Gå ut og gjer disiplar

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Gå ut og gjer disiplar"

Transkript

1 Gå ut og gjer disiplar - om å vekse til modne kristne Innleiing: Denne undervisninga er berre 35 minutt då resten av samlinga siste leiarskule skal vere saman med leiarskulen for forsamlingsarbeid. Vi ynskjer ikkje berre å gje borna og ungdomane på laga våre kunnskap om Jesus. Vi ynskjer at dei skal få høyre om Jesus på ein slik måte at dei tar i mot Han, og blir etterfylgjarar av Han! Vi ynskjer at Jesus skal få forandre liva til kvar enkelt, og at dei får ei tru som held gjennom heile livet. Dette er vårt mål, men også vår største utfordring: Korleis skal ein gå fram for å få dette til? Vi er blitt flinke på å formidle kunnskap om Jesus. Utfordringa er å formidle ei levande tru borna og ungdomane kan ta til seg; vi ynskjer å gjere dei til disiplar! Kva er ein disippel? Det er avgjerande å vite kva ein disippel er før ein jobbar vidare med undervisninga. Dette må vi forstå, skal vi kunne gjere folk til disiplar. Def disippel: Veks nærare Jesus jo lenger disippelforholdet varer. Andre som blir lært opp skal etterkvart løyse seg frå Meisteren, og klare seg sjølv, men å være Jesu disippel er omvendt: I samværet med Han blir disippelen mindre og Meisteren større! Jmf Joh 3,30. Ein disippel er ein som er avhengig av Jesus, og som veks nærare og nærare Han. Disippelen er ikkje berre mottakar, men også tilhengar. Han gjer undervisninga til Meisteren til norm for eige tru og liv. Ein disippel lever i ein stadig prosess der han kontinuerlig er under opplæring av Meisteren, og det blir ein vekst i mognad etterkvart som tida går. Avsendaren av Hebrearbrevet tar for seg dette temaet i Hebrearane 5, Han klandrar Hebrearane for å vekse seint som kristne, og er skuffa over at dei berre kan ta til seg mjølk og ikkje fast føde når det gjeld undervisninga om trua deira. Avsendaren meiner dei sjølv burde ha vore lærarar når dette brevet blir send, men har ikkje kome så langt i prosessen dei treng enno at nokon lærer dei. Slik skal det ikkje være. Som kristne skal vi utvikle oss og vekse i mognad i trua. Vi skal stadig lære av Jesus, men vi skal også etter ei tid være i stand til å lære andre. Vidare skriv forfattaren om skilnaden mellom mjølk og fast føde: Dei som kan ta imot fast føde er dei som har sett djupt inn i bodskapen om rettferd, og dei som med øving har vant sansane til å skilje mellom godt og vondt. Her får vi eit bilete av kva som er vårt mål å arbeide mot våre born og ungdomar slik at dei etterkvart blir klar for å ta imot fast føde. Dersom dei tar i mot denne faste føde vil det dra dei nærare Jesus, og dei blir gjort til disiplar hos Jesus! 3 retningar i ein disippel sitt liv Frå boka En helt overkommelig disippel av Knut Tveitereid 1 tar vi utgangspunkt i at ein disippel har tre retningar i sitt liv å arbeide med. Ved å sjå på desse kan vi forstå betre kva ein disippel er: Inn i gjengen

