Framtidas lokalsjukehustilbod for personar med rusmiddelrelaterte problem i Nordfjord. Versjon 1.0



Like dokumenter
Betre akutthjelp. -eit fagleg og økonomisk samhandlingsprosjekt

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Styresak. Ole Christian Reusch Driftsmodell for ruspost ved Nordfjord sjukehus. Arkivsak 2011/1982 Styresak 018/2012 A Styremøte

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Utviklingsprosjekt Nordfjord sjukehus

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Hjelp. Felles retningslinjer for utarbeiding av Individuell plan mellom Helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal

Programmet Helse Førdes tilbod til psykisk sjuke pasientar ute i kommunane

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

NOTAT om familiehuset

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

1. Mål med samhandlingsreforma

Frå visjon til realitet November 2012

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Eldremedisinsk poliklinikk

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Pasientens helseteneste Helse Førde Utviklingsarbeid for framtidas spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane

Delavtalen er underordna Rammeavtalen mellom Helse Førde og den einskilde kommune.

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

Samhandlingsstrukturen i Sogn og Fjordane

Tenesteavtale 5. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

Tenesteavtale5. Mellom Tysvær kommune og Helse Fonna HF. Ansvars- og oppgåvefordeling ved opphald i, og utskriving av

Informasjon til pasientar og pårørande

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Tenesteavtale 2 Partar Bakgrunn Føremål

Partane sitt ansvar for helse- og omsorgsoppgåver og tiltak partane skal utføre

Styresak. Forslag til vedtak. Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Går til:

SEPREP som middel til mindre tvang

Psykiske helsetenester og rusbehandling

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Saksnr Utval Møtedato

Plan for psykisk helsevern i Helse Fonna - Høyringsuttale

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Høyring - Verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Med god informasjon i bagasjen

Pasientens helseteneste

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Tenesteavtale 6 Retningsline for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Akuttpsykiatriske situasjonar

Pasientens helseteneste. Utviklingsarbeid for å lage framtidas spesialisthelsetenester i Helse Førde

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Visjon og verkelighetframtidas

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

Strategiplan for Apoteka Vest HF

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Tenesteavtale 3. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Voss sjukehus, Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss

Styresak. Forslag til vedtak. Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Samansetting av regionalt brukarutval

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Erfaringar frå kommunalt arbeid med LAR. Flora kommune, tiltakstenesta Anne Merete Ødven

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Dei fire hovudoppgåvene

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 06/482

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Transkript:

Framtidas lokalsjukehustilbod for personar med rusmiddelrelaterte problem i Nordfjord Versjon 1.0 Nordfjordeid, 28. januar 2012 1

Innhald 1 Samandrag side 3 2 Oppnemning, mandat og arbeidsform side 4 3 Nokre sentrale helsepolitiske dokument side 6 4 Lokalsjukehustilbod for personar med rusmiddelproblem i Nordfjord side 9 4.1 Målgruppe side 9 4.2 Organisatoriske løysingar side 10 4.2.1 Fullintegrerte tenester side 10 4.2.2 Konsultative tenester side 10 4.2.3 Personleg koordinator på tvers av tenestenivåa side 11 4.2.4 Pasientløyper side 12 4.2.5 Døgnpost side 12 4.2.6 Ambulante tenester som lågterskeltilbod side 13 4.2.7 Akuttfunksjonen side 13 4.2.8 Polikliniske tilbod side 14 4.2.9 Dagtilbod side 14 4.3 Fagleg innhald side 15 4.3.1 Utgreiing side 15 4.3.2 Behandling side 15 4.3.3 Arbeid og helse side 17 4.3.4 Brukarmedverknad side 17 4.3.5 Pårørande side 18 4.4 Samhandling med andre avdelingar i Helse Førde side18 4.5 Forsking side 19 4.6 Oppsummering av Nordfjordmodellen side 19 5 Trong for personell side 21 6 Gjennomføring side 22 2

1. Samandrag Nedanfor presenterer vi ein modell for framtidas lokalsjukehustilbod for menneske med rusmiddelrelaterte problem i Nordfjord. Tilbodet vert organisert som ein del av Nordfjord psykiatrisenter. Arbeidsgruppa understrekar at det heilskapen i modellen, og ikkje dei einskilde modulane, som gjev eit slagkraftig og truverdig tilbod. Modellen må difor bli vurdert samla, og arbeidsgruppa har lita tru på at det let seg gjere å gjennomføre berre delar av den. Tilstrekkeleg ressursar i kommunane/nav er eit vilkår for gjennomføring av modellen. Mål for prosjektet Ruseininga skal gje eit tilbod til menneske i Nordfjord med rusmiddelproblem. Alle pasientog alderskategoriar er velkomne, men målet er at ein skal kome i kontakt med brukarane tidlegare i forløpet enn tradisjonelle døgnpostar gjer. Dette skal vi oppnå ved å ha låg terskel for kontakt, korte ventetider og eit fleksibelt system av tenester som byggjer vidare på styrken i det desentraliserte psykiske helsevernet med fullintegrerte rustilbod. Brukarmedverknad skal bli sikra på system- og individnivå, og ruseininga skal gje høvelege tilbod til dei pårørande. Tillitsfull samhandling med brukaren, dei pårørande og kommunen/nav er ein føresetnad for at modellen kan bli sett ut i livet. Innhald Døgnposten vil ha seks ordinære døgnplassar og ein brukarstyrt plass for personar som har skriftleg avtale om det. Døgndrifta skal rette seg særleg inn mot å stette trongen for akutt intervensjon, avrusing og stabilisering. Døgnposten kan ta i mot pasientar heile døgeret. Dagposten ved psykiatrisenteret vert styrkt slik at den kan gje tilbod til personar med rusproblem. Tilbodet vil vere ressurs- og betringsorientert med stor vekt på fysisk aktivitet. Ambulant team ved psykiatrisenteret vert styrkt slik at det kan vere opent heile døgeret. Teamet gjev eit lågterskeltilbod, og alle kan kontakte teamet utan tilvising. Teamet vil syte for akuttilbod døgnet rundt i lag med Nordfjord legevakt, døgnposten og psykiatrisenteret elles. Poliklinikken vil halde fram som vurderingseining for tverrfagleg spesialisert behandling for rusavhenging og tilby utgreiing, behandling og rehabilitering i tillegg til konsultative tenester. Post 1 (den ålmenpsykiatriske døgnposten) vil, i tråd med nasjonale retningsliner, ha hovudansvaret for å behandle personar med samtidig rusliding og alvorleg psykisk liding. Samhandlinga vil bli sikra gjennom stor vekt på utoverretta og konsultative tenester, felles koordinator på tvers av tenestenivåa og utvikling av pasientløyper som syner korleis tenesteytarane skal forplikte seg i fellesskap. Ressursar Modellen let seg gjennomføre med dei ressursane som låg inne i dei opphavlege planane for ruseininga. Sjå punkt 4.6 for ein illustrasjon av Nordfjordmodellen. Forkortingar som vert nytta i dokumentet TSB tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige (som er det offisielle namnet på spesialisthelsetenestene for personar med rusmiddelrelaterte problem) LAR lækjemiddelassistert rehabilitering DPS distriktspsykiatrisk senter (som har lokalsjukehusfunksjonen i psykisk helsevern) 3

