Tjukk, snill og litt ekkel



Like dokumenter
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Valdres vidaregåande skule

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

mmm...med SMAK på timeplanen

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Brødsbrytelsen - Nattverden

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Samansette tekster og Sjanger og stil

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

«Ny Giv» med gjetarhund

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.


INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Saksbehandling kva er no det?

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Frå novelle til teikneserie

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Høgskolen i Østfold. Studieplan for. Norsk 1. Studiet går over to semester 30 studiepoeng. Godkjent av Dato: Endret av Dato:

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Jon Fosse. For seint. Libretto

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Kvalitetsplan mot mobbing

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Den nye seksjon for applikasjonar

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Finansiering av søknaden

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Leksikaliseringsprosessar i samansette verb: Adjektiv eller partisipp?

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Kva er økologisk matproduksjon?

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Til deg som bur i fosterheim år

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

Kom skal vi klippe sauen

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Brukarrettleiing E-post lesar

Transkript:

Melding publisert i Norsklæraren 18.2 (1994), 44-47. Attgjeven etter avtale med forfattar og redaksjonen av Norsklæraren. Tjukk, snill og litt ekkel Melding av Odd Einar Haugen: Grunnbok i norrønt språk. Ad Notam Gyldendal, Oslo 1993. 304 sider. Av Jardar Eggesbø Abrahamsen Underskrivne meldar er student, noko som vil prege bokmeldinga. Denne boka byggjer til dels på den førre læreboka i norrønt frå Haugens hand, Grunnkurs i norrønt språk (heretter kalla Grunnkurs). Mykje er likevel endra i denne nye boka (heretter kalla Grunnbok). Ho er for det fyrste mykje meir sjølvstendig. Grunnkurs var meint å brukast saman med Iversens grammatikk, medan Grunnbok godt kan nyttast åleine. Fylgjeleg er då Grunnbok mykje tjukkare enn den førre, som elles bygde meir direkte på Haugens eigne førelesingar. Jamvel presentasjonsstrukturen er endra i den nye boka. Boka er etla nordisk grunnfag på universitet og høgskular. I Grunnkurs slo Haugen fast i føreordet at boka var i all hovudsak synkron ; i Grunnbok skriv han sameleis at oversynet er hovudsakleg frå ein synkron synsvinkel. Alt i alt er han meir synkron no enn før. Om me skal take fonologien fyrst, so er han delt i to: synkron og diakron fonologi. Den synkrone fonologien femner om fonemsystemet i klassisk norrønt med tilhøyrande prosodi. Derimot ser han diakront på avljod, bryting og omljod, som ventande kunne vere. Dette gjeld likevel berre introduksjonskapitla om fenomena (kapittel 3 og 4). I morfologidelen fører nemleg den sterke synkrone vinklinga til inkonsekvensar i framstillinga. Soleis skriv han på s. 175 om ja-konjugasjonen at den omlydsskapande /j/ framleis står på presenssteget. På s. 182 skriv han derimot at i telja-klassa er det generelt j-innskot på presenssteget, men samstundes at i alle verb med j-innskot fell /j/ føre konsonant og /i/ etter vanlege reglar. Dermed opererer han i kap. 6 ( Fonologiske og morfologiske reglar i bøyinga ) både med j- og v-innskot (morfologisk regel) og j- og v-bortfall (fonologisk regel). Innskotsreglane er det likevel freistande å take regelstatusen ifrå, sidan dei pr. definisjon berre gjeld nokre utvalde verb, adjektiv og substantiv (s. 86f). Ikkje minst kolliderer synkroniteten med seg sjølv i framstillinga av bortfall av /j/ og /w/ s. 79, her sitert om /j/: Som følgje av j-innskot eller i-omlyd kan halvvokalen /j/ koma føre fremre vokalar. I slike tilfelle fell /j/ bort, medan vokalen blir høg. Korleis

