KROKÅKLE. Vegg: Dobbelkroka åkle vove av Marta Brekke, Jondal, om lag 1920. Kiste: Ragnhild og Annemor-åkle. Bilete frå Viketunet i Jondal.



Like dokumenter
LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing E-post lesar

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Rugger og brossar. Åkle i Setesdal KARIN BØE

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

Til deg som bur i fosterheim år

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Teknikk og konsentrasjon viktigast

mmm...med SMAK på timeplanen

Bilete og figurar i Word

Jon Fosse. For seint. Libretto

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kom skal vi klippe sauen

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Eldrid Robberstad ein nyskapar av gamle bunadstradisjonar av Gunhild Berntsen

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Enkel veske med fotostoff på kvar side som blikkfang.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

/

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Månadsbrev for Rosa september 2014

Kva er økologisk matproduksjon?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

FANTASTISK FORTELJING

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

NOTUS PORTAL 1. BRUK AV NOTUS PORTAL FOR TILSETTE/VIKARAR:

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER


VOLLASETRA I SUNNDAL

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!


Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Uretta grafar (1) Mengde nodar Mengde kantar som er eit uordna par av nodar

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Brødsbrytelsen - Nattverden

ehandel og lokalt næringsliv

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Store dokument i Word

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Sansehage Kleppheimen

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Lingspeak Lingit AS

OK, seier Hilde og låser.

Informasjon til elevane

Brannsår, rus eller friheit?

Vegvisar til vilbli.no

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

HORDALANDD. Utarbeidd av

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

H Ø G S K O L E N I B E R G E N Avdeling for lærerutdanning Landåssvingen 15, 5096 BERGEN

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Transkript:

KROKÅKLE Namnet kjem av teknikken krokbragd som har kjenneteikna krokar, krossar og rutenett i skiftande mønster. Desse åklea er vovne hovudsakleg i krokbragd i flatvevstol. Einskilde kan ha smale border i striper, kjerringtenner eller halvsmett. Dei fleste er vovne som to halvdelar i smal vevstol og sydde saman etterpå. Åklea har vore sengklede og er ikkje større enn om lag 120 x 170 cm. Mønster og farger er ordna etter plassering i senga. Hovudenden og botnfargen er kvit, ei hovudbord innleier eit flatemønster av breie, skilde border over om lag to tredeler av åkleet. Ei lysare bord markerer overgangen til fotenden, som har meir vilkårleg mønster i lysare eller annleis farger enn hovudenden. Der er brukt farger frå restfargesuppe, prøvefarging med anilin, restegarn og melerte naturfarger som ikkje var aktuelle å farge. Det var ikkje så nøye med utsjånaden til fotenden, den vart bretta inn under føtene for varmen si skuld. Då det ikkje var aktuelt å endevende åkleet, var dette ein praktisk måte for å utnytte ressursane. Somme åkle er vovne i brei vevstol, dobbelgogn som det heiter i Hardanger. Eventuell plassmangel vart løyst ved å lage to sett tverrbommar, korte og lange, til vevstolen. Åklea vovne i full breidd har ofte eit meir heilskapleg dekorativt uttrykk, som vitnar om at dei var tiltenkt finare bruk. Bruken og storleiken har for lengst endra seg frå sengklede til prydføremål som sengeoverkast, veggteppe, stolteppe eller løparar. Endringa kom med industrialiseringa og særpreget endra seg gradvis, etter kvart som handspinning og plantefarging vart lagt bort og gløymt. I løpet av 1900-talet vart nye åkle mørkare med færre ulike border. Handverksromantikken og motefargane på 1970-talet sette sitt preg på åklea òg. Det er viktig å dokumentere tradisjonen frå før industrialiseringa for om mogleg å finne måtar å vidareføre den særeigne, gamle estetikken med moderne hjelpemiddel. Dei gamle åklea eg framhevar her, er vovne i tida frå tidleg 1800-tal til tidleg 1900-tal av handspunne og i hovudsak plantefarga garn. Det kunne vere omstendeleg å farge med planter. Sjølv om oppfinningane av kjemiske farger tok til på 1850-talet, kom dei ikkje i handelen i Hardanger før på 1870-talet. Vi kan sjå at dei første nye fargane kom raskt i bruk, men at dei berre vart prøvde på fotendar og i faldar i førstninga. Mønstera kan ha utvikla seg ulikt frå stad til stad og ein kan finne ulike dialektar. Etter å ha løyst den stadspesifikke koden kan vi identifisere åkle sjølv om det finst på ein annan stad enn den opphavlege. Dei karakteristiske krokane gjer at mønstera har lett for å flimre og kan sjå like ut om vi ikkje er vane med dei. Oppdeling i border med markert skilje imellom eliminerer noko av flimringa. Bordene er symmetriske og skilje kan vere striper eller bandliknande border. Denne mønstertradisjonen ser ut til å vere særleg sterk i Jondal, men gjeld òg i Kvam og Ullensvang. I Kvinnherad artar bordene, og skiljet mellom dei, seg annleis, men det kjem eg attende til. Bindinga gjer at desse åklea er særs kraftige og nokon kallar dei tjukkåkle eller rugge. Det generelle namnet er krokbragdåkle eller krokåkle. Andre namn er krossåkle (Suldal), krokaåkle / kroka (Hardanger) og bråkvitel (Voss og Nordhordland) Krokåkle på senga: Jondalsåkle Guro Vik i Herand, opphavleg frå Svåsand. På veggen: Krokåkle frå Vines i Ullensvang om lag 1890. Hardanger folkemuseum, Utne. Bilete frå Viketunet i Jondal 2008. Foto O. B. Foto O. B. Vegg: Dobbelkroka åkle vove av Marta Brekke, Jondal, om lag 1920. Kiste: Ragnhild og Annemor-åkle. Bilete frå Viketunet i Jondal. Namn på kapittelet 69