2. Oppnemning, mandat og arbeidsform Direktør for Psykisk helsevern, Ole Christian Reusch, oversende 15. november 2011 mandat for ei arbeidsgruppe som skal utgreie oppretting av ei ruseining ved Nordfjord psykiatrisenter. Mandatet var i to punkt, A og B: A: Oppstart og etablering Prosjektgruppa skal ta utgangspunkt i desse og med bakgrunn i tidlegare planar utarbeide driftskonsept med oppdatert funksjonsplan for ruseeining i Nordfjord kartlegge behov for tenester innan rus i Helse Førde syte for kontakt med Helse Vest for å avklare behov for tenester til andre helseføretak vurdere driftskonsept, bemanning og kompetanse til ny ruseining samarbeide med HR-direktør i omstilling og kompetansebygging for helsepersonell som får nye tilbod innan ruseininga/psykiatri legge fram årsbudsjett for etablering av ny ruseining rapportere til styringsgruppa for prosjektet B: Framtidig modell Det skal straks startast eit arbeid med utvikling av ein modell for framtidas lokalsjukehus for rusmiddelavhengige pasientar ved Nordfjord sjukehus. I dette arbeidet vert samhandling med kommunane i Nordfjord-regionen sentral. Følgjande områder kan vurderast særskilt: Modellar for utvikling av ruskompetanse i lågterskeltiltak som møter brukarar av alkohol og narkotika i ein fase kor problema er små og overkommelege Modellar for samarbeid med helsestasjon, skule og eventuelt politi om førebyggjande rustiltak overfor barn og unge Modellar for bruk av personlig koordinator slik av brukarane har ein person å forhalde seg til både i kommune- og spesialisthelsetenesta Modellar for utvikling av oppsøkjande verksemd i samarbeid med kommunane, eksempelvis førebyggjande familieteam retta mot tidlig intervensjon og førebygging overfor gravide/foreldre med rus og/eller psykiske problem og barn frå fødsel og til skulealder. Modellar for utvikling av forlaupstenking i samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetenesta med utgangspunkt i faktorane tilgjenge, kontinuitet og individuelt tilpassa tilbod. Modellar for utprøvning av fysisk trening for rusmiddelavhengige, sjå http://helse-forde.no/aktuelt/nyheter/sider/rusavhengige-far-betre-mental-helse-av-trening.aspx Punkt B i mandatet er kome til etter at Helse Vest har motteke eit notat frå Helse- og omsorgsdepartementet dagsett 10. november 2011 om Momenter til utvikling av framtidens lokalsykehus ved Nordfjord sjukehus i samarbeid med kommunene i Nordfjord-regionen for rusmiddelavhengige pasienter. Her står det mellom anna: Det var enighet om at modellen presenteres i stortingsmeldingen om rusmiddelpolitikken som legges frem i 2012. Et forslag til modell fra Helse Vest RHF må foreligge (i utkast form) i løpet av januar 2012. Teksten kan senere justeres i samråd med Helse Vest RHF. Dette dokumentet gjer greie for korleis arbeidsgruppa har handtert punkt B i mandatet. Det er utarbeidd av ei arbeidsgruppe nedsett i samråd med styringsgruppa for lokalsjukehusprosjektet, som i møte 2. desember 2011 avgjorde at utgreiinga skal vere ein del av lokalsjukehusprosjektet. 4

Arbeidsgruppa var sett saman slik: - Siv Olaug Emdal, tillitsvald, FO - Ragnhild Holm, leiar, NAV Vågsøy - Solfrid Lillebø, brukarutvalet, Helse Vest - Karin Mikalsen, Brukarutvalet i Helse Førde - Berit Wetlesen, helse- og sosialsjef, Stryn kommune - Jørgen Rolighed Bergset, spesialkonsulent, Nordfjord psykiatrisenter - Rune Engeseth, kommunalsjef, Eid kommune - Trond F. Aarre, avdelingssjef, Nordfjord psykiatrisenter (leiar og skrivar) Arbeidsgruppa hadde møte 27.12.11, 06.01.12 og 27.01.12. Den opphavlege arbeidsgruppa, som skal arbeide vidare også med punkt A i mandatet, har vore nytta som referansegruppe i arbeidet. 5

3. Nokre sentrale helsepolitiske dokument Posten skal innfri sentrale føringar for framtidas lokalsjukehustilbod for målgruppa. Arbeidsgruppa fann det rett å ta utgangspunkt i Nasjonal helse- og omsorgsplan, Rapport om narkotika frå Stoltenbergutvalet, Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse ROP-lidelser og IS-1 Nasjonale mål og prioriterte områder for 2012 frå Helsedirektoratet. Regjeringa skriv i Meld. St. 16 (2010-2011), Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011 2015): Tilbudene til rusmiddelavhengige er blitt styrket betydelig kvalitativt og kvantitativt siden rusreformen i 2004. Samtidig har det vært betydelig økning i antall nyhenvisninger for tverrfaglig spesialisert behandling for rusmiddelavhengighet. Dette har blant annet medført at ventetidene de seneste årene har økt og andel brudd på behandlingsfristene har vært høy. ( ) I tråd med målene i samhandlingsreformen bør det utvikles mer lokalbaserte tjenester for rusmiddelavhengige. Avtaler mellom kommuner og helseforetak vil legge til rette for helhetlige, sammensatte og sammenhengende behandlingskjeder. I tillegg vil det være nødvendig at strukturen og organiseringen av tjenestene innen tverrfaglig spesialisert behandling for rusmiddelavhengighet, i større grad tilpasses strukturen og organiseringen av tjenestene i den øvrige spesialisthelsetjenesten og da i første rekke det psykiske helsevernet. Dette ikke minst fordi en betydelig andel rusmiddelavhengige har sammensatte lidelser, og da i særlig grad psykiske lidelser. Vurdering Modellen som vert skildra i dette dokumentet skal sikre lett tilgjenge til lokalbasert, tverrfagleg spesialisert behandling for ruslidingar. Tenesta skal vere integrert i det psykiske helsevernet for å sikre heilskaplege og samanhangande tenester for personar med samansette problem. Stoltenbergutvalet overleverte 16. juni 2010 Rapport om narkotika til Helse- og omsorgsdepartementet. Under overskrifta Behandling og oppfølging kjem utvalet med desse råda: 9 Etabler mottaks- og oppfølgingssentre over hele landet (MO-sentre). 10 Overfør vurderingsenhetenes oppgaver til MO-sentrene. 11 Åpne egne ungdomsmottak som del av MO-sentrene. 12 Sikre god informasjon og tett kontakt med pårørende. 13 Samle økonomisk og faglig ansvar for mottak, behandling og langsiktig oppfølging på ett forvaltningsnivå. 14 Gjør en trygg bo-situasjon til en del av behandlingen. 15 Sikre oppfølging av narkotikaavhengige under og etter fengselsopphold. 16 Harmoniser regelverk for tvang, og utarbeid nasjonale råd eller retningslinjer for tjenestene. 17 Sikre tydelig ansvars- og arbeidsdeling mellom psykisk helse og rusfeltet. 18 Avvikle egenandelene for behandling av narkotikaavhengighet. 19 Start behandling med medisiner når den enkelte trenger det. 20 Legg behandling og oppfølging til kvalifiserte fagmiljøer i MO-sentrene. 21 Baser behandling på tillit fremfor kontroll; reduser bruken av urinkontroller. 22 Åpne for et tidsbegrenset forsøksprosjekt der behandling med heroin inkluderes i LAR (forslag fra Andresen, Haga, Hagen, Skog Hansen og Stoltenberg). Nedanfor har vi teke inn litt utfyllande tekst om MO-senter. 6

