Vurdering for utvikling

Like dokumenter
Vurdering for utvikling

Vurdering for utvikling

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

Vurdering for utvikling

Vurdering for utvikling

Vurdering for utvikling Rapport

Vurdering for utvikling

VURDERINGSRAPPORT. Gjelsvik skule. Tema: VURDERING FOR LÆRING Anne Grethe Dale og Hildegunn Hatlem

Vurdering for utvikling

Vurdering for utvikling

VURDERINGSRAPPORT HELLEVIK BARNEHAGE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Vurdering for utvikling

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Vurdering for utvikling

Månadsbrev for Rosa september 2014

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

VURDERINGSRAPPORT EKERHOVD OPPVEKSTTUN

Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT GLESNES SKULE

VURDERINGSRAPPORT. Vadheim skule. Vadheim skule, Tangevegen 4, 6996 Vadheim, tlf

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

OVERSIKT OVER OPPGÅVER OG ANSVAR KNYTT TIL EKSTERN VURDERING

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

VURDERINGSRAPPORT. Bulandet SKULE

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

VURDERINGSRAPPORT Elvetun barnehage

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

2. Vi prøver å få oversikt over kven som er involverte i konflikta.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Informasjonshefte Tuv barnehage

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

VURDERINGSRAPPORT BJORDAL SKULE

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Du må tru det for å sjå det

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

VURDERINGSRAPPORT. Olderdalen barnehage mai Sidsel Anita Ekblad Itland Åsmund Berthelsen Marie Hendrix

VURDERINGSRAPPORT Brekke barnehage og skule

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

VURDERINGSRAPPORT DALSØYRA SKULE

Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT SKOGSVÅG SKULE

Sandeid skule SFO Årsplan

Innsats i BTI Barnevern

Informasjon til foreldre

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Hardanger / Voss kompetanseregion Vurderingsgruppa VURDERINGSRAPPORT. Strandebarm skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Årsmelding for Urhei barnehage

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Skjema for eigenvurdering

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Ekstern vurdering. Verkty for kvalitetsutvikling i barnehage. Marianne Meling

Trivsel og vekstvilkår

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Saman om Ørstabarnehagen

Ekstern hjelp til vurdering i barnehagar

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Elevundersøkinga 2016

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Ei skisse på essensen i rammeplana. Slik vi ser det.

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Samspel og livsmeistring

Tilbakeblikk på mars:

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Årsplan for

VURDERINGSRAPPORT FOR SEKSE BARNEHAGE

Velkomen til Mork barnehage

Øystese barneskule April - 08

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Transkript:

Vurdering for utvikling Rapport Eidsbotn barnehage, 5960 Dalsøyra. Tlf. 57 78 38 23 Veke 40; 1. 4. oktober 2012. Tema: KOMMUNIKASJON Stad og dato: Eidsbotn 04.10.2012. Inger Nyland og Vigdis Øen Åsnes - - 1

Innhald: 1.Føreord 3 2. Oppsummering (samandrag) 4 3..Fakta om barnehagen og val av vurderingstema 4 4. Frå vurdering til endring av praksis 4 5 Glansbilete 5 6.Barnehagen sine sterke sider. 7 7. Barnehagen sine utfordringar 11 8. Idear 14. 9. Vidare arbeid 15 10. Vedlegg: 16 Deltakarar i vurderinga. 16 Tidsbruk 16 Metodar og verktøy.. 18 Samtaleguidar og skjema 19-24 - - 2

1. Føreord For å sikre kvaliteten og stimulere til forbetring i skulane og barnehagane har dei seks kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Gulen og Høyanger oppretta eit felles vurderingsnettverk som med jamne mellomrom vurderer skulane og barnehagane i regionen. Vurderingsnettverket er røynde lærararar og førskulelærarar i regionen. Alle vurderer i annan kommune enn der dei arbeider. Fleire av vurderarane har vidareutdanning i kvalitetsvurdering i skule og barnhagane. Ein prosjektkoordinator leier og administrerer arbeidet med vurderingar. Skulane er etter Opplæringslova pålagt å vurdere verksemda jamleg Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organisering og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Skoleigar har ansvar for å sjå til at vurderinga vert gjennomført etter føresetnadene». Etter Rammeplanen for barnehagane skal også verksemda der vurderast. Arbeidet til barnehagen skal vurderast, det vil seie beskrivast, analyserast og tolkast ut frå kriterium i barnehagelova, rammeplanen og eventuelle lokale retningslinjer og planar. Regionen har ekstern vurdering for å gje skulane/barnehagane hjelp i utviklings- og vurderingsarbeidet og utvikle vurderingskompetanse. Skulane/barnehagane treng å bli sett på med nye auge. Den eksterne vurderinga er ein del av kvalitetssystemet for skular og barnehagar i regionen. Vurderinga har ikkje som mål å gje eit fullstendig bilete av kvaliteten på skulen, men skal vere eit bidrag til kva skulen må arbeide vidare med innan det temaet som er vurdert. Skulen og barnehagen er forplikta til å følgje opp og rapportere attende til eigar om kva som er gjort i høve utfordringane. Rapporten vert gjort offentleg på kommunen og skuleregionen sin nettstad: www.hafs.no ein månad etter vurderinga. Dale, august 2012 Åsmund Berthelsen (prosjektkoordinator) Mobil: E-post: Asmund.Berthelsen@fjaler.kommune.no 99318698 - - 3

