Møtet mellom helsearbeidar og pasient likeverd eller?
Om meg Roar Stokken Kontor for etter- og vidareutdanning ved Høgskulen i Volda Regionalt kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring i Midt-Noreg Pedagog
Mål Vise fram nokre omgrep som kan nyttast når ein skal ta tak i dynamikken mellom offentleg og frivillig verksemd
Innhald Utgangspunkt i lærings- og meistringsarbeid Bruke dette til nokre meir generelle betraktningar
kanskje heller tittelen: Nokre verdiladda tankar ein stad mellom teknikk og filosofi?
Lærings- og meistringsarbeid Kva handlar dette om?
Pragmatisk tilnærming Manglande samsvar mellom det ein treng og det ein får
Historisk tilnærming Hippokrates: av og til kan helbrede, av og til lindre men alltid trøste Vidareføring av helseopplysning, førebyggande helsearbeid og annan livsstilspåverknad Pasientopplæring som omgrep og krav: Opplæringskonferansen fra lydighet til selvstendighet i 1996
Historisk tilnærming Pasienten først (NOU 1997: 2) Opplæring av pasientar og pårørande ikkje nemnt eksplisitt. September 1997: Prosjekt lærings- og mestringssenter ved Aker sykehus etter sterkt påtrykk frå brukarorganisasjonane[3]. Pasientrettighetsloven (1999) og Spesialisthelsetjenesteloven (1999) Eit pålegg
Juridisk tilnærming: Spesialisthelsetenestelova: 3-8. Sykehusenes oppgaver Sykehus skal særlig ivareta følgende oppgaver: 1. pasientbehandling, 2. utdanning av helsepersonell, 3. forskning, og 4. opplæring av pasienter og pårørende.
Juridisk tilnærming: Spesialisthelsetenestelova: 1-1. Lovens formål Lovens formål er særlig å: 1. fremme folkehelsen og å motvirke sykdom, skade, lidelse og funksjonshemning, 2. bidra til å sikre tjenestetilbudets kvalitet, 3. bidra til et likeverdig tjenestetilbud, 4. bidra til at ressursene utnyttes best mulig, 5. bidra til at tjenestetilbudet blir tilpasset pasientenes behov, og 6. bidra til at tjenestetilbudet blir tilgjengelig for pasientene.
Lærings- og meistringsarbeid Målet er betre helse men kva er helse?
Helse WHO i 1946: Ikkje berre fråver av sjukdom og lyte, men fullstendig fysisk, psykisk og sosial velvære Om ein er meir realistisk: Kopling til kvardagen og i kva grad ein kan utføre dei tinga ein opplever som viktige Balansering av nyting, velvære og spenning opp mot sunnheit, helse og tryggleik [4].
Lærings- og meistringsarbeid Middelet er læring men kva er læring?
Læring Læring: Ein prosess som fører til endring Mange tolkingar Utgangspunkt for størst skilnad: Start med indre psykologiske prosessar eller samspelet mellom menneske
Læring: Kognitiv Læring som endring av forståing eller ferdigheiter Hovudmål: Skape samsvar mellom omverda og tolkinga av den. Piaget representerer dette synet
Læring: Psykodynamisk Kjensler, haldningar og motivasjon Psykisk energi utløyser læring, og læring skaper psykisk energi Denne forståinga har Freud vore portalfigur for
Læring: Sosial Endring av sosial praksis Prosess som endrar føresetnadane for sosial samhandling ein samfunnsmessig prosess. Dette er Marx sitt program
Læring: I praksis Undervisningspraksis kan plasserast i spenningsfeltet Læring handlar alltid om alle tre endringsprosessane
Meistring Meistre: (av meister) rå med, vinne med, ha tak på, vere herre over, greie[1]. Meister: Sjølvstendig handverkar med meisterbrev [1].
Men korleis? Helsevesenet si rolle Helsevesenet som prosessagent for meistring av kvardagen
Men korleis? Brukaren si rolle I kvardagen: Pasienten sjølv skaper eiga helse ut frå eigne føresetnader Rehabilitering: Finne nye måtar å fylle rollene på
Men korleis? Strukturelle utfordringar: Tjenestene skal ha tilfredstillende kvalitet, og skal gis som individuelt tilpassede tilbud. Det må foretas en helhetlig vurdering av pasientens behov, og tiltakene må planlegges i samråd med pasienten selv og hans pårørende
Men korleis? Strukturelle utfordringar: MEN skje gjennom standardiserte behandlingsprogrammer bygd på evidence based rettleiingar som skal sikre lik behandlingspraksis
Men korleis? Strukturelle utfordringar: Kort sagt, behandlinga skal vera individuell, men lik, og den skal leggjast opp i samråd med pasienten og evidensbaserte standardprosedyrar. Kor mykje vert det då att av individuell behandling og samråd med pasienten? [7]
Men korleis? Kvalitet er? Definert av ISO til: I kva grad ei samling ibuande eigenskapar oppfyller krav I kvardagen: Noko er godt i følgje kriterium som er ein del av det gode
Men korleis? Kvalitet er? I systemet er det kor mange kryss som vert sett i dei rette rubrikkane I kvardagen er det dei gode opplevingane
Kva er kvalitet? Pasientopplæring?
