Biologisk verdfulle kulturlandskap i Fedje kommune Miljøfaglig Utredning Rapport 2004: 29
Rapport 2004: 29 Utførande institusjon: Miljøfaglig Utredning AS Kontaktperson: Finn Gunnar Oldervik ISBN-nummer: 82-8138-033-0 Finansiert av: Kontaktperson: Dato: Fylkesmannen i Hordaland (SMILmidler) Rein Midteng, Austrheim kommune Oktober 2004 Referanse: Oldervik, F.G.. 2004. Biologisk verdfulle kulturlandskap i Fedje kommune. Miljøfaglig Utredning Rapport 2004-29: 1-7 Referat: For at ein skal få oversikt over verdfullt kulturlandskap i Fedje kommune er det gjort ei undersøking av naturbeitemarkene i kommunen. Bakgrunnen er m.a. å skaffa seg eit bilete av korleis ein best skal kunne nytta såkalla SMIL-midlar til beste for artsmangfaldet når det gjeld naturengartar. Det er særleg lagt vekt på førekomstar av beitemarkssoppar. Rapporten er meint som eit supplement til Bjørn Moe sin rapport om Naturtypar i Fedje. 4 emneord: Naturbeitemarker Raudlisteartar Kommune Kartlegging 2 Miljøfaglig Utredning 2004
Forord og innleiing På oppdrag frå landbrukskontoret i Fedje og Austrheim har Miljøfaglig Utredning A/S undersøkt kulturlandskapet i Fedje kommune, Hordaland fylke. Ein har konsentrert undersøkingane om eventuelle førekomstar av beitemarkssopp. Kontaktperson for kommunane har vore Rein Midteng, medan Finn Oldervik har vore ansvarleg for feltarbeid og notatskriving. Kart er motteke ved teknisk etat i Fedje. Denne rapporten er meint som eit supplement til Bjørn Moe sin rapport: Kartlegging og verdisetting av Naturtypar i Fedje. Ein vil følgja den nummereringa og namnsetjinga som Moe har bruka og nye lokalitetar vil verta nummerert frå og med nr. 18. Feltarbeidet vart utført 17-18. oktober 2004. Takk til kommunen for oppdraget.. Aure, 02.11.2004 Finn Gunnar Oldervik Side 3 Miljøfaglig Utredning 2004
Resultat Generelt Undersøkingane viser at fungaen av beitemarksopp på Fedje jamt over er triviell. For den sørlege delen av øya ligg årsaka til dette utan tvil i den sterke gjødslinga som ein har drive med dei seinare åra. Kraftig bruk av kunstgjødsel i tillegg til gylling har medført ei vesentleg forringing av det biologiske mangfaldet i beitemarkene på sørsida. Når det gjeld dei andre beitemarkene i kommunen så har nok gjødsling noko av skulda for manglande artsmangfald av beitemarksopp, men neppe all skuld. Kva andre medverkande årsaker til dette kan vera er ikkje så enkelt å svara på, men truleg er det fleire faktorar som spelar inn. I tilfeldig rekkefølgje kan nemnast; a) Øya er flat og slik sterkt eksponert for uttørking av vind. b) Landskapet og dermed også kulturjorda har gjennom alle tider vore utsett for ymse inngrep. Særleg har bruken av torv til brensel vore ein viktig faktor i så måte. c) Brenning av lyng kan ha hatt ein liknande effekt som gjødsling. Saman med bruk av kunstgjødsel i beitemarkene har dette truleg hatt ein negativ effekt på soppane. d) Beitetrykket kan vera noko for hardt på einskilde lokalitetar. Dette kan medføre at soppane vert oppetne av sauene etter kvart som dei fruktiserer. Sjølv om soppmycelet er til stades vil ein då få vanskar med å finna fruktlekamar. Vidare kan det føra til dårleg spreiingsemne. Raudlisteartar Registreringa 17. og 18. oktober 2004 førte til 4 nye raudlistefunn fordelt på 3 lokalitetar for kommunen. For skuld oversikta, så har