2. Oppsummering Eidsbotn barnehage er ein barnehage som det er godt å vere i. Det er ei roleg og god atmosfære. Det er god trivsel i barnegruppa, borna er tillitsfulle og dei er gode venner. Vi høyrer at det er ein god tone blant dei vaksne i barnehagen, både mellom kvarandre og overfor borna. Foreldra er ikkje redd for å ta opp ting med personalet og føler at dei både vert høyrd og respektert. Dei saknar eit system som sikrare informasjonsflyt mellom heim og barnehage. Borna er i fokus og deira behov vert godt i varetatt heile dagen. Vi har sett og høyrt god dialog med borna som har verbalt språk og vi har sett at dei vaksne kan bli betre på aktiv lytting og dialog med dei minste barna. Dei vaksne er bevist at dei er viktige rollemodellar i alt dei seier og gjer. Når det gjeld konfliktløysing kunne dei ynskje seg å drøfte praksis for å få felles strategi. Eidsbotn barnehage har ikkje rutinar for å drøfte eigen praksis, noko som er svært viktig for at barnehagen skal vere ein lærande organisasjon. 3. Fakta om barnehagen og val av vurderingstema Eidsbotn barnehage er ein barnehage med ein avdeling, som held til i eit nedlagt skulehus. Barnegruppa blir delt i to: Ei gruppe for dei store (over 3 år) og ei gruppe for dei små (under 3 år).begge gruppene har sitt eige opphaldsrom, medan badet, kjøkkenet og garderoben er felles. For tida har me 5 små og 8 store barn. Barnehagen har ein pedagogisk leiar i 100 % stilling som er barne og ungdoms arbeidar, ein assistent i100 % stilling, ein i 60 %, ein i 40 % og ein lærling i 100 %. Barnehagen har felles styrar med Dalsøyra og jobbar tett saman med personalet frå Dalsøyra. Dei to barnehagane har felles opplegg for førskulebarna og blir slått saman i sommarmånadane. Barnehagen har eit stort uteområde og har fine turstiar i nærområde. Val av tema kom fram etter diskusjonar på personalmøte 4. Frå vurdering til endring av praksis Vurderingsmetoden som er nytta er ein tilpassa versjon av metodikken som Hardanger/Vossregionen har utvikla. Metodikken vert nytta av Utdanningsdirektoratet i samband med rettleiing av skular og av fleire regionar og kommunar i heile landet. Modellen har fem steg: 1. 2. 3. 4. 5. Velje område Lage glansbilete (kriterium og teikn på god praksis) Hente informasjon Gjere vurdering Spegle attende Utifrå informasjonen vurderarane får gjer dei ei vurdering av om tilhøva er slik dei bør vere. Vurderarane peikar på kor skulen/barnehagen er bra i forhold til god praksis og kor dei har utfordringar. Etter det er det skulen/barnehagen sitt ansvar å følgje opp og ta tak i - - 4

utfordringane vurderarane meiner dei har Det skal skje i eit samarbeid med eigaren og regionen. 5. Glansbilete Kriterium tyder kjenneteikn på god kvalitet. Kriteria er henta frå lov, regelverk, læreplanverk, rammeplan eller skulen/barnehagen sine eigne planar. Kriteria og teikn på god praksis er utforma i eit samarbeid mellom vurderarane og skulen/barnehagen, og til slutt godkjende av skulen/barnehagen. GLANSBILDE KOMMUNIKASJON. Kriterium Kommunikasjonen mellom dei vaksne er prega av anerkjenning og respekt. Teikn på god praksis Dei tilsette gjev kvarandre konstruktive tilbakemeldingar Dei tilsette er bevisste at dei er rollemodellar for born Dei tilsette har ein positiv måte å snakke til kvarandre på Det er rom for å gjere tabbar Dei tilsette tek opp saker med den det gjeld (Rammeplanen) Vaksne har ein anerkjennande veremåte overfor borna (Rammeplanen) Dei vaksne er aktivt lyttande Dei vaksne tilpassar kommunikasjon og språk til det enkelte barn sitt utviklingsnivå Dei vaksne rettleiar born i kva som er akseptabel kommunikasjon Dei vaksne er aktive rettleiar i konfliktløysing - - 5

