Strategiplan for Nordhordland Indremisjon 2011-2020



Like dokumenter
Strategidokument Varhaug Misjonshus

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Strategidokument

inn i Guds framtid Strategiplan for ImF

Brødsbrytelsen - Nattverden

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Velkomen til soknerådskurs

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

5. Soknerådsmøte mai Referat

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

NLM Ung Verden for Kristus: Vi vil lære Jesus å kjenne og gjøre han kjent

Sandeid skule SFO Årsplan

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Plan for overgangar. for barn og unge

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Forslag frå fylkesrådmannen

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Barnehageplan for Vinje kommune

Vår grøne. kyrkjelyd

Gå ut og gjer disiplar

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Samansette tekster og Sjanger og stil

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

ROS-analyse i kommuneplan

Velkomen til Mork barnehage

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

«Ny Giv» med gjetarhund

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Strategiplan ImF 2020

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Kvalitetsplan mot mobbing

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

Vurdering av allianse og alternativ

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Strategiplan

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

ORDNING FOR KONFIRMASJON

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Framtidige behov for hjelpemiddel

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

om å holde på med det.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Transkript:

Strategiplan for Nordhordland Indremisjon 2011-2020 Vi vil DISIPPELGJERE ved å vinne, utruste og sende! Denne strategiplanen er vorten til for at vi saman skal verte inspirerte og utfordra til å gå vidare i ei felles retning, der vi ser at mottoet vårt «Med Guds ord til folket» vert verkeleggjort! 0

Innleiing Nordhordland Indremisjon ønskjer gjennom denne strategiplanen å invitere dei som er ein del av arbeidet vårt til å tenkje større, breiare og lengre om indremisjonsarbeidet. Strategiplanen er vorten til for at vi saman skal verte inspirerte og utfordra til å gå vidare i ei felles retning, der vi ser at mottoet vårt, «Med Guds ord til folket», vert verkeleggjort. Denne strategiplanen inneheld inga ny lære eller nye lovar, men skal vere eit verkemiddel for eit fruktbart og målretta arbeid framover. Guds ord oppmodar til planlegging: «Planar vert det ingenting av utan rådlegging, men der det er mange rådgjevarar, har dei framgang.» Ordtøka 15,22. Difor har denne strategiplanen vorte utarbeidd, men vi stiller oss audmjuke til at sjølv om planar vert lagde, er det Gud som styrer: «I hjertet tenker mannen ut sin vei, men det er Herren som styrer skrittene hans. Ordsp16,9 Når Gud er med i reknestykket må vi vere førebudde på at Gud kan overraske på måtar vi ikkje hadde tenkt, og stake ut nye vegar vi ikkje har sett. Difor vil denne strategiplanen verte tatt opp til evaluering på kvart årsmøte fram mot 2020, slik at den kan verte endra ut frå Guds leiing. Ein vil også utarbeide ein handlingsplan i tråd med vedtekne strategiplan, slik at ein oppnår at strategiplanen vert verkeleggjort. Før årsmøtet 2012 har det første utkast til strategiplan vore sendt ut til indremisjonsfolk i Nordhordland til høyring. Etter høyringa er planen på fleire punkt blitt revidert. På årsmøte vart strategiplanen vedtatt utan endring mot ein stemme. Avgjerande for alt arbeid vi driv står i Salme 127: Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene til fånytte. Vi ønskjer at arbeidet vårt skal bere preg av at dette er Herrens verk. Vi er difor heilt avhengige av Hans leiing, kraft og visdom framover slik at vi i enno sterkare grad ser at Guds gjerningar skjer i Nordhordland Indremisjon sitt område, utover Noreg og til folkeslag som enno ikkje har høyrt om Jesus. Det er også viktig å presisere i starten at ingen lokale foreiningar kjem til å verte pålagt å følgje i den retninga strategiplanen legg opp til. Det er dei lokale foreiningar som avgjer kva retning dei ønskjer å gå i. 1

