Før det kan settast i gang ein reguleringsplanprosess må formålet med ønskt planendring også vere avklart med grunneigaren, Statskog SF.

Like dokumenter
REFERAT FRÅ OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER Område TB/L01 Maurvangen (Lager/garasje med tenestebustad)

VÅGÅ KOMMUNE. Reguleringsplan for. Sjodalen Fjellgrend. Gnr 187 Bnr 1 i Vågå kommune. Planprogram Sjodalen Fjellgrend

1. Bakgrunnen for å igangsette planarbeidet

1. Bakgrunnen for å setja i gang planarbeidet

SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE

31/15 Formannskapet Reguleringsplan for hytteområde Bjønnskardet - høyring og offentleg ettersyn

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER

1. Bakgrunnen for å igangset te planarbeid et

2. Referat frå oppstartsmøte

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER

1. Bakgrunnen for å igangsette planarbeidet

REFERAT FRÅ MØTE I PLANSAK

1. Bakgrunnen for å igangsette planarb eid et

VARSEL OM OPPSTART AV RREGULERINGSENDRING, REGULERINGSPLAN FOR DEL AV RANDVIK II, GNR/BNR 15/367

Vedlegg 2. Referat fra oppstartsmøte

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER

Varsel om reguleringsendring Hoskelie, Vågå kommune

1. Planforutsetninger Fylles ut av kommunen

Varsel om oppstart av planarbeid på Bergtun i Anglavika, Fjell kommune.

Referat basert på mal i Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin rettleiar for utarbeiding av reguleringsplanar.

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE

1. Planforutsetninger Fylles ut av kommunen

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER

R E F E R AT F R A O P STAR TSMØ TE I P L AN SAK E R

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER

1. Bakgrunnen for å igangsette planarbeidet

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER

Ing. Egil Ulvund A/S, 5627 Jondal

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER

1. Bakgrunnen for oppstartsmøtet

Planprogram for revisjon av Kommuneplan

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

SAKSFRAMLEGG. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 101/19 Planutval Detaljregulering Øvre Geiskelid 1. gongs høyring (planid )

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /61 Plan- og miljøutvalet /85

81/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Reguleringsplan for hytteområde Bjønnskardet - 2.gongs behandling og sluttbehandling

Grunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar «REGULERINGSENDRING TROLLDALEN GNR. 55 BNR. 19 M.FL»

VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID - DETALJREGULERING


Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 41/2019 Utval for drift og utvikling PS

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Erik Andreas Kyvig 16/732-4

2/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Detaljreguleringsplan for Stutarhaugen hyttefelt. 2. gongs behandling og sluttbehandling

1. Bakgrunnen for å setja i gang planarbeidet

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Referatmalen fylles ut før og under oppstartsmøtet. Referatet skal godkjennes av partene.

Varsel om igangsetting av privat detaljreguleringsarbeid.

Møtereferatet: Referatet sendes forslagsstiller til gjennomlesning før endelig utsendelse.

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER

1. Hensikten med planarbeidet

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

Plan, byggesak og oppmåling

o

REFERAT OPPSTARTSMØTE PLANSAKER

Saksnr. Utval Møtedato 011/15 Plan og utvikling

1. Hensikten med planarbeidet

Frå kommunen. Plan: Tonje Epland Rolf Raknes. Teknisk: Andre:

1. Planforutsetninger Fylles ut av kommunen

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER

Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr.

Melding om vedtak «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» 2014/ Hanne Heieraas Evju

Skodje kommune Teknisk avdeling

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandlar: Per Inge Aakvik Arkiv: K2 - L12, PLANID Arkivsaksnr: 16/32 17/1049

Stord kommune kort presentasjon

1. Planforutsetninger

SAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Stekka hyttefelt, 1 gongs handsaming, planid

Melding om vedtak. 1. gongs handsaming og utlegging til offentleg ettersyn og høyring for detaljregulering Hovden Appartement gnr/bnr 1/113 & 1/116

Møteprotokoll. Frå administrasjonen møtte: Rådmannen, teknisk sjef og planleggjar. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste.