Barn er inkluderande og positive til kvarandre (Rammeplanen) Dei vaksne har tillit til at barn kan sjølv Dei tilsette oppmuntrar borna til å gje uttrykk for eigne tankar, meiningar og kjensler Borna er inkluderande Borna viser omsorg for kvarandre Borna har kompetanse på å løyse enkle konfliktar Borna brukar språket for å gje uttrykk for kjensler, ynskje og erfaringar Borna kan vente på tur Det er god kommunikasjon mellom heim og barnehage (Barnehagelova Rammeplanen) Dei tilsette tek imot tilbakemeldingar på ein konstruktiv måte Alle born og foreldre vert sett og møtt med respekt Foreldre og tilsette har tillit til og snakkar positivt om kvarandre Barnehagen er ein lærande organisasjon (Rammeplanen) Dei tilsette drøftar jamleg eigen praksis Vurderingar og drøftingar fører til endring eller stadfesting av eksisterande praksis Dei tilsette flekterer over og diskuterer ulike måtar å kommunisere med born på. - - 6

6. Barnehagen sine sterke sider Kommunikasjonen mellom dei vaksne er prega av anerkjenning og respekt. Dei tilsette gjev kvarandre konstruktive tilbakemeldingar Dei tilsette opplever at dei er trygge på kvarandre. Vi er høflege og saklege med kvarandre. Vi har opplevd at dei tilsette lyttar til kvarandre og at dei har respekt for kvarandre og diskuterer seg fram til måtar å løyse dagen på. Kjem fram gjennom intervju med personalet og observasjon. Dei tilsette er bevisste at dei er rollemodellar for born Personalet reflekterer over kva det inneber å vere gode rollemodellar for borna, både når det gjeld talemåte og veremåte. Vi har både sett og hørt at dei vaksne er beviste på dette. Kjem fram gjennom intervju med personalet og observasjon. Dei tilsette har ein positiv måte å snakke til kvarandre på Dei tilsette snakkar vennleg og høfleg til kvarandre. Kjem fram gjennom intervju med personalet og observasjon. - - 7

Det er rom for å gjere tabbar Personalet seier at i Eidsbotn barnehage kan ein gjere ein tabbe: Ikkje trykke kvarandre ned, men hjelpe kvarandre opp. Kjem fram gjennom intervju med personalet. Dei tilsette tek opp saker med den det gjeld Dei fleste ser ikkje på dette som noko problem. Kjem fram gjennom intervju med personalet. Vaksne har ein anerkjennande veremåte overfor borna Dei vaksne er aktivt lyttande Vi har sett at dei vaksne har fokus på ungane. Dei vaksne er der ungane er, og vi har sett og hørt god dialog med dei ungane som har eit verbalt språk. Sitat frå intervju: Det vil sei å sjå ungane og gå ned på deira nivå. Du kan ikkje stå å ta ut av vaskemaskina og vere aktivt lyttande på same tid. Kjem fram gjennom intervju med personalet og observasjon. Dei vaksne tilpassar kommunikasjon og språk til det enkelte barn sitt utviklingsnivå Vi har sett og hørt fin dialog mellom vaksne og born. Dei vaksne møter borna individuelt etter situasjon og utviklingsnivå. Kjem fram gjennom intervju med personalet og observasjon. Dei vaksne rettleiar born i kva som er akseptabel kommunikasjon Dei vaksne er einige om kva som er akseptabel kommunikasjon og forklarar borna kvifor. Dei vaksne rettleiar borna i korleis dei skal snakke til kvarandre. Kjem fram gjennom intervju med personalet. Dei vaksne er aktive rettleiarar i konfliktløysing Vi opplever barnehagen som ein stad der det er få konfliktar i barnegruppa. Under intervju med personalet kjem det fram at dei er opptekne av å finne ut kva som har skjedd og å lytte til begge partar i ein konflikt. Kjem fram gjennom intervju med personalet og observasjon. - - 8

