KOMPETANSEHEVING PÅ OMRÅDA VEDLIKEHALD BYGG, ENERGI, MILJØ OG UNIVERSELL UTFORMING



Like dokumenter
1. Tiltak K1 Nasjonalt utviklingsprosjekt i fylkeskommunar og kommunar.

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

NASJONAL FOLKEHELSEKONFERANSE. Molde, september Kafedialog 1 Kosthald i Helse i plan, Volda kommune

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Ungdomsrådet sine tre politikarkontaktar har møtt når dei har hatt høve til det.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Selje kommune MØTEBOK

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for det kommunale politiske styringsverk, og skal ha framlagt for seg alle saker av særleg interesse for dei

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Rapport skjønstilskot 2010

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Brukarrettleiing. epolitiker

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

ÅRSMELDING 2016 KONTROLLUTVALET I HJELMELAND

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

MØTEPROTOKOLL VOLDA KOMMUNE. Utval: Kontrollutvalet Møtestad: Rådhus 2, Møterom Rokken Dato: Tid: 13:

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Føretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging.

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

Vestnes Kommune. Rådet for Funksjonshemma. Årsmelding 2018

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Til deg som bur i fosterheim år

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Team Ørsta aktiv alderdom med velferdsteknologi

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

FRAMLEGG Oppstart av planarbeid og forslag til planprogram. Angelica Talley Avdelingsingeniør PLAN FOR KLIMA OG ENERGI I GISKE KOMMUNE

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Hotell Scandic Byparken, Bergen Møtedato: Tid: 12:00-16:30. A.

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/ Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

KONTROLLUTVALGET I FORSAND KOMMUNE PROTOKOLL

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

VEDTEKT av februar 2007

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

Sluttrapport for etikkprosjektet. Etikk i kvardagen. Suldal kommune

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:45. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14

M Ø T E P R O T O K O L L. for KONTROLLUTVALET I VÅGSØY KOMMUNE

VFL på Rommetveit skule.

Transkript:

SLUTTRAPPORT TIL HUSBANKEN FRÅ VOLDA KOMMUNE KOMPETANSEHEVING PÅ OMRÅDA VEDLIKEHALD BYGG, ENERGI, MILJØ OG UNIVERSELL UTFORMING -0-

Samandrag Ved hjelp av økonomiske tilskot frå Husbanken, KoBE og Møre og Romsdal fylke og kommunal eigeninnsats har tilsette og politikarar i Volda kommune i tidsrommet januar 2009 - desember 2010 gjennomført eit kompetansehevingsprosjekt innanfor områda vedlikehald av bygg, energi, miljø og universell utforming. Prosjektet har hatt god forankring i kommuneorganisasjonen, og Volda kommune vil etter dette stå betre rusta til å handtere nye og framtidsretta krav på desse områda. Kommunen vil også få ein økonomisk gevinst ved å tenkje føre var. Betre og meir systematisk vedlikehald vil redusere trongen for dyre renoveringstiltak/ nybygg. God miljø-og energiløysingar vil redusere straum- og oppvarmingskostnader. Universell utforming vil hindre at ein må gjere dyre tilpassingar den dagen det kjem ein funksjonshindra brukar. Gjennomføring av prosjektet har teke meir tid enn føresett. Hovudårsaka er at dei tilsette i kommunen har travle arbeidsdagar. Arbeidet med prosjektet har kome i tillegg til og innimellom alle dei andre oppgåvene. Kanskje har prosjektet likevel tent på det, då ny kunnskap har fått mognast, og vorte utprøvd i konkrete prosjekt undervegs. I deler av arbeidet, særleg den delen som går på universell utforming, har vi hatt eit godt samarbeid med nabokommunen Ørsta. Også deltakarar frå dei andre kommunane på Søre Sunnmøre har vorte invitert til, og delteke på, temadagane om energi, miljø og universell utforming. Slik har tilskotsmidlane nådd ut til fleire enn administrasjon og politikarar i Volda kommune, som var hovudmålgruppa. Bakgrunn Volda kommune er ein stor byggeigar, og ynskjer også å vere ein god byggforvaltar. Nokre stikkord som har hatt hovudfokus i dette prosjektet: Godt vedlikehald, framtidsretta energi-og miljøløysingar og tilgjenge for alle eller universell utforming. Den kommunale byggenemnda har eit særleg ansvar for å sjå til at dette vert følgt opp. I reglementet vedteke 18.10.07-sak 109/07 (vedlegg 1) står mellom anna følgjande: Helse, miljø og universell utforming Byggenemnda har eit særleg ansvar for å sikre at faktorar som materialbruk, energiforsyning og energieffektivisering, inneklima, universell utforming og arbeidsmiljø vert tekne omsyn til i alle kommunale bygge-og renoveringsprosjekt. Byggenemnda såg at kommunen mangla oppdatert kompetanse på fleire av desse områda, både politisk og administrativt, og såg seg om etter måtar å auke denne på. Svaret vart søknader om midlar til KoBE -eit prosjekt i Statens bygningstekniske etat som står for Kompetanse for bedre Eiendomsforvaltning - og deretter til Husbanken og Møre og Romsdal fylke. Føremålet med prosjektet: Arrangere to* temadagar ein om vedlikehald av kommunale bygg, energi og miljø, og ein om universell utforming. *Dei to dagane vart til fire (sjå under). Kunnskapen ein tileigna seg på temadagane skulle i ettertid resultere i enkle sjekklister for dei ulike områda. - 1 -