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Startpakke reguleringsplan - veiledning til reguleringsarbeid

E6 Kvithammer - Skatval, gang- og sykkelveg

1. Bakgrunnen for å igangsette planarbeidet

OPPSTARTSMØTEREFERAT DETALJREGULERING NOTODDEN KOMMUNE

Varsel om oppstart Detaljregulering for Rovde Industripark

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER

Austevoll kommune. Opus v/ Gunnar Wiederstrøm Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Erik Andreas Kyvig 16/906-4

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Varsel om mindre reguleringsendring for Nordre Urdland Hyttefelt planid

Utbyggingsavtale - Systerenga 2 planid

1. Bakgrunnen for oppstartsmøtet

Saksutgreiing til folkevalde organ

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 012/19 Plan- og. PS samfunnsutvalet 030/19 Bystyret PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID

Vår ref.: VARSLING OM OPPSTART AV DETALJREGULERING OG OFFENTLIG ETTERSYN AV FORSLAG TIL PLANPROGRAM FOR STEINMYRHAUGEN, ØYER KOMMUNE

DETALJREGULERING, RAMBERGHJØRNET OPPSTARTSMØTEREFERAT

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Framlegg til detaljregulering for Botn Aust 100/1 endring -1. gongs handsaming

Frå kommunen. Plan: Rolf M.Raknes Teknisk: Andre:

SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV REGULERINGSPLAN NAUSTOMRÅDE PØYLA 110/329 M.FL. ALVSVÅG PLANID

Statens vegvesen. Behandlende enhet: Saksbehandler/telefon: Vår referanse: Deres referanse: Vår dato: Region midt Astrid Eide Stavseng /

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERING FOR: DEL AV KLEVSTADLYKKJA - NORD-FRON KOMMUNE

Fræna kommune Teknisk forvaltning Plan

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

REFERAT FOR OPPSTARTSMØTE REGULERINGSPLAN

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 003/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 003/18 Bystyret PS

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Endring av Reguleringsplan Heimdal hyttefelt - planid sluttbehandling

Transkript:

REFERAT FRÅ OPPSTARTSMØTE HOSKELIE Formålet med oppstartmøte er å avklare offentlege føresetnader for at planforslaget skal kunne realiserast, og skal danne grunnlaget for ein god planprosess. Saksnamn: Detaljregulering for Hoskelie PlanID: 05151999001 Saksbehandlar: Ingunn Moen Helland Møtestad: Vågå kommune, Formannskapssalen Møtedato: 22.5.2018 Til stades frå forslagsstillar: - Norconsult v. Line Brånå Bergum - Hoskelie hyttevelforeining v. Bjørn Haraldset (leiar) - Hoskelie hyttevelforeining v. Svein Jøsang Til stades frå kommunen: - Kommunalsjef Pål Inge Sanden - Ingeniør VARS Martin Sletten - Plan- og miljørådgjevar Ingunn Moen Helland 1. Bakgrunnen for å setja i gang planarbeidet Representantane for Hoskelie hyttevelforening understreka at avgjersler i årsmøtet i velet er avgjerande for kva prosessar som ev. blir igangsett. Bakgrunnen for ev. å setje i gang eit planarbeid må ha basis i eit vedtak på årsmøtet i Hoskelie hyttevelforening om at det er ønske om opne for varig vinterbrøyting fram til hyttene. Dersom det også viser seg å vere ønske om å planlegge for å legge inn vatn og avløp, dvs. tilrettelegging for høg standard, vil igangsetting av ein reguleringsendringsprosess også omfatte dette. Før det kan settast i gang ein reguleringsplanprosess må formålet med ønskt planendring også vere avklart med grunneigaren, Statskog SF. Reguleringsplan for Hoskelie (godkjent i 1999) opnar ikkje for vinterbrøyting av vegar innafor planområdet. Ikkje alle festetomter er i gjeldande plan vist med regulert veg fram til hyttefestet, men ligg i område regulert til jordbruk/skogbruk. Gjeldande reguleringsplan opnar ikkje for at det kan leggast inn vatn i hyttene. Dersom reguleringsendring blir aktuelt, er det Hoskelie hyttevelforening som er forslagsstillar. Sakshistorikk: Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning (HTLN) behandla 26.2.2016 (sak 13/16), søknad om dispensasjon frå reguleringsplan for Hoskelia for vinterbrøyting og gav ein tidsavgrensa dispensasjon for brøyting fram til og med vinteren 2016-2017. Dette vedtaket vart påklaga ved brev av 15.3.2016. Klagen vart lagt fram for HTLN for behandling i møte 15.4.2016 (sak 27/16). HTLN gjorde vedtak om utsetting av saka. Saka vart teke opp att av HTLN i første politiske møte hausten 2016. I si behandling av klagen i møte 9.9.2016 (sak 57/16) tok HTLN ikkje klagen til følgje, og gjorde følgjande vedtak: «Kommuneplanens arealdel er under revidering. I området nordaust for reguleringsplan for Hoskelia, er det lagt inn eit areal for framtidig hyttebygging. Arealet her har grense til eksisterande reguleringsplan. Om det foreslege arealet skulle bli vedteke nytta til byggeområde for hytter slik det no føreligg, vil neste steg bli å få utarbeidd ein reguleringsplan for tiltaket. HTLN ser det naturleg at ein ny reguleringsplan vil omfatte både eksisterande og nye hyttetomter i området nord aust for Maurvangen. Arealet vil mest sannsynleg bli regulert til byggeområde for hytter med høg standard, dvs hytter med innlagt vatn/avlaup, strøm og vinterbrøyta vegar. Ein reguleringsprosess der både nye og eksisterande blir omfatta, vil væra både ressurs- og tidssparande og gje meir heilhetlege løysingar. Om det foreslegne nye arealet skulle bli vedteke teke ut av kommuneplanens arealdel, forutsett HTLN at prosessar med revidering av eksisterande reguleringsplan for Hoskelia separat, blir iverksett. Brøyting etter eksisterande vegar vil etter HTLN si meining føre til fleire overnattingsdøgn på hyttene i Hoskelia, noko som Side 1 av 8