Dei vaksne har tillit til at barn kan sjølv Vi har sett at dei vaksne let born få vere aktivt deltakande i samling, dekke bord, sitte åleine og teikne med tusj. Ytterklede vert lagde fram i garderoben slik at borna får prøve sjølve. Vi har hørt at dei vaksne oppmuntrar borna. Kjem fram gjennom intervju med personalet og observasjon. Dei tilsette oppmuntrar borna til å gje uttrykk for eigne tankar, meiningar og kjensler Vi har sett og høyrt vaksne som viser interessert for born sine tankar, meiningar og kjensler. Vaksne fortel om eigne opplevingar og dermed får dei respons hos borna. Kjem fram gjennom intervju med personalet og observasjon. Barn er inkluderande og positive til kvarandre Borna er inkluderande Vi ser at borna i Eidsbotn barnehage samspelar godt. Dei ser kvarandre og viser glede når dei er i lag. Kjem fram gjennom intervju med personalet, borna og observasjon. Borna viser omsorg for kvarandre Vi ser at det er fin leik mellom borna og at det er plass til dei minste innimellom. Ungane er glade kvarandre, seier ein av dei vaksne. Kjem fram gjennom intervju med personalet og observasjon. Borna har kompetanse på å løyse enkle konfliktar Vi har ikkje sett spesielle konfliktsituasjonar desse dagane vi har vore i Eidsbotn barnehage. Kjem fram gjennom observasjon. Borna brukar språket for å gje uttrykk for kjensler, ynskje og erfaringar I barneintervju høyrer vi at borna kan fortelje om eigne erfaringar. Dei kjenner til reglane i barnehagen. Vi ser at dei minste borna har eit tydeleg kroppsspråk som gjev uttrykk for deira kjensler, ynskje og erfaringar. Kjem fram gjennom intervju med borna og observasjon. - - 9

Borna kan vente på tur Vi har sett at borna i Eidsbotn barnehage er kjempegode til å vente på tur! Det er ro på badet når alle skal vaske hendene. Borna sit roleg med bordet og ventar til alle er klar og dei kan begynne å ete. Kjem fram gjennom observasjon. Det er god kommunikasjon mellom heim og barnehage Dei tilsette tek imot tilbakemeldingar på ein konstruktiv måte Foreldra er ikkje redd for å ta opp ting. Dei synes at dei vert høyrde. Dei får beskjed der som det er noko spesielt med deira barn. Etter ynskje frå foreldra skriv personalet litt om dagens aktivitetar på ei tavle i gangen. Det vert og hengt opp fotomontasjar frå turar og liknande. Dette seier foreldra viser at tilbakemeldingar vert tekne på alvor. Personalet seier i intervju at dei prøver å imøtekomme foreldra sine ynskje. Ynskja frå foreldra går mest på praktiske ting som mat, soving, klede og liknande. Personalet set pris på å få tilbakemeldingar frå foreldra. Dette kom fram på foreldremøte og vert underbygd av påstandsskjema Alle born og foreldre vert sett og møtt med respekt Foreldra seier at det er trygt og godt i barnehagen no. Ungane er blide og har lyst å gå i barnehagen. Foreldra seier at dei har eit generelt godt forhold til dei tilsett og dei opplever dei tilsette som fleksible og romslege. Vi har sett at born og foreldre vert møtt med respekt av personalet. Dette kom fram på foreldremøte og vert underbygd av påstandsskjema og observasjon. Foreldre og tilsette har tillit til og snakkar positivt om kvarandre Det vert ikkje snakka negativt om personalet. Foreldra føler at dei kan ta opp vanskelege ting om borna sine utan at det vert oppfatta negativt. Foreldra føler seg trygge på at personalet har den nødvendig kompetansen. Og det har mykje å sei at personalgruppa er stabil. Personalet har tillit til og snakkar positivt om foreldra. Kjem fram gjennom intervju med personalet, foreldra og observasjon. - - 10

7. Barnehagen sine utfordringar Kommunikasjonen mellom dei vaksne er prega av anerkjenning og respekt. Dei tilsette gjev kvarandre konstruktive tilbakemeldingar I intervju kom det mellom anna fram at: Me er lite flinke til å gje kvarandre ros Litt feig på det som ikkje er bra Tilsette har opplevd at dei har fått tilbakemeldingar over hovuda på borna. - - 11

