Til: Frå: Kopi: Høyanger kommune v/jostein Nyland og Synne Vefring Norconsult AS v/johannes Henrik Myrmel Vadheim Akvapark AS v/sturle Skeidsvoll og Kjell Inge Solhaug Dato 2018-06-18 Detaljreguleringsplan Vadheim Akvapark Innleiing I samsvar med forskrift om konsekvensutgreiingar av juni 2017, 4 skal forslagsstillar til ein reguleringsplan sjølv vurdere om planen fell innanfor forskrifta sitt saklege verkeområde, omtalt i 6, 7 og 8 i forskrifta. På bakgrunn av opplysningane gitt av forslagsstillar skal ansvarleg mynde (Høyanger kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune) ta stilling til om planarbeidet fell innanfor virkeområdet til forskrifta. Konklusjonen til ansvarleg mynde skal grunngjevast. Forslagsstillar for dette planarbeidet er Vadheim Akvapark AS. Vurderinga er utarbeidd av Norconsult as for Vadheim Akvapark AS. Planområdet og tiltak planen skal legge til rette for Formålet med planarbeidet er regulering av gnr 42, bnr 23, 55, 141, 142 og 143 til næringsformål. Området er på ca. 80 daa. Området er regulert og har vore nytta til ulike former for næring, der det bl.a. har vore etablert landbasert anlegg for oppdrett. Aktiviteten innanfor området er i dag avvikla. Planområdet er lokalisert i Vadheim og femnar om areal på begge sider av fylkesveg 55 (Kyrkjebøvegen). Mot fjorden, dvs. sør for fylkesveg 55 skal planen legge til rette for utvikling av produksjonsanlegga til Vadheim Akvapark. På areala skal det det etablerast landsbassert oppdrettsanlegg. Produksjonsareala femnar om areala sør og sørvest for fylkesveg 55 samt den etablerte småbåthamna. I område skal det etablerast ny kai. I område nord for fylkesvegen er det planar om etablering av servicefunksjonar for næringsaktiviteten sør og sørvest for fylkesveg 55. 2018-06-18 Side 1 av 5
Figur 1: Kart som viser framlegg til grense for planområdet. Bakgrunnen for planarbeidet er arbeid med etablering av Vadheim Akvapark. Planframlegget vil ikkje vere direkte tiltaksretta, men legg rammer for seinare tiltak. Det må avklarast om framtidig akvakulturanlegget krev konsesjon. Det er føresett gjort gjennom eiga vurdering. Planen er føresett å vere avklarande i høve arealbruk, Naudsynte arealbruksavklaringar vert gjort gjennom planprosessen. Ev. tiltaksretta utgreiingar er føresett gjort gjennom ev. konsesjonshandsaming der fylkeskommunen er ansvarleg mynde. Tilhøve til planer Kommuneplan for Høyanger kommunen vart vedteken i 2016. Område er sett av til næring (N16 og N17), småbåthamn (VS6), drikkevasskjelde og bruk og vern av sjø og vassdrag. Næringsarealet er regulert i reguleringsplan for Hovland. Planen vart vedteken den 12. september 1974. Areala er regulert til industri og offentleg område/småbåthamn. Innanfor industriområde kan det etablerast bygg med ei maksimal byggehøgde på 30 meter. Planframlegget og virkeområde til forskrifta om KU Forskrifta om konsekvensutgreiingar skil mellom planar og tiltak som alltid skal konsekvensutgreiast ( 6), og planar og tiltak som skal vurderast nærmare ( 8). Tiltak etter 6 skal alltid utgreiast. Det er i tillegg krav om planprogram. Tiltak etter 8 skal konsekvensutgreiast dersom planen eller tiltak som planen legg til rette kjem i konflikt med eit eller fleire av kriteria i 10 i forskrifta. Det er ikkje krav om planprogram for planer som fell innanfor virkeområdet til 10 i forskrifta om konsekvensutgreiingar. Det skal utarbeidast detaljreguleringsplan. Planområdet er på ca. 80 daa og lokalisert innanfor regulert område som har vore nytta til ulike former for næring/industri. Planarbeidet omdisponerer ikkje nytt areal utbyggingsformål, men eksisterande småbåthamn vil verte vurdert teke i bruk til næring (utfylt). I tillegg vil planen, på same måte som vedteken plan, opne for utfylling i fjorden. Planen skal legge rammene for seinare gjennomføring av tiltak. Den legg ikkje til rette for tiltak i vedlegg I. Planarbeidet fell ikkje innanfor virkeområde til 6 i forskrifta. 2018-06-18 Side 2 av 5
