Oppfylging av vedtak i formannskapet 1. halvår 2015 Sak nr Tittel Vedtak Oppfylging 1/15 Endring av retningslinene for gåvekontoen ved Balestrand helsetun 2/15 Lån frå kraftfond 1- vurdering av rente gjennomført
3/15 Høyringsfråsegn - overføring kommunal skatteinnkrevjinga til skatteetaten Balestrand kommune meiner at skatteoppkrevjarfunksjonen framleis må vera ei kommunal oppgåve. Dette blant anna av di det er positiv samanheng mellom skatteinnkrevjing og kommunal innkrevjing og økonomistyring. Med ei overføring av skattoppkrevjinga til staten vil kommunen dessutan miste kompetanse og innfordringsarbeidet vil bli mindre robust. Bortfall av denne funksjonen i kommunen vil også føra til at kommunane misser særnamskompetanse., Ein vil også miste tilgang til arbeidsgjevar-/arbeidstakarregegisteret og SOFIE, noko som må til for å ivareta personvernomsyn. Konsekvensen/kostnaden av lågare effektivitet i kommunane er ikkje utgreidd av Finansdepartementet Kvaliteten på skatteinnkrevjinga er god. På landsbasis blir 98,8 % av samla krav for dei viktigaste skatteartane betalt. Det er ei omfattande risiko ved omorganisering. Sjølv ei marginal svekking av innkrevjingsgraden vil føre til at inntektene vil bli redusert meir enn Finansdepartementet sitt anslag for innsparing ved statleggjering; til dømes auka skatterestansane i Danmark etter statleggjering frå 50 mrd i 2006 til 82 mrd. i 2012 ifølgje den danske Riksrevisjonen. Utrekning basert på rapport frå Oslo Economics viser at ved ein reduksjon i innkrevjingsgrad på 0,05 0,15 prosentpoeng vil framlegget frå departementet bli ulønsamt sjølv med føreslått reduksjon i tilsette.. Balestrand kommune meiner vidare at tidspunktet for å ta opp dette temaet er heilt feil. At framlegget er fremja som eiga sak uavhengig av det pågåande kommunereformarbeidet er uheldig og i strid med intensjonane for kommunereforma. Balestrand kommune meiner det kan vera mogeleg å forbetra tenesta. Dette kan gjerast innanfor ramma av framleis kommunalt og lokalt ansvar for skatteinnkrevjinga - og må dessutan sjåast i samanheng med kommunereforma.
4/15 Plan og kostnadsoverslag - Utviding og omtaksering av eigedomsskatt 5/15 Hovudplanar vatn og avløp 6/15 Dispensasjon frå reguleringsplan Bruksendring frå industri til bustadføremål Hovudplan for vassforsying og hovudplan for avløp vert lagt ut til høyring i samsvar med reglane i plan- og bygningslova. Balestrand kommune gjev med heimel i Plan og bygningslova 19-2 dispensasjon frå plankravet i kommuneplanen og «Reguleringsplan for Hamnen Storesva» til endring frå industri til bustadføremål på gnr. 10, bnr. 115, Strondi 25. Det vert sett som vilkår for dispensasjonen at området vert opparbeida på ein tiltalande måte mot sjø i samsvar med situasjonsplan. Er vedteke Er vedteke Gjennomført 7/15 Beredskapsplan for Balestrand kommune - rullering av plan for 2015 Vedtaket vert grunngjeven med at området i vedteken arealdel av kommuneplan er disponert til bustadføremål, og at omsøkt endring berre omfattar omdisponering og oppgradering av eksisterande bygg. Situasjonsplanen ivaretek også utforming av tomteareala på ein god måte. Beredskapsplan for Balestrand kommune blir vedteken slik den ligg føre. Rådmannen må saman med kriseleiing vurdere situasjonen for beredskapen i samband med vegstengingane på Fv. 55 Høyangertunnelen, og om naudsynt etablere særskilde tiltak i denne perioden. Gjennomført
