Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Like dokumenter
Kva type støttemurar er søknadspliktige og kva er unntatt frå søknadsplikt?

FASADEENDRING. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Hvilke gjerder og levegger er søknadspliktige og hvilke er unntatt fra søknadsplikt?

Definisjoner: Hvilke gjerder og levegger er søknadspliktige og hvilke er unntatt fra søknadsplikt?

Hvilke forstøtningsmurer er søknadspliktige og hvilke er unntatt fra søknadsplikt?

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 1. januar 2016

Veranda, balkong og terrasse

Definisjoner. Hvilke tilbygg er unntatt søknadsplikt og hvilke må du søke om?

Hvilke tilbygg er unntatt søknadsplikt og hvilke må du søke om?

Hvilke garasjer, boder og lignende er unntatt søknadsplikt og hvilke må du søke om?

BYGGJEPLANAR - KVA ER UNNTATT OG KVA MÅ DU SØKJE OM?

DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 30. juni 2015

SØKNADSPAKKEN for søknad om tiltak utan ansvarsrett

DEL 1 KRAV TIL BYGGESØKNAD

Sjekkliste for byggesak

DOKUMENTASJONSKRAV VED SØKNAD OM LØYVE TIL TILTAK ETTER 20-1

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak med ansvarsrett PBL 20-1

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Frådeling jfr. plan- og bygningsloven 20-1, m

Bygg utan å søkja. Her finn du meir informasjon: Kontakt oss. Dette må du undersøkja!

Løyve til bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad og l oppføring av tilbygg - gbnr 169/7 Eikeland nordre

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon og igangsetjingsløyve - 234/16 - hyttenaust - Høylandsbygd - Elisabeth og Harald Hammerseth

PUBLIKUMSINFO BYGGESAK

Dispensasjon og løyve til oppføring av naust, kai og flytebryggje - gbnr 138/4 Tveiten øvre

GØTZ AS Sæ STORD Vår dato: Vår ref: 2016/ /2017 / 28/208 Dykkar ref:

BYGGEPLANER - HVA ER UNNTATT OG HVA MÅ DU SØKE OM? MIDSUND KOMMUNE

Byggeplaner. hva er unntatt og hva må du søke om? Må alt dette søkes om? Informasjon til tiltakshaver og søker Byggeplaner

Hei og god formiddag. Innleiingsvis finn kommunen grunn til å opplyse om følgjande for så vidt gjeld grenser:

Løyve til tiltaket i eit trinn - 45/15 - Nybygg garasje, Kårevikvegen 64 DS- 266/14

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Retningslinjer for fortetting

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Marianne Aadland Sandvik

ØRSTA KOMMUNE Byggesak og oppmåling

Kva er melde-/søknadspliktig?

TEIKNINGAR KVA KREVST?

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Godkjenning - løyve til oppføring av garasje med dispensasjongbnr 27/263 M oldekleiv

Saksframlegg. Sakshandsamar: Cornelis Erstad Arkiv: MTR 81/53 Arkivsaksnr.: 16/320-10

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

SELVBYGGER - HVA ER UNNTATT OG HVA MÅ DU SØKE OM?

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Hanne Marie Evensen

Nytt i pblog erfaring frå delingssaker

Referat fra forhåndskonferanse 36/99, Ådland

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

Endring av rammeløyve - Dispensasjon - 65/7 - Nybygg 2 stk utleigehytter Huglo DS-447/15

HANDSAMING AV DISPENSASJONSSAK - 45/237 - REHABILITERING OG UTVIDING AV MOLO, SÆBØVEGEN 28

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Vår ref. 2012/ Særutskrift - BS - 134/22 - garasje - Uskedalen - Torkel Stensletten

Særutskrift - 136/9 - naust - Herøysundet - Hilde Bakkebø og Trond Inge Kvandal

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

Forutsetninger for unntak

Gjennomføringsplan. Tor Hegle Styremedlem NKF Byggesak. Hva skal kommunen ha?