Vaksne har ein anerkjennande veremåte overfor borna Dei vaksne er aktivt lyttande Vi ser at det både er god tid og rom for dialog med dei minste borna, men vi ser ikkje at det vert godt nok utnytta. Her kan personalet vere mykje meir aktiv lyttande i kommunikasjonen med dei minste og nytte alle kvardagssituasjonane til gode samtalar og språkstimulering. Dette har komme fram gjennom observasjon Dei vaksne tilpassar kommunikasjon og språk til det enkelte barn sitt utviklingsnivå Vi har sett at vaksne har manglande kommunikasjon med dei minste barna. Dei har vore for raske med reaksjon på barnas innspel og dermed gått glipp av det barnet eigenleg ville formidle. Dette har vi sett gjennom observasjon Dei vaksne er aktive rettleiar i konfliktløysing Gjennom intervju med personalet har det komme fram usikkerheit på kva strategiar som skal brukast i konfliktløysing. Vi har sett lite til konfliktar. Dei tilsette oppmuntrar borna til å gje uttrykk for eigne tankar, meiningar og kjensler I intervju har det komme fram at dei tilsette saknar ein skjerma lesekrok, der dei kan lese og få til gode samtaler med borna. Det er god kommunikasjon mellom heim og barnehage Dei tilsette tek imot tilbakemeldingar på ein konstruktiv måte Foreldra etterlyser eit system som sikrar at alle dei tilsette får vite beskjedar. Personalet bekreftar at dei skulle hatt eit betre system som sikrar at tilbakemeldingar vert formidlar til alle. Personalet ynskjer seg meir tilbakemeldingar frå foreldra på det faglege innhaldet i barnehagen. Dette har komme fram gjennom intervju med personale og på foreldremøtet. - - 12

Barnehagen er ein lærande organisasjon Dei tilsette drøftar jamleg eigen praksis Både styrar og personalet seier at dette har dei ikkje sett av tid til. Dette kan sikrast ved å finne tid på personalmøte til å drøfte eigen praksis og få det inn i eit fast system. Dei tilsette gjev uttrykk for at det er negativt at styrar er leiar for to barnehagar. Dei ynskjer at ho skal vere tilstades meir i Eidsbotn barnehagen. Dette har vi fått gjennom intervju av personalet. Vurderingar og drøftingar fører til endring eller stadfesting av eksisterande praksis Den kommunale fagplanen har ei side som omhandlar fagområdet: Kommunikasjon, språk og tekst. Den har dei vurdert to gonger sidan 2010. For oss verkar det som innhaldet i fagområdet er ukjend for dei fleste i personalet. Dette har vi fått gjennom intervju av personalet. Dei tilsette re flekterer over og diskuterer ulike måtar å kommunisere med born på. Vi opplever at dei tilsette er opptekne av kommunikasjon med borna. Dei har eit godt verktøy (den kommunale fagplanen) når det gjeld korleis jobbe med kommunikasjon språk og tekst.men dette verktøyet er blitt altfor lite integrert i dagleg bruk. Dette har vi fått gjennom intervju av personalet. - - 13

8. Idear til vidare arbeid Utviklingsområde Det er god kommunikasjon mellom heim og barnehage Kommunikasjonen mellom dei vaksne er prega av anerkjenning og respekt. Vaksne har ein anerkjennande veremåte overfor borna. Barnehagen er ein lærande organisasjon Idear Lage eit system for tilbakemeld frå foreldra. Medarbeidarsamtalar kvart år Styrar bør organisere tida slik at ho er meir tilstades i Eidsbotn barnehage. (personalet opplever at ho har for lita tid og at det blir for lite tydeleg informasjon) Avskjerma lesekrok (rom for samtalar og gode leseopplevingar) Praksisforteljingar Gje kvar andre tilbakemeldingar på praktisk arbeid med ungane. Implementere den kommunale fagplanen i Årsplanen. Foreldre ynskjer at det vert innført tannpuss i barnehagen Meir kreativt bruk av nærområdet Kan godt gå meir enn ein dag i veka. Og vi ynskjer og at dei minste meir på turar. Gardsbesøk og reise litt rundt Andre ting frå foreldra - - 14