2 - Disiplar er som folk flest. Dei er ikkje betre enn nokon andre. Skilnaden er at dei ber ein stor skatt inne i seg; Jesus. Om disiplar går rundt å prøver å framstå som betre enn folk flest blir skatten usynleg. - Disiplar treng kvarandre, og veit at dei aleine ikkje er mykje tess. Derfor heldt dei saman. Jesus gav oss eit førebilete når han alltid sendte ut minst to og to disiplar saman for å utføre oppdrag for Jesus! - Disiplar må trivast. For det som er på innsida siver ut, og når ein skal vere Kristi vellukt må det vere gode ting som siv ut; fred og glede. Opp I Kristus - Disiplar er saman med Jesus. Vi må bruke våre sansar i fellesskapet med Han; lytte, sjå, kjenne og tru. Viktig å ta seg tid i stillhet med Jesus - Disiplar er for alltid under opplæring, og dei ynskjer å lære. Dei heldt seg så tett til Jesus at dei blir prega av han i kvardagen; får Gud sitt sinnelag. - Disiplar er ikkje opptatt av bod og reglar. Dei ynskjer å leve så nær Jesus at dei ikkje nærmar seg grensene for kva som ikkje er lov. Lever ein i motsetning kristenlivet lengst mulig unna Jesus lever ein i ein konstant kamp. Ut i verda - Disiplar er vitne for Jesus. Nokon få er evangelistar. Disiplar skal påverke andre som ringar i vatn, og det er Jesus som skal fascinere andre, ikkje lyd og lys og god regi. - Disiplar er tenarar. Dei gjer det dei likar og er god på til Gud si ære! - Disiplar betalar ein pris. Verden prøver å fryse dei ut sosialt og Satan prøver å freiste dei med alt som er ulovleg. - Disiplar vil noko! Ein treng disiplar som våger, men skal ein våge dette må ein ha Guds kjærleik i seg, og ein må sjekke fruktene i det ein gjer. Vi skal vidare sjå på skilnaden mellom barnleg tru, og den trua som skal vekse fram i ein disippel: vaksen mogen tru. Kjenneteikn på ei mogen tru Frå boka Family based youth ministry 2 kan vi her vise skilnaden mellom barnleg og vaksen tru. Dette for å vise heilt konkret kva vi skal strekke oss etter. Barnleg tru Gode kristne har ikkje smerte eller skuffelsar Gud hjelper dei som hjelper seg sjølv Gud vil gjere oss glad Tru vil hjelpe oss til å alltid forstå kva Gud gjer Dess nærare me kjem Gud, jo meir perfekt blir me Modne kristne har gode svar Vaksen moden tru Gud brukar vår smerte og våre skuffelsar til å gjere oss til betre kristne Gud hjelper dei som innrømmer at dei treng hjelp Gud vil gjere oss lik Jesus Trua hjelper oss til å vere under Gud sin suverenitet til og med når vi ikkje forstår kva han gjer Dess nærare me kjem Gud, jo meir blir me observant vår eiga synd Modne kristne kan streve med vanskelige spørsmål fordi dei stoler på at Gud har

