Klage over tildeling av drosjeløyve i Naustdal kommune

Like dokumenter
Klage over tildeling av drosjeløyve i Årdal kommune

Klagesak - Klage på vedtak av om tildeling av drosjeløyve R-214 knytt til Odda Taxilag AS

Klagesak - Klage på vedtak om tildeling av drosjeløyve R-314 tilknytt Dale Taxisentral

Klagesak. Klage på vedtak - avvisning av klage - Askøy kommune, Fv. 219 Gnr. 18 Bnr. 22

Klage frå Taxi 1 AS på vedtak i PS 141/2017, 142/2017, PS 143/2017 og 144/2017

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Klagesak - Klage frå Taxi/Bus Odda AS over avslag på søknad om løyvefritak

HANDSAMING AV KLAGE OVER ENKELTVEDTAK ETTER FORVALTNINGSLOVA OG SÆRLOVER

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Skuleåret 2017/2018.

SØKNAD FRÅ XPRESSBUSS.NO OM RUTELØYVE FOR STREKNINGA BERGEN SENTRUM - BERGEN LUFTHAVN

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

ULSTEIN KOMMUNE Teknisk etat

Klagesak - Klage på avslag på søknad om 100 drosjeløyver i Hordaland løyvedistrikt

Klage på tildeling av ruteløyve for "hop on - hop off" sightseeing til selskapet Citysightseeing Fjord AS

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

Søknad om drosjeløyve

SØKNAD OM OPPRETTING AV NY DROSJESENTRAL I BERGEN KØYREOMRÅDE

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Tittel: Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av utdanningsstøtte

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Godkjenning av Gbnr. 135/1 og 135/13 Botnen campingplass. Reguleringsplan

Søknader om fortrinnsrett kan delast i fire grupper, etter følgjande i forskrift til opplæringslova:

Spørsmålsrunde

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

Avslag på søknad om reduksjon av gebyr - gbnr 146/37 Fosse Ytre

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

1 Klage frå Elvis-festivalen i Måløy over hovudutvalet sitt vedtak i HK-sak 12/14vert ikkje teken til følgje.

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

RETNINGSLINJER FOR TILDELING AV DROSJELØYVER OG OPPRETTELSE AV SENTRALER

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Masfjorden kommune Helse- og omsorgstenesta. Retningsliner for tildeling av omsorgsbustad

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

Saksprotokoll. 1 Kontrollutvalet gjer framlegg om budsjett for 2009/økonomiplan på programområde 11 Kontrollorgan: Netto- Budsjett 2009

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

VEDTAK NR 37/19 I TVISTELØYSNINGSNEMNDA

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

Oppfølgingsliste 3/2017

SAKSLISTE MØTEINNKALLING. HOVUDUTVAL FOR SAMFERDSLE Raftevolds Hotel, Hornindal Møtedato: Tid: 11:00

Hei og god formiddag. Innleiingsvis finn kommunen grunn til å opplyse om følgjande for så vidt gjeld grenser:

Eiendom : Gbnr. 20/51

Tilleggsinnkalling til Levekårsutvalet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Fylkeshuset, Leikanger, møterom Skåla. Møtedato Kl. 10:00 15:45

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Transportordninga for funksjonshemma - endring av retningslinjer

3 Økonomisk oppgjer mellom fylkeskommunen og øvrige deltakarkommunar

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

TILSYNSRAPPORT. Barnehagelova 19 g tilrettelagt tilbod til barn med nedsett funksjonsevne. Samnanger kommune

Tiltak på gnr. 113 bnr. 6 - bustadhus m/garasje. Klage på vedtak om garasjeplassering i d-sak 427/24.

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

MØTEBOK. Hovudutval for plan og næring. Møtedato Kl. Kl 10:30 14:00

MØTEBOK. Bjørn Hollevik H Arnstein Menes Sp Helen Hjertaas Ap Harald Bjarte Reite Ap Stein Malkenes MDG. Sigurd Reksnes Sp Gunn Sande Sp

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Stina Nordbak 13/

Detaljregulering for Hovden høyfjellshotell og Hovdestøylen (planid ) - klagehandsaming av endring av planen

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

Klage på avslag om søknad om ny avkjørsle og dispensasjon frå byggegrense til Fv 63 på Toftevåg på Halsnøy i Kvinnherad kommune

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Oppfølgingsliste 6/2015

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner

Austevoll Melaks AS - Løyve til å etablere anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure på lokalitet Brandaskuta i Kvinnherad kommune

