Tre til kva? Litt om det å velje rett material. God skog er meir enn kjempetre God material er meir enn tre. Foredrag Lien Fjellgard den 19.05.



Like dokumenter
Tradisjonell materialkunnskap

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Verneverdige bygningar i kulturlandskapet

Om å førebu tømmer på å bli til hus Kvifor er det ikkje råteskader i dette huset frå 1776?

Til deg som bur i fosterheim år

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Lønnsundersøkinga for 2014

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

R apport Seminar i praktisk og prosessuell restaurering Øygardsstua

Handverk som Kunnskapsform

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge


Teknikk og konsentrasjon viktigast

mmm...med SMAK på timeplanen

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Brukarrettleiing E-post lesar

Kva er økologisk matproduksjon?

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

HORDALANDD. Utarbeidd av

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

HANDHØVLING AV GOLVBORD

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

G A M A L E N G K U L T U R

Kor finn vi god material? Foredrag Trondheim ved Jon Bojer Godal

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Vi lærer om respekt og likestilling

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Informasjon til elevane

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Med god informasjon i bagasjen

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kulturhistoriske registreringar

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kursdagane 2009 Feilfrie bygg

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

2013/ Rapport fra kurs i. høvelmaking

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Vinst ved foredling av skogstre. Harald H Kvaalen Skog og landskap, Ås

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

Brukarrettleiing. epolitiker

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Sansehage Kleppheimen

6. trinn. Veke 24 Navn:

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

Bustadområde i sentrum. Vurdering


Lønnsomhetsvurderinger ved investering i skogplanteforedling! Harald Kvaalen, Skog og landskap

Transkript:

Tre til kva? Litt om det å velje rett material God skog er meir enn kjempetre God material er meir enn tre Foredrag Lien Fjellgard den 19.05.08 Jon Bojer Godal

Huset er utgangspunktet Huset står i eit lende Li, haug, kvål, bakke, ope, i skog, ved hage, i tun? Huset står på ei tuft Berg, steingrunn, grus sand, jord? Huset har eit underbygg Hollsteinar, stabbar, mur, kjellar? Huset har ein byggjemåte Timre med eller utan sval, stolpereising? Huset har ei kledning Treslag, kvalitet, utforming, dimensjon, leggjemåte Huset har ei tekking Undertak, tekking, overtekking, material, kvalitet, utforming, dimensjon, leggjemåte.

Namn fortel mykje om stad Bø, Skei, Vinje fortel om alder Store krav til lokalitet, oftast svært stabil god sjølvdrenert byggjegrunn Haug, Kvål, Hol, Tveit, - fortel om landskapet Oftast stabil, god sjølvdrenert byggjegrunn Træe, Kåsa, Ekra, fortel om aktivitet. Seinare bruk mindre god lokalitet, treng ikkje vera særskilt god byggjegrunn Nystog, Bårdbakken, Jordet, Nordtun er gjerne flutte ut frå større tun etter ei utskifting. Som oftast er det teke mindre omsyn til byggjegrunn. Vi kan vente setningar i bygget.

Huset står i ei tuft Dei eldste byggjemåtane integrerte grunnen i bygget. På gamle stader ventar vi å finne stabil sjølvdrenert grunn. Ofte er det sand eller morene med spylte masser. Huset står støtt. I sær etter utskiftingane på slutten av 1800-åra vart det tenkt meir på arrondering av jordbruksareala enn på byggjegrunnen. Den etablerte byggjeskikken baserte seg likevel framleies på stabil sjølvdrenert grunn. Svært mange nye tun ligg på grunn som ikkje er stabil. Vi får setningar. Huset gjev seg. Tre er elastisk og plastisk. Det gjev seg. Over tid kan vi få store formendingar Dette er attkjennande. Hjørna har sige ned. Grunnen vart stabilisert i 1921. Vi vil neppe greie å presse treet attende til opphavleg form.

Huset har ein byggjemåte Vi har mange slags laft og fleire stokkformer. Dei fleste referer også til viss tradisjon i kvalitet på tømmer. Vi har historie når det gjeld bruk av tre. Hus frå føre svartedauden i tilnærma opphavleg stand fortel om svært god material

Svala på Staveloftet har skjaldtile av utkløyvde skier av jamnvakse beinkløyvd vyrke. Tømra har magatægde stokkar som er nesten utan avsmalning og nesten utan kvist.. Vi ser svært lite av geitved. Han er øksa vekk i mesteparten av tverrsnittet på stokken.