Formålet med MO-sentre skal være å sikre rask tilgang til hjelp og samle mottak, behandling og langsiktig individuell oppfølging i ett kompetent tverrfaglig miljø. Sentrene skal 1) ta imot og følge opp den avhengige så lenge det er nødvendig, 2) ha ansvaret for å samordne tjenestene den enkelte har behov for, og 3) fungere som en bro mellom ulike tiltak ved å tilby polikliniske tjenester, medisiner og oppfølging, også i perioder der brukeren venter på plass ved ruspoliklinikker og døgninstitusjoner. MO-sentre samler dermed ansvaret for hele behandlingsforløpet: mottak, utredning, tilgang til medisiner, midlertidig poliklinisk behandling, henvisning til spesialistbehandling, bolig, sosiale tiltak og tett personlig oppfølging av en koordinator. For at dette skal være mulig, må MO-sentre ha høy rusfaglig kompetanse med lege, psykolog, sosialarbeider og sykepleier blant sine ansatte. MO-sentrene kan også være base for ambulante team. MO-sentrene må, på samme måte som en legevakt, være døgnåpne eller ha døgnvakt, og ta imot uten noen form for henvisning. Her skal den narkotikaavhengige alltid være velkommen, og ingen skal bli avvist. Her er det omsorg, mat, dusj og en seng, om nødvendig. Her er det samtidig tilgang til spesialisert medisinsk ruskompetanse, nødvendige medisiner og en å snakke med. Her er det fleksibilitet og raushet. Vurdering Vår arbeidsgruppe har ikkje kompetanse til å ta stilling til framlegg 13, 16, 18 og 22. Dei andre punkta kan i større eller mindre grad bli oppfylte i den modellen som her blir lagt fram. Målet er å oppfylle dei viktigaste forventningane til eit MO-senter. I Nordfjord er alkohol og vanedannande medikament vel så store problem som narkotika, og modellen vår må også gje eit høveleg tilbod til personar med slike vanskar. Helsedirektoratet ga 19. desember 2011 ut Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig rus og psykisk lidelse ROP lidelser (IS-1948). Her heiter det mellom anna: Selv om det har vært økt oppmerksomhet på personer med en ROP-lidelse de siste årene, er det fortsatt mye som mangler når det gjelder utredning, behandling og oppfølging. Det er derfor behov for en beskrivelse av hvordan utredning, behandling og oppfølging av mennesker med ROP-lidelser bør gjøres, samt en beskrivelse av tjenestenes roller og ansvar. Det kan ofte være vanskelig å peke eksakt på den ansvarlige instansen. Det er derfor grunnleggende at tjenestenivåene samarbeider internt og mellom nivåene slik at de som trenger det, får god og forsvarlig hjelp. ( ) For å ivareta et sammenhengende tilbud skal den instansen som først kommer i kontakt med en person med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse sikre at personen følges opp i forhold til begge lidelser og vurdere behovet for individuell plan. Selv om ansvaret plasseres ett sted, vil andre instanser også ha et ansvar. Det skal alltid etableres forpliktende samarbeid. Uenighet om ansvarsforhold må ikke føre til at pasienten får et dårligere behandlingstilbud og blir skadelidende. 7

Vurdering Modellen som vert skildra her, er eit samhandlingsprosjekt som skal sikre at kommunane/nav og spesialisthelsetenesta i fellesskap tek ansvar og fordeler arbeidsoppgåvene slik det tener saka best. Helsedirektoratet omtaler tilboda til personar med rusmiddelrelaterte problem slik i utkast til IS-1 Nasjonale mål og prioriterte områder for 2012: Målet med samhandlingsreformen er å forebygge mer, behandle tidligere og samhandle bedre. Dette skal vi få til gjennom et helhetlig og sammenhengende tjenestetilbud av god kvalitet, med høy pasientsikkerhet, lav ventetid og med størst mulig nærhet til, og tilpasset den enkelte bruker. Brukernes rolle skal bli tydeligere. Brukere og pårørende skal møtes med respekt og omsorg og ha innflytelse over utformingen av tjenestetilbudet.( ) Tjeneste- og behandlingstilbudene innenfor tverrfaglig spesialisert rusbehandling må gjøres mer tilgjengelige. Det må legges vekt på en faglig og kompetansemessig oppgradering innenfor begge sektorer for å sikre pasientene trygge tjenester av god kvalitet. Det må legges til rette for sammenhengende og helhetlige behandlingsforløp for pasienter med behov for koordinerte tjenester. ( ) Tilgjengeliggjør tjeneste- og behandlingstilbudene innenfor tverrfaglig spesialisert rusbehandling. Behandlingstilbudet til unge under 23 år må gis særskilt prioritet. Ventetiden må reduseres og befolkningen sikres tilgang til nødvendige akuttjenester. Nødvendig og forpliktende samarbeid med kommunal helse- og omsorgstjeneste må sikres slik at oppfølging før, under og etter behandling ivaretas. Vurdering Modellen vår tek inn over seg signala om brukarmedverknad, samhandling, tilgjenge, ventetider og nærleik. Den er i pakt med nasjonale mål og prioriteringar. 8

4. Lokalsjukehustilbod for personar med rusmiddelproblem i Nordfjord Modellen skal skildre eit framtidsretta lokalsjukehustilbod til personar med rusmiddelrelaterte problem. Lokalsjukehustilbod tyder i denne samanhangen at tiltaket er retta mot dei seks Nordfjordkommunane Selje, Vågsøy, Gloppen, Hornindal, Stryn og Eid med om lag 28.000 innbuarar. Om lag 22.000 av desse er 18 år eller eldre. tilbodet skal stette trongen for spesialisthelsetenester innanfor tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige i opptaksområdet med unnatak av særleg spesialiserte tenester, som til dømes behandling i terapeutisk samfunn. Lokalsjukehusfunksjonen i psykisk helsevern ligg til Nordfjord psykiatrisenter, som er eit fullt utbygd distriktspsykiatrisk senter (DPS). Det er avgjort at døgnposten skal vere ein del av senteret, og det er naturleg at også andre tilbod til personar med rusmiddelrelaterte problem vert knytte til senteret. Det vil bli trong for tenester frå Nordfjord sjukehus, og dette er skildra nedanfor i avsnitt 4.4. Med omgrepet ruseininga meiner vi i resten av dokumentet den delen av tverrfagleg spesialisert behandling for rusavhengige (TSB) som skjer i regi av Nordfjord psykiatrisenter. Ruseininga omfattar døgnposten og den delen av TSB som skjer i regi av andre einingar ved senteret, til dømes i dagposten eller poliklinikken. Ruseininga skal byggje vidare på den kommunenære modellen som Nordfjord psykiatrisenter har utvikla. Det ligg i dette at spesialisthelsetenesta skal hjelpe den kommunale helseog sosialtenesta til å løyse sine oppgåver og at grenseoppgangen mellom tenestenivåa er mindre interessant enn dei resultata ein kan oppnå i forpliktande samarbeid om felles oppgåver. Samarbeidet mellom ruseininga og bustadkommunen/nav vil vere avgjerande i alle fasar av handsaminga. Modellen vår er eit samhandlingsprosjekt der kommunane og spesialisthelsetenesta sin samla innsats er ein føresetnad for å lukkast. Pasientane vil trenge ordinære kommunale tenester, til dømes fastlegen. Ambisjonane avheng elles av i kor stor grad partane er viljuge til å investere i felles løysingar, til dømes kva gjeld førebygging, koordinering av tenestene og oppsøkjande team. Modellen krev at kommunane har høve til å drive god rusbehandling og at NAV rår over eigna verkemiddel. Kommunane/NAV har i dag ruskonsulentar finansierte med øyremerkte midlar. Modellen vår føreset at ordninga med ruskonsulentar i kommunane vert vidareført. 4.1 Målgruppe Lokalsjukehustilbodet for personar med rusmiddelproblem rettar seg mot personar som har rusmiddelrelaterte problem eller er avhengige av spel eller androgene steroid. Personar som samstundes har psykoselidingar, vil som hovudregel få tilbodet sitt ved Post 1 ved Nordfjord psykiatrisenter i nært samarbeid med ruseininga. Tenestene skal vere tilgjengelege for pasientane tidleg i forløpet, slik at ein kan gripe inn før problema vert for omfattande. Ruseininga vil leggje til rette for tidleg intervensjon ved å ha korte ventetider og yte tenester utanfor sjukehusområdet i samarbeid med kommunane/nav. Ruseininga skal også gje tilbod til pårørande til personar med rusmiddelrelaterte problem. Pårørande kan vere ein uvurderleg ressurs som det er viktig å nytte til beste for pasienten. Dei kan også trenge hjelp for sin eigen del, og ruseininga lyt sjå til at dei får høveleg støtte. 9