2 kan ein tale om j-innskot når der ikkje finst /j/? Endå verre vert det ved regelformuleringa nettopp om j-innskot s. 87: Halvvokalen /j/ blir skoten inn føre bøyingsendingar på /a/ og /u/, men ikkje føre tvillingbroren /i/, og heller ikkje i rein utlyd eller føre konsonantar. Det er altso snakk om to nær komplementære reglar: Den eine gjer greide for når det det kjem inn ein /j/ eller /w/, hin gjer greide for når det ikkje kjem inn ein /j/ eller /w/. For ordens skuld: Heilt komplementære er ikkje reglane. Bortfallsregelen vert òg bruka til å forklåre former som fir i, der den forsvunne j-en ikkje er å tolke som noko slags j-innskot. På s. 67 hev Haugen ei meir generativistisk framstilling av synkope i forma aptan + i -> aptni. Å operere med underliggjande former som dette (eller strukturalistisk: diakron analyse) ville truleg ha gjort framstillinga av /j/ og /w/ noko meir oversiktleg: Den underliggjande forma er /telji/, /teljr/ eller /telj/, men /j/ fell i utljod og føre konsonantar og /i/. Ein parallell strategi kunne nyttast for v-bortfallet. På dette viset kunne det òg høve seg å nemne at det er den underliggjande/bortfalne /j/ eller /w/ som er årsak til at rotvokalen er høvevis fremre og ofte runda. (Haugen nemner berre samsvaret mellom vokal og innskot, ikkje årsaka, anna enn det generelle som stend om omljod s. 56f.) No hev eg likevel bruka stor plass på berre nokre få punkt i den fonologiske framstillinga, og eg skyldar å nemne at eg likar resten av henne. Innleidingskapitlet inneheld ein førebuande presentasjon av uttalereglar, deretter kjem eit grundigare oversyn over synkron og diakron fonologi (kap. 3 og 4 som nemnde). Mellom kap. 4 og dei fonologiske og morfologiske reglane i kap. 6 er det ei førebuande og elementær innføring i morfologi. I Grunnkurs var dei fonologiske og morfologiske reglane lagde til eit kapittel nær slutten. Her kjem altso reglane før paradigma. Personleg hadde eg ikkje noko imot oppbygginga i gamleboka, der regelkapitlet gjerne vart oppslagskapittel. Men det er klårt at dersom ein les boka frå perm til perm, so kan det vere like kjekt å støyte på fonologiske reglar i morfologikapitla og der oppdage at dette hev eg lese noko om før. I alle høve er det i døma stadig nummerreferansar til dei ulike reglane som verkar inn, og i tradisjon frå Grunnkurs kjem det med jamne mellomrom oppsummeringar av relevante reglar. Morfologikapitla er dei som er mest omstrukturerte både i høve til Grunnkurs og andre tidlegare norrøngrammatikkar. Kap. 7 heiter Kategoriar og klasser, og kan ved fyrste augnekast verke både altfor elementært (innføring i kva kasus, numerus m.m. er for noko) og som eit større sidesprang. Men det er ein god skikk å take ein slik grunnargumentasjon når kapitlet munnar ut i eit paradigmeskifte i ordklasseinndelinga, sjølv om det gjer boka både tjukkare og kanskje meir skræmande for studentar på fyrste semester nordisk grunnfag. I den nye inndelinga støttar Haugen seg til Rønhovd (1993) og Norsk referansegrammatikk (som framleis er under skriving). Soleis vert gamle adverb som høgt på formelt grunnlag endeleg og éin gong for alle klassifiserte som adjektiv. Dei gamle pronomena er kløyvde i to ordklasser: pronomen og determinativ, der den siste inne-