3 Gode kristne er alltid sterke Vi går på bedehuset fordi venane våre er der, vi har gode leiarar, og vi få noko ut av det svaret Vår styrke er i å innrømme vår svakhet Vi går på bedehuset fordi vi høyrer til forsamlinga Jesus sin lekam (kropp) Kva fokuserar vi på? I mange barne- og ungdomslag har ein dei siste åra vore meir opptatt av å telje kor mange som kjem, enn å sjå på resultata som kjem ut av arbeidet. Gjer vi til disiplar? Eller berre gjev vi borna og ungdomane ei positiv haldning til Jesus? Spesielt ser ein at der det er mange som går på laga, er det lettare å vere nøgd med ei barnleg tru, heller enn ei mogen tru 3. Vi må bli meir bevisst på kva tal vi tel, for det som verkeleg betyr noko er om ein gjer borna og ungdomane som går på laga våre til etterfylgjarar av Jesus, og disiplar av Han! Korleis få våre born og ungdomar frå barnleg tru til vaksen, moden tru? Ein vil i det fylgjande ta for seg punkt ein meiner er viktig for å skape ei moden tru hjå borna og ungdomane slik at dei kan utvikle seg som disippel. MEN ein må alltid hugse på at vi som kristne leiarar berre kan planta og vatna, men hjå alle som kjem innom våre bedehus er det BERRE GUD SOM KAN SKAPE VEKST! 1. Kor 3,5-9. Tre hovudpunkt er vesentlege, og dei fylgjande punkta vil alltid gå under eit eller fleire av desse punkta: BIBEL, TID og ANSVAR. Når ein ser tilbake ser ein at dei som er vorte bevart er vorte det på ulike måtar. Difor finns det ingen fasit her. Ein vil i det fylgjande legge fram mange ulike punkt, så må einkvar ta til seg det ein sjølv føler er rett; både å gjennomføre for sin eigen del, og kva som er greitt inn mot det barne- eller ungdomslaget ein driv. 1) Forkynne Jesus så dei blir KJENT med han! Evangeliet må bli forkynt skal nokon i det heile kunne ta imot Jesus. Dette må også repeterast for dei som allereie har tatt i mot, slik at ein stadig blir påminna om frelsa og storverka den inneheld. Det er likevel ikkje det som er temaet i dag vi skal fokusere på korleis dei kan vekse i trua når dei i utgangspunktet har tatt i mot Jesus. Rom 10,17. 2) Tale SANNING om heile Guds råd Vi som er leiarar i dei ulike laga ynskjer å bli likt, ynskjer å være populær, at mange skal kome og at ingen skal verte støtt og ikkje kome igjen. Dette fører til at ein ofte forkynner det enkle og gode i trua vår, og lar være å tale heile sanninga. Som kristne leiarar har vi ansvar for å ikkje berre forkynne alt det enkle, men også det vanskelege: o Det kostar å fylgje Jesus o Jesus har aldri lovd oss et enkelt liv, men eit meiningsfylt liv o Jesus sei me skal omvende oss frå synd, om ikkje lever vi i mørket og har ikkje samfunn med Han. o Jesus vil vere Herre i våre liv Dersom vi talar sanning vil det føre til at nokon blir støtt bort, for dei har harde hjarte og vil ikkje ta til seg det som blir sagt (jmf evangelia). Men dei som blir tar til

4 seg og får ei rotfesta tru. Dette er betre enn at alle har ei halvvegs tru. Vi må ikkje vere så redd for å miste nokon at vi ikkje beheldt nokon. Forkynninga bør vere så utfordrande at ein veit kva det vil seie å vere kristen når ein tar i mot Jesus. Ein må vite at Jesus kallar oss til å legge ned vårt eige, og til å fylgje Jesus med alt det det kostar. 3) Undervise i grunnsanningane i kristendomen OG livet med Jesus Skal ein gjere barn og ungdom til disiplar av Jesus krev det at ein underviser både i grunnsanningane om Jesus, OG om livet som kristen. Det er lett å berre undervise i eit av desse tema. For å vere sikker på at alt blir undervist om kan det vere anbefalt å ha systematisk undervisning der ein set opp tema for kvar lagssamling. Vidare krev det ein andakt som er meir enn 10 minutt kvar gong, og ein anbefalar difor å bruke god tid på møtedelen. Jmf leiarskuletema Søk fyrst Guds rike. Forslag til tema ein kan bruke er boka Livsviktige SPØRSMÅL En praktisk innføring i kristen tro, av Nicky Gumbel, Alpha. Tema som blir tatt opp: 1: Kristendommen: Kjedelig, usann og irrelevant? 2: Hvem er Jesus? 3: Hvorfor døde Jesus? 4: Hvordan kan jeg være sikker på min tro? 5: Hvorfor og hvordan bør jeg lese i Bibelen? 6: Hvorfor og hvordan skal jeg be? 7: Hvordan leder Gud oss? 8: Hvem er Den Hellige Ånd? 9: Hva gjør Den Hellige Ånd? 10: Hvordan kan jeg bli fylt av Ånden? 11: Hvordan kan jeg få mest mulig ut av livet? 12: Hvordan kan jeg stå i mot det onde? 13: Hvorfor og hvordan skal vi fortelle andre? 14: Helbreder Gud i dag? 15: Hva med kirken og meningheten? Denne boka er god fordi den får med seg bredda i kristenlivet. Den tar fyrst for seg grunnsanningane i Bibelen (kap 2-5), men underviser så vidare i LIVET som kristen (kap 6-15). Det er lett for å gjere berre det eine eller det andre, men vi er kalla til å forkynne heile Guds råd! 4) Fylgje ungdomane tett Det avgjerande for at ungdom skal vekse i mognad er at dei har førebilete som er meir mogne enn dei sjølv. Dei treng nokon dei kan strekkje seg etter slik at dei lærer horisontalt. Er dei berre med kvarandre lærer dei berre av likesinna (vertikalt), og det fører til liten mognad. Ut frå dette ser vi at grupper der ungdomane har med seg ein eller fleire som er eldre enn dei sjølv kan vere avgjerande for mognad. Det er ulikt korleis ein organiserer dette, men det kan vere å møtes ei gruppe heime hjå nokon eller på bedehuset. Vidare kan ein møtast kvar veke eller annankvar. Dette er ikkje det avgjerande. Det som er viktig er at ungdomane har vaksne personar rundt seg dei kan spørje om det dei lurar på i trua si, og vaksne som kan vegleie dei vidare i trua. Små grupper med rom for samtale er ein god måte å gjere dette på om det er mogleg å gjennomføre i praksis. Norsk kristeleg studieråd gir støtte til slike grupper. Sjå for meir info.