Jondalsåkle Under registreringane mine i Jondal har det skilt seg ut ei gruppe krokåkle med stadeigne kjenneteikn. Dei har kvite hovudendar der mønsteret tek til med ei brei, raud bord med stjerner (krossar med auge). Dei raude krokane der borda tek til teiknar seg som små tårn eller taggar mot det kvite brotet. Mønsteret er ein naturleg konsekvens av teknikken, men den opne plasseringa mot hovudenden i senga må vere viljestyrt. Tradisjonen er den same som på dei gamle brautåklea frå oppstadveven som eg såg så mange av på Tysnes, og kan ha med symbolikk å gjere, som eg var inne på side 26. border. Det er raudt, gult, grønt og svart i mest alle bordene. Banda som skil dei er oftast gule og grøne. Faste border går att i ulik rekkefølgje frå åkle til åkle, nokre er alltid brukte, andre sjeldnare. Erling Vik har peika ut ei bord på Annemor-åkle med same mønster som breidaband (fangband) til bunaden hadde i gamle dagar. Vevaren Erling Vik i Jondal Vevaren Erling Vik utmerkjer seg. Han var gardbrukar, kyrkjetenar og lyrikar og tok til å veve på 1960-talet. Han har vove 28 store veggteppe (vovne i dobbel breidd) og mange mindre. Han likte å sitje under vevstolen til Esse Vik som stod midt i stova i Viketunet. Mor til Esse, Malena Hansdtr. Galtung Vik (1853 1919), vov fem store åkle. Det var vanleg å veve eitt til kvar av borna. Erling har snakka med mange av dei gamle kvinnene som vov eller som hugsa veving. Han vart ofte beden heim på kaffi til Karoline Underhaug (1897 1973). Etterpå sette ho seg i veven og Erling følgde interessert med. Ho oppmuntra han til å byrje med veving. Ho og Anna Handegard var mykje i lag, og dei hjelpte Erling med å setje opp renning i den smale gogna etter oldemor hans. frå midten av åklea, såleis er dei annleis mønstra enn dei gamle sengeåklea. På 1980-talet budde Erling nokre år på Brattabø i Krossdalen (Jondal). Han hadde med seg vevstol og vov fleire store åkle der, mellom anna ein ny versjon av brattabøåkleet. Åklea hans heng òg på offentlege stader i Jondal. - Jondal kyrkje, kapellet. Krokbragd i eigne mønster og farger - Vikevollen sjuke- og aldersheim, Jondal. Krokbragd og ruteåkle - Jonatunet, tidlegare DPS, Jondal. Krokbragd. - Jondal ungdomshus, Jonsvoll. Skakktennt åkle inspirert av eit åkle frå Byrkjeland. Han vov skakkatonne på krokbragdtrøer for å få eit kraftigare åkle enn dei vanlege skakktennte åklea. Erling Vik er æresmedlem i ungdomslaget. Breidabandmønster i ny versjon av Annemor åkle. Kristi Skintveit 2005. Bono. Hovudbord/stjernebord og saksebord Kristi Skintveit 2010, Bono. Den vanlegaste borda har skråstilt rutenett og vert kalla tvist somme stader. Det er eit vernesymbol mot mara. Andre namn på den er gitter eller spjeld. Nettingbord er òg eit høveleg namn. Botnen eller mellomromma i nettingen, tvisten, vekslar oftast mellom raudt, gult og kvitt. Bordene eg har nemnt her er gjengangarane, men åklea kan òg ha ei bord som skil seg ut og berre er brukt ein gong. Eg likar å tenkje på den som vevaren sin signatur. Fotenden skil seg ofte frå resten av åkleet med enklare mønster og farger, og gul ende. Viketunet i Jondal. Etter at tunet vart bygdemuseum, har det husa vevkurs, utstillingar og demonstrasjon av veving. Tradisjonen var utbreidd i Jondal, men fleire åkle kjem frå Svåsand og Vik i Jondal. Dei fleste åklea har saum langsetter midten, men åklea i Brekke og Dokken er vovne på dobbelgogn. På dei er bordene opphøgde med såkalla kroner mot botnfargen og bordene som skil mønstera. Dei er vovne av den omreisande bakstekona og vevaren Anna Samsondtr. Brekke (1838 1906) på slutten av 1800-talet. Tvistbord, stjernebord og nettingbord. Borda med kjerringtenner er signatur. Kristi Skintveit 2010. Bono. Utsnitta av det nye åkleet som eg viser over er inspirert av ein del av eit gammalt åkle frå Strondi, bruk 10 under Bakke i Herand. Eg har brukt prydvevgarn frå Rauma as. Legg merke til bruk av fleire raudfarger, og at fargen skiftar midt i ei bord. Grønt og svart var slått saman i det gamle åkleet. Svart som vart farga heime fekk ofte grønskjær. Jondalsåklea har varierande breie, symmetriske border som er skilde frå kvarandre med smale striper eller bandliknande Her var òg andre vevarar som vov meir enn til eige bruk: - Elseborg (Esse) Vik (1876 1940) var ugift og livnærde seg av veving. Ho vov enkel og dobbel krokbragd og rutevev. - Anna O. Prestegard (1883 1957) var òg ugift. Ho livnærde seg av veving og anna handverk. - Guro Svåsand, gift Sandøy (1901 1985) vov mykje på dobbelgogn i lag med brørne sine til ho gifte seg og flytte i 1934. Ho vov enkel og dobbel krokbragd og rutevev. - Gudrun Kopren, gift Kråkevik (1903 1991) vov mange veggteppe i krokbragd til slekt og vever og for sal. Eitt heng i Jondal bedehus. Ho hadde fleire mønster, mellom anna frå Brattabø, og ho laga mønster sjølv. - Erling Vik (1933 ) veggteppe i krokbragd. Nettverksmønstra åkle (tvist) etter Malena Vik. Han prøvde seg fram i førstninga. Løysing på løyndomen til krokbragd; det ekstra innslaget ein må gjere for å få heilskapleg mønster når ein flyttar ein farge til ei anna trøe, dukka opp i tankane ein gong han sat og mjølka kyrne. Han kjøpte seg snart breiare og betre vevstolar, ein til filleryer og kvitlar og ein til krokbragd. Erling brukte mønster frå gamle åkle, plukka border her og der og sette dei saman på sin eigen måte, eller han skapte mønster på eit friare grunnlag, som i veggteppet til kapellet i kyrkja. Han gjorde det til vane å gjenta bordene symmetrisk av jondalsåkle i Viketunet 2010. 70 Namn på kapittelet Namn på kapittelet 71

