VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL UTVAL: Formannskapet Møtestad: Ordførarens kontor - Rådhuset, Fiskå Dato: 04.12.2018 Møtet tok til 09:00 Møtet slutta 14:00. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 29.11.2018 Ordførar Lena Landsverk Sande leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Lena Landsverk Sande Ordførar V Bjarne Sætrenes Varaordførar FRP Ingebrigt Berget Medlem SP Idar Brekke Medlem H Øystein Blom Medlem KRF Lena Nordal Vedeld Medlem H Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ottar Jan Løvoll Medlem AP Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Lilli Ann Bakkebø Ottar Jan Løvoll AP 7 av 7 medlemar møtte.
Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Andreas Chr. Nørve Rådmann Terje Kolstad Kommunalsjef teknisk sektor Kåre Kvangarsnes Møtesekretær Kommunalsjef Terje Kolstad møtte ikkje i sakene 178/2018 184/2018 og B-saker under «Eventuelt.» Ordførar Lena Landsverk Sande gjekk frå som ugild i sak 178/2018 og sak 179/2018 styremedlem i SSIKT. Varaordførar Bjarne Sætrenes leia møtet i desse to sakene. Mellom kl. 12.05 og 13.15: Orientering om nasjonal jordvernstrategi, v/fylkesland-bruksdirektør Frank Madsøy og Kari Bjørnøy, seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Formannskapsmøtet heldt deretter fram med sak 185/2018. Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. Sakstittel Arkivkode Kl. 12.00: Orientering v/landbruksdirektøren i Møre og Romsdal PS 172/2018 Godkjenning av innkalling PS 173/2018 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte PS 174/2018 Skriv og meldingar PS 175/2018 Klimaplan 2018-2030 - Eigengodkjenning 147 PS 176/2018 Plan for demokrati - høyring av utkast til ny plan 041 PS 177/2018 Tilskot til utvikling i bygdene - havbruksfondet V12 PS 178/2018 Endring av vedtektene for Søre Sunnmøre IKT-samarbeid 026 (SSIKT) - låneopptak PS 179/2018 Låneopptak i 2018 for SSIKT 026 PS 180/2018 Tildelingsbrev for budsjettåret 2019 - Vanylven Verdi KF 610 PS 181/2018 Interkommunalt samarbeid om barnevern med Herøy 026 kommune PS 182/2018 Voldatunnelen på E39, finansiering, uttale frå Vanylven kommune PS 183/2018 Debatthefte 2019 - strategidokument frå KS 515 PS 184/2018 Søknader om tilskot til lag og organisasjonar m.m. 2018-233 Formannskapsposten PS 185/2018 Formannskapet -møteplan 2019 ut valperioden 033 Eventuelt
PS 172/2018 Godkjenning av innkalling Innkallinga vart godkjend. PS 173/2018 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 174/2018 Skriv og meldingar Orientering frå ordføraren; m.a. følgjande: Møte med pensjonistlaget der ho m.a. oppmoda pensjonistlaget om stille repr. til eldrerådet i neste valperiode, Nav-møte i Herøy, eldrerådsmøte, møte i Kystvegen, beredskapssamling, jubileumsgåve frå Sparebanken Møre stolar til Fiskå kino, møte i kyrkjeleg fellesråd kristne flyktningar frå Afghanistan får ikkje opphaldsløyve, Arena Sunnmøre, vigsel, møte i Sande fastlandssamband, ordførarsamling, representantskapsmøte i Sunnmøre regionråd, informasjonsmøte på vidareskule i Syvde, der næringslivet var invitert: Korleis få elevane til å bli i Vanylven? Orientering frå rådmannen; m.a. følgjande: Konferanse i Rauma kommune om forebyggande arbeid. Møte i Kommunal- og moderniseringsdepartementet medlem i gruppe som ser nærare på samfunnsutviklinga mot 2040. Nye møte i januar og februar neste år. Dette arbeidet vil danne grunnlag for ei stortingsmelding i 2020. Orienteringane vart tekne til vitande. PS 175/2018 Klimaplan 2018-2030 - Eigengodkjenning Tilråding: Vanylven kommune eigengodkjenner i medhald av plan- og bygningslova 11-15 kommunedelplan Klimaplan 2018-2030. Kommunalsjef teknisk sektor orienterte og svarde på spørsmål. Framlegg frå Ingebrigt Berget: Moment eg tykkjer må inn i klimaplanen: Kor mykje biomasse (skogen) i Vanylven bind opp av CO2, samt kor mykje skogsvolumet og CO2 bindinga aukar i Vanylven. Kva kan jordbruket i Vanylven bidra med i redusert klimagassutslepp ved å nytte annan metode for bruk spreiing av husdyrgjødsel? Der ein injiserer husdyrgjødsla direkte ned i torva/molda,