5 Tips til opplegg i gruppene: * For relativt nye i trua: Livsviktige spørsmål en praktisk innføring i kristen tro, av Nicky Gumbel, Alpha, Prokla Media (se pkt 3) * For dei som ynskjer å fylgje Jesus: a) Målrettet liv Hvorfor i all verden er jeg her? av Rick Warren, Hermon Forlag. Boka tar for seg 5 hensikter med livet vårt: 1: Planlagt for å glede Gud 2: Dannet for Guds familie, 3: Skapt for å bli lik Kristus, 4: Dannet for å tjene Gud, 5: Skapt for et oppdrag. --> Opplegget går over 40 kapittel, og det anbefalast at ein tar 2 kapittel for kvar samling. Gruppesamtalen vil fungere best om alle får lest kapitla på førehand, eventuelt lese saman i gruppa, men dette vil ta ganske lang tid. b) En helt overkommelig disippel av Knut Tveitereid tar for seg 3 retninger for en disippel. Sjå overskrifta Tre retningar i ein disippel sitt liv 12 samlingar. For fleire tips, sjå 5) Fylgje enkeltpersonar tett; Medvandring Temaet medvandring har vorte meir i fokus dei siste åra. Det er anbefalt at dei som har leiaransvar har ein medvandrar. Ein medvandrar er ein person ein kan snakke med om livet som kristen, om leiaransvaret, og om andre viktige ting i livet. Ein medvandrar er ikkje ein som er utlært om livet, men ein som seier seg villig til å gå SAMAN med ein annan, og han er gjerne nokre år eldre enn den som kjem til han. Ein kan møte medvandraren sin alt frå 2 gongar i månaden til 2 gonger i året, avhengig av praktisk moglegheit og behov. Det å ha ein medvandrar har for mange vore ei stor støtte, og ein flott måte å vekse som menneske og som kristen på! 6) Innlemme born og ungdom som ein del av storforsamlinga på bedehuset - sjå leiarskule, 3. samling 7) Oppfordre til bibelskuleår Ein unik sjanse til å bruke et år på å vekse nærmare Gud, lære meir om sanningane i Bibelen, erfare meir av livet med Gud. Dette året er eit veldig godt grunnlag å ha med seg resten av livet. 8) Gje borna og ungdomane ansvarsoppgåver Det er viktig å innlemme borna og ungdomane i arbeidet ein driv. Det er også viktig å ikkje berre kaste dei ut i vanskelege oppgåver, som gjer at dei mister motet, men å fylgje dei opp på ein god måte. Ein viktig modell i denne samanhengen er denne: 1. Eg gjer, du ser 2. Eg gjer, du hjelper 3. Du gjer, eg hjelper 4. Du gjer, eg ser