Opphavet til Guro-åkle Eg kopla dette jondalsåkleet til Svåsand straks eg fekk sjå det hos Marit og Svein Samland, av di det har dei same friske fargane som åklea Solfrid Svåsand, bruk 33, synte meg. Solfrid er frå Svåsand bruk 5 der det har vore mykje veving. I Gards- og slektssoga for Jondal kommune, fann eg Guro Johannesdotter Svåsand (1844 1931) som var tante til mormora til Solfrid, ho gifte seg i 1868 med Samson Samsonson Haugen, Vik i Herand bruk 1. Han var oldefaren til Svein Samland. I fotenden på åkleet er det prøve på lilla og turkis anilinfarge. Det tyder at åkleet blei vove etter at Guro gifte seg og flytte til Herand. Det kan òg ha vore ei av dei yngre søstrene hennar som vov det. Det ber til dels preg av at vevaren ikkje var heilt fortruleg med krokbragd. Bilete side 58 og 68. Guro, del 1 hovudende 3 2 Guro, del 3 Guro, del 4 9 11 8 7 GURO KROKÅKLE MED SKAKKATONNE Eigar /Stad: Svein Samland, bruk 19 Vik i Herand Årstal : Sist på 1800 talet Vevar/Stad: Svåsand Tilstand: Friske farger. Kroka- og toskaftborder Alt garnet er handspunne, ullgarnet er plantefarga. 115 x 160 cm Om lag 60 x 185 cm x 2 2 tråds lin S tvinn 24/10 1/1 Om lag 125 x 180 cm 130 x 200 cm Same Lin eller bomull 40/10 1/1 eller 20/10 1/2 Innslag: 2 tråds ull Z tvinn Rauma åklegarn 3,5/2 Plantefarger: Raud, 2 nyanser Grøn Gul Blå eller lilla mot fotenden Grønleg svart Naturleg kvit Sjå fargekart. Dårleg Gammal mønstertradisjon i Jondal Guro, del 2 1 str.1 start 10 7 cm + fald i kvit toskaft Striper mellom bordene: Bord: 1, 2, 3, 4, 5 Ikkje striper mellom 5 og 6 Bord 6 Bord 2 m/grønt i staden for gult Bord 7, 8, 9 + striper 1 Bord 10 + str. 2, grøn for raud Bord 4 + striper 2 motsett Bors 5 + striper 2 motsett Bord 2, kanta med raud Bord 11 og 12 = fotende 5 cm. vilkårlege striper 7 cm + fald i kvit toskaft Same eller valfritt Gjenta border om du vil veve eit lengre åkle. 6 5 str.2 4 Guro, del 5 fotende Gl.: Saum på midten, fald i begge endar. Nytt åkle: Fald eller løpegang oppe. Fald eller knytte frynser nede. Krokbragd vevediagram. 2 og 2 renningstrådar blir trædde likt. Ekstratrøe til toskaft 72 Namn på kapittelet Namn på kapittelet 73

