VERDIDOKUMENT MAURTUÅ BARNEHAGE. «Saman set me spor» Fleksibilitet Respekt Omsorg Glede

Like dokumenter
VERDIDOKUMENT FOR ERVIK BARNEHAGE

VERDIDOKUMENT FOR ERVIK BARNEHAGE

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

HANDBOK GRUPPELEIING

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Skjema for eigenvurdering

Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune

Månadsbrev for Rosa september 2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Du må tru det for å sjå det

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Sandeid skule SFO Årsplan

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Informasjon til foreldre

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

2. Vi prøver å få oversikt over kven som er involverte i konflikta.

Trivsel og vekstvilkår

Elevundersøkinga 2016

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

VERDIGRUNNLAG OG PEDAGOGISK PLATTFORM FOR SYKEHUSBARNEHAGEN.

SOSIAL KOMPETANSEPLAN SAGENE SKOLE TRINN

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Vi har samla fokusområde 1-10, med både standera og våre «beste praksis» Snøkrystallen småbarnehage

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Maurtuå Barnehage. SAMAN SET ME SPOR

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Saman om Ørstabarnehagen

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Vågar du å vere vaksen?

SIKRINGSINSTRUKS FOR FURULY BARNEHAGE

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Bjørnehiet SFO - informasjon

AVDELINGSPLAN

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

6-åringar på skuleveg

PLAN FOR SOSIAL KOMPETANSE

Definisjon av ulike ord i standarane.

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Transkript:

VERDIDOKUMENT MAURTUÅ BARNEHAGE «Saman set me spor» Fleksibilitet Respekt Omsorg Glede 1

INNHALDSFORTEGNELSE: Grunntanker i vårt arbeid...s.3 Verdidokument for PERSONALET...s.4-5 Verdidokument for FORELDRE...s.6-7 Verdidokument BARN...s.8-14 -Henting og bringing. - Måltid. - Påkledning/stell. - Leik. - På tur. - Samtaler. 2

MAURTUÅ BARNEHAGE «Saman set me spor» Dette betyr at: Barn, foreldre og tilsette set spor hjå kvarandre. Me lærer og utviklar oss i eit samspel. Alle skal oppleve Maurtuå barnehage som ei god plass å være. Barna skal bli rusta til å ta gode val i livet. Barnehagen skal i samarbeid med foreldra gje barna ei god plattform for vidare utvikling og læring. Når barn, foreldre og tilsette sluttar i Maurtuå, vil me at dei skal kunne sjå tilbake på åra i barnehagen som gode og lærerike, og at dei har mange opplevingar dei vil hugsa. Visjonen vår heng saman med våre 4 verdiar: Fleksibilitet Respekt Omsorg Glede Grunntankar i vårt arbeid: I Maurtuå barnehage er det aktive og engasjerte vaksne som ser kvart barn som unikt og verdfullt. Me vil leggja til rette for ein innhaldsrik og stimulerande kvardag, saman med barn og foreldre. Det vil seie: Barn og foreldre får ein god og trygg start i barnehagen. Me gjev rom for gode opplevingar og læring i kvardagen. Me gjev kvart enkelt barn eit tilrettelagt barnehagetilbod. Me har gode markeringar av høgtider og merkedagar. Me har eit godt samarbeid med foreldra. Barnet er ein ressurs som vi skal ta på alvor. Dei vaksne er tydelege og bevisste si rolle og sitt ansvar. Me har ei halding om at jobben me gjer alltid er til barns beste. Vår visjon og våre verdiar er grunnlag for våre val og handlingar. 3

