KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Kulturminnevern og museum - Kultur- og idrettsavd Etat for byggesak og private planer Postboks 7700 5020 BERGEN Dato: 20.03.2015 Vår ref.: 2015/2402-2 Saksbehandlar: oleskau Dykkar ref.: Torget 2. Gnr 166 bnr 1655. Bergen kommune. Byggging av reketrapp. Ombygging/påbygging Zachariasbryggen. Søknad om dispensasjon. Kulturminnefagleg fråsegn. Saka gjeld Saka gjeld utviding restaurantar/kafé på Torget 2. Søknad om tiltak frå Bergen kommune til fråsegn, motteke 23.2.15, omfattar påbygg, tilbygg, fasadeendring og bygging av reketrapp. I søknaden ber ein om dispensasjon frå reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen, 5.2.2, 5.2.3, 5.2.5, 6.2.1, 6.2.2, 6.2.4 og 6.4.1. Det er gjeve ny frist for fråsegn 27.3.15. Hordaland fylkeskommune gjev her fråsegn som regionalt kulturminnemynde, og føreset at tilhøvet til andre sektorstyresmakter vert teke hand om. Våre interesser Tiltaket skal finne stad mellom dei eldste og viktigaste kulturhistoriske delane av Bergen, og særleg er tilhøve til verdsarvstaden Bryggen viktig. Nordaustleg fasade til Zachariasbryggen er nær opp til og vender mot Finnegården, som er del av verdsarvstaden Bryggen. Influensområdet for tiltaket er stort, og tiltaket reiser på fleire punkt prinsipp-spørsmål som tilgjenge til kulturminna og tilhøvet til sjøfarten som historisk premissgjevar for kulturhistoria knytt til Vågen. Reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen er ved sida ev kulturminnelova den fremste reiskapen til kulturminnemyndet for å handsame spørsmål knytt til kulturminneverdiane i området rundt Vågen. Den er resultatet av ei semje mellom Riksantikvaren, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune om korleis kulturminneverdiane skal handsamast innafor buffersonen til verdsarvstaden Bryggen. I utgangspunktet er ikkje kulturminnemyndet innstilt på dispensasjonar frå denne planen, som har som formål: «2 formålet med planen 2. Verdensarvstedet Bryggen. Alle tiltak innenfor planområdet og spesielt nærområdet til verdensarvstedet Bryggen skal utformes slik at vernebehovet i og rundt verdenskulturminnet blir sikret. Behovet for en buffersone skal ivaretas gjennom krav til saksbehandling og detaljerte bestemmelser for bruk og utforming av omgivelsene, både sjø- og landarealene. 2.1 Helhetlig kulturmiljø. Alle tiltak i planområdet skal bidra til å bevare og formidle historiske og romlige sammenhenger, og sørge for vern og pietetsfull skjøtsel av antikvarisk verdifull bebyggelse, byrom og bylandskap. Historiske verdier, også maritim historie, skal ivaretas og formidles til nytte og glede for byens befolkning.» Zachariasbryggen er i dag ein bygning frå nyare tid, som vart oppført i ein form som var medviten dei kulturhistoriske omgjevnadene, og var tiltenkt offentlege formål knytt til torgdrifta som skulle kome KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Kontonr. [5201 06 74239]