Ragnhild åkle Det gamle åkleet er vove utan ekstrainnslag i mønsterovergangane (når ein flyttar ein farge til ei anna trøe) slik at krokbragden haltar. Det er den eine grunnen til at mønsteret har eit prikkete preg. Den andre er at mønsteret i seg sjølv er småstilt, med hyppige mønsterovergangar. Oversiktsbilete side 58, åkleet lengst til høgre. Bilete av bord 10 og 11 side 63. Der finn du òg tekst om korleis krokbragd skal vevast for å bli rett. Træing som Guro-åkle. Farger: Om du ikkje vil ha to nyansar i alle fargane, kan du velje ein eller to farger med to alternativ. I gamle dagar måtte dei farge i fleire vender. Det gav variasjon, dei farga òg i ettersuppa som gav eit lysare garn som vart brukt i fotenden av åkle. Ruter/innslag: Første mønsterinnslag er i underkant av dei teikna bordene. Kvit rute er kvit tråd. Kvar rute er 3 innslag av kvar farge, hugs ekstrainnslag i overgangane. Midtpunkta eller prikkane, som nokon kallar auge, får då 2 innslag. av bordene: Det skal vere 3 striper i toskaft, om lag 1 cm. til saman, mellom bordene. Veksle mellom ei smal grøn stripe på gul botn og ei smal gul stripe på grøn botn, tilsvarande som i Guro-åkle. RAGNHILD ÅKLE FRÅ JONDAL Eigar /Stad: Byrkjeland, bruk 2, Jondal Årstal : Seint 1800-tal Vevar/Stad: Jondal Tilstand: Breie, småmønstra border Handspunne mjukt ullgarn. 114 x 170 cm 60 x 180 cm x 2 Krokbragd 3 skaft 3 tråds lin S tvinn 24/10 1/1 120 x 180 cm 130 x 200 cm Same, 2 skaft i fald og striper Lin 10/3 eller bomull 12/6 20/10 1/2 Innslag: 2 tråds ull Z tvinn Rauma åklegarn Nm 3,5/2 Bra Jondalsåkle, Vik i Jondal, som Annemor-åkle, Bord 1 hovudende 4 x Ragnhild-åkle, vove 2011 av Birgitta Kuik. Mønster: Plantefarger Vinraud Mosegrøn Frisk gul Sauesvart Sauekvit Krokbragd. Symmetriske border med striper som skilje Varier 2 nyanser i kvar farge f. 728 / 744 f. 791 / 790 f. 746 / 750 f. 710 / 733 f. 717 / 701 Same Bord 2 7 cm kvit toskaft til fald 5 cm kvit krokbragd Bord 1 hovudende Striper i toskaft Bordene 2-15 med stripeskilje 3 grøne innslag 5 cm kvit krokbragd 7 cm kvit fald i toskaft Same eller valfritt. Gjenta border eller lån frå Annemor-åkle for å få lenger åkle. Saum på midten. Sydd saman kant i kant og falda med renningstråd. Fald i begge endar, eller løpegang til oppheng og frynser nede. Ragnhild-åkle hovudende med bordene 1-4. Vove 2011 av Birgitta Kuik. Bord 6 og 8 Bord 11 74 Namn på kapittelet Namn på kapittelet 75

Ragnhild åkle, mønsterborder Bord 3 Bord 5 4 x Bord 4 og 13 Bord 7 variasjon av bord 2 3 x Solfrid-åkle, Svåsand Dei vov fleire jondalsåkle i friske farger på Svåsand, både breie og smale. Guro-åkle er eitt av dei og i Mæle har dei eitt der det berre er veksla mellom nokre få border. I Solfrid-åkle er det heile 18 mønsterborder, 10 av dei er ulike, dei 7 nedste mot fortenden er smale og skaper eit parti som liknar krokåkle med striper. Dette er åkleet som det er bilete av i Åkleveving i Jondal, Allmennsoga for Jondal, side 294. Rekkefølgje: Bord 1, 3 og 7 stjernebord Kross og klingle -band, etter dei 7 første bordene Bord 2, 6, 11, 14 og16 tvistbord Bord 4 kronebord (signatur 1) Bord 5 og 9 krokabord med auge Bord 8 markeringsbord midten (signatur 2) Striper som skilje heretter og til slutt Bord 10 og 12 tvistvariant Bord 13 beltebord Bord 15 hosebandbord Bord 17 smal augebord Bord 18 smal nettingbord Solfrid-åkle, del 1 Bordene 4, 5 og 9 bord 5 og 9 bord 4 Bord 9 som midtpartiet i bord 3 Bord 10 - variasjon av bord 2 Solfrid-åkle, del 2 Bordene 8,10 og 12 4 x bord 10 og 12 Åkletradisjon frå Svåsand i Gamlestova i Mæle. Bord 12 som midten i bordene 2 og 8 4 x Bord 13 som 4 Bord 14 bord 8 Bord 15 fotende Svåsandåkle Solfrid tidleg 1900-tal. 76 Namn på kapittelet Namn på kapittelet band 77