ein også teke med dei raudlista plantane som er funne i kommunen. Raudlistestatus Norsk namn Vitskapleg namn Trugsmål lokalt Lokalitet Sårbar (V) Hinnebregne Hymenophyllum wilsonii Ingen kjente Nr. 1, nr. 3, nr. 7, nr. 8, nr 12, nr. 13, nr. 15, Omsynskrevjande Pusleblom Anagallis minima Gjødsling Nr. 6, Nr. 7. (DC) Omsynskrevjande Skjeljordtunge Geoglossum fallax Gjødsling og Nr. 1, nr. 7, nr. (DC) Omsynskrevjande (DC) Brunsvart jordtunge Geoglossum umbratile gjengroing Gjødsling og gjengroing 20 Nr. 20 Kommentar til raudlistefunna: Utanom pusleblom, så er ikkje dei andre raudlisteartane som er funne på Fedje særleg gode artar. Hinnebregne vil truleg bli teken ut frå raudlista ved neste revisjon. Det same gjeld dei to jordtungene. Det vil i sin tur føra til at fleire av lokalitetane må nedgraderast i verdi. Dei ymse lokalitetane 1. Lyng-Mågøy (KN 656 468) (Moe nr. 1): Under hovudnaturtypen Kulturlandskap nemner Moe berre kystlynghei (D07) som undernaturtype. Inventeringa den 18.10.04 viste at ganske mykje av øya må karakteriserast som naturbeitemark (G). Utanom dei planteartane Moe reknar opp, så kan ein også nemna naturengplantane; smalkjempe Plantago lanceolata, kystmaure Galium saxatile og tepperot Potentilla erecta. Side 4 Miljøfaglig Utredning 2004
Soppfunn: Gul småkøllesopp Clavulinopsis helvola, bleiktuppa småkøllesopp Clavulinopsis luteoalba, stjernespora raudskivesopp Entoloma conferendum, utan norsk namn Entoloma cfr. luteobasis, skjeljordtunge Geoglossum fallax (DC), skjør vokssopp Hygrocybe ceracea, gul vokssopp Hygrocybe chlorophana, kjeglevokssopp Hygrocybe conica, liten vokssopp Hygrocybe insipida, seig vokssopp Hygrocybe laeta, grøn vokssopp Hygrocybe psittacina, honningvokssopp Hygrocybe reidii. Om ein ut frå flora og kjent funga skulle verdsetja den delen av Lyng-Mågøyni som kan karakteriserast som naturbeitemark, så ville øya verta ein B-lokalitet (m.a. omsynskrevjande sopp). Med funn av sårbar plante samt i delar, ei velhevda kystlynghei, så må lokaliteten likevel verdsetjast som svært viktig A, slik Moe tidlegare har kome med framlegg om. Skjøtsel og omsyn Sjølv om ein av brukarane av øya, Ingar Kahrs, meiner at kunstgjødsel ikkje har vore bruka i særleg grad på øys, så tyder den tilhøvesvise fattige soppfungaen på at kunstgjødsel kan ha vore bruka ein periode tidlegare. Det er viktig at beitetrykket vert halde oppe på øya, slik at gjengroing kan unngåast. Om naudsynt bør ein nytta offentlege midlar som stimulans for å halda fram med beitinga der ute. Undersøkt: 18.08.2002 av Bjørn Moe, 18.10.2004 av Finn Oldervik 2. Fyrsundet nord (KN 665 430) (Moe nr. 7): Lokaliteten er ei naturbeitemark som ligg nord for parkeringsplassen ved Fyrsundet. I tillegg til dei plantane Moe har teke med, så kan ein nemna: Kystmaure Galium saxatile, litt finnskjegg Nardus stricta og tepperot Potentilla erecta. Etter det brukaren (Bjørn Andreassen) fortel, så har denne beitemarka vore oppgjødsla gjennom mange år, og no siste året også gylla. Dette gjorde at beitemarksoppane så og seia mangla heilt. Berre skjeljordtunge Geoglossum fallax (DC) og kjeglevokssopp Hygrocybe conica vart funne på denne lokaliteten. I og med at både raudlista sopp (skjeljordtunge) og plante (pusleblom) er funnen på lokaliteten, så finn ein det likevel rett å oppretthalda verdsetjinga til