Side 2/5 befolkninga til gode. Arkitekt Maurseth sin bygning frå 1988-90 vart oppført om lag etter gamle tomtegrenser, og fotavtrykka til eldre bygningar på staden. Bygningen var broten opp for å spegle korleis eldre byggeskikk på tomta, og i området kring Vågen, innebar additive, oppbrotne bygningskroppar på lange, smale tomter der ein hadde bygd ut og om i lengda og høgda, etter som ein hadde trong for. Med tida er bygningen vorte privatisert og endra. Ei rekkje tiltak har svekka bygningen sin arkitektoniske kvalitet, og den gode relasjonen bygningen hadde til kulturminneverdiane i planområdet for Vågen, Kaiene og Bryggen, særleg gjaldt dette Bryggen. Mellomgangen i anlegget, som var ei tolking av tidligare tiders mellomgangar/ gardspassasjar, er i praksis privatisert. Likevel er fleire av dei karakteristiske hovudtrekka ved Zachariasbryggen som er nemnt ovafor bevart, mellom anna gavlar og møner som ikkje fluktar. Kulturminnemyndet legg stor vekt på å halde fast ved desse trekka ved Zachariasbryggen, også av omsyn til Zachariasbryggen, men mest av omsyn til kulturmiljøet kring Vågen som er femna av reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen, og som har nasjonal og internasjonal kulturminneverdi. Heilskapleg vurdering av tiltaket Reketrappa slik den framstår i søknaden er ikkje i tråd med reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen, og vi kan ikkje slutte oss til tiltaket slik det er prosjektert. Det er ikkje lagt opp til ei isolert reketrapp i reguleringsplan, det som er regulert er eit flytande torg (R) med funksjonar knytt til den maritime kulturhistoria knytt til Vågen og Torget, jf. 5.2.3: «Utvidelse av Torget ved Zachariasbryggen skal gjennomføres som flytende konstruksjon uten vesentlige inngrep i sjøbunnen eller kaiene. Inngrep forutsettes behandlet som søknad om dispensasjon fra kulturminneloven jfr. 3.1.4. Konstruksjonen kan under kainivå gi plass til lager, utstillingsareal, vinduer mot Vågen og store fiskekummer for levende fisk. Fra kainivå langs ny kailinje skal etableres oppholdsbenker, reketrapp og flytebrygge for havnebåter. Det kan etableres 5 torgboder og to fiskekummer, se 6.3.7.16. Alt torgareal skal være offentlig tilgjengelig, jfr. 6.6. Arealet har bra klimatiske forhold og er Vågen-områdets best eksponerte, og vil være en god lokalitet for profilering og markedsføring av byens maritime kompetanse og opplevelsesnæringer knyttet til sjøen. (Akvariet, sjøfartsmuseet, båtsightseeing, sjømat osv.) Selve konstruksjonen, reketrappen og torgbodene vil være godt egnet for profilering av moderne formgivning, materialbruk og tekniske løsninger, og kan gjennomføres som et ambisiøst konkurranse- eller samarbeidsprosjekt med flere profesjoner.» Det er implisitt i dette at tiltaket ikkje skal være av permanent karakter, og det heile skal være offentleg tilgjengeleg. Det omsøkte tiltaket manglar skildring av fleire av dei funksjonane som er føresett i reguleringsplan Vågen, Kaiene, og Bryggen 5.2.3. Det er ikkje skildra kva bruk reketrappa vil få. Kulturminnemyndet legg til grunn at det flytande torget som Vågen, Kaiene, Bryggen opnar for, er offentleg tilgjengeleg. I plankartet for Vågen, Kaiene og Bryggen er heile kaikanten til det flytande torget (R) markert som «utsiktsområde.» På Det flytande torget (R) kan det være offentlege bygningar og salsareal. Desse funksjonane formidlar eit levesett med lang kulturhistorisk djupne i området, og det er viktig for kulturminna kring Vågen at historisk handel ved Torget i størst mogeleg grad vert vidareført og opplevd av lokale og tilreisande frå regionen og utover landegrensene.