6 Dersom ein som leiar klarar å gå desse stega med dei borna og ungdomane ein ynskjer å gje nye ansvarsoppgåver vil dei føle i større grad sjølvsikkerheit i det dei gjer. Dette gjer at personane blir tryggare, og dei får ei større glede i å tene. 9) Lære dei å lese bibelen sjølv Det er viktig å oppfordre til bibellesing, og i den forbindelse gje dei heilt konkrete hjelpemiddel: * ALFA eller SIESTA frå bibelleserringen * BIBELMIX frå Skulelaget * Gode råd til bibellesing i andaktane Disiplar tar til seg av bibelen, og som leiarar må vi derfor utruste dei slik at dei opnar bibelen også når dei er for seg sjølv. Avslutning: Denne samlinga består av mange råd og tips. Ikkje alle er aktuelle for alle lagsleiarar, men ein håpar at alle er aktuelle for nokon. Lista må den einskilte foredragshaldar trekkje frå eller supplere etter ynskje. Likevel må det seiast at punkta er tenkt nøye gjennom, og eit resultat av samtalar med fleire lokale leiarar. 1 En helt overkommelig disippel av Knut Tveitereid, Det Norske Bibelselskap, Famili-based youth ministry av 3 s.27 Family based youth ministry

ABC for Barne- og ungdomsleiarar - Praktisk hjelp til betre planlegging og gjennomføring

ABC for Barne- og ungdomsleiarar - Praktisk hjelp til betre planlegging og gjennomføring ABC for Barne- og ungdomsleiarar - Praktisk hjelp til betre planlegging og gjennomføring Innleiing Alle som er, eller har vore, leiar i eit barne- eller ungdomslag veit at det ikkje finns enkle eller lettvinte

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar Godøya 23.02.2014 Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror Brotne relasjonar Vi kan gjere det verre Ignorere Angripe person i staden for sak Manipulere Involvere feil menneske Snakke

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben BREV I BIBELEN Av Marit og Preben Brev Tid Forfattar Adressat Romarbrevet 56-57. e. kr. Paulus Romarane 1. Korintarane 55 e. kr. Paulus Korintarane 2. Korintarane 56 e. kr. Paulus Korintarane Galatarane

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Søk først Guds Rike! viktigheita av å prioritere den andelege biten av lagssamlingane/ ungdomskveldane

Søk først Guds Rike! viktigheita av å prioritere den andelege biten av lagssamlingane/ ungdomskveldane Søk først Guds Rike! viktigheita av å prioritere den andelege biten av lagssamlingane/ ungdomskveldane Innleiing Overskrifta for samlinga kjem frå Jesus si utfordring i Matteus 6,33: Søk fyrst Guds rike

Detaljer

Unge natur- og nådegåver

Unge natur- og nådegåver Unge natur- og nådegåver Korleis oppdage, bruke og utvikle mine evner og nådegåver? Innleiing: Å finne ut av si eiga nådegåve kan vere frigjevande med tanke på teneste. Nokon får eit heilt nytt frimod

Detaljer

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK INNHALD FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP... 2 1. MUSIKK MED EVENTUELL INNGANG... 2 2. SONG/SALME... 2 3. NÅDEHELSING/OPNINGSORD... 2 4. SKRIFTLESING...

Detaljer

Strategiplan for Nordhordland Indremisjon 2011-2020

Strategiplan for Nordhordland Indremisjon 2011-2020 Strategiplan for Nordhordland Indremisjon 2011-2020 Vi vil DISIPPELGJERE ved å vinne, utruste og sende! Denne strategiplanen er vorten til for at vi saman skal verte inspirerte og utfordra til å gå vidare

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Velkomsthelsing. Leiar: Forsamlinga skal i dag ta imot dette barnet (bruk gjerne namnet). Vi gjer dette med glede og i bevissthet om det ansvaret dette legg på

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

ORDNING FOR KONFIRMASJON

ORDNING FOR KONFIRMASJON ORDNING FOR KONFIRMASJON NYNORSK INNHALD KVA ER KONFIRMASJONEN?... 2 MÅLSETJING FOR KONFIRMASJONSTIDA... 2 KONFIRMASJONSHANDLINGA... 2 ORDNING FOR KONFIRMASJON... 3 Godkjent av Hovudstyret mai 2011. 1