Historia om Annemor åkle På bilete side 58 er Annemor-åkle det midterste. Åkleet er eitt av tre som Erling Vik har ei forteljing om etter mor si. Dei var tre kvinner som gjekk i lag om kvar sitt åkle. Då dei tok til å veve synte det seg ein hovelfeil, men det var berre ei av dei som ville rette den og dermed vart den ikkje retta. Eg gav åkleet namn etter Anna Byrkjeland. Det er eit typisk jondalsåkle, men har ein eigen mønsterfinesse, eller signatur som eg likar å kalle det. Det er i hovudsak hosebandet som er brukt som mellombord, men kring annakvar mønsterbord har vevaren bytt om fargane. Sjå hoseband A og B side 71. Det endrar borda og berikar heilskapen. Det er såleis lett å kjenne att desse tre åklea og lett å skilje ut dei som Erling Vik har vove med same finessen i nyare tid. Vi ser òg at vevaren ikkje har hugsa att detaljane frå den første til den andre vevlengda. Nokre border er litt annleis frå side til side. i dag Eg vov åkleet i 2004 2005 etter eit bilete eg tok på Byrkjeland. Eg brukte det garnet eg hadde med innslag av plantefarga garn, og vov det i ein gammal, smal vevstol for å arbeide etter liknande vilkår som før i tida. Det var lett å ta mønsteret etter bilete, men vanskeleg å treffe bordene med den andre vevlengda. Med berre litt forskjell i tilslaget vil borda endre breidd. Eg forlenga mønsteret for å dekke ei moderne seng, men då vart formatet uharmonisk. Vi er så vane med det gamle formatet på samansydde åkle at endring skurrar. Erling Vik har vove sine store åkle i brei vevstol og då tåler åklea større lengd. Side 20 og 70 finn du bilete av borde frå Annemor-åkle som eg vov ferdig i 2005. Eg brukte prydvev- og biletvevgarn og fleire nyansar i kvar hovudfarge. Jondalsåkle Annemor, hovudende med stjernebord. Annemor åkle, saksebord, hoseband og tvistbord. ANNEMOR ÅKLE Eigar /Stad: Byrkjeland bruk 2, Jondal Årstal : Tidleg 1900-tal Vevar/Stad: Vik i Jondal Tilstand: Raude krokar mot hovudende, gul fotendealt garnet er handspunne, ullgarn er plantefarga. 114 x 165 cm Om lag 60 x 175 cm x 2 Krokbragd, 3 skaft Fotende voven i toskaft Lin, 2 tr. S tvinn 26/10 1/1 120 x 180 cm 130 x 200 cm Lin 8/2 eller bomull 12/6 25/10 1/2 Innslag: Ull, 2 tr. Z tvinn Rauma prydvevgarn Nm 6/2 Plantefarger: Krappraud, 2 nyansar Varm gul Mosegrøn Farga svart, falma Naturkvit Saum på midten. Sydd kant i kant med ull og falda med ull. 2 nyansar i kvar farge: f. 644 / 635 f. 646 / 650 f. 679 / 678 f. 636 / 673 f. 617 / 601 Fald i begge endar, eller løpegang til oppheng og frynser nede. Bra Gammal mønstertradisjon, Jondalsåkle Erling Vik, f. 1933, fortalde etter mor si. Fargeval: Det er frivillig om du vil veve med to nyanser i kvar farge, men åkle får meir liv og likskap med det gamle om du gjer det. Du kan òg velje ut ein eller to av fargane til å variere med etter innfallsmetoden. Den raude stripa mellom border og band er ikkje teikna. Vi treng 2 innslag i toskaft og 3 i krokbragd for å dekkje renninga og få stripeeffekt. Mønster og innslag: Ei rute i høgda er 4 innslag av kvar farge i krokbragd, hugs ekstrainnslag ved fargeforskyvning. Midtpunkta har 3 innslag. Det skal ikkje vere stripe mellom hovudborda og enden. 3 av bordene er ulike på høgre og venstre side. Vel ein av variantane om du vev i full breidd. Eventuelt kan du veve alle om du skifter ut border eller vev eit lengre åkle. Annemor åkle, fotende. Vidareføring: Erling Vik f.1933 bruk nr. 22, Vik i Jondal Har vove fleire variantar. Kvit hovudende m/fald 12 cm, B 1 hovudb.som Ragnhild 1, 3 rapp. Hoseband A (side 71) B 2 variant av Ragnhild bord 4 Hoseband B (side 71) Bord 3 + Hoseband B Bord 4 som Ragnhild bord 4, 1 rapp. Hoseband A Bord 5 vel høgre eller venstre side Hoseband A Bord 6 som 4 + Hoseband B Bord 7 + Hoseband B Bord 8 som 4 + Hoseband A Bord 9 variant av bord 5 Hoseband A Bord 10 som bord 4 Avslutning gammalt åkle Kross og klingleband B (side 71) Bord 11 fotende + Krossband B Gul fotende m/fald 12 cm Kristi Skintveit f. 1942 bruk nr 89 Sætveit Vov 2 m. langt åkle 2004 2005 Kvit kant/løpegang 20 cm, toskaft Innslagsliste v. side fram til avslutning Avslutning nytt åkle Hoseband B Bord 11 Hoseband B Bord 12 som bord 4 Hoseband A Bord 13 Hoseband A Bord 14 som bord 4 Kross og kringleband B Bord 15 Kross og kringleband B Bord 16 Kross og kringleband B Bord 17 fotende nytt åkle Kvit fotende m/fald 12 cm 78 Namn på kapittelet Namn på kapittelet 79

Annemor åkle, mønsterborder Bord 1 som Ragnhild. Bord 2 Bord 3 Breidabandbord Bord 10 som bord 4 Bord 11 fotende venstre side Bord 11 fotende høgre side 2 x 2 x Bord 8 som bord 4. Bord 5 høgre side Bord 11 nytt åkle Bord 12 som bord 4 Bord 13 Bord 4 som Ragnhild b. 4-1 rapp. Bord 5 venstre side Bord 16 Bord 9 høgre side Bord 14 som bord 4 Bord 15 Bord 6 som bord 4. Bord 7, nedst side 81 Bord 9 venstre side Bord 7 Bord 17 endebord nytt åkle 80 Namn på kapittelet Namn på kapittelet 81