3 held m.a. dei possessive pronomena. Den gamle ordklassa konjunksjonar er òg delt i to, slik at dei underordnande konjunksjonane no utgjer ei eiga ordklasse, subjunksjonar. I tillegg til denne nyinndelinga er den primære aksen i morfologikapitla ikkje ordklasser som sovorne (substantivbøying, adjektivbøying); primæraksen er direkte morfologisk motivert (substantivisk bøying, adjektivisk bøying). Soleis hamnar m.a. possessiva i kapitlet adjektivisk bøying, saman med ein del andre determinativ og adjektiva. Resten av determinativa finn me saman med pronomena under pronominell bøying. Dette kan gjere det noko vanskeleg å finne fram i boka, sidan det set føre at ein allereide veit det som ein gjerne leitar etter, nemleg korleis orda vert bøygde. Den synkrone vinklinga gjer at Haugen bryt med tradisjonen på fleire punkt internt i den substantiviske og verbale bøyinga, spesielt ved substantiva. Tradisjonelt (les: Iversen) hev me ei inndeling av substantiv etter stammer (den overordna klassifiseringa sterk mot linn er redundant), deretter kjønn. Haugen er mykje meir synkron, og dei samanfalla som finst med tradisjonell inndeling, hev årsak i dei tilfeldige konsekvensane av at stammesuffiksa ofte var nasaldekte i akk. pl. i urnordisk. Fyrste inndelinga til Haugen er sterk mot linn bøying, deretter genus, og til slutt ulike klasser, dei fær namn etter endinga i akk. pl. I samsvar med praksisen med j- og v- innskot slær han saman t.d. dei maskuline a-, wa-, ja- og ija-stammene til éi maskulin a- klasse. Forholdet er slik mellom den tradisjonelle inndelinga og Haugens inndeling: m. a-stammer = sterk m. a-klasse n. a-stammer = sterk n. null-klasse f. o, wo, jo = sterk f. ar 1 -klasse f. ijo -stammer = sterk f. ar 2 -klasse m. i-stammer = sterk m. i-klasse f. i-stammer = sterk f. ir-klasse m. u-stammer = sterk m. u-klasse m. an-stammer = linn m. a-klasse n. an-stammer = linn n. u-klasse f. on-stammer = linn f. ur-klasse f. in-stammer = linn f. i-klasse m. nd-stammer = linn m. r-klasse m. r-stammer m. éinstava konsonantstammer = sterk m. r-klasse f. r-stammer f. éinstava konsonantstammer = sterk f. r-klasse f. éinstava vokalstammer Dei to feminine ar-klassene er i framstillinga berre variantar av éi sams ar-klasse. Den gamle inndelinga med stamme over genus gav eit meir einskapleg inntrykk av likskapar på tvers av kjønna. Ved å take genus før ei stammeinndeling (klasser) hev

