D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010 Hardanger Fartøyvernsenter Åsmund Kristiansen 1
Arbeidet med innreiing og trearbeid på D/S Stord 1 har gått over fl eire år. Det heile starta på med dokumentasjonsrapporten som Tom Rasmussen, den gang fartøyvernkonsulent ved Hardanger Fartøyvernsenter (HFS), skreiv for Veteranskipslaget Fjordabåten. Rapporten er viktig for all istandsetting som har skjedd sinare. Vinteren 2004/2005 arbeidde HFS med dekkslegging på brudekket, og oppbygging av styrehuset. Våren 2006 innreidde vi skipparlugaren, og førebudd innreiing av salonghuset akter. Då skjedde arbeidet i Bergen. Seinare har skipet kvar vinter hatt eit opphald i Norheimsund. Vinteren 2006/2007 fekk salonghuset akter innreiing, med damesalong og røykesalong. Vinteren 2007/2008 vart 1. plass salong innreidd, og vinteren/våren 2009 vart innreiing midtskips på babord side gjort nesten ferdig. Denne vinteren gjer vi ferdig midtskipsinnreiing på babord side, og innreier styrbord side. I prosessen har reiarlaget heile vegen fått kortfatta rapportar som dokumenterer arbeidet frå månad til månad. Frå no av vil vi lage ein litt grundigare rapport kvar månad. Fotografi et til venstre viser billettkontoret. Skrivebordet er eitt av få møblar som ikkje var råka av brannen i 1987. Den gangen var det tatt på land for oppussing, og sto i Leivik. No er det er pussa opp, og sett tilbake der det ein gang sto. Aleksander pusser opp skrivebordet, hausten 2009. 2
Nede på hovuddekket skulle vi kle skutesidene med panel. Dette arbeidet starta før jul 2009. For å få fi nt løp i panelet brukte Arne Jostein lekter og bøyde på, og lagde spikarslag på stålspanta som høvde til det løpet vi kom fram til. Spikarslaga er kilt mellom stålspanta, og det første laget med kledning vert lagt på. På grunn av fasongen i skutesida er det litt plundrete å få borda saman. Lengre fram er skutesida rettare. Foringar til lysventilane vert laga slik at det vert fi ne linjer som føl springet i skipet. Dei vert felt ut mot stålet, som ikkje er like beint alle stader. Og vinklane varierer sidan det står spant inntil nokre av ventilane. Rainer er i sving på bildet til venstre. Mellom stålet og treverket vert det lagt litt vinduskitt for å få det tett, sjå foto under til høgre. Fleire stader er det ikke berre spant, men og naglehovud, kneplater og anna som gjer det vanskeleg å få sidene i foringane til å passe. Nede til venstre ser vi ei side med uthogging for diverse stålgreier. 3
Mellom dei to laga panel er det papp. Det andre laget er faspanel, og har tydelege linjer. Derfor er det viktig at linjene føl springet i båten. Det nedste bordet har derfor fått ein kilefasong. Her er panel ferdig på skutesider og på skottet mot salongen. Ventilforingene har fått smale lister, og oppunder dekk er det lagt ei breiare list som ein kan fjerne når det vert aktuelt og kle oppunder dekk. Norheimsund Sveis har gjort ein del stålarbeid undervegs. Døropningane til toaletta på styrbord side var svært bulkete og ujamne, og det ville vere nærast uråd å få fi ne dørar her. Derfor vart det bestemt at stålet her skulle rettast opp. For å få dette til måtte dei sette på ein stivar på innsida. Denne blir seinar kledd inn, og såleis ikkje synleg. Til venstre ser vi korleis det var før oppretting. Her er dessutan kolluke kome på plass, og armering for støyping på dekk over kjelen. 4
Oppe i midtskipshuset på stormdekket har vi lagt tredekk oppå ståldekket. Dette er ein litt omstendeleg prosess. Først vert dekket lagt slik det skal ligge, men utan å bli festa. Så borar vi hol for boltar, og då set boret eit merke i stålet der bolten skal stå. På dette merket vert så bolten sett, og sveist fast. På grunn av store nivåforskjellar i stålet (bulkete plater) får boltane ulik lengde. Dei nummererte plankane kan så leggast tilbake på plass, og træs over boltane. Men først vert det lagt ei masse som skal fylle holrommet mellom stål og tre. Dette for å hindre kondens og anna fukt. Massen vi har brukt er Tectyl blanda med leca-kuler. Når dekket så omsider er ferdig festa vert det slipt og dreve. Etter at natene er fylt med kitt vert det dekka til med papp for å verne det under det vidare arbeidet. I rennesteinen er det støypt, slik at eventuelt vatn som kjem inn i lugarane vert leia ut. 5