel: - Formann, styremedlemer og varamedlemer til Forbundsstyret

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Rektorforum 15. april

Stemnehandboka for NKSF

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

inn i Guds framtid Strategiplan for ImF

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

INFORMASJON om førestellinga:

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Transkript:

Velkommen til Bildøy! Denne gongen er det Nordhordland indremisjon, Bergen indremisjon og Midthordland indremisjon som har gleda av å invitere til generalforsamling, GF-2011. Vi gler oss til eit stemne i eige hus denne gongen. Bibelskolehallen kan ikkje konkurrera med stemnestadane dei to siste GF i størrelse, men det er vårt eige, og vi ønskjer at du skal føle deg heime. Bildøy ligg i Fjell kommune, rett vest for Bergen. Kommunen er den største av dei tre kommunane vest om Sotrabrua. Totalt bur det om lag 30.000 menneske på desse øyane. I ImF kretsar er nok Bildøy betre kjent enn Fjell, då ImF har både administrasjonen og bibelskolen her. Vår nabo i øst er Bergen. Dette er Vestlandets hovudstad og mellom anna kjent for at det er vått og kaldt, og breiflabb over alt. Men det er også andre attraksjonar i byen. Av dei store ImF-attraksjonane kan nemnast Betlehem, NLA og Danielsen skoler. For å få eit balansert bilete av byen er det nok best at du utforska han på eiga hand. Men mest av alt er du velkomen til GF-2011. Der vil du truleg møta gamle vener, og om du vil, få nye venner. Du vil oppleva god og kanskje frisk samtale om arbeidet under forsamlingsmøtet. Det er elles sett av rikeleg med tid til forkynning av Guds ord. Du er velkomen til gode dagar på Bildøy. Atle Våge leiar for hovudkomiteen Toårsmelding for ImF 2009-2010 1

Hilsen fra formannen Vel møtt Vel møtt til GF på Bildøy. Tema i år er disipler, og det skal vi belyse fra ulike vinkler. Personlig gleder jeg meg bl.a. til å høre Broder Yun fra Kina tale om Disipler i overflodssamfunnet. Han er fra Hunan-provinsen i midtre del av Kina, i det samme område mine foreldre var misjonærer i 10 år, frem til 1944. Lagoppstilling Det er ikke hvem som helst vi har med på laget, eller rettere sagt: Det er ikke et hvilket som helst lag vi er med på. Det er laget til Han som sa: Meg er gitt all makt i himmel og på jord! Gå derfor ut og gjør alle folkeslag til disipler. Jeg vil gjerne hilse generalforsamlingen med et løfte som profeten Jesaja fikk av Herren, og som er blitt forkynt i over 700 år før Jesus ga oss misjonsbefalingen, og i hele perioden etterpå: Jeg vil gå fram foran deg, og bakker vil jeg jevne. Dører av kobber vil jeg sprenge, og bommer av jern vil jeg hogge i stykker (Jes 45.2). Det er ikke uten grunn at det i dette løftet fra Herren står JEG VIL fire ganger. Dette er en mektig trøst til oss når vi står i bunnen en bakke eller foran lukkede dører og bommer. Han går foran i alle slags dager. Disipler Med stor frimodighet inviterer vi til fortsatt disippelskap hos Jesus. Vi trenger hverandre, vi tenger Jesus, men det er også slik at Jesus trenger oss. Han satset på elleve menn der på fjellet. Nå gjelder det oss. Det kan bety ja til en oppgave, eller nei til noe en har lyst til. Det kan bety at du skal fortsette å be og være en disippel der du er plassert i nabolag, forsamling eller jobb. I alle små og store oppgaver gjelder: Jeg vil gå frem foran deg! Dette sier han som også sier jeg vil lære deg og vise deg den vei du skal vandre, jeg vil gi deg råd med mitt øye. Tar du utfordringen? Utfordring Også på dette GF vil du komme til å høre at økonomien i ImF er en utfordring. Styret har vedtatt at regnskapet skal gå i ballanse i 2012 etter noen år med underskudd. Mitt ønske er at forkynnelsen på GF vil berøre oss, Så kommer da troen av forkynnelsen sier Paulus, og hvordan kan de forkynne, uten at de blir utsendt?. Vær med å be om Guds velsignelse over dette GF. Sverre Dag Ljønes 2 Toårsmelding for ImF 2009-2010

