BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Like dokumenter
Barnerettane i SKULEN

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Velkommen : Velkommen til nytt skoleår!

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Kommunale retningsliner for organ for brukarmedverknad i skule og barnehage. Samarbeidsutval Skulemiljøutval Elevråd Foreldreråd/FAU

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Kjære foreldre! Foreldreinvolvering og et godt samarbeide mellom hjem og skole fører til:

Fyresdal kommune ved rådmann Ketil O. Kiland TILSYNSRAPPORT

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Kjære foreldre! Foreldreinvolvering og et godt samarbeide mellom hjem og skole fører til:

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Å fremje felles interesser til beste for barnet

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

HEIM SKULE SAMARBEID RUBBESTADNESET SKULE. Vedtekter og prosedyrar for foreldrerådet og foreldrearbeidsutvalet (FAU)

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Råd og utvalg ved Evjen skole

Spørsmåla i Foreldreundersøkinga

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Du må tru det for å sjå det

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

Fyresdal kommune. Sektor for kultur og oppvekst. Samarbeid. Heim/skule/barnehage. Fyresdal kommune

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Hva trenger lærere å kunne for å få til et godt foreldresamarbeid?

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

FAU KFU skole. Forpliktende og gjensidig samarbeid til elevenes beste

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Plan for samarbeid mellom hjem og skole

Øystese barneskule April - 08

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Pedagogisk plattform

Velkommen til workshop

PLAN FOR SKOLE HJEM SAMARBEID

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Hefte for foreldrekontaktar

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Pedagogisk analysemodell

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Retningslinjer for skole hjem samarbeidet i grunnskolen i Molde kommune

SKOLE - HJEM SAMARBEID

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Til stades: Representant elevrådet 2, nestleiar. Representant undervisningspersonale 1

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Internkontroll vedkomande elevane sitt skulemiljø kap 9a i opplæringslova

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

«Mestringsforventningar»

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

FAU KFU skole. Forpliktende og gjensidig samarbeid til elevenes beste

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Transkript:

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Dette heftet er i utgangspunket utarbeida for dei tilsette i Suldalsskulen, men me ønskjer og å auka forståinga til foreldre og føresette, slik at dei og kan vera trygge på korleis ein kan medverka som foreldre/føresette i skulen og skulefritidsordning..

INNHALD SAMARBEID MELLOM HEIM OG SKULE... 4 FORELDRERÅD (FAU) & SAMARBEIDSUTVAL (SU)... 5 FORELDREMØTER... 6 UTVIKLINGSSAMTALAR... 6 FØRESETTE OG BARN SIN MEDVERKNAD I SFO... 7 BARN SIN MEDVERKNAD... 7 FØRESETTE SIN MEDVERKNAD... 7 ELEVMEDVERKNAD... 8 ELEVRÅD... 8 ELEVUNDERSØKINGA... 8 PEDAGOGISK ANALYSE... 8 MEDVERKNAD AV FORELDRE/FØRESETTE OG BARN, I SAKER DET ER KNYTT EI URO TIL... 11

SAMARBEID MELLOM HEIM OG SKULE Forsking viser at eit godt samarbeid mellom heim og skule, der også foreldra har ei aktiv rolle, har positiv innverknad for barn og unge på en rekke område relatert til skulen. Det fører til betre læringsutbytte, betre sjølvregulering, betre trivsel, færre åtferdsproblem, mindre fråvær, gode relasjonar til medelevar og lærarar, betre arbeidsvanar, ei meir positiv haldning til skulen, betre leksevanar og arbeidsinnsats. (Epstein et al., 2002; Epstein, 2005; Fan & Chen, 2001; Semke & Sheridan, 2010). Det er ikkje berre elevane som dreg nytte av eit godt skule-heim samarbeid. Foreldra vil på si side få meir informasjon om undervisninga og forhold knytt til sitt barn si læring, og dei vert betre kjend med læraren. Foreldre og lærarar vil gjennom positive samarbeidserfaringar utvikla ei større felles forståing av barnet sitt behov og kan på den måten bli betre i stand til å støtta barnet sin læringsprosess, både kvar for seg og saman (LaRouque, Kleiman & Darling, 2011). Ein studie som undersøkte endring av foreldra si involvering i skulen over tid, viste for eksempel at det var når foreldra auka si involvering opp gjennom skuletida, at elevane viste best fagleg utvikling (Dearing et al., 2006). (Udir.no) Kapittel 11 i opplæringslova seier noko om organ for brukarmedverknad i skulen. Foreldresamarbeidet skal skje på individnivå med foreldra til kvart enkelt barn og på gruppenivå, gjennom FAU og SU. Individnivå: Skulen skal minst to gonger i året tilby føresette og elevar utviklingssamtale. Systemnivå: Foreldrerådet (FAU) og Samarbeidsutvalet (SU) skal gi foreldra moglegheit til å ha kontakt med skulen på ein aktiv måte.

