Psykose NYNORSK Psychosis
Kva er psykose? Ulike psykosar Psykose er ikkje ei bestemt liding, men ei nemning som vert brukt når vi får inntrykk av at menneske mister kontakten med den røyndomen vi alle har til felles. I daglegspråket vert psykosen ofte kalla sinnssjukdom. I møte med psykotiske personar vil ein ofte høyre at dei beskriv ein heilt annan røyndom enn den vi opplever sjølve. Dei kan høyre stemmer andre ikkje høyrer, eller ha sanseopplevingar som ingen andre har. Nokre kan også ha ei oppleving av å vere forfølgd. Dei kan fortelje om fastlåste misforståingar, ha uforklarlege førestellingar eller oppleve tankekaos. For nokre kan psykosen arte seg som ei oppleving av å miste seg sjølv. Ofte er personar med slike opplevingar prega av sterk uro og angst. depresjon eller isolasjon. Mange har over tid vore opptekne av identitetsproblematikk av kven dei er. Hos nokre ser ein eit markert fall i sosial funksjon, til dømes når det gjeld å halde orden i kvardagen eller å kunne gjere fleire ting samstundes. Men ein ser ikkje slike varsel på førehand hos alle, og slike teikn treng heller ikkje varsle ein langvarig psykose. Ei av dei mest omtalte psykotiske lidingane er den som i diagnosesystemet vert kalla schizofreni. For å kunne få denne diagnosen må ein ha svært alvorlege psykotiske symptom som varer ein månad eller meir. Det skal likevel meir til enn dei psykotiske symptoma for å få diagnosen, blant anna er det snakk om sosial tilbaketrekking, konsentrasjonsvanskar og sviktande generell fungering. Schizofreni Psykosar kan arte seg svært ulikt frå person til person. Dei fleste psykosane kjem raskt og er relativt kortvarige. Desse er ofte utløyst av ei sterk oppleving eller kjem i samband med inntak av rusmiddel. Norsk forsking har vist at 36 prosent av dei som vert psykotiske, misbruker alkohol eller narkotiske stoff. Organiske tilstandar i hjernen og somme fysiske sjukdomar kan også utløyse psykosar. Det betyr at alle kan råkast av ein psykose eller psykoseliknande opplevingar. Viss ein psykose varer over lengre tid, kan det vere eit teikn på ein meir alvorleg tilstand. Ofte vil ein sjå ein del uklare teikn på at noe plagar desse menneska ei stund før dei opplever å bli psykotiske. Det kan vere søvnvanskar, angst, Schizofreni er ein relativt sjeldan tilstand som rammar cirka ein prosent av befolkninga i løpet av livet. Dei fleste får diagnosen i alderen 18 28 år, gutar ofte i yngre alder enn jenter. Tidlegare var det mange som så på schizofreni som ei livslang liding. Det er også slik at dei som har hatt denne diagnosen, har større sjanse enn før for å få nye psykosar. Men ein ser også at mange lever resten av livet utan å få tilbakefall og sjansen aukar dersom ein kjem raskt til behandling. Blant dei som no får ein schizofrenidiagnose, blir cirka 25 prosent heilt symptomfrie. Fleirtalet treng likevel hjelp i lengre tid og noen heile livet. 2 3
Når bør ein søke hjelp? Utgreiing og behandling At nokon endrar framferd og reaksjonar utan at det er ein spesiell årsak til det, kan gi grunn til uro. Døme på slike endringar er at vedkomande: trekkjer seg attende frå familie og vener er redd for å gå ut av huset kuttar ut trening og hobbyar søv dårleg og snur døgnet er ekstremt oppteken av eit spesielt tema gjer det dårlegare på skolen har problem med å konsentrere seg og hugse ting snakkar om eller skriv ting som ikkje gir meining får panikk, er svært trist eller har sjølvmordstankar verkar likeglad eller har store svingningar i humøret reagerer merkeleg, kan begynne å le når noe er trist høyrer stemmer som ingen andre høyrer trur at andre lagar eit komplott, spionerer på eller følgjer etter dei trur dei blir påverka til å gjere ting av til dømes TV eller djevelen trur dei har spesielle evner og kan lese andre sine tankar trur tankane blir påverka av andre Innan psykisk helsevern har ein i dag etablert fleire spesialiserte team som jobbar med psykosar. Mange av desse har rutinar som skal sikre ei systematisk utgreiing av spesifikke plagar, til dømes vert det sjekka om det finst fysiske/hjerneorganiske årsaker til pasienten sine opplevingar. For å avklare slike spørsmål tek ein blant anna bilde av hjernen (CT/MR). Sjølv om det ikkje finst slike spesialiserte team der pasienten bur, vil den psykiatriske poliklinikken på heimplassen gjere ein del av dei same utgreiingane. Variasjonane er store når det gjeld behandling av psykosar. Det er viktig at ein tilpassar tiltaka i forhold til korleis pasienten sjølv opplever røyndomen, kor lenge han eller ho har hatt desse opplevingane, og korleis dei påverkar funksjonen til vedkomande. Ein må også hugse på at informasjon både til den som har lidinga og til dei