FØRE-VAR-BESKATNING AV FISKERESSURSANE I BARENTSHAVET Innlegg under "Fiskeridagen" Bodø, 28. februar 2002 Odd Nakken, Senter for marine ressurser, Havforskningsinstituttet "Betre føre var enn etter snar" er eit gamalt ordtak. Lærdomen i dette ordtaket er tufta på erfaring oppsamla gjennom svært lang tid. Lærdomen er kort og godt at det løner seg å visa varsemd og omtanke i det ein gjer, og spesielt bør ein gå varsamt framover med arbeidet dersom førehandskunnskapane om resultatet er mangelfulle. Når det gjeld beskatning av fiskeressursar har erfaringane frå samanbrot i fleire viktige bestandar rundt om i verda vist oss sanninga i denne lærdomen. Det er nok å nemna norsk vårgytande sild og torsk på Canadas austkyst (Newfoundland). Det tok 25 år med svært små fangstar og dels totalt fangstforbod å byggja opp att sildebestanden, og 10 års tilvarma stopp i torskefisket ved Newfoundland har hittil ikkje gitt synberr bestandsvekst. For beskatninga, eller forvaltninga, av fiskeressursar ser det følgjeleg ut som om "etter snar" er eit umogeleg alternativ til "føre var" og sjølv har eg alltid meint at for fiskeriforvaltning bør ordtaket kortast ned til den enkle og lettfattelege fangstregelen: "Alltid føre var". Med unnatak av lodda er fiskeartane og bestandane i Barentshavet/Norskehavet seintveksande og langliva. Torsk, hyse og sild er 3-5 år gamle før dei når fiskeleg storleik (minstemål) og 5-8 år gamle før dei blir kjønnsmodne. Uerartane er endå meir seintveksande. Alle bestandane har til dels store variasjonar frå år til år i årsklassestyrke eller rekruttering. Regelen er at sterke (talrike) årsklassar gjerne førekjem med 5-10 års mellomrom, der mellomroma kan innehalde fleire fåtallige årsklassar på rad. For forvaltninga er denne ujamne rekrutteringa ei ulempe, men det kan i stor mun kompenserast av at artene er langliva. Ved å overvaka yngel og ungfiskmengder får ein eit godt inntrykk av korleis rekrutteringa til den fiskelege delen av bestanden blir nokre år fram i tid. Fylgjeleg kan ein innretta seg slik med beskatning og fangst at ein utjamnar verknadene av variasjonen i rekruttering på fangstuttaket eller kvoten. Regelen er: "Spar på dei sterke årsklassane". Yngel- og ungfiskmålingane viser korleis den fiskelege delen av bestanden vil variera om 3-5 år, men målingane gjev også eit godt inntrykk av korleis den kjønnsmodne delen, gytebestanden, kan koma til å variera om 5-7 år. Dette kjem imidlertid heilt an på kor hardt fisket blir. Historisk har vi fleire eksempel på at relativt sterke årsklassar på ungfiskstadiet har gitt lite tilskot til gytebestanden fordi fisket har vore for hardt. Dersom ein skal seia noko om sannsynleg rekruttering og bestandsstorleik lengre fram i tid enn 3-4 år, må det baserast på samanhengar mellom gytebestand og rekruttering etablert frå dei historiske tidsseriane. For dei fleste bestandane har vi dataseriar for 30-50 år, for torsk og sild er seriane om lag 100 år. Analysar av slike seriar er brukte til å talfesta samanhengen mellom gytebestand og rekruttering for dei fleste bestandane. Resultata viser klårt at både gytebestandsbiomasse og miljøtilhøva i gyte- og oppvekstperioden er viktige for rekrutteringa. For norsk-arktisk torsk er desse to variable om lag like viktige. Av miljøtilhøva er det serleg temperaturen i havet som er av betydning, ikkje temperaturen i seg sjølv, men fordi den er eit mål for transporten av raudåterikt atlanterhavsvatn inn i områda der torskelarvane klekkes. Torskelarvane lever av egg og yngel av raudåte, og temperaturen blir
eit mål for tilgjengelegheita av torskelarvemat og såleis for overlevingstilhøva til larvane. Lenge trudde forskarar at det var slike miljøtilhøve åleine som var av betydning for rekrutteringa, og at gytebiomassen eller storleiken av gytebestanden var heilt underordna. Som sagt ovanfor, for norsk-arktisk torsk, er storleiken av gytebestanden om lag like viktig for rekrutteringa som miljøtilhøva er. Beskatninga av fiskebestandane i Barentshavet vert fastsett av Noreg og Russland. I årlege møte i Den blandete norsk-russiske fiskerikommisjon vert fangstkvotar og andre reguleringstiltak vedtekne. Det biologiske grunnlaget om kor stor den aktuelle bestanden er og korleis den vil utvikla seg kjem frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES). Ut frå slike analysar som eg nemnde ovanfor, utarbeider ICES såkalla "føre-var-grenser" for bestanden. Dette er verdiar for gytebestand og beskatningsgrad som ikkje bør underskridast/overskridast dersom bestanden skal bli definert som innanfor trygge biologiske grenser. For norsk-arktisk torsk er desse grensene 500 tusen tonn gytebiomasse og ein beskatningsgrad på 34 % (fiskedødeligheit = 0.42). Dei historiske tidsseriane viser at når beskatningsgraden er høgare enn 34 %, dvs. at meir enn tredjeparten av bestanden av fiskeleg fisk blir fiska i laupet av året, så minkar bestand og gytebestand, Tidsseriane viser også at når gytebiomassen blir mindre enn 