Om Anna åklea Mønsteret i dei to åklea som vi veit at Anna Brekke har vove byggjer på dei tradisjonelle jondalsbordene. Som ein signatur har Anna kanta dei med doble krokar og kroner. Somme kallar krokåkle med kroner for kroneåkle. Ho har lagt vekt på stjerneborder og sakseborder i åkleet i Brekke, medan der er fleire tvistborder i åkleet i Dokken. Ho har brukt grønt i tvistbordene i staden for kvitt. Ei bord liknar på ei fin blomeeng, sjå side 70. ANNA ÅKLE MED KRONER Eigar /Stad: Hilde og Lars-Arne Eide, Jondal Årstal : 1880 1890 Vevar/Stad: Anna Samsonsdtr. Brekke, 1838 1906 Tilstand: Bordene kanta med kroner, friske farger Handspunne ullgarn, litt for tynnt i høve til den opne renninga (flattrykte krokar) 117 X 180 cm 120 X 185 cm Krokbragd 130 X 190 cm 135 X 200 cm Bra Jondalsåkle. Anna tok oppdrag og vov eit nesten likt åkle i Dokken. Kisteåkle til finare bruk. 2 tr. lingarn, S tvinn 19/10 1/1 Tilpass renning 20/10 1/2 Innslag: Ull, 2 tr. Z tvinn Rauma åklegarn 3,5/2 Anna åkle med kroner, hovudende. Anna åkle med kroner, fotende. Plantefarger og kjemiske f.: Raud pakkfarge Mosegrøn Gul av lauv eller lyng Lilla pakkfarge, fotende Sauesvart Kvit Tilpass fargane: Raud Grøn Gul (Lilla) Svart eller mørkebrun Ubleika kvit Anna åkle med kroner, del 1 4 Anna åkle med kroner, del 2 7 Anna åkle med kroner, del 3 x2 13 Hovudende: 4 cm kvit + fald. Bordene 1 7, bord 2 skil mellom kvar krokabord til og med 12 13 Bord 8 som 3 Bord 9 som 4 Bord 10 som 6 Bordene 11 15 2 cm lilla + kvit fald, Kvit kant i ønska breidd + fald/ løpegang. Same bordemønster, eventuelt med tillegg. Kvit kant i ønska breidd + fald/ frynser NB: Vev kantar og striper i toskaft <--- fotende Endane er falda. Nytt åkle: Falda eller sy løpegang og knyt frynser nedst. 3 6 12 15 2 1 5 11 x2 14 <--- hovudende Anna åkle med kroner, del 4 82 Namn på kapittelet Namn på kapittelet 83

Krokåkle med striper I jondalsåklea finn ein både striper og mønstra band som skilje mellom dei breie mønsterbordene. Stundom anten eller, men like ofte både òg. Dei fleste krokåklea eg har sett frå Herand har breiare stripefelt som skilje mellom mønsterbordene og i nokre er det kjerringtannborder. Dei fleste bordene er smale og liketil og liknar bordene i dei eldste krossåklea frå Suldal. Men der er òg innslag av velkjende jondalsborder som stjernebord og nettingbord, og ei og anna pyntebord eller signaturbord. Krossåkle frå Suldal I 1975 gav Stavanger Husflidsforening ut ei mønstermappe som bokhandlar Julius Bårdsen hadde samla av åkle i Suldal. Der er bilete av krokbragder frå 1700- og 1800-talet. Ti av tolv plansjar viser smale, symmetriske border som er skilde med striper og det førekjem kjerringtann-border. Bordene liknar på dei enkle krokbordene i brautåklea frå oppstadveven. Åklea er vovne i full breidd, men ikkje breiare enn kring 110 cm. og lengda kring 170 cm. skreiv Bårdsen. Det er interessant å sjå at ei gruppe gamle krokåkle frå Jondal, liknar på desse eldste åklea frå Suldal. Mappa har vore for sal i husflidsutsala og er ettertrakta av vevarar. Det har ikkje vore så mange andre mønster i krokbragd å få kjøpt. Erling Vik i Jondal har kopiert fleire einskildborder frå Suldal, liknande dei eg kallar pynteborder, og han har plassert dei saman med typiske jondalsborder. DORTHEA KROKÅKLE I TVEITE Eigar /Stad: Tveite bruk 1, Herand, Jondal Årstal : Etter 1875 (NB lilla) Vevar/Stad: Som over Tilstand: Enkelheit, bratte krokar All tråden er handspunnen og tjukk. Det er brukt (for) tett skei. 115 x 145 cm Om lag 60 x 155 cm, 2 stk. Krokbragd Om lag 120 x 170 cm 125 x 185 cm Dårleg Gammal mønstertradisjon, jamfør krossåkle frå Suldal 2 tr. hamp, S tvinn 29,5/10 1/1 Tilpass renning, la to trådar gå likt 40/10 1/1 (20/10 1/2) Innslag: Ull, 2 tr. Z tvinn Rauma åklegarn Nm. 3,5/2 Plantefarger: Mørk krappraud Gul av lauv eller lyng Lilla anilin, er grå etter falming Sauesvart Kvit Tilpass fargane: Rustraud 719 Gul 746 Lilla 774 Svart eller mørkebrun Ubleika kvit Herborg-åkle, hovudende Herborg-åkle, fotende Hovudende: 5 cm kvit kant + fald Bord 1 B 2 - striper, gjenta mellom kvar krokbord B 3, 4, 5 og 6 B 4, 5, 6 og 4 B 7, 8, 9 og 10 Fotende: Bord 2 og 7 cm kvit kant/fald 2 lengder er sydde saman, endane er falda. Nytt åkle: Falda endane eller sy løpegang og knyt frynser nedst. Kvit kant i ønska breidd + fald/ løpegang. Hovudbord: Om du vil ha mjukare start for mønsteret, kan du veve kvit for svart i dei 2 første rutene. Bordemønster, eventuelt med fleire repetisjonar. Kvit kant i ønskt breidd + fald/ frynser. NB: Vev kantar og striper/ kj.t. i toskaft Foto O.B. Herandsåklea Dorthea og Herborg, frå Tveite og Mæle om lag år 1900. Bilete frå Viketunet i Jondal 2008. Dorthea, del 1 Dorthea, del 2 x3 4 3 2 1 <--- start 10 9 8 7 6 5 84 Namn på kapittelet Namn på kapittelet 85