4.2 Organisatoriske løysingar Modellen har eit mangfald av tenester som er organiserte så fleksibelt som råd. Dette vert gjort ved å satse vidare på det som til no har synt seg gunstig i tilbodet til menneske med psykiske lidingar i Nordfjord; eit utoverretta og kommunenært psykisk helsevern med fullintegrerte tilbod for menneske med rusmiddelrelaterte problem. 4.2.1 Fullintegrerte tenester I Helse Førde er psykisk helsevern og TSB fullintegrerte tenester. Vurderingseiningane er lagde til psykiatriske poliklinikkar. Døgnpostane i psykisk helsevern har tradisjon for å ta ansvar også for personar med rusproblem som hovuddiagnose. Denne løysinga har ført til at spesialiseringsgraden kanskje er noko mindre enn i reindyrka tenester. Etter arbeidsgruppa sitt syn er dette meir enn oppvega av samdriftsføremonene. Integrasjonen har fremja brei spesialistkompetanse der TSB og psykisk helsevern har blitt eit fellespensum for alle tilsette. Integrasjonen har også motverka samhandlingsproblem mellom psykisk helsevern og TSB - ettersom den same instansen uansett har ansvaret. Framtidas lokalsjukehus for personar med rusmiddelrelaterte problem lyt byggje på styrkane i den lokale tradisjonen og organiseringa, og vidareutvikle gunstige arbeids- og samarbeidsformer som er innarbeidde i psykisk helsevern i Nordfjord. Ved å sjå psykisk helsevern og TSB i samanhang, og satse på sterkare integrasjon mellom kommune- og spesialisthelsetenestene, kan ein få eit breiare tenestetilbod og meir robuste og ressurseffektive løysingar både for TSB og psykisk helsevern. 4.2.2 Konsultative tenester Ved Nordfjord psykiatrisenter er det tradisjon for utoverretta arbeid. Det er tre hovudmål med den konsultative aktiviteten: styrke kompetansen og det faglege fellesskapet auke sjansen til å gripe tidleg inn ved tilbakefall koordinere tenestene og gje betre langtidsoppfølging av dei mest sårbare pasientane. Alle kommunane i opptaksområdet har tilbod om konsultasjonsdag ved psykiater ein dag i månaden. Dei disponerer sjølve arbeidstida til psykiateren, og deler av tida går med til rusrelaterte oppgåver. Dei som er tilsette for å ivareta TSB har faste utekontordagar i kommunane, der dei samhandlar med NAV, fastlegar, psykisk helseteam og andre kommunale instansar. Dette arbeidet lyt halde fram og intensiverast. Kommunane vert innbydde til å sende deltakarar når senteret skipar til fagdagar eller undervisingsprogram. Dette gjeld TSB på line med psykisk helsevern. Ruseininga vil òg på spørsmål kunne undervise i den einskilde kommunen over dei tema kommunen ynskjer. Mandatet bed oss om å greie ut samarbeid med helsestasjon, skule og politi om førebyggjande rustiltak retta mot born og unge. Arbeidsgruppa meiner at dette er eit felt som kommunehelsetenesta må ha størst ansvar for. Spesialisthelsetenesta må likevel kunne vere til hjelp, gje råd og samarbeide om avvikling av førebyggjande tiltak til dømes slik ein i psykisk helsevern har gjort i VIP-undervisinga (Veiledning og Informasjon om Psykisk helse) i vidaregåande skular. Ruseininga må òg kunne samarbeide med kommunane og NAV om opne undervisingstilbod, publikumskveldar og andre opplysningstiltak. Mandatet ynskjer òg ei skildring av korleis ein kan drive oppsøkjande og førebyggjande 10

verksemd i samarbeid med kommunane, til dømes førebyggjande familieteam retta mot tidleg intervensjon og førebygging andsynes gravide eller foreldre med rus og/eller psykiske problem og borna deira. Eit slikt arbeid vil krevje tett samarbeid med barnevern, familiekontor, barnehage, skule og helsestasjon så vel som med Nordfjord barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikk. Dette tilseier at kommunen tek leiinga i slike saker. Oppgåvene føreset at arbeidet vert gjort i heimane eller andre stader i bustadkommunen. Tilsette i ruseininga bør delta i einskildsaker når det er føremålstenleg. Nordfjord psykiatrisenter er vertskap for eit nettverk mellom NAV, brukarrepresentantar, kommune- og spesialisthelsetenesta som har som føremål å fremje læring i lag og av kvarandre. Nettverksmøte vert kombinert med fagdagar og skal gje refleksjon over praksis og koordinert tenesteutvikling. Denne modellen skulle også eigne seg for rusfeltet. Vi ynskjer å utvide nettverket til å omfatte TSB og ruskonsulentar i kommunane/nav. 4.2.3 Personleg koordinator på tvers av tenestenivåa Pasientar og pårørande i TSB og psykisk helsevern klagar ofte over manglande samanhang og oversyn over tilbodet dei får. I statsbudsjettet for 2012 står det: Brukere opplever at de selv må styre samhandlingen mellom aktørene. Dette rammer særlig syke eldre, kronisk syke, barn og unge, psykisk syke, rusmiddelavhengige og mennesker som trenger rehabilitering. Framtidas lokalsjukehus for personar med rusmiddelrelaterte problem må råde bot på dette. All innsats må vere tilpassa den einskilde sin trong. Dette sikrar vi best ved at arbeidet vert forankra i ein individuell plan som tek utgangspunkt i kva pasienten sjølv ynskjer å oppnå. Retten til individuell plan skal verte innfridd for alle pasientane. Ein individuell plan vil sikre medverknad frå pasient, pårørande og samarbeidande instansar. Planen vil vere eit verkty for gode samarbeidsrelasjonar, rasjonell arbeidsdeling og klår fordeling av ansvar. Planen bør mellom anna ta stilling til bustad, økonomi, somatisk helse, psykisk helse, sosialt nettverk og arbeid eller utdanning. Mange pasientar som treng det, får ikkje i dag tilbod om individuell plan. I ruseininga vil ein individuell plan vere obligatorisk for alle som ikkje reserverer seg mot det. Kriseplan til bruk ved tilbakefall bør alltid vere ein del av den individuelle planen. Den pasientansvarlege har ansvaret for at arbeidet med planen vert starta opp. Planen skal lagast i lag med pasienten og involverte instansar, og pårørande vert tekne med når pasienten samtykker til det. Ordninga med pasientansvarleg lege skal erstattast med ei ordning der alle pasientar i spesialisthelsetenesta får oppnemnd ein koordinator som skal vere pasienten sitt faste kontaktpunkt. Spørsmålet er om det no er på tide å ta dette eit steg lenger ved å oppnemne ein koordinator som har ein myndigare funksjon, à la ein case manager, og som har ansvaret for heilskapen i pasienten sitt tilbod uavhengig av tenestenivå. Arbeidsgruppa meiner at dette bør prøvast ut. Nokre personar med rusmiddelrelaterte problem vil berre vere i kontakt med spesialisthelsetenesta i kort tid. I slike saker bør tilsette i kommunen/nav vere koordinator gjennom heile pasientløypa, også under innlegging i døgnposten. I andre saker vil ruseininga vere involvert over lang tid, og det vil vere naturleg at tilsette der har koordinatoransvaret. Brukaren si ansvarsgruppe bør peike ut den koordinatoren som er mest føremålstenleg, og pasienten sitt ynskje skal vege tungt. Vilkåra for ordninga må vere at: det vert sett av ressursar til føremålet ein unngår utskifting av koordinator tilsette i spesialisthelsetenesta venner seg til at kollegaer i kommunehelsetenesta får ei myndigare rolle også medan spesialisthelsetenesta har det kliniske ansvaret 11