Indremisjonsforbundet Toårsmelding 2009-2010 Styret for Indremisjonsforbundet (ImF) legg med dette fram si 108. melding for GF, og vi vil gi våre misjonsvener eit innblikk i vårt arbeid og virke dei to siste åra. Som vanleg tek vi også med meldingar frå andre einingar i ImF-familien slik at ein kan få best mogleg oversikt over det totale arbeidet. Det meste av det som er skrive, vil ein kjenne igjen om ein har halde seg orientert med Sambåndet og nettsidene våre. Vi har lagt vinn på å skrive kort, men innhaldsmetta, slik at flest mogleg opplever meldinga overkomeleg å sette seg inn i. Styremøta. Styret samlast seks gonger per år. I tillegg vart det i 2009 halde tre telefonmøte, og i 2010 eitt slikt møte. Første og andre varamedlem vert innkalla fast til alle møte, og vi samlast som regel i administrasjonsbygget på Bildøy frå fredag ettermiddag til midten av laurdagen. Styremøta vert stødig leia av formann Sverre Dag Ljønes og sakene førebudd av generalsekretæren i samråd med formannen (i 2011 er det etablert eit Arbeidsutval med administrasjonsleiar og økonomileiar i tillegg). Vi tillet oss å karakterisere styrearbeid som konstruktivt, det er stort engasjement, og samtalen har ei god ånd. Saklista er som oftast delt inn i referat frå ulike styrer og råd, økonomirapport, vedtakssaker og generalsekretæren sin rapport. Den siste inneheld fleire små og store punkt, og er ofte grunnlaget for viktige samtaler i styret. Hausten 2009 vart ei styrehelg lagt til leirstaden Kvinatun og kombinert med møte i lag med styra for krinsane ImF Sør og ImF Rogaland. Hausten 2010 var det meininga å besøke Finnmark Indremisjon, men dette måtte av ulike årsaker utsettast til hausten 2011. Vi ser det som viktig at ein i slike møtepunkt kan få djupare innsikt i kvarandre sin situasjon og bygge relasjonar mellom forbund og krinsar. Hyrderådet Hyrderådet handsamar saker som er adressert direkte til dette organet, i tillegg til saker som generalsekretæren finn det naturleg å legget fram for rådet. Ein legg vinn på at flest mogleg saker vert handsama i styret. Møta vert halde per telefon i god tid før styremøta, slik at ein får tid til å lage referat til orientering og eventuell samtale. Samansetninga av Hyrderådet har vore generalsekretæren, styreformann Sverre Dag Ljønes, nestformann Reidar Røyland, styremedlem Knut Sørheim og rektor Roald Kvam. Samtalefora I tillegg til styre og hyrderåd, vil vi nemne desse viktige fora for å samtale om teologiske og strategiske spørsmål: Leiargruppa: Denne består av generalsekretær Erik Furnes, administrasjonsleiar Anja Ulveseth Heggen, økonomileiar Ingebrigt S. Sørfonn, medieleiar Torgeir Hauge, leiaren for ImF-UNG Kenneth Foss og personalleiar Aud Karin Kjølvik. Gruppa samlast som regel kvar tysdag morgon. Kontorkonferansen: Dette er leiargruppa pluss andre konsulentar på huset, dvs. undervisningskonsulent, IKT-leiar, personalleiar og barne- og familiekonsulent. Vi samlast ein tysdag formiddag per månad. Misjonsrådet: Her møter krinsleiarane og rektor for Bibelskulen. Vi samlast fast to gonger i året fast. Tidlegare var det i tillegg månadlege telefonmøte, men med innføringa av leiarrettleiinga tre gonger per halvår har det vore mindre behov for det. Administrasjonsrådet: Ei samling over 2-3 dagar ein gong i mai. I tillegg til dei som møter i Misjonsrådet, møter medlemane i Kontorkonferansen og forstandarane i ImF Trossamfunn. Forsamlingsrådet: Medlemar her er generalsekretæren, rektor ved Bibelskulen, krinsleiar Glenn Nord- Varhaug og forsamlingsleiarane Gunnar Ferstad og Runar Landro. Sistnemnde leier arbeidet i rådet. Personaldagane: Dette er to arbeidsdagar i august der forkynnarane og tilsette i administrasjonen møtest. Fokus er fagleg påfyll, deling av erfaringar i tenesta og åndeleg og sosialt fellesskap. Generalsekretæren og personalleiaren har ansvar for desse dagane. Rektor- og skuleleiarmøte: Vert halde over to dagar i slutten av januar. Når det er skuleleiarmøte, møter styreformenn og krinsleiarar i tillegg til rektorane. Dette møtet er viktig fagleg, og medfører strategisk relasjonsbygging mellom ImF og skuleeigarane. Generalsekretærmøtet: Her møtest generalsekretærane for ImF, NLM, NMS, Normisjon, Israelsmisjonen, Søndagsskulen, og NKSS. Vi samlast to gonger per år. Vi nemner også at leiinga for ImF og NLM møtest ein gong per halvår for uformell samtale. For ImF møter her generalsekretæren, formannen, leiaren for ImF-UNG og rektor ved Bibelskulen. Andre sentrale samlingar Generalforsamlinga 2009 Forbundsstyret opplevde generalforsamlinga i Molde som ei stor oppmuntring med rikt åndeleg utbytte og gode føringar for misjonsarbeidet i ettertida. Misjonsvenene i Nordmøre og Romsdal krins la ned ein stor innsats i samband med arrangementet. På grunn av at krinsen hadde vesentleg større utgifter enn inntekter, vedtok styret etterpå å endre modellen for å fordele overskot/underskot mellom krins og forbund, slik at heile ansvaret no ligg på sistnemnde. Det største fokuset under GF fekk nok saka om etablering av ImF Trossamfunn. Vi er glade for den saklege og gode samtalen om ei sak som vekker ulike kjensler i misjonsfolket. Vi opplevde at dei som ønskte det fekk kome til orde, og avstemminga førte til at ca 90% sa ja til å opprette trussamfunnet. Utanom vanlege forhandlingsmøtesaker, var det også fokus på ImF si skulesatsing og strategi- og handlingsplanen for dei neste tre åra. Skifte av generalsekretær vart naturleg nok også markert. Karl Johan Hallaråker vart saman med kona Anne Marie takka for den lange og trufaste tenesta dei har stått i for ImF. Søndag formiddag var det forbønshandling for Erik og Anne Furnes. Sommarstemnet 2010 Trass i dårleg sommarver, var det god trivsel på Som- Toårsmelding for ImF 2009-2010 3

marstemnet sist sommar. Johnn Hardang fekk gje mykje gjennom sine bibeltimar, og dei andre forkynnarane og songkreftene fekk også sette sitt preg og underbygge mottoet Himmel over livet. Styret gleder seg over den fornyinga som Sommerstemnet 2010 representerte, både innan forkynning og song/musikk. Arbeidarmøtet Dette viktige møtet ved starten av eit arbeidsår har hatt gledeleg stor oppslutning også denne perioden. Rundt 130 deltakarar frå ImF, krinsar og skular er samla i 4 dagar for fellesskap, undervisning, og drøftingar av ulike tema. Ein del skular er flinke med å sende medarbeidarar til møtet, men det kan dessverre ikkje seiast om alle. Vi trur denne samlinga er viktig for å gje den enkelte fagleg og åndeleg utbytte, for å bygge gode relasjonar mellom ulike greiner i misjonen, og for å bygge identitet i organisasjonen. Arbeidarmøtet vert avslutta med den store Arbeidarfesten, der det kjem ca 300 gjestar som på ulikt vis har tilknyting til ImF og Bibelskulen. Singing in the city Dette er eit helge-arrangement der ein tilbyr ein pakke med mykje evangelisk song og musikk, forkynning, og god standard på overnatting. Vi har nytta IMI-Forum i Stavanger begge gongane dette har vore arrangert, og fått gode tilbakemeldingar frå deltakarar over heile landet. Forkynninga har misjonens eigne tilsette stått for, medan songarar og musikarar er henta frå inn- og utland. Då arrangementet i februar 2010 gjekk med eit underskot, vil ein gå for eit litt mindre konsept i 2012. Seniorarbeid/Landseldrestemnet Vi er glade for at også fleire krinsar og lokale forsamlingar set seniorarbeidet på dagsorden med regionale og lokale eldresamlingar. Likevel trur vi det framleis er behov hos enkelte til å kunne reise litt lenger, og derfor arrangerer vi Landseldrestemnet kvart år i veke 23 på Bibelskulen Bildøy. Takknemlige pensjonistar frå ulike deler av landet samlast om Guds ord og fellesskap. I 2010 var talet på deltakarar lågare enn åra før, men det skuldast nok helst at planleggingsarbeidet kom i gong for seint. Vi er glade for at dette stemnet no i 2011 har fått ny profil og atter ein gong har samla fulle hus. Vi er også takksame for alle som gjer det mogleg å tilby 55+ under Lyngdal Bibelcamp. Viktige arbeidsområde Votering under GF 2009 i Molde Forkynnartenesta Det å få sende ut evangelistar og bibellærarar er sjølve berebjelken i ImF sitt arbeid. Stort sett vert dei sende til våre krinsar, men evangelistane vert også av og til sende til andre område. Det er gledeleg å få meldingar om menneske som vert frelst og fornya, og også i denne toårsperioden har dette kome frå fleire av forkynnarane våre. ImF-teamet har også fungert veldig godt i perioden. Også frå forsamlingsleiarar kjem det gledelege meldingar om mykje positivt som skjer mellom ungdomane. Alt dette fyller oss med takk og gjev oss nytt mot. Eit forkynnarkurs på Bildøy vart avvikla i november 2010. Oppslutninga kunne vore betre, men ein del av grunnen var nok at programmet kom ut for seint i.f.t. krinsane si legging av reiseruta for eigne forkynnarar. Tilbakemeldingane frå dei frammøtte var veldig gode. Den største utfordringa i forkynnarverksemda er nok bruken av heile møteveker. Evangeliske aksjonar samlar folk heile veka, men det er vanskelegare å få det til for vanlege møteveker. Eit større fokus på søndagen som samlingsdag utfordrar oss også som arbeidsgjevar overfor forkynnarar som skal arbeide heile veker. Det er derfor behov for å samarbeide tett med krinsar og lokalforeininger slik at vi kan få utnytte forkynnarstaben vår best mogleg. Foreining og forsamling Det er framleis dei mange lag og foreiningar som dannar grunnstammen og er eit viktig reiskap i vårt Indremisjonsarbeid. ImF så langt som mogeleg vera med å støtte denne delen av vårt arbeid ved forkynnarhjelp og leiarfostring. Slik kan vi vere med på å gje impulsar til at dette arbeidet kan fornyast og framleis vera nyttige og gode reiskap for å nå nye generasjonar med evangeliet. Det er framleis Forsamlingsrådet under leiing av forsamlingskonsulent Runar Landro som har eit spesielt ansvar for å stimulere til bygging av forsamlingar rundt omkring på våre bedehus. Vi merkar framleis litt spenningar kring dette feltet, og enkelte opplever kanskje at ImF har for tungt fokus på dette samanlikna med det tradisjonelle foreiningsarbeidet. Til det er svaret at vi berre har sett oss råd til å ha forsamlingskonsulent i 20% stilling, og sjølv om vi får gjort mykje ut av desse prosentane, er det likevel lite når ein ser kva ressursar vi set inn mot det meir tradisjonelle arbeidet. Vi tonar ned motsetninga mellom den gamle foreiningsmodellen og nyare forsamlingsbygging, og vel å ha fokus på at mange foreiningar med fordel kan ta opp i seg sunne nytestamentlege prinsipp som handlar om leiarskap, faste møtepunkt, rom for ulike nådegåver, fast gjevarteneste, forvalting av dåp og nattverd, osb. Ein del stader ser ein denne tenkinga som ein konsekvens av vanskelege lokale kyrkjelege forhold, men vi vonar dei fleste vil satse på bedehuset ut frå ein positiv vinkling på misjonsstrategi og evangelisering. Forsamlingsrådet har som målsetting å arrangere eigen forsamlingskonferanse annankvart år, og annankvart år oppfordre til konferanse med andre samarbeidspartnarar. Som ei følgje av det hadde vi eigen konferanse på Bildøy våren 2009, og tok del med ca 15 delegatar på ein DAWN- 4 Toårsmelding for ImF 2009-2010