8/15 Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet - rullering av handlingsprogram Balestrand kommune vedtek i medhald av Plan og bygningslova 11-2 rullering av handlingsprogram til Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i samsvar med vedlagt framlegg til handlingsprogram 29.01.15. Som det går fram av handlingsprogram er søknadene prioriterte slik: Gjennomført Ordinære anlegg 1. Hittunsfjøra friområde, sanitæranlegg 2. Leirduebane i Esebotn Nærmiljøanlegg 1. Rehabilitering av ballbinge ved Sagatun skule Vedtaket er gjort i medhald av Kommunelova 13, jf. punkt 4.2 i gjeldande Arbeidsog delegeringsreglement for Balestrand kommune. 9/15 Kjøp av husvære Rådmannen fullmakt til å inngå avtale om kjøp av inntil to husvære til samla kostnad 5 mill kroner for vidare utleige. Det er ein føresetnad at den kommunale drifta for 2015 ikkje blir belasta, og at investering og drift forsvarleg let seg innarbeide i budsjett og økonomiplan frå 2016. Inngått avtale om kjøp av 2 husvære,tilsaman 4,6 mill.fått tilskot på 1,7 mill 10/15 Årsmelding 2014 for Balestrand kommune sitt næringsfond Årsmelding for 2014 for næringsfondet vert godkjent.. Balestrand kommune vurderer tiltaksapparat, retningsliner for forvaltning av næringsfond og strategi for næringsutvikling til å vere tilfredsstillande i høve til fylkeskommunen sine krav for tildeling av midlar til næringsfond
11/15 Skriv og meldingar Møte i formannskapet 12. februar 12/15 Skriv og meldingar 2015 13/15 Kommunal medfinansiering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar 14/15 Rutinar for sakshandsaming av felles samarbeidsavtaler, ordningar og prosjekt innan helseområdet og tilhøyrande finansiering Det vart ikkje gjort særskilde vedtak. Det vart ikkje gjort særskilde vedtak. 15/15 Søknad om salsløyve
16/15 Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion - høyring og offentleg ettersyn 1. Balestrand kommune ser positivt på arbeidet med å sikre ei felles, berekraftig bruk av vassressursane på tvers av sektormyndene, og ynskjer å vere ein aktiv bidragsytar til at måla i vassforskrifta blir nådd. 2. Balestrand kommune vil framheve trongen for styrka økonomiske ressursar frå statleg hald for å sikre implementeringa av vassdirektivet i forvaltninga, og gjennomføringa av aktuelle tiltak innanfor ulike sektorområder. 3. Balestrand kommune meiner det må kome tydeleg fram at vesentlege påverknadar på anadrome fiskebestandar er utelate av planen, og at konsekvensane av lakselus og rømmingar frå oppdrettsanlegg må inngå i kunnskapsgrunnlaget for ei forvaltningsplan for vatn. 4. Tiltaka som er med i forslaget til forvaltningsplan, tiltaksprogram og tiltaksanalyse er i tråd med dei innspela Balestrand kommune har hatt i prosessen så langt. 5. Balestrand kommune meiner at Ytre Sogn vassområde må inkludere følgjande vassførekomstar i overvakingsprogrammet for 2015: 078-27-R Vetlefjordelvi, 078-29627-L Øvre Svartevassvatn, 078-29653-L Skaddalsvatnet, 078-29654-L Nedre Svatevassvatn, 079-4Z Nessadalsvatnet, 079-195-R Eseelvi, 078-103-R sidebekkar Vetlefjordelvi, 079-169-R Esebotnelvi, 079-169-R Kverhuselvi, Kvamsøy, 078-22-R Daleelvi, Dale, 078-70-R. Eikjaelvi, 078-97-R Sværeelvi. 6. Kommunen skal leggje opp til ei arealforvaltning med tanke på å sikre god vasskvalitet i innsjøar, elver, grunnvatn og kystvatn, og arbeide med å nå målsettinga om å oppnå minimum god miljøtilstand i alle vassførekomstane i kommunen. Alle naudsynte og viktige tiltak i forhold til vatn, avløp og ureining skal følgjast opp i perioden 2016 2021. 7. Kommunanes sin andel i finansiering av vassforskrifta bør være lågare. 8. Balestrand kommune understrekar trongen for heilskapelege, konkrete og nøyaktige kost/nytte-vurderingar som grunnlag for endeleg tiltaksplan og forvaltningsplan. Mellom anna må dei samfunnsmessige verdiane vurderast. Dette må vere grunnleggande for å få til ei heilskapleg og langsiktig vassforvaltning med riktig prioritering av tiltak. Fulgt opp 17/15 Søknader om løyve til bygging av småkraftverk Kråkeelvi kraftverk og Brekka kraftverk i Lånefjorden - høyring