B Viktig. Skjøtsel og omsyn Den naturfaglege verdien av beitemarka ville utan tvil vore tent med opphør av gjødslinga og reduksjon av talet på beitande sauer. Å restaurere ei slik beitemark vil nok ta årtier, så truleg vil alternativet til den noverande tilstanden vera attgroing med lyng og einer, eventuelt tilplanting med nåletre. Om eigaren/brukaren av beitemarka er interessert, så bør miljøstyresmaktene hjelpa til med ein analyse av lønsemda i bruken av kunstgjødsel på naturbeitemark samanlikna med ugjødsla beiter, men med nokre færre sauer. Ein bør vurdera å nytta offentlege tilskot for å dekkja eit eventuelt økonomisk tap for eigaren ved opphør av gjødsling. Andre inngrep: Lokaliteten bar noko preg av tidlegare torvtekt. Undersøkt: 17.08.2002 av Bjørn Moe, 17.10.2004 av Finn Oldervik. 3. Fyrsundet søraust (KN 667 427) (Ny lokalitet nr. 18): Lokaliteten ligg lengst sørvest på Fedje og er bruka som sauebeite av Olav Herøy. Denne naturbeitemarka er tydeleg mindre gjødsla enn dei andre beitemarkene sør på øya. Ganske mykje finnskjegg Nardus stricta, geitsvingel Festuca vivipara, raudsvingel Festuca rubra, dvergsmyle Aira praecox og litt smalkjempe Plantago lanceolota tyder på moderat bruk av kunstgjødsel. Likevel var beitemarksfungaen fattig. Berre dei vanlege artane; Skjør vokssopp Hygrocybe ceracea, seig vokssopp Hygrocybe laeta, honningvokssopp Hygrocybe reidii og stjernespora raudskivesopp Entoloma conferendum vart funne. Årsaka til den tydeleg utarma fungaen på denne beitemarka Side 5 Miljøfaglig Utredning 2004
er truleg samansett. Bruk av noko kunstgjødsel har nok også her verka i negativ retning, medan tidlegare inngrep som torvtaking kan vera ein annan årsak. Ein tredje kan vera tidlegare brenning av lyng og som ein fjerde og siste årsak kan ein nemna at lokaliteten er svært utsett for uttørkande sønnavind om sumrane. Lokaliteten kan ikkje få høgare verdi enn C Lokalt viktig. Skjøtsel og omsyn Sjølv om ein sluttar heilt å nytta kunstgjødsel, så har denne lokaliteten neppe potensiale for å kunne verta ein A lokalitet, i alle fall ikkje innan eit rimeleg tidsrom. Likevel vil det truleg ha ein positiv verknad på det biologiske mangfaldet i området om det vert slutt på all bruk av kunstgjødsel, samtidig som eit høveleg beitepress vert oppretthalde. Undersøkt: 09.08.2001 av Bjørn Moe, 18.10.2004 av Finn Oldervik 4. Vest for Fedjebjørnen (KN 676 437) (Ny lokalitet nr. 19): Lokaliteten er ei naturbeitemark som ligg aust for vegen til Storemark. Få typiske naturengplanter vart observert på lokaliteten. Kystmaure voks i tepper fleire stader, og dvergsmyle var ganske utbreidd på dei tørraste rabbane. Av planter elles kan nemnast: Røsslyng Calluna vulgaris, klokkelyng Erica tetralix, engrapp Poa pratensis, bjønnkam Blechnum spicant, sisselrot Polypodium vulgare og bitterbergknapp Sedum acre. Slik som på dei andre lokalitetane var vegetasjonen svært nedbeita også her. Berre to soppartar vart funne, nemleg seig vokssopp Hygrocybe laeta og stjernespora raudskivesopp Entoloma conferendum (Grasmarksart). Artsutvalet både av plantar og sopp tyder på sterk gjødsling, noko da også brukaren (Bjørn Andreassen) stadfestar. Eigentleg burde vel ikkje denne lokaliteten vorte gjeven nokon verdi som naturbeitemark om ein skal døma ut frå tilstanden i dag. Likevel har ein funne