Trøymstuggu frå Hemsedal er frå 1600 åra. Også den har jamnvakse tømmer.

Jamvel om det er gamle tre og jamn dimensjon, er kvaliteten ikkje den same som i mellomalderen. Geitveden er ikkje øksa vekk. Huset er lafta av rundstokk. I 1600-åra hadde vi det travelt.

Også Villandstoga står på Hallingdal folkemuseum. På denne ser vi enno eit nytt drag: Tømmeret spitar.

Heile hundreåret 1700 ser det ut til at nesten alle rotstokkar går til saging. Tømra hus er bygde av andrestokk. Framleies er det mykje gammalt tømmer.

Fint hus, godt timra, men svært arbeidsam material. Dette har både med tilgangen på tømmer å gjera og med skogpolitikken. Tilsvarande mønster som det vi har sett på Hallingdal folkemuseum og her frå Eidsborg, ser vi meir eller mindre over heile landet.

Dette er frå Brokka i Tokke. Bur frå føre svartedauden av magatægd timmer. Låe av spitande grannvakse rundtømmer kan vera tidleg 1800. Stoge av flattægd tømmer teke frå rot til topp er frå tidleg 1900

Mykje av vår gamle byggjeskikk har slike tre som føresetnad. Dei er dei ikkje mange att av i skogane våre.

Alder er eit kjernepunkt Dei gode trea har krokute kvistar i toppen og lusute bar. Dei er i den naturlege avgangsklassa. Alderen er då gjerne 200 300 år. Slike tre var det forfedrane vår bygde av. Difor vart husa så varige. Det er når alveden kjem ut til aldersveden at treet i biologisk og teknologisk forstand er hogstmoge. Alved geitved aldersved

Dimensjon er eit anna kjernepunkt Mykje av den gamle byggjeskikken baserer seg på dimensjonar vi ikkje lenger har tilgang til. Tre av denne storleiken trengst når vi skal erstatte likt medlikt i ein del stavkyrkjer.

Den viktugaste leksa vi har å lære frå dei eldre er likevel å bleda treet i skogen ut frå den dimensjonen det skal ha i huset. Det er eit heilt gjennomgåande drag frå dei eldste husa vi kjenner til og fram til byggeria vart styrde av stat og industri. Då er vi i 1950- åra. Alle delane er tekne av skogen ut frå den dimensjonen dei skal ha i huset.

Småe tre er like viktige som store Slanke tre blir sperrer. Tre med svartkvist duger ikkje til bord, men dei kan vera ypparlege i reisverk. Gamle småe tre er snadder for den som skal tømre på gammelmåten

Også i dei store låvane på Austlandet er alt tømmeret hogge slik at det er vankant på alt. Dimensjonshogst er prinsipp. Å starte bygginga i skogen er også prinsipp

Typisk for den eldre norske bruken av tre, er nærleiken til skogen. Tømmermenner flest har, når vi går 100 år attende, teke del i hogst og framdrift av tømmer til hus som dei skal byggje. Om dei ikkje var med, hadde dei kontakt med folk som hadde forståing for behov og eit felles språk kring kvalitet. Tømmermennene fekk det dei bad om. Denne idrotten er vi gang med å nye opp att. Biletet er frå kurs i skogvurdering for tømrarar.

Vi lyt starte i skogen Når utgangspunktet for bruken av tømmeret er skogen og heile treet, vil tankegangen vera ein annan enn når utgangspunktet er eit materiallager. Det gjeld så vel dimensjon som karakter, alder og kor i treet emnet vert teke. I lang tid var det vanleg å skjera bord av rotstokken, medan andrestokken gjekk til laft eller andre føremål der korkje styrke eller kvistkarakter var kritisk faktor. Eit slikt tradisjonelt uttak av material svarar godt til ei vitskapleg basert treteknologisk forståing. Det er likevel sider ved praksis som går ut over det som vitskapen førebels kan forklare. Når Noreg vart fiskerinasjon alt for 1.000 år sidan, kom det mellom anna av nærleiken mellom god tilgang på fisk og god tilgang på tømmer. Tradisjonane er lange og vi har særleg mykje å lære av båtbyggjarane.