Vi var heldige. Med 50 000 kr. frå KoBe og 100 000 kr. frå Husbanken kunne vi utvide Planane. Mellom anna kunne vi sende deltakarar frå Volda kommune på kurs, konferansar og ein studietur, noko som viste seg å vere svært nyttig. Organisering I samråd med administrasjonssjefen vart det oppretta ei ansvarsgruppe samansett av tilsette frå Planavdelinga, Eigedomsavdelinga, Kommunalteknisk avdeling, Kart, oppmåling og byggesaksavdelinga, Landbruksavdelinga, Helseavdelinga og politisk valde medlemmer i Eldrerådet, Råd for funksjonshemma og Byggenemnda. Gruppa vart delt i to planleggingsgrupper; ei for Universell utforming og ei for Energi, miljø og klima. Desse gruppene sto for planlegging av temadagane, og for utarbeiding av sjekklister på sine respektive område. Gjennomføring Temadagar Temadag I, 12. januar 2009 12. januar 2009 gjennomførte vi første temadag om Vedlikehald av kommunale bygg, energi og miljø. Konferansen hadde 6 innleiarar, og samla 95 deltakarar frå kommuneadministrasjon og politikarar (både frå Volda og andre kommunar), råd for funksjonshemma og folk frå næringslivet (sjå vedlegg 2 - program og vedlegg 3 presseklipp) Frå Volda kommune deltok 23 tilsette. Temadag II, 12. mars 2009 12.mars 2009 vart 2. temadag gjennomført i form av ein Konferanse om universell utforming. Konferansen vart gjennomført i Ørsta, i samarbeid med Ørsta kommune ved råd for funksjonshemma, og samla over 200 deltakarar (sjå vedlegg 4- program - og vedlegg 5 - presseklipp). Frå Volda kommune deltok 65 tilsette, politikarar og - 2 -

medlemer i råd og utval. Foto frå temadag II, universell utfoming i Ørsta Temadag III, 14. september 2010 14. september arrangerte Ørsta kommune ved råd for funksjonshemma konferanse om Ny plan- og bygningslov, teknisk forskrift og norske standardar med særleg vekt på universell utforming (sjå vedlegg 6- program og vedlegg 7 -presseklipp). Volda kommune deltok med både politikarar og tilsette. Som tittelen indikerer var det skulering i det nye lovverket om universell utforming som sto i fokus denne dagen. Konferansen hadde god deltaking av både administrasjon, politikarar, folk frå byggebransjen og andre interesserte. Temadag IV, 11. oktober 2010 Siste temadagen vart arrangert av Volda kommune. Tema var også her Ny plan- og bygningslov, byggesaksdelen, med hovudvekt på energi, miljø og klima (sjå vedlegg 8 og 9). -3-