4 Haugen i prinsippet gjort det same som Spurkland (1989), berre at sistnemnde set nummer på klassene sine i staden for endings-namn. Begge dei to forfattarane er då heller synkrone av seg (Spurkland mest). Spursmålet er kor mykje vits det er i ein slik taktikk. Norrønstudiet er trass alt fagleg sett diakront motivert, det er ikkje snakk om å lære norrønt for skuld norrønten; disiplinen ligg der som kjernen i den diakrone forståinga av norsk/nordisk spesielt og diakroni generelt på nordisk grunnfag. På ei anna side er det nettopp grunnfag boka er etla for, som ei innføringsbok, og det motsette spursmålet er kor stor vits det er i å vere for diakron av seg. Det seier seg sjølv at det må vere vanskeleg å vere passe synkron og samstundes leggje grunnlaget for vidare studium med ein mest mogleg smertefri overgang til tradisjonell inndeling. Eg vil hevde at Haugen hev klart det berre knappast, og dét takka vere bruken av petitar. For kvar klasse er det ein liten kommentar i petit, der ogso den tradisjonelle stammeinndelinga er nemnd. Eg vil tru det er ein rein glipp at dette ikkje er kommentert for nd-stammene. Trass dette er det vandt å kome forbi at med so stor vekt på genus i høve til deklinasjon, og med so lite å halde seg til i urnordisk, so er det ikkje lett å sjå kvifor to substantiv med same genus vert bøygde ulikt. Av oss moderne nordmenn er det vel få som tenkjer over at genus hev med kongruens å gjere, og ikkje kan sjåast på sjølve substantivet. Større vert derfor ikkje forståinga når Haugen skriv at genus er ein ibuande kategori i substantivbøyinga (s. 111). Ei anna sak er sjølvsagt at genus hev vore med på å skape brigde i substantivdeklinasjonane, både før norrøn tid og etter; men i norrønt kan me neppe seie at dette er ei heldig inndeling dersom ein vil ha eit forklårande oversyn over substantivbøyinga. Dei som les petitane og ikkje kjenner Iversen, vil dessutan ha vanskeleg for å finne ut kva eit stammesuffiks eigentleg er. Haugens inndeling vil etter min smak høve betre når språket ikkje skal studerast som referansespråk innan diakronien. Dette er mest aktuelt for moderne norsk. Ogso verba hev fenge ny inndeling, men ikkje so radikalt som substantiva. For dei linne verba gjeld det at ija- og e-konjugasjonane er slegne saman. Dei tri klassene fær då namn etter representantane kasta, telja og dõma. Dei sterke verba er grupperte på vanleg måte, men dei fire fyrste klassene av reduplikasjonsverba er omdøypte til sterke verb, 7. klasse, og femte klasse av reduplikasjonsverba er grupperte (men ikkje slegne) saman med dei preteritopresentiske som blanda bøying. Reint synkront er dette inga ulempe, og som ei innføring er det kanskje like greidt. Det einaste måtte vere at det vert vanskeleg å forklåre dei vekslande fortidsendingane i døü ma-klassa. Men ogso her hev forfattaren lagt inn opplysande petitar. Eit anna brot med tradisjonen er den gjennomførde bruken av 3. person i a verbobøyinga og inkjekjønn i perfektum partisipp. Eg tykkjer likevel ikkje at dette er noko å gram-mule seg over. I alle fall er kasusfylgda NGDA; ei endring her ville hatt større konsekvensar. I Grunnkurs var substantiva og verba delte på to kapittel kvar, noko eg uttrykte stor

5 glede for i ei melding av henne, der eg oppfatta boka nærast som ein roman. På sett og vis var den gleda på sin plass, for boka fungerte nesten som ei førelesing, og dét ei god og systematisk ei. Grunnbok hev ikkje denne oppsplittinga, og ho er då heller ikkje noka førelesing. Derimot hev Haugen klart å finne den vanskelege balansen mellom referansebok og innføringsbok som han nemner på s. 15, om me då gløymer usemja om kor synkron ei slik bok bør få vere. Som han sjølv skriv, er boka disponert som ei referansebok, men dét tyder ikkje at det ikkje er ein meir eller mindre logisk progresjon i henne. Det gjeng lett å fylgje med, og ikkje minst viktig er det at språkføringa er lett og tonen heile vegen er dus med innslag av humor. Siste delen av boka tek føre seg syntaksen. Han er til all heppe noko meir omfattande enn me er vane med. Verbalsyntaksen er valensgrammatisk, og kapitlet gjev eit fint oversyn over norrøne verb i det ljoset. Adjektiv og preposisjonar er òg med. Vidare er setningsstrukturen presentert i eit transformasjonalistisk perspektiv, utan å gå lenger enn til å nytte omgrepet underliggjande former (s. 237). I praksis er det snakk om å rekne med usynlege og strokne lekkar (t.d. stryking av subjekt i koordinasjon og upersonlege konstruksjonar). Siste kapitlet, nr. 17, er ein ny gjennomgang av bøyingskategoriane frå kap. 7 (kasus, numerus osb.), men no den funksjonelle sida ved dei, som ein syntaksdel det kan seg søme (i kap. 7 var det den formelle sida som stod i fokus). Bak i boka er det òg ei avdeling med merknader og referansar og eit ordregister med sidetilvisingar. Delar av boka kan tykkjast overflødige. Dette gjeld spesielt den grunnleggjande innføringa i fonologi og morfologi. Haugen grunngjev det sjølv i føreordet med at boka er skriven som ein del av fjernundervisingstilbodet FJERNORD. Mi eiga meining er at det ikkje gjer noko med for mykje grunnlærdom, sjølv om grunnlærdomen i dette tilfellet er forprøvestoff. Det hadde vore verre om det mangla noko. Slik boka er skriven, tek ho dessutan heller ikkje skade av det elementære. Men morfologiinnføringa ville nok ha vore meir nyttig med eit større innslag av urnordisk, og boka vert tjukkare og mindre oversiktleg enn ein strengt teke skulle trenge. Alt i alt viser boka med sidespranga tydeleg det som mange (ikkje minst ferske studentar) kan ha vanskeleg for å sjå: at ein disiplin ikkje er autonom, men at alt grip over i kvarandre. Boka er fagleg stød, ho er bygd opp på ein so pedagogisk måte som ei referansebok kan vere, samstundes som ho inneheld meir enn berre det strengt norrønfilologiske. Dette siste ser eg på berre som ein føremun (trass den tradisjonen som finst for å skrive verk der det i beste fall er oppgjeve referansar til relevante grannedisiplinar). Til slutt skal eg berre akke meg litt over termen sonorant, der me på norsk hev ordet sonant. I omtalen av framburd (s. 24, 43) kunne ein godt nemne ff, og eg saknar døme på distribusjonen av /ju:/ og /jo:/ (s. 52). Fransk u er eit dårleg døme på kontinental og norrøn uttale (s. 25), og i ordet halv finn me ikkje palatal lateral i norske dialektar (s. 32). I merknadene s. 289 hev prentesvarten vore ute med dei vokaliske allofonane [u] og [v]. Dette skal vere [i] og [u]. Eg meiner òg å ha registrert at forfattaren vekslar mellom e-infinitiv og kløyvd infinitiv, medan han i omsetjingane frå dei norrøne døma alltid nyttar

