Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR- 2017-06-21-854) Detaljreguleringsplan for Dingemoen skule Dato: 27.09.2018 Vurdering etter 6 Planar og tiltak som alltid skal konsekvensutgreiast og ha planprogram og melding: a) Kommuneplanen sin arealdel etter 11-5 og regionale planar etter plan- og bygningslova 8-1, kommunedelplanar etter 11-1, og områdereguleringar etter 12-2 når planane fastsett rammer for tiltak i vedlegg I og II. b) Reguleringsplanar etter plan- og bygningslova for tiltak i vedlegg I. Unnateke frå dette er reguleringsplanar der det konkrete tiltaket er konsekvensutgreia i ein tidlegare plan og der reguleringsplanen er i samsvar med denne tidlegare planen. c) Tiltak i vedlegg I som handsamast etter andre lover enn plan- og bygningslova. Dette er ein detaljreguleringsplan etter 12-3, og omfattast ikkje av dette Dingemoen skule kjem ikkje inn under vedlegg I, og omfattast ikkje av dette Dingemoen skule kjem ikkje inn under vedlegg I og handsamast etter plan- og bygningslova, og omfattast ikkje av dette Vurdering etter 7 Planar og tiltak etter andre lover som alltid skal konsekvensutgreiast, men ikkje ha melding a) Tiltak i vedlegg II som handsamast etter energi-, vassressurs- eller vassdragsreguleringslova. b) Planar og program etter andre lover som fastset rammer for tiltak i vedlegg I og II og som vedtakast av eit departement. Dingemoen skule skal ikkje handsamast etter energi-, vassressurs- eller vassdragsreguleringslova, og omfattast ikkje av dette Dingemoen skule skal ikkje vedtakast av eit departement, og omfattast ikkje av dette
Vurdering etter 8 Planar og tiltak som skal konsekvensutgreiast dersom dei kan få vesentlege verknadar for miljø eller samfunn a) Reguleringsplanar for tiltak i vedlegg II. Unntatt frå dette er reguleringsplanar der det konkrete tiltaket er konsekvensutgreia i ein tidlegare plan og der reguleringsplanen er i samsvar med denne tidlegare planen. Største delen av planområdet er avsett til offentleg tenesteyting i kommunedelplan for Dale. Tilleggsarealet T2 blei konsekvensutgreia i kommunedelplanen. Den utvida plangrensa omfattar areal avsett til LNF-område i kommunedelplanen. Delar av planen vert derfor omfatta av vedlegg II, punkt 11, bokstav j «Næringsbygg, herunder kjøpesentre som ikke inngår i pkt. 10 b, bygg for offentlig eller privat tjenesteyting og bygg til allmennyttige formål». Delar av planområdet skal dermed vurderast nærare i høve vesentlege verknadar for miljø eller samfunn. b) Tiltak i vedlegg II som handsamast etter ei anna lov enn plan- og bygningslova. Figur 1 Utklipp frå kommunedelplan for Dale Detaljreguleringsplan for Dingemoen skule skal ikkje handsamast etter ei anna lov enn plan- og bygningslova, og omfattast ikkje av dette
Forskrift for konsekvensutgreiingar (FOR-2017-06-21-854) 10 listar opp kriteria for vurderinga av om ein plan eller eit tiltak kan få vesentlege verknadar for miljø eller samfunn. Eigenskapar ved planen eller tiltaket omfattar: a) Storleik, planområde og utforming Planområdet er naturleg avgrensa, for å sikre areal til trafikkløysing, intern tilkomst, skulebygningar, uteareal og siktlinjer. b) Bruken av naturressursar, særleg areal, jord, mineralressursar, vatn og biologiske ressursar Detaljreguleringsplanen legg til rette for omdisponering av eksisterande landbruksareal til område for offentleg tenesteyting. Omdisponeringa vert vurdert til å ikkje medføre vesentlege verknadar for miljø eller samfunn. Tema landbruk vil bli grundig skildra og vurdert i planomtalen. c) Risiko for alvorlege ulykker og/eller katastrofer Detaljreguleringsplanen medfører ikkje risiko for alvorlege ulykker og/eller katastrofer. Tvert i mot vil den planlagde trafikkløysinga gjere dei trafikale forholda betre for skulen.