pårørande, er ein viktig del av behandlinga. Kunnskap om psykosen, om korleis den artar seg og har utvikla seg for pasienten, er viktig for å kunne bidra til å redusere faren for utvikling av ein ny psykose. Psykologisk behandling. Samtalebehandling har vist seg svært nyttig for mange som opplever psykosar. Ein jobbar då ofte med utgangspunkt i at den sjuke sjølv skal klare å redusere eigen uro, angst og eventuelle depresjon. Det gjer ein ved å tematisere dei opplevingane vedkomande har, for så å prøve å gjere dei mindre skremmande og hemmande. På denne måten kan ein bidra til oppleving av auka meistring og vidare til at den sjuke klarer å kontrollere ei framferd han eller ho opplever som plagsam. I tillegg vil ein i slike samtalar også fokusere på korleis opplevinga av psykosen har vore dette for å kunne finne ut kva ein skal vere observant på seinare i livet. Ulike behandlingsformer 4 5
Familiemedlemmar er viktige medspelarar i behandlinga av psykosar. Dei kjenner ofte vedkomande godt, og dei vil kunne hjelpe til med å skape ei betre forståing av kva som har skjedd både nyleg og tidlegare i livet. Både familien og han eller ho som har vore psykotisk, har ofte ei rekkje ting dei lurer på i samband med det som skjer. Mange er urolege for kva som kan ha utløyst psykosen, korleis det er med den sjuke, og dei er redde for korleis framtida skal bli. Mange kan også oppleve skuldkjensle. Undervisning og anna kunnskapsformidling blir såleis ein svært viktig del av behandlinga. Dette kan ein gjere på ulikt vis og på ulike stader. Døme: pårørandekurs/undervisning, gruppetilbod eller utdeling av informasjonsmateriell. Medikamentell behandling. For nokre er det formålstenleg med medisinar, for andre er det heilt naudsynt, særleg dersom psykosen er såpass alvorleg at vedkomande kan vere til skade for seg sjølv eller andre. Like naudsynt kan det vere med medisinar ved akutte psykosar der uro og angst har teke heilt overhand. I mange tilfelle vil medisineringa kunne reduserast raskt og avsluttast innan relativt kort tid. Men for nokre er det viktig å fortsette over lengre tid sjølv om symptoma er heilt borte. For dei som har ein schizofreni-diagnose, er det ikkje uvanleg at medisineringa varer i 2 5 år, og nokre vil ha behov for livslang behandling. Det er likevel vanleg at ein periodevis trappar ned noe på medisineringa for å sjekke ut kor mykje medisinar som er naudsynt. Innlegging ved sjukehus. Innan det psykiske helsevernet legg ein vekt på at så mykje av behandlinga som mogleg skal gjerast poliklinisk (utan innlegging). Nokre gongar kan det likevel vere naudsynt med innlegging i sjukehusavdeling for å kunne gi best mogleg hjelp i form av utgreiing og behandling. Som oftast vert det kortvarige opphald. Målet er at han eller ho som opplever å bli psykotisk, skal få ha trygge rammer rundt seg. Dei fleste psykosar går over etter relativt kort tid, men i ettertid vert ein meir sårbar for nye psykosar. Derfor vert det anbefalt at ein held fram med behandlinga ei stund etter at dei psykotiske symptoma er borte, og at behandlinga vert avslutta i samråd med fagfolk og familie. Mange kan leve heile livet utan tilbakefall. For dei med meir langvarige lidingar som til dømes schizofreni, tek det ofte noe lengre tid før dei opplever å føle seg betre. Likevel viser det seg at om lag to av tre personar med schizofreni-diagnose beskriv seg som mykje betre eller friske etter ein lengre periode med behandling. Nyare forsking har vist at éin av fire blir heilt kvitt lidinga etter behandling. Noen vil likevel ha stort behov for oppfølging i mange år for å klare å leve eit liv dei opplever som verdifullt. Uansett kva type psykose ein har, viser det seg at det å kome raskt til behandling er viktig. Sjansen for å bli heilt kvitt psykosen ser ut til å ha ein klar samanheng med kor raskt ein får hjelp. Blir eg kvitt psykosen? 6 7
IS-1471 Her får du hjelp Akutt - ring 113 Fastlege/Legevakt Hjelpetelefon: 810 30 030 Meir informasjon www.psykisk.no www.psykiskhelse.no www.mentalhelse.no www.psykopp.no www.nyinorge.no www.nakmi.no Brosjyrar om psykisk helse Produksjon/design: Apeland Informasjon/ Foto: Finn Ståle Felberg 01/2008 Angst IS-1465 Psykose IS-1471 Depresjon IS-1466 AD/HD IS-1468 Tvangslidelser IS-1469 Rettssikkerhet IS-1467 Spiseforstyrrelser IS-1470 Psykisk helsehjelp i Norge For voksne, IS-1472 For ungdom, IS-1474 Om barn, IS-1473 BUP Barn, IS-1301 Ungdom, IS-1302 Voksne, IS-1303 Brosjyre kan lastast ned på www.psykisk.no under Informasjonsmateriell. Brosjyren finst på bokmål, nynorsk, engelsk, arabisk, farsi, fransk, kurdisk/sorani, polsk, punjabi, russisk, samisk, serbisk/kroatisk, somali, spansk, tyrkisk, urdu og vietnamesisk.