Mellom 50 og 60 personar deltok, frå 6 forskjellige kommunar på Søre Sunnmøre og Nordfjord. Dei fekk ein grundig gjennomgang av den nye byggforskrifta, med særleg vekt på dei tema prosjektet fokuserer på. Kurs, konferansar og studietur Klimaarbeid frå plan til praksis 8.- 9. februar 2010 Parallelt med dette prosjektet vart det utarbeidd kommunal klima- og energiplan for Volda kommune (vedlegg 10 handlingsplan). Mange av tema som går på energi og miljø er naturleg nok innbaka i denne planen. Utfordringa med dei fleste planar er kva som skjer når planen er vedteken. Vi valde difor å vere offensive og sende 4 deltakarar (3 frå administrasjonen og ein politikar) til konferansen Klimaarbeid frå plan til praksis praksis på Gardermoen i regi av KS/Grønne energikommuner. (sjå vedlegg 11 program). Her fekk vi mange nyttige innspel til det vidare arbeidet. -4-

Enovas byggkonferanse 17.- 18, februar 2010 Den årlege byggkonferansen til Enova i Trondheim hadde denne gongen stort fokus på passivhus, strategiar og nye støtteprogram innanfor byggområdet og spanande døme på prosjekt og bygg der energiløysingane er eit konkurransefortrinn (sjå vedlegg 12 program). Vi valde å sende ein representant frå Eigedomsavdelinga til Trondheim, og han kom også attende med nyttig kunnskap. Studietur i universell utforming til Trondheim 8.- 9. mars 2010 Trondheim er pilotkommune og ressurskommune i universell utforming, og vi forsto fort at dei hadde mykje kunnskap å dele. Vi planla studietur, og rådgjevar Solveig Dale laga eit flott program for dei sju deltakarane frå Volda kommune - 5 frå administrasjonen og to politikarar (sjå vedlegg 13 program og vedlegg 14 presseklipp) Startkurs i planlegging av passivhus i Molde 2. november 2010 Enova arrangerer ein kursserie om passivhus hausten 2010, og to deltakarar frå Volda kommune deltok på kurset i Molde (ein frå administrasjonen og ein politikar). Auka bruk av passivhus er eitt av tiltaka i klimaplanen, og eit viktig tiltak for å redusere/ effektivisere energibruken. Kurset gav nyttig kunnskap om temaet, ikkje minst om støtteordningane Enova kan tilby (vedlegg 15). Delprosjekt Skilting av kommunale bygg I byrjinga av den delen av prosjektet som handlar om universell utforming hadde vi nok hovudfokus på fysisk funksjonshindring og tilkomstproblematikk. I løpet av prosjektet har vi etter kvart auka fokus også på syn, orientering, høyrsle og miljø. I Trondheim fekk vi mellom anna orientering om rettleiaren dei har utvikla om skilting av kommunale bygg, og vart særleg merksame på dette området. Då Volda ungdomsskule ynskte å ruste opp skiltparken, men mangla midlar, kom ideen om å bruke dette som eit delprosjekt for å auke kunnskapen om skilting med tanke på universell utforming, for i neste omgang å utarbeide retningslinjer for skilting av kommunale bygg i Volda. Ettersom Møre og Romsdal er pilotfylke for universell utforming tok vi kontakt med dei, og fekk positiv respons på spørsmålet om å sende ein søknad om økonomisk støtte. Vi -5-

fekk støtte til 50 % av kostnaden inntil 25 000 kr., noko vi er svært takksame for. Vi takkar også for at Husbanken sa ja til å inkludere dette i kompetansehevingsprosjektet. Den nye skiltparken vart opna 29. oktober med alle elevane, lærarane og lokalpressa tilstades. På den måten fekk vi vonleg spreidd kunnskapen til fleire enn deltakarane i prosjektet. Det er laga ein eigen rapport frå prosjektet (vedlegg 16), og framlegg til retningslinjer for skilting av kommunale bygg (vedlegg 17). Desse vil verte behandla vidare av administrasjonen. - 6 -