Historie Nordhordland Indremisjon er, som andre organisasjonar og rørsler, prega av historia si. Det er difor viktig at vi spør oss kva prinsipp i historia vår som er bibelsk viktige å ta vare på når ein skal møte ei tid og eit arbeid som er i endring? Teltmøte vart mykje brukt i tidligare tider. Fem prinsipp frå historia vår I historia vår er det fem prinsipp som må vere tydeleg framme i medvitet vårt når kursen for arbeidet skal verta utforma. 1. Grunnlaget - Nordhordland Indremisjon byggjer sitt arbeid på Bibelen og Den evangelisk lutherske vedkjenninga. Dette er eitt av dei viktigaste kjenneteikn på rørsla vår. 2. Takksemd til Jesus - Takksemd til Jesus for nåden og kjærleiken hans har prega indremisjonen si historie. 3. Nauda for at nye menneske skal verte omvendt og frelst Dette har alltid vore hovudmotivasjonen for alt vi har gjort. Alle tiltak og arbeidsmåtar må forståast ut frå denne drivkrafta. 4. Forkynninga av Guds ord - Indremisjonen har i heile si historie hatt fokus på forkynninga av Guds ord, både ved lov og evangelium. Dette har bore rike frukter i arbeidet vårt, og kome til uttrykk på ulike måtar som tradisjonell møteverksemd, barne- og ungdomsarbeid, bedehusa, leirarbeid, Nordhordland Folkehøgskule, barnehagar, diakoni, vitneteneste osb. 5. Bygd nedanfrå og opp - At arbeidet vårt er bygd nedanfrå og opp var eit viktig punkt i den strategiske tenkinga i den første indremisjonstida. Dette kjem mellom anna av vektlegginga av det allmenne prestedømme der nådegåvene er i funksjon. Den einskilde krins, forsamling og foreining står heilt fritt til å velje sin eigen kurs for arbeidet. 2

Avhengig av Guds leiing Gud ynskjer å leie oss i arbeidet vårt. Før vegen for det vidare arbeidet vert forma er det difor viktig å tenkje gjennom følgjande: Er det noko Gud har leia oss til dei siste åra som viser oss noko av retninga for arbeidet vårt? Kan det registrerast nokre signal frå Gud der Han ønskjer å kalle oss i ei tydeleg og kanskje ny retning? Nokre eksempel på det vi trur kan vere Guds leiing: Leiarskulen I ulike kontaktpunkt med lokale leiarar kom det fram at leiarsituasjonen på bedehusa var ei utfordring. Med den bakgrunnen vart oppstart av leiarskulen vedteke, og saman med ImF og ImF-ung vart leiarskulen utforma. Nye forsamlingar Sidan 2004 har vi sett nye forsamlingar vekse fram i vårt område. Nokre eksempel på dette er: IM-Kirken, Åsane, vart i 2004 meld inn i Nordhordland Indremisjon som ei forsamling. Dei har seinare vorte registrert som ein sjølvstendig frikyrkjelyd. Inri-fellesskapet i Øygarden vart etablert i 2006 som ein ny type fellesskap i distriktet vårt. Inri-fellesskapet er ei fleirgenerasjonsforsamling med menneske frå heile Øygarden. Dei har nådd nye menneske ved ulike utadretta tiltak. I Osterfjorden skjer det same i 2011med etablering av ny forsamling på Eknes. Igjen trer konturane av nye fellesskap tydeleg fram. Andre stader har det skjedd ei revitalisering av det lokale bedehusarbeidet. Dette gjeld til dømes Frekhaug, Vaksdal, Leknes, Lone, Ytre Arna og Haugland. 3

Ny generasjon Det veks fram ein ny generasjon unge, medvitne kristne i arbeidet vårt. Det er viktig at vaksengenerasjonen er til stades for dei, gjev dei rom, rettleiar og hjelper dei vidare. Gud har vist kor naudsynt det er å formidle evangeliet gjennom barne- og ungdomsarbeidet, då dette har resultert i at fleire er vorte kristne gjennom denne delen av arbeidet vårt. Bøneår Ein viktig del av strategiarbeidet er utan tvil bøn for Nordhordland. Juni 2011 starta vi eit bøneår for Nordhordland. Det er viktig at dette har eit sterkt fokus også framover. 4

Visjon fram mot 2020 I spørreundersøkinga som vart gjennomført i 2010 kom det tydeleg fram at ein ønskjer meir levande kristendom, større Jesus-fokus og varmare fellesskap. Ein ønskjer nådegåver i funksjon og kjærleik til Bibelen, og ein ønskjer å nå menneska i dag med evangeliet. Nordhordland Indremisjon ønskjer å vere bygd opp av varme og inkluderande fellesskap. Gjennom arbeidet ønskjer vi å sjå menneske forandra til overgjevne Kristus-etterfølgjarar som ønskjer å følgje Guds ord. Med bakgrunn i dette og med utgangspunkt i misjonsbefalinga ynskjer vi at fylgjande ord skal vere retningsgjevande for arbeidet vårt framover: Vi vil DISIPPELGJERE menneske - ved å vinne, utruste og sende Disippelgjere: Å disippelgjere er det same som å gjere til disippel jfr. Matt 28, 19 og Apgj. 14, 21. Det siste Jesus befalte var at vi skulle gjere alle folkeslag til disiplar, ved å døype dei, og lære dei å halde alt det han hadde befalt. Å lære å halde det Jesus har befalt handlar om alt det som står i Bibelen. Ein vert ein disippel den dagen ein vert vunnen for Jesus. Disippelgjering er å verte meir lik Jesus, og difor er dette ein prosess i kvar einskild truande som varer livet ut. Vi ønskjer å hjelpe menneske til å leve som disiplar gjennom å vinne, utruste og sende: Vinne: Vi ønskjer å kalle menneske i vårt område til omvending og tru slik av dei vert vunne for Kristus. Utruste: Vi ønskjer å utruste dei som trur gjennom rettleiing og undervisning frå Bibelen. Vi ønskjer å hjelpe dei truande til å bruke nådegåvene sine, og til å leve kristenliv der Bibelen vert forvandlande for liva. 5