Kva er kvalitet? Pasientens læring?
Kvalitet: I opplæring Pasienten skal skape helse til dagleg. Då kan ein ikkje løyse pasienten og pasienten sine kunnskapar frå sine omgivnader
Kvalitet: Samhandling om eiga helse
Eit forsøk på å knyte saman Systemet: Strategi, pengar og makt Livsverda: Kommunikasjon, meining, forståing og normer Vi lever alltid i båe verder
Eit forsøk på å knyte saman Når systemet, anten ved marknaden eller ved det offentleg adminstrative apparatet overtar den livsverdlege problemløysinga, misser vanlege folk si evne til problemløysing. Og di større blir behovet for systemets profesjonelle hjelp. Dermed tar systemet over endå litt til. Det fører til at nokre til blir sløve, noko som igjen må kompenserast for gjennom systemet. Det er ein ekspanderande vond spiral. Og dei private og offentlege ekspertgruppene florerer.
Eit forsøk på å knyte saman Kjartan Fløgstad har gitt eit konsentrert uttrykk for dette poenget i Kniven på strupen (1991, s 220) Bak kvart barn eit barneombod. Bak kvar flyktning ein innvandrarkonsulent. Bak kvar buss ein buss med krisepsykiatrar. Bak kvar olding eit støtteapparat. Bak kvar bår ein båt med bananar. Bak kvar kvinne eit krisesenter.
Eit forsøk på å knyte saman Den tiltaksevna som blir att i livsverda, er evna til å tigge og krevje meir av det offentlege. Den desperate illusjonen er at det er mogeleg å løyve seg ut av eit kvart problem ved hjelp av pengar, ekspertise og konsulenthjelp. Når systemet koloniserer livsverda, får folk heller ikkje utvikla dei sosiale og moralske eigenskapane som er nødvendige for å betjene systemet på ein korrekt måte.
Eit forsøk på å knyte saman For det er jo vanlege folk som er i systemet også. Men det er i livsverda og berre der ein kan lære seg folkeskikk. Når systemet utarmar den gjennom kolonisering, blir det så som så med folkeskikken både i livsverda og systemet. [10]
Referansar 1. Hovdenak, M., et al., Nynorskordboka. Vol. 3. utgåva. 2001: Det norske samlaget. 2. Bø, I. and L. Helle, Pedagogisk ordbok. 2002, Oslo: Universitetsforlaget AS. 3. Hopen, L., Sluttrapport - Prosjekt lærings- og mestringssenter Aker sykehus 120997-311299. 2000, Aker sykehus: Oslo. 4. Malterud, K., Når livsstil ikke nytter - medikamentelll risikointevensjon for dårlige mennesker, in Helsebilder : sunnhet og sykdom i kulturelt perspektiv, P. Solvang and K.T. Elvbakken, Editors. 2002, Fagbokforl.: Bergen. p. 222 s. 5. Bateson, G., The Logical Categories of Learning and Communication, in Steps to an ecology of mind. 1972, Ballantine Books: New York. p. XXVI, 541 s. 6. Illeris, K., Læring - aktuell læringsteori i spændingsfeltet mellem Piaget, Freud og Marx. 1999, Roskilde: Roskilde Universitetsforlag. 7. Sørbø, J.I., Hans Skjervheim - ein intellektuell biografi. 2002, Oslo: Det Norske Samlaget. 8. Habermas, J., Teorien om den kommunikative handlen. 1997, Aalborg: Aalborg Universitetsforlag. 543 s. 9. Sigstad, H.M.H., Brukermedvirkning - alibi eller realitet? Tidsskrift for Den norske lægeforrening, 2004. 124: p. 64-65. 10. Hellesnes, J., Instrumentell fornuft, systemtvang og kulturell utarming, in På grensa, J. Hellesnes, Editor. 1994, Det Norske Samlaget: Oslo. p. 80-95.