Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket



Like dokumenter
Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi

Til Kopi: Tenesteleiar Einar Nedrelo Frå Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato

Tiltaka skal vere utover det ein kan vente av vanleg jordbruksdrift.

Innhold. -Omtale av søknader hausten Prosjektomtalar SMIL hausten 2012

SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL)

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - gjennoppføring av tilbygg på stølshuset på Åsen

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 89/08 Tilskot til nærings- og miljøtiltak i Luster kommune 2008 Fordeling av resttilskot

MØTE PROTOKOLL. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. SAKLISTE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

Saksframlegg. Sakshandsamar: Cornelis Erstad Arkiv: MTR 81/53 Arkivsaksnr.: 16/320-10

UTSIKTSRYDDING I LUSTER

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar for perioden

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

S AK S F R AM L E G G

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

Verneverdige bygningar i kulturlandskapet

Retningsliner 2014 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 79/2 - bustad med næringsformål - Løfallstrand - Anita Maurangsnes og Christian Mæland

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Omtale av SMIL-søknader våren 2012

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Eid kommune Strategiplan for spesielle miljøtiltak i landbruket

Notat om historie og kulturlandskap

INNKALLING TIL MØTE I SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Måndag 22. april 2013 kl i kyrkja på Haga.

REGLAR FOR INVESTERINGSTILSKOT I LANDBRUKET Godkjent av kommunestyret

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re Møtesta d: Otta Dato: Tidspunkt : 18:00

Områdefreding Stødleterrassen

Retningsliner 2015 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Rådmannen tilrår likevel at søkjar skal få 70% av godkjent kostnadsoverslag, altså eit tilskot på kr ,-.

SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 243 V08 Arkivsaksnr.: 16 / 547

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Retningsliner for SMIL og NMSK i 2016 Hjartdal kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Handegård Arkiv: L12 Arkivsaksnr.: 11/2001

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll

Hovudmål. Landbruket i Nord-Gudbrandsdal er ei bærekraftig næring med gode arbeidsplassar.

Kulturhistoriske registreringar

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

RMP i fjellbygdene. Bjørg Torsteinsrud, Ål kommune. Utviklingsavdelinga

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre

GLOPPEN KOMMUNE STRATEGIPLAN FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Løyve til tillatelse til tiltak uten ansvarsrett gnr. 84 Bnr 1

Arkivsak Arkivkode Dato 09/ /A2/ Drøftingsnotat vedk. tidlegare Fortun skule

Stranda kommune Næring og teknisk

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll

PUBLIKUMSINFO BYGGESAK

Erverv av grunn ved Vangsnes vassverk for sikring av råvatn

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling - Søknad om deling - 99/1 - Dimmelsvik - Eivind Tvedt

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke

NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) STRATEGI FOR KLEPP KOMMUNE Foto: Hilde Kristin Honnemyr

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Tilskott til jord- og skogbruk, Bykle kommune.

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

SMIL Spesielle miljøtiltak i landbruket

Stiftelsen Alvhild`s Minne til Værlandet`s vel

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) I VANYLVEN KOMMUNE

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Stressar bonden slik at det går på tryggleiken laus?

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

Sansehage Kleppheimen

SMIL - STRATEGI FOR SANDE KOMMUNE

Formingsrettleiar. Vegutbetring / gang sykkelveg. Fv. 07 Skipadalen Evighetssvingen med tilhøyrande anlegg

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET 1/11. Mars Landbrukskontoret for Sel og Vågå Tlf Edvard Storms veg 2 Fax VÅGÅ

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Bustadområde i sentrum. Vurdering

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET I VANYLVEN KOMMUNE

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - sankebu i Ljosdalen

Sluttrapport

Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Rapport for Hoddevik Liset. Grinde Engjasete

Kommunedelplan for kulturminne

Tilskot til friluftsliv

Rutiner overtaking av private VA-anlegg til offentleg drift og vedlikehald. Fagsjef VA Stig Hagenes

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Transkript:

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket - Omtale av søknadar våren 2013 (del 2) Innhald 1 Restaurering av stølshus... 2 1.1 Restaurering av stølhus, Bakkedalen... 2 1.2 Restaurering av Åsaselet på Dalastølen i Kinsedalen... 3 2 Prosjekt på kulturmark... 4 2.1 Rydding av beite på Bergheim... 4 3 Særeigne kulturlandskapselement... 5 3.1 Oppattmuring av mur mellom kårhus og bustadhus på Heggestad... 5 4 Ferdselsvegar... 6 4.1 Vedlikehald av stølssti til Røykjadalen i Krundalen... 6 5 Andre kulturhistoriske verdifulle bygningar knytte til landbruksdrift... 7 5.1 Istandsetjing av fjøsen i Vad... 7 1

1 Restaurering av stølshus 1.1 Restaurering av stølhus, Bakkedalen 13/2215 Ove Haugen Omsøkt Godkjent 119 485,- 86 000,- 40 000,- Ove Haugen er eigar av eit sel på Bakkedelen i Jostedalen. Selet, som er bygd i 1924, blir blant anna brukt i sauegjetinga. Selet er lafta med kledning utanpå. Søkjar vil restaurere brystveggen på stølshuset for blant anna å unngå meir råteskade. Restaureringa omfattar ny vindtetting, lekter og kledning av vegg, utskifting av vindauge og skott, utskifting av vindskeier, beising, ny pipe og omn, samt transport av materiale. Eit av føremåla med prosjektet er å bevara selet som eit viktig element i stølsbiletet, noko som samsvarer godt med føremålet med SMIL- ordninga. I tiltaksstrategien for økonomiske verkemidlar i landbruket er restaurering av stølshus høgt prioritert. Administrasjonen har i samsvar med tiltaksstrategien til Luster kommune gjort frådrag for omn og pipe, samt eigeninnsatsen som er rekna til riving og montering av eldstad. Timesatsen for eigeninnsats er korrigert til liks med standardisert sats for tilsvarande prosjekt. Dette utgjer eit godkjent kostnadsoverslag på kr 86 000,-. Rådmannen gjer framlegg om å løyva kr 40 000,- til restaurering av selet. Bilete teke på synfaring 23.5.2013 2

1.2 Restaurering av Åsaselet på Dalastølen i Kinsedalen 13/627 Kaare Røysi Omsøkt Godkjent 295 000,- 286 500,- 70 000,- Kaare Røysi har søkt om SMIL- midlar til å utbetre Åsaselet på Dalastølen i Kinsedalen. Søknaden omfattar mellom anna utbetring av utrasa steinmur, råteskade i vegger, utbetring av tak, vindauge og diverse andre postar. Postane går fram av kostnadsvurderinga som er vedlagt søknaden. Kostnadsoverslaget er utarbeida av MJ Arkitekt og Ingeniørkontor og er svært oversiktleg og detaljert. Taket er tekt med bølgjeblekk. Ein av utbetringane består av å demontere taket, fjerne råte, leggje undertak med papp og gjenbruka ca. 50 % av noverande platetak supplert med innkjøp av gamalt bølgjeblekk. Den utrasa muren skal i fylgje kostnadsoverslaget plukkast ned og tørrmur stablast opp att. Søkjar poengterer at det er av betydeleg interesse for ålmenta at bygningen blir vedlikehalden for å behalde ein del av det gamle stølsmiljøet. Arbeidet er planlagt gjennomført i 2013 og 2014. Restaurering av Åsaselet vil samsvara godt med føremålet med SMIL- ordninga, som er å fremja kultur- og naturminneverdiane i kulturlandskap knytt til jordbruk. Administrasjon har trekt frå arbeid som allereie er utført. Det gjeld midlertidig sikring og tiltaksvurderingar, til samen kr 5 000. Det er gjort fråtrekk for ekstratiltak med røykrøyr inkludert gjennomføring og røyr. I kostnadsoverslaget er det anbefalt å setje av kr 5000,- til prisauke dersom arbeidet blir fordelt over 2 sesongar. Administrasjon har til samanlikning med andre prosjekt ikkje teke omsyn til prisauke. Administrasjonen godkjenner eit kostnadsoverslag på kr 286 500,-. Søkjar er ikkje berettiga produksjonstilskot. løyving på kr 70 000,-. Bilete av Åsaselet teke sommaren 2012 3