Intern opplæring 2010 Ein raud tråd gjennom prosjektet har vore forankring i kommuneorganisasjonen. Vi har difor lagt vekt på brei deltaking og intern skulering både administrativt og i høve til politiske organ. Dette har særleg vore gjort på området universell utforming, der følgjande råd og fora har gått gjennom dei 6 nettkursmodulane til Høgskulen på Gjøvik - www.kurs.hig.no/universell. Intern opplæring 2010: Eldrerådet: modul 1 og 2, 8. mars (sjå vedlegg 18 møteprotokoll) modul 3, 19.april (sjå vedlegg 11møteprotokoll) modul 4, 31.mai Råd for funksjonshemma: modul 1 og 2, 16.mars (sjå vedlegg 19 - møteprotokoll). modul 3, 13.april modul 4, planlagt 25.mai Byggenemnda/arbeidsgruppa for universell utforming: modul 1 og 2, 23. april (sjå vedlegg 20 innkalling) Ungdomsrådet: modul 1 og 2, 27. april (sjå vedlegg 21 innkalling) modul 3, 31.mai Det er etablert ein database på intranettet til Volda kommune, der aktuell informasjon om universell utforming er lagt ut til nytte for alle i kommuneorganisasjonen. Intern opplæring ny plan- og bygningslov I perioden april til juni 2010 vart det gjennomført 7 interne møte à ein time med tema ny planog bygningslov. 10-12 kommunalt tilsette frå servicekontor, plan, eigedom, landbruk, kulturog næring, teknisk og helseavdeling tok del. Planleggar Heidi Istad var ansvarleg for gjennomgangen av lova. Anna Som del av samarbeidet mellom råd for funksjonshemma i kommunane Ørsta og Volda, var folkehelsekoordinator Berit Koen invitert til rådet i Ørsta for å orientere om Volda kommune sitt arbeid med universell utforming. Hovudfokus var interne opplæring i kommunale råd og utval, der Koen gjekk gjennom første modul av nettopplæringa frå høgskulen i Gjøvik som eit døme. Det vart også ei kort orientering om Volda kommune sin studietur til Trondheim kommune. - 7 -

Sjekklister I samband med prosjektet er det utarbeidd fleire sjekklister. Byggvedlikehald Når det gjeld vedlikehald av kommunale bygg er det utarbeidd ein sluttrapport til KoBE (vedlegg 22). Som ein del av denne er det utarbeidd ei sjekkliste til bruk for eigedomsavdeling og kommunepolitikarar (vedlegg 23). Universell utforming For universell utforming er det laga ei utfyllande liste: Sjekkliste universell utforming, Volda kommune (vedlegg 24) og, etter ynskje frå brukarane, ei Sjekkliste universell utforming, Volda kommune kortversjon (vedlegg 25). I tillegg er Bygghandboka til Volda kommune under revisjon i samsvar med nytt regelverk om tilgjenge og universell utforming. Her har ein hatt stor nytte av Prosjekteringsverktøyet som er utarbeidd av Trondheim kommune. Med utgangspunkt i kunnskapen ein har fått gjennom prosjektet vil administrasjonen i løpet av 2011 legge fram ei sak til politisk behandling der ein tek stilling til om Volda kommune på nokre område skal stille strengare krav i eigne bygg enn det som vert kravt gjennom lov og forskrift, t.d. i tråd med tilrådingane frå Norges Handikapforbund. Arbeidsprosessen med sjekkliste universell utforming har vore svært viktig, der kompetanseheving og haldningsskaping har stått i fokus. Det har utvikla seg ein positiv og god dialog mellom avdelingane i denne perioden. Fleire har vorte tekne med på råd og fått høve til å kome med tankar og synspunkt både i utbyggingssaker, i høve synfaring på barnehagar, i høve skiltplan for Volda ungdomsskule m.m. Sjekklista er ikkje ferdige enda, men vil bli revidert etterkvart som tilsette gjennom erfaring finn andre og betre måtar å utvikle den på. Vi har brukt mykje tid på å vurdere sjekkliste frå andre kommunar og fylkeskommunar. Då Volda kommune var på studietur til Trondheim kommune i mars, fekk vi løyve til å bruke Trondheim sine sjekkliste i vårt vidare arbeid. Vi har difor tilpassa desse til vår kommune, og i tillegg laga ein kortversjon for å ha eit enklare verkty som hjelpemiddel til å minne om kva universell utforming. Piktogram vi nyttar i sjekklistene våre har vi fått løyve til å bruke av Rogaland fylkeskommune som har opphavsrett til desse. Meir om desse finn du på www.tilgjengelighet.no. Energi, miljø og klima Også på dette området er det i løpet av prosjektperioden vedteke lover og forskrifter som stiller strengare krav til energieffektivitet, energibruk og omsynet til det ytre miljøet. Vi har med utgangspunkt i desse og i tiltaksdelen av den kommunale klimaplanen utarbeidd enkle sjekklister for nokre av dei kommunale avdelingane der dette er mest aktuelt (vedlegg 26). Resultat Vi som har delteke i prosjektet synest det har vore spanande, og vi er overtydde om at mange har fått fylt omgrepa vedlikehald, energi, miljø og universell utforming med nytt innhald. Gjennom systematisk opplæring og ny kunnskap vonar vi å ha bidrege til ei bevisstgjering og haldningsendring til beste for innbyggjarane. Skiltprosjektet på Volda ungdomsskule er den mest konkrete og synlege delen av prosjektet, og vil vonleg gjere det lettare å orientere - 8 -

