Møtedato: 27.10.2015 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 12:00 - Tilleggsinnkalling til Plan- og samfunnsutvalet Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, eller til organisasjonogpersonal@flora.kommune.no, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemar møter etter nærare innkalling. Alternative framlegg til vedtak i nokon av sakene kan sendast på epost til framlegg@flora.kommune.no. Flora kommune Lars Terje Standal leiar Reidun Hatlenes Toft sekretær
Saknr. Tittel Sakliste 008/15 Skateanlegg
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 008/15 Plan- og PS 27.10.2015 samfunnsutvalet Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Margit Drivenes Kløvfjell K1-243, K2 - D11, K2 - D35 14/2387 Skateanlegg Framlegg til vedtak: 1. Eit framtidig skateanlegg blir lokalisert ved Flora ungdomsskule. 2. Rådmannen innarbeider anlegget i Budsjett og handlingsprogram 2016. 3. Plan og samfunn stiller seg bak vurderingane gjort i saka, og legg dette til grunn for detaljprosjekteringa av skateanlegget.
Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Gjennom sentrumsplanen sin handlingsplan, blei det vedteke at ein skulle finne lokalitet til, og vurdere bygging av, ein skatepark i sentrum. Hausten 2012 blei det arbeidd med problemstillinga, og laga eit forslag til plassering av eit anlegg på Torget. Torget blei vurdert som god plassering, då det var i nær tilknytning til Haffen og sentrum. Anlegget ville også driftsmessig kunne knyttast til Haffen. Forslaget om eit bygg på torget, blei ikkje vedteke, men sendt tilbake til administrasjonen for ei vurdering av byggets plassering på torget. Det har vist seg vanskeleg å få gjennomført eit prosjekt på torget, og plan og miljøutvalet har no bedt rådmannen komme med ny sak med vurdering av plassering av eit skateanlegg. Denne saka gjeld dermed vurdering av plassering av eit skateanlegg. Rådmannen foreslår ei plassering ved Flora ungdomsskule, samt legg inn eit kostnadsoverslag for bygging av anlegget, med utgangspunkt i behova knytt til eit skateanlegg med eit bygg for innandørsaktivitet når vêret er dårleg. Innleiing: På verdbasis er skating ein av dei største individuelle idrettane, og verdstoppen er blant dei best trente toppidrettsutøvarane. Skating krev både teknikk, styrke og utholdenhet og er ein allsidig aktivitet som appelerer bredt. Det er stor grunn til å tru at når eit anlegg står ferdig vil aktiviteten i skatemiljøet i Florø og omeign ta seg betrakteleg opp. Det er viktig med eit anlegg med faste element, dette gir føreseielege rammer og grobunn for vekst. Eit skateanlegg kan utformast på ulike måtar, og for ulike former for skating. Det forprosjektet som blei laga til torget i 2012, blei planlagt med ulike element, der nokre var utandørs, og andre innandørs. Bygget var fleksibelt, og kunne opnast opp og nyttast til andre arrangement. Skateanlegg vil også kunne nyttast til anna aktivitet som sparkesykkel og BMX. I neste fase av dette prosjektet må anlegget detaljprosjekterast, og i tett dialog med miljøet må ein ta stilling til kva slags element dette skal ta opp i seg. Vurdering: Med utgangpunkt i behovet for eit skateanlegg med skjerming mot regn og vind, har vi i sommar gjort ei kartlegging av ulike alternative lokalitetar i Florø. Vi har også vurdert lokaliteten i forhold til at det skal vere ein naturleg samlingsplass, støyproblematikk i forhold til naboar, planstatus og potensiale for realisering og ferdigstilling innan kort tid. I vurderinga har vi hatt tilknytt Ronnie Ridderhaug, som er miljøarbeidar på Haffen og skater. Han har erfaring med bygging av skateanlegg og lang erfaring som aktiv skatar. Det er vurdert at det er behov for minimum 400m2, noko mindre innandørs, evt noko meir utandørs. Skateelementa som står på torget er ca 100m2. Det er også behov for betong dekke. Innandørs element kan vere i tre. Utandørselement bør vere i betong, både fordi det er meir slitesterkt og med tanke på støy. 7 lokalitetar er vurdert. Vurdering av kvart enkelt området ligg i vedlegg. Rådmannen vurderer at området ved Flora ungdomsskule er det best egna alternativet. Dette området er stort og ikkje nytta til noko anna. Anlegget vil vere eit godt supplement for både skulen og idrettsanlegga i sin heilhet. Det er eit område med mykje aktivitet og der mange oppheld seg.