Personalet: ME ER FLEKSIBLE OVERFOR KVARANDRE NÅR: Me tar på oss oppgåver, sjølv om det ikkje er under vår stillingsbeskriving. Me er positiv til at andre kan få avspasera, og er villig til å ta i eit ekstra tak. Me er positiv til endringar av planer. Me tilbyr hjelp til andre. Me frigjer primærkontakt under tilvenning. Me lar andre få gjer det dei trives med. Me strekker/forlenger vakta dersom det er nødvendig og er villig til å bytte vakt. ME HAR RESPEKT FOR KVARANDRE NÅR: Me retter oss etter fleirtalet og er lojal overfor regler og verdier. Me tørr å sei vår meining, og kjem ikkje med kritikk i etterkant. Me er ærlige. Me bruker eg-bodskap i kommunikasjon, og lyttar aktivt til det andre fortel. Me snakkar godt om andre Me respekterer andres livssyn og religion. Me held avtaler, tidsfristar og møter førebudd til møter, og møter presist på arbeid. Me gjev beskjed om me må gjere praktiske oppgåver, slik at andre veit kor me er. Me trur godt om andre og at dei har gode intensjonar. Me gjev konkrete tilbakemeldingar, stiller oppklarande spørsmål om eg lurer på noko og seier i frå når noko er vanskeleg. Me klarer å skilje sak og person. Me tar opp ting med den det gjeld, og går rett teneste veg. Me respekterer mobilforbodet i barnehagen, og gjer beskjed dersom me må ha mobilen tilgjengeleg. Me har respekt for andre sine rollar og lar alle sleppa til Me gjev rom for å diskutera haldningar og verdiar i gruppa. 4

ME VISAR OMSORG NÅR: Me seier god morgon og takk for i dag. Me presenterer oss for nytilsette, student og vikarar. Me tilbyr hjelp med oppgåver andre synes er vanskeleg. Me ryddar kjøkkenet og lager frukt til andre enn min avdeling. Me inkluderer alle i samtaler t.d. i pausen, og er ekstra merksame på nytilsette, vikar o.l. Me syner takksemd for det ein har og det ein får. Me tilbyr hjelp til andre. Me minner andre om ulike gjeremål, utan å mase. Me set på kaffi og te vatten om morgonen, sjølv om eg ikkje drikk det sjølv. Me viser interesse for kvarandre, og byr på oss sjølv. Me held på det som blir fortalt. Me er merksame på kroppsspråk. Me gjev oss sjølv og andre tabbekvoter, og kan sei unnskyld. Me møter foreldra sine behov, anerkjenner deira følelsar og tek dei på alvor ME VISAR GLEDE NÅR: Me våger å le av oss sjølv. Me deltar på ulike sosiale samankomster. Me gjer ros. Me viser glede over å få ros Me inkluderar andre i humoren, og forklarer. Me gleder oss på andre sine vegne. Me tek oss sjølv lite høgtideleg. Me ler saman med og ikkje av. 5

Verdidokument foreldre ME ER FLEKSIBLE OVERFOR FORELDRA NÅR: Me lar foreldra få være med å avgjer tidspunkt for foreldresamtale, og passer på å legge foreldresamtaler til sysken etter kvarandre. Me hjelpe til med å kle av barnet dersom foreldra har lita tid om morgonen. Me minnar om, og informerar om viktige saker, som t.d. ressursteam, foreldremøte m.m. Me tilpassar måltidet til det einskilde barn, t.d. om barnet kjem seint, skal til lege. Me lar dei byte dag, dersom det lar seg gjer ut frå personaltettleik. ME VISAR RESPEKT FOR FORELDREA NÅR: Me møter foreldra sine behov, anerkjenner deira følelsar og tek dei på alvor. Me er tilgjengeleg når dei kjem og går. Me er imøtekommandre, hyggeleg og profesjonell i møte med foreldra utanfor barnehagen. Me er i dialog med alle foreldre (ikkje einetale) Me held teieplikta. Me møter alle foreldra likt, med same haldning, ut frå deira behov og ikkje ut frå våre eigne følelsar. Me erkjenner at dei er eksperter på eigne barn. Me har eit nært samarbeid gjennom dagleg kommunikasjon og foreldresamtaler. Me snakkar godt om foreldra. Me trekk foreldra til side om eg skal gje eller ta i mot informasjon av privat karakter. Me er medviten eige kroppsspråk, og kommuniserer tydeleg. Me stiller oppklarande spørsmål dersom me lurer på noko. Me kan be om unnskyldning. Me har forberedt meg godt til foreldresamtalar og fyljer opp utviklingsplanen til barna. Me gjer foreldra rask tilbakemelding ved spørsmål o.l. 6