konferanse våren 2010. Skulearbeidet Skuledrift ligg i våre røter og er viktig satsingsområde for ImF. Mange er tilsette i denne greina av vårt arbeid. Dei har dagleg kontakt med fleire tusen elevar/studentar. Vårt skulearbeid fordeler seg over heile spekteret av alder frå barneskule/grunnskule til høgskule. Folkehøgskular og vidaregåande skular har tradisjonelt vore hovudfokus på vår satsing. I toårsperioden har vi sett at Danielsen-skulane har utvida på grunnskuletrinnet. Dette er i tråd med eit behov i vår tid. Alle tilsette og styrerepresentantar står i tenester med stor verdi for samfunn, kyrkje og organisasjonar. KFF (Kristne Friskolers Forbund) betyr mykje for dei kristne friskulane i Noreg. Våre skular minus folkehøgskulane er med her. For dei siste har NKF (Noregs Kristelege Folkehøgskolelag) noko av same rolla. ImF har i perioden prioritert kontakt med desse. Undervisningskonsulenten møter kvart år på KFF sin skuleleiarkonferanse og dessutan på nokre andre samlingar i regi av KFF. Dette gjev inspirasjon og er kontaktfora. Bibelskulane har fått ny lov sidan sist GF. No ligg dei under eige avsnitt i Lov om vaksenopplæring vedteken i Stortinget 15.juni 2009. Den nye lovgjevinga synest å ta dei fleste av skuleslaget sine særlege behov på alvor, og gjer desse skulane (m.a. Bildøy Bibelskole) i stand til å driva vidare som kristne institusjonar. Nødvendig rekruttering av elevar er felles prioritert oppgåve for skule og misjonsfolk. To omfattande lovendringar sidan sist GF vedrører heile vårt samfunn og i sterk grad kristne skular og kristeleg opplæringsarbeid: Ekteskapslova gjennomgjekk endringar som gjev heile lova endra karakter og som påverkar mange andre lover. 1 seier: To personer av motsett eller same kjønn kan inngå ekteskap. Dette er uakseptabel forståing av ekteskapet ut frå Bibelen og heile den kristne kultur og bryt med naturen. ImF og dei kristne skulane arbeider med korleis vi skal møta denne endringa. Arbeidsmiljølova vart endra i mars 2010. Endringa svekker trusfridomen og skaper utryggleik m.a. på våre kristne skular. Lova har fått formuleringar som gjer det vanskeleg å velja personar som står for våre verdiar ved tilsetjingar. Vi har ikkje lenger dei same formuleringar i lova som gjev oss rett til å forskjellsbehandla. Diskriminering ved tilsetjing må vera saklig begrunnet. Korleis vil sitjande regjering tolka dette? Kva stillingar vil vi kunna stille krav til? Tekst i stillingsannonsar vil vera viktigare enn før. To leiarar i ImF-samanheng har sidan sist GF fått kongens sølv for stor innsats m.a. i den kristne skulen: Sigmund Måseide og Lars Johan Danielsen. Vi gled oss over utmerkingane! Skulestoff har stor plass i Sambåndet og krinsblada. Temanummer, leiarar, artiklar, reportasjar og annonser har synleggjort skulearbeidet. Skulane er også synlege på våre nettsider. Alle våre skular har nettsider som ein kan klikka seg inn på via ImF. Eitt tema i Sambåndet i perioden har vore at skulane etterlyser større tilgang på kristne lærarar som deler våre visjonar. Skulerådet er viktig støtte for undervisningskonsulenten og er sentralt i planlegging av personalsamlingar og rektor-/ skulemøter. Misjonskonferanse for ungdom ved ImF-skulane opplevde liten respons i 2009, og vart nedlagt. Rektor Lars Johan Danielsen hadde på førre GF temaet: Vårt skolekall i dag. Danielsen-skulane har vore flinke til å verkeleggjera kallet gjennom å oppmuntra og bidra til starting av nye skular. ImF er glad for den inspirasjon desse skulane er. Skulane betyr mykje for ImF på lokalplanet, og fleire lokale ImF-folk er engasjert i styrer. ImF Trossamfunn Dette er eit formelt tilbod til dei som ønskjer å vere kyrkjerettsleg registrert, og som av samvitsgrunnar ikkje ønskjer å vere det gjennom andre kyrkjesamfunn. Trossamfunnet vart oppretta av ImF s styre den 5. september 2009, basert på vedtak under ImF si generalforsamling i juli. Fylkesmannen i Hordaland registrerte trussamfunnet den 4. november, og vigselsrett låg føre den 5. desember for desse forstandarane (ansvarsområde i parantes): Erik Furnes (heile landet), Gunnar Ferstad (Bergen), Runar Landro (Rogaland), Glenn Nord- Varhaug (Hordaland), Roald Evensen (Hordaland). Seinare vart også Frank Rott (Aust- og Vest-Agder) godkjent. ImF-styret har vedteke at styret for ImF Trossamfunn er dei til ei kvar tid medlemar av ImF sitt forsamlingsråd som samstundes er medlemer av trussamfunnet. Styret har derfor vore Erik Furnes (formann), Gunnar Ferstad, Glenn Nord-Varhaug og Runar Landro (varamann). Det har vore viktig (men tydelegvis vanskeleg) å kommunisere at etableringa av ImF Trossamfunn ikkje medfører særleg endring i vår verksemd. Framleis er det slik at møter/ gudstjenester, dåp, konfirmasjon og gravferd framleis er knytta til det lokale misjonsfellesskapet. Den eineste aktivitet som kun skjer i ImF Trossamfunn, er vigsel. Det vart forretta fire vigslar i trussamfunnet i 2010. Per 31.12.2010 var totalt 226 medlemmer registrert. Alle medlemmer blir registrert i EDB-programmet WinOrg, der vi har felt for all den informasjonen som vi er pålagt å lagre. I tillegg lagrar vi alle innmeldingsblankettar og annen korrespondanse i manuelle arkiv. Alle innmeldte har fått tilsendt skriftlig innmeldingsattest og annen informasjon. Trussamfunnet leiger hjelp frå kontorsekretæren og rekneskapsførar i Indremisjonsforbundet til administrativt arbeid. Den statlege delen av det offentlege tilskotet går til drifta sentralt, medan den kommunale delen går til det lokale arbeidet som kvar enkelt medlem ønskjer å støtte. Årsresultatet for 2010 var kr 53.051. ImF Media Medieavdelinga har gått gjennom endringar de siste åra, blant anna som følgje av ei generell endring innan mediebruk og -vanar til folk flest. Ein ser det som viktig at ei medieavdeling er i stand til å vere fleksibel og tilpasningsdyktig. For å underbygge desse endringane i arbeidsoppgåver over tid, skifta avdelinga namn i januar 2010, frå Sambåndet til ImF Media. I 2009 fungerte redaksjonsleiar Egill J. Danielsen som medieleiar, då det framleis ikkje var tilsett nokon fast i stillinga. I denne perioden vart arbeidet med integrering av enkelte krinsblad i Sambåndet ferdigstilt og gjennomført. Dette samarbeidet omfattar no totalt fire krinsblad: Heimemisjonen (Sunnmøre), Indremisjonsnytt (Nordmøre og Romsdal), Venehelsing (Nordhordland) og Kamp og Seier (Finnmark). Hausten 2009 vart Torgeir Hauge tilsett som prosjektleiar for tilrettelegging og oppstart av nettevangeliseringskonseptet omgud.net og hvorforjesus.net. Nettsidene vart lansert 1. desember 2009, og har vist seg å vere eit etterlengta tilbod på internett. Søkande menneske tek kontakt med konkrete spørsmål rundt kristen tro og liv, og melder seg på hvorforjesus?-kurset. Konseptet er fransk/nederlandsk, og nettsidene er ein del av eit verdsomspennande nettverk av tilsvarande sider. Samarbeidet mellom dei ulike landa vert opplevd som styrkande og engasjerande. Nokre tal: I desember hadde vi 13.000 unike besøk (med unike meiner vi at same maskin brukt fleire gonger vert rekna som eitt besøk). I løpet av heile 2010 hadde vi 57.000 unike besøk. Det gjev eit snitt på over 4.700 per månad. Over 2.000 menneske sa at dei hadde bedt frelsesbøna, og Toårsmelding for ImF 2009-2010 5