Løyve til tiltak uten ansvarsrett- tilbygg til driftsbyggning i landbruket, gbnr 117/3, Rosnes

REGULERINGSPLAN GRUNNAVÅGEN 2, MOSTER, BØMLO KOMMUNE

BYGGESAKSHANDBOK TILTAK ETTER PLAN- OG BYGNINGSLOVA -

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2012/1169 Løpenr.: 10878/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

Velkommen til DIALOGMØTE

ØRSTA KOMMUNE Byggesaksavdelinga

TEIKNINGAR KVA VERT KRAVD?

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Del 2 Krav til plassering lover og forskrifter

Forskriftsspeil endringer i byggesaksforskriften (SAK10)

Føresegner Detaljregulering for naustområde Strand, Sandeid. Del av gnr. 27 bnr. 3 og 7 og gnr 27 bnr 14, 22, 23, 27 og 29, Vindafjord kommune.

Vedtak i sak som gjeld klage på løyve til planering og opparbeiding av tomt på gbnr. 1/236, i Sogndal kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2014/2197 Løpenr.: 14491/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

Tiltak som kan utførast av tiltakshavar

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 185/187 - terrasse - Valen - Jan Gunnar Fatland. Innstilling frå rådmannen:

DETALJREGULERING FOR GNR/BNR 39/32 M. FL., SJOARBAKKEN, STORD KOMMUNE

Møteprotokoll. Frå administrasjonen møtte: Rådmannen, teknisk sjef og planleggjar. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste.

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00 - Møtestad: Kommunehuset

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

REGULERINGSPLAN FOR RUNDKØYRING VED ØYSTESE MEKANISKE VERKSTAD REGULERINGSFØRESEGNER

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

Særutskrift - 136/9 - naust - Herøysundet - Hilde Bakkebø og Trond Inge Kvandal

Søknad om tillatelse belagt med ansvar og kontroll. Søknad som oppfyller kriteriene til 3 ukers behandlingstid.

Søknad om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg

Forenklinger i byggesaksforskriften fra 1. juli

Særutskrift - 186/246 - nybygg naust - Valen - Janne og Kjell Tore Haugland

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

Detaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg - Høyring og offentleg ettersyn 1. gongs handsaming

Møteprotokoll for Utval for plan og utvikling

Osterøy kommune PUBLIKUMSINFO BYGGESAK. Tiltak utan ansvarsrett. Utdrag frå:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 20/40 Arkivsaksnr.: 15/1835

Møteprotokoll for Utval for plan og utvikling

Reguleringsføresegner pbl 12-7

Informasjonskveld om byggesak 9. april 2018

Dispensasjon og løyve til tiltak - 46/418 - Nybygg næringsbygg, Tools AS, Heiane Vest DS-301/14

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 3.gongs behandling dispensasjon - 146/124 - naust - Sunde - Elna Marie Fludal

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Hanne Marie Evensen

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Transkript:

Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE postmottak@skodje.kommune.no Gjerde: Levegg: Definisjonar: Innhegning med enkle, lette konstruksjonar som skal hindre ferdsel, til dømes flettverksgjerde eller andre gjerde som ikkje er tette. Opne delar bør utgjere minst 50 % av konstruksjonen. Tett skjerm / konstruksjon som skal hindre innsyn, skjerme mot støy, vind, lyd eller liknande. Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt? Når du skal setje opp gjerde eller levegg er det tre ulike kategoriar som er aktuelle. Avhengig av plasseringa av gjerdet / leveggen, utforming, maksimal høgde over terrenget og avstand til eigedomsgrense, kan det vere at du: 1. Kan byggje utan å søkje (altså ikkje søknadspliktig). 2. Må søkje, men kan som tiltakshavar (tiltakshavar = byggherre / du som skal byggje) sjølv vere ansvarleg for søknaden og byggjearbeida. 3. Må søkje og søknaden må sendast inn av føretak som tar på seg ansvar som ansvarleg søkjar, eventuelt av tiltakshavar med ansvarsrett som sjølvbyggjar etter forskrift om byggesak (SAK10) 6-8. Prosjektering og utføring må gjerast av føretak som tar på seg ansvar som høvesvis ansvarleg prosjekterande og ansvarleg utførande, eventuelt sjølvbyggjar med ansvarsrett for dette. Eventuell kontroll må bli gjort av føretak som tar på seg ansvar for kontroll. Alle føretak som tar på seg ansvar må oppfylle krav til kvalitetssikring jf SAK10 kapittel 10 og krav til utdanning og praksis jf SAK10 kapittel 11. Her er tre tabellar med meir informasjon om dei ulike kategoriane: 1. Ikkje søknadspliktig etter plan- og bygningsloven (pbl) 20-5 e og g og SAK10 4-1 e nr. 1 og 3: Kva type gjerde og Gjerde mot nabo Gjerde mot nabo kjem inn under føresegnene i plan-og bygningsloven berre når det er gitt føresegner om det i arealplan, som til dømes i kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplan. Dersom gjerde mot nabo ikkje er nemnt i arealplan for eigedomen, kan du setje opp gjerde utan å søkje. Høgde inntil 1,5 m over terreng er akseptabelt i dei fleste tilfelle. Privatrettslege reglar du må ta omsyn til finn du i lov om grannegjerde og naboloven. Gjerde (innhegning) mot veg med enkle, lette konstruksjonar med høgde inntil 1,5 m. Gjerdet må ikkje hindre sikta i frisiktsoner mot veg. 1 Du kan setje opp gjerde mot veg utan søknad, dersom ikkje anna er bestemt i arealplan, som til dømes kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplan. Ta gjerne kontakt med kommunen for å avklare nærare om gjerdet du skal setje opp er søknadspliktig.

(Sjå SAK10 4-1 e nr. 3) Levegg (skjermvegg) med høgde inntil 1,8 m og lengde inntil 10,0 m. Avstand til nabogrense må vere minst 1,0 m. Levegg (skjermvegg) med høgde inntil 1,8 m og lengde inntil 5,0 m kan bli plassert inntil nabogrense. Leveggen kan i begge tilfella vere frittståande eller bunde saman med bygning. (Sjå SAK10 4-1 e nr. 1 og 2): Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket (tiltaket = det du skal byggje) følgjer føresegnene i plan- og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter, arealplanar, og andre løyve. Grensepåvising kan vere aktuelt då det er viktig at gjerde mot veg ikkje blir plassert utanfor eigedomsgrensa. Du kan bestille grensepåvising hos kommunen. Du bør samarbeide med naboane dine om utføringa, slik at fleire gjerde langs samme veg blir tilpassa kvarandre. Hugs at gjerde mot veg må vere utforma slik at det tåler trykket frå vanleg vegvedlikehald, som til dømes snøbrøyting. Du kan setje opp leveggar av denne typen utan å søkje, dersom ikkje anna er bestemt i arealplan, som til dømes kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplan. Hugs at leveggen ikkje på noko punkt kan vere høgare enn 1,8 meter over terrenget. Skilje mellom seksjonar i rekkjehus, der seksjonane er delar av same eigedom, blir ikkje rekna som nabogrense. Leveggen kan derfor setjast opp i skiljet mellom seksjonane. Du er sjølv ansvarleg for at leveggen følgjer føresegnene i plan- og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter, arealplanar som kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplan, og andre løyve. Leveggen må heller ikkje kome i strid med andre regelverk, som til dømes avstands- og avkøyringsreglane i vegloven eller byggeforbodssone etter jernbaneloven. Hugs at du må byggje leveggen slik at krava til konstruksjonstryggleik blir følgd. Vi tilrår at du informerer naboane dine før du begynner å byggje. ByggSøk Dersom du skal setje opp gjerde eller levegg som er søknadspliktig, tilrår vi at du sender elektronisk søknad gjennom ByggSøk-bygning (www.byggsok.no). Systemet er gratis og nettbasert, og du får rettleiing om utfyllinga undervegs. Ved å bruke ByggSøk får du på same tid ein kvalitetskontroll av søknaden. Mange kommunar har redusert gebyr for søknader som blir sende inn via ByggSøk. 2. Søknadspliktige tiltak som du som tiltakshavar kan vere ansvarleg for sjølv etter 20-4 i planog bygningsloven og SAK10 3-1: Kva slags gjerde og Andre gjerde (tette, «tunge» gjerde) og andre leveggar enn dei som er nemnt i tabell 1, og som etter kommunen si vurdering kjem inn under føresegna i pbl 20-4 e) «andre mindre tiltak som etter kommunens skjønn kan forestås av tiltakshaver». Dersom kommunen vurderer at det du skal gjere kjem inn under denne føresegna, kan du som tiltakshavar sende inn søknaden sjølv. Du er då ansvarleg for at tiltaket følgjer føresegnene i plan- og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter, arealplanar som for eksempel kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplan, og andre løyve. Kommunen kan føre tilsyn og be om at du mellom anna dokumenterer korleis krava i byggteknisk forskrift (TEK17) blir følgde opp. 2

