Arkivref: 2018/4259-11952/2019 Saksh.: Andreas Moe Larsen Saksnr Utval Møtedato 23/19 Formannskapet 05.06.2019 29/19 Kommunestyret 20.06.2019 KOMMUNEPLANEN - VEDTAK AV PLANPROGRAM Framlegg til vedtak: Saksprotokoll i Formannskapet - 05.06.2019 Innstilling Handsaming Samrøystes tilrådd * * * Ettersendt høyringsuttale frå Fiskeridirektoratet og Helse Fonna. Saksprotokoll i Kommunestyret - 20.06.2019 Vedtak Handsaming Samrøystes vedteke Oversendingsframlegg til rådmannen: * * * Sverre Olav Svarstad (H) kom med følgjande oversendingsframlegg som vart vedteke med 28 mot 5 røyster (SV utan Vegar Moe, Sigurd Huglen og Nils Tore G. Økland begge Ap) å oversenda. Nytt pkt 2
Næringsplanen som er tenkt å vera ein integrert del av Stord kommune sin kommuneplan, vert teken ut av kommuneplanen og skal utarbeidast som ein sjølvstendig plan. Det vert løyvd 1 million kroner til kjøp av ekstern plan- og næringskompetanse for utarbeiding av planen. Løyvinga skal finansierast ved å nytte tilsvarande sum av budsjettert mindreforbruk 2019 2 av 6
Rådmannen, 07.05.2019 Dokumentliste X 03.04.2019 Prosjektplan kommuneplanen S 07.05.2019 Kommuneplanen - vedtak av planprogram X 26.05.2019 Planprogram etter høyring X 19.12.2018 Planprogram - høyringsutkast S 26.01.2019 Oppstart av kommuneplanarbeid og offentleg ettersyn av planprogram X 05.04.2019 Særutskrift Oppstart av kommuneplanarbeid og offentleg ettersyn av planprogram X 06.04.2019 Planprogram - høyringsframlegg U 05.04.2019 STORD NÆRINGSRÅD m.fl. U 06.04.2019 FYLKESMANNEN I VESTLAND m.fl. N 08.04.2019 Aktivitet og re/habilitering m.fl. S 08.04.2019 S 08.04.2019 S 08.04.2019 S 08.04.2019 N 10.04.2019 Bjarte Straume Epland N 13.05.2019 Andreas Moe Larsen Tilbakemelding på kommuneplanen frå Eining for aktivitet og re/habilitering N 14.05.2019 Andreas Moe Larsen Revisjon kommuneplanen 2019 - [innspel til sak 19/1189] N 13.05.2019 Andreas Moe Larsen Barnerepresentant/folkehelsekoordinator sine merknader til planprogram for kommuneplanen I 20.05.2019 Statens Vegvesen Uttale til planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel - Stord kommune sendt fra Statens vegvesen I 20.05.2019 Sveio Kommune HØYRING - PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN SIN SAMFUNNSDEL OG AREALDEL I 20.05.2019 HØGSKULEN PÅ VESTLANDET Høyringssvar - planprogram for kommuneplanen sin sendt fra Høgskulen på Vestlandet I 20.05.2019 Stord Næringsråd Høyringsuttale til planprogram for kommuneplanen sin X 21.05.2019 Særutskrift N 21.05.2019 Andreas Moe Larsen X 23.05.2019 Innkomne merknadar Vedlegg: 1 Innkomne merknadar 2 Planprogram etter høyring 3 Avinor AS 4 Bømlo kommune 5 Direktoratet for mineralforvaltning 6 Fitjar kommune 7 Forsvarsbygg 8 Fylkesmannen i Vestland 9 Hordaland fylkeskommune 10 Kystverket 11 HVL 12 NVE 13 Statens vegvesen 14 Sveio kommune 15 Barnerepresentantfolkehelsekoordinator 3 av 6
