Jorun Fiske Pedersen og Hugo Pedersen Alvstua Fiske, Nordsida 1871 6653 ØVRE SURNADAL SAKSBEHANDLER: HEGE SÆTHER MOEN ARKIVKODE: 2016/5908-432.2 DATO: 29.11.2017 Ny behandling - Inngjerding av seterstøl, Alvstusetra - Svartåmoen naturreservat Verneområdestyret har med bakgrunn i Miljødirektoratets avgjørelse av klage datert 13.09.2017 tatt søknad om inngjerding av seterstølen på Alvstusetra til ny behandling. Saken ble behandla i Verneområdestyret som VO sak 53/2017 i møte den 21.11.2017. Verneområdestyret fattet følgende enstemmige vedtak: «Vi viser til Miljødirektoratet si vurdering i avgjerd i klagesak, datert 13.09.2017, og gir med dette dispensasjon med vilkår til inngjerding av Naturbeitemarka på Alvstusetra med heimel i Naturmangfaldlova 48. Området kan gjerdast inne på desse vilkåra: 1. Gjerdet kan stå så ut 2021 2. Arealet skal skjøttast i samsvar med Skjøtselplan for Alvstusetra. Graset skal fjernast frå arealet. 3. Skjøtselen må ha hatt effekt ved at kvaliteten på arealet har betra seg innan hausten 2021. 4. Gjerdet skal vere permanent og skal stå stødig. 5. Nettingen i gjerdet skal vere i en høygde slik at den holder ønskede beitedyr ute minimum 1,20 m, og være småmaska (t.d. lammegjerde) med solide knutar. Avstanden mellom horisontale strengar skal vere maksimum 15 cm. 6. Det skal settast inn grinder i gjerdet som skal stå opne så lenge marka er snødekt eller frose. Området kan gjerdast inne så framt tiltakshavar har gyldig dispensasjon til å drive skjøtsel (slått av setervoll) innanfor Svartåmoen naturreservat. Om det ikkje blir gjeve ny dispensasjon til slik skjøtsel når denne går ut i 2018, må gjerdet takast ned. Klagemoglegheit Vedtaket kan klagast på av ein av partane eller andre med rettsleg klageinteresse, jf. Forvaltningslova 28. Frist for klage er tre veker frå vedtaket er motteke. Klagen skal rettast til Miljødirektoratet, men sendast til Verneområdestyret for Trollheimen.» Postadresse: Telefon: E-post: hege.sather.moen@fylkesmannen.no Postboks 2520 71 25 8413 Web: www.nasjonalparkstyre.no/trollheimen/ 6404 Molde 913 39 538
Saken er faglig forberedt og lagt fram for verneområdestyret for Trollheimen for behandling av saksbehandler Maria Aastum hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, da verneområdeforvalter var inhabil etter forvaltningsloven 6 2. ledd. Med hilsen Hege Sæther Moen (e.f. leder i verneområdestyret for Trollheimen) Verneområdeforvalter Trollheimen Vedlegg: Saksframlegg og saksprotokoll for VO sak 53/2017 Kopi: Fylkesmannen i Møre og Romsdal Postboks 2520 6404 MOLDE Fylkesmannen i Sør-Trøndelag Postboks 4710 Sluppen 7468 TRONDHEIM Surnadal kommune Bårdshaugvegen 1 6650 SURNADAL
Arkivsaksnr: 2016/5908-0 Saksbehandler: Maria Aastum Moen Dato: 13.11.2017 Utvalg Utvalgssak Møtedato Verneområdestyret for Trollheimen 53/2017 21.11.2017 Ny behandling - Inngjerding av seterstøl, Alvstusetra - Svartåmoen naturreservat Søkar Hugo Pedersen og Jorun Fiske Pedersen, 6653 Øvre Surnadal Dokumenter i saken 1. Søknad frå Hugo Pedersen og Jorun Fiske Pedersen, datert 06.10.2016 2. Verneområdestyret for Trollheimen sitt vedtak datert 13.03.2017 3. Klagarane sine merknader og fagleg grunngjeving av klagen sendt til Miljødirektoratet 20.06.2017 4. Miljødirektoratet si avgjerd i klagesaka datert 13.09.2017 5. Fråsegn til ny handsaming av saka datert 07.11.2017, frå Naturvernforbundet v/ Øystein Folden. Saka er vurdert i hht. 1. Forskrift om fredning av Svartåmoen som naturreservat av 17.12.1999 2. Forvaltningsplan for Trollheimen landskapsvernområde av juli 2015 3. Naturmangfaldloven Saksprotokoll i Verneområdestyret for Trollheimen - 21.11.2017 Behandling i møtet: Det er reist tvil om enkelte medlemmers habilitet fra klager, og styret vedtok etter forslag fra leder Ola T Heggem at Maja Britt Renander, Gustav Kant og John Langli vurderes å være inhabile i denne saken, med hjemmel i FVL 6 andre ledd første punktum:
Likeså er han ugild når andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet; blant annet skal legges vekt på om avgjørelsen i saken kan innebære særlig fordel, tap eller ulempe for ham selv eller noen som han har nær personlig tilknytning til. Forslag til mindre endring i Fylkesmannens tilråding vedrørende høyde på gjerdet som må være minimum 1,20 høyt. Fylkesmannen si tilråding med mindre endringer: Vi viser til Miljødirektoratet si vurdering i avgjerd i klagesak, datert 13.09.2017, og gir med dette dispensasjon med vilkår til inngjerding av Naturbeitemarka på Alvstusetra med heimel i Naturmangfaldlova 48. Området kan gjerdast inne på desse vilkåra: 1. Gjerdet kan stå så ut 2021 2. Arealet skal skjøttast i samsvar med Skjøtselplan for Alvstusetra. Graset skal fjernast frå arealet. 3. Skjøtselen må ha hatt effekt ved at kvaliteten på arealet har betra seg innan hausten 2021. 4. Gjerdet skal vere permanent og skal stå stødig. 5. Nettingen i gjerdet skal vere i en høygde slik at den holder ønskede beitedyr ute minimum 1,20 m, og være småmaska (t.d. lammegjerde) med solide knutar. Avstanden mellom horisontale strengar skal vere maksimum 15 cm. 6. Det skal settast inn grinder i gjerdet som skal stå opne så lenge marka er snødekt eller frose. Området kan gjerdast inne så framt tiltakshavar har gyldig dispensasjon til å drive skjøtsel (slått av setervoll) innanfor Svartåmoen naturreservat. Om det ikkje blir gjeve ny dispensasjon til slik skjøtsel når denne går ut i 2018, må gjerdet takast ned. Klagemoglegheit Vedtaket kan klagast på av ein av partane eller andre med rettsleg klageinteresse, jf. Forvaltningslova 28. Frist for klage er tre veker frå vedtaket er motteke. Klagen skal rettast til Miljødirektoratet, men sendast til Verneområdestyret for Trollheimen. Vedtak Fylkesmannens tilrådning med mindre endringer enstemmig vedtatt Forvalters tilrådning / Fylkesmannen si tilråding:
Vi viser til Miljødirektoratet si vurdering i avgjerd i klagesak, datert 13.09.2017, og gir med dette dispensasjon med vilkår til inngjerding av Naturbeitemarka på Alvstusetra med heimel i Naturmangfaldlova 48. Området kan gjerdast inne på desse vilkåra: 1. Gjerdet kan stå så ut 2021 2. Arealet skal skjøttast i samsvar med Skjøtselplan for Alvstusetra. Graset skal fjernast frå arealet. 3. Skjøtselen må ha hatt effekt ved at kvaliteten på arealet har betra seg innan hausten 2021. 4. Gjerdet skal vere permanent og skal stå stødig. 5. Nettingen i gjerdet skal vere småmaska (t.d. lammegjerde) med solide knutar. Avstanden mellom horisontale strengar skal vere maksimum 15 cm. 6. Det skal settast inn grinder i gjerdet som skal stå opne så lenge marka er snødekt eller frose. Området kan gjerdast inne så framt tiltakshavar har gyldig dispensasjon til å drive skjøtsel (slått av setervoll) innanfor Svartåmoen naturreservat. Om det ikkje blir gjeve ny dispensasjon til slik skjøtsel når denne går ut i 2018, må gjerdet takast ned. Klagemoglegheit Vedtaket kan klagast på av ein av partane eller andre med rettsleg klageinteresse, jf. Forvaltningslova 28. Frist for klage er tre veker frå vedtaket er motteke. Klagen skal rettast til Miljødirektoratet, men sendast til Verneområdestyret for Trollheimen. Klagebehandlinga Hugo Pedersen og Jorun Fiske Pedersen klaga i brev datert 10.04.17 på verneområdestyret sitt avslag på søknaden om å sette opp gjerde rundt slåttemarka på Alvstusetra. Verneområdestyret tok ikkje klagen til følgje, og 01.06.2017 vart den sendt til Miljødirektoratet for avgjerd der. I etterkant sendte klagarane inn merknader og fagleg grunngjeving av klagen til Miljødirektoratet i brev datert 20.06.2017. I brev datert 13.09.2017 oversendte Miljødirektoratet si avgjerd i klagesaka. Fråsegn til ny handsaming av saka vart oversendt verneområdestyret 07.11.2017, frå Øystein Folden, leiar av Naturvernforbundet og fagkonsulent samt kartleggjar innanfor temaet slåttemark. Miljødirektoratet oppheva Verneområdestyret sitt vedtak og legg tydelege føringar for nytt vedtak i saka, og til at det må settast vilkår for tiltaket. Naturmangfaldloven, verneforskrifta og forvaltningsplan for Trollheimen Formålet med fredinga av Svartåmoen naturreservat er å sikre eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv, jf. Forskrift om freding av Svartåmoen som naturreservat, Rindal og Surnadal