samsvarar med kommunen sin strategi om å få hytteeigarane til å bruke hyttene sine meir enn i dag. Eldre og bevegelseshemma personar samt småbarnsfamiliar vil enklare kunne nytte hyttene sine i vintersesongen. HTLN kan heller ikkje sjå at brøyting av eksisterande vegar i Hoskelia vil ha negative konsekvensar for andre interesser, dyreliv eller natur/miljø. HTLN meiner at fordelane er større enn ulempene i denne saka. Med heimel i plan- og bygningslova 19-2, blir det gjeve dispensasjon frå reguleringsplan for Hoskelia for vinterbrøyting. Når kommuneplanens arealdel blir endeleg vedteke, vil utarbeiding av reguleringsplan for nytt og eksisterande areal, eller berre eksisterande areal, bli igangsett. Når ny reguleringsplan blir godkjent, vil dispensasjonen opphøyra.» Vågå kommune sendte 15.9.2016 saka vidare til Fylkesmannen i Oppland for behandling og endeleg avgjerd. Klagen vart ikkje behandla av Fylkesmannen, da klagar i brev av 18.9.2016 trakk attende klagen. Kommunen mottok 6.10.2016 brev frå Fylkesmannen i Oppland om at deira behandling av klagen vart avslutta da klagen var trekt. HTLN sitt vedtak 9.9.2016 (sak 57/16) er ut frå dette gjeldande vedtak. Rådmannen sende ved brev av 21.10.2016 til partar i saka og aktuelle instansar melding om vedtaket. På grunn av endring av føresetnadene som HTLN sitt vedtak var tufta på, blei det gjort eit supplering/justering av vedtaket ved ny behandling i HTLN 1.9.2017, med følgjande vedtak: «HTLN sitt vedtak av 9.9.2016 (sak 57/16) heimla i Plan- og bygningslova 19-2 blir supplert med følgjande vilkår: Dispensasjonen for vinterbrøyting fell bort 31. desember 2018 dersom ikkje reguleringsendring av gjeldande plan for Hoskelia er sett i gang innan utgangen av 2018. Dersom reguleringsarbeidet ikkje fører fram til ein godkjent reguleringsplan innan utgangen av 2019 vil også dispensasjon for vinterbrøyting falle bort.» Sakshistorikken over er bakgrunnen for eit mogleg initiativ om reguleringsendring. 2. Planføresetnader Reguleringsplanform jf. PBL kapittel 12 Detaljregulering, jf. pbl 12-3. Overordna plan (kommuneplan), utsnitt vist under: I kommuneplanen er ikkje heile det regulerte hytteområdet vist med fritidsformål. Dette er ein teiknefeil. Det må ved revisjon av reguleringsplan takast utgangspunkt i den gjeldande reguleringsplanen for Hoskelie. Side 2 av 8