Detaljreguleringsplanen legg til rette for akvakulturanlegg og utviklingsprosjekt for industriområde. Dette er endringar som fell innanfor vedlegg II, nr 3, punkt f i forskrifta med fylkeskommunen som ansvarleg mynde og nr 10 bokstav a i forskrifta med planmynda som ansvarleg mynde. Av vedlegg II, punkt 13 går det fram at utviding av tiltak i vedlegg II fell innanfor virkeområde dersom planen kan få vesentlege verknader. For å vurdere om planarbeidet kan få vesentlege verknader, skal den vurderast etter dei særskilde kriteria i forskrifta om konsekvensutgreiingar. Planarbeidet vert vidare vurdert opp mot kriteria i 10 i forskrifta Vurdering i høve kriteria i 10 i forskrifta om konsekvensutgreiingar I vurderinga av om planen kan få vesentlege verknader, skal det takast omsyn til eigenskapar ved planen eller tiltaket, lokalisering samt påverknad på omgjevnadene. I tillegg skal det sjåast på eigenskapane ved verknadene. I den påfølgjande vurderinga av planarbeidet sitt tilhøve til kriteria, er det gjennomgåande nytta «planområdet». Det betyr planområdet med ei tilhøyrande buffersone som i praksis vil vere influensområde. Eigenskapar ved planen og tiltaket som planen opnar for Planområdet og byggetomta er på om lag 80 daa. Det er etablert offentleg veg som går gjennom området Eksisterande bygningsmasse innanfor planområdet skal sanerast. Eksisterande hovedbygg vart bygd på slutten av 50-talet og vart nytta til treforedling, og seinare fiskeoppdrett. Bygget er i dag brukt til lager. Eksisterande bygg på kaien er eit uisolert lagerbygg, bygd som barkeskur, men kun nytta som lager i dag. Planarbeidet skal legge rammene for etablering av landbasert akvakulturanlegg (kapasitet) med tilhøyrande lager og servicefunksjonar. Planarbeidet legg ikkje beslag på nye naturressursar eller føresette ikkje om disponering av landbruksareal. Det vert ikkje etablert funksjonar innanfor området som skapar utfordringar i høve avfall, forureining eller risiko for alvorlege ulykker og eller katastrofer. Påverknad på omgjevnadene Underpunkta for vurdering av påverknad gjev i liten grad presise kriterier, og det er dermed trong for bruk av skjønn. I vurderinga reknar vi med at terskelen for å rekne slike følgjer som er nemnt i forskrifta som «vesentleg» er forholdsvis høge, og at reguleringsplanar med «normal» konflikt- og kompleksitetsnivå ikkje fell inn under det saklege virkeområdet for utgreiings- og handsamingsreglane i forskrifta om konsekvensutgreiingar. Vurderinga er basert på informasjon som er henta frå nasjonale databasar med stadfesta informasjon samt informasjon i kommuneplanen til Høyanger kommune. Det har ikkje kome fram informasjon gjennom vurderinga som har gjort det naudsynt å drøfte særskilte problemstillingar med regionale- og statlege styresmakter. Fleire av underpunkta kan vere relevante. 2018-06-18 Side 3 av 5
I 10 står det at det skal gjerast ei vurdering av om kan føre til eller komme i konflikt med (forskrifta sin ordlyd er rykka inn og angitt med kursiv skrift). pkt a) verneområder etter naturmangfoldloven kapittel V eller markaloven 11, utvalgte naturtyper (naturmangfoldloven kapittel VI), prioriterte arter, vernede vassdrag, nasjonale laksefjorder og laksevassdrag, objekter, områder og kulturmiljø fredet etter kulturminneloven Område er ein del av eit tidlegare større regulert næringsareal. Vadheimsfjorden er ikkje definert som Nasjonal Laksefjorden. Det ligg ikkje føre informasjon om at elva gjennom området er laks og sjøaureførande. Det er ikkje registrert førekomstar av utvalde eller trua naturtypar, verdfulle