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei Mosby 17.01.2017 2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som kan gjera deg

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft over tid. Psykososiale utfordringar og hensiktsmessige tiltak ved kreftsjukdom Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft Det er mange utfordringar, f.eks:

Detaljer

Ulsteinvik Bibelen

Ulsteinvik Bibelen Ulsteinvik 02.09.2016 Bibelen 2Tim 3:14-17 14 Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som

Detaljer

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker. 1. Mos 1, 1-5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4 Gud såg at lyset

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert ORDNING FOR Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Innsetjingshandlinga byggjer på ordinasjon. Til tenesta med Ord og sakrament (hyrdingtenesta)

Detaljer

Helgatun / Danielsen

Helgatun / Danielsen Helgatun / Danielsen 03.02.2017 frelst av Sola ved Solus i Sola ifølge Soli til GRATIA Nåden åleine FIDE Trua åleine CHRISTUS Kristus åleine SCRIPTURA Skrifta åleine DEO GLORIA Guds ære åleine frelst av

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen, Hald fokus! Lukas 24:44-49 «44 Så sa han til dei: Dette er orda mine, som eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk, at det måtte oppfyllast alt det som er skrive om meg i Moselova og profetane og salmane.

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste ORDNING FOR Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Til tenesta med Ord og sakrament (hyrdingtenesta) kallar og ordinerer

Detaljer

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Ei høyring om Justering av hovudgudstenesta vart sendt ut 10. januar med høyringsfrist til 10. april. Høyringsforslaget ligg føre berre på bokmål,

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat 5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp

Detaljer

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN Mai 2012 Medlemsblad GLYTTEN...med sommar og sol, og tærne i sanden ønsker me Velkommen til sommarleir 2012!!! Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg

Detaljer

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden Ulsteinvik 03.09.2016 Brødsbrytinga / nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera stille

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Visthus Skjermbilder: imf.no/blog

Visthus Skjermbilder: imf.no/blog Visthus 14.09.2019 Skjermbilder: imf.no/blog Når ein unngår kvarandre Når ein irriterer seg på kvarandre Det vert stille Ein byggjer alliansar Ein utøver «terror» Ignorere Angripe person i staden for sak

Detaljer

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September 2011 www.hkrf.net

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September 2011 www.hkrf.net Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September 2011 www.hkrf.net Kommentarar til innhald Presentasjonen er skrive på nynorsk, men bibelsitata er

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Strategidokument 2016-2018

Strategidokument 2016-2018 Strategidokument 2016-2018 Årsmøtet Varhaug Misjonshus 2015 12. Mars 2015 www.varhaug-misjonshus.no 1. Om Varhaug Misjonshus Varhaug Misjonshus er eit flott anlegg midt i Varhaug sentrum. Misjonshuset

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Mål: Lære å lese fagtekstar (både tekst, bilete og overskrifter). Lære å kunne trekke ut opplysningar frå ei fagtekst. Lære å kunne søke etter informasjon

Detaljer

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

VELSIGNING AV HUS OG HEIM KR 15.4/12 VELSIGNING AV HUS OG HEIM 1 Denne liturgien kan brukast når folk bed presten eller ein annan kyrkjeleg medarbeidar om å koma og velsigna den nye heimen deira. 2 Dersom presten blir beden om

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

S.f.faste Joh. 12. 20-33 1 Familiemesse

S.f.faste Joh. 12. 20-33 1 Familiemesse S.f.faste Joh. 12. 20-33 1 Familiemesse Maria hadde gledet seg til å være med til kirken! Det var familiemesse, og i kirken var det helt fullt av mennesker. Presten hadde lest om de som var grekere, og

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Ledersamling Betania 19.1.2011 Av Olav Vestbøstad

Ledersamling Betania 19.1.2011 Av Olav Vestbøstad Ledersamling Betania 19.1.2011 Av Olav Vestbøstad 2 Kor 9,6-8 Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal òg hausta sparsamt, og den som sår med velsigning, skal òg hausta med velsigning. 7 Kvar må gje