9. Vidare arbeid Innan ein månad etter vurderinga må vurderarane få melding om eventuelle feil i rapporten. Etter dette vert rapporten offentleggjort på skuleeigar/barnehageeigar og Skuleregion HAFS sine heimesider. Seinast ein månad etter vurderinga skal skulen/barnehagen ha eit oppfølgingsmøte der både eigar og region er med. På dette møtet skal utfordringane og moglege tiltak drøftast. Gjennom tilstandsrapporten skal skular/barnehagar rapportere korleis dei har arbeidd med utfordringane og kva tiltak som er sett i verk. Tiltaka skal innarbeidast i handlings- og utviklingsplanane til skulane og barnehagane. I tillegg til vurderingsrapporten er det utarbeidd ein vedleggsrapport som ikkje er offentleg, men som er overlevert rektor/styrar ved. I rapporten står oppsummeringar av påstandsskjema, observasjonar og intervju/samtalar. Stad og dato: Eidsbotn 04.10.2012. Inger Nyland Vurderingsnettverket Skulregion HAFS Vigdis Øen Åsnes Vurderingsnettverket Skuleregion HAFS - - 15

Vedlegg: Deltakarar i vurderinga Interne: Tilsette, born og foreldre Eksterne: Inger Nyland og Vigdis Øen Åsnes Grunngjeving for val av informantar: Kommunikasjon er viktig på alle nivå i barnehagen. Vi har difor valt å bruke både foreldre og born som informantar i tillegg til dei tilsette. Tidsbruk Regionen v/prosjektkoordinator har ansvaret for kontakt og planlegging saman med styrar/rektor fram til tildeling av vurderarar. Vidare skal regionen ha kontakt og delta på møte for oppfølging. Vurderarane skal nytte ei veke til vurderinga, ein dag til føremøte og fire dagar på skulen/i barnehagen. På små skular eller barnehagar kan det verte brukt mindre tid, men avhengig av temavalet.. Vurderarane skriv ferdig og presenterer rapporten den siste dagen. Før og undervegs førebur vurderarane intervju, samtalar og observasjonar, arbeider med informasjonen og lagar oppsummeringar. Tidsplan for heile prosessen: (utfylt av region saman med skule/barnehage) Tid Veke Ikkje hatt Veke Mai? Veke Vår Veke 38 Veke 38 Veke 38 Veke 38 Veke 38 Veke 39 Veke 40 Tiltak Planleggingsmøte med eigar og region Prosess for val av tema. Tildeling av vurderarar Barnehagen sender over relevante planar og dokument. Føremøte mellom barnehage og vurderarar (ein som møtte) Føremål: Drøfte glansbiletet med kriterium og teikn på god praksis. Avklare ansvarsoppgåver og tidsplan Barnehagen får forslag til kriterium og teikn på god praksis (glansbilete) Barnehagen drøftar forslaga og kjem framlegg til endringar og tillegg Barnehagen godkjenner glansbilete Barnehagen får eventuelle påstandsskjema/spørjeskjema for utfylling Retur av utfylte skjema og liknande Ansvar Region v/prosjektkoordinator og styrar styrar Region v/prosjektkoordinator styrar Vurderarane Vurderarane styrar styrar Vurderarane tilsette - - 16

Veke 40 Veke 40 Barnehagen får samtaleguidar Vurderarane Vurderingsveka (sjå eigen tidsplan) Foreldremøte Observasjonar Intervju med tilsette, born og foreldre. Torsdag: Framlegging av førebels rapport til styrar. Presentasjon av førebels rapport for personalet, skuleeigar og representantar for foreldre. Styrar Tidsplan for vurderingsveka: Intervju. Klokkeslett: 9.00 11.00 11.45 Måndag: 12 Thord, Håkon, Robin 12.15 12.30 13 13.15 Malin Tysdag: Marie Laura Thilde, Christina Onsdag: Torsdag: Aurora, Pauline Inger Wanja Tone - - 17

Metodar Tema og tid til rådvelde verkar inn på val av metodar. Vanlege metodar er dokumentanalyse, spørjeskjema, krysskjema, individuelle og gruppesamtalar, møte og observasjonar. I denne vurderinga er følgjande verktøy og metodar nytta: Dokumentanalyse Barnehagen sender vurderarane diverse relevante dokument; Årsplan, fagplanar for Gulen kommune, vaktliste, månadsplan. Spørjeskjema I forkant av vurderingsveka sende vurderarane ut påstandsskjema. Desse vart fylt ut av foreldre og returnert til vurderarane for oppsummering. Verktøy for vidare informasjonsinnhenting For å kunna gjera djupdykk i temaet, laga vurderarane guidar for samtalar med dei tilsette, borna og foreldra. Det vart og laga observasjonsskjema. Vurdering Vurderarane føretok ei vurdering, ved å spegla utsegnene frå påstandskjema, intervju, foreldremøte og observasjonar mot utarbeidde kriterium og teikn på god praksis. Utifrå vurderinga kom vurderarane fram til kva dei meiner er barnehagen sine sterke sider og barnehagen sine utviklingsområde innafor det valde temaet. Og vurderarane kjem med idear til vidare arbeid. Samtaleguidar og skjema Samtaleguide for ungane Samtaleguide for foreldra Samtaleguide for personalet Samtaleguide for styrar Observasjonsskjema Påstandsskjema - - 18