koordinatoren får mynde til å søkje om spesialisthelsetenester utan å gå via mellomledd. 4.2.4 Pasientløyper Det er aukande interesse for å skildre vanlege pasientløyper. Føremonene er at ein får betre koordinering av tenestene og klårare ansvarsdeling. I Nordfjord har det aldri vore utarbeidd pasientløyper i TSB eller psykisk helsevern. Det har ikkje vore opplevd som noko sakn, mest sannsynleg av di dei små forholda med tett og personleg kontakt mellom tenesteytarar på ulikt forvaltningsnivå fremjar smidig og ubyråkratisk problemløysing. Arbeidsgruppa tilrår ei rad nye tenester. Gruppa går òg inn for ein del uortodokse løysingar, til dømes ein ny og meir sentral koordinatorfunksjon på tvers av forvaltningsnivåa. Dette tilseier at kommune- og spesialisthelsetenesta bør utarbeide pasientløyper som syner korleis partane forpliktar seg i fellesskap, avklarar samhandling og ansvarsdeling, mobiliserer ressursar og set fleksibilitet i system. I dette arbeidet vert det avgjerande å skildre korleis kontinuitet og tilgjenge skal sikrast for alle, også for pårørande. Når vurdering av ei tilvising konkluderer med at ein pasient får tilbod om helsetenester, bør ein samstundes skissere ei forventa individuell pasientløype. 4.2.5 Døgnpost I Sogn og Fjordane er det særs vanskeleg å skaffe eit akuttilbod for personar med rusmiddelrelaterte problem. Ventetidene for avrusings- og stabiliseringsopphald vert opplevde som urimeleg lange. Døgnposten skal bøte på dette ved å tilby kortvarige innleggingar for menneske med alle typar rusproblem. Målgruppa vil ofte ha blandingsmisbruk, misbruke illegale rusmiddel og ha samansette sosiale vanskar i tillegg til somatiske og psykiske helseproblem. Døgnposten har eigne avsnitt for kvinner og menn. Det er eigne opphaldsrom knytte til desse, slik at gruppene kan haldast skilde når det er ynskjeleg av faglege omsyn. Arbeidsgruppa rår til at døgnposten har seks plassar og at hovudoppgåva er å tilby kortvarige opphald ved kriser og for stabilisering og avrusing som ikkje treng medisinsk overvaking. Pasientane bør ha høve til å inngå friviljug avtale om tilbakehald etter 10.4 i helse- og omsorgstenestelova. I tillegg skal det vere ein plass for pasientar som har avtale om brukarstyrt plass. Skal ein så liten døgnpost bli driven med tradisjonell turnus med tre skift, vil det føre til svært mange små stillingsbrøkar for dei tilsette og lite kontinuitet for pasientane. Ein tilpassa medlevarturnus med vaken nattevakt er truleg eit betre alternativ. Ein avtale om brukarstyrt plass skal vere skriftleg, forankra i ein individuell plan og inneber at pasienten kan nytte seg av plassen når som helst i inntil fem døger om gongen. Det er pasienten sjølve som tek initiativ til innlegging, og ein treng ikkje tilvising frå helsepersonell. I psykisk helsevern har denne ordninga sikra lett tilgjenge til spesialisthelsetenester, styrka myndet til brukaren og redusert bruken av døgnopphald. Ordninga bør prøvast ut i rusfeltet. I Helse Førde skal indremedisinske avdelingar framleis ha ansvaret for medisinsk avrusing, som med fordel kan skje ved Nordfjord sjukehus. Døgnposten skal likevel ta i mot pasientar for kontrollert nedtrapping og avvenning frå rusmiddel. Oppfølging etter utskriving er avgjerande for at døgnopphald skal vere nyttige som anna enn avlasting og time-out. Tilsette i døgnposten kjem til å følgje opp pasientar der dette er naturleg og føremålstenleg, og ambulant team og poliklinikken blir trekte inn når det er gunstig. Målet er ei fleksibel teneste som sikrar kontinuitet og samordning. 12

4.2.6 Ambulante tenester som lågterskeltilbod Nordfjord psykiatrisenter har eit ambulant akutteam med opningstid for publikum 08.00 21.30 på kvardagar og 10.00 16.30 i helg og høgtid. Ein treng ikkje tilvising for å få kontakt med teamet, og dei fleste kontaktane vert tekne av pasienten sjølv eller dei pårørande. Teamet har medarbeidarar med kompetanse i TSB, og mange tek kontakt med teamet på grunn av rusmiddelrelaterte problem. Teamet skal gje eit lågterskeltilbod med minimal ventetid og utan byråkratiske prosedyrar for tilvising. Målet med tilbodet er å fange opp problem og kriser før dei vert for store eller kjem ut av kontroll gje eit alternativ til akuttinnlegging i døgnpost tilby behandling der pasienten ynskjer det, gjerne i heimen fremje utvikling av nye arbeidsformer med vekt på friviljuge løysingar, brukarmedverknad og samhandling med andre tenesteytarar. Røynslene med dette teamet er gode og dokumenterer nytten av å ha eit tilbod etter vanleg kontortid. Det ligg eit stort potensiale i samhandling mellom teamet og Nordfjord legevakt. Mange akuttsaker går framleis utanom akutteamet, truleg av di det er for lite kjend og innarbeidd i kommunehelsetenesta. Det er ein veikskap at teamet ikkje er døgnope. Framtidas lokalsjukehus for personar med rusproblem må tilby lett tilgjengelege ambulante tenester. Ei styrking av teamet vil til låg kostnad setje det i stand til å ta eit større ansvar for pasientar med rusproblem. Ikkje minst kan ei styrking opne for døgnopne tenester. Det er avgjerande at det ambulante teamet yter tenester som er tilpassa trongen til pasientane. Skal ein lukkast i å hindre fråfall frå behandling og sikre gode tilbod også til dei som har vanskar med å møte opp til avtalar, krev det fleksibilitet, kreativitet, vilje til å oppsøkje pasientar og pårørande på deira arena, og god samhandling med kommunen/nav. 4.2.7 Akuttfunksjonen Oppretting av Mottaks- og oppfølgingssenter (MO-senter) er mellom dei mest sentrale og kontroversielle - tilrådingane i Stoltenbergrapporten. Vi kjenner ikkje til at denne måten å organisere tilbodet på, er prøvd ut nokon stad. Ved å spele på dei ressursane kommunane og Nordfjord psykiatrisenter alt har, kan ein til låg kostnad etablere døgnopne tenester som langt på veg kan oppfylle føremålet med eit MO-senter. Det ambulante teamet ved Nordfjord psykiatrisenter er omtala ovanfor. Opningstida kan lett bli utvida til heile døgeret. Med heimevakt nattetid og forpliktande samarbeid med Nordfjord legevakt, som ligg på lokalsjukehuset, vil eit styrkt ambulant team i samarbeid med døgnposten kunne oppfylle dei fleste av Stoltenbergutvalet sine krav til eit MO-senter. Med fire nye stillingar vil det ambulante teamet kunne gje tenester døgnet rundt. Alle kan ta kontakt med ambulant team utan tilvising og få dei tenestene dei treng. Dei som treng døgnopphald, kan få det, og dei andre kan få hjelp til å etablere kontakt med tenester som kan følgje dei vidare. Teamet vil av tryggleiks- og kapasitetsomsyn ikkje kunne ambulere nattetid. Pasientane må då møte fram på Nordfjord psykiatrisenter. Nordfjord har sentralisert legevakt på Nordfjord sjukehus for kommunane Stryn, Hornindal, Eid, Vågsøy og Selje kvardagar kl. 22 08 og heile døgeret i helg og høgtid. Døgnopne ambulante tenester vil gje legevakta meir å spele på og kan vere til hjelp når rus eller psykiske lidingar er hovudproblemet til pasienten. Teamet må ha tilgjenge til medisinsk kompetanse. Vakthavande ved Nordfjord legevakt tek ansvar for somatisk vurdering og 13