FORELDRERÅD (FAU) & SAMARBEIDSUTVAL (SU) Foreldreråd (FAU) 11-4. Foreldreråd ved grunnskular (opplæringslova) På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer. Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet. Samarbeidsutvalet (SU) 11-1. Samarbeidsutval ved grunnskular (opplæringslova) Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen. 11-1a.Skolemiljøutval ved grunnskolar (opplæringslova) Ved kvar grunnskule skal det vere eit skulemiljøutval. I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representerte. Skulemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal. Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf. kapittel 9a.

FORELDREMØTER Minst to gonger i året skal det arrangerast foreldremøter i skulen. Foreldremøter er for alle foreldra i skulen. FAU kan gjennom SU påverka innhaldet i foreldremøta. God planlegging, dialog og moglegheit til medverknad aukar sannsynet for at både foreldre og lærarar opplever foreldremøta som interessante og nyttige. Nokre nyttige tips til eit godt foreldremøte er: 1. Ta foreldra med i planlegginga 2. Bruka møta til å utvikla sosiale fellesskap mellom foreldra. Ein måte å gjere det på er å organisera møta slik at foreldra kan sitje saman i grupper å drøfte/samarbeida om relevante tema. 3. Bruk omgrep som foreldre forstår. Det er også viktig å ha tolk til dei foreldra som treng det. 4. Dialog og medverknad som mål. Målet med alle foreldremøte bør vere å få til dialog og drøftingar mellom foreldre og mellom lærarar og foreldre. Dialog er avgjerande for å einast om felles avgjerder. Gjennom drøftingar kan foreldre oppleva medverknad i skulen. UTVIKLINGSSAMTALAR Minst to gonger i året skal foreldre og føresette ha ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlærar, gjerne saman med eleven. I utviklingssamtalen skal foreldre og lærarar få svar på spørsmål og bli einige om kva som skal skje framover når det gjeld den faglege læringa og den sosiale og personlege utviklinga til eleven. Målet med samtalen skal vere korleis eleven, skulen og foreldra saman kan legge til rette for eleven si faglege og sosiale utvikling. Samtalen er også viktig for å bygge tillit mellom lærar og foreldre. Skal ein etablera ein dialog, må lærarane lytta, ikkje berre informera. Foreldre skal bli høyrt. (Udir.no)

FØRESETTE OG BARN SIN MEDVERKNAD I SFO BARN SIN MEDVERKNAD Barnekonvensjonen artikkel 12 gir barnet rett til å sei si meining og bli høyrt. Art. 12 skal fremje barnet sitt beste og barnet sitt beste skal normalt ikkje begrensa retten til å bli høyrt. I opplæringsloven A-8 er elevdeltaking i forhold til skulemiljøarbeidet regulert. Der står det blant anna at elevane skal engasjerast i planlegging og gjennomføring av det systematiske arbeidet for helse, miljø og sikkerhet ved skulen. Dette gjelder også for skulefritidsordningen. «Oppdraget til SFO er å skapa ein god oppvekst-arena for barn- og bidra til å gi dei ein lukkeleg barndom. SFO skal vera ein trygg og god stad å vera, der barna har råderett over eiga fritid og kan gjera eigne sjølvstendige val innafor trygge rammer.» (SFO på Sand skule sin årsplan) FØRESETTE SIN MEDVERKNAD Eit nært samarbeid med føresette, med god og nok informasjon, er viktig for barna sin trivsel på SFO. Eit samarbeid prega av respekt, inkludering og involvering gir eit viktig grunnlag for føresette sin medverknad i SFO. Den daglege kontakten i bringe-og hentesituasjonen er ein god arena for samarbeid. Informasjon kan også bli gitt, begge vegar, via transponder. Kvart 3. år skal det gjennomførast ei brukarundersøking for føresette i SFO i Suldal. Dette er ei undersøking for å sjå korleis føresette opplever kvaliteten av innhald og organisering av SFO. Resultata av brukarundersøkinga må bli gjort kjend for tilsette og føresette og ein må finna eigna tiltak for vidare utviklingsarbeid i personalet.