16 Eining for aktivitet og rehabilitering 17 Eldrerådet 18 Fagavdeling helse og omsorg 19 Kulturtenester 20 Stord kommunale eigedom 21 Stord kommunale eigedom vedlegg 1 22 Stord kommunale eigedom vedlegg 2 23 Fiskarlaget Vest 24 Hallgeir Halland 25 Kjell Håvard Sævareid 26 Lillian Olsen 27 Næringsrådet 28 Reidar Brevik 29 Reidar Brevik vedlegg 1 30 Reidar Brevik vedlegg 2 31 Valvatne Bygg AS Innleiing (bakgrunn for saka) Kommunestyret vedtok 4. april å starta opp arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel for perioden 2020-2040, og å senda framlegg til planprogram på høyring og offentleg ettersyn. Det kom inn 26 merknader. Planprogrammet blei kunngjort på kommunen sin nettstad og i avisa Sunnhordland 8. april, med merknadsfrist 20. mai. Planprogrammet blei i tillegg sendt til offentlege instansar og lag og organisasjonar i kommunen. Saksutgreiing (fakta, saksopplysningar) Innan merknadsfristen er det kome inn merknader frå offentlege instansar, kommunale einingar og private, frivillige organisasjonar og verksemder. Hovudrekka i høyringsuttalane og rådmannen sine vurderingar er attgjevne i eige vedlegg. Fullstendige uttalar ligg i tillegg som vedlegg til saka. Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland har peika på at planprogrammet ikkje fullt ut er dekkjande for arealdelen til kommuneplanen. Grunnane til at ein har ønskja å melda oppstart av heile prosessen samstundes er for å ha ein samla prosess med tidsplan, og for å sikra samanhengen mellom dei to delane av kommuneplanen. Rådmannen har lagt til grunn at det blir fremja revidert planprogram for arealdelen samstundes med vedtak av samfunnsdelen. Dette er no presisert tydelegare i planprogrammet. Fleire instansar ønskjer å ha med meir detaljerte skildringar av ulike omsyn i planprogrammet. Rådmannen meiner planprogrammet skal gje ei overordna skildring av prosessen, med dei viktigaste prioriteringane i arbeidet. Omsyn som ikkje er nemnd i planprogrammet kan likevel koma med i kommuneplanen. I løpet av høyringsperioden har regjeringa vedteke nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Desse er difor teke inn som styrande dokument for prosessen. Dokumentet er å finna på regjeringa sin nettstad: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nasjonale-forventninger-til-regional-ogkommunal-planlegging-20192023/id2645090/ Etter ønskje frå Hordaland fylkeskommune er dei regionale planane som er viktigast for prosessen lista opp. Etter innspel frå Bømlo kommune er spørsmålsstillinga om FN sine berekraftsmål for dei ulike hovudtemaa endra noko. Fylkesmannen i Vestland sakna større merksemd mot samfunnstryggleik og beredskap. Samfunnstryggleik er difor lagt til for hovudtemaet «Klima, miljø og tryggleik», som er blitt «Klima, miljø og samfunnstryggleik». Det er i tillegg teke inn eit avsnitt om 4 av 6
samfunnstryggleik og beredskap, og eit vurderingspunkt om akseptkriterium (kva risiko samfunnet skal akseptera). Det er gjort tilføyingar til hovudtemaet «Næringsutvikling», etter innspel frå nabokommunane, Hordaland fylkeskommune, Fiskarlaget Vest og Stord Næringsråd. Under «Samordna bustad-, areal- og transportplanlegging» er vurderingspunktet om bustadkvalitetar forsterka, etter innspel frå Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland og Eining for aktivitet og re/habilitering. For hovudtemaet «Levande senter» er det lagt til eit avsnitt om «smartby»-løysingar, etter innspel frå Kjell Håvard Sævareid. Vurderingspunkta er utvida med estetiske og arkitektoniske kvalitetar etter innspel frå Kulturtenester, om tilgjenge og attraktivitet frå folkehelsekoordinator, om tilhøvet mellom regionsenteret og omlandet frå nabokommunane og om «smartby»-løysingar. Under hovudtemaet «Helse, trivsel og oppvekst» er det lagt til tekst om universell utforming og tilgjenge, og om studentane på Stord