Styrke i tre er relatert til vekt. Vi ser at veden er sterkast ytst og nedst. Styrken aukar med alderen opp til eit visst nivå. Styrken minkar oppover i treet. Ytre del av rotstokken er sterkast. I midten er det noko vi kallar ungdomsved. Det er lett og svak ved I midten har vi også litt reaksjonsved, det vi kallar tennar/tinal. Treet trykkjer i midten. Yta er som bardunar. Der er den sterkaste veden Rotkne Nagleved Riveskaft

Grana kan ha litt anna styrkefordeling enn furu. På eldre grantre held styrken seg godt oppover stamma i den ytre delen. Det er den lette ungdomsveden v i skal ha minst mogleg av. Den er det mykje av i planta skog Gamle tre er sterkare enn unge tre på same dimensjon

I bartrea får vi fallande vekt med aukande årringbreidd. Dette gjeld uavkorta på gran. På furu gjeld dette ned til 1,5 mm. Då minkar styrken med minkande årringbreidd. I lauvtrea er det motsett. Der aukar styrken med aukande årringbreidd

Styrken aukar med aukande vekt både på bartre og lauvtre. Difor vil båtbyggjarane ha ved frå bonitet og klima som gjev høg vekt. Det er lågt i lendet og nær kysten. Furu frå Nord-Østerdalen er mykje svakare enn furu med same årringbreidd til dømes frå Møre og Romsdal. Furu frå Rauland er svakare enn furu frå Bamble.

Små kvis svartkvist grov, men frisk kvist Stiv ved (i furu) mjuk ved Rotkne blir teke her. Der er det maksimal styrke I tradisjonell språkbruk delar vi inn treet i stokkar som har namn etter posisjonen i stamma. Stokkane nede i treet har andre eigenskapar enn oppe i det. Stivast og sterkast er rotstokken nedst, mjukast er toppstokken. Kvistkarakteren endrar seg også oppover i stamma. På kva måte avheng både av treslag og av det vi kallar type.

Vi ser uttaket av material til ein åfjordsbåt (færing). Det dreiar seg om gran med hengekvist eller små kvist. Slike tre har frisk kvist frå rot til topp. Båtsveden (borda) vert tekne lengst ned i treet, medan årene vert tekne av toppen. Kjølen opp i treet høver godt av di kjølen lyt vera heilt fri for tennar (reaksjonsved)

Ved uttak av tre til særlege føremål blir kvart einskild tre vurdert. Treet i framgrunnen har brei krone og stive kvistar. Det er ikkje brukbart til bordved, men det vil venteleg gjeva gode stavar, og om greinene ikkje er for grove, også stive bjelkar i køyrebru og golv. Treet i bakgrunnen er perfekt til beste kvalitet bord. Kvisten er grann og mjuk. Veden er føyeleg og tett. Det var slik tre ein valde seg til båtsved. Då er også toppen så god at han kan nyttast til årer.

Tradisjonstømraren gjer eit uttak som nyttar den gode veden godt. Han gjer det litt ulikt på gran og furu. I furu lyt vi ta ut ein mergplank. Det trengst ikkje i gran. Gode første og andrebord kjem på vêrveggen. Bak og flaskbord kan bli låvegolv. Mellomkvalitetane kjem på sider og unnavêrsveggen Ved Åreemne Låvegolv Kan bli master, åre, ski, ramtre m v

I baken er den sterkaste veden og den som er lettast å bøye. Samstundes har baken saman med ytste bord det vi kallar flaskved. Flaskveden er bøyeleg og sterk, men han sprekk lett og på furu i sær er han utett, berre litt tettare enn ein sil. I bord som er tekne nær mergen har vi kantved. Han er stiv, men vasstett og han sprekk ikkje. Stavar i lagga kjerald var difor laga av kantved. Tønner før vi saga tønnestaven lik eins.

Slik kan vi halde på. Anten vi ser på stavkyrkjer, tømra hus, stavreiste hus, golvbjelkar, kledningar, river, ski, stamnar i båt, mastertre, sledameiar, økseskaft, lagga kjerald, lager for kvernkallar eller spon, nær sagt kva det skal vera, så finn vi i vår tradisjonsborne trekultur eit svært medvite uttak av ved til emne. Vi kan slutte at handverkarar før oss var svært gode på tre. Vitskapen har enno ikkje nådd att alt det som tradisjonen står for av innsikt. Framleis har tradisjonen meir å by på enn vitskapen når det gjeld bruk av tre til dei ymse føremål og når det gjeld til restaurering i sær. Eit stykke har han likevel kome. Vi har synt her at vitskapen kan forklare og sannkjenne mykje av det som tradisjonen står for.