rundt 350 menneske sendte ei skriftleg tilbakemelding til oss. I snitt er det kvar veke to personar som melder seg på hvorforjesus?-kurset. For tida har vi 20 frivillige til oppfølging av kursdeltakarar. 1. desember 2010 gjekk Torgeir Hauge over i stillinga som medieleiar. I tillegg til å produsere Sambåndet, har ImF Media ansvar for nettsidene imf.no, sambåndet.no og omgud. net. Dei to førstnemnde vart lansert med ny utsjånad og på ein ny plattform rett før jul 2010. Dette løftet har vore viktig for å vere godt tilgjengeleg på internett. ImF Media produserer brosjyrer, plakatar og anna grafisk materiale for arrangement både sentralt og for krinsar. Dei tilbyr også nettenester for enkelte krinsar. I tillegg seljer ein tenester til eksterne aktørar, og fleire bøker for Sambåndet Forlag vert sette på avdelinga. I tillegg ønskjer ImF Media å vere tilstade på ulike medieplattformer, og er engasjert i både radio- og tv-produksjonar gjennom ulike selskap. Avdelinga består i tillegg til medieleiaren, av redaksjonsleiar Egill J. Danielsen, informasjonsmedarbeidar/journalist Vilhelm Viksøy og grafikar Ole Jacob Ebbesen. Ebbesen har hatt 50 % permisjon eit år frå sommaren 2010, og avdelinga har derfor nytta seg noko meir av frilanstenester. sending av forkynnarar til Finnmark, og med å forkynna finnmarks-kallet ut over landet. Jorunn Eikemo har vore direkte tilsett i ImFs finnmarksarbeid i perioden, men helsemessige grunnar har ho hatt redusert funksjon i dette arbeidet. I tillegg til henne har forkynnarar og leiarar i ImF besøkt krinsen. Vi er takksame for alle som på si fritid tek ut i song- og vitneteneste, og fleire gjer også dugnad på leirstadane i Finnmark. Øytun folkehøgskule har hatt gode elevtal i perioden, og generalsekretæren har representert ImF i styret. Personalarbeid ImF ved personalleiar Aud Karin Kjølvik har halde fram med å organisere grupper der tilsette i organisasjonen saman med tilsette i andre organisasjonar kan få tilbod om å vere med i rettleiingsgrupper. Hausten 2009 vart det også starta opp ei eiga gruppe for krinsleiarane og generalsekretæren. Denne gruppa har vore samla tre arbeidsdagar per semester. I tillegg til det personlege utbytte for den enkelte, har denne gruppa betydd mykje i å knyte sterkare relasjonar mellom leiarane for krinsane og ImF. Elles er personalleiaren nytta inn mot ulike personalsamlingar i krinsar og skular, ho har personalansvar for forkynnarane, har ansvar for reiserute-planlegging og ho er fagperson i vårt arbeid med å førebygge og handtere seksuelle krenkingar, med meir. Song og musikk Solveig Algrøy har vore musikkonsulent i perioden, første året i 75% stilling og siste året i 50%. Resten av si arbeidstid har ho vore musikklærar ved Bibelskolen. ImF sine notebank vart nedlagt i 2010 på grunn av liten etterspørsel. Oppgåvene har då vore redusert til tilrettelegging av song og musikk-arbeidet i ImF-arrangement, og utøving av song og musikkteneste i ImF-familien På dette feltet må også nemnast koret divisi sin relasjon til Bibelskolen og ImF. Dette koret som har utspring frå Bibelskolen sin oppstart på Bildøy er viktig for organisasjonen både som kor og fagleg musikalsk ressurs. Forbundsstyret rettar varm takk til koret for godt medarbeidarskap. Jostein Myklebust takka av som dirigent etter GF i Molde, og Halvard Aase tok over. Finnmarksarbeidet ImFs finnmarksarbeid blir realisert gjennom økonomisk støtte til Finnmark Indremisjon, rådgjevingsteneste, Karl Johan og Anne Marie Hallaråker vart takka under GF i Molde Administrasjonen Haakon Georg Grung Moe var økonomi og administrasjonsleiar fram til hausten 2009. Stillinga vart då delt opp i to. Edith Molland takka ja til å gå inn i stillinga som økonomileiar og Anja S. Ulveseth Heggen takka ja til å gå inn som administrasjonsleiar. Andre tilsette på økonomiavdelinga er rekneskapsfullmektig Anne Karine Lauvrak. I administrasjonen er fylgjande tilsett; kontorsekretær Kari Anne Hetland Huse, kontorfullmektig Solveig Kopperud, kontorfullmektig Hilde Marie Angelskår og kontorassistent Vivian Austevoll. Administrasjonsleiaren har hatt personalansvar for desse. Fram til hausten 2009 hadde økonomi- og administrasjonsleiaren ansvar for IKT og andre tekniske oppgåver både sentralt og til hjelp for krinsane. Denne var også sakshandsamar for: Løns- og personalutvalet (LPU), Pensjonsutvalet, IT- utvalet, Finansutvalet, Evangeliseringsfondet og Navrestad legat. I tillegg var han styreleiar for eigedomsselskapet Vetrlidsalmenning 1 AS. I kraft av si stilling hadde han også ansvar kontakten mellom KNIF og KNIF Trygghet (forsikringsselskapet). Økonomileiar har ivaretatt rekneskapsføringar, men også hatt det overordna ansvar for økonomi og kontakt inn mot kundar og revisor. I tillegg har denne også hatt overordna ansvar for budsjettarbedet i samarbeid med dei ulike avdelingsleiarane, generalsekretær og Forbundsstyret. Økonomi og rekneskapsavdelinga har hatt ansvar for å føra rekneskap for 20 ulike kundar. Grunna tilsetjing av Øyvind Angelskår som IKT leiar hausten 2009 fall dei tekniske oppgåvene til administrasjonsleiar bort. Anja S. U. Heggen kom frå jobben som marknadskonsulent og har også ivaretatt nokre av desse oppgåvene etter stillingsskifte. I perioden har ein jobba 6 Toårsmelding for ImF 2009-2010