6 a-infinitiv. Men akkurat der er ikkje eg den rette til å setje nokon på plass! Elles fann eg ein del småpirk. Den nye boka frå Odd Einar Haugen skil seg ut i tradisjonsbrota, men òg i den snille forteljemåten. Ho er oversiktleg og greid som oppslagsverk, med atterhald om at ein leitar etter paradigme til gjevne bøyingsklasser, og dét kan nok ikkje alltid vere like beint fram. Men eg vil hevde at ho er god å lese frå perm til perm. Det er eit ordregister i henne, men om eg skal få lov til å vere kravstor, so ville eg gjerne hatt eit generelt stikkordsregister òg, spesielt fordi det nettopp er bøyingsklassene og ikkje ordklassene som er primære i disposisjonen. Etter min smak er boka eit par hakk for synkron, men på denne bakgrunnen gled eg meg over dei diakrone petitane. Grunnbok i norrønt språk kan sjølvsagt aldri take plassen til dei gamle klassikarane, men so er ho heller ikkje meint som noko anna enn innføringsbok. Eg var noko overivrig då eg melde førre boka frå Haugen; eg skal ikkje vere like ivrig no. Hadde boka vore meir diakront orientert, ville ho nok likevel ha fenge ein fin karakter. Litteratur Abrahamsen, Jardar Eggesbø: Odd Einar Haugen: Grunnkurs i norrrønt språk. Nordisk institutt. Bergen, 1990. (bokmelding) i Norsk Lingvistisk Tidsskrift 1/1991. Haugen, Odd Einar 1990: Grunnkurs i norrønt språk. (3. reviderte opplag.) Nordisk institutt. Bergen. (Sjå òg 4. rev. oppl., 1991.) Rønhovd, Jarle 1993: Norsk morfologi. Oslo: Ad Notam Gyldendal. Spurkland, Terje 1989: Innføring i norrønt språk. Universitetsforlaget. * * * Jardar Eggesbø Abrahamsen er hovudfagsstudent ved Nordisk institutt, Universitetet i Trondheim.