18/15 Reguleringsplan - Hyttefelt på Dale 19/15 Detaljreguleringsplan Thorsnes - høyring/offentleg ettersyn Balestrand kommune vedtek med heimel i Plan og bygningslova 12-11 at privat forslag til «Detaljreguleringsplan Torsnes, 13.02.15», jf. vedlagt planforslag vert handsama vidare etter Plan og bygningslova 12-10, og med det blir lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring. ok fulgt opp Planen skal ligge til offentleg ettersyn/høyring i perioden 20.03.15 og fram til 04.05.15. Planforslaget vert sendt til aktuelle fagstyremakter, grunneigarar og naboar, og vert lagt ut til offentleg ettersyn på følgjande stader: 20/15 Tilskot til felles Turprogram 2015 21/15 Søknad om kulturmidlar til Balestrand folkeakademi Balestrand rådhus Balestrand folkebibliotek Fjordtun oppvekstsenter Balestrand kommune si heimeside. Balestrand kommune gjev Sogn og Fjordane turlag tilskot i samsvar med søknad på kr 3000,-. Tilskotet vert belasta kto 262.38511.14701 Balestrand kommune gjev Balestrand folkeakademi tilskot i samsvar med søknad på kr 6.300,-. Tilskotet vert belasta kto 262.38511.14701
22/15 Søknad om kulturmidlar - båt 23/15 Søknad om kulturmidlar til dirigent for 2015 24/15 Søknad om kulturmidlar 2015 Fjordljos 4h 25/15 Balestrand songlag - søknad om kulturmidlar Balestrand kommune gjev Balestrand Sogelag tilskot i samsvar med søknad på kr 5.000,-. Tilskotet vert belasta kto 262.38511.14701 Balestrand kommune gjev Balestrand Musikklag tilskot i samsvar med søknad på kr 20.000,-. Tilskotet vert belasta kto 262.38511.14701 Balestrand kommune gjev Fjordljos 4H tilskot i samsvar med søknad på kr 1.200,-. Tilskotet vert belasta kto 262.38511.14701. Det vert då vist til at det i tillegg er gjeve tilskot frå folkehelsemidlar til same tiltaket på kr 5.000,-. Balestrand kommune gjev Balestrand Songlag tilskot i samsvar med søknad på kr 3.000,-. Tilskotet vert belasta kto 262.38511.14701 26/15 Balestrandprisen 2014 Balestrand kommune tildeler Balestrandprisen 2014 til Inger Marie von der Lippe. Grunngjeving for prisen er den årelange innsatsen og ukuelige optimismen ho har lagt til grunn for å får etablert nybygg for Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand. 27/15 Søknad om skulegang i anna kommune 28/15 Søknad om tilskot frå næringsfond Oppstart av ny blomsterbutikk 29/15 Tilskot frå næringsfondet til Sogndal lufthamn for utgreiing av bygging av ny hangar Eleven får innvilga søknad om å gå ungdomsskulen ved Høyanger skule. Balestrand kommune yter til tilskot på kr 40.000 frå næringsfondet til Silvija Adomavicienne. Beløpet skal nyttast til investeringar i ny blomsterbutikk i samsvar med søknad. Balestrand kommune yter til tilskot på kr 10.000 frå næringsfondet til Sogndal lufthamn for utgreiing av bygging av ny hangar. Tilskotssummen vert sett utifrå at innbyggjarane i Balestrand kommune i hovudsak nyttar Bringeland som flyplass. Igangsett 30.000 er utbet. Sendt tilsagn Ikkje utbet.
Inga sak! Orienteringar og drøftingar Vedtak: Formannskapet gav tilslutning til arbeidet vidare med nødvendige tiltak innan pleie og omsorg, og tok orienteringa til vitande. Formannskapet skal ha løpande orientering om status for tiltaka og evt. økonomiske konsekvensar. Vert fulgt opp 30/15 Skriv og meldingar Formannskapet 30. april 31/15 Forskrift om hundehald i Balestrand kommune Det vart ikkje gjort særskilde vedtak. Formannskapet vedtek med heimel i Lov om hundehold (hundelova) av 4. juli 2003 nr. 74, å leggje framlegg til «Forskrift om hundehald i Balestrand kommune», med følgjande endra 1 Føremål:,fulgt opp 1. Føremål Føremålet med forskrifta er i bidra til å fremje eit ansvarleg hundehald som ivaretek omsynet til tryggleik, alminneleg ro og orden. Forskrifta skal bidra til å førebyggje konfliktar mellom hundeeigar og ålmenta, hindre skremmande åtferd frå hund og hindre at hund jagar vilt og bufe. I tillegg skal forskrifta gje kommunen betre rettsgrunnlag for å motverke problematisk hundehald 32/15 Startlån og tilskot for vidaretildeling for 2015 ut på høyring samt kunngjering etter reglane i Forvaltningslova 37. Fristen for uttaler vert sett til 6 veker.