seg i dette bygget. Vi vonar dette, saman med sjekklistene som er utarbeidde for dei ulike områda vil sikre at kunnskapen blir verande i organisasjonen. Kompetanseheving er eit tema ein aldri kan seie seg ferdig med. Ny kunnskap kjem til heile tida, det vert gjennomført lovendringar, og det vil vere skifte av personar både når det gjeld administrasjon og politikarar. Dette arbeidet må difor halde fram kontinuerleg. Arbeidsgruppa ser likevel no dette kompetansehevingsprosjektet som avslutta. Vi vonar Husbanken som tilskotsytar vil vere nøgd med det arbeidet som er gjort med utgangspunkt i tilsagnet om kompetansetilskot, og at Volda kommune får utbetalt dette i tråd med tilsagnet og revisorgodkjend rekneskap. På vegne av Volda kommune vil vi som har vore med i ansvarsgruppa seie tusen takk for den økonomiske støtta som har gjort dette prosjektet mogeleg! Utan desse midlane hadde ikkje Volda kommune kome så langt når det gjeld å verte ein betre byggeigar, ein betre klimaaktør som tek ansvar for energibruk og miljø og ein kommune som vil legge til rette for at alle kan delta, uavhengig av funksjonsevne. Volda, desember 2010 På vegne av arbeidsgruppa Knut Innselset Ingrid Opedal Berit Koen, Leiar Eigedomsavdelinga Nestleiar i byggenemnda Folkehelsekoordinator - 9 -

Vedlegg Vedlegg 1 Reglement for den kommunale byggenemda Vedlegg 2 Program Temadag 1 12.januar 2009 Vedlegg 3 Presseklipp Temadag 1, 12.januar 2009 Vedlegg 4 Program Temadag 2, 12.mars 2009 Vedlegg 5 Presseklipp Temadag 2, 12.mars 2009 Vedlegg 6 Program Temadag 3, 14. september 2010-12-04 Vedlegg 7 Presseklipp Temadag 3, 14. september 2010 Vedlegg 8 Program Temadag 4, 11. oktober 2010 Vedlegg 9 Presseklipp Temadag 4, 11. oktober 2010 Vedlegg 10 Klima-og energiplan, Volda kommune. Handlingsplan Vedlegg 11 Klimaarbeid frå plan til praksis, 8.-9. februar 2010 Vedlegg 12 Enovas byggkonferanse 17.-18, februar Vedlegg 13 Program Studietur i universell utforming Trondheim 8.-9./3 Vedlegg 14 Presseklipp Studietur i universell utforming Trondheim 8.-9./3 Vedlegg 15 Program Startkurs Passivhus Enova 2. november 2010 Vedlegg 16 Rapport skiltprosjekt Volda ungdomsskule Vedlegg 17 Framlegg til retningslinjer for skilting av kommunale bygg Vedlegg 18 Møteinnkalling eldrerådet 8. mars og 19. april 2010 Vedlegg 19 Møteinnkalling Råd for funksjonshemma 16. mars og 13. april Vedlegg 20 Møte/ kursinnkalling byggenemnda/uu-gruppa 16. april 2010 Vedlegg 21 Møteinnkalling Ungdomsrådet Vedlegg 22 Sluttrapport KoBE Vedlegg 23 Sjekkliste vedlikehald av kommunale bygg Vedlegg 24 Sjekkliste universell utforming, Volda kommune Vedlegg 25 Sjekkliste universell utforming, Volda kommune kortversjon Vedlegg 26 Sjekkliste energi, miljø og klima - 10 -