Lokalisering og påverknad på omgjevnadane omfattar ei vurdering av om planen eller tiltaket kan medføre eller komme i konflikt med: a) Verneområde etter naturmangfaldlova kapittel V eller markalova 11, utvalde naturtypar, prioriterte artar, verna vassdrag, nasjonale laksefjordar og laksevassdrag, objekt, områder og kulturmiljø freda etter kulturminnelova. b) Trua artar eller naturtypar, verdifulle landskap, verdifulle kulturminne og kulturmiljø, nasjonalt eller regionalt viktige mineralressursar, områder med stor betyding for samisk utmarksnæring eller reindrift og områder som er særleg viktige for friluftsliv. Det er ikkje registrert verneområder etter naturmangfaldlova kapittel V, utvalde naturtypar, prioriterte artar, verna vassdrag, nasjonale laksefjordar og laksevassdrag, objekt, områder og kulturmiljø freda etter kulturminnelova innanfor plangrensa. Dingemoen skule omfattast derfor ikkje av dette Det er ikkje registrert trua artar eller naturtypar, verdifulle kulturminne og kulturmiljø, nasjonalt eller regionalt viktige mineralressursar, område med stor betydning for samisk utmarksnæring eller reindrift eller områder som er særleg viktige for friluftsliv innanfor plangrensa 1. Platået på Dingemoen er i kommunedelplanen for Dale markert med omsynssone H550 omsyn landskap. Heile planområdet for detaljreguleringsplanen for Dingemoen skule, med unntak av arealet som omfattar fv 57, ligg innanfor denne omsynssona. Føresegnene til kommunedelplanen har ingen retningslinjer for denne omsynssona, men føremålet er å unngå at landskapet vert vesentleg endra. Planen legg ikkje til rette for ei vesentleg endring av landskapet, då ny skule med tilhøyrande trafikkløysing skal plasserast på dagens nivå. I føresegnene til planen vil det bli sett krav til utnyttingsgrad, mønehøgd og
c) Statlege planretningslinjer, statlege planbestemmelsar eller regionale planbestemmelsar gjevne i medhald av plan- og bygningslova av 27. juni 2008 nr. 71 eller rikspolitiske bestemmelsar eller rikspolitiske retningslinjer gjevne i medhald av plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77. d) Større omdisponering av områder avsett til landbruks-, natur- og friluftsformål, samt reindrift eller områder som er regulert til landbruk og som er av stor betyding for landbruksverksemd. e) Auka belastning i områder der fastsette miljøkvalitetsstandardar er overskridne. f) Konsekvensar for befolkninga si helse, for eksempel som følgje av vass- eller luftforureining. eventuelt utforming. Tema landskap vil bli grundig skildra og vurdert i planomtalen. Detaljreguleringsplan for Dingemoen skule vert vurdert til å ikkje komme i konflikt med SPR for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, SPR for differensiert forvalting av strandsona langs sjøen, SPR for klima- og energiplanlegging i kommunane, RPR for å styrke barn og unge sine interesser i planlegginga eller RPR for verna vassdrag. Utviding av plangrensa mot sør medfører ei omdisponering av område avsett til LNFformål i kommunedelplanen for Dale. Dette gjeld i hovudsak ein smal parsell, der det går ein eksisterande gardsveg/traktorveg (gbnr 70/5), og hjørnet på eit landbruksareal på gbnr 70/6. Totalt utgjer omdisponeringa om lag 3,7 daa fulldyrka mark. Dette arealet kan bli noko redusert når detaljreguleringsplanen er utarbeida, og plangrensa justert. Dette vert vurdert til å ikkje vere ei «større omdisponering», sidan det er areal som er nært tilknytt og som naturleg kan inkluderast i skulen sitt område. Planområdet er ikkje i eit område der det er fastsette miljøkvalitetsstandarder som er overskridne. Dingemoen skule, eller bygging av ny skule, vil ikkje medføre konsekvensar for
befolkninga si helse. g) Vesentleg forureining eller klimagassutslepp. Detaljreguleringsplan for Dingemoen skule, eller bygging av ny skule, vil ikkje medføre vesentleg forureining eller klimagassutslepp. h) Risiko for alvorlege ulykker som følgje av naturfarer som ras, skred eller flaum. Planområdet ligg ikkje innanfor aktsemdsområde for snøskred, steinsprang, jord- og flaumskred, fjellskred, kvikkleire eller flaumfare 2. Konklusjon: Med bakgrunn i vurderingane som er gjort vurderer Fjaler kommune at planen ikkje vil få vesentlege verknadar for miljø og samfunn, og at det derfor ikkje er krav om konsekvensutgreiing. 1 www.miljostatus.no, www.ngu.no 2 NVE Atlas (https://atlas.nve.no/)