ME VISAR OMSORG NÅR: Me møter blikket til foreldra og seier god morgon og takk for i dag. Me presenterar oss for nye foreldre. Me gjer tilbakemelding om korleis dagen har vore for deira barn, og oppfordrar barna sjølv til å fortelja. Me ringer og fortel/sender SMS korleis det går, dersom barnet var lei om morgonen. Me lyttar til foreldra og tek på alvor deira bekymring, og syner forståing. Me prøvar å innfri deira ynskje, og forklarer om me ikkje kan imøtekoma dei. Me tek i mot nye barn og foreldre, og blir einig om ein god individuell tilvenningsplan. Me passar på å seie i frå om barna manglar klede. Me støttar og rettleiar foreldra om dei treng hjelp. ME VISAR GLEDE NÅR: Me har ein lett tone i samtalen med alle foreldre, og er positiv i møte med foreldra. Me viser glede over å få tilbringe tid saman med barnet deira. Me tør å leike, synge og tøyse sjølv om foreldra er til stade. Me snakkar positivt om jobben min og viser at eg trives. Me visar foreldra kva vi gjer i barnehagen (på foreldremøte/samtalar, heimeside og dokumentasjon m.m) 7

Verdidokument barn HENTING OG BRINGING VI VISER FLEKSIBILITET I HENTING OG BRINGING NÅR: Me kjem foreldra i møte om t.d. å gjere barnet klar til dei kjem. Me gir barnet god tid om morgonen, dei treng ikkje bli med i ein leik/aktivitet med ei gong. ME VISER RESPEKT I HENTING OG BRINGING NÅR: Me bruker namn på barnet. Me viser interesse når barnet har noko på hjarta. Me inkluderer barna i samtalen. Me hjelper barnet å få med seg det dei skal ha med heim. Me hjelper barnet til å ta avskjed både om morgonen og om ettermiddagen. Me leiter etter leiker/klede som dei ikkje finn igjen, ev. heng opp lapp i garderoben. Me snakker ikkje «over hovudet» på barna, men trekk foreldra til sides om vi vil fortelja noko. Me tar ansvar for HMS rutinane i høve til hente og bringing, t.d. skriftlige avtaler om medisinering og kven som kan hente barnet i barnehagen. ME VISER OMSORG FOR BARNA I HENTING OG BRINGING NÅR: Me møter barna og foreldra med eit smil og god morgon. Me tek oss tid til å høyra på kva foreldra vil fortelja/informera om. Me skaper forutsigbarhet ved at barnet opplever å bli tatt imot på same måte kvar dag. Me har ei hand å halda i og eit ledig fang om nokon treng det. Me ber foreldra gi beskjed til barnet når det går, sjølv om vi veit at barnet vil begynne å gråte. Me fortel om dagen til barnet, og oppmuntrer barnet til sjølv å fortelje. Me forbereder barna på kven som skal hente dei. Me gir alle barna ein god slutt på dagen ved å sei takk for i dag. Me bekrefter barnet sine følelser om det er lei seg når foreldra går. Me held garderoben og avdelinga ryddig, slik at det er godt å koma inn. 8

ME VISER GLEDE I HENTING OG BRINGING NÅR: Me lar barna få fortelje noko kjekt frå dagen evt. hjelpe dei å fortelje. Me har ein lett tone i samtalen. Me viser glede over å s jå barna ved å smile og vær i møtekomande. MÅLTID ME VISER FLEKSIBILITET UNDER MÅLTIDET NÅR: Me lar barna få vente med å ete når dei kjem om morgonen. Me lar barna få velgja sjølv kva slags påleggskombinasjon dei vil ha. ME VISER RESPEKT UNDER MÅLTIDET NÅR: Me har ein høfleg omgangsform. Me venter på tur og ber om å få brød/pålegg. Me takkar for maten. Me lar barna oppleve meistring ved å prøve å greie seg sjølv. Me høyrer på og respekterer barna, når dei gjev utrykk for at dei er mette. Me bryt ikkje unødig inn i samtalar mellom barn-barn eller barn-vaksen. Me førebur barnet om vi skal tørke det på munnen/hendene, og vaskar forsiktig. Me er gode rollemodellar og gjer det same som vi forventar av barna. Me fylgjer HMS krava (IK mat). ME VISER OMSORG UNDER MÅLTIDET NÅR: Me skaper forutsigbarhet hos barna ved å ha faste plassar rundt bordet Me har få faste reglar under måltidet, og reagerer likt om dei ikkje blir haldne. Me planlegg måltidet godt, slik at me ikkje treng å gå unødig frå bordet. Me ser og høyrer alle barn, er spesielt merksame på dei stille og rolege barna. Me legg til rette for sunne og varierte måltid. Me bidreg med å skape gode møter (samtale og fellesskap) Me tar ansvar for at det blir ein god atmosfære rundt måltidet. 9