Plansituasjon reguleringsplan for Hoskelie: Gjeldande reguleringsplan for Hoskelie vart vedteken av kommunestyret 23.3.1999. Området er ferdig utbygt, - det er ikkje ledige hyttetomter innafor planrådet. Utsnitt av plansituasjonen i området, reguleringsplannivå: Gjeldande reguleringsføresegner 3 for Hoskelia seier følgjande om vinterbrøyting: «3 Spesialområde privat veg og parkering 1. Terrenginngrep i samband med vegbygging eller -utbetring, bygging og vedlikehald av parkeringsplassar, skal skje så skånsamt som mogleg. Vegskjeringar og fyllingar skal såast til straks arbeidet er avslutta. 2. Det skal byggast vinterparkeringsplass med kapasitet til å ta av for inntil 40 bilar. Det skal ikkje brøytast veg lengre enn til vinterparkeringsplassen. 3. Det er ikkje tillatt å byggje parkeringsplass for meir enn det antall hytter vedkommande plass skal dekkje. Annan parkering skal skje på vinterparkeringsplassen.» Oversiktskart under viser avgrensing av reguleringsplan for Hoskelie og tilgrensande plan i sørvest: Plangrense for reguleringsplan for Hoskelia. Plangrense for reguleringsplan for Maurvangen. Side 3 av 8

Flybilete (turkis line viser plangrense for reguleringsplan for Hoskelia): Reguleringsplan for Hoskelie, plankart: Side 4 av 8

Reguleringsplan for Hoskelia vart godkjent 23.9.1999. Reguleringsføresegnene er seinare harmonisert med dei felles føresegnene for hytter i kommunedelplan Sjodalen, Randsverk og Lemonsjøenområdet. Kopi av plankartet er vist over Plankartet har innregulert vinterparkeringsplass. Planen legg opp til at parkering for alle hyttene skal skje her vinterstid. Det står i planen at parkeringsplassen skal ha kapasitet for oppstilling av inntil 40 bilar. Parkeringsplassen er i dag litt større i utstrekning (mot nordaust) enn det som er vist i plankartet, og skal dekke dette behovet. Det er 44 hytter innafor det regulerte området. Pågår det anna planarbeid i nærområdet? Ja. Område TB/L01 i kommuneplanens arealdel er under regulering. Planområdet ligg rett sør for avkjørsla til Maurvangen frå Fv51. Dette planforslaget opnar for bygging av lagerbygg og tenestebustad for sesongtilsette knytt til Gjendebåten AS. Er planforslaget i samsvar med overordna plan? Ja. Det er i kommuneplanens arealdel gjort ein teiknefeil ang. område avsett til fritidsbebyggelse. Hoskelie er eit ferdig utbygt hytteområde, og det skal vere samsvar mellom byggeområda vist i reguleringsplanen og byggeområde vist i kommuneplanen. Med bakgrunn i dette er det ikkje motstrid mellom planforslag og gjeldande kommuneplan. Vil planforslaget utløyse krav om konsekvensutgreiing / planprogram? (Jf. Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven) Nei. Planforslaget vil ikkje omfatte tiltak i Vedlegg I eller Vedlegg II og reguleringsendring vil ikkje utløyse KU. Vil ny plan utløyse behov for utbyggingsavtale? Jfr. PBL kapittel 17 Nei. Har kommunen tilfredsstillande kartgrunnlag for området? Ja. Generelt: planforslaget må innordne seg etter rikspolitiske/statlege retningslinjer og føresegner. 3. Kommunale vedtekter og retningsliner som gjeld for planområdet Kommuneplanens arealdel. 4. Krav til varsel om oppstart av planarbeidet Kopi av referatet frå oppstartsmøtet bør sendast regionale myndigheiter ved varsling om oppstart av planarbeidet. Forslagsstillar skal varsle oppstart av planarbeidet. Før planarbeidet kan varslast oppstarta vert det generelt tilrådd at varslingsmaterialet vert sendt kommunen for gjennomsyn. Varselet skal innehalde: 4.1 Oversiktskart der planområdet er avmerkt 4.2 Kart i eigna målestokk med avmerkt planavgrensing 4.3 Brev som orienterer om formål med planarbeidet, dagens arealbruk, gjeldande planstatus og ønskt reguleringsformål Side 5 av 8