kommuner, Møre og Romsdal kap III. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området er eit lite rørt furuskogområde på grusavsetjingar som er typisk for regionen. For reservatet gjeld at det ikkje må setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar. Opplistinga er ikkje fullstendig, jf. verneforskrifta kap. IV punkt 3. Det er ikkje heimel i verneforskrifta for å gje løyve til oppsetting av gjerde, og søknad må derfor vurderast etter den generelle dispensasjonsheimelen i naturmangfaldlova 48. Føresegna opnar for at det kan bli gjeve dispensasjon dersom tiltaket ikkje strider mot formålet med vernevedtaket og det ikkje kan påverke verneverdiane i særleg grad. Det at desse vilkåra er oppfylt gir ikkje krav på dispensasjon. Føresegna er ei «kan-føresegn», som inneberer at det skal gjerast ei konkret vurdering av om det skal bli gjeve dispensasjon dersom vilkåra er oppfylt. I vektinga av om dispensasjon skal bli gjeve må det gjerast ei skjønnsmessig vurdering. Mellom anna vil nødvendigheita av tiltaket ha betydning. I forvaltningsplanen for Trollheimen er det i utgangspunktet ei restriktiv haldning til gjerde. I høve der det er snakk om å sette dyr på beite kan det bli gjeve løyve til gjerde, på grunn av beitedyra si viktige rolle i kulturlandskapet. Motsett finnest det døme på at eit lite areal er gjerda inne for å halde beitedyr unna. Dette kan det bli gjeve løyve til rundt slåttemark med høg naturverdi når beitepresset på arealet elles ville ha vorte for stort. For reservatet gjeld at det ikkje må setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar. Opplistinga er ikkje fullstendig, jf. verneforskrifta kap. IV punkt 3. Vurdering av saka Vi viser til vurdering i verneområdestyret sitt vedtak datert 13.03.2017. Miljødirektoratet meiner likevel det er viktig å gjerde inne slåttemarka (no registrert som naturbeitemark verdi B) for å oppnå høgare verdi. I følgje direktoratet er det ikkje mogleg å oppnå høgare verdi på arealet utan gjerde, og det er såleis et behov for å skjerme arealet frå beitedyr. Naturmangfaldlova 8-12 Arealet som skal gjerdast inne ligg i ein område som er registrert som naturtype Gammel barskog verdi A, svært viktig. I samsvar med Skjøtselplan for Alvstusetra er arealet som det blir søkt om å gjerde inn Naturbeitemark verdi B, viktig. Ut frå det kan vi slutte at på grunn av tidlegare beite og slått er ikkje naturtypen Gammel barskog representert på arealet som skal gjerdast inn. Det er ikkje registrert artar av interesse på arealet. Kunnskapsgrunnlaget er godt nok, jf. 8. Forvaltningsplanen for Trollheimen har ei restriktiv haldning til oppsetting av gjerde da inngjerding forstyrrar landskapsbildet og medfører fare for at vegetasjonen blir endra som følgje av manglande eller feil skjøtsel. Den samla belastninga for landskapsvernområdet kan bli stor om mange slike seterstølar etterkvart blir inngjerda. Alle seterstølar har tidlegare vore skjøtta, og om alle med ein tidlegare skjøtta seterstøl får sette opp gjerde, kan det bli mange gjerde totalt i Trollheimen landskapsvernområde. Den samla belastninga på landskapskvalitetane kan bli store om det blir gjeve
dispensasjon i denne saka, noko som kan skape presedens, jf. 10. 9 Føre-var-prinsippet er ikkje vurdert. I samsvar med 12 blir det sett vilkår om best mogleg gjennomføring av tiltaket. 11 er ikkje relevant.