ME VISER GLEDE UNDER MÅLTIDET NÅR: Me lar måltidet bli ein arena for å fortelja. Me ler saman med barna ikkje av dei. Me samtalar om kjekke opplevingar i barnehagen og heimen. Me legg til rette for tull og tøys, t.d. Kan du sende brusen (når ein meiner mjølka). Me gir av oss sjølv og fortel om eigne opplevingar. PÅKLEDNING OG STELL ME VISER FLEKSIBILITET NÅR: Me ser den enkelte sine behov for påkledning alt etter kroppstemperatur og aktivitetsnivå. Me lar barna velje kva dei vil ha på seg innanfor visse rammer. hjelper til i avvenning med bleier. ME VISER RESPEKT VED NÅR: Me lar barna prøve å kle på seg sjølv. Me gjer positiv tilbakemelding når dei opplever meistring. Me fokuserer på den konkrete hendinga: Du må finne skoa dine Me masar ikkje på barna om å gå på toalettet, men oppmuntrar. Me tar barna tilside når vi sjekkar bleia, og kommenterar ikkje lukt. Me tilrettelegger garderobe og bad fysisk, og har gode hjelpemidel, slik at barna klarer meir sjølv Me ser påkledning og stell som ein læresituasjon og ikkje som ein rutinesituasjon. ME VISER OMSORG VED NÅR: Me førebur barnet på situasjonen, kva for ein vaksen som skal vere med og kva som skal skje. Me har små grupper i garderoben. Me gjer barna tid til å vakne før vi kler på dei for å gå ut. Me kler barna etter været og forklarer kvifor. Me passer på at kleda er behagelege og sit godt på. Me vasker forsiktig og bruker mjukt papir, når vi tørker snue. Me er merksame på barn som treng hjelp Me gjer beskjed til foreldra dersom kleda er for små eller øydelagt. Me nytter den muligheita som ligg i desse situasjonane til samtale og læring. 10

ME VISER GLEDE VED NÅR: Me bruker regler ved stell og påkledning (Titill-tåtill, Titt-tei, tommeltott-slikkepott o.l.) Me kiler på magen og under føtene. Me tøyser med kor klede skal være (Sko på hånda) Me ler saman med barna av deira tullepåkledning. Påkledning og stell er ein unik anledning til spåkstimulering og den nyttar vi godt. LEIK ME VISER FLEKSIBILITET I LEIKEN NÅR: Me tillet ei lita barnegruppe å få vera inne åleine. Me lar dei største barna få vera ute åleine i kortare perioder, og med tilsyn av ein vaksen. Me er opne for leik på tvers av avdelingar. Me let barn få gjere seg ferdig med leiken, sjølv om vi har tenkt å begynna på ein planlagt aktivitet. VI VISER RESPEKT I LEIKEN NÅR: Me forbereder barna når leiken skal avsluttes ved å sei:»det er 10 minutt til ryddetid» Me gjev rom for at leikene kan stå over tid (byggeklossar, vegbanar o.l.) Me gjev rom for at dei kan ordne opp i ulike leikesituasjonar sjølv. Me gjer oss lite tilgjengelege overfor vaksne når vi er i leik med barna. Vi tek ikkje telefonen og vert ikkje forstyrra av andre vaksne. Me gjev rom for alle typar leik, og den meir fysiske leiken. Me tilrettelegg ved å finne fram matter, gymutstyr, ballar o.l. Me legg vekt på den fysiske utforminga av rommet, slik at det stimulerer til variert leik. Me er tydelege i og held avtalar vi har gjort med barna. Me gjev barna allsidige erfaringar som dei seinare kan nytta i leiken. Me legg til rette for leikegrupper der barna har noko og nokon å strekke seg etter/lære av. ME VISER OG OMSORG I LEIKEN NÅR: Me deler i smågrupper slik at det enkelte barn blir meir synleg, både for kvarandre og for oss vaksne. Me set av tid til barnas eigen valte leik. 11