5. Viktige utreiingsbehov for planarbeidet førebels vurdering Hovudtema som bør utgreiast i samband med planarbeidet Planen skal utarbeidast i tråd med gjeldande plan- og bygningslov. Tema under skal vurderast og «sjekkast ut», og dette skal gå fram av planomtalen. 5.1 Planfaglege vurderingar o Forholdet til overordna plan (kommuneplanens arealdel) og generelle planfaglege vurderingar. 5.2 Jordvern og landbruksfaglege vurderingar o Forhold til landbruksinteresser i området skal vurderast. Aktuelle beitelag i området vil vere høyringspart. Det same gjeld Vågå tamreinlag. 5.3 Miljøfaglege vurderingar o Vurdering i forhold til naturmangfaldlova 8-12. Ev. registreringar i www.naturbase.no og www.artskart.no skal kommenterast. o Konsekvensar for landskapet og naturområdet må vurderast,og det må takast inn i føresegnene krav i forhold til landskap og estetikk. 5.4 Kulturlandskap og kulturminne o Forslagsstillar må avklare med kulturarveininga i Oppland fylkeskommune i forhold til undersøkingsplikta for kulturminne. 5.5 Samfunnssikkerheit og beredskap o ROS-analyse skal følgje planforslaget. Handtering av overvatn er eit viktig forhold som må omtalast og ivaretakast i plan. 5.6 Folkehelse, friluftsliv, barn og unge, funksjonshemma og eldre sine interesser o Tema må omtalast i planomtalen. Det er m.a. preparerte skiløyper i området. Det må gjerast vurderingar av vinterbrøyting i forhold til ev. konsekvensar for skiløypene. Vågåfjell turløyper er høyringspart. 5.7 Veg- og vegtekniske forhold / trafikksikkerheit o Vurderingar ang. terrenginngrep for ev. nye vegar (skjering/fylling), overvasshandtering. o Må sikre areal for vinterparkering dersom det ikkje blir lagt opp til vinterbrøyting av alle vegar, samt sikre areal for ev. besøksparkering og snuplass/vendhammar. 5.8 Andre kommentarar/tema: o Arealrekneskap skal gå fram av planmaterialet i tråd med opplysningar som skal rapporterast i planskjema til regionale styresmakter (inkl. sjekkliste for planlegging). 6. Krav til planforslaget innhald og materiale Forslagsstiller er gjort kjent med sjekkliste for planlegging, og krav til planforslaget. Lista nedanfor viser kva forventningar kommunen har til komplett materiale på bakgrunn av det vi er kjent med på oppstartsmøtet. Forslagsstiller er ansvarleg for å vurdere behov for vidare dokumentasjon, som eit resultat av dei tilbakemeldingane ein får ved varsel om oppstart og eventuelt seinare i prosessen. x Plankart - digital (i samsvar med siste SOSI-standard) x Målestokkriktig plankart i fargar Dokumentasjon på at vegens senterlinje er riktig geometrisk bygget opp x Reguleringsføresegner Side 6 av 8