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)


NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

MØTEINNKALLING. Utval for tekniske saker og næring

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

MØTEINNKALLING. FYLKESRÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Fylkeshuset - Leikanger Møtedato: Tid: 10:30

KRAV OM LOVLEGHEITSKONTROLL AV K-SAK

Klage på avslag om søknad om utvida bruk av eksisterande avkjørsle frå Solstadvegen til Fv 47 i Sveio i Sveio kommune

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den 4. mars 2013.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

LÆRDAL KOMMUNE. Retningslinjer for tildeling av kommunale bustadtomter i Lærdal kommune

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

5 LOVLEGHEITSKONTROLL Formannskapet skal ikkje handsama saker som er sendt departementet / fylkesmannen etter reglane i Koml. 59.

Fra Forskrift til Opplæringslova:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2012/1169 Løpenr.: 10878/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

TILRETTELAGT TRANSPORT I SOGN OG FJORDANE

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 10 MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 7, i

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Søknad om samtykke til utviding av handelsareal i Fjord n senter, Eikelandsosen - Fusa kommune

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

Transkript:

Fylkesutvalet som klagenemnd Side 1 av 5 Klage over tildeling av drosjeløyve i Naustdal kommune Fylkesrådmannen rår klagenemnda til å gjere slikt vedtak: Klage frå Arne Fauske over fylkesdirektøren for regionalavdelinga sitt vedtak av 24.1.05 vert ikkje teken til følgje. Prenta vedlegg: 1. Brev frå Noregs Taxiforbund dags. 11.2.05 2. Brev frå Advokat Andreas Rønnekleiv dags. 15.2.05 3. Brev frå Advokat Andreas Rønnekleiv dags. 11.3.05 Uprenta vedlegg: Søknadene og div. saksdokument.

Fylkesutvalet som klagenemnd Side 2 av 5 Saksframstilling 1. Innleiing Tildeling av drosjeløyve er regulert i lov om yrkestransport av 21.6.02 og tilhøyrande forskrift av 26.3.03. Lova trådte ikraft den 1.1.03 og forskrifta trådte ikraft den 1.4.03. Lova med forskrift avløyste den tidlegare samferdslelova med forskrifter. Det er i forskrifta fastsett nærare reglar om vilkåra for tildeling av drosjeløyve i 43 og 44, og reglane er ulike alt etter som det er eit eksisterande løyve som vert ledig eller om det er oppretta eit nytt løyve. 43 gir førerett til den som har minst to års ansiennitet som full tids drosjesjåfør. Dersom det er fleire søkjarar som oppfyller dette kravet, er det den søkjaren som har lengst ansiennitet som har førerett. Dette gjeld dei tilfella der eit eksisterande løyve vert ledig. Dersom der er ingen som har førerett etter 43 eller dersom det gjeld eit nyoppretta løyve, skal løyvet tildelast etter 44 som seier at tildelinga skal skje etter fylkeskommunen sitt eige skjøn. Det er tilfelle i denne saka. I tillegg til dette regelverket har samferdsleutvalet i møte den 16.6.04, sak nr 38/04, vedteke nærare reglar for den praksis fylkeskommunen skal følgje. I vedtaket pkt 1 står følgjande: 1 Ein løyvehavar for drosje i Sogn og Fjordane kan ha inntil 2 løyve. Det kan vere 2 hovudløyve eller 1 hovudløyve og 1 reserveløyve. For hovudløyve nr 2 (utvida hovudløyve)skal det stillast krav om at bilen skal vere tilrettelagt for funksjonshemma. Hovudløyve nr 2 eller reserveløyve skal ha same stasjoneringsstad som hovudløyve nr 1. Tildeling av ordinære hovudløyve vert som i dag, medan tildeling av utvida hovudløyve skjer etter søknad og eventuell omgjering av eksisterande reserveløyve. Av dette følgjer at dersom vilkåra for å ha to løyve ikkje er oppfylte, må søkjaren levere inn det første løyvet sitt for å få det nye løyvet. Det er dette som er essensen i denne klagesaka. 2. Handsaming av søknaden i regionalavdelinga Regionalavdelinga tildelte i brev av 24.1.05 eit ledig drosjeløyve i Naustdal kommune med stasjoneringsstad Helle/Vevring til Arne Fauske. I brevet står følgjande: Tildeling av drosjeløyve i Naustdal kommune, med stasjoneringsstad Helle/Vevring Fylkesdirektøren for Regionalavdelinga har handsama søknaden Dykkar og gjort slikt vedtak: Drosjeløyve S- 302 med tilhøyrande tilrettelagt løyve med stasjoneringsstad Helle/Vevring vert tildelt Arne Fauske. Løyve som tilhøyrer Arne Fauske med stasjoneringsstad Førde Drosjesentral må innleverast før S-302 kan leverast ut. Bakgrunn for vedtaket er følgjande:

Fylkesutvalet som klagenemnd Side 3 av 5 Drosjeløyve med stasjoneringsstad Helle/Vevring vart lyst ledig med søknadsfrist 15.desember 2004. Det kom inn 2 søkjarar innan fristen. Søkjar nr.1, Arne Fauske Innehavar av turvognløyve. Innehavar av drosjeløyve frå aug. 94. Vitnemål frå Taxiløyvekurs, NKI. Søkjar nr.2, Anders Seljevoll Kravet til utdanning ikkje innfridd. Søkjar nr.2 oppfyller ikkje kravet til utdanning og kan difor ikkje tildelast drosjeløyve. Søkjar nr.1 brukte fortrinnsretten då han fekk løyve i Førde i år 2000. Fortrinnsrett gjeld berre for tildeling av eitt løyve, jfr 43 i forskrift til Yrkestransportlova. Løyve vert tildelt etter 44 i forskrift til Yrkestransportlova, med krav om innlevering av drosjeløyve med stasjoneringsstad Førde Drosjesentral. Fylkesdirektøren sitt vedtak kan påklagast til fylkesutvalet som klagenemnd innan tre veker eter at dette brevet kom fram til Dykk. Til nærmare orientering følgjer Melding om rett til klage over forvaltningsvedtak. Dersom vedtaket vert påklaga av andre partar i saka, kan De risikere at vedtaket vert endra til ugunst for Dykk. Klagenemnda har kompetanse til å prøve alle sider av det påklaga vedtaket, både rettslege spørsmål, sakshandsaminga og det skjønnet som er utøvd. Klagenemnda kan anten ta klaga til følgje, eller ikkje ta den til følgje eller opphevevedtaket og sende det attende til underinstansen for ny handsaming. 3. Handsaming av klaga i regionalavdelinga Noregs Taxiforbund i brev av 11.2.05 og Advokat Andreas Rønnekleiv i brev av 15.2.05 har begge påklaga vedtaket på vegne av Arne Fauske, jfr vedlegg 1 og 2. Dei reagerer på kravet om at Fauske må innlevere det noverande løyvet i Førde for å få det nye løyvet. Noregs Taxiforbund viser til fylkeskommunen sin praksis som gir ein løyvehavar høve til å ha to løyve. Det vert vist til eit anna tilfelle der ein løyvehavar har fått sitt trede løyve utan å måtte innlevere tidlegare løyve. Advokat Rønnekleiv viser til at det må vere høve til å la Fauske ha to løyve, han vil elles bli utsett for ei urimeleg forskjellshandsaming. Regionalavdelinga har i brev dags. 17.2.05 handsama klaga som underinstans. Avdelinga held fast på vedtaket sitt. I brevet står følgjande: Klage over tildeling av drosjeløyve - underinstansen si handsaming Vi viser til brevet ditt datert 11.02.05 og 15.02.05 der du klagar over fylkesdirektøren for regionalavdelinga sitt vedtak av 24.01.05 om tildeling av drosjeløyve med stasjoneringsstad Helle/Vevring mot innlevering av løyve med stasjoneringsstad Førde Drosjesentral. Fylkesdirektøren har som underinstans handsama klaga før den går vidare til klagenemnda. Klagar påpeikar at det i Sogn og Fjordane fylke er opna opp for å gje 2 hovudløyve til ein og same løyvehavar.