naturtypar, trua artar eller prioriterte artar i og ved planområdet i tilgjengelege nasjonale databasar med stadfesta informasjon. pkt b) truede arter eller naturtyper, verdifulle landskap, verdifulle kulturminner og kulturmiljøer, nasjonalt eller regionalt viktige mineralressurser, områder med stor betydning for samisk utmarksnæring eller reindrift og områder som er særlig viktige for friluftsliv Det er ikkje registrert førekomstar av utvalde eller trua naturtypar, verdfull naturtypar, trua artar eller prioriterte artar i og ved planområdet i tilgjengelege nasjonale databasar med stadfesta informasjon. Område er teke i bruk til næring og i stor grad prega av tiltak. Ein må rekne med at «verdfulle» landskap m.v. vil ha kvalitetar og eigenskapar ut over vanleg norske landskap og natur, sjølv om den som regel ålment er verdfull. Omsynet til kulturminne er føresett ivareteke i samsvar med dei ordinære handsamingsrutinane for slike saker i plan- og bygningslova samt kulturminnelova. Planarbeidet vil endre bruken av småbåthamna. Småbåthamna tryggar tilgjenge til fjorden. pkt c) statlige planretningslinjer, statlige planbestemmelser eller regionale planbestemmelser gitt i medhold av plan- og bygningsloven av 27. juni 2008 nr. 71 eller rikspolitiske bestemmelser eller rikspolitiske retningslinjer gitt i medhold av plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 nr. 77. Området er lokalisert delvis innanfor 100 meters belte til sjø og vassdrag. Området er regulert til industri og småbåtanlegg og prega av tiltak/inngrep. Planarbeidet vil bygge opp om rikspolitiske retningslinjer for areal og transport og statlege planretningslinjer om arealbruk. pkt h) risiko for alvorlige ulykker som en følge av naturfarer som ras, skred eller flom Området er lokalisert under marin grense. Deler av område er lokalisert innanfor fareområde for skred. I tillegg grensar det til både fjorden og mindre elv som delar området i 2. Føreliggande informasjon indikerer ikkje at ein står over for utfordringar som gjer området ueigna til utbygging, men omsynet til naturbasert sårbarheit vil kunne avgrense kva areal kan nyttast til. Dette er føresett følgt opp og ivareteke gjennom den vidare planlegging og detaljprosjektering av tiltak. Dei andre punkta i 10 i forskrifta gjeld kriterie som ikkje er vurderte til å vere relevante for planområdet. 2018-06-18 Side 4 av 5
Konklusjon Området er tidlegare regulert. Det vert lagt til grunn at det som ein del av arbeidet vert starta opp arbeid med å finne fram til fullverdig erstatningsareal for småbåthamna. I tillegg er det lagt til grunn at det vil verte gjennomført naudsynte grunngranskingar på land og i sjø samtidig som omsynet til den naturbaserte sårbarheita vert ivareteke. Tilhøva vil verte følgt opp gjennom det ordinære planarbeidet. Vår samla vurdering vert ut frå ovannemnde, at planområdet er eit område der dei særskilde utgreiings og handsamingsreglane for konsekvensutgreiingar ikkje gjer seg gjeldande. Det utelukkar ikkje at Høyanger kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune eller andre mynde kan stille bestemte krav til forslagsstillar om utgreiing osv. for å få saka tilstrekkeleg opplyst før den vert lagt fram til handsaming. C02 2018-06-18 For gjennomgåing hjå oppdragsgjevar. (Dokumentet er ferdig ihht. oppdragsavtale) JOHM TMK JOHM A01 2018-06-11 Til intern bruk disposisjon. JOHM Versjon Dato Omtale Utarbeidd Fagkontrollert Godkjent Dette dokumentet er utarbeida av Norconsult AS som del av det oppdraget som dokumentet omhandlar. Opphavsretten tilhøyrar Norconsult. Dokumentet må berre nyttast til det formål som går fram av oppdragsavtalen, og må ikkje kopierast eller gjerast tilgjengeleg på annan måte eller i større utstrekning enn formålet tilseier. 2018-06-18 Side 5 av 5