x Planomtale (planbeskrivelse) x Varslingsbrev med adresseliste x Avisannonse x Innkomne merknader x Utfylt sjekkliste (Planskjema) Illustrasjonsplan - Fargar - Svart/kvitt Fotomontasjar Perspektivteikningar Byggjeteikningar Modell Analyser x Anna (spesifiser): Heilskapleg VA-plan for området 7. Tekniske anlegg Veg: Det er private vegar til/i feltet. Aktuelle veglag i området er høyringspartar. Vatn og avløp: Ein føresetnad for tilrettelegging for vatn/avløp er at miljømessig forsvarlege løysingar blir sikra. Dette må dokumenterast i samband med søknad om utsleppsløyve. Det må utarbeidast ein felles VA-plan for hytteområdet som skal følgje reguleringsplanforslaget på høyring og til sluttbehandling. Ein felles VA-plan for området vil sikre at ev. VA-løysingar for enkelthytter eller grupper av hytter ikkje vanskeleggjer miljømessig forsvarlege løysingar for andre hytter seinare. Ein heilskapleg VA-plan vil gje auka forutsigbarheit for kvar hytte og vere eit felles grunnlag for behandling av utsleppsløyve. Sjølv om planen opnar for innlegging av vatn/avløp, kan kommunen berre gje utsleppsløyve dersom det kan dokumenterast miljømessig forsvarlege løysingar. Ev. vasspostar bør visast i plan. Vurdering av konsekvensar m.o.t. terrenginngrep i samband med å tilrettelegge for vatn og avløp må også gå fram av eit planforslag. Straum: Det er ført fram straum til hyttene i dag. Dersom det er behov for oppsetting av nye trafoar blir forslagsstillar råda til dialog med AS Eidefoss vedr. plassering av desse for å sikre at regulert areal er eigna, - ev. gjennom utforming av føresegnene gje rom for oppføring av trafo. AS Eidefoss er også høyringspart. Renovasjon: Gjeldande plan viser ikkje område for renovasjon. Det bør ved reguleringsendring regulerast inn eit areal i ny plan som viser område for renovasjon. 8. Kommunens førebelse råd og vurderingar Ved revisjon av plan skal planområdet vere uendra. Representantane for velforeinga viste til at det, avhengig av utfallet av årsmøtet si behandling av spørsmålet om igangsetting av planendring og omfanget av dette, kan skje at ein ikkje er klar for igangsetting av ein planprosess innan fristen sett i HTLN sitt dispensasjonsvedtak. På spørsmål om moglegheitene om å skyve på denne fristen, er kommunen si attendemelding at velet da må søkje om Side 7 av 8

ny dispensasjon om utvida frist (dvs. forlenga disp. for brøyting), og at kommunen behandlar saka og gjer eit nytt enkeltvedtak i saka. 9. Framdrift Representantane frå velforeininga understreka at spørsmålet om igangsetting av reguleringsendring og tidspunkt for dette føreset ein prosess i hyttevelet. Dersom velet gjer avgjerd om oppstart av ein planprosess, vil møtet med kommunen vere å sjå på som eit oppstartmøte. Planlagt dato for varsel om oppstart (frå forslagsstiller): Føreset prosess og avklaring i velforeininga. Kommunen ønskjer at forslagsstillar tek kontakt for gjennomgang av planforslaget før formell innsending av eit planforslag til kommunen. Kommunen må da få planmaterialet tilsendt i tilstrekkeleg tid i forkant av eit slikt møte for nødvendig førebuing. Planlagt dato for oversending av forslag til kommunen (frå forslagsstiller): Dette blei ikkje drøfta i møtet. Jf. pbl skal utlegging til offentlig ettersyn skal skje seinast 12 veker etter at komplett materiale er sendt kommunen. 10. Stadfesting Prioriterte utgreiingsbehov for planarbeidet er oppgjeve så langt det er mogleg på grunnlag av tilgjengelige opplysningar under oppstartmøtet. Verken oppstartmøtet eller referatet gjev rettar i den seinare saksbehandlinga. Naboprotestar, protestar frå organisasjonar, krav frå offentlege styresmakter mv. vil kunne føre til krav om endring av planforslaget, evt. endring av framdrifta på behandlingsprosessen. Rådmannen ønskjer å leggje til rette for ein mest mogleg føreseieleg planprosess. Det er kommunestyret som gjer vedtak om godkjenning av plan. Behandlingsgebyr: Jf. gjeldande gebyrregulativ vedteke av kommunestyret er behandlingsgebyret kr 57 123 i 2018 Ein gjer merksam på at det i hht. gebyrregulativet er behandlingsgebyret som gjeld ved det tidspunkt planen blir vedteken som skal leggast til grunn. 11. Materiale utdelt på oppstartsmøtet eller som direkte oppfølging av møtet Det vart ikkje delt ut materiale på møtet. Dersom det ikkje kjem innvendingar til referatet i løpet av ei veke etter utsending av referatet, er referatet å sjå på som godkjent. Vågå kommune, 30.5.2018 Ingunn Moen Helland (ref.) Side 8 av 8