Intervjuguide: Kommunikasjon - Borna i Eidsbotn barnehage - 2012 1: Eg har lyst til at du fortel meg; Kva er det beste med å gå i barnehagen? 2: Eg lurer på om du får lov til å fortelje noko her i barnehagen? Kven kan du fortelje til? 3: Kva likar du å fortelje om? 4: Kor tid får ungane lov til å sei kva dei meinar her i barnehagen? (samling, i her og no situasjonar) 5: Hender det at de vert ueinige og kranglar i barnehagen? Kva gjer dei vaksne då? 6: Kva har du lært å gjere viss nokon kranglar og vert sinte? 7: Kva har de lært at det ikkje er lov å sei til kvarandre? 8: Kva har de lært at det er fint å sei til kvarandre? 9. Når du er lei deg kva vil du at dei vaksne skal gjere då? 10: Viss du ser nokon andre som er lei seg, kva gjer du då? 11: Viss det er noko du ikkje har lyst til å vere med på i barnehagen, kva kan du sei/gjere då? 121: Kva har/får du lov til å bestemme sjølv i barnehagen? 13: Viss det er noko mange ungar har lyst til, kva har de lært at de må gjere? 14: Hender det at du ikkje får vere med i leiken? Kva gjer du då? 15: Kven kan du snakke med då? 16: Kva gjer du, viss det er nokon av dei andre barna som ikkje får vere med? (t.d.å leike) Takk for hjelpa! - - 19

Spørsmål til foreldremøte i Eidsbotn barnehage Måndag 01.10.2012 Generelt: 1. Kva er de fornøgd med i Eidsbotn barnehage? 2. Er det noko de som foreldre skulle ynskje var annleis i Eidsbotn barnehage? Tema for vurdering: Kommunikasjon Drøft desse påstandane ut ifrå kriteriet: Det er god kommunikasjon mellom heim og barnehage 1: Vi veit kva verdiar og arbeidsmåtar det vert jobba etter i Eidsbotn barnehage, når det gjeld temaet kommunikasjon. 2: Dei tilsette tek imot tilbakemeldingar på ein konstruktiv måte 3: Alle barn og foreldre vert sett og møtt med respekt 4: Foreldre og tilsette har tillit til og snakkar positivt om kvarandre Har de noko å tilføye til temaet kommunikasjon? Takk for hjelpa! Med helsing Vigdis og Inger - - 20

INTERVJUGUIDE PERSONALET. TEMA: KOMMUNIKASJON: Kommunikasjon mellom dei vaksne er prega av anerkjenning og respekt: 1. Korleis gjev dei vaksne kvarandre tilbakemeldingar? 2. Kan du sei noko om det å vere rollemodellar for borna? 3. Kan du sei noko om måten de vaksne snakkar til kvarandre på? 4. Dersom nokon av dei vaksne gjer ein tabbe kva slag reaksjon får dei då? 5. Blir ting teke opp med den det gjeld? Eller er det noko som vert prata om utan at vedkommande er tilstades? Vaksne har ein anerkjennande veremåte overfor borna: 6. Kva legg du i det å vere aktivt lyttande? 7. Korleis rettleiar du born i kva som er akseptabel kommunikasjon? 8. Kva slag strategi har dei vaksne når det gjeld konfliktløysing? 9. Korleis kan du få borna til å uttrykke tankar, meiningar og kjensler? Barn er inkluderande og positive til kvarandre: 10. Korleis oppfører borna i Eidsbotn seg mot kvarandre? Det er god kommuniksjon mellom heim og barnehage: 11. Korleis tek du imot tilbakemeldingar frå foreldra? 12. Kva gjer de med tilbakemeldingar frå foreldra? 13. Kva innstilling har du til foreldra og deira ynskje? Barnehagen er ein lærande organisasjon: 14. Når er det sett av tid til å drøfte eigen praksis? 15. Kva fører vurderingar og drøftingar til? 16. Kommunikasjon med borna; korleis jobbar de med det temaet i barnehagen? 17. Noko du vil tilføye? - - 21