Me skjermar barna, slik at dei ikkje blir forstyrra av andre barn eller vaksne, ved å laga leikekroker. Me er tilstades for barna, og deltek i leiken på barna sine premissar. Me seier i frå om vi må gå frå leiken, og tek opp tråden når vi kjem tilbake. Me vaksne kan vedkjenna oss feil og be om orsaking. Me rettleiar barn som har vanskar med å få vere med i leik. Me rettleiar barn til å finne løysningar på konfliktar. ME VISER GLEDE I LEIKEN NÅR: Me vågar å vere med på dramatisering og rolleleik. Me vågar å dumme oss ut. Me fortel vitsar/gåter Me ler av dei same vitsane år etter år etter år etter år etter år. Me er gode rollemodellar og har humor blant oss vaksne. Me har utkledningsklede og anna utstyr tilgjengeleg. Me legg til rette for god leik ved å ha lett tilgang på varierte leikar. TUR ME VISER FLEKSIBILITET PÅ TUR NÅR: Me endrar tema/opplegg/mål for turen dersom barna er opptekne av noko anna. («død mus pedagogikk) Me tek omsyn til alt barn er forskjellige. (ulikt turtempo, ulike erfaringer med å ferdas i naturen.) VI VISER RESPEKT PÅ TUR NÅR: Me tek omsyn til at barn er forskjellige, og venter på dei som treng meir tid. Me tek omsyn til kor langt vi går, alt etter alder og motorikk. Me støtter og rettleiar barna ved motoriske utfordringar t.d. klatring i trær og på steinar. Me skapar gode haldningar til naturen og reglar for å ferdast i den ved å vera gode rollemodellar. Me lar barna oppleve meistring ved å være på tur. 12

VI VISER OMSORG PÅ TUR NÅR: Me skapar forutsigbarhet ved å førebu barna på kor vi skal og kva vi skal gjer. Me er trygge og kjente vaksne som er med på tur. Me passer på at alle barna opplever tryggleik på tur. Me er tilstades for barna på turen. Vi legg til rette for at barna får varierte opplevingar. VI VISER GLEDE PÅ TUR NÅR: Me skaper forventingar til felles opplevingar. Me viser glede over at det er kjekt å gå på tur. Me lar barna få gode og positive erfaringar med å være på tur. Vi stimulere til undring av naturen sitt mangfald, ved å ta oss tid til å studere naturen i lag med barna. SAMTALEN ME VISER FLEKSIBILITET I SAMTALE MED BARNA NÅR: Me tilpassar språket vårt etter alder og modning. Me lyttar og føljer opp barnet sitt tema. Me tilpasser samtalen etter barnets nivå. Me tilpasser samtalen til barnet sine interesser. Me gir barna alsidige erfaringer og opplevingar, og bruker dei som utgangspunkt for gode samtaler. Me legg til rette for at barn sjølv kan finne bøker, og ha samtaler kring bøkene. ME VISER RESPEKT I SAMTALE MED BARNA NÅR: Me tek oss tid til å høyre og lyttar aktivt. Me er medvitne eige kroppsspråk og mimikk. Me let barna styre samtalen. Me bidreg aktivt med å fortelja om oss sjølve. Me seier i frå om vi må gå, og gjer avtale om å kome tilbake. Me bruker språket aktivt med å setja ord på det me ser og gjer, 13

ME VISER OMSORG I SAMTALE MED BARNA NÅR: Me er medvitne på vårt eige kroppsspråk og mimikk. Me hjelper barnet å setja ord på eigne følelser t.d i konflikter. Me er merksame på å få alle barn med i samtaler Me er på barnet sitt nivå (blikkontakt) og set oss ned på huk når me skal snakke med barn Me er tilstades i samtalen. ME VISER GLEDE I SAMTALE MED BARNA NÅR: Me tøyser med ord og namn. Me fokuserer på positive opplevingar og gode samtaler. Me syner fortelje og leseglede. Me viser intersse for det barnet fortel oss. Me tøyser og tuller med språket ved å dikte, rime, samt lære morsomme sanger, rim og regler. 14