med å få oppdatert HMS reglar / informasjon på intranet, i tillegg til å utvikla nye samarbeid til hjelp i innsamling og personalarbeid. Vi har difor i perioden meldt oss inn i Soria Moria som er ein nøytral og uavhengig stiftelse. Formålet er å arbeide for betre rammevilkår og auke inntekter til ideelle og samfunnsnyttige verksemder. Våren 2010 meldte vi oss også inn i HSH (Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon). HSH ivaretek medlemane sine interesser ved å vere i forkant på bransjeforståing, kompetanseutvikling og arbeidsgjevarservice. Vidare vil HSH væra ein pådrivar for betre og meir rettferdige rammevilkår i tillegg til å tilby rådgjeving og tenester som styrkar medlemane sin organisasjon og konkurransekraft. I møte med dagens regelverk som stiller større krav til organisasjonar på profesjonalitet såg vi det som fordelaktiv å vere medlem av denne. I tillegg til å ivareta avtalar og oppfølging av ulike samarbeidspartnarar har administrasjonsleiar vore sekretær for Lyngdal bibelcamp, Løns- og personalutvalet (LPU), Evangeliseringsfondet, Navrestad legat og Sommarstemnet for å nemna noko. I tillegg har administrasjonsleiar hatt heilt eller delvis ansvar for loppemarknad, forbundslotteriet og innsamling. Andre fora som administrasjonsleiaren har vore involvert i er Singing In The City og som nestleiar i Vestbok AS fram til april 2010. I tillegg er denne styreleiar for eigedomsselskapet Vetrlidsalmenning 1 AS. Anja S. Ulveseth Heggen gjekk ut i svangerskapspermisjon 23. april 2010 og Ingebrigt S. Sørfonn har fungert som administrasjonsleiar i hennar fråvær ut desember 2010. Stillingar På sidene 38-39 finn ein oversikt over tilsette i ImF sentralt, og kva stillingsstorleik den enkelte har idet denne meldinga vert laga. Vi er takksame over å ha dugande og arbeidsvillige tilsette, både i administrasjonen og mellom forkynnarane. Utanom dei endringane som er gjort greie før ovanfor, kan vi nemne at forkynnar Olav Eikemo sa opp si stilling for å arbeide fast i Sogn og Fjordane Indremisjon, og Edvard Thormodsæter sa opp si stilling for å ta til med studier. Begge har seinare vore leigde inn i kortare oppdrag. ImF-UNG har gjort greie for sin stab i eiga melding. Konkrete saker Signal om vegval i kyrkjelandskapet På leiarplass i Sambåndet har vi så best vi har kunne gitt råd om vegval i den vanskelege kyrkjesituasjonen i landet vårt. Det er ikkje til å legge skjul på at situasjonen er alvorleg, og kampen for den sunne læra vert hardare og hardare. Ein del likar nok ikkje at vi ropar så høgt om læremessige spørsmål, for vi har jo rikeleg nok med våre eigne utfordringar. Sant nok, men problemet er at bedehusfolket på ingen måte er imune mot påverknaden frå surdeigen i liberal teologi. Derfor oppmoder Skrifta oss til å gje akt på oss sjølve og på læra (1.Tim.4:16). Etter etableringa av ImF Trossamfunn vert vi stadig utfordra på å gjere meir for at fleire skal melde seg inn, men vi har til denne tid kun valgt å informere sakleg og nøkternt til dei som ønskjer informasjon. Vi vil med det respektere det som vart sagt under arbeidet med den saka at vi skal vere varsame med å binde folks samvit i spørsmål om kyrkjemedlemskap. Så får det vere opp til generalforsamlinga om ein ønskjer ei meir offensiv haldning frå vår side. I kyrkjestriden har vi heile tida halde fram omsynet til dei bibeltru kreftene i DnK, og vi er frie til å sitere ein nyare leiarartikkel som strekar under dette: Mange kjempar ein tung kamp mot liberalisering og vranglære i landet vårt, og overmakta kan verke stor. Når leiinga i ImF har gjort strategiske tiltak eller uttalt seg som ein konsekvens av utviklinga i folkekyrkja, har vi alltid uttrykt ei tydeleg støtte til dei enkeltpersonar og grupperingar som står opp mot den vranglære som brer om seg i denne kyrkja. Når vi har gått til det skritt å etablere ImF Trossamfunn, så har vi gjort det for at kristne skal kjenne seg fri i sitt samvit, men samtidig har vi uttrykt at vi alltid vil stå saman med dei i DnK som vil stå på Guds ord og forkynne til vekking og omvending. Biskopar har den siste tida stadfesta at det ikkje skal vere mogleg å gjere teneste i denne kyrkja og samtidig rekne ei lære som seier ja til homoseksuelt samliv som vranglære og dermed som kyrkjesplittande. Vi vil gjerne uttrykke ei klar støtte til Carissimi-prestane og alle andre som vil stå opp imot ei slik villfaring. Kristne leiarar som lærer i strid med Guds ord har sjølv sett seg ut av rolla som åndelege tilsynsmenn, og ingen skal kjenne seg forplikta på å høyre dei eller følgje dei. Derfor forstår vi den smerte som mange prestar kjenner på i denne tid, og kampen for alternativt tilsyn er så absolutt legitimt. Vi vil likevel peike på at der er alternativ. Med utviklinga i dei store folkekyrkjene i Europa og Norden har fleire misjonsorganisasjonar markert sitt sjølvstende meir tydeleg enn før, og for Indremisjonsforbundet ligg dette i våre røter. I Syn og retningslinjer frå 1953 er forholdet til Den Norske Kyrkje og prestane blant anna uttrykt slik: «Vi forholder oss ikke til embedet, men til embedets innehaver.» Lekmannsrørsla nyttar seg av den kalls- og forsamlingsrett som vi meiner trua sitt folk har ut frå Bibelen og den evangelisk lutherske vedkjenninga. «Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk til eigedom, så de skal forkynna hans stordom, han som kalla dykk frå mørkret til sitt underfulle ljos,» (1.Peters brev 2:9). På denne basis har vi frimod til også å tilby vårt folk alle kyrkjelege handlingar. Ja, vi vil satse på Bedehuset i denne tid, og vi vil invitere alle som vil stå på Guds ord inn til å bruke Bedehuset som basis for misjonsarbeidet. Det vi ikkje vil ha inn, er eit anna kyrkje- og embetssyn enn det som ligg i våre røter. Vi vil nytte tilsynsmenn som vi har tillit til og som tydeleg står på Guds ord, og det er all den autoritet som trengs. Vigselsrett Det har vore ein del debattinnlegg som anfekter vigselsretten som vi har fått i ImF Trossamfunn, mellom anna frå eit sjølvoppnemnd tverrkyrkjeleg utval som tilrådde at kyrkjesamfunna seier frå seg vigselsretten. ImF gjorde grundige vurderingar før vi søkte om vigselsrett, og vi står saman med andre lutherske organisasjonar i ei felles forståing av dette. I ei tid då staten bryt ned synet på kva ekteskapet er for noko, treng vi at dei kristne trussamfunna byggjer dette opp. Vi har fått godkjenning av eit vigselsrituale der det som einaste formelle krav er likelydande spørsmål til mann og kvinne. Utanom det, kan vi fylle vigselshandlinga med det vi ønskjer å vektlegge, og det vert derfor gitt full anledning til å forkynne kva ekteskapet er, og ikkje er. Vi aksepterer ikkje den nye lova, og vil støtte alle initiativ for å få den endra, men samtidig må vi ta til etterretning at dette er den einaste offentlege registreringa som staten tilbyr no. For ekteskapet er ein samfunnsinstitusjon og skal registrerast offentleg - det må det ikkje vere tvil om. Avtale med DnK om dåp på Bedehuset Hausten 2009 kom det eit utspel frå biskopen i Møre om at ho ikkje utan vidare ville godkjenne dåp på bedehuset som tilstrekkeleg for medlemskap i Den norske Kyrkja (DnK). Med det fekk vi ein offentleg debatt om eit tema der ein del lokalt kyrkjeleg tilsette har vore usikre om korleis dei skal handtere dåpsmeldingar frå foreldre som ønskjer dåp på Bedehuset samstundes som dei vil stå i DnK. Debatten førte til ein dialog mellom ImF, Normisjon, NLM og Bispemøtet som resulterte i at ei arbeidsgruppe vart nedsett for å utarbeide Toårsmelding for ImF 2009-2010 7