etter innspel frå Høgskulen på Vestlandet. Det er i tillegg gjort tilføyingar for vurderingspunkta om sosial ulikskap etter innspel frå folkehelsekoordinator og Fagavdeling helse og omsorg, om deltaking i arbeidslivet etter innspel frå Stord Næringsråd og folkehelsekoordinatoren, og om studentane på Stord. Etter at planprogrammet blei sendt på høyring har det kome ein rapport frå det internasjonale naturpanelet om tilstanden for naturen på jorda. Rapporten er skildra under «Aktiv forvalting av natur- og kulturminneverdiane». «Artsrikdomen» er lagt til eit vurderingspunkt. Etter innspel frå Fagavdeling helse og omsorg er tekst om velferdsteknologi endra, under hovudtema «Gode kommunale tenester». Under «Regionalisering og samhandling» er det peika på at den regionale næringsstrukturen er breiare enn den me finn i einskildkommunar. Det er gjort ei endring i framdriftsplanen. Det har ikkje kome inn framlegg til medlemmer i innbyggjarpanelet. Rådmannen vil difor gå ut med meir informasjon om dette, og leggje fram sak til fyrste kommunestyre over sommaren. Kommunestyret vedtok delegasjonsreglement 21. februar, der det er teke inn at kommunestyret sjølv skal vedta planprogram for kommuneplanen. Ved ein inkurie står det i teksten at formannskapet skal gjera vedtak om revidert planprogram for arealdelen. Dette er no endra til kommunestyret. Det er ønskjeleg at flest mogleg innbyggjarar skal kjenna til prosessen med kommuneplanen, og delta i arbeidet. Det er utarbeidd ei nettside for planprosessen: www.stord.kommune.no/nykommuneplan. Ein vil i byrjinga av juni senda ut SMS og e-post til innbyggjarane via kommunen sitt varslingssystem. Meldingane vil lenke nettstaden. Kostnaden med utsendinga er rekna til omlag 10 000 kr, som blir henta frå budsjettet for overordna planlegging. Vurdering Rådmannen meiner det har kome inn mange gode innspel til planprogrammet. Som det går fram av saka har rådmannen gjort fleire endringar for å etterkoma merknadane. Rådmannen meiner planprogrammet med innspela vil vera eit godt utgangspunkt for prosessen med kommuneplanen. Fleire offentlege og private verksemder ønskjer å delta i prosessen. Dette er positivt, og administrasjonen vil leggje til rette for slik deltaking. Økonomiske konsekvensar Arbeidet med kommuneplanen er ressurskrevjande, og vil leggja beslag på den kapasiteten kommunen har til overordna planlegging og dei avsette midlane til konsulentkjøp. Det er i økonomiplanperioden sett av totalt 1 million kroner årleg til konsulentkjøp/ styrka plankapasitet. Ein del av desse midlane vert i år nytta til konsulentkjøp for ferdigstilling av kommunedelplan Sagvåg-Litlabø. 5 av 6
Miljømessig konsekvens Planarbeidet har ingen konsekvens. Konsekvensar av dei vala som blir gjort i kommuneplanen skal gå fram av planen. Folkehelse Planarbeidet har ingen konsekvens, utover at deltaking i lokalsamfunnet er positivt for dei som deltar og for fellesskapet. Konsekvensar av dei vala som blir gjort i kommuneplanen skal gå fram av planen. Universell utforming Planarbeidet har ingen konsekvens. Konsekvensar av dei vala som blir gjort i kommuneplanen skal gå fram av planen. Beredskap Planarbeidet har ingen konsekvens. Konsekvensar av dei vala som blir gjort i kommuneplanen skal gå fram av planen. Konklusjon, alternativ tilråding Plan for gjennomføring Går fram av framlegg til planprogram. 6 av 6