Gunda-åkle I gamle dagar både spann og farga dei i fleire vender. Det gav variasjon som ofte viser meir etter falming. Dei farga òg i ettersuppa. Det gav lysare farger som vart brukte i fotenden av åkle, som tilfellet er her. Der åkle er sydd saman av to delar, kan den eine vere mørkare enn den andre, men på Gunda-åkle er delane nokså like, og vevaren har gjort godt arbeid. I dag vev ein åkle i full breidd og har nok garn, men kan gjenskape det primitive preget med bruk av fleire kvalitetar og nyanser. I ruteteikningane har eg berre brukt ein av kvar kulør, så variasjonen må du improvisere. Gunda-åkle. Gamlestova i Mæle 2010. GUNDA KROKÅKLE I MÆLE Eigar /Stad: Arne B. Mælen, Herand, Jondal Årstal : 1800 talet Vevar/Stad: Mæle eller Espeland (?) Tilstand: Smale border og striper, ikkje tvistbord, blått i tillegg til tradisjonelle farger. Alt garnet er handspunne, ullgarnet er plantefarga. God Gammal mønstertradisjon. Jamfør krossåkle frå Suldal Gunda del 1 Gunda del 3 122 x 170 cm Om lag 62,5 x 185 cm x 2 Om lag 125 x 180 cm 130 x 200 cm Same 2 tråds lin S tvinn 22/10 1/1, tettare jarar Lin eller bomull, træ to trådar likt 40/10 1/1 (20/10 1/2), tettare jarar Innslag: 2 tråds ull Z tvinn Rauma åklegarn 3,5/2 Plantefarger: Metta farger, lysare mot fotenden. (Etterfarging) Krappraud Grøn Blå Gul Sauesvart og -brun Naturleg kvit Sjå fargekart Varier med nyanser i kvar hovudfarge Raud 735 Grøn 730 Blå 753 Gul750 Brunsvart 710 Ubleika kvit Gunda del 2 Gunda del 4 12 cm kvit toskaft til kant m/ fald Rutemønster frå hovudende: Symm. smale striper i toskaft. Bord 1 og 2: smal kvit str, i skilje Striper mellom kvar bord heretter Bord 3, 4, 5 og 6 Bord 4 med gul for kvit Bord 5 og 7 Bord 3 med raud for kvit Bord 7 utan grøne kantar Om lag herifrå er fargane lysare Bord 8, 9, 10, 11 og 12, heretter toskaft, striper og kjerringtenner, fotende 12 cm raud, brun, kvit kant m/fald Same eller valfritt. Gjenta border om du vil veve lenger åkle. Stripene skal vere veldig smale og ordnast alltid symmetrisk, men farger kan byte plass etter som det høver med borda som står inntil. Saum på midten. Sydd saman kant i kant og falda med renningstråd. Fald i begge endar, eller løpegang til oppheng og frynser nede. 86 Namn på kapittelet Namn på kapittelet 87

Krokborder med opne overgangar Opne overgangar tyder at skilje mellom bordene ikkje er markert med striper eller band, men med botnfargen og ei ope bord av krokar eller krossar. av Marta-åkle Farger: Om du ikkje vil ha fleire nyansar i alle fargane, så vel ein eller to som du varierer. I gamle dagar måtte dei farge i fleire vender. Det gav variasjon som vart større etter falming. Dei farga òg i ettersuppa som gav lysare farge som vart brukt i fotenden av åkle. Venstre side av åkleet er mørkare enn høgre side, særleg mot fotenden. I dag vev ein åkle i full breidd og har nok garn, men kan gjenskape det primitive preget med bruk av fleire kvalitetar og nyansar. I ruteteikningane har eg berre brukt ein av kvar kulør, så variasjonen må du improvisere. Mønster: Åkleet har mørkeraude krokar mot kvit hovudende, to hovudborder, ei signaturbord og elleve tvistborder (fylte nettingborder). Mellom bordene er det overgangar, det vil seie opne mellomborder på kvit botn utan kantstriper. Av desse er to femdoble krokar, seks er tredoble krokar, to er ein krok, fire er ei rad krossar, den eine med auge og ein er samanhengande rombar med auge. Ruter/innslag: Første innslag er nedste rute. Kvit rute er kvit tråd. Kvar rute er tre eller fire innslag av kvar farge, hugs ekstrainnslag i overgangane der fargen byter trøe. Augo har to eller tre innslag. Marta del 1 Marta del 2 Marta del 3 Marta del 4 MARTA KROKÅKLE I MÆLE Eigar /Stad: Arne B. Mælen, Herand, Jondal Årstal : 1800 talet Vevar/Stad: Brukt i gamlestova i Mæle Tilstand: Fleire raudfarger, fylte tvistborder Alt garnet er handspunne, ullgarnet er plantefarga 120 x 175 cm Om lag 62,5 x 185 cm X 2 Krokbragd, toskaft i fald Om lag 125 x 180 cm 130 x 200 cm Same Dårleg Gammal mønstertradisjon i Jondal. 2 tråds lin S tvinn 24/10 1/1 Lin eller bomull 20/10 1/2 Innslag: 2 tråds ull Z tvinn Rauma åklegarn 3,5/2 Plantefarger: Kald raud, 2 nyanser Varm raud 2 Grøn 2 Gul 2 Sauesvart og -brun Naturleg kvit Sjå fargekart Varier med nyanser i kvar hovudfarge 7 cm kvit toskaft til fald 5 cm kvit krokbr. el. toskaft Hovudende: Bordene 1 4, overgang Bord 5, overg. mrk. 1 m/grøn for raud Bord 6, overgang Bord 7, overgang Bord 8, overgang Bord 9, overgang Bord 10, overgang Bord 11, overgang mrk. 1 Bord 12, overgang Bord 13, overgang mrk. 1 Bord 14, overgang mrk. 1 Fotende: 5 cm kvit krokbr. el. toskaft 7 cm kvit fald i toskaft Saum på midten. Sydd saman kant i kant og falda med renningstråd. Nytt åkle: Fald i begge endar, eller løpegang til oppheng og frynser nede. Same eller valfritt Gjenta border om du vil veve eit lenger åkle. Marta del 5 fotende, bordene 13 og 14 bord 14 og mrk.1 bord 13 Tunet i Mæle 2010. Kulturgalleriet og gamlestova i front. Gjester frå Harding Puls. 88 Namn på kapittelet Namn på kapittelet 89