ein avtale som skulle skape ryddige forhold i slike situasjonar. Avtalen vart underteikna våren 2011. Israel At temaet Israel og situasjonen i Midt-Austen vekker engasjement og sterke kjensler, fekk redaksjonen i Sambåndet erfare sommaren 2009 i samband med ein artikkel som temaet. Så vidt vi kan registrere, er det stor oppslutning i organisasjonen om det syn på Israel som har vore kommunisert frå ImF gjennom mange år, og også i denne perioden har vi fleire gonger på leiarplass poengtert at vårt syn på Israel og det profetiske ord ligg fast. Det er også brei semje om at styremaktene i Israel som ein sekulær stat skal målast på lik linje med andre statar, og dei må tåle kritikk når dei gjer seg skuldig i kritikkverdige forhold. Men det er når slik kritikk vert konkret at reaksjonane likevel vert sterke og harde ord kan falle. Vi vart nokre erfaringar rikare etter sommarens debatt, men vil halde fram at det ikkje tener Israels sak at debattrommet vert så lite og klamt at berre eit skeivt ord skal til for å løyse ut fordøming og usaklege personangrep. fleire stader. Men på generelt grunnlag er det er behov for å understreke respekten for dei demokratiske spelereglane slik det er nedfelt i våre normallover. Når dei vert sett til side, rydder det gjerne grunnen for uformelle interessegrupper som lett kan skape spenningar og motsetningar. Overtaking av bedehuset Betania Laksevåg Hausten 2009 fekk ImF ei henvending frå Laksevåg Indremisjon der dei meldte om at foreininga sine medlemer ikkje lenger såg seg i stand til å ta hand om vedlikehald og drift av bedehuset Betania. Etter ein konstruktiv dialog vart resultatet at ImF overtok huset våren 2010 med løfte om å drifte det som forsamlingshus så lenge foreininga maktar å halde arbeidet oppe. Fokus på trusopplæringa i heimen To av medlemane i ImF sitt forsamlingsråd var hausten 2009 på ein konferansen i Dallas i USA der temaet var Heimen som trusformidlar. Deira entusiasme førte til at 7 representantar for krinsar og forsamlingar (pluss generalsekretæren) drog til den same konferansen i 2010. Dei siste tiåra har vi gjort mykje godt med å hjelpe foreldre ved å tilby ulikt barne- og ungdomsarbeid, men vi har gløymt å gjere foreldre medvitne om deira eiga ansvar og muligheit til sjølv å drive systematisk trusopplæring i heimen. Derfor ønskjer vi å arbeide for eit sterkare fokus rundt dette temaet. Det har alt vore framme på ulike samlingar i organisasjonen, det vil vere framme under generalforsamlinga dette året, og vi planlegg ein eigen konferanse hausten 2012. Utfordringa er klar: Foreldre og besteforeldre må få augene opp for at ingenting kan erstatte deira påverknadskraft på barna og barnebarna, og gje dei frimod til å ha planmessig opplæring i heimen. Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes Ny økonomisk modell for Lyngdal Bibelcamp Vi kan glede oss over at Lyngdal Bibelcamp framleis er eit populært feriemål for mange. Den gode satsinga på barneog ungdomsopplegget har ført til at stadig fleire ønskjer å legge ei ferieveke til campen. Den økonomiske situasjonen for KVS Lyngdal (som står for drifta av campen) i 2009 gjorde at vi måtte utarbeide ein ny økonomisk modell mellom skulen og ImF framfor 2010-sesongen. Det gjorde at vi måtte gje eit litt dårlegare tilbod til våre tilsette og frivillige, men økonomisk vart det ein god sesong for skulen og brukbart for oss. Vi vil elles uttrykke stor takk for eit godt samarbeid med KVS Lyngdal om dette viktige misjonsarbeidet. Lokale konflikter Generalsekretæren er blitt inkludert i fleire lokale konfliktsituasjonar, og har saman med krinsleiarane etter beste evne prøvd å hjelpe partane til å finne ein farbar veg ut av dei ulike situasjonane. Det er smerteleg når det vert strid mellom trussøsken i lokale forsamlingar, og det er vanskeleg å trekke opp retningslinjer som skal forhindre at det hender Vanskar for Bok og Media Vestbok AS ImF er største aksjonær i Bok og Media Vestbok AS, som har tre avdelingar i og rundt Bergen. Våren 2010 var det klart at den økonomiske stoda for bedrifta var kritisk etter sviktande sal og omfattande rehabilitering av eigedomen vår i Bergen sentrum. Etter ei konstruktiv ekstraordinær generalforsamling, gjekk ImF inn med eit lån på kr. 1,5 million for å sikre vidare drift. Det er elles gjort grep i leiing og drift for å kome inn i eit betre spor, men ein må også erkjenne at dette er ein bransje som generelt slit med lav inntening, og misjonsfolket må sjå si oppgåve med å bruke dei kristne bokhandlarane som er att. Forvaltning av eigendomen på Bildøy ImF fekk hausten 2009 ei henvending frå den lokale NLMforsamlinga, Tremorkirken, om det kunne vere aktuelt å reise eit forsamlingsbygg i tilknyting til Bibelskulen Bildøy. Henvendinga medførte behovet for ein del prinsipielle avklaringar, der styret ønskte Tremorkirken velkomen som medlem i ImF om dei skulle ønskje det. Deretter vart det nedsett ei arbeidsgruppe som skulle utgreie misjonsstrategiske, kulturelle og økonomiske konsekvensar av det tette samarbeid mellom Tremorkirken og ImF som låg i ei samlokalisering på ImF sin eigendom. Utvalet kom til den slutninga at forsamlinga var best tent med framleis å vere lokalisert på Straume. Som ein biverknad av saka, har det skapt tankar om korleis ImF skal forvalte eigedomen på Bildøy på ein god måte framover. Manglande ressursar til vedlikehald av bygningsmassen 8 Toårsmelding for ImF 2009-2010