Personalet i hallen vil kunne halde tilsyn med anlegget. Plassering her ser dermed lite konfliktsfylt ut, noko som gjer at det kan realiserast raskt. I forkant av detaljprosjektering, må det gjennomførast ei støyvurdering. Det er forventa at ein snarleg etter budsjettvedtak, kan starte prosjektering av anlegget og at bygging av anlegget kan starte i løpet av 2016. Økonomiske konsekvensar: Eit enkelt kostnadsoverslag viser ei investeringsramme på kr 5,4 mill, med eit låneopptak på kr 2,28 mill. Finansieringsplanen ser slik ut: spelemidlar kr 1 500 000 momskompensasjon kr 970 000 INU-midlar kr 500 000 dugnad kr 150 000 Låneopptak kr 2 280 000 total investeringsramme kr 5 400 000 Det er ein venta driftsmessig konsekvens 2016 kr 298 000, 2017 kr 357 000, 2018 kr 352 000. Dette inkluderer renter og avdrag, samt andre driftsutgifter. Miljømessige konsekvensar: Ved prosjektering blir det viktig å sjå anlegget i forhold til bygningar og miljøet rundt. Det må vere eit mål om at området blir meir brukt, noko som då kompenserer for noko tapt parkområde. Prosjektet må forholde seg til krav, lover og forskifter slik som andre byggeprosjekt. Evt miljømessige konsekvensar må synleggjerast. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: 32T vurdering av plassering av skateanlegg
Vurdering av lokaliteter for skateanlegg Lokalitet Storleik Planstatus vurdering Kastbanen ved Kanalen Areal ved Krokane skule 1000 m2 Blanda formål. Kan vere litt utfordrande. 800 m2 Offentleg formål. Ok Ved Kastbanen er det eit stort areal som i dag blir lite brukt. Det er øvingsbane for kastøvelsar i friidrett, men det er for tida ikkje organisert trening her. Kastburet er utslitt. Hundeklubben låner området i samråd med kommunen og FTIF. Det er eit stort området, med plass til meir enn eit skateanlegg, god plass til ein hall. Området er godt planert og mindre grunnarbeid er nødvendig. Området ligg litt utanfor sentrum og det er private bustadar som kan bli berørt av støy. Dette er eit området litt nord for skulen. Området blir ikkje brukt pr i dag. Det ligg sentralt på Krokane. Det må truleg påreknast ein del grunnarbeid. Det er private bustadar i nærleiken, og det ligg litt utanfor sentrum. Torget 500 m2 Offentleg formål. Ok Torget er det opprinnelege forslaget for plassering av skateanlegg. Det ligg midt i byen og kan vere med å skape liv i sentrum. Eit anlegg her vere eit samlingspunkt og eit godt byrom. Det blir då liggande like ved Haffen, som då kan følgje opp anlegget og miljøet. Området er flatt og det er mindre behov for grunnarbeid. Torget er svært eksponert for vèr og vind, noko som er ein utfordring i dag. Det vil vere heilt nødvendig å sette opp eit bygg med tak og vegger for at skateaktiviteten skal fortsette her. Eit bygg på torget vil endre torgfunksjonen slik den er i dag. Det er derfor mange delte meiningar om dette. Det er også andre prosjekt på gang i området, og naboar som blir berørt av aktiviteten. Ungdomsskulen 790 m2 Offentleg formål. OK Området ligg i front av ungdomsskulen, mellom skulen og hallen. Området grenser til krigsminna, men desse treng ikkje bli berørt. Området er stort og naturleg kupert. Det er
god avstand til omkringliggande bustadar, med skulen og vegen som buffer. I dette området er det allereie stor aktivitet både dag og kveld, og eit skateanlegg her vil vere eit fint supplement til den organiserte aktiviteten, og elles i skulekvardagen. Det er plass nok på området til å lage eit kombinert anlegg med både eit mindre bygg og eit uteanlegg. Dette vil kunne utformast slik at skulen td kan nytte dette til arrangement osv. Det må påreknast ein del grunnarbeid, då dette området ikkje er gjort noko med tidlegare, og ein veit ikkje korleis grunnen er. Skytebanen 1000 m2 Friområde. OK Den gamle skytebanen skal vekk, og området ligg no ubrukt. Det er eit fint området, som ligg idyllisk til ved vatnet. Delvis noko sol, men mykje kjem i skygge. Området legg opp til eit fint parkområde, der skateanlegg kan integrerast på ein fin måte. Det vil vere ein betydeleg kostnad ved å ta i bruk området, då det må sanerast etter skytebanen. Det vil også ta tid å gjennomføre dette. Det må også påreknast ein del grunnarbeid. Området ligg i ytterkant av idrettsanlegga, og i litt for stor avstand til skulen til at det blir ein del av skulekvardagen. Miljøhuset Næringsformål. Ok Miljøhuset har ein stor hall, med god plass til eit skateanlegg. Huset ligg sentralt, og det er fremma forslag om å lage eit større kystkultursenter. Det er i første omgang andre planar for bygget, så det bil ta lang tid før ein evt får realisert eit skateanlegg innandørs her. Mikke mus felt i Havreneset 300 m2 Friområde, Ok Eit ubrukt areal i Havreneset. Nærme buss stopp, men er langt frå sentrum. Det ligg midt i eit boligområdet, og det er relativt stor fare for støyplager.