FLORA KOMMUNE Formannskapet Møteinnkalling/Tilleggssaker Møtedato: 17.01.2012 Møtestad: Flora Rådhus, Rettsalen Møtetid: Kl. 12:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemer møter etter nærare innkalling. Flora kommune Bengt Solheim-Olsen ordførar Ester Frøyen Møte- og utvalsekretær
Sakliste Sak nr. Saktittel 008/12 E39 Skei - Ålesund - høyringsuttale 009/12 Samarbeidsavtale mellom Flora kommune og Flora Næringseigedom AS
FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Formannskapet 17.01.2012 008/12 Bystyret 09.02.2012 Sakshandsamar: Terje HeggheimTerje Heggheim Arkiv: K1- Objekt: Arkivsaknr 12/95 E39 SKEI - ÅLESUND - HØYRINGSUTTALEE-39 SKEI ÅLESUND - HØYRINGSUTTALE Kva saka gjeld: Statens vegvesen ber om uttale i høve konspetutvalutgreiinga om E39 Skei-Ålesund. Samferdsleutvalet i Flora har handsama saka og tilrår ein høyringsuttale frå kommunen. FRAMLEGG TIL VEDTAK: Flora bystyre tilrår at alternativ SV K9 vert vald som eit første steg for E39 gjennom Nordfjord. Dette alternativet inneber at Fv60 frå Byrkjelo til Stryn vert oppgradert til riksveg, at det vert bygd tunnel gjennom Utvikfjellet og at E39 fylgjer Kvivsvegen frå Hornindal til Volda. Dette konseptet vil gi ferjefri riksveg gjennom Nordfjord raskt og til ein realistisk kostnad, samstundes som ein får korta inn og opprusta Byrkjelo Stryn som uansett vil vere ein viktig gjennomgangsveg med stor trafikk. Når/dersom ein finn grunnlag for å bygge bru over indre Nordfjord, tilrår bystyret alternativet SV- K10 med bru ved Svarstad. Dette vil bli ein stor kostnad, men den vil korte inn vegen mellom Skei og Volda med 41 km i høve til SV-K2 - alternativet. (dagens løysing + Kvivsveg). Denne framtidige løysinga vil nytte seg av tunnellen gjennom Utvikfjellet som er del av første byggjesteget. Flora bystyre vil presisere at E39, uansett vegval gjennom indre Nordfjord, ikkje kjem til å bli noko «kyststamveg» gjennom Sogn og Fjordane og at den må supplerast med ein regional sambindingsveg langs kysten. Vi syner her til samarbeidet «Kystvegen Ålesund Bergen» som er initiert av alle kystkommunane frå Bergen til Ålesund. Frå ytre Nordfjord og ytre del av Sunnmøre vil kystvegen gi kortare samband til E39 i Førde, enn E39 gjennom indre Nordfjord og Jølster, uansett val av konsept for E39 Skei Volda. Flora bystyre støttar framlegget om å justere traseen for E39 gjennom Sunnmøre slik at den vert lagt via Hareid Sula i staden for Festøy Solevåg som i dag. Dette vil legge til rette for at E39 og Kystvegen i framtida kan få felles ferjefritt samband over Sulafjorden. Terje Heggheim rådmann
Innleiing: Statens vegvesen ber om uttale i høve konspetutvalutgreiinga om E39 Skei-Ålesund. Samferdsleutvalet i Flora har handsama saka og tilrår ein høyringsuttale frå kommunen. Vurdering: Fylkesrådmannen sitt framlegg til uttale ser slik ut: Fylkestinget i Sogn og Fjordane er samd i at det er to konsept som peikar seg ut som framtidig løysing for E39 frå Skei til Volda: _ SV_K7 med bru over Anda Lote over Stigedalen og bru over Austefjorden _ SV_K10 med tunnel under Utvikfjellet og bru over Nordfjord ved Svarstad og vidare inn på Kvivsvegen. 2 Fylkestinget legg vekt på at transportsystemet skal vere effektivt, tilgjengeleg, påliteleg og ivareta behovet for kommunikasjon for bu_ og arbeidsregionar i 2040. 3 Fylkestinget legg vidare vekt på dei definerte effektmåla for arbeidet: _ Kortare reisetid _ Reduserte avstandskostnader _ Regional utvikling, felles bu_ og arbeidsregion _ Påliteleg og tilgjengeleg E39 4 Fylkestinget legg også vekt på at SV_K10 konseptet er 2 mrd. kr rimelegare. 5 Fylkestinget rår til at konsept SV_K10 vert løysinga for E39 på strekninga Skei _ Volda. 6 Fylkestinget går inn for ei mellombels betring av ferjefrekvens på sambandet Anda Lote med 20 min frekvens på dagtid. 7 For å eliminere trafikkproblema på fv 60 etter at Kvivsvegen opnar i 2012 må staten ta over fv 60 og _ som første byggesteg _ fullføre Olden Innvik og bygge tunnel under Utvikfjellet 8 Fylkestinget tilrår tunnel mellom Kjøs og Grodås som andre byggesteg. Dette byggjesteget er ein del av den langsiktige løysinga og er svært viktig for tungtrafikken. 9 Fylkestinget tilrår bru frå Svarstad til Frøholm og tilstøytande veg/tunnel i nord og sør som tredje byggesteg. Økonomiske konsekvensar: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Uprenta vedlegg: 1. Statens vegvesen, Overbygningsdokument E39 Skei Ålesund 2. Statens vegvesen, Konseptvalutgreiing E 39 Skei-Ålesund
FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Formannskapet 17.01.2012 009/12 Sakshandsamar: Terje Heggheim Arkiv: K1- Objekt: Arkivsaknr 12/104 SAMARBEIDSAVTALE MELLOM FLORA KOMMUNE OG FLORA NÆRINGSEIGEDOM AS Kva saka gjeld: Samarbeidsavtale mellom Flora kommune og Flora Næringsegiedom AS Rådmannen legg saka fram for formannskapet for stadfesting. FRAMLEGG TIL VEDTAK: Formannskapet stadfestar samarbeidsavtale mellom Flora kommune og Flora Næringseigedom AS. Terje Heggheim rådmann
Prenta/uprenta vedlegg: Samarbeidsavtale mellom Flora kommune og Flora Næringseigedom AS.