på Bildøy, og generelt mindre behov for tenestebustader for Bibelskulen sin stab, har gjort at ein sette i gong prosessen med å selje ein del av bustadane. Rektorbustaden vart selt sommaren 2010, og det var ei enkel sak fordi bustaden ligg i eit bustadfelt. For dei andre bustadane er saka meir kompleks då området er regulert til allmennyttige føremål. Prosessen er derfor stoppa litt opp i påvente av omregulering. Ny rektor ved Bibelskulen Bildøy Arnfinn Norheim signaliserte vinteren 08/09 at han ønskte å gå av som rektor ved Bibelskulen Bildøy, men gjerne halde fram som bibellærar. Etter ein del sondringar, vart inspektør Roald Kvam innstilt til stillinga av ImF-styret som er forstandarskap for Bibelskulen, og skulestyret føretok den formelle tilsettinga hausten 2009. Norheim vart takka av under Arbeidarfesten 2010, og det var også forbønshandling for ekteparet Kvam. Vi er takksame for å ha Roald i stillinga, og han møter også fast i ImF-styret (i.h.t. tidlegare vedtak). Seksuelle krenkingar Etter fleire år utan konkrete saker, måtte koordineringsgruppa handtere tre tilfelle i siste halvdel av 2010. Alle sakene er handtert i tråd med dei retningsliner som er nedfelt i samarbeid med tre andre organisasjonar. Det er dessverre naudsynt å halde eit tydeleg fokus på dette feltet for å førebygge at fleire slike krenkingar skjer. Vi ser på alle sakene som avslutta, sjølv om det ofte vil vere behov for oppfølgingssamtalar vidare. Revidering av ordningar I 2009 nedsette ImF og NLM ei arbeidsgruppe som skulle arbeide fram felles ordningar for dåp, konfirmasjon, nattverd, gravferd og salving for sjuke. Like etter oppstart vart også Normisjon inkludert i dette arbeidet. Vi trur det vil vere ein styrke med felles ordningar for dei tre største organisasjonane som har uttalt at ein ser på Bedehuset som sin arbeidsplattform. Arbeidet vil vere fullført hausten 2011. Samarbeid med andre Familie og Medier Denne organisasjonen er eit evangelikalt fellestiltak som byggjer på Lausannepakta, og dei held til i Dagen sitt hus i Bergen. Jarle Haugland tok over som dagleg leiar i 2010, og vi er takksame for den måten han og resten av organisasjonen gjer seg synlege i mediebildet. Organisasjonen set viktig fokus på sentrale verdiar i kyrkje og samfunn, og har stor mediekompetanse. FoM var ein av samarbeidspartnarane under etableringa nettsatsinga omgud.net. Vi vil også få nemne Barnevakten som ein stor ressurs både for foreldre, kyrkjer og organisasjonar, og vi nyttar også materiale frå dei i Sambåndet. Kristeleg pressekontor (KPK) KPK gjer ei viktig teneste med å spreia andaktar og glimt frå kyrkje- og organisasjonslivet til ulike media både lokalt, regionalt og sentralt. Norsk organisasjon for misjon og evangelisering (Norme) Denne fellesnemnaren etter Norsk Misjonsråd, Lausannerørsla og Den evangeliske Allianse, har ein viktig funksjon mellom personar, organisasjonar og kyrkjer på evangelikal grunn. Norme arrangerer årleg konferanse og årsmøte samt ein eigen leiardag m.m, og generalsekretæren har møtt på ein del av dette i perioden. Rusfri og Blå kors Blå Kors har stor kompetanse og erfaring innan diakoni og rusførebyggande arbeid og behandling av russkadde. Dagleg leiar i ImF-UNG, Kenneth Foss, har representert ImF i Blå Kors-styret denne perioden. Det er ei smerteleg kjensgjerning at det skjer ei liberalisering også mellom kristne når det når det gjeld synet på alkohol, og Blå Kors vil vere ein viktig samarbeidspartnar for å reversere denne utviklinga. Derfor vil vi også vere med og ta del i organisasjonen si strategiske tenking framover. Si-REISER ImF opplever Si-REISER som ein nær medarbeidar med å nå feriefolket med Guds ord og diakonal omsorg i vår tid. Vi er glade for å kunne melde at drifta under leiing av Jon Teigen går godt for tida. 2010 var eit rekordår økonomisk sett, mykje på grunn av overveldande tilslutning til selskapet si satsing på pasjonsspela i Oberammergau. Vi er også takksame over Si-REISER si satsing på Israel, då vi vil oppmuntre folk til å reise dit og støtte det jødiske folk. I 2009 feira Si-REISER trettiårs-jubileum. Dette vart markert både under Arbeidarfesten, under generalforsamlinga i Molde, og under hovudfeiringa på Beitostølen i september. Kristen Riksradio (P 7) Johnn Hardang er radiopastor og leier dette arbeidet på ein dyktig måte. Mange av våre nærradioar bruker materialet som organisasjonen sender ut, og det er til stor velsigning for trufaste lyttarar. I perioden har dei også kome i gong med sendingar på Frikanalen søndag formiddag. P7 var også ein av samarbeidspartnarane under etableringa nettsatsinga omgud.net, og vi er glade for at dei framleis vil stå med oss i dette. Kristent TV-arbeid er i vår tid eit strategisk misjonsarbeid som møter mange rundt i heimane. Samtidig som vi gleder oss over dette er det liten tvil om at den forkynning og rettleiing som mange får inn i heimane på denne måten, til tider kan sprika mykje læremessig og skapa mange problem og stor åndeleg forvirring. Dette har også vore tema i Sambåndet i perioden. Den beste og positive måten vi kan møta desse utfordringane på er med å gje eigne positive tilbod basert på Guds ord og den åndelege profilen som ImF står for. Både ImF-UNG og krinsane sine podcast-satsingar er gode alternativ i så måte. Menneskeverd ImF er med i denne fellesskapen som særleg er oppteken av vern av ufødde born og menneske i avslutningsfasen av livet. Forbundsstyret er glad for at mange indremisjonsvenner er engasjerte i dette arbeidet, og vi oppforder misjonsfolket så sterkt vi kan til å bli personlege medlemer. Menneskeverd er også oppteken av bioteknologilova, og er ein viktig ressurs på heile dette feltet for vern av liv. Nordisk Indremisjonsråd (NIR) NIR er eit positivt nettverk mellom indremisjonsorganisasjonar i Norden. Det formelle årsmøtet er kvart tredje år med val av styre og drøftingar av aktuelle spørsmål som har verde for medlemsorganisasjonane. Mellom årsmøta har det skifta med ulike medarbeidarsamlingar. Innan NIR er det også eit eige ungdomsnettverk (Nimbu). Generalsekretæren i ImF gjekk inn i styret i 2010 som norsk representant. Europeisk Indremisjon (Eurim) Eurim er eit lausare nettverk som kom i stand mellom nordiske misjonsleiarar og leiarane i Gnadauerrørsla i Austog Vest-Tyskland. Forbundsstyret har sett det som viktig at ImF er med i dette nettverket både for å ha god relasjon til søsterrørsler i Europa, og for å vera med på å styrkja indremisjonsrørsla i europeiske kyrkjer. Eurim si framtid er likevel til debatt, ikkje minst fordi evangeliske alliansar av Toårsmelding for ImF 2009-2010 9