Kva gjerde og leveggar du kan søkje om sjølv som tiltakshavar må du altså avklare med kommunen. Enkelte kommunar har retningsliner for dette. Send inn søknaden i eitt eksemplar. Ifølgje SAK10 5-4 skal han innehalde: Søknadsblankett nr. 5153* Kvittering for nabovarsel og Opplysningar gjeve i nabovarsel. Naboar og gjenbuarar skal bli varsla. nr. 5155 og 5156 Dersom det blir søkt om dispensasjon, må det bli varsla særskilt om dette. Du må ikkje sende søknaden til kommunen før frist for nabomerknader har gått ut. Du finn meir informasjon i informasjonsarket «Nabovarsel innhald og varslingsmåtar». Eventuelle merknader frå naboar, med forklaring på korleis desse eventuelt er tatt omsyn til. Situasjonsplan. Kartet må vere av ny dato, og du kan bestille det hos kommunen. Du må markere plasseringa av gjerdet/leveggen med farge på kartet, og setje måla på avstandar. Du finn meir informasjon i informasjonsarket «Situasjonsplan kva krevst?» Teikningar i målestokk, t.d. 1:100, eller skisse. Teikningar må vise høgde og utføring. Du finn meir informasjon i informasjonsarket «Teikningar kva krevst?» Eventuelt søknad om dispensasjon *. Er søknaden avhengig av dispensasjon frå plangrunnlaget eller andre regelverk, er det krav om grunngitt søknad etter 19-1 i plan- og bygningsloven. Du finn meir informasjon i informasjonsarket «Dispensasjon» * Ikkje aktuelt som eige vedlegg ved bruk av ByggSøk-bygning Dei firesifra nummera til høgre i tabellen viser til blankettnummeret for byggesaksblanketten som du finn på Direktoratet for Byggkvalitet sine sider. 3. Søknadspliktige tiltak med krav om ansvarlege føretak etter plan- og bygningsloven 20-3: Kva slags gjerde og Andre gjerde (tette, tunge gjerde) og andre leveggar enn dei som er nemnt i tabell 1 og 2. Døme på slike konstruksjonar er store tunge leveggar, skjermvegg eller innhegning som også er støyskjerm. Send inn søknaden i eitt eksemplar. Ifølgje SAK10 5-4 skal han innehalde: 3 Søknad skal sendast inn av føretak som tar på seg ansvar som ansvarleg søkjar, eventuelt av tiltakshavar med ansvarsrett som sjølvbyggjar. At du skal kunne bli godkjent som sjølvbyggjar, krev at du har nødvendig kompetanse sjølv, eller at du knyt til deg nokon med slik kunnskap. Søknadsblankett, inkludert erklæring om ansvarsrett for søkjar nr. 5174* og 5175*, ev. 5184* og 5187* Kvittering for nabovarsel og Opplysningar gitt i nabovarsel. Naboar og gjenbuarar skal bli varsla. nr. 5155 og 5156 Dersom det blir søkt om dispensasjon, må det bli varsla særskilt om dette. Du kan ikkje sende søknaden til kommunen før frist for nabomerknader har gått ut. Du finn meir informasjon i informasjonsarket «Nabovarsel innhald og varslingsmåtar». Eventuelle merknader frå naboar, med forklaring på korleis desse eventuelt er tatt omsyn til. Situasjonsplan. Kartet må vere av ny dato, og du kan bestille det hos kommunen. Du må markere plasseringa av gjerdet/leveggen med farge på kartet, og måla på avstandar må vere sett. Du finn meir informasjon i informasjonsarket «Situasjonsplan kva krevst?» Teikningar i målestokk, t.d. 1:100, eller skisse. Teikningar må vise høgde og utføring. Du finner meir informasjon i informasjonsarket «Teikningar kva krevst?» Gjennomføringsplan med oversyn over ansvarsområde inndelt i godkjenningsområde nr. 5185* og etter tiltaksklassar, kontrollområde, ansvarlege føretak og gjennomføring av oppgåvene. Erklæring om ansvarsrett for prosjekterande, utførande og eventuelt kontrollerande nr. 5181* og ev. 5184* og 5187* Eventuelle uttalar og avgjerder frå andre styresmakter som nemnt i SAK10 6-2 (vegstyresmakt osb.) Eventuelt søknad om dispensasjon *. Er søknaden avhengig av dispensasjon frå plangrunnlaget eller andre regelverk, er det krav om grunngitt søknad etter 19-1 i plan- og bygningsloven og byggeteknisk forskrift (TEK 17) 6-4. Du finn meir informasjon i informasjonsarket «Dispensasjon». * Ikkje aktuelt som eige vedlegg ved bruk av ByggSøk-bygning Dei firesifra nummera til høgre i tabellen viser til blankettnummeret for byggesaksblanketten som du finn på Direktoratet for Byggkvalitet sine