2 Prosjekt på kulturmark 2.1 Rydding av beite på Bergheim 13/705 John Arne F. Bolstad Omsøkt Godkjent 6 000,- 12 000,- 8 000,- John Arne F. Bolstad har søkt om SMIL- tilskot til å rydda gjengrodd beite på Bergheim, samt rydde stølsveg via Bergheim til Feigedal. Den delen som omfattar rydding av stølsveg innfrir krava for å kunne søkje om støtte etter ordninga om organisert beitebruk og er difor vidaresendt fylkesmannen. Den delen av søknaden gjeld beiterydding på Bergheim er vurdert etter SMIL- forskrifta. Område det er søkt om midlar til skal nyttast til vår- og sommarbeite for sau, og skal vedlikehaldas ved beiting. Søkjar er forpaktar av garden Sørheim og starta opp med sau hausten 2012. Han vil ha behov for meir beite neste beitesesong ettersom planen er å auke husdyrhaldet. Område det er søkt om SMIL- midlar til er på ca. 15 daa. Området er fullt av tubber og er stort sett dekt av tett bringebærkratt. Søkjar vil rydde område med krattknusar, og reknar med å bruke ca. 4 arbeidsdagar på arbeidet. Høgdegarden Bergheim er ein viktig og framtredande del av Lustralandskapet, og høgdegardane ein av dei kulturlandskapsverdiane som Luster kommune ynskjer å framheve spesielt jf. tiltaksstrategien for SMIL i Luster. Rydding og skjøtsel av slåtte- og beitemark er av høgste prioritet i tiltaksstrategien. Søkjar har levert eit beskjedent kostnadsoverslag. Administrasjon har til samanlikning med andre prosjekt rekna det om etter standardisert sats. Etter nytt timeanslag frå søkjar har ein lagt til grunn eit timeforbruk på 30 t a kr 400,-. Ettersom søkjar nyleg har starta opp drift har han enno ikkje motteke produksjonstilskot. I tiltaksstrategien for SMIL i Luster kommune er det ein føresetnad at SMIL- ordninga skal koma det aktive landbruket til gode. Søkjarar med rett på produksjontilskot skal prioriterast framfor andre søkjarar. Ettersom søkjar driv aktiv landbruksdrift og han i ein overgangsfase ikkje er produksjonsberettiga har administrasjon likevel vurdert søkjar på lik linje med dei som er produksjonsberettiga. Tilråding på 70 % av godkjent tilskotsgrunnlag, kr 8 000,-. Beite på Bergheim, store deler av området er dekka med tett bringebærkratt. 4

3 Særeigne kulturlandskapselement 3.1 Oppattmuring av mur mellom kårhus og bustadhus på Heggestad 13/639 Edith Heggestad Aardal Omsøkt Godkjent 115 000,- 50 000,- 17 000,- Edith Heggestad Aardal søkjer om SMIL- midlar til restaurering av mur mellom kårhus og bustadhus på Heggestad på Veitastrond. Muren er 60-70 år, ca. 20 m lang og 2 m høg. Den er i ferd med å ramle ut. Området er bratt med gang og køyreveg til nabo under, og plen mellom kårhus og noverande bustadhus over. Plenen ikkje vore i bruk sidan sommaren 2012 grunna søkk i marka og fare for utrasing. Muren er av fyllt med naturstein og støypt utanpå i to omgangar. Det vart støypt då muren byrja å rase ut på 50-60 talet. Kostnadsoverslaget på kr 115 000 (eks. mva.) dekkjer 60 m2 mur med bakfyll i naturstein av lokal stein, samt transport av stein, køyring av masse og fundamentering. Søkjar vil rive muren, bruke opp att steinen som ligg i muren og nytta stein frå eit nedrive naust i nærleiken dersom det er behov for meir stein. Arbeidet med oppattmuringa vil bli gjort av entreprenør og utført med maskin. I kommunen sin SMIL- strategi 2013-2016 er restaurering av bakkemurar eit høgt prioritert tiltak. I gjennom tiltaksstrategien ynskjer Luster kommune å framheve bindande strukturar som natur- og landskapsverdi. Bindande strukturar som gamle bakkemurar skapar samanheng og heilskap i landskapet. Det skal leggjast vekt på at elementa framleis gjer nytte for seg i samband med beitenæring og rekreasjon. I gjeldande tilfelle er søkjar ikkje produksjonsberettiga, men bur på ein landbrukseigedom. Muren vil bli tilbakeført tilnærma lik slik den var opphavleg. Ei tilbakeføring av muren vil vere med på å skape heilskap i kulturlandskapet. løyving på kr 17 000,-. Bilete mellom bustadhus og kårhus. Bakfyll med naturstein, deretter støypt i 2 omgangar. 5