Fylkesutvalet som klagenemnd Side 4 av 5 I endeleg vedtak i sak 04/00538 heiter det : 1 Ein løyvehavar for drosje i Sogn og Fjordane kan ha inntil 2 løyve. Det kan vere 2 hovudløyve eller 1 hovudløyve og 1 reserveløyve. For hovudløyve nr 2 (utvida hovudløyve)skal det stillast krav om at bilen skal vere tilrettelagt for funksjonshemma. Hovudløyve nr 2 eller reserveløyve skal ha same stasjoneringsstad som hovudløyve nr 1. Tildeling av ordinære hovudløyve vert som i dag, medan tildeling av utvida hovudløyve skjer etter søknad og eventuell omgjering av eksisterande reserveløyve. Utifrå dette kan det ikkje tildelast 2 hovudløyve med ulik stasjoneringsstad. Til Balestrand løyve var det ein søkjar. Balestrand har ca 1000 fastbuande og mange turistar sommarhalvåret. Det er kommunesenteret med både legesenter og andre servicefunksjonar plasserte her. Det var viktig både for kommunen å få eit drosjetilbod i Balestrand sentrum i gang att raskt etter at tidlegare løyvehavar slutta. Løyve var tildelt etter 44, fylkeskommunen avgjer etter eige skjønn. Til Helle/Vevring løyve var det to søkjarar. Området har spreidd busetnad, med i underkant av 400 fastbuande. Den tidlegare løyvehavaren slutta 1.september. Skuleskyssen er sikra gjennom ein eittårig avtale. Det har ikkje vore innspel frå kommunen at behovet for eit drosjetilbod er stort. Tildelinga er gjort etter 44, fylkeskommunen avgjer etter eige skjønn. Fylkeskommunen ynskjer ikkje at ein løyvehavar skal eige fleire løyve med ulik stasjoneringsstad dersom det kan unngåast, jfr.vedtak i sak 04/00538, siste setning i første avsnitt i pkt 1: Hovudløyve nr 2 eller reserveløyve skal ha same stasjoneringsstad som hovudløyve nr 1. Det beste for publikum er at løyvehavar er busett på stasjoneringsstaden. Drosjeløyve skal drivast 24 timar i døgnet. Dersom De ikkje tek imot løyvet med sette vilkår, vil fylkeskommunen vurdere å lyse det ledig ved eit seinare høve. Vedtak Klage frå Arne Fauske over fylkesdirektøren sitt vedtak av 24.01.05 vert ikkje teken til følgje. Saka vert oversendt klagenemnda. Klagenemnda har møtedato 30.03.05. 4. Fylkesrådmannen si vurdering og tilråding Tildelinga av drosjeløyvet til Arne Fauske er gjort i samsvar med dei reglane samferdsleutvalet fastsette i sak nr 38/04. Etter desse reglane kan ein løyvehavar få ha to drosjeløyve dersom begge løyva har same stasjoneringsstad og vilkåra elles er oppfylte. Dersom dette ikkje er tilfelle, vil han måtte innlevere det første løyvet sitt for å få det nye løyvet. Regionalavdelinga gjorde unnatak frå dette ved tildeling av eit drosjeløyve i Balestrand kommune i 2004, sidan det var eit prekært behov for å ha eit drosjetilbod i kommunen og den som fekk løyvet var einaste søkjaren. Ved tildelinga av løyve i nærverande sak var det to søkjarar, men den andre søkjaren oppfylte ikkje krava til å få løyve. Det som er ulikt i høve det nemnde løyvet i Balestrand er at regionalavdelinga ikkje fann behovet for å ha dette drosjeløyvet i Naustdal så prekært at ein burde gjere unnatak frå reglane. Eg har ingen merknader til denne skjønsutøvinga, og rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

Fylkesutvalet som klagenemnd Side 5 av 5 Advokat Rønnekleiv har i brev dags. 11.3.05 kommentert underinstansen sitt brev av 17.2.05, jfr vedlegg 3. Han viser m.a. til at der i Bygstad, Viksdalen og Svelgen er tre løyvehavarar som kvar både har hovudløyve og to reserveløyve. Han ser dette difor som ei urimeleg forskjellshandsaming i forhold til Arne Fauske. Til dette er å merke at på dei to førstnemnde stadene er løyvehavarane gitt eit ekstra, tidsavgrensa reserveløyve for utføring av skuleskyss av funksjonshemma elevar. Alle reserveløyva har same stasjoneringsstad som hovudløyva. I Svelgen tilhøyrer det andre reserveløyvet taxisentralen. Advokat Rønnekleiv tilbyr elles eit kompromiss som går på at stasjoneringsstaden vert flytta frå Helle/Vevring til Naustdal sentrum. Eg kan ikkje sjå at det høyrer inn under klagenemnda sin kompetanse å vurdere dette forslaget. Det er samferdsleutvalet si oppgåve å fastsetje stasjoneringsstadene for drosjeløyva.