Vi ser det at skilnaden sterkaste og svakaste stykke er som 1:3. Med blindt uttak lyt vi gjera ei ganske kraftig overdimensjonering. Dette er grunnen til at gamle konstruksjonar ofte ter seg skummelt smekre. Den som skal restaurere lyt forstå kvifor det gamle er sterkare enn det ser ut til.

Ei engelsk undersøking har kvantifisert dei usikre faktorane. Undersøkinga gjeld ask, men prinsippet vil vera likt for dei fleste treslaga, jamvel om storleiken på faktorane sikkert kan variere. Dette er ei grei synleggjering av kva som spelar inn Med god kjenneskap til treet, bestandshistoria og vokstergrunnen forstår vi straks at den godt kyndige kan minske dei usikre faktorane svært mykje.

Eitt av vilkåra for å kunne vinne den røynsla som tradisjonen har fanga opp ligg i arbeidsmåtane. Handverkarar før oss hadde ikkje motor bak eggstålet. Difor fekk dei stadig direkte melding i kroppen om dei eigenskapane som budde i treet. Skal vi halde ved like ei levande materialoppfatning trengst det at vi held oppe bruken av handverkty. Ole er god med øksa. Viktigare er likevel dei meldingane han får frå treet for kvart høgg han tek. Slikt vitande kan ein ikkje lesa seg til

VI bør vita mange detaljar kring kvar av desse stikkorda om den materialen vi får tak i: TRESLAG VEKSESTAD STAMME OG STAMMEDEL UTTAK I TVERRSNITTET KVISTKARAKTER ALDER OG ÅRRINGSTRUKTUR KJERNEVED KARAKTER PÅ VED

Ein interessant detalj er dette med kløyv. Somme tre kløyvast i plane flater, medan andre gir svært uryddig kløyveflate. Overgangane er heilt gradvise. Ved mikroskopering kan vi sjå skilnaden heilt ned på fibernivå. Og vi kan ofte lesa dei av karakterdrag utanpå treet. I ein del samanhengar er god kløyv avgjerande eigenskap. Handverkarar før oss visste svært mykje om kløyv. I dag veit vi berre litt

Treet har eit stoffskifte som varierer med årstidene. Hogsttid har difor innverknad på korleis vyrket ter seg.

Vi kan gripe inn i stoffskiftet på ulik vis Vassgått vyrke er vyrke som har lege i vatn eller myr ei viss tid. Vanleg var minst tre veker. Det fører til utvasking av vassløyselege substrat. Myrvatn gav dertil tilførslar av garvesyre. Slikt vyrke er difor mindre attraktivt for nedbrytande organismar. Når vyrket har lege i flomålet får vi saltinntrenging. Biologisk tørking går ut på å nytte lauv eller bar til å tørke ut treet slik at det døyr. Vi kan felle på lauv eller kvist. Også ringberking (som og blir kalla sokking eller stetting) er ein effektiv metode for å nytte bar eller lauv til å tørke treet. Kunstig aldring er å tilføre treet sår slik at aldringsprosessen går fortare. Det eine prinsippet er å kvablø. Det fører til meir kvae i yta. Det andre prinsippet å toppe treet slik at krone/rot- balansen vert endra. Dei to prinsippa kan kombinerast. Båe har tilsynelatande vore vanlege.

Før vi går i skogen lyt vi analysere byggverket Vi treng ei TOTALANALYSE AV BYGGET. Eit bygg er meir enn ytste synlege lag. Bygget har sin anatomi, sin fysiologi og sin økologi. Eit byggverk endrar seg difor over tid. Totalstyrken lyt vi vurdere nøye. Ei forståing for den samla styrken har avgjerande innverknad på korleis vi grip tak i reparasjonar og ombyggingar. At vi har rett dimensjon og av rett karakter er kritisk faktor. Endra bruk kan gi mange effektar. Høgare temperatur inne gjev større damptrykk. Lågare temperatur inne kan gi mindre utlufting av takkonstruksjonen. Overgang frå ku til korn gjer at vi får meir frost i bakken rundt møkkakjellaren.