ELEVMEDVERKNAD ELEVRÅD 11-2. Elevråd ved grunnskular Ved kvar grunnskule skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten. Alle skular med elevar på 5. 10. årstrinn skal ha eit elevråd. Elevrådet skal fremje interessene til elevane på skolen og arbeide for å skape eit godt læringsog skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg og komme med forslag i saker som gjeld nærmiljøet til elevane. ELEVUNDERSØKINGA Alle elevar har rett til å medverke på skulen. I Elevundersøkinga som blir gjennomført kvart år, har elevar frå 5.-10. årstrinn moglegheit til å medverke ved å seie si meining om skulemiljøet sitt. Skulen er forplikta til å gjennomføra denne undersøkinga på 7. årstrinn, 10. årstrinn. På grunn av lågt elevtal i Suldalsskulen skal elevar på 7.,8.,9. og 10. trinn gjennomføre denne undersøkinga kvart år. Dette for å få eit breiare grunnlag for finna ut av kva me bør vidareutvikla i Suldalsskulen. PEDAGOGISK ANALYSE I skulane og barnehagane i Suldal skal ein nytte analysemodellen «Pedagogisk analyse» når ein møter på forskjellige pedagogiske utfordringar. Dette for å sikra dei mest eigna tiltaka for situasjonen. Denne modellen kan gi ein god oversikt og kan dermed gi elevar og føresette betre føresetnader for å kunna medverke.

A3 med pedagogisk analyse Pedagogisk analyse Beskriv utfordring Fyll inn punkt i A3 1a Analyse av oppretthaldande faktorar Formulering av målsetting 5a Analyse av oppretthaldande faktorar 3c Utvikling av strategiar og tiltak 7a Gjennomføring av valde tiltak 7a Evaluering 8

A3 med pedagogisk analyse År: Nr: Tema/fokusområde: Utarbeidd av: Dato: 1a. Beskriv opplevd problem: (Eg meinar, ser, trur, opplev at ) 3c. Gjer ein pedagogisk analyse av oppretthaldande faktorar ut i frå problemstillinga i 3b. Sjå eigen mal for analyse av oppretthaldande faktorar 1b. Korleis er problemet dokumentert? (Observasjonar, hendingar, anna) 4a. Beskriv ønska situasjon: 2a. Beskriv NO-situasjonen: (Kor ofte skjer det, tal gonger, låg/middels/høg grad e.l 5a. Mål (SMART-mål: spesifikt, målbast, ambisiøst, realistisk, tidsavgrensa) 6a. Måleindikator og måleverktøy: Korleis skal me vita at målet er nådd? 3a. Analyser NO-situasjonen finn rotårsak: 5x kvifor #1 kvifor (sett inn setning i 1 a) 7a. Tiltak Ansvarleg: Person Frist Innan dato Status: P = planlagt I = iverksatt U = utført Effekt: 1 = Ingen effekt 5 = Særs god effekt #2 kvifor: #3 kvifor: #4 kvifor: #5 kvifor: 3b. Definer problem etter analyse av NO-situasjonen (siste #ledd): 8. Evaluering etter gjennomførte tiltak: (set x) Ny standar gjennomført pkt. 8 B: Korriger og start på ny 1a 9. Ny standard/praksis Ansvarleg Frist Status (P-U-I)

MEDVERKNAD AV FORELDRE/FØRESETTE OG BARN, I SAKER DET ER KNYTT EI URO TIL Korleis ein legg til rette for medverknad kan sjå ulikt ut frå sak til sak, frå situasjon til situasjon, det finns ingen ferdig oppskrift. Barn og elevar er ulike, familiane er ulike, utfordringane er ulike. Difor kan ein ikkje tenka at det er ein sjølvfølge at skulen skal vita kva som er reell medverknad i praksis, men det er altså ikkje alltid slik. Likevel kan ein ta i bruk nokon sentrale køyrereglar som kan legga til rette for vidare individuell medverknad: Bruk tid på å skapa ein god relasjon som er prega av tillit, openheit og gjensidig respekt Tilpass språk, metode og setting etter barnet og foreldra/føresette sitt behov. Hugs tolk, elevar skal aldri nyttast som tolk! Finst det andre arenaer og tillitspersonar som ein kan nytta/samarbeida med for å laga gode rammer for medverknad ut i frå eleven og foreldre/føresette sine ønsker og behov? Inviter eleven eller dei føresette til å ta med seg ein person som dei har tillit til dersom dei ønskjer det Gi informasjon tilpassa alder og situasjon, og gi rom for spørsmål og oppklaring. Skriv referat frå samarbeidsmøter.