sider. 4

Når kan du begynne å byggje? Om gjerdet eller leveggen du skal byggje ikkje er søknadspliktig, kan du begynne å byggje med ein gong du har avklara at vilkåra for unntak frå søknadsplikt er oppfylte. Om gjerdet eller leveggen du skal byggje er søknadspliktig kan du begynne å byggje tre veker etter at kommunen har mottatt søknaden, dersom desse vilkåra er oppfylte etter 21-7 i plan- og bygningsloven: Søknaden er komplett, det vil seie at han inneheld all nødvendig informasjon Oppføring av gjerdet eller leveggen er i samsvar med gitte føresegner eller i medhald av pbl (er i samsvar med arealplan eller dispensasjon er innhenta på førhand). Det er ikkje nødvendig med ytterlegare løyve, samtykke eller uttale frå annan ansvarleg instans etter SAK10 6-2. Det ligg ikkje føre merknader frå naboar *) Kommunen har ikkje gitt deg melding om forlenga frist for sakshandsaminga etter SAK10 7-3. *) Dette vilkåret gjeld ikkje dersom gjerdet eller leveggen er slik at du etter kommunen si vurdering sjølv kan søkje utan å bruke ansvarlege føretak. Sjå tabell 2 og pbl 21-7 tredje ledd. Er ikkje desse vilkåra fylte, må du vente med å byggje til du har fått skriftleg løyve frå kommunen. Kommunen har då frist på 12 veker til å gi deg svar. Sjå pbl 21-7. Når søknadspliktig gjerde / levegg er ferdig bygd, skal du som tiltakshavar / ansvarleg søkjar be kommunen om ferdigattest. 5