Vi lyt også analysere konsekvensar av våre inngrep Restaurering og rehabilitering gjev som regel tettare hus. Tett tro der det skal vera gjennomlufta tro er det typiske eksemplet. Det er ikkje alltid vi forstår samanhengane. På eldre bygg har troet ofte styrkefunksjon som stiv plate. Nytt tro kan øydeleggje huset. Vi har mange døme i så måte. Nye kombinasjonar av materialar er eit viktig tema. Leire har lågare balanseråme enn tre og verkar såleis tørkande og konserverande på treverket. Utbytting av leire i golv kan føre til råteskade over ein rå kjellar. Endra klima ute er også eit omfattande tema. Det kan vera endra vegetasjonsbilete, Langtransportert sur nedbør, Lengre og våtare haustar Løysingar som var gode nok i si tid er det såleis ikkje lenger.

Rolstadloftet vart sprengt ut av di troet var for mjukt.

Heile det store Staveloftet er utan skråavstiving i taket. Skjaldtila i svalene verkar litt.

Heile det store taket er utan skråavstiving. Dei breie borda i taket er nagla i raust og raftar/sprerrer. Vi ser også at raftane står med toppen opp, men dei smalnar nedover.

GRAN eller FURU? Gran og furu har ulike eigenskapar. Til dømes er gran er best til kledning. Furu er best til tak. Gran er best under måling. Vi vil ha mergnære bord med frisk, ikkje for stor kvist. Planta gran er lite skikka mange stader, men er grei nok under måling og inne. Furu er best under bråd. Det er viktig å kanalisere det best skikka vyrket til stader der det trengst. Godt skikka tre til dei ulike føremåla i restaurering er etter kvart svært sjeldan vare. Skogbilde i dag er eit anna enn då dei verna husa vart bygde.

Vi treng gode tre også i framtida Styresmaktene bør sikre material til framtidig bygningsvern. Det kan til dømes gjerast ved opsjonsavtaler med skogeigarar. Ein del skogar burde stellast med sikte på å sikre vyrke til restaureringsarbeid og særlege byggverk elles. Her bør både skogoppsyn og rettleiingstenesta inn i biletet. Kan vi få ei kopling mellom kulturvern og naturvern? Gammal skog på rot er god CO 2 handtering. Eg trur også det vil løne seg. Vi betalar gjerne dobbelt pris for vyrke med dobbelt alder, og husa vil vare mange gonger lengre.

Vi får ikkje kjøpt det vyrket som vi treng gjennom ordinære kanalar. Vi har difor to val: Opprette kontakt med ei sag. Då spørst det om vi kan stole på sagmeisteren. Opprette eit kontaktnett direkte mot ein skog. Vi tek del både i hogst framdrift og saging. Då får vi full kontroll. Det siste er det beste

Dyrt, men billeg! Betal godt. Som regel vil prisen i ferdig byggverk likevel liggje under alternativ organisering. Vinsten ligg i: Mindre skræ i form av kapp og vrak. Mindre transport og lagerkostnader. Vi får rett slags ved på rett plass til kalkulert tid.

Gode normer kan bli risikable vanar Normer for handling blir også vane. Vanen gjer oss effektive ved at vi kan arbeide raskt. Men! Vanen fører også med seg ei viss form for dovenskap. Vi kan koma til å herme handlingsmønster utanfor samanhengen som vanen gjeld for. Nye situasjonar krev ny gjennomtenking.

Med open eld i Dagleg bruk, vil ein gamme kunne vare i 50 år. Når han ikkje er i bruk er levetida vesentleg kortare. Alt etter lokalitet frå 15 25 år. Skal vi ta vare på byggjeskikken gamme har vi altså ikkje anna val enn å halde levande kunsten å byggje og bruke dei. Vi kan ikkje ta vare på byggverket, men på kunnskapen å byggje og bruke.

Dei aller fleste slags taktekkingar har si avgrensa tid. Torv på never varer i 40 100 år. Skifer ligg til spikaren er rusta av Byggverk har avgrensa levetid Skal byggjeskikkane våre bli varige lyt vi halde kunnskapen levande.

HANDVERKET ER MEIR VERNEVERDIG ENN DET EINSKILDE BYGGVERKET Berre ved å halde kunnskapen levande kan vi også ta vare på byggjeskikken ut over levetida for dei ulike slags materialane.

VI SKAL IKKJE SJÅ PÅ EIN ROTEN STOKK SOM EI ULEMPE. TVERT OM. HAN GJEV OSS HØVE TIL Å REPETERE EIT KUNNSKAPSBERANDE HANDLINGSMØNSTER.