at det er rett å gje også området her verdien C lokalt viktig. Skjøtsel og omsyn. Her viser ein til det som er framlagt under lokalitet 7; Fyrsundet nord. Undersøkt: 17.10.2004 av Finn Oldervik 5. Vinappen (KN 656 456) (Ny lokalitet nr. 20). Lokaliteten er ei inngjerda, ganske lita naturbeitemark kring dei gamle kanonstillingane på Vinappen. I motsetnad til dei andre beitemarkene som er undersøkt på Fedje, så er det på denne lokaliteten ganske mykje smalkjempe Plantago lanceolota. Dette er ein god indikator på moderat/lite bruk av kunstgjødsel. At lokaliteten var litt gjødsla med kunstgjødsel vart stadfesta av ein av brukarane, Ingar Kahrs. Av karplanter elles kan nemnast: gulaks Anthoxanthum odoratum, tepperot Potentilla erecta, finnskjegg Nardus stricta, geitsvingel Festuca vivipara, raudsvingel Festuca rubra, engrapp Poa pratensis, tepperot Potentilla erecta og føllblom Leontodon autumnalis. Beitemarksfungaen var brukbar om ein samanliknar med dei andre naturbeitemarkene i kommunen; Gul småkøllesopp, Clavulinopsis helvola, raud åmeklubbe Cordyceps militaris, Stjernespora raudskivesopp Entoloma conferendum, skjeljordtunge Geoglossum fallax (DC), brunsvart jordtunge Geoglossum umbratile (DC), skjør vokssopp Hygrocybe ceracea, gul vokssopp Hygrocybe chlorophana, kjeglevokssopp Hygrocybe conica, liten vokssopp Hygrocybe insipida, seig vokssopp Hygrocybe laeta, liten mønjevokssopp Hygrocybe miniata, grøn vokssopp Hygrocybe psittacina, honningvokssopp Hygrocybe reidii og kritvokssopp Hygrocybe virginea. Sett bort frå dei to raudlista jordtungene, så er dei aller fleste av desse artane svært vanlege i høvesvis ordinære naturbeitemarker, -- unnataket er til ein viss grad liten Side 6 Miljøfaglig Utredning 2004
vokssopp Hygrocybe insipida. I og med at det er påvist to omsynskrevjande artar på lokaliteten, så må verdien setjast til B Viktig. Skjøtsel og omsyn. Brukarane av beitemarka må stimulerast til å halda fram skjøtselen utan bruk av kunstgjødsel. Om til dømes attgroing av einer skulle verta eit problem, så er ikkje dette eit større område enn at den kan fjernast ved hjelp av øks/sag, og ikkje ved hjelp av tunge maskiner som kan øydeleggja markoverflata og slik også mycelet.. Andre inngrep. Lokaliteten vart utbygd av tyskarane til eit lite festningsanlegg under siste verdskrig og har mange restar etter militære installasjonar som kanonstillingar, bunkerar, lasarett m.m. Dette har naturlegvis også medført ganske mykje flytting av masse og graving i jord, noko som kan vera årsaka til at dei fleste beitemarksoppane som vart funne her er ganske trivielle. Framhald av skjøtselen kan verka til at meir krevjande artar kjem inn etter kvart. Undersøkt: 18.10.2004 av Finn Oldervik Figur 1. Beitemarka på Vinappen med dei gamle krigsminnesmerka Side 7 Miljøfaglig Utredning 2004
Kjelder Skriftlege kjelder: Direktoratet for Naturforvaltning 1999. Nasjonal raudliste for truga artar i Noreg 1998. DN-rapport 1999-3. 162 s. Direktoratet for Naturforvaltning 1999. Kartlegging av naturtyper. Verdisetting av biologisk mangfold. DN-håndbok 13. Moe, B. 2003. Kartlegging og verdisetjing av naturtyper i Fedje. Fedje kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 2-2003: 1-56. Munnlege kjelder: Bjørn Andreassen, Storemark, Fedje Ingar Kahrs, Fedje Side 8 Miljøfaglig Utredning 2004