500 000 tonn, blir rekrutteringa svært variabel og minkande. Figur 1 viser skjematisk korleis ICES definerer beskatningstilstanden for bestanden av norsk-arktisk torsk. Dei siste 3-4 åra har gytebestanden vore langt mindre enn 500 000 tonn og beskatningsgraden har vore høgare enn 34 % sidan første halvdel av 1990-åra. Rekrutteringa fall då gytebestanden minka, slik at det no er langt mindre 1-4 år gamal fisk i bestanden enn det har vore på lang tid. Fisken som no er 5-8 år er det imidlertid meir av enn det har vore på nokre år. Denne fisken, som no gir eit oppsving i vinterfisket, har vakse godt siste året, men korkje veksten eller fiskemengda er stor nok til at målsetjinga om ein gytebestand på 500 000 tonn eller meir kan nåast dei næraste åra. Noreg og Russland har i fleire år hatt som målsetjing å få beskatningsgraden ned til 34 % og gytebestanden opp til 500 000 tonn. Den treårige faste kvoten på 435 000 tonn (inkludert kysttorsk) hadde som mål at bestanden i 2003-2004 skulle vera innanfor føre-var-grensene. Denne målsetjinga blir ikkje oppfylt. Ei årsak til dette er at ICES dei siste åra systematisk har overvurdert bestanden i dei årlege bestandsvurderingane. Kvart år er bestanden blitt nedjustert, og fylgjeleg er måla om at avtalte kvotar skulle få bestanden innafor det ICES kallar trygge biologiske grenser blitt uoppnåelege. Denne overvurderinga av bestanden er ikkje noko nytt. Det har vore eit gjennomgåande trekk i meir enn 20 år for norsk-arktisk torsk og er også vist for mange andre bestandar (Figur 2). For norsk arktisk torsk har det imidlertid vore velkjent og talfesta i fem år no, og det burde vore teke høgde for det i kvotefastsetjinga. Å vera føre var er ikkje berre å anvenda eksisterande resultat og kunnskap, det er også å ta høgde for systematiske feil som førekjem/kan førekoma i resultatet av utrekningar. I kvotefastsetjingane av norsk-arktisk torsk har det motsette vore tilfelle (Figur 3). Kvifor overvurderer ICES bestanden av norsk-arktisk torsk og andre bestandar. For norskarktisk torsk meiner eg at det i første rekkje skuldast feil og manglar i fangststatistikken. Det vert kort og godt borte meir fisk i Barentshavet enn det som kjem i statistikken. Utan at dette blir retta på eller at vi får sikre prov på at dette ikkje er tilfelle, vil forvaltarane måtte leve med at bestandsanslaga forblir usikre, og di større usikkerheit desto meir føre var må ein vera i beskatninga. 2
I 1990-åra har mange, inkludert forskarar, fokusert på kostnadene med ein stor gytebestand av norsk-arktisk torsk; kostnader knytta til torskens konsum av andre arter og kannibalisme. Småfisk og yngel av alle arter er planktonetarar, slik lodde og sild er det. Store yngelmengder sikrar at mest mogeleg av den årlege planktonproduksjonen vert omsett til mat for større fisk (torsk). Kannibalisme er såleis ikkje berre ein kostnad, den medverkar til å oppretthalda biomassen av fiskeleg fisk. Beste og einaste måten å tryggja yngelmengdene på er at gytebestandane for alle artar er over eit visst nivå. Det tryggjer rekrutteringa samtidig som det sikrar mattilbodet for større fisk og dyr. Tidsseriane som vi og ICES bruker for å talfesta beskatningsnivåa i Barentshavet er påverka av bestandane av sjøpattedyr. Fangstuttaket av sjøpattedyr dei siste 15-20 åra har vore langt lågare enn tidlegare. Dette har ført til at samanlikningsgrunnlaget over for eksempel 50 årsperioden 1950-2000 langt frå er fullgodt. Det hastar difor med å talfesta sjøpattedyra sitt konsum på måtar som gjer at det kan takast med i bestandsutrekningane. Dersom konsumet frå sjøpattedyr er vesentleg høgare no enn det var i 1950-1980, kan dette ha innverknad på førevar-grensene som er etablerte. Likevel, endringane vil vera små og dei kan ikkje forandra biletet som avteiknar seg i Figur 1: Bestanden av norsk-arktisk torsk har vore fiska for hardt i lang tid og den er no ikkje innanfor tryggje biologiske grenser. Konklusjonar 1. Bestandsanslaga frå forskarane (ICES) er oftast altfor høge. 2. Kvotane blir ofte fastsett høgare enn det bestandsanslaga tilseier- Når ein veit at pkt. 1 er tilfelle, er dette det motsette av føre-var-forvaltning. 3. Føre-var-forvaltning vil vera å ta omsyn til pkt. 1 og fastsetja kvoten lågare enn det bestandsanslaget tilseier. 3
4
Fig. 2. Er bestanden mindre, lik eller større enn bestandsanslaget som er grunnlag for kvoten? Resultat av samanlikning av ICES sine bestandsanslag for perioden 1984-1999. For avvik mellom 10 og +10 prosent er brukt Lik. (Kjelde: ICES rapportar). Bestand Mindre Lik Større Norsk-arktisk torsk 12 3 1 Norsk-arktisk hyse 9 4 3 Sei N for 62 N 7 5 4 Sum torskefisk 28 12 8 NVG sild 5 2 9 Totalt 33 14 17 Fig. 3. Er fastsett kvote større, lik eller mindre enn tilrådd kvote? Samanlikning for perioden 1978-1999 (Kjelde: ICES rapportar). Bestand Større Lik Mindre Norsk-arktisk torsk 8 10 3 Norsk-arktisk hyse 5 12 0 Sei N for 62 N 4 6 1 Sum torskefisk 17 28 4 NVG sild 11 6 3 Totalt 28 34 7 5