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov. PRAKSISKONTRAKT Barnehagens forutsetningar Praksislærers forventning til studenten Eige ark Studentens forutsetninger (faglige, personlige, praktiske) Eg har ikkje noko erfaring med barnehage før eg starta

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

PROTOKOLL FRÅ UNGDOMSTINGET BJØRGVIN BISPEDØME, ST JAKOK KYRKJE, BERGEN 17-19 april 2015:

PROTOKOLL FRÅ UNGDOMSTINGET BJØRGVIN BISPEDØME, ST JAKOK KYRKJE, BERGEN 17-19 april 2015: PROTOKOLL FRÅ UNGDOMSTINGET BJØRGVIN BISPEDØME, ST JAKOK KYRKJE, BERGEN 17-19 april 2015: UT 01/15: Konstituering og godkjenning Val av dirigentar, referentar og tellekorps Dirigentar: Nora Baartvedt og

Detaljer

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Opne førelesingar M44 20. Januar 2011 Christiane Weiss-Tornes Presentert av Tine Inger Solum Disposisjon: 1. Korleis blir eg utmatta? 2. Varselsymptom

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje. Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje. FYRSTE BODET Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg. Vi skal ottast og elska Gud over alle

Detaljer

Til frihet. Jesus kom for å sette de undertrykte og de som er i fangenskap fri. Du kan også si at kom slik at vi kan oppleve frihet.

Til frihet. Jesus kom for å sette de undertrykte og de som er i fangenskap fri. Du kan også si at kom slik at vi kan oppleve frihet. Til frihet (Galaterne 5:1 NB) Til frihet har Kristus frigjort oss. Stå derfor fast, og la dere ikke igjen legge under trelldommens åk. Gal 5:1 Stå derfor fast i den frihet som Kristus har frigjort oss

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

Skrifta sitt vitnemål om seg sjølv

Skrifta sitt vitnemål om seg sjølv Kalvåg 09.06.2017 Sola frelst av Sola ved Solus i Sola ifølge Soli til GRATIA Nåden åleine FIDE Trua åleine CHRISTUS Kristus åleine SCRIPTURA Skrifta åleine DEO GLORIA Guds ære åleine Skrifta sitt vitnemål

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B ORDNING FOR Vigsel Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå bryllaupsfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda, og det kan vera tillegg til handlinga

Detaljer

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Lesing er grunnlaget for suksess i neste alle skulefag. Lesesvake elevar får ofte problem med å fullføre vidaregåande skule. Lesesvake vil møte mange stengte dører

Detaljer

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 v0.2.docx2 under arbeid Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2015-2018 Innhald 1. Om Varhaug Misjonshus...

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Jesus taler om sin død

Jesus taler om sin død Den rare loven i Guds Rike Teksten: Johannes 12.20 36 Jesus taler om sin død 20 Det var noen grekere blant dem som var kommet for å tilbe under høytiden.21 De gikk til Filip, som var fra Betsaida i Galilea,

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Trivsel og vekstvilkår

Trivsel og vekstvilkår Trivsel og vekstvilkår Det me veit heilt sikkert: Vaksne sitt samspel med barna pregar barna, og legg grunnlaget for deira mentale helse. Det me skal utforska: Muligheiter og ansvar for å skapa GODE vekstvilkår?

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

om å holde på med det.

om å holde på med det. j Livet som Gud har kallet oss til, er ikke et vanlig eller naturlig liv. Det er overnaturlig, fylt med kraft, tegn, under, mirakel og andre mektige gjerninger. Jesus, som gikk på vannet, gjorde vann om

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Sola GRATIA. frelst av. Nåden åleine

Sola GRATIA. frelst av. Nåden åleine Lindås 17.02.2017 frelst av Sola ved Solus i Sola ifølge Soli til GRATIA Nåden åleine FIDE Trua åleine CHRISTUS Kristus åleine SCRIPTURA Skrifta åleine DEO GLORIA Guds ære åleine frelst av GRATIA Nåden

Detaljer