mange vert prioritert høgare. Årsrekneskap nøkkeltal For driftsåret 2009 var det budsjettert med eit samla underskot på 1.1 mill kr. Resultatet vart eit underskot på 3.8 mill kr, altså 2.7 mill kr dårlegare enn budsjett. I all hovudsak skuldast dette ei ekstraordinær nedskriving av Bibelskulen Bildøy AS på 2,5 mill kr. rikelig mål!» Ingen kan tvingast til å gje, men også dette er noko Gud legg ned i hjartet til den enkelte. Vår oppgåve er å leie arbeidet i ei sunn retning og informere om behov, og så må misjonsfolket eventuelt korrigere kursen og ta ansvaret på å halde verksemda oppe i bøn og gjevarteneste. For driftsåret 2010 var det budsjettert med eit samla underskot på 1.1 mill kr. Resultatet vart eit overskot på 1.4 mill kr, altså 2.5 mill kr betre enn budsjett. Forklaringa er salet av rektorbustaden på Bildøy som gav ein netto på vel 2,6 mill kr. Når det gjeld ImF sitt konsernrekneskap viser me til eiga oppstilling. Nedanfor følgjer ein del nøkkeltal for rekneskapsåra 2009/2010: Misjonstilskotet frå krinsar og byforsamlingar utgjorde for 2009 2,7 mill kr og for Indremisjonsforbundet sitt styre siste to åra 2010 3,0 mill kr. Gåver og kollektar var i 2009 6,0 mill kr og i 2010 5,5 mill kr. Denne nedgangen i gåveinntekter fører oss attende til nivået frå 2008. Av dei totale gåveinntektene utgjorde FGS (Fast gjevarteneste med skattefrådrag) både i 2009 og i 2010 1,4 mill kr. Kollektinntektene gjekk ned med nærare 300.000 kr frå 2009 til 2010. Testamentariske gåver utgjorde litt over 300.000 kr både i 2009 og i 2010. Lønskostnadane var i 2009 11,0 mill kr og i 2010 11,1 mill kr. Netto finansinntekter utgjorde i 2009 1,2 mill kr og i 2010 0,7 mill kr. Kapitalforvaltning: Sommaren 2007 plasserte ImF 10,6 mill kr i såkalla aktiv kapitalforvaltning. Det vart valt 5 års plassering, med låg risiko (70% av midlane i livsforsikringspolisar, 15% fordelt i tre aksjefond og 15% i to eigedomsfond). Som følgje av finanskrisa var verdien av plasseringane ved utgangen av 2008 redusert til 9,8 mill kr. I 2009 vart 4 mill kr av plasseringane innløyst. Ved utgangen av 2009 vart verdien av dei attståande plasseringane 7,0 mill kr. Pr 31. desember 2010 hadde denne verdien auka til nærare 7,6 mill kr. Dette betyr ei gjennomsnittleg avkastning på om lag 5% pr år. Fokus på gjevartenesta og tienden I ymse samanhenger har vi hatt fokus på gjevartenesta og tienden. ImF og krinsane og lokale forsamlingar er i same båt - vi henvender oss til det same misjonsfolket, og vi bed om midlar til å drive framtidsretta misjon i Norge. Vi har gode og praktiske ordningar for fast gjevarteneste. Med evangelisk fridom som grunnlag, har vi også peika på tidenden som ei god rettesnor. Malakias 3:10 lyder slik: «Bær hele tienden inn i forrådshuset, så det finnes mat i mitt hus. Prøv meg på denne måten, sier Herren, hærskarenes Gud, om jeg ikke vil åpne himmelens luker for dere og øse ut velsignelser over dere i Takk Takka rettar vi først til misjonen sin Herre. Det var han som tiltrudde oss kallet og gav si kraft til tenesta. Forbundsstyret kjenner på stor takk til Gud for det kallet som vi har fått i indremisjonsfamilien: Med Guds ord til folket. Ikkje mindre viktig er det kallet han gav oss om å medverke til misjonen til folkeslaga og omsorga for Guds utvalde folk Israel. Vi takkar misjonsfolket som har vist oss tillit og omsorg i offer og bønn, og som har stått med i kallet. Vi takkar kvar kvinne og mann, ung og eldre, som trufast står med i arbeidet rundt i landet. Vi takkar alle medarbeidarar sentralt, i krinsane og byforsamlingane, i barnehagar, skular, institusjonar og lokalt for dyktig arbeid, trufast teneste i arbeidet for evangeliet. Takk også til ektefellar og familiar som deler kallet. Vi takkar alle samarbeidspartnarar rundt i landet og i Norden som vi har fått dela kall og teneste med. Vi helsar alle med ordet i Sef 3:17 Herren din Gud er hjå deg, ei kjempe som kan frelsa. Han gleder og frydar seg over deg, tek deg atter inn i sin kjærleik. Han jublar over deg med fryd, Sverre Dag Ljønes (formann) Reidar Røyland (nestformann) Knut Sørheim (medlem av hyrderådet) Arne Lindekleiv Emil Krakeli Atle Våge Odd Asbjørn Nybø Grethe Snildalsli (1 vara) Marit Mulelid (2 vara) Kjell Hauan (3. vara) Erik Furnes (generalsekretær) 10 Toårsmelding for ImF 2009-2010