såkalla DGI. Samrøystes som tilrådinga pluss framlegget frå Ingebrigt Berget. Det var semje om at handsaminga i kommunestyret vert utsett til vinteren 2019. Vanylven kommune eigengodkjenner i medhald av plan- og bygningslova 11-15 kommunedelplan Klimaplan 2018-2030 med slikt tillegg: Kor mykje biomasse (skogen) i Vanylven bind opp av CO2, samt kor mykje skogsvolumet og CO2 bindinga aukar i Vanylven Kva kan jordbruket i Vanylven bidra med i redusert klimagassutslepp ved å nytte annan metode for bruk spreiing av husdyrgjødsel? Der ein injiserer husdyrgjødsla direkte ned i torva/molda, såkalla DGI. PS 176/2018 Plan for demokrati - høyring av utkast til ny plan Øystein Blom viste til saksutgreiinga og gjorde merksam på at han i K-sak 100/2017 fekk innvilga fritak frå arbeidsgruppe nærdemokrati og borgarinvolvering, og at Joar Lillerovde vart vald som ny medlem i arbeidsgruppa. Samrøystes vedtak som framlegget I samsvar med pbl. 11-14 vert 1. utkast til plan for demokrati lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. PS 177/2018 Tilskot til utvikling i bygdene - havbruksfondet Tilråding: Kr 2.500.000 vert løyvd frå havbruksfondet, til finansiering av tilskotsordning for utvikling i bygdene. Retningslinjene for tilskot vert vedteke som framlagt. Samrøystes tilråding som framlegget med slikt tillegg: Det vert utarbeidd prosjektrapport som dannar grunnlag for evaluering av ordninga våren 2020.
Kr 2.500.000 vert løyvd frå havbruksfondet, til finansiering av tilskotsordning for utvikling i bygdene. Retningslinjene for tilskot vert vedteke som framlagt. Det vert utarbeidd prosjektrapport som dannar grunnlag for evaluering av ordninga våren 2020. PS 178/2018 Endring av vedtektene for Søre Sunnmøre IKT-samarbeid (SSIKT) - låneopptak Ordføraren tok opp spørsmål om gildskap styremedlem i SSIKT. Ho vart kjend ugild og gjekk frå under handsaming av saka. Varaordførar Bjarne Sætrenes tok over leiinga av møtet. Samrøystes tilråding som framlegget. Søre Sunnmøre IKT-samarbeid (SSIKT) sine vedtekter 13 får punkt 3 og skal lyde (endringa er understreka): «3. Selskapet kan ta opp lån for å finansiere investeringar knytt til drifta av selskapet. Låneopptak skal basere seg på vedteke budsjett i styret. Maksimalt låneopptak i selskapet er kr 60.000.000. Låneopptaket skal godkjennast i kommunestyret til alle deltakarkommunane..» PS 179/2018 Låneopptak i 2018 for SSIKT Ordføraren gjekk frå som ugild styremedlem i SSIKT. Varaordførar Bjarne Sætrenes leia møtet. Samrøystes tilråding som framlegget. Søre Sunnmøre IKT (SSIKT) tek opp lån i 2018 for å finansiere nyinvesteringar dette året, samt kjøpe ut dei investeringane frå SSIKT som er aktivert i kommunane i perioden 2012-2017. Samla låneopptak i 2018 er maksimalt kr. 28.000.000.
PS 180/2018 Tildelingsbrev for budsjettåret 2019 - Vanylven Verdi KF Ordføraren tok opp spørsmål om gildskap. Formannskapsmedlemane er styremedlemar i Vanylven Verdi KF. Rådmannen opplyste at styremedlemar i kommunalt foretak (KF) ikkje er ugilde. Formannskapsmedlemane vart samrøystes kjende gilde. Samrøystes tilråding som framlegget. Tildelingsbrev til Vanylven Verdi KF blir vedteke med følgjande forventningar for planarbeid, rapportering, samhandling og informasjon: - Rapportering på handlingsplanen for 2018 blir levert innan 28. februar 2019 Vanylven Verdi KF rapporterer på måloppnåing for handlingsplanen - Handlingsplan for 2019 blir levert til politisk handsaming innan 30. april 2019 Vanylven Verdi KF legg fram forslag til ny handlingplan for 2019 - Skriftleg tertialvis rapportering på oppgåvene Utarbeide ein tertialrapport som seier noko om aktivitet og resultat for næringsarbeidet denne blir vedlegg til kommunen sin tertialrapport. - Orientering i formannskapet/kommunestyret i april, november, juni og september Informasjon/presentasjon om aktiviteten på fokusområda - Informasjon Vanylven Verdi KF utarbeider informasjonsskriv minimum 3 gongar i året. PS 181/2018 Interkommunalt samarbeid om barnevern med Herøy kommune Samrøystes tilråding som framlegget. Revidert avtale vert godkjent slik den ligg føre.