behandling med lækjemiddel for pasientar som kjem til ambulant team via legevakta. I andre saker er det lege i beredskap ved Nordfjord psykiatrisenter som gjev medisinsk støtte. Døgnposten vil ha minimale ventetider og kan ta i mot pasientar på kort varsel. Her vil det også vere personell døgnet rundt som kan gje praktisk hjelp i kompliserte saker. Denne ordninga vil vere eit avgjerande steg framover for psykisk helsevern og TSB i Nordfjord. Pasientar, pårørande og samarbeidspartar vil kunne nytte det same telefonnummeret døgnet rundt og uavhengig om det gjeld rus eller psykisk helse. 4.2.8 Polikliniske tilbod Poliklinikken ved Nordfjord psykiatrisenter er vurderingseining for TSB og har to spesialkonsulentar som har behandling av rusmiddelrelaterte problem som arbeidsoppgåve. Arbeidsgruppa legg ikkje opp til vesentlege endringar i funksjon eller dimensjonering i fyrste omgang. Seinare ser gruppa ikkje bort frå at oppgåvene vil endre seg i retning av meir rettleiing og konsultativt arbeid etter kvart som kommunane/nav tek eit større ansvar for rusbehandlinga. Etablering av ruseininga vil redusere tida som går med til å skaffe institusjonsplassar for pasientar som treng døgnopphald. Poliklinikken har gjennomsnittleg ventetid på om lag 25 dagar for pasientar som har rett til prioritert helsehjelp. Arbeidet for å redusere ventetida vil verte intensivert i 2012. Dette vil kome personar med rusproblem til gode. Spesialkonsulentane arbeider mykje av tida ute i kommunane i lag med pasientar, pårørande og samarbeidspartar. Dei har utekontordagar i alle kommunane i opptaksområdet og tett kontakt med kommunen/nav. Dei fungerer som koordinatorar for individuell plan når det er føremålstenleg. Dei legg ned eit stort arbeid for å halde pasientane i behandling og følgjer aktivt opp dei som ikkje møter til avtalar. Dette må halde fram. Lækjemiddelassistert rehabilitering (LAR) vert i hovudsak starta opp i poliklinikken, der det er medarbeidarar med særleg kompetanse og ansvar for dette. 4.2.9 Dagtilbod Dagposten ved Nordfjord psykiatrisenter har røynsle med å behandle personar med rusmiddelrelaterte problem. Pasientane kan som oftast få tilbod same dag som dei vert tilvist. Dersom kapasiteten kan bli noko større, vil dagposten bli ein viktig del av det samla tilbodet for personar med rusmiddelrelaterte problem. Dagposten driv gruppebaserte aktivitets- og samtaletilbod. Den skil seg frå resten av senteret ved å ta utgangspunkt i ein salutogenetisk og recovery-orientert filosofi. Mindre vekt på symptom og diagnose og sterkare fokus på ressursar og individuelle betringsprosessar, gjer den til ei motvekt til dei tradisjonelle metodane i psykisk helsevern. Arbeidsgruppa meiner at slike tilnærmingar vil vere tenlege i behandling og rehabilitering av personar med rusmiddelrelaterte problem. Dagposten tilbyr ressursorientert musikkterapi individuelt og i gruppe. Også dette tilbodet vert vurdert som eigna for målgruppa vår. Dagposten har satsa målretta på fysisk aktivitet dei seinare åra. Slagkrafta i tilbodet har blitt redusert av at senteret ikkje har hatt råd til å tilsetje medarbeidarar med særleg ansvar og kompetanse på dette feltet. Oppretting av ei stilling som helsesportspedagog vil vere eit stort steg framover og sikre at fysisk trening får den plassen i det samla tilbodet som røynslene frå andre delar av fylket vårt tilseier. 14

4.3 Fagleg innhald Meistring av rusmiddelproblemet er eit overordna mål, men for mange vil ikkje totalavhald vere oppnåeleg. Realistiske mål kan då vere å avgrense skadeverknadene av rusmiddelbruk og sikre eit verdig liv trass framhald av rusproblemet. Ruseininga på Nordfjord psykiatrisenter må ha ei pragmatisk instilling og tilpasse seg pasientane sine eigne mål. Ruseininga må forplikte seg på pragmatisk og kunnskapsbasert praksis. Eininga skal nytte seg av metodar som har solid empirisk dokumentasjon for effekt. Der slik dokumentasjon ikkje finst, vil ein stå fritt til å leggje handsaminga opp etter klinisk røynsle, lokale føresetnader og beste faglege skjønn. Det er empirisk grunnlag for å hevde at det viktigaste er korleis ein organiserer tenestene, ikkje det spesifikke innhaldet i dei. Arbeidsgruppa ynskjer difor at ruseininga skal byggje vidare på dei positive røynslene frå DPS-utbygginga i Sogn og Fjordane. Desse røynslene tilseier at ein kjem lengst ved heilskapeleg, tverrfagleg og langvarig innsats i eit nært og forpliktande samarbeid med andre tenesteytarar. Sjølvhjelpsgrupper kan vere ei god støtte for personar med rusmiddelrelaterte problem. I Sogn og Fjordane har Rusettervernet fleire slike grupper, som det vil vere naturleg å samarbeide med. 4.3.1 Utgreiing Utgreiing av pasienten sine vanskar og ressursar er føresetnaden for ei heilskapleg tilnærming. Det er difor avgjerande at alle pasientar vert grundig vurderte, både sosial- og rusfagleg, somatisk og psykiatrisk. Grundig kartlegging av tilstanden er det sjølvsagte utgangspunktet for vidare innsats, og dette skal bli gjort vesentleg meir systematisk enn det som er vanleg i rusinstitusjonar. Ruseininga må ha høg diagnostisk kompetanse. Det vert difor tilrådd at det er sosionom, psykolog og lege knytte til døgnposten. Det vert utarbeidd skriftlege standardar for journalopptak, supplerande granskingar og diagnostikk. Det skal også liggje føre prosedyrar for korleis ein tek vare på pårørande, og særskilt mindreårige born som er pårørande. 4.3.2 Behandling Mange pasientar vil ha samansette vanskar med både rusmiddelrelaterte problem, psykiske lidingar og sosiale vanskar. Det er godt dokumentert at pasientar med både psykiske lidingar og rusmiddelrelaterte problem har best effekt av handsaminga når både rus og psykisk helse vert handtert på same tid, gjerne av same terapeut. Vi legg difor til rette for at ruseininga kan yte integrert handsaming på kvalifisert spesialistnivå for dei som har samansette vanskar. Miljøterapi Ved rusmiddelrelaterte problem utgjer rusmidla oftast berre ein del av eit problemkompleks. I tillegg til andre helseplager vil dei gjerne ha sosiale vanskar og låg sjølvkjensle etter å ha lidd mange nederlag. Dei har ofte skipla døgnrytme og manglande struktur i kvardagen. Miljøterapien bør sikte mot struktur og orden og gjere pasienten meir medviten om grenser for eiga åtferd og andre sin påverknad. Fokus på endring av haldningar til ein sjølv og omgjevnadene kan føre til betre sosial dugleik og styrkt sjølvtillit. Pasientane vil truleg ha lett for å kjede seg og vil ha låg toleranse for lediggang. Miljøterapien bør difor sikte mot aktivisering som inneber meistring og utvikling for den einskilde. Målet må vere å setje pasienten i stand til å meistre kvardagen meir konstruktivt enn før. 15