Cora, eit funn Etter å ha fått tips fann eg krokåkle i ein container i Jondal. Dei var i veldig dårleg stand, men eitt med originalt mønster let seg teikna, og fekk namnet Cora etter funnstaden. Åkleet inneheldt fleire mønster- og fargestemningar, frå avgrensa, fortetta border i hovudenden, via bølgjande mønstra midtparti med opne overgangar, til forenkla mønster og farger på kvit toskaftbotn mot fotenden. Fleire border var sette saman av smale kross og kringleband sånne som skil breie mønsterborder fleire stader i Hardanger. Det har eg berre sett i Sunnhordland tidlegare. Border med lus innpå åkleet har eg heller ikkje sett på andre åkle. Cora hadde to raudfarger, den mørkaste var berre brukt i hovudenden av åkleet. Den gylne brunfargen kan ha vore mørkegrøn og hadde innslag av blått her og der. Den lysaste fargen var veldig svak, mest som hudfarge, men kan ha vore gul opphavleg. Avstem fargane til kvarandre med likevekt mellom lys og mørk, og kulør og naturfarge. Figurane i krokbragd skal ha tilnærma same høgd som breidd. Striper som skil border og band vev du med to innslag i toskaft. Du kan veve slikt skilje mellom banda i bord 8 òg om du vil, med svart eller mørk raud farge. Bordene 6 16 (unnateke 8) er kanta med krokar og glir over i kvarandre utan skilje, det vil seie opne overgangar, som i Marta-åkle. Her kan du ta grep som å veve skilje, eller la krokane stå spegelvende i overgangen mellom bordene. Unngå to heilt like border etter kvarandre. Bord 6 og 7, og 9 og 10, deler svarte krokar i overgangane. Legg gjerne til svarte krokar mellom 10 og 11, og 11 og 12, medan 12 og 13 kan dele svarte krokar i overgangen. Det same kan 13 og 14, eller som eg allereie har foreslått, bruk ein annan farge på krokane i bord 14. Det same gjeld for overgangane mellom 15 og 16, og 17 og 18. Gunda del 1 Gunda del 2 Gunda del 3 Gunda del 4 Gunda del 5 CORA ÅKLEFUNN I CONTAINER Eigar /Stad: Merka med Brattabø Årstal : Om lag 1850 Vevar/Stad:? Tilstand: Border sett saman av band og lus All tråden er handspunnen, plantefarger 115 x 170 cm Om lag 60 x 180 cm, 2 stk. 2 tr. lingarn, S tvinn 23,5/10 1/1 Om lag 120 x 175 cm 125 x 185 cm Tilpass renning 20/10 1/2 Innslag: Ull 2 tr. Z tvinn Rauma åklegarn 3,5/2 Plantefarger: Mørk raud (blåleg) Raud farga med maure el. krapp Lys gul Mosegrøn/brun Blå, nokre få innslag, ikkje teikna Sauesvart Kvit Hovudende: Bordene 1-8, NB: bord m/lus mellom 4 og 5 Bord 9 som 7 kanta m/svarte kroker Bordene 10 og 11 + bord 12 som 10 Bord 13 som 7 med kantborder Bord 14 som 6 med brun/grøn i staden for svarte kroker (kantborder). Bord 15 som 11 utvida, kvit kross = M Bord 16 + bord m/lus + bord 17 Bord 18 som 11+ bordene 19 og 20 Fotende: Bord 21 + 2 cm kvit Fald: 4 cm svart, 6 cm kvit Tilpass fargane: Mørk raud 728/744 Varm raud 724/794 Gul 750/761 Grøn 791/790 eller brun 709 Blå 749 Mørk brun 710 (svart) Ubleika kvit Dårleg Gl. mønstertradisjon, har sett liknande i Sunnhordland. Same eller valfritt. Gjenta border om du vil veve lenger åkle. Stripene skal vere veldig smale og ordnast alltid symmetrisk, men farger kan byte plass etter som det høver med borda som står inntil. 2 lengder er sydde saman Endane er falda Nytt åkle: Falda endane eller sy løpegang og knyt frynser nedst 12 cm kvit kant og fald/løpegang Same bordemønster, eventuelt med tillegg. Kvite lus på den siste svarte stripa blir fint. Kant i ønska breidd + fald/ frynser. NB: Vev bord 21, striper, kjerringtenner, kantar og fald i toskaft. 90 Namn på kapittelet Namn på kapittelet 91