PS 182/2018 Voldatunnelen på E39, finansiering, uttale frå Vanylven kommune Tilråding: 1. Vanylven kommune støttar gjennomføring av Voldatunnelen på E39 for å avlaste trafikken gjennom Volda sentrum med ei effektiv og trafikktrygg tunnelløysing. 2. Det må arbeidast for ei større statleg finansiering enn dei 600 mill. kr som er tilrådd i gjeldande NTP 2018 2029. 3. Vanylven kommune har ikkje merknader til plassering av bomstasjon på strekninga Furene mot Volda og Furene mot ny tunnel. 4. Vanylven kommune går imot at det vert kravd bompengar på strekninga frå Furene mot Ørsta både fordi det vil ha negativ verknad for bruken av Ørsta/Volda lufthamn Hovden, og fordi det vil kunne ha negativ verknad for pendling mellom Ulstein og Ørsta noko som vil svekke den felles bu- og arbeidsmarknaden. 5. Vanylven kommune meiner at finansiering og gjennomføring av E39 Voldatunnelen må vere skilt ifrå ein felles «samferdslepakke» for Volda og Ørsta. Etter framlegg frå Øystein Blom vart det gjort slik samrøystes Vanylven formannskap meiner at E39 Voldatunnelen må prioriterast som neste store utbyggingsprosjekt på E39 i vårt fylke, og det må prioriterast innsats for eit større statleg bidrag til E39 Voldatunnelen enn dei 600 mill. som er tilrådd i gjeldande NTP 2018-2029. Vanylven formannskap vil oppmode kommunane Volda og Ørsta til å skilje ut finansiering og gjennomføring av E39 Voldatunnelen frå ein felles samferdselspakke for Volda Ørsta. PS 183/2018 Debatthefte 2019 - strategidokument frå KS Det vart gjort slik samrøystes Vanylven kommune har følgjande innspel til debatthefte 2019 frå KS: Digitalisering: Innovasjon lokalt, men utvikling i klyngesamarbeid. Utdanning: KS må legge til rette for desentralisert vidare- og etterutdanning i kommunane. Lønsoppgjer: Meir sentral fordeling av lønsoppgjeret.
PS 184/2018 Søknader om tilskot til lag og organisasjonar m.m. 2018 - Formannskapsposten Etter framlegg frå Øystein Blom vart det gjort slik samrøystes Saka vert utsett inntil rekneskapet for folkevalde ligg føre. PS 185/2018 Formannskapet -møteplan 2019 ut valperioden Tilråding: Formannskapet har møte desse dagane i 2019: 15. januar, 29. januar, 19. februar, 12. mars, 26. mars, 9. april, 30. april, 21. mai, 4. juni, 25. juni, 13. august, 27. august. Møta skal normalt starte kl. 09.00. Framlegget vart samrøystes vedteke med slik endring: 9. april og 30. april går ut. Ny dato 23. april. Formannskapet har møte desse dagane i 2019: 15. januar, 29. januar, 19. februar, 12. mars, 26. mars, 23. april, 21. mai, 4. juni, 25. juni, 13. august, 27. august. Møta skal normalt starte kl. 09.00. Eventuelt: Varaordførar Bjarne Sætrenes tok opp spørsmål og problemstillingar vedk. tilbakeføring av kommunale vegar til private når det ikkje lenger bur folk langs vegane. Kommunalsjef teknisk sektor orienterte og viste til vedtak om omklassifisering.
Idar Brekke tok opp spørsmål om varmestyring på Fiskå skule framdrift. Vidare tok han opp ynskje om varmegjenvinning på Myklebust skule i tilknyting til symjebassenget. Rådmannen opplyste at ein har fått i stand varmestyringa på Fiskå skule, og at ein har innhenta prisanslag på varmegjenvinning Myklebust skule. Det vert lagt fram sak om dette. Ingebrigt Berget tok opp sak der han bad om at saka skulle drøftast for lukka dører. Debatten om lukking av møtet vart halden for lukka dører. Dørene vart så opna og formannskapet røysta over forslaget om lukking. Med heimel i kommunelova 31 nr. 4 vedtok formannskapet å drøfte saka for lukka dører. Grunngjevinga er at saka gjeld personlege/sensitive tilhøve til einskildperson. Ordførar Lena Landsverk Sande tok opp sak der han bad om at saka skulle drøftast for lukka dører. Debatten om lukking av møtet vart halden for lukka dører. Dørene vart så opna og formannskapet røysta over forslaget om lukking. Med heimel i kommunelova 31 nr. 3 vedtok formannskapet å drøfte saka for lukka dører. Grunngjevinga er at saka gjeld tenestemessige tilhøve til einskildperson. Rett utskrift 05.12.2018 Kåre Kvangarsnes