Sende: Vi ønskjer å sende menneske til svake område av krinsen, til andre landsdelar og land for å vinne nye for Kristus. Dei som ikkje vert sendt er med på å sende gjennom bøn og gjevarteneste. Det er trong for å utvide forståinga av mottoet vårt: Med Guds ord til folket. Dette handlar om meir enn arbeidet på bedehuset. Det handlar og om det livet som vert levd saman med medmenneska våre utanfor bedehuset. Gud ønskjer å gjennomsyre oss med ordet sitt slik at det får noko å seie for haldningane våre og for kva vi seier og gjer. Då vert den einskilde kristne det levande Guds ord som allereie er ute blant folket. Gjennom dette kan Nordhordland Indremisjon vere ein misjonsorganisasjon som er med på å endre Noreg. Vi kan gjenerobre og fornye noko av det som ligg i historia vår: Vi ønskjer å byggje livskraftige fellesskap som sender menneske ut med evangeliet, både i nærområde, andre delar i Noreg og til unådde folkeslag. Alt vi har av aktivitetar og arbeid må prøvast ut frå dette. 6

Satsingsområde fram mot 2020 Bibelen må alltid få vere rettesnor for dei prioriteringar og val som vert gjort. Samstundes må spørsmålet om kva som er føremålstenleg ut frå målsetjinga vår vere tydeleg framme i avgjersler. Vi ønskjer å sjå på korleis vi kan vidareutvikle det som allereie er av verksemd slik at visjonen fram mot 2020 vert verkeleggjort. Samstundes må ein sjå om delar av arbeidet skal leggjast ned for at noko nytt skal få spire fram. Bøna og Ordet Mål fram mot 2020: Bøna er ein integrert del av den einskilde sitt liv og fellesskapa våre. Ordet vert forkynt livsnært og aktuelt for alle aldrar. Løna og uløna forkynnarar får tilbod om årlege kurs om forkynning. Bønearbeidet vil vere avgjerande i tida som kjem for at visjonen og måla fram mot 2020 skal verte røyndom. Når vi spør Gud, bed han om leiing og kraft, får vi sjå meir av at hans gjerningar skjer. Vi ønskjer difor å løfte bøna fram som viktigaste faktor for at riket hans veks. Ordet skal vere grunnlag og utgangspunkt for all forkynning, og må formidlast i eit språk dagens menneske forstår. Forkynninga må også setje fokus på visjonen om å disippelgjere ved å vinne, utruste og sende. Utrusting og leiarskap Mål fram mot 2020: Alle som har tilknyting til arbeidet vårt får hjelp i sine forsamlingar til å leve som disiplar både i heim, på fritida og i forsamlinga. Familiearbeid: Vi ønskjer at forsamlingane har fokus på familien som ein integrert del av arbeidet. Vi ønskjer at foreldre vert utrusta til å leve godt med Gud, i samlivet og med borna sine. 7

Rådgjeving og rettleiing: Krinsen ønskjer å vere ein ressurs inn mot forsamlingane slik at ein kan utvikle leiarskap som vidare hjelper den einskilde kristne til å verte disippelgjort. Leiarskule: Leiarskulen vil fortsetja som ein reiskap for å utrusta det lokale leiarskapet. Evangelisering og misjon Mål fram mot 2020: Evangelisering og misjon er ein integrert del av den einskilde sitt liv og fellesskapa i arbeidet vårt. På kvart årsmøte kan vi melde om mange nye som er blitt kristne, fleire av desse gjennom personleg evangelisering. 20 forsamlingar har engasjement for andre delar av Noreg. Alle forsamlingar har eit engasjement for ytremisjon. Evangelisering: Forsamlingane og einskildpersonar har eit engasjement for at fleire skal verte kristne i nærområdet. Forsamlinga kan drive ulike tiltak dei finn formålstenleg for at dette kan skje. Einskildpersonar kan be for menneske som ikkje har kristen vedkjenning. Det er viktig å byggje naturlege relasjonar til desse, bry seg om deira livssituasjon, og invitere dei heim. Vere saman med dei, be for konkrete ting i liva deira, dele bønesvar med dei, og dele evangeliet med dei. Forsamlinga og den einskilde sitt liv vert på ein slik måte evangeliserande. Misjon: Forsamlingane våre vert oppmoda om å ha engasjement utanfor sitt eige nærområde. Ein kan støtte andre ved å sende ressursar som menneske og midlar, og ein kan vere med i forbøn. Det er viktig å vere bevisst at dette kan gjelde både andre delar av krinsen og Noreg, og ut i heile verda. Vi oppmodar til å knyte seg til ytemisjonsprosjekt andre misjonsorganisasjonar driv. 8