INTERVJUGUIDE STYRAR. TEMA: KOMMUNIKASJON: Kommunikasjonen mellom dei vaksne er prega av anerkjenning og respekt: 1. Kan du sei noko om kva du legg vekt på når du veileder personalet om kommunikasjon dei imellom? 2. Korleis har de jobba med det å vere gode rollemodellar for borna? Vaksne har ein annerkjennande veremåte overfor borna: 3. Korleis opplever du at personalet kommuniserer med borna? Ser dei enkelt barnet, eller ser dei heile gruppa under eitt? 4. Kva legg du i akseptabel kommunikasjon? 5. Kva strategi har dei tilsette når det gjeld konfliktløysing i barnegruppa? 6. Korleis kan de få borna til å uttrykke tankar, meiningar og kjensler? Borna er inkluderande og positive til kvarandre: 7. Kan du sei noko om korleis ungane i din barnehage kommuniserer med kvarandre? 8. Korleis jobbar de for å få borna til å bruke språket i samhandling med kvarandre? Det er god kommunikasjon mellom heim og barnehage: 9. Korleis tek de imot tilbakemeldingar frå foreldra? 10. Kva gjer de med tilbakemeldingar frå foreldra? 11. Kva innstilling har du til foreldra og deira ynskje? 12. Kva legg du vekt på når du veiledar personalet ditt i foreldresamarbeid? Barnehagen er ein lærande organisasjon: 13. Når er det sett av tid til å drøfte eigen praksis? 14. Kva fører vurderingar og drøftingar til? 15. Kommunikasjon med borna; korleis jobbar de med det temaet i barnehagen? 16. Noko du vil tilføye? - - 22

Observasjonsskjema Eidsbotn barnehage 2012 1:Dei tilsette gjev kvarandre konstruktive tilbakemeldingar 3: Dei vaksne er aktiv lyttande til barna 2: Dei tilsette har ein positiv måte og snakke til kvarandre på 4: Dei vaksne tilpassar kommunikasjon og språk til det enkelte barn sitt utviklingsnivå 5: Dei vaksne rettleiar barna i kva som er akseptabel kommunikasjon 6: Dei vaksne er aktive rettleiarar i konfliktløysing 7: Dei vaksne har tillit til at barn kan sjølv 9: Barna er inkluderande 8: Dei tilsette oppmuntrar borna til å gje uttrykk for eigne tankar, meiningar og kjensler 10: Barna viser omsorg for kvarandre 11: Barna har kompetanse til å løyse konfliktar 12: Barna brukar språket til å gi uttrykk for kjensle, ynskje og erfaringar. 13: Barna kan vente på tur 14: Dei tilsette tek imot tilbakemeldingar på ein konstruktiv måte 16: Tilsette snakkar positivt om foreldra 15: Alle barn og foreldre vert sett og møtt med respekt. - - 23

Påstandsskjema for foreldre Vurderingstema: Kommunikasjon Set kryss i ruta som passar deg Påstand Samd 1 Usamd 2 3 4 Veit ikkje 5 1: Det er lett å ta opp ting som gjeld barnet mitt med personalet 2. Eg opplever at personalet tek mine ynskjer på alvor og gir meg tilbakemelding i etterkant. 3. Eg møter alltid forståing og velvilje frå barnehagen 4. Eg opplever at vi alltid vert møtt med respekt 5. Eg har tillit til at det eg tek opp med personalet vert handsama fortruleg 6. Eg høyrer at det er god kommunikasjon mellom personalet 7. Det er ei positiv atmosfære i barnehage, kommunikasjonen er prega av gode relasjonar. 8. Eg er trygg for at barnet mitt blir sett og høyrt 9. Personalet møter alltid barnet mitt på ein anerkjennande veremåte 10. Vi har fått informasjon om korleis barnehagen arbeider med språkmiljø og språkstimulering i barnehagen. 11. Barnet mitt fortel frå barnehagedagen 12. Eg høyrer at barnet mitt lærer akseptabel kommunikasjon og konfliktløysing i barnehagen 13. Eg får vite korleis barnet mitt kommuniserar med andre i barnehagen 14. Eg er nøgd med måten barnehagen jobbar med fagområdet: Kommunikasjon, språk og tekst Svar anonymt og individuelt og lever tilbake til styrar innan fredag 28.09.2012 Takk for hjelpa! mvh Inger Nyland og Vigdis Åsnes - - 24