Side 1 av 6 9.0 Vurdering av risiko og sårbarheit - ROS-analyse. For tiltak som krev konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova skal det gjerast ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) før gjennomføring av tiltaket. ROS-analysen skal omtala risikoen for uynskte hendingar i samband med gjennomføring av tiltaket. Ein uynskt hending er definert som ein hending som representerer ein fare for mennesker, miljø, økonomiske verdiar og/eller drift/produksjon. Alle aktuelle tema, inkl. dei som vert vurdert til ikkje å medføra risiko, skal gå fram av analysen. Sannsynlegheit Vekting Definisjon Svært lite sannsynleg 1 Hendinga skjer sjeldnare enn ein gong pr. 1000 år Lite sannsynleg 2 Hendinga skjer i gjennomsnitt ein gong pr. 100 år Sannsynleg 3 Hendinga skjer i gjennomsnitt ein gong pr. 10 år Svært sannsynleg 4 Hendinga skjer i gjennomsnitt ein eller fleire gonger pr. år Konsekvens Vekting Definisjon Lite farleg 1 Ikkje fare for vesentleg skade på personar, materiell eller miljø Farleg 2 Fare for skade på person, materiell og miljø Kritisk 3 Fare for alvorleg skade på person, materiell og miljø Katastrofalt 4 Fare for liv og fare for alvorleg skade på materiell og miljø Risikograd Lav risiko - risikoreduserande tiltak er ikkje turvande Middels risiko - risikoreduserande tiltak skal vurderast Høg risiko - risikoreduserande tiltak skal setjast i verk Risikomatrise Konsekvens 1. Lite farleg 2. Farleg 3. Kritisk 4. Katastrofalt Sannsynlegheit 4. Svært sannsynleg 1.4 2.4 3.4 4.4 3. Sannsynleg 1.3 2.3 3.3 4.3 2. Lite sannsynleg 1.2 2.2 3.3 4.2 1. Svært lite sannsynleg 1.1 2.1 3.1 4.1
Side 2 av 6 Naturbasert sårbarheit Uønska Potensiell risiko for: hending/forhold Menneske Miljø Økonomi Ekstremvær Sterk vind Merknad Vervarslinga på Vestlandet v/rasmus Myklebust, Dag Kvamme og Karsten Eitrheim har utført beregning av bylgjehøgder for det planlagte småbåtanlegget. Sjå vedlegg... Sitat frå konklusjon: Ut i fra historiske data, er det sannsynlig at de høyeste verdier vi har kommet fram til i tabellen kan forekomme med en hyppighet på omkring en gang hvert tiende år. De bølgehøyder som er gitt i tabellen antas derfor å være det maksimale som anlegget vil kunne bli eksponert for. Ved å dimensjonere forankringer ut i fra de gitte signifikante bølgehøyder burde det kunne bli et sikkert og stabilt anlegg. Store nedbørsmengder Store snømengder Sterk kulde Flaumfare Flaum i elvar og bekkjer Store nedbørsmengder kan førekoma, men vert ikkje sett på som ein risiko for planområdet. Store snømengder er sjeldan eit problem i området. Småbåtanlegget frys inn i fjordisen. Det renn ingen elvar eller større bekkjer gjennom planområdet. Flaum i vassdrag/ innsjøar Overvasshandtering Springflo/stormflo Historisk flaumnivå Skredfare Kvikkleireskred Lausmasseskred Eksisterande system for håndtering av overflatevatn på idrettsbanen inkl. bygningar. I nord lokal avrenning til sjø. Ved prosjektering av bygningar i strandsona må prognosar for framtidig havstigning leggjast til grunn ved plassering i vertikalplan. Det er ikkje påvist kvikkleire i området. Det er fjell i dagen mange stader i planområdet. Tjukkelsen på lausmasselaget
Side 3 av 6 Is- og snøskred Steinras/steinsprang Historiske hendingar Byggjegrunn Setningar Utglidningar Radon Plante og dyreliv Planter Dyr Fuglar Kulturminner Andre uønska hendingar Skog- og vegetasjonsbrann Jordskjelv kan ha store lokale variasjonar, men det er ikkje større lausmasseskråningar eller fjellskråningar i området som kan føra til lausmasseskred. På grunn av terrengformasjonane i området vil is- og snøskred vera av svært avgrensa omfang. Byggjegrunn vil i stor utstrekning vera fjell eller fylling av steinmassar på fjell. Må vurderast i byggjeprosessen ved masseutskifting, men vert ikkje sett på som noko stort problem. Radon vert ikkje sett på som eit problem i området. Statens strålevern utførte vinteren 2003 ei kartlegging av radon i inneluft i Kvam herad. Strandebarm er ikkje omtalt i denne rapporten. Bygningar i planområdet skal ikkje vera til varig opphald. Notat v/ Dag Holtan 12.10.2009: Småbåthavn ved Tangeråsneset i Strandebarm, Kvam herad. Virkninger på flora. Konklusjon: Det anses som svært lite sannsynlig at tiltaket vil utøve noen negativ påvirkning for sjeldne arter eller naturtyper. Naturtypen kalkrike strandberg finnes bedre utviklet flere steder i heradet, særlig i ytre del, og er godt dokumentert gjennom kartleggingen av prioriterte naturtyper i 2008 (Holtan 2009). Rapport v/ Kvam herad og Fylkesmannen i Hordaland 2002: Viltet i Kvam. Planområdet er ikkje registrert som eit viktig vilt-område. Sløkkjevatn er tilgjengeleg ved idrettsanlegget. Veg B endar på kote 5. Pumpe el. pumpebil kan forsynast med sjøvatn. Fleire mogelegheiter for tilkomst. Bygg må dimensjonerast og konstruksjonen må fylgje byggtekniske forskrifter.