Fellesskap Mål fram mot 2020: Kvart fellesskap har funne ein god måte å organisere seg på, og slått seg saman med eit nærliggande bedehus dersom dei ser det formålstenleg. Fem nye forsamlingar er etablert eller revitalisert. 70 mindre fellesskap er registrert. Krinsen er i stadig dialog med fellesskapa for å være ein ressurs inn mot barne- og ungdomsarbeidet, slik at også dette arbeidet er ein integrert del av forsamlingsarbeidet. Målet med Indremisjonsarbeidet må vere at det vert bygd fellesskap der den einskilde kan vekse som kristen. Vi ønskjer fellesskap der menneske kan verte disippelgjort ved å vinne, utruste og sende, og at fellesskapa våre kan vere ein naturleg plass å invitere ufrelste inn i. Nordhordland Indremisjon ønskjer difor å gje rom for eit mangfald av ulike former for fellesskap så lenge det ikkje går ut over det Gud seier gjennom Bibelen. På denne måten kan vi nå lengre ut og inkludere fleire i indremisjonsfellesskapa våre. Det er gjeve innspel frå fleire av dei som har tilknyting til arbeidet vårt at ein ønskjer ein annan bedehusstruktur. Ein ser for seg mindre fellesskap som samlast i heimane der dei nære relasjonane vert bygde, og som igjen inngår i eit større fellesskap som samlast regelmessig til forkynning, fellesskap, lovsong og feiring. At bedehusstrukturen vert endra inneber ikkje at indremisjonsarbeidet vert mindre offensivt, men at ein organiserer det på ein måte som er meir slagkraftig. Krinsen ønskjer, så langt det er mogleg, å hjelpe dei forsamlingar som ønskjer rådgjeving og rettleiing i slike prosessar. Barne- og ungdomsarbeid vil framleis vere ein viktig del av arbeidet vårt, og vi ønskjer å vidareutvikle dette. Det bør difor arbeidast med korleis vi på ein enno betre måte kan tenkje heilskapleg om arbeidet frå barn til vaksen, og på ein slik måte integrere alle aldrar i våre fellesskap. 9

Vidare må ein på ein god måte utnytte ressursen Raknestunet ønskjer å vere inn i lokalt barne- og ungdomsarbeid, og arbeide saman for gode løysingar her. Institusjonar Mål fram mot 2020: Barnehagane: Vi tilrår at styra ser på kva punkt i strategiplanen vår det er naturleg å implantere i barnehagane sin strategi. Nordhordland Folkehøgskule: Disippelgjere ved å vinne, utruste og sende vert ein integrert del av folkehøgskulen sin strategi. Nordhordland Folkehøgskule vil framleis vere vår forlenga arm, også til andre landsdelar med bodskapen om Jesus. Barnehagane i Knarvik og på Ulset står i eit viktig såarbeid som vi ser som vesentleg for at barn, både i den tida dei går der og på eit seinare tidspunkt i livet, kan verte kristne. 10

Avslutning Til avslutning er det viktig å understreke innleiinga om kor avhengige vi er av Guds leiing i dette arbeidet. Grunnlaget for denne strategiplanen er at vi ynskjer å sjå Gud gjere sitt verk i Nordhordland, der vi opplever at mange menneske vert frelst! Ved å gje «Guds ord til folket» gjennom oss sjølv som enkeltpersonar, og som forsamlingar, kan dette få verte ein realitet. Då Jesus for opp til himmelen gav han oss oppdraget om å gjere menneske til disiplar, og det ønskjer vi at skal skje ved å vinne, utruste og sende enkeltpersonar gjennom våre forsamlingar. Denne strategiplanen set fokus på område vi kan arbeide med for å nå dette oppdraget Jesus gav oss. For å hjelpe kvarandre med å halde fokus på visjonen og arbeidet med den fram mot 2020 ynskjer Nordhordland Indremisjon ein kort årleg oppdatering frå dei ulike forsamlingane våre. På denne måten kan krinsen enklare fange opp det Gud gjer i fellesskapa våre, og formidle dette vidare til andre til oppmuntring. Motsett kan også krinsen fange opp ulike utfordringar forsamlingane treng hjelp til, og dermed få vere ein positiv ressurs inn i arbeidet. Gud signe arbeidet du står i måtte vi alle få oppleve å bli disippelgjorte truande i oppdrag for Jesus! 11