4 Ferdselsvegar 4.1 Vedlikehald av stølssti til Røykjadalen i Krundalen Omsøkt tilskot Godkjent tilskotsgrunnlag løyving 13/558 Vidar Åsen og Edvin Brun 38 400,- 31 250,- 11 000,- Vidar Åsen og Edvin Brun søkjer om SMIL- midlar til vedlikehald av stølssti til Røykjadalen. Søknaden er kortfatta og inneheld eit kostnadsoverslag i overkant av kommunen sine satsar. Stølsstien til Røykjadalen treng oppgradering i form av å veite vekk vatn som renn etter stien og eventuelt leggje om deler av stien. Ved å leggje om deler av stien vil dette medføre noko skogrydding. Målet til søkjar er å oppgradere stien til kløvjeveg for hest. Det er 3 stadar det er for høge opptak for hest pga. store steinar. Heile prosjektet omfattar ei strekning på ca. 3-400 m, frå muren midtvegs og gjennom «Grisauri». På synfaring 30.05.13 viste deg seg at deler av stien like under stølen har rasa ut og at stien bør leggjast om. Fjellområde over Røykjadalen blir brukt til tradisjonell beitenæring, hyttene på stølen blir aktivt brukt og stølstrimmen har trimpost her. Administrasjon har justert kostnadsoverslaget i tråd med kommunen sine satsar. I Luster kommune sin tiltaksstrategi er restaurering av gamle ferdselsvegar knytt til jordbruk av høgste prioritet. I fylgje det som omhandlar ferdselsvegar i tiltaksstrategien er det berre tiltak relatert til jordbruksdrift eller tiltak som knyter saman kulturlandskap som kvalifiserer til SMIL- tilskot. Det skal leggjast vekt på at stølsvegane gjer nytte for seg i samband med beitenæring og rekreasjon. I gjeldande tilfelle er ikkje søkjarane berettiga produksjonstilskot, men tiltaket vil komme dei som driv tradisjonell beitenæring der til gode. Stien er mykje nytta til rekreasjon. Forutan den delen av stien som har rasa ut like under stølen er det ynskjeleg at stien skal fylgje den gamle traseen. løyving på kr 11 000,- Del av stien er utrasa like under stølen. Søkjarane ynskjer å veite vekk vatnet etter stien, helst ved å endre hovudløpet. 6

5 Andre kulturhistoriske verdifulle bygningar knytte til landbruksdrift 5.1 Istandsetjing av fjøsen i Vad 13/691 Jan Erik Haug- Toklum Omsøkt Godkjent Ikkje påført 460 745,- 40 000,- Jan Erik Haug-Toklum har søkt om SMIL- midlar til å setje fjøsen i Vad i stand. Fjøsen er representativ for dei gamle småbruka. Me har mange slike fjøsar i kommunen, men tilstanden er mange stader svært dårleg. Det er normalt dårleg lønsemd i å setja i stand desse små fjøsane med tanke på husdyrhald, og utfordrande å klara å byggja om til å møta dagens krav. Difor vert dei ofte rivne. Jan Erik Haug-Toklum har nyss overteke garden, og er i startfasen når det gjeld å etablera drift. I hans tilfelle kan den gamle fjøsen gjera nytte ettersom han gjerne vil satsa på eit lite tal dyr av fleire ulike slag (sau, alpakka, hest, høns), der dei fleste er utegangarar. Dyra skal etter planen inngå i eit inn-på-tunet-tiltak. Planen er å få bygningen i brukbar stand utan å endra inntrykket. Søkjar har vore i kontakt med Norsk Landbruksrådgjeving, og kostnadsoverslag er utarbeida av ein konsulent frå Landbruksrådgjevinga som har synfart bygningen. Overslaget omfattar kalkyle for restaurering av driftsbygningen utvendig og sikring av konstruksjonen. Prosjektet handlar i hovudsak om å oppgradere fjøsen utvendig og utføre naudsynt vedlikehald. Eit SMIL-tilskot kan bidra til at Haug-Toklum kan velja å gjera dette slik at bygningen sitt ytre særmerke vert ivareteke. Bygningen er eit godt døme på eit typisk Sognasmåbruk og det blir sett vilkår om at fasaden ikkje skal endrast. Tilråding på kr 40 000,- Fjøsen i Vad er eit godt døme på eit typisk Sogna- småbruk.. 7

8