33/15 Hovudplanar vatn og avløp 34/15 Skriv og meldingar Formannskapet 4. juni 35/15 Revisjon reglement godtgjersle folkevalde 36/15 Oppretting av gateadresser Utbyggingsområde Holmamyrane 37/15 ÅRSMELDING 2014 BALESTRAND KOMMUNE 38/15 ÅRSREKNESKAP 2014 BALESTRAND KOMMUNE 39/15 Tertialrapport 1. tertial 2015 - Budsjettrevisjon Det vert vist til skriv om ytterlegare mottak av flyktningar. Dette vart handsama som ekstra sak 48/15. Med heimel i matrikkelforskrifta kap. 12 vert det oppretta to adresseparsellar på Holmamyrane; merka V1 V2 og vidare mot nord, og V2-V3-V4 og vidare mot sør i «Reguleringsplan for Holmamyrane bustadområde» vedteken 04.12.2014. Saka vert lagt ut til høyring for å få namneforslag på parsellane.,vert fulgt opp,er fulgt opp
40/15 Endring av selskapsavtalen for Sogn og Fjordane Revisjon IKS 41/15 Møteplan for 2. halvår 2015 42/15 Detaljreguleringsplan Thorsnes - endeleg vedtak
43/15 Dispensasjonssøknad bustadtomter Grønlund 44/15 Rullering overordna strategiplan for hjorteforvaltninga Balestrand kommune gjev med heimel i Plan og bygningslova 19-2 dispensasjon frå plankravet i kommuneplanen, arealdelen til frådeling av to bustadtomter på Grønlund i samsvar med søknad 16.03.15. Grunngjeving for vedtaket er at frådeling av tomtene vil gje tilgang på tomteareal til bustad raskt, noko som er vurdert til å vere samfunnsmessig viktig for området og kommunen. Arealet er vidare med i oppstarta reguleringsplan for området, og er planmessig avklart med omsyn på bustadbygging. Det vert sett følgjande vilkår for bygging på tomtene: Bygging av rasvoll Det skal byggast rasvoll i bakkant av tomtene før tomtene kan byggjast på. Denne skal henge saman med eksisterande voll, og bli ført forbi begge tomtene. Vollen skal utformast i samsvar med beskriving i rapport «Vurdering av rassikring for bustadfelt på Grønlund, Balestrand kommune, Asplan Viak 13.01.2015», og som vist i notat «Dispensasjonssøknad to bustadtomter supplerande informasjon, Asplan Viak 16.04.15». Rasvollen er i seg sjølv eit søknadspliktig tiltak der detaljert plan for tiltaket vert godkjent. Arealbruk Arealbruken er bustadføremål, og det kan byggjast byggjast ein frittliggjande einebustad på kvar tomt sam tilhøyrande garasje/uthus. Utnyttegrad Utnyttegrad skal vera %-BYA maks.30% - berekna for kvar tomt. Utforming og plassering av bygga Bygningskroppane skal liggja om lag parallelt med fylkesvegen eller terrengkotane. Garasjar, uthus og mindre tilbygg til bustader kan liggja vinkelrett på dette. Frittliggjande garasjar skal ha gesimshøgd maks. 4 m og mønehøgde maks. 6 meter. Bustadhus skal ha gesimshøgd maks 7 meter og mønehøgde maks. 9 meter. Bygningane skal i hovudsak ha skrå takflate. Byggjegrense og avkjørsle til Fv 13 Byggjegrensa mot fylkesvegen skal vera 15 meter frå senter i veg. Avkøyrsle/kryss i fylkesvegen skal vera felles med dei 4 eksisterande bustadene i opparbeidd avkøyrsle for desse. Balestrand kommune godkjenner overordna strategiplan for hjorteforvaltninga i Balestrand 2015-2017.,.er fulgt opp,fulgt opp og nytta som grunnlag for tildeling av hjorteløyve.
45/15 Søknad om støtte til kompetanseutviding 46/15 Søknad om stønad til oppretting av webside 47/15 Søknad om støtte til etablering av turvogntilbod Balestrand kommune yter eit tilskot frå næringsfondet på kr 10.000 til Husebø Maskin og Transport v/thomas Husebø. Tilskotet skal nyttast til kompetanseheving i samsvar med søknad. Søknaden vert ikkje imøtekomen. Dette vert grunngjeve med at ein ikkje ynskjer å innføre ei ordning med å støtte etableringar med forretningsadresse utanfor Balestrand kommune. Balestrand kommune yter eit tilskot frå næringsfondet på kr 75.000 til Balestrand Taxi ved Geir Willy Nesse. Tilskotet skal nyttast til finansiering av minibuss og andre kostnader ved etablering av turtilbod i samsvar med søknad. Sendet tilsagn,ikkje utbet. Sendt melding gjennomført 48/15 Mottak av flyktningar Balestrand kommune tek i mot 3 ekstra flyktningar i 2015 og 3 ekstra flyktningar i 2016. Vert fulgt opp