Side 3/5 Båtane som er tiltenkt liggeplass ved Torget er ein naturleg del av målsetninga om formidling og oppleving av denne kulturhistoria. Den inste delen av det flytande torget er tiltenkt liggeplass for «kulturhistoriske båter.» Det heiter om KHB i reguleringsføresegna 5.2.2 at: «Plass for kulturhistoriske fartøy: Statsråd Lehmkuhl ved skur 7 på Bradbenken, seilbåt ved Dreggshopen nær Bryggen, dampskip ved Skur 11 og torgbåter ved Torget.» Korleis dei offentlege funksjonane som er ein del av det flytande torget (R) som er regulert i Vågen, Kaiene og Bryggen skal utførast, er ikkje tilstrekkeleg skildra i søknad. Det heiter i søknaden at «Reketrappen sammen med omsøkte tiltak for Zachariasbryggen forener drifts- og publikumshensyn». Det må være ein føresetnad at den ikkje vert privatisert eller at det vert oppført private bygningar, gjerder, e.l. på det flytande torget (R), jf. Vågen, Kaiene og Bryggen 5.2.3. Kulturminnemyndet si haldning til den omsøkte reketrappa er etter dette at den ikkje er i tråd med det som buffersoneplanen for verdsarvstaden Bryggen opnar opp for. Reketrappen slik den er omsøkt vil svekke kulturminneverdiane til kulturmiljøet knytt til verdsarvstaden Bryggen. Reketrappen utan dei formildande elementa det flytante torget var tiltenkt, er berre eit framandelement i kulturmiljøet i Vågen. Dersom flytande torg ikkje let seg byggje kan det ikkje etter kulturminnemyndet sitt syn byggjast reketrapp før reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen eventuelt vert revidert. Tiltaket er i strid med formålet i reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen 2.1, 5.2.2 og 5.2.3, jf. ovafor. Den samla vurderinga av tiltaket er at nasjonale og internasjonale kulturminneverdiar knytt til verdsarvstaden Bryggen og til kulturmiljøet rundt Vågen vil verte svekka av den planlagte reketrappen. Kulturminnemyndet rår sterkt i frå den omsøkte reketrappen. Torget 2 er regulert i område for bevaring. Reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen seier i 6.3.1 at: «Der ikke annet er spesielt angitt, skal eksisterende bebyggelse i planområdet bevares. Rivningstillatelse gis kun dersom det etter teknisk og antikvarisk vurdering ikke er mulig å sette bygningen i forsvarlig stand. Vurderingene skal bygge på antikvarisk dokumentasjon samt teknisk tilstandsrapport, som skal følge søknaden. Der ikke annet er angitt, skal eksisterende mønehøyde, gesimshøyde, takform, fasader og etasjeantall beholdes.» Det er tiltenkt ei rekkje endringar i bygningsmassen på Zachariasbryggen. Ein ynskjer å forlenge bygningen sitt hjørne mot nordvest slik at gavlane fluktar, og strekkje svalgangane mot sørvest heilt til hjørnet. Det er teikna inn altanar i full breidde framfor gavlane mot Vågen. Det skal også gjerast endringar i takflaten i form av nybygg og takhevingar. Ombygningane som er omsøkt medfører ei slutting av bygningane til ein kvartalsliknande bygningsmasse, Bygningen vil presentere ei samla gavlrekkje mot Vågen som vil gje ein for sterk prominens i bybiletet. Altanane på tvers av gavlane er eit sterkt brot med dei historiske bygningstrukturane, og vil svekkje samspelet mellom Zachariasbryggen og dei mange sjøvende gavlane som er det fremste kjenneteiknet til kulturmiljøet frå Dreggsalmenningen til Østre Muralmenning. Tiltaket omfattar ei auke i mønehøgd og fasader, og er i strid med reguleringsplan 6.3.1. Reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen seier i 3.3:
Side 4/5 «Bebyggelsesplan (pbl 30, 28-2) Tiltak som vil være i strid med reguleringsplanens formål, tiltak som er uavklart eller i strid med reguleringsplanen når det gjelder kulturminneforvaltning, utforming, utnyttelsesgrad eller byggehøyde, samt tiltak som gjelder rekonstruksjon av større område etter brann eller annen ødeleggelse, må fremmes som egen bebyggelsesplan eller reguleringsplan.» Zachariasbryggen med adresse Torget 2 er også i plankartet innteikna i eit felt som er merka med krav til heilskapleg detaljplan IX. Tiltaket er i strid med formålet i reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen 2 generelt, 2.1 og 6.3.1, jf. ovafor. Den samla vurderinga av tiltaka på Zachariasbryggen er at nasjonale og internasjonale kulturminneverdiar knytt til verdsarvstaden Bryggen og til kulturmiljøet rundt Vågen vil verte svekka. Reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen opnar ikkje for dispensasjon for tiltak som svekker regionale, nasjonale og internasjonale kulturminneinteresser slik tilfellet er ved denne søknaden. Tiltaket må i følgje reguleringsplanen fremjast som detaljplan, jf. reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen 3.3.(tidligare nemning bebyggelsesplan) og 6.3.1. Fleire merknader Det er i søknaden gjort greie for ein situasjon i dag der ein er i strid med reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen og formålet med planen. Zachariasbryggen er merka (Q) i plankartet, og har tilhøyrande reguleringsføresegn 6.3.7.15 i Vågen, Kaiene og Bryggen: «Faste konstruksjoner langs fasade for overdekning, platting og gjerde er ikke tillatt. Avfallshåndtering skal skje innendørs på egen grunn. Gjennomgang mellom gårdene skal være åpen for allmennheten.» Uteserveringa på fleire sider er skildra som inngjerda av faste konstruksjonar. Slike konstruksjonar gjer kulturhistoria knytt til bygningsstrukturane og det heilskaplege kulturmiljøet mindre leseleg, og er eit svært negativt framandelement i høve til dei internasjonale kulturminneverdiane knytt til verdsarvstaden Bryggen. Vi er ikkje kjent med søknad om desse konstruksjonane, og ber Bergen kommune om å føre kontroll i form av tilsyn. Vi peikar på reguleringsføresegna 3.1.3: «Tiltak som forutsetter søknad om dispensasjon fra reguleringsplanens bestemmelser Ingen tiltak som forutsetter søknad om dispensasjon fra reguleringsplanens bestemmelser skal behandles før det foreligger uttalelse fra antikvarisk fagmyndighet (pr. dags dato Hordaland Fylkeskommune).» Konklusjon Den samla vurderinga av tiltaket er at nasjonale og internasjonale kulturminneverdiar knytt til verdsarvstaden Bryggen og til kulturmiljøet rundt Vågen vil verte svekka av den planlagte reketrappen. Tiltaket er i strid med formålet i reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen 2.1, 5.2.2 og 5.2.3, jf. ovafor. Vi rår på det sterkaste i frå den planlagte reketrappen. Den samla vurderinga av tiltaka på Zachariasbryggen er at nasjonale og internasjonale kulturminneverdiar knytt til verdsarvstaden Bryggen og til kulturmiljøet rundt Vågen vil verte svekka. Tiltaket er i strid med formålet i reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen 2 generelt, 2.1 og den viktige føresegna 6.3.1 spesielt, jf. ovafor. Vi rår på det sterkaste i frå den tiltenkte ombygginga/ påbygginga av Zachariasbryggen.
Side 5/5 Reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen opnar ikkje for dispensasjon for tiltak som svekker regionale, nasjonale og internasjonale kulturminneinteresser slik tilfellet er ved denne søknaden. Tiltak som ikkje er i tråd med reguleringsplanen må fremjast som detaljplan, jf. 3.3.(tidligare nemning bebyggelsesplan) og 6.3.1. Kulturminnemyndet vil likevel legge stor vekt på at formålet til reguleringsplan Vågen, Kaiene og Bryggen vert halde fast ved og vidareført i evt. detaljplan.. Uteserveringa på fleire sider er skildra som inngjerda av faste konstruksjonar. Slike konstruksjonar gjer kulturhistoria knytt til bygningsstrukturane og det heilskaplege kulturmiljøet mindre leseleg, og er eit svært negativt framandelement i høve til dei internasjonale kulturminneverdiane knytt til verdsarvstaden Bryggen. Vi er ikkje kjent med søknad om desse konstruksjonane, og ber Bergen kommune om å føre kontroll i form av tilsyn. Vi ber om å få tilsendt kopi av vedtak for vurdering av klage, jf. forvaltningslova 28 ff. Per Morten Ekerhovd fylkeskonservator Ole Vegard Skauge Spesialrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.