Side 4 av 6 Verksemdbasert sårbarheit Uønska Potensiell risiko for: hending/forhold Menneske Miljø Økonomi Brann/eksplosjon Brannfare båt Bannfare bygg Eksplosjonsfare Merknad Båtbrann kan spreia seg i ei båthamn. Tilgjengeleg sløkkjevatn/materiell Tilkomst for personell Hamnereglement Tilgjengeleg sløkkjevatn Forsamlingslokale. Krav til brannsikring av bygg, evakureringsplanar og rømningsvegar. Gassanlegg i båt kan medføra eksplosjonsfare i samband med brann. Energitransport Høgspent Lågspent Gass Forureina vatn Drikkevasskjelde Badevatn, fiskevatn, vassdrag og likn. Nedbørsfelt Grunnvannsnivå Forureining - grunn Kjemikalieutslepp Forureining - luft Det ligg ingen drikkevasskjelder i området. Bunnstoff. Det skal ikkje etablerast slipp eller båtopplag i området, slik av reingjering av skrog og påføring av bunnstoff skal ikkje førekoma. I hamnereglementet forbod mot bruk av båtopptrekk til spyling/stoffing. Gråvatn frå båt går til sjø. Kloakk. Det skal etablerast pumpestasjon for kloakk i småbåthamna for tøming av septiktank i båt. Pumpast inn på offentleg kloakkleidning. Forbod i hamneregl. mot tøming av septiktank i sjø. Kloakk frå bygningar skal pumpast til offentleg kloakkleidning. Takvatn og overflatevatn skal gå til sjø. Det er ikkje registrert bedrifter med konsesjonspliktige utslepp i nærleiken til planområdet. Oljeutslepp frå båt kan skje ved uhell. Hamnereglement.
Side 5 av 6 Støv/partiklar/røyk Støy Sjenerande lukt av avgassar frå båt er, på grunn av avstand til etablerte friområder og bustader, lite sannsynleg vil førekoma. På grunn av liten trafikkmengde på tilkomstvegen til båthamna m. fl., ser ein det ikkje som turvande med utarbeiding av støysonekart. Krav til fritidsfartøy er regulert gjennom forskrift om produksjon og omsetning av fritidsfartøy. Denne skal sikra at produktet ikkje er helse- eller miljøskadeleg. Vidare gjev forurensningsforskriften et generelt forbod mot bruk av fritidsfartøy utan effektiv lyddemping. Fritidsbåtar kan i sommarperioden vera til sjenanse for bustad- og fritidshus nær sjøen. Lyd frå småbåthamna kan vera prega av lyd frå seglbåtmaster (fall som slår i vinden) og andre naturlige aktivitetar i samband med bruk av hamna. Det mest aktuelle tiltaket for å avgrensa støy frå båttrafikk er nedsett fartsgrense i hamneområdet og mellom hamneområdet og busetnaden i vest. Lydar frå småbåthamna kan motverkast gjennom gode hamnereglar og vedlikehaldsrutinar. Lukt Friluftsliv og tilgjenge til sjø Fri ferdsel langs sjø Friluftsliv Sårbarheit knytt til infrastruktur Uønska Potensiell risiko for: hending/forhold Menneske Miljø Økonomi Trafikkfare Trafikkulykker på veg Forureining Merknad Veg B er tilkomstveg til båthamn m. fl.. Lokal tilkomstveg med avgrensa trafikk. Horisontal og vertikal linjeføring innbyr ikkje til fart. Fartsgrense bør setjast til 30 km/t, evt. må fartsreduserande tiltak vurderast.
Side 6 av 6 Støv/partiklar Støy Lukt Utslepp/kjemikaliar Ulukker på nærliggjande vegar/transportåre Veg Sjø Luft Området er ikkje utsett for støv frå vegtrafikk. Området er ikkje utsett for vegstøy. Det kan førekoma lukt frå jordbruksdrift. Hardangerfjorden er ei skipslei som mellom anna er trafikkert av store skip til industriverksemder lenger inne i fjorden, til oppdrettsanlegg og turistskip. Skip kan koma ut av kurs og gå på båthamna.