Fysisk aktivitet Det er forska mykje på helsevinstane av ein aktiv livsstil. Kunnskapen som ligg føre tilseier at fysisk trening er eit viktig tilbod i rusbehandlinga. Det er semje om at fysisk aktivitet har effekt både i abstinensfasen og seinare. Organisert fysisk aktivitet og trening kan dempe somatiske symptom og subjektive plager i abstinensfasen. Det kan også redusere faren for tilbakefall ved å redusere trongen til å ta rusmiddel og ved å lindre samtidig angst og depresjon. I tillegg kan fysisk aktivitet styrke sjølvkjensla og fylle litt av tomrommet etter misbruket. Psykiatrisk klinikk i Helse Førde har mange års røynsle med metoden. Helse Førde står bak det landsomfattande treningskontaktkonseptet, som inneber at pasientar får treningsoppfølging i kommunehelsetenesta etter utskriving. Under abstinensfasen byrjar pasientane med lett fysisk aktivitet, der målet er å dempe abstinensplager og gje betre søvn. Dette skjer med lågintensiv kondisjonstrening og avspenningsteknikkar som etter eit par dagar blir kombinert med styrketrening. Vidare trening tek utgangspunkt i funksjonstesting og strekk seg gjerne over månader og år. Målet er at permanent endring av levevanar gjennom individuelt tilpassa fysisk aktivitet, skal førebyggje tilbakefall til rusmiddelrelaterte problem. Dette bør ein leggje til rette for medan pasienten er under aktiv behandling, slik at det vert ein naturleg del av oppfølginga etterpå. Fysisk aktivitet må vere regelbunden dersom den skal vere nyttig på lang sikt. Helsesportspedagog eller personell med tilsvarande kvalifikasjonar bør leie arbeidet med fysisk aktivitet. Tilbodet bør bli organisatorisk plassert i dagposten. Tilbodet må bli utforma med tanke på at det skal verte ført vidare etter utskrivinga, gjerne i samarbeid mellom pasienten, kommunale instansar og friviljuge lag og foreiningar. Kommunane i Nordfjord rår over ulike tilbod i så måte, mellom anna treningskontaktar, frisklivsentralar og programmet Aktiv på dagtid. Treningskontakt er ein støtteperson i kommunen som har idrettsleg røynsle og kan hjelpe pasienten med å drive fysisk aktivitet både under og etter behandling. Arbeidsgruppa meiner at målet må vere at personar med rusproblem skal delta i vanlege idretts- og kulturaktivitetar, og at ein bør unngå å opprette særtenester. Tilsette i ruseininga må vere ansvarlege for å ta brukarane med seg på ordinære arenaer for fysisk aktivitet. Arbeidsgruppa vil likevel peike på at nokre personar med rusproblem kan ha vanskar med å nytte seg av offentleg tilgjengelege treningsstudio. Røynslene frå psykisk helsevern tyder på at ein for desse bør ha eit treningstilbod i spesialisthelsetenesta sin regi. I så måte kan ein sjå føre seg eit samarbeid med fysioterapiavdelinga ved Nordfjord sjukehus, som har kompetanse, utstyr og lokale som kan vere eit godt utgangspunkt for å utvikle ein treningsklinikk à la Pusterommet ved Haukeland universitetssjukehus. Ein treningsklinikk kan gje kurative og førebyggjande tilbod til alle pasientgrupper. Samtaleterapi Alle pasientane skal ha tilbod om regelbundne samtalar med den pasientansvarlege, men dette treng ikkje ta form av systematisk psykoterapi. Det vil bli etablert ulike gruppetilbod, men desse vil ikkje ta form av formell gruppepsykoterapi. Ruseininga vil ha kompetanse i intervensjonar som motiverande intervjuteknikk, løysings- og meistringsorienterte metodar, interpersonleg psykoterapi og kognitiv åtferdsterapi. Senteret har elles kompetanse i metakognitiv terapi og dialektisk åtferdsterapi. Pasientane i ruseininga vil få tilgjenge til slike behandlingsformer når det er indikasjon for det. Medikament Lækjemiddel er nyttige i handsaminga av akutte intoksikasjonar, ved abstinens og delir. Dei kan ha ei rolle i handsaminga av rusmiddelavhengnad og ved samtidige psykiske lidingar. Ruseininga må ha kompetanse til å handtere lettare abstinensreaksjonar under nedtrapping 16

av stoff og alkohol. Alvorlege abstinensreaksjonar og delir må framleis handsamast i medisinsk avdeling, men ruseininga må kunne gje råd om farmakoterapi og ha retningsliner for brå seponering av ulike rusmiddel. Ved rusmiddelavhengnad er fleire medikament undersøkte i vitskaplege forsøk. Ved avhengnad av cannabis, kokain og amfetamin har ingen lækjemiddel dokumentert effekt. Fleire middel har synt effekt mot alkoholavhengnad når dei vert kombinerte med psykososiale tiltak. LAR er integrert i TSB i Helse Førde. Ruseininga skal hjelpe til med oppstart og gjennomføring av LAR. Fleirtalet av pasientane vil ha ei eller fleire psykiske lidingar. Dersom det er indikasjon for lækjemiddel, skal dei få tilbod om det på line med pasientar utan rusmiddelproblem. 4.3.3 Arbeid og helse Arbeid eller anna meiningsfull sysselsetjing er svært viktig for alle. Arbeid styrkar økonomien, gjev fellesskap og tilhøyr, struktur på dagen og ein rusfri arena. Alt dette er forbunde med betre helse og større sjanse for å halde seg rusfri og auke innpass i det ordinære arbeidslivet på sikt. Det følgjer av dette at ein lyt leggje særskilt vekt på samanhangen mellom arbeid og helse i ruseininga. Arbeid er ikkje eit mål for behandlinga, men ein del av behandlinga og ein måte å kome seg på. Ein lyt difor tenkje på arbeid frå fyrste stund. Individual placement and support har best vitskapleg støtte. Tiltaket liknar mykje på arbeid med bistand. Det viktigaste for rusbehandlinga er eit langt skarpare fokus på arbeid gjennom heile behandlings- og rehabiliteringsløypa. NAV rår over eit mangfald av verkemiddel som kan vere til nytte i alle fasar av behandlingsløypa, og det er viktig at ein etablerer eit samarbeid med det lokale NAV-kontoret så tidleg som råd. For dei som er under utdanning, vil samarbeid med skule eller studiestad vere viktig for å personen attende i vanleg gjenge snøggast råd. Også i desse tilfella kan det lokale NAVkontoret hjelpe med informasjon, verkemiddel og bistand. 4.3.4 Brukarmedverknad Det er trong for ytterlegare styrking av brukarmedverknaden i det psykiske helsevernet og rusfeltet. Nordfjord psykiatrisenter har faste samarbeidsmøte med brukarorganisasjonane og vil vidareføre desse. Vi peiker likevel på at målgruppa for ruseininga er svakt organisert og at det til dømes ikkje finst ei lokalavdeling av Rusmisbrukernes interesseorganisasjon (RIO) eller andre organisasjonar spesielt for personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande. Ein bør arbeide for å opprette slike lokale organisasjonar. Brukarorganisasjonane bør får disponere eit kontor i nybygget, slik dei har gode røynsler med ved Indre Sogn psykiatrisenter. Brukarperspektivet skal liggje til grunn for utvikling av tenestene. Brukarane er representerte på alle nivå i lokalsjukehusprosjektet og arbeidsgruppene som arbeider med ruseininga. Den systematiske brukarmedverknaden på systemnivå må halde fram når ruseininga kjem i drift. Endå viktigare er brukarmedverknad på individnivå. Brukarane skal medverke i eiga behandling, og dei skal ikkje oppleve at nokon treff avgjersler over hovudet på dei. Dei har rett til informasjon og opplæring, til sjølve å formulere måla for si eiga betring og til å medverke på alle steg i behandlinga. Ruseininga skal byggje opp under pasienten sine ressursar, fremje meistring og evna til å leve eit sjølvstendig og meiningsfullt liv. Behandlinga skal skje på pasienten sine premiss og vere friviljug om ikkje andre løysingar tvingar seg fram av omsyn til tredjeperson eller alvorleg helseskade. 17

4.3.5 Pårørande Rusproblem får ofte store konsekvensar også for dei pårørande. Helsetenesta har ikkje alltid teke dette inn over seg i sitt møte med pasienten. Røynslene våre tilseier at pårørande kan ha stor trong for å ytre seg og kan trenge tenester for sin eigen del. Dei vil oftast vere ein viktig ressurs å spele på både for personen med rusmiddelrelaterte problem og helsetenesta. Ruseininga må legge til rette for eit godt samspel med dei pårørande og ta omsyn til deira livssituasjon. Under føresetnad av at pasienten samtykker til det, lyt ein ta dei med når planlegging av tiltak får konsekvensar for fleire enn pasienten. Ruseininga skal tilby par- og familiebehandling og skal ha prosedyrar for å ivareta mindreårige born som er pårørande. 4.4 Samhandling med andre avdelingar i Helse Førde Kliniske einingar ved Nordfjord sjukehus vil i liten grad vil verte påverka av at ruseininga vert etablert. Personar med rusmiddelrelaterte problem har ofte somatiske helseplager. Dei treng lett tilgjenge til sjukehuset sine tenester. Vi vil ta blod- og urinprøver av pasientane, og for nokre vil undersøking med røntgen, CT, MR eller ultralyd vere naturleg. Dette vil ikkje utgjere eit stort pasientvolum, men smidig samhandling er naudsynt for eit godt resultat. Nokre pasientar vil trenge polikliniske tenester, framfor alt ved medisinsk poliklinikk. I slike tilfelle er det viktig med snarleg avklaring av tilstanden. Vi gjer framlegg om at medisinsk avdeling yter ei teneste som svarer til våre psykiatriske tilsyn i medisinsk avdeling, der me freistar å gje eit tilbod så snøgt det er praktisk mogleg. Det vil neppe gjelde mange pasientar. Oppretting av ruseininga kan føre til at fleire pasientar med rusmiddelproblem vert innlagde i medisinsk avdeling med akutte intoksikasjonar. Etter vårt syn utgjer ikkje dette noka stor gruppe. Ruseininga må hjelpe sjukehuset med rådgjeving, til dømes ved akutt avrusing ved operasjon etter ulukker, eller handtering av alvorleg abstinens og delir. Samarbeid med sjukehuset om oppretting av ein treningsklinikk er omtalt i avsnitt 4.3.2. Nordfjord psykiatrisenter sine eksisterande einingar vil vidareføre sitt arbeid også med pasientar med rusmiddelrelaterte problem. Pasientar med samtidig alvorleg psykisk liding og rusmiddelrelatert problem blir i utgangspunktet handsama i døgnposten som er i drift i dag. Tenleg lokalisering nær den andre døgnposten har redusert arealtrongen i nybygget og lagt til rette for sambruk og samdrift. Modellen vår vil auke trongen for kontor, særleg dersom talet tilsette i ambulant team skal aukast for å gje døgnopne tenester. Denne utfordringa er førebels ikkje løyst, men vil finne si løysing med god vilje og fleksibilitet. Ekspedisjonen i hovudbygget til vere ekspedisjon også for den nye døgnposten. Pasientane vil få tilgjenge til dagposten, storstova, musikkterapi og treningsrom på line med andre pasientar. Den nye posten vil trenge tenester frå Divisjon for intern service i form av kjøkentenester, reinhald og teknisk service. Det må tilsetjast reinhaldar i 75% stilling. Meir skrivearbeid vil føre til auka trong for ressursar frå servicesenteret tilsvarande ½ stilling. Dei administrative ressursane på Nordfjord psykiatrisenter vil greie å handtere den nye døgnposten utan ekstra ressursar. Ruseininga må også samarbeide med andre avdelingar i Psykisk helsevern. Akuttposten er einaste posten i Psykisk helsevern som har ansvar for å yte snøgghjelp. Mange personar med rusmiddelrelaterte problem kan trenge denne posten i kortare periodar, og dei bør oppleve at tilnærminga til vanskane er den same. Ruseininga må leggje til rette for snøgg overføring av pasientar som ikkje lenger treng opphald i lukka post. Ruseininga må samarbeide med den Post 6 på Tronvik, som driv rusbehandling. Dei viktigaste måla for samarbeidet er god kapasitetsutnytting og utveksling av røynsler. Godt samarbeid gjer at ein kan hjelpe kvarandre i akutte tilfelle, avlaste kvarande og samordne pasientløyper slik at pasienten opplever at tenestene heng saman og er koordinerte. 18

Einingane bør lære i lag og av kvarandre ved felles kompetansebygging gjennom fagdagar, utdanningstilbod og hospitering. 4.5 Forsking Forsking er ei av hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta. Oppretting av eit heilt nytt tilbod bør føre til systematisk innhenting av data som kan nyttast i forsking og kvalitetskontroll og - utvikling. Det er etablert eit prosjekt for følgjeforsking som del av lokalsjukehusprosjektet, som det er naturleg å knyte seg til. I regi av det regionale kompetansesenteret KoRFor prøver tilsette ved Nordfjord psykiatrisenter ut eit kvalitetsregister for TSB, der eit av måla er utvikling av kunnskapsbaserte pasientløyper. Prosjektet må halde fram. Tilsette med forskarkompetanse må bli stimulerte til å nytte denne kompetansen lokalt. Ikkje minst har vi kvalifiserte medforskarar med brukarbakgrunn, som bør bli involverte i forskinga. 4.6 Oppsummering av Nordfjordmodellen Når alt kjem til alt, dreier modellen seg om: å ta konsekvent utgangspunkt i kva pasienten og dei pårørande treng forpliktande brukarmedverknad på individ- og systemnivå døgnopne og tilgjengeleg tenester låg terskel for kontakt utan byråkratiske hinder godt koordinerte og heilskapelege tenester samhandling med kommunehelsetenesta der det er resultatet av den samla innsatsen som tel, ikkje kva dei ulike instansane får til kvar for seg TSB som er fullintegrert i psykisk helsevern kommune- og spesialisthelsetenester som løyser problema med sine samla ressursar gode haldningar med vekt på omsorg, respekt, medverknad og likeverd pragmatisk og kunnskapsbasert praksis. Figuren på neste side er eit forsøk på grafisk framstilling av modellen. Den vertikale aksen går nedanfrå og opp frå psykisk helsevern til TSB. Dess høgare opp, til sterkare er fokuset på rusbehandling, noko som er illustrert med mørkare nyansar i dei farga felta. Den horisontale aksen går frå origo og ut til begge sider frå generell til spesialisert kompetanse. Den raude halvsirkelen illustrerer ressursane til kommunen/nav, den grøne tenestene ved Nordfjord psykiatrisenter. Halvsirklane er ikkje inndelte i sektorar (slik dei er organiserte i røynda) ettersom modellen siktar mot at korkje pasient eller pårørande skal oppleve dei som separate tenester, men som delar av ein heilskap retta inn mot å stette trongen til brukaren. Tenestene er i røynda ofte skilde både fysisk og organisatorisk. I modellen kommuniserer dei med kvarande og gjennom koordinatoren, som er sjiktet mellom pasienten og dei mange tenestene. Utan dette koordinerande og myndige mellomleddet vil pasienten lett oppleve tilbodet som kaotisk. Både kommunane/nav og Nordfjord psykiatrisenter har sentralsjukehusfunksjonar i ryggen. For målgruppa vår er dette særleg akuttposten og rusposten på Tronvik. Treningsklinikk ved lokalsjukehuset er ikkje med i figuren. Det er heller ikkje frivillige ressursar i lokalmiljøet, som sjølvhjelpsgrupper, lag og foreiningar. 19

Nordfjordmodellen TSB ruspost, Tronvik ruskonsulent ruspost NAV koordinator ambulant team legevakt heimetenester pasient pårørande dagpost poliklinikk psykisk helsearbeid post for pas. m/ dobbeldiagnose akuttpost, Førde psykisk helse somatiske spesialisthelsetenester kommunehelseteneste lokalsjukehus sentralsjukehus 20